Vår - Balestrand

Kyrkjelydsbladet for Balestrand
Nr 1 – 2011
Våren 2011
Årgang 41
Balestrand kyrkjelyd si heimeside: www.balestrand.kyrkja.no
INNHALD
Påskeandakt av Olav M. Hove
s.3
Nytt frå kyrkjetårnet
s.4
Kyrkjejubileum og visitas i 2013
s.7
Stillingsutlysing kyrkjelydsped.
s.7
Kyrkjestove på Tjugum?
s.8
MINIkonfirmantsider
s.10
Tårnagenthelg i Sæle kyrkje
s.12
Intervju med pastor Florin Suciu
s.14
Konsert med JOY
s.17
Konfirmantsider
s.18
Konfirmantar i Sæle 1954
s.20
Minneord Ofstad
s.21
Minneord Revheim
s.22
I glede og sorg
s.22
Vårdikt av S. Ytrefjord
s.23
Gudstenesteplan
s.24
KONTAKTINFORMASJON
Balestrand kyrkjekontor
Kjerneopningstid:
Tysdag-fredag
kl. 10 - 14
Sjøtunsvegen 6, 6899 BALESTRAND
Telefon:
57 69 15 48
Telefaks:
57 69 15 99
E-post: [email protected]
Heimeside: www.balestrand.kyrkja.no
Sokneprest Audun Systad
Kontortid:
Tysdag kl. 10-14
(elles etter avtale)
Telefon:
57 69 16 80
Telefon privat:
57 69 11 55
Mobiltelefon:
971 55 237
E-post: [email protected]
Kyrkjeverje/dagleg leiar
Jostein Risa
Telefon kontor:
57 69 15 48
Mobiltelefon:
920 60 832
E-post: [email protected]
Kyrkjelydsbladet for Balestrand
Organist Jan Herland
Telefon privat:
57 69 11 64
Mobiltelefon:
975 82 011
E-post: [email protected]
Utgjeve av Balestrand sokneråd
Nr. 1 - 2011, 41. årgang
Redaksjonsutvalet
Rune Haugen (frå soknerådet), Liv Ese, Audun
Systad (sokneprest) og Jostein Risa (kyrkjeverje)
Prostidiakon Kjersti Brudvik
Mobiltelefon:
402 47 691
E-post: [email protected]
Leiar i Balestrand sokneråd
Helge Eilifsen
Telefon privat:
57 69 16 77
Mobiltelefon:
975 42 481
E-post: [email protected]
Abonnement
3 utgjevingar i året (Vår, Sommar, Jul)
Fulldistribusjon i kommunen i tillegg til ikring
75 utanbygds abonnentar.
Bladpengar: kr.100,- per år (friviljug) til konto:
3805.10.32583
Vakttelefon Ytre Sogn: 954 83 831
Kvardagar:
17.00-08.00
Helg/høgtid:
Frå 08.00
I desse tidsromma er ein av prestane i prostiet i
beredskap. Vakttelefonen nyttast om ein har bruk
for prestetenester som ikkje kan vente (t.d. dødsbod, soknebod for døyande, sjelesorg/støtte i
kritiske situasjonar.)
Trykk / oppsett
Ingvald Husabø Prenteverk, Leikanger
Annonser
Små annonser kr.400, store annonser kr.750.
Heilside etter avtale.
Heimeside: balestrand.kyrkja.no
Her finn du oppdatert gudstenesteinformasjon,
konfirmantinformasjon, skjema for innmelding av
dåp og vigsel, kyrkjegardsføresegner. Vidare kan
du søkje etter gravlagde på kyrkjegarden, finne
dette bladet i pdf-format osb.
Framsidefoto:
Frå konfirmasjonsgudsteneste
i Tjugum 2. mai 2010. Foto: J. Risa
2
Andakt
På tiltalebenken
«Har du ikkje noko å seia til det dei klagar deg
for?» spurde øvstepresten. Men Jesus tagde. Det
same tok seg opp att framfor Pilatus, og landshovdingen undra seg svært (Matt. 27,12-14). Dette
var han ikkje van med. Då som no, prøvde dei som
var tiltala å forsvara seg så godt dei kunne. I våre
dagar har vi også forsvarsadvokatar som skal tala
den tiltalte si sak.
skuld i alle. Ille medfaren vart han, men han let
ikkje opp sin munn, som lammet dei fører til
slakting, som sauen teier når han vert klypt, han
let ikkje opp sin munn.» (Jes. 53,6-l)
Den uskuldige vart dømd, vi som var skuldige
gjekk fri! Det er påskebodskapen i ein sum. Det
tyder: Du og eg kan få tilgjeving for syndene våre
og evig liv. Jesus har teke dommen i vår stad. «Det
korset min frelser har båret som sitt, var mitt»
(NoS l3l,4).
Takk Jesus !
Jesus hadde ingen forsvarsadvokat. Han hadde
heller ikkje noko vitne som stod på hans side, og
sjølv tagde han. Han måtte vite at det å teie var
det same som å innrømme skuld.
GOD PÅSKE!
Olav M. Hove
Kvifor tagde Jesus? Det var ikkje for sine eigne
gjerningar Jesus stod tiltalt. Sjølv var han uskuldig. Vitnemåla mot han var falske. Han hadde
ikkje gjort noko som han kunne dømast for. Det
var i vår stad han stod der. Det var straffa for våre
synder han tok på seg. Difor tagde han. Han hadde
ingenting å seie til vårt forsvar.
Olav M. Hove er fengselsprest i Vik fengsel. Mange
kjenner han frå tida han
jobba som vikar i soknepreststillinga i Balestrand i
1998-1999. Andakten har før
stått på trykk i 1999 og er
attgjeven med løyve.
Difor var det og at Jesus måtte stå der åleine. Berre
han som sjølv var utan synd, kunne ta straffa for
våre synder på seg. Peter som så frimodig hadde
sagt at "Sjølv om eg må gå i døden med deg, skal
eg ikkje forlate deg», nekta tre gonger på at han
kjende Jesus. Han tagde ikkje! Dei andre læresveinane hadde rømt sin veg.
Slik måtte det også være. Hjå profeten Jesaja står
det: «Vi for alle vilt som sauer. Vi vende oss kvar
sin veg, men Herren let råka han som det vi hadde
3
Nytt frå kyrkjetårnet
samde om at denne stillingsutlysinga skal vere
fleksibel:
Vi vil gje høve til å søkje delar av stillinga, t.d. 30 %
fast stilling i Balestrand, eller 30 % eller 70 % i Vik.
Det viktigaste er at både Balestrand og Vik får gode
medarbeidarar som kan vere med og drive det
viktige trusopplæringsarbeidet vidare: Vere med i
utadretta trusopplæringsarbeid, medverke til å
jobbe fram lokale trusopplæringsplanar i lag med
trusopplæringsutval og sokneråd, samordne eksisterande arbeid med nye tiltak og rapportere tiltaka til Kirkerådet.
Dersom dette er noko du kjenner eit kall til, eller om
du kjenner andre som kunne vore utfordra, vert vi
svært glade om du tek kontakt med kyrkjekontoret
(sjå kontaktinfo s.2). Ver gjerne med å be om at vi
kan få tilsett nokon som kan vere til velsigning for
borna og dei unge i bygdene våre.
Årsrapport 2010
Årsrapporten vart lagt fram for årsmøtet
(soknemøtet) etter gudstenesta i Sæle kyrkje
13.mars 2011. Vi har ikkje rom for å attgje innhaldet
her i kyrkjelydsbladet og du vert difor oppmoda om
å få tak i og sjå gjennom soknerådet sin årsrapporten for 2010. Då frå du eit godt oversyn over
kyrkjelyden, økonomien og året som har gått.
Rapporten ligg på heimesida www.balestrand.kyrkja.no, i kyrkjene, på Rådhuset, på grendaskulane,
biblioteket og kyrkjekontoret. Du kan også lese om
vedlikehald, offerstatistikk, gudstenesteframmøte,
trusopplæring, kven som sit i utvala, økonomi, kva
saker soknerådet har hatt oppe osb.
Nokre av dei neste punkta er henta frå årsrapporten
og du finn meir info der.
Årsrekneskap 2010
Soknerådet sin rekneskap for 2010 er også offentleg
og er lagt ut same stader som årsrapporten (på
skulane, rådhuset, biblioteket, kyrkjene og kyrkjekontoret.)
Brannsikringstiltak: Ny innmat i sikringsskåpa i Sæle og Tjugum kyrkje
Det er montert automatsikringar og ny innmat i sikringsskåpa i
Tjugum kyrkje og
Sæle kyrkje. Som
nemnt i årsrapporten for 2009
vart det etter to
uavhengige kontrollar av el-anlegga i kyrkjene
tilrådde å skifte ut
hovudfordelingane
i kyrkjene som
brannsikringstilFør
Etter
tak. Ikring 50 % av
finansieringa av dette arbeidet var statlege brannsikringsmidlar: Ein rest av statlege midlar som var
løyvde til brannsikringstiltak på Kvamsøy (jf
montering av lynvernanlegg på Kvamsøy i 2009)
kunne nyttast til brannverntiltak også i andre kyrkjer i soknet.
Resultat: Rekneskapen for 2010 kom ut i balanse
(400 kr i mindreforbruk/overskot). For vidare kommentarar vert det vist til årsrapport og rekneskap
med notar.
Vakant stilling som kyrkjelyds-pedagog –
vert no lyst ut med inntil 100 % stilling
Stillinga som kyrkjelydspedagog i Vik og Balestrand
vert no lyst ut som inntil 100 % stilling (sjå stillingsannonse annan stad i bladet).
Dette kan vi gjere fordi Vik kyrkjelege fellesråd no
har ledig eitt års vikariat i 40% stilling som barneog ungdomsarbeidar i tillegg til den 60 % stillinga
som har vore lyst ut før. Vikariatet kan verte forlenga og på sikt kan det kanskje verte mogeleg med
ei 100 % fast stilling.
Med ei heil stilling ville arbeidstida vere fordelt med
70 % i Vik og 30 % i Balestrand. Sjølv om dette då er
det primære ynskjet, er både Vik og Balestrand
4
verkar i gamle handverkstradisjonar hjå Maihaugen
og er også nytta av byantikvaren i Bergen. Han er i
gang med å sølvlodde saman dei skada delane dette vert like sterkt som nytt. I tillegg vil stakane
verte reinsa og pussa. Avtalen er at stakane skal
vere på plass att i Kvamsøykyrkja til gudstenesta der
på Helgetorsdag (Kristi Himmelfartsdag) 2.juni.
Kvamsøy kyrkje – meir midlar frå Riksantikvaren?
Kyrkjelydsbladet kunne sommaren 2010 melde om
ei løyving frå Riksantikvaren på 200.000 til eit forprosjekt ved NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning) som gjekk på å kartlegge kalkmåleria
innvendig og sikre desse. Rapporten frå dette
arbeidet kom like før jul. Der står det mellom anna
at "kalkmaleriene i Kvamsøy kirke er av høy nasjonal verdi […] og det er behov for generell sikring
av kalkmaleriene og overflatebehandling av
udekorerte veggflater."
Les meir om dette i årsrapporten til soknerådet.
Rapporten gjev så ei tilråding til vidare tiltak med
kostnadsoverslag på kr 455.000 og NIKU gjer
framlegg om at dette vert gjennomført i juni 2011.
Sjølv om Riksantikvaren har avgrensa midlar til
rådvelde har det kome signal om at dette prosjektet
kan bli finansiert av Riksantikvaren i 2011.
Kvamsøy kyrkje – messinglysestakar sendt
til reparasjon
Etter siste teneste i Kvamsøy kyrkje 2010 vart dei tre
messinglysestakane som heng i taket teke ned og
frakta til Bergen for
reparasjon. Fleire av
armane har tidlegare
knekt av og sist i 2009 datt
ein av stakane i golvet
etter at opphengsordninga
svikta.
Hjalmar Karlsen i Lånefjorden har hatt ulike restaureringsoppdrag for
sjømannskyrkjene og han
formidla kontakt med
James F. Eves i Bergen som
driv Amundsens eft.
metallstøperi.
Eves har har hatt mange oppdrag for kyrkjene i
Bergen og hadde nett jobba med lysekruna til sjømannskyrkja i London. Eves er registrert som hand-
Fellesskapsgudsteneste 20.februar
Ettermiddagsgudstenesta 20.februar vart kalla ei
fellesskapsgudsteneste og var ved Audun Systad,
Kjersti Brudvik og eit gudstenesteteam. Kvinnene
frå Eritrea som no bur i Balestrand var spesielt
inviterte i lag med borna sine og nokre av dei vart
intervjua av diakon Kjersti Brudvik.
Kvinnene er vande med å gå i kyrkja, men fortalde
om ein litt annan kyrkjekultur i heimlandet. Alle
Framhald på side 6
5
Framhald frå side 5
kvinnene stilte i flotte og
kostbare "kyrkjekjolar" som dei
brukar når dei går i kyrkja.
Gudstenestene i Eritrea varte
også nokre timar lenger og innheldt mykje song, musikk og
rytmar. Kvinnene var glade for å
verte inviterte til kyrkja i
Balestrand, og fleire i kyrkjelyden bidrog med kyrkjeskyss.
Det var bibeldagen denne
sundagen og ei av kvinnene las
utdrag frå dagens tekst på sitt
språk. Audun Systad knytta
nokre tankar til tekstane og Jan
Andersen heldt andakt.
Ein viktig del av gudstenesta var
ei bønevandring med fleire postar, denne gongen også med høve
til personleg forbøn.
Medlemene i Onsdagklubben var
også inviterte til gudstenesta og
Signe Urnes var med på utdeling
av nattverd under bønevandringa. Gudstenesta vart avslutta
med ein triveleg kyrkjekaffi.
Konsert med Mannskor frå
USA i St.Olafs kyrkje torsdag 30.juni
Balestrand sokneråd vil vere med
og legge til rette for konsert med
eit mannskor frå USA i engelskkyrkja 30.juni. Det er 16
syngande menn der dei fleste på
denne turen vil ha med seg
konene sine.
På rundturen sin skal koret også
mellom anna synge i Bergen og
ved Vestnorsk utvandringssenter
på Radøy.
Det vert fri inngang, men det
vert teke opp ein kollekt for å
dekke kostnader. Vi reknar med
at ein slik konsert også vil vere
av interesse for turistar i bygda.
Vi vonar å få ut
sommarnummeret av kyrkjelydsbladet før konserten og vil då
kome attende med meir detaljar
om repertoir og tidspunkt. Set
gjerne av denne torsdagskvelden
til ei kulturoppleving i St. Olafs
kyrkje.
Jubileumsbok for Tjugum kyrkje:
Ynskje om bilete og minne frå
kyrkja og soknet
Visitas og jubileum
29.oktober 2013 er det 150 år sidan Tjugum kyrkje vart vigsla.
Då det nærmar seg visitas for prestegjeldet, har biskopen i
Bjørgvin fått spørsmål frå oss her lokalt, om det kan vere
mogeleg å kombinere visitasen med 150-årsjubileet. (Det er
vanleg at biskopen berre kjem ved 100 år, 200 år etc).
Biskopen har no stadfest at han kjem, og visitasgudstenesta og
jubileumsgudstenesta vert samanfallande på søndag
3.november 2013. Det er me takksame for. Det kan då vere
naturleg og ha eit rikhaldig program for jubileet frå nett vigslingsdagen 29.oktober og utover i veka..
Jubileumsbok
Det pleier vere vanleg med eit hefte ved jubileum. Nokre gjev
også ut bok ved slike høve. Soknerådet har sett ned ein komite
for å arbeide med dette: Margot Ryssdal, Johs. B. Thue, Audun
Systad og Johanna Fagermoen.
Dei har hatt eit møte no og ynskjer å få inn stoff og bilete om
livet i kyrkja, men også i soknet elles. Me kjem attende med
meir informasjon etter kvart.
Dess tidlegare me kjem igang, dess lettare kan det bli å få eit
godt resultat! Så med dette er utfordringa gjeve!
A.S.
Biskop Halvor
Nordhaug
lyser velsigninga ved
prostigudstenesta i
Tjugum
kyrkje
29.november
2009.
(Foto: J.Risa)
6
No kan du vere med
på å forme kyrkja
Ledig stilling
KYRKJELYDSPEDAGOG
I VIK OG BALESTRAND (inntil 100%)
Måndag 12. september er det
kyrkjeval. Vil du vere ein av
kandidatane når nytt sokneråd
skal veljast?
I samband med kyrkjevalet til hausten
er vi no inne i ein nominasjonsrunde
for å finne kandidatar til sokneråda
landet over. Har du lyst til å vere med i
soknerådet, eller veit du om andre som
bør spørjast? Ta kontakt med ein av
medlemene i nominasjonskomiteen
innan 20.april:
Tore Feten m.480 95 608,
Anne Margrethe Kråvik m.902 02 202
eller Gunnvor Linde m.906 94 537.
Dei nye sokneråda vil ha ansvaret for
mange viktige oppgåver, som å avgjere
korleis gudstenestene i kyrkja vår skal
vere. Kyrkja sitt engasjement i
miljøsaker, ny salmebok og kulturen si
rolle i kyrkja er andre døme på saker
Kyrkjerådet nemner som aktuelle i
komande periode. I Balestrand vil det i
komande periode særskilt vere fokus
på utarbeiding av ein lokal trusopplæringsplan 0-18 år. Andre døme på
lokale saker er bygging av kyrkjestove
ved Tjugum kyrkje og vidare framdrift
for arbeidet med Kvamsøy kyrkje.
Som medlem i soknerådet er ein med
på å gjere ein skilnad. Ei undersøking
Stiftelsen Kirkeforskning har gjort
blant sitjande medlemmer, syner at eit
fleirtal meiner dei har innverknad på
viktige avgjerder. Tre fjerdedelar av
medlemmene meiner vervet var meir
tilfredsstillande enn dei i utgangspunktet trudde.
Sokneråda vert valt for ein periode på
fire år. Alle over 18 år kan bli valt inn i
soknerådet, og alle over 15 år kan
røyste ved kyrkjevalet.
Stillinga var nyoppretta i 2010 i samband med Den norske kyrkja si
satsing på trusopplæring. Den som vert tilsett vil få ei leiande rolle i utvikling og realisering av lokale trusopplæringsplanar for aldersgruppa 018 år. Kyrkjelydspedagogen vil utføre arbeidet sitt i samarbeid med eit
trusopplæringsutval og løna og uløna medarbeidarar. I oppstartfasen
har eininga også ein mentor .
Det vert lyst ut 100% stilling: 60% fast og 40% vikariat med høve til forlenging. Vik og Balestrand er ei trusopplæringseining og tenesteområdet omfattar dei fem sokna i Vik pluss Balestrand sokn, totalt 6 sokn.
Delar av stillinga er finansiert av statlege trusopplæringsmidlar. Ved
tilsetjing i full stilling vert 70 % av arbeidstida i Vik (30 % fast og 40 %
vikariat) og 30% fast i Balestrand. Vikariatet kjem frå den utadretta
delen av ei stilling som kyrkjelydssekretær. Ein vil tilby kontorplass ved
båe kyrkjekontora i samarbeidsområdet.
Balestrand sokneråd vert formell arbeidsgjevar. Det er eit felles trusopplæringsutval i samarbeidseininga der det bur ikring 770 medlemmer i
aldersgruppa 0-18 år.
Vi ynskjer ein person som:
• har interesse og engasjement for kyrkjeleg arbeid med barn og
unge
• har minimum 3-årig høgare utdanning med pedagogikk og/eller
kristendom i fagkrinsen (manglande utdanning kan kompenserast
med relevant erfaring)
• har kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd
• kan arbeide sjølvstendig og systematisk
• har personlege eigenskapar som gjer ein skikka for stillinga (samarbeid, engasjement, formidlingsevne)
Opplysningar om stillinga:
• Konkurransedyktig løn etter gjeldande tariffavtalar ut frå kvalifikasjonar.
• God pensjonsordning i KLP.
• Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helgar.
• Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.
• Opplysningar om samlivsform vil kunne verte etterspurt og vektlagt
ved tilsetjing.
• Søkjar må disponere bil. Skyssgodtgjersle.
• Oppstart i stillinga: 1.september eller etter avtale.
Fellesråda har ved utlysing understreka at det også vil vere høve til å
søkje på delar av stillinga. Søknader om deltidsstilling frå 20% og oppover eller stilling i berre ein av kommunane vil dermed også verte
vurderte.
For nærare opplysningar om stillinga, ta gjerne kontakt med ei av kyrkjeverjene:
Balestrand:
Vik:
Jostein Risa, mob: 920 60 832
Sylvi Nummedal, mob. 901 11 530
Søknad med CV og kopi av vitnemål/attestar sendast: Balestrand
sokneråd,Sjøtunsvegen 6, 6899 BALESTRAND
Søknadsfrist: 19. mai 2011
Fullstendig utlysingstekst på www.balestrand.kyrkja.no
7
Kyrkjelydsbladet har fleire gonger tidlegare skrive
om planar om ei kyrkjestove ved Tjugum kyrkje.
Formannsskapet har i vedtak 26.01.2011, sak
01/2011 sagt at Balestrand kommune ser positivt på
prosjektet med kyrkjestove og vil ha ein vidare
dialog om finansiering. Ut frå dette la soknerådet
teikningane fram for soknemøtet 13.mars og vil no
legge dei fram for lesarane av kyrkjelydsbladet og
opne for innspel.
Kyrkjestove på Tjugum?
I mange år har denne saka stått
på dagsorden til soknerådet, ulike
løysingar har vore diskutert, for
så å bli lagt bort. Ikkje alle forslag
som har vore drøfta, kan gje kyrkjelyden eit så fleksibelt lokale
som ei kyrkjestove vil. Dette er
såleis siste ledd i ei lang kjede
med idéar.
Denne gongen var hovudmotivasjonen eit ønskje om å finna ei
ordning for dei yngste. Med eige
opplegg for dei parallelt med
gudstenesta, vil både liten og stor
kunna få ei betre oppleving av
kyrkjesundagen. Det er heller
ikkje vanskeleg å sjå for seg
annan bruk, t.d. kyrkjekaffi eller
konfirmantundervisning.
Stova er utforma med tanke på å
hysa både små og litt større samlingar. Med ein sal på 53 m2 er det
plass til maksimalt 40-50
frammøtte. Kjøkenkroken opnar
8
for enkel servering, og
lagerrommet gjer at møblering og
bruk kan vera fleksibel. Har ein
ikkje trong for bord, kan dei
setjast inn på lageret, slik at
lokalet kan romma fleire. Universelt utforma WC vil vera lett
tilgjengeleg i vindfanget. Arkitektkontoret To-Ark v/Gunnar
Petersen har teikna bygget etter
konkrete forslag og innspel frå
soknerådet.
Det er viktig at kyrkje, kyrkjegard
og bygningar elles står greitt til
kvarandre. Det set krav både til
plassering og utsjånad av kyrkjestova. Med mur til bygningsmateriale sikrar ein seg at
bygningsstilen fungerer saman
med eksisterande bårerom/reiskapshus. Bispedømeråd og riksantikvar har godkjent at
kyrkjestova ligg langsetter
parkeringsplassen, sjå skisse. Slik
kjem huset ikkje i konflikt med
parkeringsplassen.
Med eit bruttoareal på 90 m2 kan
ein venta byggjekostander for
grunnarbeid og bygg på knapt 2
mill. kroner eks. mva., i tillegg
kjem utgifter til kjøken, inventar
m.m., så totalt er pårekna
totalkostnader mellom 2 og 3
mill. kroner eks. mva. Til fråtrekk
kjem så det ein sparer på dugnad.
Soknerådet har nokre hundre
tusen i bankinnskot, men skal
bygget reisast er ein avhengig av
at lån kan handterast via dei
årlege kommunale løyvingane.
Difor har det også vore teke kontakt med kommunen, og i
november i fjor vart kyrkjestova
presentert for formannskapet.
Responsen frå kommunen var
positiv, utan at det til no har
kome lovnad om finansiell støtte.
Men kjem det i tillegg inn gåver,
kan det letta finansieringsarbeidet. Difor har soknerådet
ordna med ein konto i Fylkesbanken øyremerkt kyrkjestova:
3705.13.19711. Me er takksame
for alle som også slik vil støtta
dette arbeidet.
Soknerådet ser gjerne at det kjem
innspel og framlegg til forbetringar. Det kan vera alt frå ut9
forming til storleik og kva bruk
ein ser for seg. Ta gjerne kontakt
med kyrkjeverje, sokneprest eller
soknerådsmedlemmer elles.
Det er å håpa at dette er eit initiativ som kan føra til at bruken
av Tjugum kyrkje blir meir
fleksibel og verka positivt attende
på kyrkjelyden.
For soknerådet, Helge Eilifsen
Glimt frå
MINI-konfirmantleiren
2011
Minikonfirmantar frå Balestrand (Fjordtun, Sagatun og Nesse),
Hyllestad og Solund var i lag.
Stikkord: Påskevandring, misjonstivoli, leikar, gudsteneste
Alle foto: A. Systad
10
Minikonfirmantsamlingar i Fjordane og på Nessane
I Balestrand er det minikonfirmasjon kvart år for 5.klassingane, medan ein i grendene
Iselin laga dette diktet på påskeverkstad på minikonfirmantleir på Alværa
18.-20. mars 2011:
Tomas
Tomas var ein av dei tolv.
Han trudde ikkje på Jesus.
Han måtte sjå han først
og naglemerka i hendene
hans.
samlar opp fleire kull. I vår har
det vore 4 minikonfirmantsamlingar på Nesse oppvekstsenter
ved Audun Systad. Gerd
Jordanger har vore med og hatt
leikar og servert tomatsuppe
med rundstykke. Ei triveleg
gruppe på 5 minikonfirmantar
frå 4.-7.klasse. Etter opplegget i
eit klasserom vart gymsalen
nytta til leik, jf. biletet over. Foto.
A. Systad.
Det er også minikonfirmantsamlingar på Fjordtun i vår. Her vert
det 2 dobbeltsamlingar i staden
for fire og 7 minikonfirmantar
frå 4.-6.klasse er med. Soknepresten har hatt ei samling og
skal ha den siste etter påske.
Sigvor Rendedal laga til mat på
den fyrste samlinga, medan
Gjertrud Feten har matansvar
etter påske. Marit Beathe Kyrvestad vert då med og har leikar.
For alle minikonfirmantane i
Balestrand vert det avslutningsgudsteneste med utdeling av diplom og T-skjorte sundag 5.juni
kl.11.00 i Tjugum kyrkje.
Disiplane hadde sett Jesus,
Tomas trudde ikkje på dei.
Jesus kom
og Tomas fekk sjå.
No trur Tomas på Jesus.
Då sa Jesus: Sæle er dei
som ikkje ser, men endå trur
Iselin Sande Bakke
Frå familiegudstenesta på Bedehuset Betel 16.januar med utdeling av Biblar til 5.klassingane på Sagatun skule. Dei fleste av desse vart med vidare på minikonfirmantopplegget.
Familiegudstenesta vart flytta frå Tjugum kyrkje til Bedehuset Betel nokre dagar før etter
signal om vegstenging i Esefjorden pga rasfare. (Foto: J.Risa)
11
Tårnagenthelg i Sæle kyrkje
Siste helga i januar arrangerte Balestrand kyrkjelyd for fyrste gong
"Tårnagenthelg" for 8-åringar som ein del av trusopplæringa i Balestrand.
I desember gjekk den norske TVserien "Tårnagentene" på NRK.
Liksom hovudpersonane i denne
serien har ein hemmeleg klubb
som møtest i eit kyrkjetårn fekk
nesten 10.000 8-åringar i heile
Noreg i januar vere med på noko
av det same: Ein slags bu-heimeleir der ein var i kyrkja fleire
dagar og fekk utforske kyrkja og
forteljingar frå Bibelen. Det heile
munna ut i ei Tårnagentgudsteneste søndagen.
Laurdag 29.januar møtte det på
føremiddagen opp 15 forventningsfulle tårnagentar frå Balestrand i Sæle kyrkje. Alle agentar
gjekk gjennom ein opptaksprøve
(hinderløype) før dei vart registrerte med eigne agentkort og
nummer og nokre hadde med seg
agentutstyr som forstørringsglas, digitalkamera og lykt. Alle
fekk også utdelt "buff" med
Tårnagentsymbolet på for å
halde varmen i trekkfulle tårn...
Det er Søndagsskuleforbundet
som står bak opplegget som vart
gjennomført i Den norske kyrkja
for fyrste gong i 2011. Kyrkjerådet gav økonomisk stønad til
alle kyrkjelydar som deltok og
midlane vart i Balestrand nytta
til innkjøp av mat til deltakarane
og ymse materiell.
Sidan dette er snakk om agentar
kan vi ikkje røpe alle oppdraga
dei hadde. Fleire av oppdraga
vart likevel presenterte i gudstenesta sundagen, til dømes re12
sultatet av ei symboljakt høgt og
lågt i kyrkja. Nokon fann også
noko i eit skrin som var gøymt i
kjellaren under kyrkja og som
tårnagentar måtte dei sjølvsagt
utforske klokketårnet og inskripsjonen på kyrkjeklokka. Eit anna
oppdrag laurdagen var innøving
av ein eigen tårnagentsong.
Songen vart framført med stor
entusiasme i gudstenesta.
Denne gongen valde vi å invitere
både dei som fyller 8 år i 2010 og
2011. Dersom ein held fram slik
vil ein dekke alle borna ved å arrangere Tårnagenthelg annakvart år. Soknerådet og dei
tilsette vil før neste år vurdere
om ein skal halde fram med to
kull om gongen annakvart år
eller om ein skal køyre opplegget
årleg.
Temaet for tårnagentgudstenesta
denne gongen var "På flukt". Ein
tok utgangspunkt i Maria og
Josef som måtte flykte med Jesus
frå kong Herodes. Eit av oppdraga for agentane vart
dramatisering av denne hendinga i gudstenesta. Vi kom då
også inn på at vi også i Balestrand har personar som har
måtta flykte frå landet sitt. Eit
anna agentoppdrag var å teikne
grunnar til at folk måtte flykte.
Teikningane viste vald, krig og
naturkatastrofar. Josef fekk hjelp
av ein engel – både til å flykte og
til å vite når det var trygt å
vende attende. Som eit gudstenesteoppdrag delte agentane
ut englar med bibelvers på til alle
dei frammøtte ved gudstenesta for å minne oss på at Gud kan
hjelpe oss når vi er redde eller
treng trøyst.
Det var heller ikkje berre borna
som fekk røre på seg i gudstenesta. I forbønsdelen kunne
alle vandre rundt på ulike postar
i kyrkja: Lystenning, teikning/
skriving av bønelappar og
"takkelappar", dåpspåminning
osb.
Som ei fornying av familiegudstenestene i kyrkja tilbyr Søndagsskuleforbundet opplegg for
"Sprell levande" gudstenester.
Tårnagentgudstenesta bygde på
dei same prinsippa og inntrykket
samanlikna med ei vanleg
familiegudsteneste kan uttrykkjast som at denne gudstenesta
var meir med borna enn for
borna. Borna var delaktige gjennom alle delane av gudstenesta
og skulle ikkje berre sitje i ro og
høyre på. Dette krev naturleg
nok meir tid til førebuing i lag
med borna og det var ikkje alt
som gjekk heilt etter "oppskrifta", men både tilsette og foreldre var likevel einige om at
denne forma for gudsteneste gav
meirsmak og er noko vi gjerne
vil prøve igjen og vidareutvikle.
Tårnagentar kan få nye oppdrag og lese om andre sine ved å gå inn
på nettsida www.tarnagentane.no. I søndagsskulebladet "Barnas"
som alle kan abonnere på (www.sondagsskole.no) finn ein i kvar utgåve eigne tårnagentsider med nye oppdrag å utføre samt mysterium og kodar å løyse.
13
Balestrand sokneråd sitt misjonsprosjekt dei
siste åra har vore å støtte ein kyrkjelyd i
Romania gjennom Den norske Israelsmisjon.
Etter løyve attgjev vi her eit utdrag av ein ar-
tikkel som stod på trykk i Israelsmisjonen sitt
blad "Misjonsblad for Israel" nr 1-2011: Eit
intervju med pastoren i kyrkjelyden "Israels
Messias", Florin Suciu.
Veien til Israels Messias
Florin Suciu vokste opp i en
kristen ortodoks familie i
kommunist-Romania,
flyktet til Belgia, møtte Gud
gjennom bibelstudier, og
kom tilbake til hjemlandet
uten en krone i lomma. I
dag er han leder for den
messianske menigheten
Israels Messias i hovedstaden Bucuresti.
Jeg møter Florin på en konferanse i Krakow. Han er en
spinkel mann, men smilet og de
levende øynene røper en besluttsomhet og trygghet som vitner
om et liv hvor tillit til Gud er en
forutsetning.
Fortell meg om bakgrunnen din. Du
vokste opp i en rumensk-ortodoks
familie?
Jeg vokste opp i en kristen
ortodoks familie i byen
Timișoara i Transilvania under
kommuniststyret til Nicolae
Ceauşescu. Min farmor var
Red. merknad: Messias tyder "den
salva" (salva til konge / frelsarkonge) Omgrepet "messianske jødar"
vert nytta om etniske jødar som vedkjenner Jesus som den Messias det
vert profetert om i Det gamle testametet. Ein messiansk jøde eller
kyrkjelyd vil ofte ha med seg mange
av dei jødiske tradisjonane samstundes som trua på Jesus som Messias er det sentrale.
jødisk, men hjemme hos oss var
det lite eller ingen ting som
antydet noe som helst i den retningen - ingen høytider, ritualer
eller synagogebesøk. Jeg ante
rett og slett ikke at familien vår
var jødisk. D.v.s. min far visste
det nok, men han fortalte det
ikke til oss barna. Min farmor
fortalte oss heller ikke direkte
om sin jødiskhet, selv om hun
ofte snakket om oppveksten sin
som hadde vært preget av jødiske omgivelser. Men det koblet
jeg ikke da jeg var liten. Senere i
livet begynte jeg å tenke på
farmors historier, og la to og to
sammen.
Dere gikk ikke i synagogen – men
gikk dere i kirken?
Ja. Som sagt vokste jeg opp i et
rumensk-ortodokst miljø, så jeg
var prestens nære medhjelper i
kirken i byen vår opp gjennom
tenårene. Jeg var en snill og rolig
gutt, alle syntes godt om meg.
Mine foreldre var ikke spesielt
religiøse, så for dem spilte det
ingen rolle om jeg var aktiv i
kirken eller ikke, men for bestemor var det viktig. Hun var
glad for at jeg gikk i kirken.
Hun som var jødisk?
Ja, jeg husker hun sa noe slikt
som: Alle våre forfedre var
prester. Hun sa ikke rabbinere,
men prester. Og da tenkte jeg at
oj – dette må jeg leve opp til. Så
14
Florin
hver søndag leste jeg bibeltekstene og hjalp ellers til med det
praktiske i gudstjenesten. Men
jeg var ikke født på ny. Da jeg var
19, dro jeg i militæret, som jeg
avsluttet to år senere. Men jeg
var ikke tilfreds med livet mitt i
Romania. På den tiden var det
kommunistene som styrte i
landet, men i 1989 ble som kjent
landets diktator Nicolae
Ceauşescu styrtet og drept
Omsorg Fellesskapet i menigheten Israels Messias preges av varme og omsorg
sammen med sin kone Elena, noe
som gav oss håp om en bedre
fremtid. I det området familien
min bodde, var over 75 % av befolkingen tysktalende fra
Sachsen. Så da revolusjonen var
et faktum, dro mange av dem tilbake til Tyskland. Et par år
senere kom de tilbake etter å ha
anskaffet seg biler, fine klær og
generelt en mye høyere levestandard enn det vi hadde. Vi
som var blitt igjen hadde knapt
nok penger til mat. Jeg ble desillusjonert og misfornøyd med
det lille jeg hadde, så da jeg var
ferdig med militærtjenesten, begynte jeg å jobbe for militæret.
Jeg tjente gode penger, men var
fortsatt misfornøyd med livet
mitt. Så jeg bestemte meg for å
dra til Vesten.
Jeg hadde en solid bibelsk kristen
ortodoks opplæring i bagasjen.
Alle lignelsene i NT var veldig
levende for meg, det hendte at
jeg gråt når leste dem eller jeg
hørte presten legge ut om dem.
Men fremdeles levde jeg et dobbeltliv. Innenfor menigheten
hadde jeg et fromt gudstjenesteliv, men utenfor kunne jeg ofte
lyve og til og med stjele. Jeg
visste at det ikke var slik Gud
ville jeg skulle leve, så jeg prøvde
å kjøpe Hans kjærlighet og godkjennelse ved å være aktiv i
kirken og gjøre gode gjerninger.
På et tidspunkt vurderte jeg
faktisk å bli munk. Det ble imidlertid ikke noe av de planene. Jeg
reiste til Belgia i stedet og endte
opp i en flyktningleir i Brussel.
Jeg hadde ikke fortalt mine foreldre om fluktplanene mine, jeg
bare forsvant. Først et par
måneder senere fant de ut hvor
jeg var.
Du endte opp i en flyktningleir –
var det ikke lovlig for rumenere å
reise fritt i Europa?
Jeg ble arrestert på toget fra
Polen til Tyskland og etter opphold i flyktningeleire fikk jeg
15
ikke oppholdstillatelse verken i
Tyskland eller Frankrike. Først
da jeg kom til Belgia fikk jeg
flyktningestatus og det var der
jeg kom i kontakt med noen
kristne som inviterte meg med i
menigheten sin. Til å begynne
med tenkte jeg at dette ikke var
noe for meg – jeg var jo allerede
kristen; jeg ba til Maria og alle
helgenene. Men jeg ble med i alle
fall, og etter noen måneder begynte jeg å tolke for alle
rumenerne som kom dit. Jeg
kunne svært lite engelsk, men
det var uansett mer enn det de
andre kunne. Til å begynne med
gikk jeg der bare for bli bedre i
engelsk, men ganske snart kjente
jeg at det var noe annet som dro
meg dit. Etter seks måneder kom
alle forsvarsmurene mine ned,
og Gud nådde inn til hjertet mitt.
Jeg ble født på ny og døpt et par
dager senere.
Hva var det ved menigheten som
førte til den forvandlingen du opplevde?
Det var ikke noe spesielt ved
menigheten, men Guds ord
skapte en forandring i hjertet
mitt. Møtene var lagt opp
omtrent som et bibelstudium, og
mens jeg oversatte bibeltekstene,
skjønte jeg at livet mitt ikke var
som det burde være og at bare
Gud kunne gjøre noe med det.
Undervisning Hver lørdag samles
menigheten til lovsang, bønn og undervisning
Senere startet vi en rumensk
menighet i Brussel som i dag
teller over tusen medlemmer.
I 1996 reiste jeg tilbake til
Romania. Da jeg forlot hjemlandet mitt et par år tidligere,
hadde jeg ingen intensjoner om å
komme tilbake. Jeg sa til meg
selv at jeg heller ville dø enn å
dra tilbake dit. Og på en måte
måtte jeg dø – dø fra mitt eget liv
og alle mine egne planer. Jeg
hadde absolutt ingenting da jeg
ankom hjembyen min. Jeg var til
og med fattigere enn da jeg dro.
Men jeg hadde Jesus i hjertet, jeg
var født på nytt, jeg var en ny
person. Mange lo av meg og sa at
alle som hadde dratt til Vesten
hadde kommet tilbake med store
flotte biler og masse penger,
mens jeg hadde til og med
mindre enn da jeg dro. Familien
min skjønte heller ikke hva som
hadde skjedd med meg. De
trodde jeg var blitt lurt inn i en
sekt. Men etter hvert forstod de
at forvandlingen var ekte.
Senere flyttet jeg til Bucuresti og
var med i en menighet der. Og
det var i hovedstaden jeg først
kom i kontakt med messianske
troende. En mann fra en messiansk menighet ringte og lurte
på om jeg kunne tolke en
predikant fra Belgia. Det ville jeg
gjerne! Slik ble jeg involvert i det
messianske miljøet i Bucuresti.
Hva tenkte du da om jøder som tror
på Jesus. Var det en fremmed tanke
for deg?
Nei, egentlig ikke. På den tiden
var jeg ikke bevisst på min egen
jødiske bakgrunn. Men jeg hadde
alltid hatt en kjærlighet til og en
dragning mot det jødiske folket.
Så for meg falt det veldig naturlig å bli en del av denne
menigheten. Senere ble jeg
faktisk spurt om jeg kunne tenke
meg å ta over etter at den davær-
En støtte Familien betyr mye for Florin. Her sammen med kona Alina og de tre barna
ende pastoren planla å flytte til
Israel med familien. Etter mye
bønn og faste sa jeg ja. Det første
året som leder for menigheten er
et av de vanskeligste årene jeg
har hatt. Det hele toppet seg da
en pastor fra Israel ville ta over
og styre menigheten derfra… Ca
halvparten av medlemmene gikk
med ham, men det viste seg
snart at det var en blindvei, så
alle kom tilbake til den opprinnelige forsamlingen. Det som
så ut til å være en umulig
situasjon, vendte Gud til velsignelse da de skjønte at det ikke var
min egen prestisje og motivasjon
som hadde ledet meg til dem,
men Guds kall.
I dag møtes vi hver sabbat og vi
prøver å ta vare på de jødiske
ritualene og tradisjonene vi
finner i bibelen. Vi bruker for eksempel bønnesjal og kipa slik at
de jødene som kommer hit
finner noe som de kan kjenne
igjen. Lørdag morgen har vi
hovedgudstjenesten. Etterpå kan
den som vil bli igjen til fellesskap
og bibelstudier helt til klokken
fire. Så det er en litt annerledes
møteform enn det mange tradisjonelle kristne er vant til i
Vesten. Men Bucuresti er en stor
by, og for mange kan det være
16
vanskelig med transport, så da er
det mer praktisk å gjøre det slik.
I tillegg møtes vi på tirsdager for
bønn og mer bibelstudier.
Hvordan er forholdet mellom det
messianske miljøet og de øvrige
kirkene i Romania i dag?
De fleste kirkene har gått bort
fra erstatningsteologien, men
derfra til å inkludere de messianske kristne i sitt fellesskap,
er et langt skritt. Men vi har en
god dialog med flere prester og
pastorer, både innenfor den
ortodokse og den protestantiske
kirken, selv om deres bevissthet
omkring messiansk tro ikke alltid
er så dyp.
I dag er det omkring 7 messianske menigheter i Romania.
Mange jøder er reist til Israel og
har bosatt seg der, men det er
fremdeles en stor gruppe igjen,
hvorav flesteparten bor i
Bucuresti. Menigheten til Florin
har et godt forhold til det jødiske
samfunnet i hovedstaden, hvor
stadig flere er nysgjerrige på det
voksende og livskraftige messianske miljøet.
Guro Kvakestad
(forkorta av JR)
Konsert med JOY
Gledesspredarane i JOY arrangerte laurdag 2.april
ein flott konsert i Tjugum kyrkje. På ein våt laurdagsettermiddag vart vi nesten 60 personar som fekk
varma oss i kyrkja!
Jentene er med i songane med heile seg og mange
av dei syng solo på dei ulike songane. JOY veksla
Leiarane i JOY etter konserten. Frå venstre: Solbjørg, Louise og Regina. Foto: Mons Johan Hoel (i samband med eit oppdrag til
samtale-gudstenesta) og J. Risa ( til høgre).
mellom songar
med innspelt
musikk
(playback) og
songar med
pianoakkompagnement.
Koret vart starta
opp hausten 2009
som eit kor for
unge frå 5.klasse
og oppover og
det er 12-15
jenter på øvingane. Det er tre entusiastiske kvinner
som deler på leiaransvaret: Solbjørg Henriksen
trakterer tangentane medan to kvinner med svensk
aksent byttar på å dirigere: Louise Nilsson og Regina
Hector. Dei held fram at entusiasmen er noko som
smittar båe vegar og at dei får mykje att frå
kormedlemene.
I tillegg til å synge stod kormedlemene for velkomst,
dei las tekstar frå Bibelen og hadde bøn og lystenning. Ein kan merke at dei som no har vore med ei
stund har vorte tryggare i møte med publikum –
både som solistar og i andre oppdrag – og vi gler oss
allereie til neste gong!
17
Konfirmantane på dagstur til Saurdalen:
Skileik , hamburgarar og påskevandring
Laurdag 5.mars var konfirmantflokken i
Balestrand på tur til Saurdalen. Midt i ei
tid med mykje uroleg ver, så vart dette
ein fin dag. Foreldra køyrde opp, og konfirmantane boltra seg i løypene, bygde
hoppbakke, stod slalåm eller berre slappa
av. Ein av foreldra, Erik Hoel, hjelpte til
med gode råd og var og primus motor for
laging av hamburgarar. Gina frå konfirmantteamet og nokre andre jenter frå
Sygna var òg med.
Timane i Saurdalen vart avslutta med ei
påskevandring i snøen der ein gjekk frå
post til post, frå palmesøndag til påskedag, og las om dei ulike hendingane.
Det vart ein fin dag i eit litt annleis
undervisningsmiljø.
18
Nattcup i Sogndal 11.-12. mars 2011
Etter lang tids venting var det
endeleg klart for nattcup for
konfirmantane. Vi reiste med
ekspressbåten frå Holmen klokka
21.20. Båten var litt sein og me
kom litt seinare enn me skulle.
Me gjekk opp til Sognahallen,
saman med konfirmantar frå Vik,
Feios og Fresvik. Elles var det
konfirmantar frå Sogndal, Luster,
Kaupanger, Lærdal og Aurland.
Når me kom fekk me eit band på
handa. Så var det opning. Det var
nokon som lærte oss ein dans
som me hadde seinare på natta.
Kl.22.45 var det kampstart. Balestrand sitt lag ”FatKamp Baleby”
(FKB) og 3 stk frå Feios som var
med på laget, spelte kjempegodt!
Også heiagjengen ”FatKamp
Baleby Supporters” gjorde ein
kjempebra jobb. Vi hadde også
med oss nokre kjekke jenter frå
Feios/Fresvik.
Då det var midtnattsmesse, var
ein av konfirmantane våre, Vilde,
ilag med nokre andre og tente
lys. Det var ei fin stund. Etter
messa fortsette kampane og FKB
gjorde det veldig bra. Vi i heiagjengen blei litt håse etter ei
stund. Når klokka var 02.00 var
det konsert med TenSing frå
Førde, og nokre konfirmantar frå
Sogndal hadde eit sanginnslag.
Etter konserten spelte FatKamp
Baleby om ein plass i finalen. Det
var ein spennande kamp, og når
den var slutt var stillinga 2-2.Det
måtte då avgjerast med straffes19
park- konkurranse. Den tapte dei
dessverre. I finalen stod då to lag
frå Sogndal.
Etter finalen var det utdeling av
premiar til laga og den beste heiagjengen. Beste heiagjengen kom
frå Balestrand; Fat Kamp Baleby
Supporters! Vi vann ein gul
bamse. Så var det å gå til båten
og reise heim. Mange var trøytte
og sov på båten.. Nokon var ikkje
så trøytte, så dei snakka heile
turen. Etter å ha sove lørdagen,
merkast det på stemma til oss i
heiagjengen.
Det var ei kjempekjekk natt, som
eg trur ingen angra på at dei var
med på!
Ida-Birgitte Kvernevik, konfirmant
På kyrkjetrappa. Foreldra står bak konfirmanten sin. F.v.: Erling Målsnes – Kari og Åsmund. Leif Nessestrand – Henny og Edvard. Torvald
Nokken - Gladys og Sigurd. Reidar Sæle – Borghild og Lars. Bak: Sokneprest Ivar Døskeland. Foto: Marie Oline Linde
Då presten var på leiting etter han Reidar
Dette konfirmasjonsbilete frå
konfirmasjon i Sæle kyrkje
12.september 1954 skulle vore
med i påskenummeret av Kyrkjelydsbladet 2010, men vart forseinka til det. Desse
konfirmantane vart fødde i 1940,
første krigsåret, og dei skulle
difor kunne feira 70-årsdagane
sine i 2010. Ein av dei, Erling
Målsnes, vart fødd 9-11-1940 og
døydde i 1996, 56 år gammal. Men
minni om han kan vel dei fleste
skogeigarar hugsa når dei ser på
felti som vart utplanta dei åri han
var skogreisingsleiar i Balestrand.
Konfirmantane samlast alltid i
kyrkja på Sæle dei dagane dei las
for presten. So var det ein gong
den sumaren dei var saman –
dette har Leif og Torvald fortalt
meg: Dei var ferdige inne i kyrkja
og kom ut på trappa. Då vart det
med ein gong mørkt – det var solformørking den dagen, men det
varte no ikkje so lenge. På
heimturen lurte Leif og Torvald
på korleis det ville ha gått med
dei utover Sælsstrondi utan lykt,
viss det ikkje hadde ljosna att.
Siste gongen framfor konfirmasjonen skulle alle samlast. Presten
kom, og då oppstillingi skulle
byrja, vanta eldstemann, han
Reidar. Oppstilling gjekk greitt –
yngstemann skulle stå til venstre.
Erling var fødd 9. november, Leif
23. oktober, Torvald 21. april, og
då vanta berre eldstemann, han
Reidar, som var fødd 9. mars.
Presten sprang til Sæle – det var
no ikkje lange vegen. Der trefte
20
han på han Lars og spurde etter
Reidar. ”Han Reidar er i Tenndalen. Det er buføredag til heimastølen i dag, so dei er ikkje
attkomne enno”, sa Lars. ”Ja, i dag
må me vera samla alle, sidan det
er siste gongen”, sa presten. ”Da
ska’ me ordna”, sa Lars. Han
visste at ho Marie Oline (Malla)
skulle opp på heimastølen. Då
måtte ho seia med han Reidar at
han skulle koma nedatt med ein
gong, for presten gjekk og leita
etter han. Då hugsa Reidar på
dagen han hadde gløymt. Men det
ordna seg fint med prest og konfirmant seg i mellom. Dei vart
einige om at det let seg gjera å
gløyma ein dag, for det var no så
mange i eit år!
Helsing Arne P. Linde
Minneord - Johannes og Synnøve Ofstad
Johannes Ofstad som var sokneprest i Balestrand frå
juni 1962 til våren 1969, gjekk bort hausten 2010, 91
år gamal. Nett før bladet gjekk i trykken fekk vi så
melding om at også kona hans, Synnøve Ofstad,
døydde 30.mars 2011.
Johannes Ofstad vart fødd 13.april 1919 i India der
foreldra var utsendingar for Den Norske Santalmisjon. I 1931 bar det heim til Noreg og til Kampen i
Oslo der han på skulen møtte jamgamle Synnøve
Fossum som skulle bli kona hans. Speiding var blant
fellesinteressene deira. For Johannes vart det
teologistudium ved Menighetsfakultetet, og etter
praktikum i 1948 byrja han i Blå Kors Oslo krins.
I 1950 trengte Blå Kors ny generalsekretær og
jobben gjekk til då 31 år gamle Johannes Ofstad.
Etter tolv år her gav han uttrykk for at han syntest
det var godt å kome inn i ei meir «ordinær»
presteteneste i 1962. Han starta då med sju år som
sokneprest i Balestrand (1962-1969), så fem år
residerande kapellan i Drammen og i 15 år var han
sokneprest og prost i Kongsberg. Han vart
pensjonist i 1989, men heldt fram som vikarprest
i Tunsberg bispedømme.
Johannes Ofstad skreiv andakt til kyrkjelydsbladet i
Balestrand hausten 2005 og skreiv då om gode
minne frå Balestrand. Det var i Ofstad si tid det vart
innført konfirmasjon på våren i Balestrand med
undervisning på skulen gjennom vinteren (vedteke
1964). Diakonen vår Kjersti Brudvik seier ho og
fleire byrja rekne seg som kristne i konfirmasjonstida under Ofstad og karakteriserte han som "varm,
distré og lett å bli glad i". Ho minnast også ein kyrkjelydstur til Lånefjorden hjå Solveig og Kristen
Lønne sommaren 1966. Etter at dei reiste i 1969 besøkte ho familien Ofstad i Drammen i samband med
eit "Bibel- og leiarkurs" i Oslo som han hadde
tilrådd henne å reise på.
Ofstad underviste på Realskulen 5-6 timar i veka
heile perioden han var i Balestrand og var i periodar
engasjert i ulike styreverv i Indremisjonen,
Santalmisjonen og Blå Kors i fylket. Ofstad nemnde
sjølv oppstart av det kristne elevlaget på Realskulen
som eit døme på noko han var glad for frå tida i
Balestrand. Fleire balestrendingar minnest også
også den musikalske sida til Ofstad med felespel i
ulike konstellasjonar, ikkje minst på dei opne huslydkveldane på Askelund.
Sigrunn Ytrefjord skreiv prolog til avskilsfesten som
vart halde på Askelund 23.april 1969 og vi vil her ta
med dei siste tre versa:
Her i mange år du tala, livets ord bå' dag og kveld,
og me kjende helg og høgtid, under desse kyrkjekvelv.
Her var barnedåp og vigsle, her var gravferd, med si sorg,
alle livets store stunder har me i Guds tempelborg.
Du tala frå vår preikestol, men også med ditt liv.
Ditt smil, di hand, ditt hjarta det gjev oss ingen tvil.
Me takkar deg Ofstad for alt godt du for oss fekk gjera,
men fyrst og fremst fordi du viste samanhengen mellom
liv og læra.
Så skal de då forlata oss, og tru nå dette då,
at det som her er skrive, skriv alle under på.
De begge delte sorger med oss, og gleda stor,
og me skal aldri gløyma dykk, det er vårt siste ord.
Johannes Ofstad døydde i heimen sin 30.september
2010 og vart gravlagd 7. oktober frå Kongsberg
kyrkje. Nett då dette vart skrive til bladet fekk vi så
melding om at også Synnøve Ofstad var død. Ho var
fødd 3.oktober 1919 og døydde 30.mars 2011 med
gravferd frå Kongsberg gravlund fredag 8.april.
Johannes og Synnøve hadde ikkje born.
Vi lyser fred over Johannes og Synnøve Ofstad sitt
minne.
JR
Foto: Steinar Glimsdal, Blå Kors
21
Minneord – Erling Revheim
Rett før trykking av bladet fekk redaksjonen
også vite at Erling Revheim, som var sokneprest
i Balestrand frå 1996 –1998 hadde gått bort
30.mai 2010, 63 år gamal. (Etter ynskje frå
familien var gravferda ikkje kunngjort.)
Revheim var fødd 3.august 1946 og vart
ordinert i Kristiansand i 1973 etter utdanning
på Menighetsfakultetet. Han starta som flystasjonsprest i Luftforsvaret (1973), var så hjelpeprest ved Kong Haakons Kirke i København
(1974), sjømannsprest i Santos, Brasil (1975) og
res.kap. i Trefoldighet menighet i Oslo (1977).
Han hadde to permisjonar frå Trefoldighet
menighet for å tenestegjere ved den norske FNstyrken i Libanon og gjekk sidan inn i teneste
som fengselsprest ved Ullersmo Landsfengsel
(1983). Han kom til Balestrand heilt i starten av
1996 og det var avskilsgudsteneste i Sæle kyrkje
9.august 1998.
Etter at han flytta frå Balestrand budde
Revheim ulike stader på Sørlandet, dei siste 5
åra i Grimstad. Han arbeidde nokre år som
lærar, og reiste også rundt og song og spela for
eldre på institusjonar.
Erling Revheim var glad i
song og musikk og mange
hugsar Erling Revheim
med trekkspelet på
magen. Her frå gudsteneste i engelskkyrkja
nyttårsaftan 1996. Foto: J.
Risa
Vi lyser fred over Erling Revheim sitt minne.
JR
I GLEDE OG SORG
DØYPTE
DØDE
Anna Sleire Pedersen
31.12.2010 i Tjugum kyrkje
(høyrer til Høyanger sokn)
03.12.2010 Lars Stokkebø f.1930.
Gravferd frå Tjugum kyrkje 10.12.2010.
20.12.2010 Eldbjørg Melkild f.1915.
Gravferd frå Tjugum kyrkje 27.12.2010.
Mikael Feten
06.03.2011 i Tjugum kyrkje
10.03.2011 Randi Lønne f.1955.
Gravferd frå Sæle kyrkje 18.03.2011.
VIGDE
21.03.2011 Kaare Hagen Lenni f.1924.
Gravferd frå Tjugum kyrkje 29.03.2011.
Anne Marthe Ulvik og Paul Erik Bjerke (Bergen)
19.02.2011 i Tjugum kyrkje
21.03.2011 Jon Lerheim f.1950.
Gravferd frå Tjugum kyrkje 30.03.2011.
22
Vårbøn
Det blømer i hagar for våren er her,
den møtte vinteren nyss.
Midtlies bytte dei klednad
og skildest i våte kyss.
Snart heiser me flagget vårt den l7.mai,
vårt vakraste felles symbol.
«Ja, vi elsker» skal runge høgt
i takksemd frå pol til pol
Det surklar i bekker - det fossar i elv,
det blømer i gråkvite hagar.
I kjølege vårvindar kronblada skjelv
med bøn om solrike dagar.
Me eig dette landet - me fekk det i arv,
her kjempa dei kvinne og mann.
Me skal tryggje det vidare fram
i takk for den fridom dei vann.
Sigrunn Ytrefjord - 9.mai 2009
Pb.14, 6898 BALESTRAND
Frode Buene
Tlf. 57 69 29 06
Mob. 907 53 579
Melbys skrifthugging
Inskripsjon, oppussing
og sikring av gravminne
Vi takkar
annonsørane våre for
støtta!
Knut Melby
6490 EIDE - Mob. 482 40 612
Kontaktperson i Balestrand:
Steinar Grøneng - Mob. 482 62 878
23
INFORMASJON
Utgjevar/Avsendar:
Balestrand sokneråd
Sjøtunsvegen6
6899 BALESTRAND
Velkomen til gudsteneste
17. apr, Palmesundag
SÆLE kl.11:00 Familiegudsteneste ved Audun Systad. Inngangsprosesjon med
palmegreiner. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi.
22. apr, Langfredag
ST.OLAFS kl.11:00 Pasjonsgudsteneste ved Audun Systad. Hugs varme klede.
24. apr, Påsked
TJUGUM kl. 11.00. Høgtidsgudsteneste ved Audun Systad. Dåp. Nattverd. Takkoffer
til Normisjon.
8. mai, 2 s e på
SÆLE kl. 11.00. Konfirmasjonsgudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer til Norges
Kristelige Student- og Skoleungdomslag.
15. mai, 3 s e på
TJUGUM kl. 11.00. Konfirmasjonsgudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer til Det
lokale kyrkjelydsarbeidet.
17. mai, 17. mai
TJUGUM kl. 10.30. Festgudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer til Norsk Søndagsskoleforbund.
2. jun, Helgetorsdag
KVAMSØY kl. 12.00. Høgmesse på helgetorsdag ved Audun Systad. Nattverd ved
intinksjon.Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. Ta med varme klede og
gjerne mat og drikke til felles kyrkjekaffi etter gudstenesta.Båtskyss (kr.30 t/r over
16 år) frå kl.11.00.
5. jun, 6 s e på
TJUGUM kl. 11.00. Blomstergudsteneste ved Audun Systad. Utdeling av 6-årsbok.
Diplom til MINIkonfirmantar. Takkoffer til Lyngmo ungdomssenter.
12. jun, Pinsed
SÆLE kl. 11.00. Høgtidsgudsteneste ved Audun Systad. Nattverd. Takkoffer til Misjonsprosjektet i Romania (DNI).
19. jun, Treen
ST.OLAFS kl. 18.00. Kveldsgudsteneste ved Audun Systad Takkoffer til Vener av
St.Olafs kyrkje.
26. jun, 2 s e pi
STØLSBERG kl. 12.00. Friluftsgudsteneste ved Olav M. Hove. Takkoffer til det lokale
kyrkjelydsarbeidet Ta med noko å sitje på og mat og drikke til felles kyrkjekaffi
etter gudstenesta.
24. jul, 6 s e pi
TJUGUM kl. 11.00. Gudsteneste ved Audun Systad Takkoffer.
31. jul, 7 s e pi
KVAMSØY kl. 12.00. Olsokgudsteneste ved Audun Systad Takkoffer.Ta med varme
klede og mat og drikke til felles kyrkjekaffi etter gudstenesta. Båtskyss (kr.30 t/r
over 16 år) frå kl.11.00.
7. aug, 8 s e pi
NESSADALEN kl. 11.00. Friluftsgudsteneste ved Audun Systad Takkoffer. Ta med
noko å sitje på og mat og drikke til felles kyrkjekaffi etter gudstenesta.
14. aug, 9 s e pi
HOLMEN kl. 11.00. Friluftsgudsteneste ved Audun Systad Takkoffer.
Frå siste helga i mai og ut august er det gudstenester på engelsk kvar sundag i
St.Olafs kyrkje, som regel kl.10.00 og 20.30.
Oppdatert gudstenesteplan finn du alltid på heimesida: www.balestrand.kyrkja.no