Notat frå Idun Losnegård/Aldateateret om stykket

Herr Kurz og damene
Eit teaterstykke om forfattaren og kunstmålaren Karl Friedrich Kurz
Kven var herr Kurz?
Karl Fredrich Kurz, fødd i Freiburg i 1878 var ein tysk/sveitsisk forfattar og
kunstmålar som budde med familien sin i Vårdal ved Dalsfjorden i Fjaler (no
Askvoll) kommune frå 1924 til 1950.
Kurz skreiv 24 romanar og novellesamlingar, og 7 reisebøker, til saman 31
titlar, alle på tysk. På 30-talet var han ein svært populær forfattar i det tyske
språkområdet – Tyskland, Østerrike og Sveits. I 1934 fekk han både
Schillerprisen og Volksprisen. Ei bok, Herren vom Fjord (Herskap ved
fjorden), er omsett av Rolf Losnegård og Heidi Helle og utgitt på Skald Forlag
i 2002. Kurz er elles omsett til nederlandsk og tjekkisk.
Kurz budde i Norge store deler av sitt liv, og han brukte ofte det lokale norske
landskapet og bygdemiljøet i bøkene sine.
Kurz var gift med Emelina Elisa Peladoni og dei hadde dottera, Asta. Kurz
hadde også eit forhold til søstra til Emelina, Rosa Adelheid, som budde i huset
som ein del av familien. Han hadde også forhold til andre kvinner. Han reiste
frå kona saman med sekretæren sin, Eva Rusch, og inngjekk nære relasjonar til
unge kvinner på Nessjøen, Sotra der han budde til han døydde einsam i huset
sitt, eit lite småbruk på Nessjøen den 26. juni 1962. Han er gravlagd på
Holmedal kyrkjegard ved sida av Emelina og Rosa Adelheid.
Den romantiske tyske ”invasjonen”.
Det var i 2013 hundre år sidan Keiser Wilhelm fekk reist den store statuen av
Fridtjov den frøkne på Vangsnes i Sogn. I si romantiske begeistring for norsk
vikingtid, folkeliv og natur – inspirert av ”Firdtjofs saga” av Esaias Tegnér invaderte keiseren dei norske fjordane med sine skip kvart einaste år fram til
utbrotet av den første verdskrig. I hans fotefar følgde tusenvis av hans like
entusiastiske landsmenn. Karl Friedrich Kurz var ein av dei. Dette var
perioden for ”Blut und Boden”, tilbake til naturen, det opprinnelege enkle livet
i skogane og fjella med germansk stammefellesskap og blodsband. Friedrich
Nietsche gav retningen ein filosofisk overbygning – brukt og misbrukt av
nazistane som Kurz mislikte og heldt avstand til.
Herr Kurz og hans samtid
Med sine romanar frå norsk bygdeliv, er Kurz ein av dei fremste
representantane for denne romantiske perioden på det tysk språkområdet. Men
i Norge tapte han i konkurransen med Hamsun , Trygve Gulbrandsen (Og
bakom synger skogene) og fleire. Han fann ingen norsk forleggar og vart
verande ukjend her til lands. Merkeleg nok, for bøkene hans – som han som
nemnt vann fleire litterære prisar for - var svært populære i Tyskland. Ei av
dei, Im Kønigreich Mjelvik, kom ut i heile seks opplag og fekk svært gode
kritikkar.
Kurz som kunstmalar stod også i ein norsk natur-romantisk tradisjon, og vi kan
følgje livsvisjonen hans inn på det private planet. Historia om Kurz er både
historia om ein periode, og historia om ein sterk og særprega kunstnar som til
no er så godt som ukjend i eit land der han dreiv det meste av sin kunstneriske
aktivitet og levde mesteparten av sitt liv. Det er også eit interessant poeng at
mens Kurz i Norge vart rekna som ein tysk Hamsun-epigon, så vart han i det
litterære Tyskland sedd på som ein av dei store skandinaviske forfattarane.
Han ser dermed ut til å ha falle mellom to stolar, og det hjelpte ikkje at fleire
privatpersonar prøvde å marknadsføre han hos norske forlag.
Men i den tyske samtidige pressa ser han ut til å ha fått mykje god omtale. T.d.
i ”Welt und Haus”, Leipzig 4.10.1930:
”Diktaren K.F. Kurz…beviser gjennom denne nye boka , Im Kønigreich
Mjelvik, at han høyrer til dei aller fremste diktarar Skandinavia har gitt oss i
dei seinare år”
”Braunscweiger Land”, Braunschweig 2.6.1930
”Kurz er ein utmerka skildrar og ein skarp observatør som ser verda med det
skarpe auget til ein kunstmålar. Karakterskildringane hans er meisterlege og
han fortel i eit klårt og flytande språk med humoren og den skarpe ironien til
ein kunstnar som verkeleg kjenner menneskesinnet”
Herr Kurz i vårt teaterstykke
Ein viktig del av teaterprosjektet er å setje søkjelyset på ein vesentleg, men i
Norge svært lite kjent forfattar. Sceneteksten er fiksjon, bygd på den faktiske
historia om forfattaren og målaren Karl Friedrich. Kurz, hans forfattarskap, og
kvinnene rundt han. Samstundes er dette ein liten del av den større historia om
den romantiske ”invasjonen” som nemnd ovanfor. Vi syner i teaterstykket
korleis dette i Kurz sitt tilfelle kom til uttrykk i bøkene hans og gav seg utslag
i hans forhold til kvinnene rundt han.
I framsyninga får vi eit møte med Kurz sitt forfattarskap og eit spennande
nærbilde av forfattaren sitt liv og samliv med dei ulike damene som stod han
nær. Nær kan også stykket sin forfatttar seiast å vere. Rolf Losnegård budde
som barn vel eit år i Kurz sitt store hus på Elvebø i Vårdal, og han er no busett
på eigedomen. Skodespelaren Idun Losnegård som spelar m.a. Emelina, kona
til Kurz, hugsar godt den fargerike dama, ”fru Kurz”, som budde i den
ombygde fjøsen på Elvebø.
Utgangspunktet for stykket er faktiske forhold og faktiske personar og deira
liv og virke, men ut frå desse faktiske forholda er scener og replikkar oppdikta.
Kjelder:
Kurz sine bøker.
Årbøker frå hans tyske forlag.
Bergen Aftenblad, 30. juni 1936
Opplysningar frå Internett
Munntlege kjelder:
Emelina, ” fru Kurz”
Unni Ramberg (Kurz sitt barnebarn)
Personar i Vårdal, Holmedal og Nessjøen
Herr Kurz og damene er produsert av teatergruppa Aldateateret.
Manus: Rolf Losnegård
Regi og scenografi: Jeff Pedersen
Koreografi: Gareth Taylor
Medverkande: Idun Losnegård og Kyrre Eikaas Ottersen
Bildekonsulent: David Zadig
Produksjon: Aldateateret, prod.kons.: Ingrid Hansen