TONJE GLIMMERDAL studiemateriell

TONJE GLIMMERDAL
STUDIEMATERIELL
1
INNLEIING TIL
STUDIEMATERIELLET
Boka Tonje
Glimmerdal kom på
Samlaget i 2009.
VISSTE DU?
På Det Norske Teatret
snakkar skodespelarane
nynorsk med eigen
klangbotn. Dette betyr
at dei ofte kan bruke
si eiga dialekt, eller
tonefallet frå eiga dialekt.
I Tonje Glimmerdal
snakkar skodespelarane
sunnmørsdialekt, slik som
forfattar Maria Parr gjer.
2
Boka Tonje Glimmerdal av Maria Parr kom ut på Samlaget i 2009. Den blei
heidra med både Brageprisen, Teskjekjerring-prisen og kritikarprisen for beste barnebok. I 2013 hadde framsyninga Tonje Glimmerdal urpremiere på Det
Norske Teatret, dramatisert av Ivar Tindberg, som òg hadde regien. Hausten
2015 er jenta med «fart og sjølvtillit» tilbake på Hovudscenen.
Det pedagogiske materiellet i dette heftet er meint som inspirasjon til arbeid
med tema og innhald i fleire perspektiv, fag og emne. Det kan brukast til både
for- og etterarbeid. Her finn du eit innleiande essay med handlingsresymé,
tenkt som bakgrunnsinformasjon til læraren. Du finn også eit oversyn
over karakterar og skodespelarar, samt resten av det kunstnarlege laget på
framsyninga, og informasjon og bilde av scenografi. I del to finn du munnlege
og skriftlege oppgåver i faga norsk, samfunnsfag og kristendom, religion,
livssyn og etikk. Frå kvart fag er det henta relevante punkt frå læreplanane,
med oppgåver som opnar for samtale om tematikk og sjanger, og som vil
aktualisere framsyninga for elevane. Til slutt i heftet finn du to utdrag frå
manus som kan brukast i arbeidet med Tonje Glimmerdal.
Vi håpar du finn spanande og interessante inngangar til framsyninga, anten
innanfor eige fagfelt, eller sett i eit tverrfagleg perspektiv. Saman med teaterframsyninga kan dette forhåpentlegvis gjere besøket på Det Norske Teatret til
ei flott oppleving for deg og elevane dine.
Vi høyrer gjerne frå brukarar av det pedagogiske materiellet og tek
med glede i mot kommentarar, innspel og eventuelle
ønske for seinare opplegg knytt til
andre framsyningar.
Beste helsing
Erlend Tårnesvik Dreiås,
Formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret
MEDVERKANDE I
FRAMSYNINGA
Kjersti Dalseide
Tonje Glimmerdal
Bernhad Ramstad
Gunnvald
Nina Woxholtt
Heidi
Geir Kvarme
Klaus Hagen
Gard Skagestad
Pappa, Sigurd
Hilde Olausson
Sally (alt.)
Grethe Ryen
Sally (alt.)
Niklas Gundersen
Post-Finn (alt.)
Espen Reboli Bjerke
Post-Finn (alt.)
Gjertrud Jynge
Lise
Paul Åge Johannessen
Nils (alt.)
Sigve Bøe
Nils (alt.)
Ola G. Furuseth
Theo frisør (alt.)
Eivin Nilsen Salthe
Theo frisør (alt.)
Aksel Melkersen
Ole (alt.)
Ole Jansen Ulfsby
Ole (alt.)
Markus Hjorth-Johansen
Magnus Bjerke Hofgaard
Bror (alt.)
Bror (alt.)
Ei bikkje: Conan og Perro
Språk: Nynorsk med eigen klangbotn
Regissør: Ivar Tindberg
Scenograf og kostymedesignar: Unni Walstad
Komponist: Ragnhild Furebotten og Tore Bruvoll
Lysdesignar: Torkel Skjærven
Lyddesignar: Morten A. Jorsett
Dramaturg: Mari Moen
Dialektkonsulent: Maria Parr
Inspisient: Erlend Stamnes
Sufflør: Sissel Lillo-Stenberg
Musikalsk innstudering: Espen Leite
Parykkmakar og maskør: Katja Langer
Rekvisitør: Finn Kirkeby
Kostymekoordinator: Torhild Jensen
Scenemeister: Daniel Rønning
Lysmeister: Rune Aspeggen
3
MARIA PARR:
forfattar av boka Tonje Glimmerdal
KJERSTI DALSEIDE:
spelar rolla som Tonje Glimmerdal
«Eg er eldst av fire søsken, og det hende
at eg i barndommen av og til tenkte at det
måtte vere fantastisk deilig å ha alle dei
vaksne heilt for seg sjølv. Så då eg skreiv
om Tonje, så levde eg vel ut den draumen
ei kort stund. Men når eg fortalde om det
til ungar eg prata med, så gjorde dei meg
fort merksam på noko slikt i grunnen er
ein forferdeleg lagnad. Noko eg jo var heilt
dundrande einig i, når eg fekk tenkt meg
om. Takk og lov for mine tre søsken! Og
takk og lov for Ole og Bror, som etterkvart
kom inn frå sida som nokre reddande
englar i skriveprosessen for både meg og
Tonje.»
«Eg kjenner meg igjen i Glimmerdalen
og Tonje. Eg vaks opp med berre to venninner i same grenda. Skulle du finne på
noko, måtte du gjere det i naturen, ta med
bror din i skogen eller gå julebukk til
naboen på 70. Eg kjenner igjen det vesle
lokalmiljøet der du veit kven alle er. Og
den strenge campingplasseigaren finst
mange stader rundt om i landet, også i
Hallingdal. Tonje er fri, ho går inn for fullt
i det ho trur på og vik ikkje for noko. Ho
seier ting akkurat slik dei er.»
• FØDT 1981
• FRÅ VANYLVEN PÅ SUNNMØRE
• HAR SKRIVE BØKENE VAFFELHJARTE (2005) OG
TONJE GLIMMERDAL (2009)
• VAFFELHJARTE ER DRAMATISERT AV NRK (2010)
OG HAR BLITT TEATER PÅ DNS.
• BRAGEPRISEN I KATEGORIEN BESTE BARNE- OG
UNGDOMSBØKER I 2009
• TESKJEKJERRINGPRISEN I 2009
• KRITIKARPRISEN FOR BESTE BARNEBOK I 2010
• PARR HAR VUNNE EI REKKJE LITTERATUR- OG
KULTURPRISAR
• BØKENE ER SELDE TIL EI REKKJE LAND
4
EIN INTRODUKSJON TIL
FRAMSYNINGA
Tonje er det einaste barnet i Glimmerdalen. Ho er 9 år, nesten 10, og den
beste vennen hennar er Gunnvald på 74 år. Gunnvald er naboen og gudfaren
hennar. Han lagar rattkjelkar som Tonje testar ut i dei brattaste bakkene. «Fart
og sjølvtillit!» er mottoet Tonje lever etter når ho suser nedover dei snødekte fjellsidene. Tonje er eit typisk naturbarn. Faren hennar seier at han slepp
henne ut om morgonen og håpar ho kjem tilbake på kvelden. Dette er miljøet
forfattar Maria Parr skildrar i barneboka Tonje Glimmerdal, og som blir iscenesatt i framsyninga med same namn. Ei lita, idyllisk fjordbygd, omkransa av
fjell.
Forteljinga om Tonje tematiserer sorg, sakn og tilgjeving. Det er ei forteljing
om vaksne som ikkje evnar å prate saman, og om barn som tek ansvar. Men vi
finn også tema som vennskap, kjærleik og heltemot. Og det er altså ei jente
KJELKETESTAR
Tonje er ni år, nesten ti,
og lever etter mottoet
«Fart og sjølvtillit!»
på nesten ti år som er i sentrum for det heile.
Ein dag kjem det eit brev. Det er til Gunnvald, og der står det at
ungdomskjærasten, Anna Zimmermann, er død. Når gamle Gunnvald så
brekk lårhalsen, hamnar på sjukehus og trur han òg skal døy, skriv han eit
brev til dottera som han og Anna hadde saman. Ho heiter Heidi, og Gunnvald
har ikkje snakka med ho – eller om ho – på tretti år. I brevet skriv Gunnvald at
Heidi kan overta garden og gjere kva ho vil med den.
Tonje har aldri høyrt snakk om denne dottera, noko Tonje synast er
merkeleg sidan ho er besteven med Gunnvald. Heidi har stort svart hår og
svarte auge. «Ho er som ei diger Ronja Røvardattar,» seier Tonje. Dessutan
har Heidi ein stor, svart hund, og Tonje er redd for store hundar. Heidi kjem
5
til Glimmerdalen, og bestemmer seg for å selje garden til Klaus Hagen. Han
er styrar på Helsecampingen i Glimmerdalen og så sur at «ein burde tømme
han ut i vasken.» Han hatar ståk, bråk, ungar generelt og Tonje spesielt. No
skal han lage hyttetomter av garden til Gunnvald for å tene fleire pengar. For
Tonje er dette ei stor krise!
STORT OG SVART
Heidi har stort svart hår og
svarte auge. Dessutan har
ho ein stor svart hund.
Brevet rykker altså ved livet i idylliske Glimmerdalen. Først og fremst for
Gunnvald, men indirekte også for Tonje. Når vi gradvis får avslørt innhaldet
i brevet, og dei vidare konsekvensane, reiser det seg nokre spørsmål. Kvifor
har ikkje Gunnvald snakka med dottera si på 30 år? Kvifor veit ikkje Tonje at
hennar beste venn har ei dotter? Kvifor er Heidi så sur og bitter når ho kjem
tilbake til staden ho vaks opp? Tonje ser Heidi som ein vond person som vil
øydelegge det fine Tonje og Gunnvald har saman. Ho må klekke ut ein plan
for å hindre at Klaus Hagen får kjøpe garden til Gunnvald. Saman med to
bygutar (Bror og Ole), bestemmer ho seg for å kidnappe hunden til Heidi og
presse ho til å forlate Glimmerdalen for godt.
6
At barn må ta ansvar når dei vaksne sviktar i sine tradisjonelle vaksenroller,
er eit kjent motiv i forteljingar for barn. Vaksen/barn-forholdet blir sett opp
som eit kultur/natur-forhold, der barn er naturlege og spring ut frå det opphavlege, og altså ikkje er kultiverte og prega av samfunnet som dei vaksne.
I kulturmøter mellom barn og vaksen – og behandling av dette temaet – er
bodskapen anten at barn skal lære å bli vaksne, eller at både barn og vaksne
kan lære av kvarandre. Forteljinga om Tonje Glimmerdal er eit godt døme på
denne tematikken, og dei ulike formane den kan ta.
Dramaturgisk følgjer historia om Tonje Glimmerdal ei klassisk
utviklingsreise eller danningsreise. I løpet av framsyninga må
Tonje forkaste oppfatninga av korleis verda ser ut, og hente
ny innsikt. Tonje er hovudpersonen i framsyninga, men
problema som kjem i kjølvatnet av brevet, er ikkje først
og fremst hennar. Hovudkonflikten er
mellom Gunnvald og Heidi, og katalysatoren for at konflikten flamma opp
var brevet Gunnvald fekk. Men Tonje ser det som si plikt å rydde opp i situasjonen vennen hennar har hamna i. Når ho så gjer dette, viser det seg at
historia ikkje er slik ho har trudd, og ei ny konflikt oppstår mellom Tonje og
Gunnvald. I løpet av historia blir både Heidi og Gunnvald inspirert av Tonje,
og hennar direkte og iherdige forsøk på å ordne opp i situasjonen.
FAR, TONJE OG HEIDI
Heidi har flytta inn i huset
til Gunnvald.
Den store planen til Tonje er altså å kidnappe hunden til Heidi. Planen slår
feil når Tonje blir bitt, og Heidi deretter bestemmer seg for å avlive hunden.
Tonje får dårleg samvit; ho ville jo ikkje at hunden skulle døy. Med ein kvalp
ho får av frisøren i bygda (Theo), sett Tonje seg til på trappa til Heidi. Ho gir
seg ikkje før Heidi kjem ut slik at ho kan gi henne kvalpen og be om orsaking.
Sakte men sikkert får Tonje meir informasjon om konflikten mellom far og
dotter: Frå ho er fire til ho er tolv år bur Heidi aleine med Gunnvald. Da kjem
mora, Anna Zimmermann, og oppdagar at Heidi er eit talent på fiolin. Anna
tek da med seg dottera til Tyskland for at ho skal få fiolintimar der. Heilt sidan
den gong, for tretti år sidan, har Gunnvald vore bitter fordi Heidi blei med
mora. Han har nekta å møte og snakke med dottera si.
Tonje får gradvis meir innsikt i konflikten, men det viktigaste erkjenninga
kjem ho ho ikkje fram til aleine. Det er den lokale fylliken (Nils) som kjem med
den sentrale bodskapen i framsyninga; ei innsikt som rokkar ved lojaliteten
Tonje har til Gunnvald. Han fortel om den dagen Heidi blei henta av mora si,
«som om ho var ein pakke.»
NILS: Voksne gjer mykje domt, Tonje, det skolle jammen ej vete, her ej sitte og e folle en tirsdag formiddag. Med de e en vikti ting: Det e aldri barna sin feil. Det – e – aldri – barna – sin – feil.
TONJE:
Ka det e som aldri e barna sin feil?
NILS:
Alt. Alt det galne voksne gjer. Og det he an Gunnvald aldri fått inn i det tjukke haudet sitt.
7
ALDRI BARNA SIN FEIL
Nils er den lokale fylliken,
og det har han som kjem
med sanninga om Heidi.
Gunnvald har straffa dottera si ved å nekte å ha noko med henne å gjere, når
det eigentleg var mora si skuld at Heidi flytta frå han. Den nye informasjonen
gjer at Tonje må revurdere situasjonen. Det er ikkje Heidi som har gjort noko
feil i denne situasjonen. Det er Gunnvald. Tonje tek no Heidi si side i saken.
Når ho besøker Gunnvald på sjukehuset seier ho: «Viss ein e pappa, så e ein
pappa heile tida. Det går’kje an å slutte me det sjølv om det skjer domme ting.»
Dermed må Tonje gå mot bestevennen sin.
Men viktigare er det at ho innser at verda ikkje er svart/kvit, og at sorg og
sakn gjer at til og med vaksne kan gjere dumme ting. Ho kan tilgje den
angrande Gunnvald og gyve laus på sin eigentlege oppgåve: å forsøke å
bringe Gunnvald og Heidi saman igjen, og unngå at Klaus Hagen kjøper garden for å lage hyttetomter.
Når Gunnvald kjem tilbake frå sjukehuset har Heidi reist frå Glimmerdalen.
Dei har enda ikkje prata saman. Tonje tvinger Gunnvald til å ringe dottera,
men han får seg ikkje til å seie noko. På Tonje si oppmoding tek han opp fela
og spelar gjennom telefonrøyret. Musikken er hans måte å be om orsaking.
Tonje har fått Gunnvald til å ta det første vesle steget mot forsoning. Men tilsynelatande er situasjonen like innvikla som tidlegare. Heidi har reist, og den
sure campingplasseigaren Klaus Hagen skal framleis kjøpe garden til Gunnvald. Det skal imidlertid vise seg at Gunnvalds vesle gest over telefonen var
det som skulle til for å løyse heile floka.
8
Det skal vere påskekonsert i Glimmerdalen, og Glimmerdalkoret syng
«Påskemorgen slukker sorgen». Referansen til det kristne påskebodskapen om forsoning og tilgjeving er tydeleg. Gunnvald
spelar fele. Plutseleg stemmer Heidi i med fela si. Ho har
komme tilbake til Glimmerdalen. Dei to felene som kling
saman blir eit symbol på at gjenforening
mellom far og dotter er muleg.
Som om ikkje det var nok, fortell Heidi at ho ikkje skal selje garden til
Gunnvald, men tvert imot har kjøpt campingplassen til Klaus Hagen. Den
skal ho drive sjølv, og no blir det lov til å både ståke og bråke for ungar
generelt, og Tonje spesielt.
FORSONING
Gunnvald og Heidi finn
saman igjen til slutt.
Sjølv om verda kanskje var meir kompleks enn det Tonje trudde til å begynne med, var det hennar iherdige forsøk på å få far og dotter saman igjen som
skulle føre til ein lykkeleg slutt. Og den siste replikken i framsyninga er Tonje
som spør: «Ka dei skolle gjort utan mej?»
9
SCENOGRAFIEN
SCENOGRAFI
Det er Unni Walstad som
er scenograf for
framsyninga.
VISSTE DU?
Ordet «Scenografi» kjem
frå gresk. Skene var
bygninga bak orchestron,
speleplassen. Grafi er
kunsten å framstille og å
beskrive. Scenografi var
opphaveleg dekorasjon
av scenebygninga for å
forklagre handlingas tid
og stad.
10
Historia om Tonje Glimmerdal går føre seg både ute i naturen, i byen, på ferja,
på sjukehus og heime til folk. Scenografien i framsyninga er sentrert rundt
ein miniatyr av Glimmerdalen, med alle husa plassert på ei snødekt fjellside.
Dette står på ei dreieskive, og på baksida av fjellet kjem vi inn i kjøkkenet til
Gunnvald og stova til Tonje og faren hennar. Desse to romma har naturleg
storleik. Når eit helikopter kjem for å hente Gunnvald til sjukehuset, er dette
eit lite fjernstyrt helikopter. Ferga som tek bygdefolket inn til byen, er også i
miniatyr.
Vi møter folka som bor i Glimmerdalen. Dei sit i senografien, ved sida
av miniatyrhusa der dei bur. Bygdefolket fyller mellom anna rolla som eit
talekor. Dei kommenterer hendingar og utvikling i historia. Klaus
Hagen er ikkje ein del av dette talekoret, og konflikten
mellom han og Tonje er sentral i historia. Klaus Hagen
representerer eit klassisk hinder for ein
lykkeleg slutt.
VISSTE DU?
Alt på scenen er laga på
verkstada på Det Norske
Teatret. Vi har både
smie, snikkerverkstad og
målarsal på huset. Kjelken
til Tonje, til dømes, er laga
på smia.
BILETA FRÅ ØVST TIL
VENSTRE MOT HØGRE
1. Ein miniatyrmodell av
Glimmerdalen.
2. Kjøkkenet til Gunnvald
under kontruksjon.
3. Mange små hus, mellom anna kyrkja.
4. Bilde av scenen utan
fjellet. Stjerner og hus
heng frå taket.
5. Kjelken Tonje køyrer.
11
OPPGÅVER OG UTDRAG
FRÅ LÆREPLANAR
NORSK
Utdrag frå læreplan
i norsk, etter 4. og 7.
trinn.
Munnleg kommunikasjon: Hovudområdet handlar om å lytte og tale i forskjellige samanhengar. Eleven skal utvikle evna til å kommunisere med andre
og uttrykke kunnskap, tankar og idear med et variert ordforråd i ulike sjangrar.
Skriftleg kommunikasjon: Hovudområdet handlar om å lese og skrive
norsk. Eleven skal lese ulike tekstar, både for å lære og for å oppleve. Skriving
inneberer å uttrykke, bearbeide og kommunisere tankar og meingar i ulike
typar tekstar og sjangrar.
Språk, litteratur og kultur: Hovudområdet handlar om norsk språk- og
tekstkultur. Elevane skal utvikle ein sjølvstendig forståing av norsk språk og
litteratur.
Mål for opplæringa i norsk er at eleven skal kunne:
• skrive enkle forteljande, beskrivande og argumenterande tekstar (4. Trinn)
• gje uttrykk for eigne tankar og opplevingar om barnelitteratur, teater, film,
dataspill og TV-program (4. trinn)
• uttrykke og grunngje eigne standpunkter og vise respekt for andres (7.
trinn)
• eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål (7. Trinn)
• presentere eigne tolkingar av personar, handling og tema i eit variert utval
av barne- og ungdomslitteratur på bokmål og nynorsk. (7. Trinn)
• vurdere tekstar med utgangspunkt i eigne opplevingar og med forståing
for språk og innhald (7. Trinn)
≥
OPPGÅVER I NORSK, SKRIFTLEG ELLER MUNTLEG:
Ein hovudperson er den personen handlinga dreiar seg om. Ofte møter hovudpersonen hindringar på vegen mot eit mål. Dette kan både vere indre hindre
(t.d. at ein er redd) eller ytre hindringar (andre personar eller fysiske hinder).
Dette skaper handling, spenning og utvikling. Det er også ofte noko eller nokken som hjelper hovudpersonen til å nå målet, og overstige hindringane. I Tonje
Glimmerdal er det Tonje som er hovudperson.
•
•
•
•
•
•
•
•
12
Kva er problemet Tonje må løyse i framsyninga?
Kven/kva står i vegen for at Tonje skal nå målet?
Kven/kva hjelper Tonje til å nå målet?
Kva vil det seie er vere ein helt?
Synes du Tonje er ein helt?
Kan du namnet på andre heltar frå tv, film, bøker, teater?
Kva vil det seie å vere modig?
Kan du hugse ein gong du var modig?
Tonje Glimmerdal var først ei bok, som no har blitt til ei teaterframsyning. Når
ein tekst blir tilpassa eit nytt medium, seier vi at teksten blir adaptert. Sjølv om
historia er den same, er det store skilnadar på å fortelje ei historie i skrift, og
vise ei historie på ei scene. Ein seier gjerne at når vi les ei bok, så lagar vi bilda
sjølv i hovudet. Men når vi ser ei historie på teater, tv eller film, så har nokon
laga bilda for oss, med ekte menneske, scenografi, kostyme, rekvisittar, lyd og
lys. Dessutan treng ein replikkar på scenen, medan det i bok ofte er indirekte
tale.
•
•
•
•
Kva er skilnaden på å «fortelje ei historie» og «vise ei historie»?
Veit du eksempel på andre bøker som har blitt til teater eller film?
Teater og bok er to ulike typar medium. Kan du komme på andre typar
medium ein kan fortelje ei historie i?
Ta ei historie du kan (t.d. ein vits eller eit eventyr) og adapter ho til ein
teikneserie.
Ein analyse er ei undersøking der ein plukkar noko frå kvarandre og ser på
ein og ein ting. Ein analyse av ei framsyning kan vere utgangspunktet for ein
teaterkritikk. Analyser framsyninga Tonje Glimmerdal i fellesskap, eller skriv
ein kort analyse/teaterkritikk. Ta utgangspunkt i desse elementa og vurder om
du synest det var bra eller dårleg. Grunngje svara:
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Rommet
Beskriv scenografi, rekvisittar, lys.
Kva for ulike rom fungerte scenen som?
Lyd og musikk
Kva for rolle speler musikk i framsyninga?
Skodespelerane
Er det nokre roller i framsyninga du hugsar godt?
Kostyme: Kva for kostyme hadde dei ulike rollene?
Historia
Kan du gjenfortelle historia i Tonje Glimmerdal?
Kan du gjenfortelle historia på berre tre setningar?
Kva vil du seie at bodskapen i framsyninga er?
Publikum
Kven var publikum? (unge, gamle, gutar, jenter)
Korleis oppførte dei seg? (latter, gråt, alvorleg, applaus)
Oppsummering
Var Tonje Glimmerdal ei bra framsyning?
Kven vil du eventuelt anbefale den for?
Gi terningkast.
13
SAMFUNNSFAG
Utdrag frå læreplan i
samfunnsfag, etter 4.
og 7. trinn.
≥
Utforskaren: Hovudområdet handlar om korleis ein byggjer opp samfunnsfagleg forståing gjennom nysgjerrigheit, undring og skapande aktivitetar. Utforskaren omfattar òg formidling, diskusjon og utvikling av samfunnsfagleg
kunnskap og kompetanse.
Samfunnskunnskap: Hovudområdet handlar om samkjensle og motsetnader mellom menneske i eit samtidsperspektiv. Samspelet mellom kulturelle
normer og samfunnsstyring på den eine sida og individuelle handlingar og
val på den andre er sentralt i hovudområdet.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
• skape og illustrere forteljingar om menneske som lever under ulike vilkår,
og samanlikne levekår (4. Trinn)
• gje døme på korleis menneske meiner ulikt, at møte mellom ulike menneske kan vere både gjevande og konfliktfylte, og samtale om empati og
menneskeverd (4. Trinn)
• samtale om variasjonar i familieformer og om relasjonar og oppgåver i
familien. (4. Trinn)
• gje døme på rettar barn har, og ulike forventningar jenter og gutar møter i
kvardagen, og samtale om korleis forventningane kan opplevast. (4. trinn)
• gje døme på ulike kulturelle symbol og gjere greie for kva vi meiner med
omgrepa identitet og kultur (7. Trinn)
OPPGÅVER I SAMFUNNSFAG
Tonje veks opp som einaste barnet i Glimmerdalen, ho bur med far sin, og bestevenen hennar er Gunnvald på 74 år. Men det er mykje Gunnvald ikkje har
fortalt til Tonje, mellom anna at han har ei vaksen dotter. Når Heidi kjem til
bygda, er det for å selje garden til Gunnvald. Ho har ikkje snakka med far sin
på 30 år. Tonje oppfattar Heidi som ein vond person som vil øydelegge det fine
Tonje og Gunnvald har saman.
•
•
•
•
•
•
Kva trur du er skilnaden på å vekse opp i byen og på landsbygda?
Kva kan vere grunnen til at ein har hemmelegheiter for sin beste ven?
Kvifor har ikkje Gunnvald fortalt Tonje at han har ei dotter?
Kvifor trur du Heidi vil selje garden til Gunnvald?
Meiner du at Heidi er ein vond person, eller er det ein annan grunn til at
ho oppfører seg som ho gjer?
Kva kan ein gjere når det er to personer som ikkje snakkar saman?
Det er ei jente som spelar hovudrolla i Tonje Glimmerdal. Forfattar Maria Parr
har fortalt at Tonje heitte Tore i starten. Men så kom ho over ein masteroppgåve som tok for seg mangelen på arvtakarar etter figurar som Nancy Drew og
Pippi Langstrømpe. Frå da av var det eit bevisst val at Tonje Glimmerdal blei
ei jente.
•
14
•
Trur du historia om ville vore annleis om det handla
om Tore Glimmerdal?
Kva ord vil du bruke for å beskrive
•
•
Tonje Glimmerdal?
Er det ulike forventningar til gutar og jenter, eller kan alle gjere som dei
sjølv vil?
Tenk på ei historie (frå tv, film, bok). Om hovudpersonen var eit anna
kjøn, korleis ville det prega historia?
VANSKELEG SAMTALE
Gunnvald ringer til
dotter si, men får ikkje til
å seie noko.
Filosofi og etikk: Hovudområdet omfattar filosofisk tenkemåte og
etisk refleksjon. Området omfattar også haldningar og aktuelle etiske
problemstillingar i barn- og unges liv, i lokalsamfunnet og i den globale verda.
Mål for opplæring er at eleven skal kunne:
• uttrykke tankar om livet, tap og sorg, godt og vondt og gi respons på
andres tankar (4. Trinn)
• føre ein enkel dialog om samvit, etiske levereglar og verdiar (4. Trinn)
• samtale om filosofi, religion og livssyn som grunnlag for etisk tenking og
kunne drøfte nokre moralske førebilde frå fortid og notid (7. Trinn)
ARBEIDSOPPGÅVER I RELIGION, LIVSSYN OG ETIKK
RELIGION,
LIVSSYN
OG ETIKK
Utdrag frå læreplan
i religion, livssyn og
etikk, etter 4. og 7.
trinn.
≤
Les utdrag 1 frå manus. Gunnvald ligg på sjukehuset, og Tonje seier til han:
«Gråt er ikkje farleg, sa mamma ein gong. Når folk græt, renn litt av det vonde
ut, så det blir mindre vondt.»
•
•
•
Kva trur du Gunnvald er lei seg for her?
Er du einig i påstanden om at det kan vere godt å gråte?
Kva kan vi gjere for folk som gret?
15
Tonje er lenge sur på Heidi, fordi ho kjem for å selje garden til Gunnvald. Men
så snakkar Tonje med Nils, og han seier til ho at det som skjer aldri er barna
sin skyld.
•
Kva betyr det at det aldri er barna si skyld?
Les utdrag 2 frå manus. Der seier Tonje til Gunnvald: «Viss ein e pappa, så e ein
pappa heile tida! Det går’kje an å slutte med det sjøl om det skjer domme ting.»
•
•
•
Kvifor trur du Gunnvald har prøvd å gløyme Heidi?
Kva meiner Tonje med at ein ikkje kan slutte med å vere pappa?
Trur du det kan vere vanskeleg å vere vaksen av og til?
I slutten av framsyninga har Glimmerdalkoret påskekonsert i kyrkja. Der syng
dei den kjente salmen «Påskemorgen slukker sorgen». Denne salmen tek for seg
det kristne påskebodskapen. Syng gjerne songen i klassen (sjå vedlegg 3) og
snakk om innhaldet i salmen.
•
•
•
•
•
•
16
Kva handlar påskebodskapen om?
Kva betyr ord som «forsoning» og «tilgjeving»?
Kva for relevans har tema som sorg og forsoning med historia om Tonje
Glimmerdal?
Kven er det som skal tilgje i historia om Tonje Glimmerdal?
Er det vanskeleg å tilgje nokon når dei har gjort noko
feil mot deg?
Har du nokon gong måtte be om tilgjeving
frå nokon?
UTDRAG FRÅ MANUS
SCENE 1. PÅ SKJUKEHUSET HOS GUNNVALD
(TONJE masjerer inn på rommet til GUNNVALD som ligg i sjukesenga)
TONJE:
Jasså, du e i live? Du he ei datter, du. Og hinne he du gitt garden din til. Og
den he ho tenkt å selle te na Klaus Hagen. Og o he en hond som ete slike so
mej te frokost, os…
GUNNVALD
He o…
TONJE
Hæ?
GUNNVALD (kviskrar)
He o komt?
TONJE
Ja.
(GUNNVALD gjømmer ansiktet i nevane og græt. TONJE veit ikkje kva ho
skal gjere. Ho stryk han over håret)
TONJE
Gråt er ikkje farleg, sa mamma ein gong. Når folk græt, renn litt av det vonde
ut, så det blir mindre vondt. Vil du at ej ska ta ne med mej hit?
GUNNVALD
Nei!
TONJE
Du er faren na.
GUNNVALD
Faren na? Når det passa sej, ja. O Heidi reiste sin vei, Tonje! Den einaste
grunnen til at o he komt ’igjen no, e at ej skreiv at ej skolle døy, så ho kan få
garden. Og selle den. (Pause) Selle garden. (GUNNVALD knip att auga)
TONJE (roper)
Koffor du måtte sende brev til dinna dritdøtra di! Vi hadde
det fint i Glimmderdalen, vi, Gunnvald. Du konne sagt til
mej at o fanst i det minste!
17
GUNNVALD
Tonje?
TONJE
Ja.
GUNNVALD
Korleis ser ho ut?
TONJE
Ken da, ho Heidi? Ho ser ikkje ut i måneskin. Ho liknar deg på ein prikk.
SJUKEBESØK
Tonje besøker Gunnvald
på sjukehuset.
SCENE 2. PÅ SJUKEHUSET HOS GUNNVALD
GUNNVALD
Jaudå, so det går no beire.
PAPPA
Ogso kor fine og nyklipte då, gitt.
GUNNVALD
Ja, fysj og fy.
GUNNVALD
Tonje?
(TONJE ser i golvet)
18
GUNNVALD
Tonje, ka ej ska gje uten dej?
(TONJE kaster seg rundt halsen på GUNNVALD)
TONJE (hulkar)
Du e den største tosken ej kjenne!
PAPPA
No går ej og kjøpe wienerbrød.
(PAPPA går ut. TONJE set seg på ein stol ved siden av GUNNVALD)
TONJE
Koffor ikkje du ringde te ne Heidi?
GUNNVALD
Ho reiste frå mej, Tonje!
TONJE
O Heidi he lengta heim’gjen heile livet, ho. Det va du som ikkje ville ha ne
tebake.
GUNNVALD
Jau, de ville ej!
TONJE (ropar)
Koffor ikkje du ringde og sa det då?
GUNNVALD
Du veit’kje koss det va, du Tonje. Ej he brokt alle disse åra på å prøve å gløyme at o fanst, for det va for vondt å tenkje på henne.
TONJE
De e’kje lov å tenke slik! Viss ein e pappa, så e ein pappa heile tida! Det
går’kje an å slutte med det sjøl om det skjer domme ting.
(GUNNVALD ser ein annan veg. Då han snur seg mot TONJE igjen, har han
tårer i auga.)
TONJE (stryk GUNNVALD over kinnet)
Dei barbera dej bra fint her. Du ser nesten normal ut.
GUNNVALD
Åh, himmelen! Den so va i Glimmerdalen og slapp å
barbere seg,
19
TONJE
Lat igjen auene.
(GUNNVALD let att auga)
TONJE
I Glimmerdalen he det komt farge på knoppane, og granene laga godlokt.
Den beste lokta. Og fjella, dei kler ta sej litt snøv kvar dag. O Sally snakka om
krokusane sine, så en kan verte tollete i haude. Og seintrappa di må du kome
heim’gjen og sitte på snart. Ho e sopass solvarme midt på dagen at ein kan
sitte der uten verte kalde i baken. Ja, og veiane e heilt snøfrie. Og elva… Elva
buldra. Du veit, sant?
GUNNVALD (sukkar med attlatne auge)
Tonje, kan du ta med dej felå mi, neste gong du kjeme? Viss et ikkje verte for
lenge til, då.
TONJE (gir han handa)
Det vert ikkje lenge til.
(GUNNVALD knip handa hennar. Det noko han skal spørje om. TONJE
ventar. Ingenting kjem)
TONJE
Ka det e, din gnaur?
GUNNVALD
E det sant at o Heidi he lengta heim’gjen?
TONJE
Ja. Ho he lengta kvar dag, Gunnvald. Så o he hatt vondt i magen.
20
PÅSKEMORGEN
SLUKKER SORGEN
KORSANG
Glimmerdalkoret syng
salmen ”Påskemorgen
slukker sorgen.
Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid;
den har oss givet lyset og livet,
lyset og livet i dagning blid.
Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid.
Redningsmannen er oppstanden,
er oppstanden i morgengry!
Helvede greder, himlen seg gleder,
himlen seg gleder med lovsang ny.
Redningsmannen er oppstanden,
er oppstanden i morgengry!
VISSTE DU?
Teksten til salmen Påskemorgen slukker sorgen blei
skriven av Nikolai Frederik
Severing Grundtvig i 1843.
Han var ein dansk prest.
Melodien kom i 1864, og
blei laga av nordmannen
Ludvig Mathias Lindeman.
Tekst: N.F.S Grundtvig
Melodi: Ludvig M. Lindeman
21
FOTO
Bilda frå framsyninga Tonje Glimmerdal er frå 2013, og det ikkje dei same
skodespelerane som spelar. Eit oversyn over skodespelarar i framsyninga i
2015 finn du på side 3.
Alle bilda frå framsyninga er teken av Erik Aavatsmark
Bildet av Maria Parr (side 4) er teken av Siri Juell Rasmussen
Bildet av Kjersti Dalseide (side 4) er teken av Siren Høyland Sæter
TA KONTAKT
Har du spørsmål, innspel eller tankar om studiemateriellet, eller ønskjer for
framtidige skoleopplegg? Ta gjerne kontakt!
Erlend Tårnesvik Dreiås
[email protected]
telefon: 22473872
Les meir om repertoaret: www.detnorsketeatret.no
Les meir om skoletilbodet: www.detnorsketeatret.no/skoleaktivitetar
22