Kome i gang - Braplan.pdf

Kome i gang - braPLAN
Reguleringsplanane i Vaksdal kommune er no tilgjengelege i det digitale planarkivet
braPLAN. Her fylgjer ei rask innføring i korleis ein søkjer fram planar i dette systemet.
Gå til http://braplan.geoweb.no/braplan.
Du får då fram startsida til braPLAN på skjermen:
Gå inn på aktuell kommune, og vel «Enkelt søk» eller «Avansert søk». Du kan søkje på m.a.
plannamn (treng ikkje skrive inn fullstendig plannamn, det er nok med eit ord, ein bokstav
eller liknande), planID (t.d. 2001002), planstatus, dato eller stadnamn.
For planar handsama etter ny plan- og bygningslov (oppstart etter 1. juli 2010) viser dei 4
fyrste siffera i planID kva år planarbeidet starta opp. For eldre planar startar planID med
årstal for planvedtak.
Ein kan søkje fram alle planar i planregisteret ved å ta eit blankt søk. Hugs då å velje «Vis alle
treff». Planar under arbeid er vist med svart tekst, vedtekne og gjeldande planar med grøn
tekst og avviste/ utgåtte planar med raud tekst.
For å gå inn på den einskilde planen trykkjer ein på den aktuelle planen i lista til høgre.
Eit nytt vindauge opnar seg opp:
Under ”Sakshistorikk” finn ein alle hovuddatoar knytt til planen, og under ”Dokumenter” finn
ein arealplankart, føresegner, planvedtak m.m.