Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016

Regional planstrategi for
Hordaland 2012 – 2016
Framsidefoto: Geir Brekke, Statens vegvesen
Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016 | 3
Forord
Hordaland er inne i ei sterk utvikling som både gir utfordringar og dannar grunnlag for nye moglegheiter.
I Hordaland har vi ein ambisjon om å skape og leggje til rette for vekst, og å handtere konsekvensar og kanalisere
ringverknader på ein god måte.
Regional planstrategi skildrar utviklingstrekk, utviklingsmogelegheiter og utfordringar for fylket. Med dette som bakteppet
vert dei regionale planoppgåvene peika ut for perioden. Planstrategien er ikkje ein plan, men ein strategi for kva planar som
skal utarbeidast og eit verktøy for å sikre koordinering og prioritering av den regionale planlegginga. Fylkeskommunen har
plikt til å utarbeide regional planstrategi ein gong i kvar valperiode, seinast eitt år etter nytt fylkesting er konstituert.
Arbeidet med regional planstrategi 2012-2016 tok til då Fylkestinget vedtok oppstart i desember 2011. Det vart lagt opp
til ein brei prosess med fleire høve til å komme med innspel. Prosessen har vore styrt av ei politisk styringsgruppe leia av
fylkesordføraren og med representantar for kommunane, fylkesmannen og ein representant frå opposisjonen i fylkestinget.
Også den administrative arbeidsgruppa, leia av regionaldirektøren, har hatt representantar frå kommunane og fylkesmannen. Strategien har vore drøfta i sentrale regionale alliansar, fora og råd. Strategien vart send ut på høyring i august
2012, med frist 15. oktober. Regional planstrategi vart endeleg vedteke av Fylkestinget 12. desember 2012.
Hordaland fylkeskommunen vil rette ein stor takk til alle som har medverka i arbeidet med regional planstrategi både i
styringsgruppa, arbeidsgruppa, alle forum og nettverk som har diskutert og komme med innspel og til alle som sende inn
innspel på høyringsutkastet.
Tom-Christer Nilsen
Fylkesordførar
4 | Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016
Innhald
Forord................................................................................................................................................. 3
Innleiing............................................................................................................................................. 5
Plan- og bygningslova...................................................................................................................................................................................... 5
Nasjonale forventingar.................................................................................................................................................................................... 5
Utviklingstrekk.................................................................................................................................. 6
Dei viktigaste utfordringane for Hordaland i perioden 2012 – 2016........................................... 7
Skape vekst......................................................................................................................................................................................................... 7
Handtere veksten.............................................................................................................................................................................................. 7
Klima.................................................................................................................................................................................................................... 7
Kompetanse og arbeidskraft.......................................................................................................................................................................... 7
Kystsona og marine næringar....................................................................................................................................................................... 7
Utviklingsretning for Hordaland..................................................................................................... 8
Nye regionale planbehov ................................................................................................................ 9
Kompetanse og arbeidskraft.......................................................................................................................................................................... 9
Plan for landskap, grønstruktur og ............................................................................................................................................................. 9
friluftsområde i Hordaland............................................................................................................................................................................. 9
Regional plan for ferjefri E39 Aksdal-Bergen.........................................................................................................................................10
Klimaplan for Hordaland – Rullering.........................................................................................................................................................10
Utviklingsplan for indre delar av Hordaland...........................................................................................................................................10
Plan for kystsona.............................................................................................................................................................................................10
Plansystemet .................................................................................................................................. 12
Samanheng mellom planar.......................................................................................................................................................................... 12
Igangverande planoppgåver og utfasing av eksisterande planar..................................................................................................... 12
Oversikt over eksisterande planar.............................................................................................................................................................. 13
Planstrategiprosessen................................................................................................................... 14
Milepælar...........................................................................................................................................................................................................14
Styringsgruppa.................................................................................................................................................................................................14
Arbeidsgruppa .................................................................................................................................................................................................14
Sekretariat.........................................................................................................................................................................................................14
Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016 | 5
Innleiing
Fylkestinget i Hordaland vedtok 13. desember 2011 oppstart
av arbeid med Regional planstrategi for Hordaland 20122016. Ein regional planstrategi skal utarbeidast for kvar valperiode og verte vedteke av fylkestinget innan eitt år etter
konstituering.
heilskap ved at sektorar, oppgåver og interesser i eit område
vert sett i samanheng.
Arbeidet med planstrategien har vore styrt av ei politisk
styringsgruppe leia av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.
I gruppa sit representantar for kommunane, utpeika av regionråda, og sentrale fylkespolitikare, samt Fylkesmannen. I
tillegg er det etablert ei administrativ arbeidsgruppe leia av
regionaldirektør Jan Per Styve, også den med representantar for kommunane og fylkesmannen.
Planlova slår fast at staten skal levere eit innspel til
planstrategiarbeidet i form av Nasjonale forventninger til
regional og kommunal planlegging - § 6-1.
Det har vore lagt opp til ein brei prosess med fleire høve til å
komme med innspel til arbeidet. Både kommunar og fylke er
pålagt å lage planstrategiar i løpet av inneverande år. Sidan
desse prosessane har vore i same tidsperiode har det vore
mogleg å skape samarbeidsarenaer.
Plan- og bygningslova
Kva ein regional planstrategi skal vere er heimla i Plan- og
bygningslova § 7-1. Regional planstrategi:
”Planstrategien skal redegjøre for viktige regionale
utviklingstrekk og utfordringer, vurdere langsiktige
utviklingsmuligheter og ta stilling til hvilke spørsmål som
skal tas opp gjennom videre regional planlegging.”
Plan- og bygningslova § 7-1.
Planlegging etter Plan- og bygningslova skal fremje berekraftig utvikling til beste for den einskilde, samfunnet og
framtidige generasjonar. Omgrepet berekraftig utvikling
handlar om balansen mellom økonomisk og sosial utvikling
og ivaretaking av miljøomsyn.
Planar skal setje mål for den fysiske, miljømessige, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga i kommunar og regionar. Dei skal avklare samfunnsmessige behov og oppgåver
og vise korleis desse kan løysast. Planlegginga skal fremje
Nasjonale forventingar
”For å fremme en bærekraftig utvikling skal Kongen hvert
fjerde år utarbeide et dokument med nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging. Dette skal
følges opp i planleggingen etter denne lov og legges til
grunn for statens deltaking.”
Plan- og bygningslova § 6-1.
Forventingane er avgrensa til planlegging etter plan- og bygningslova og fokuserar i denne perioden på følgjande tema:
Klima og energi
By og tettstadutvikling
Samferdsel og infrastruktur
Verdiskaping og næringsutvikling
Natur, kulturmiljø og landskap
Helse, livskvalitet og oppvekstmiljø
Forventingane peiker på oppgåver og interesser som regjeringa meiner det er viktig at fylkeskommunane og kommunane fokuserar på i komande periode for å medverka til
gjennomføring av gjeldande nasjonal politikk. Dei nasjonale
forventingane er det sentrale overordna dokumentet i arbeidet med planstrategien og har vore eit viktig innspel i arbeidet med utfordringar og planbehov.
Mange av momenta som er lista opp i dei nasjonale forventingane er handsama i nyleg vedtekne regionale planar, eller dei vil verte handsama i pågåande planarbeid. Konkrete
tema for regional planlegging som vert fremma i dei nasjonale forventingane, og som ikkje vert svara på av vedtekne
planar eller igangverande planprosessar, er hovudsakleg
knytt til klima og energi, grønstruktur og kystsone. Planstrategien inneheld forslag til nye planprosessar som vil omhandle desse tema.
6 | Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016
Utviklingstrekk
Hordaland har hatt ei sterk utvikling. Fylket har gode levekår, høg velferd og jamt over ei god helsetilstand i befolkninga. Vi har høg sysselsetting og høg aktivitet i næringslivet. Hordaland har store naturkvalitetar og sentrale kulturelle institusjonar og stort kulturelt mangfald.
Det vedlagte grunnlagsdokument om utviklingstrekk, utfordringar og moglegheiter set fokus på utviklinga i fylket.
Hovudmomenta er gjengjeve under. Målet har vore å få fram
dei mest sentrale utfordringane og moglegheitene vi står
framføre i Hordaland i dag. Det regionale perspektivet har
vore førande for arbeidet, men er justert ut i frå kommunane
sitt perspektiv. Ofte ser vi at utviklinga er ulik i ulike delar av
fylket, men dei store, generelle tendensane er:
Befolkningsstrukturen endrar seg i retning av fleire
eldre og fleire med innvandrarbakgrunn
Ei asymmetrisk utvikling med kraftig vekst mot sentra
og langsetter kysten, særleg i Bergensområdet, medan
andre område berre opplever svak vekst eller stagnasjon.
Auka utdanningsnivå i befolkninga
Befolkninga vert stadig mindre fysisk aktive
Det er høgt fråfall i vidaregåande utdanning og for
mange unge uføretrygda
Ulikskapar blant distriktsområda kan auke, avhengig av
kor godt dei vert integrert i robuste regionar
Trafikkveksten fortset, mest med bil og fly
Bu- og arbeidsregionar vert utvida hovudsakleg grunna
betra kommunikasjonar
Aukande utfordringar knytt til klimautslepp, noko som
merkast tydeleg med omsyn til klimatilpassing og
beredskap.
Urørt natur forsvinn og artar og naturtypar truast av
utbygging
Aukande fritidsforbruk og fokus på stadkvalitetar
Strandsona er under press og mykje dyrka mark vert
framleis omdisponert
50
45
40
35
30
25
20
15
100000
400000
90000
350000
80000
300000
70000
10
5
0
n
rge
Be
nd
ala
rd
Ho
250000
60000
ss
Vo
O
n
er
de
ng
rda
a
H
jor
rf
ste
Utdanningsnivå
50000
200000
Kompetansearbeidsplassar
Etableringsindeks
40000
150000
30000
100000
20000
Framtidsnæringar
st
Ve
n
Su
d
n
rde rdlan
fjo
o
h
rd
No
d
an
rdl
o
nh
Bj
e
ørn
Noreg Utdanningsnivå
Noreg Kompetansearbeidsplassar
Noreg Etableringsindeks
Noreg Framtidsnæringar
Kvart år vert det skapt ca. 10 – 15 prosent nye arbeidsplassar, og nesten
like mange forsvinn. Dei nye jobbane er gjennomgåande meir kunnskapsori-
50000
10000
enterte enn dei som forsvinn. Tradisjonelle arbeidsintensive industribedrifter nedbemannast, medan nye arbeidsplassar som kjem til føreset høgare
0
2011 2012 2013 2014 2015 2020 2025 2030 2035 2040
Sunnhordland
Vest
Hardanger
Voss
Nordhordland
Osterfjorden
0
Bjørnefjorden
utdanning. Det har vore vekst i talet på kompetansearbeidsplassar i alle
regionar i Hordaland. Totalt har talet på kompetansearbeidsplassar auka
med meir enn 50 % frå 1999 til 2009. Utdanningsnivå og tal på kompetansearbeidsplassar er noko høgare en det nasjonale gjennomsnittet. For kjelder og nærare forklaring av figuren sjå vedlagte dokument Utfordringar for
Befolkningsutviklinga er eit viktig grunnlag for planlegging. Folketalet er
Hordaland 2012- 2016.
forventa å auke sterkt dei neste 50 åra. Den positive utviklinga gir store
moglegheiter for fylket. Samstundes ser vi at veksten ikkje er lik, den er
sterkast langs kysten og rundt Bergen. Sentraliseringstendensane forsterkar asymmetrien i fylket. Middels nasjonal vekst SSB 2011. (Linja for Bergen
refererar til verdiane på høgre akse.)
Eit næringsliv som leggjast om frå tradisjonell industri
til meir kompetansekrevjande næringsstruktur og
sysselsetting
Stor trong for kompetanse og høg etterspurnad etter
arbeidskraft både i næringsliv og offentleg sektor
Framleis rask teknologisk utvikling, særlig innan
kommunikasjonsteknologi
Aukande globalisering, blant anna i form av auka inter nasjonal handel, samarbeid og oppdeling av verdikjeder
Utviklingstrekka peiker i retning av nokre sentrale endringsprosessar og dilemma. Prognosane tyder på ein sterk vekst
for fylket som heilskap, men med auka skilje mellom ytre
og indre strok. På miljømessige berekraftsvariablar som
jordvern og klima er ikkje utviklinga så god som den burde vore. Klimatilpassing har vorte meir påtrengande etter
auke i talet på beredskapshendingar. Veksten som er spådd i
Bergensområdet, med tilhøyrande areal og transportbehov,
vil vanskeleg kunne vere berekraftig utan god styring. Folkeveksten endrar også strukturen i befolkninga. Fleire eldre og
relativt færre yrkesaktive vil sette sitt preg på samfunnet.
Også næringsstrukturen er i endring. Veksten kjem i kompetansekrevjande og arbeidsintensive verksemder. Dette favoriserar sentrale område og stiller store krav til tilgang på
kompetanse og arbeidskraft.
Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016 | 7
Dei viktigaste utfordringane for
Hordaland i perioden 2012 – 2016
I den sterke utviklinga Hordaland er inne i, går det føre seg
ein rekkje transformasjonsprosessar som vil få konsekvensar for fylket framover og som gir nokre sentrale utfordringar å hanskast med:
Skape vekst
Det er ein ambisjon å skape og leggje til rette for vekst i fylket. I Bergensområdet er det å leggje til rette som er det
viktigaste, medan det er dels utfordrande å oppretthalde
busetnad og attraktivitet i distrikta, særleg i indre strok, der
det er lenger avstand til større regionale sentra. For å styrkje attraktiviteten må kommunikasjonane utviklast. Endringar i næringsstruktur favoriserar kompetansearbeidsplassar,
medan tradisjonelle arbeidsplassar i industri og landbruk
vert redusert. Endringane i næringsstruktur gjer det viktig å
byggje opp under dei regionale sentra slik at dei skal kunne
trekkje til seg folk og kompetansearbeidsplassar. Det er i
så fall eit spørsmål om kva sentre ein bør satse på, og om
Hordaland er klar for å styre satsinga mot sentra.
Handtere veksten
Vi må handtere veksten der denne er sterkast. Veksten er
positiv, men han kan òg gi negative utslag dersom han ikkje vert tilrettelagt for. Arealdisponeringa må vurderast i eit
fordelings- og rekkjefølgje perspektiv. Sentra rundt Bergen
står under press for å endre seg mot sjølvstendige småbyar
med eit meir utbant preg. Ikkje minst på grunnlag av klimaog miljøutfordringane, er det grunn til å stille spørsmål om
det er grunnlag for vekst over heile fylket. Dersom Hordaland skal vekse på ein berekraftig måte må veksten styrast,
og ein må vurdere korleis og på kva område dette best kan
handterast.
Klima
Klimautfordringa er kanskje den aller største utfordringa
for vårt levesett. Å følgje opp Klimaplan for Hordaland og å
byggje opp rundt måla i denne gjennom samfunnsutviklingsarbeidet er naudsynt. Klimaendringane og meir ekstremver
set større krav til beredskap og trygging av infrastruktur. Klimatilpassing og beredskap er ei problemstilling som gjeld
både arealforvalting, transportsystem, annan infrastruktur,
landbruk og andre næringar, samt folkehelse. Å ta vare på
intensjonane i Klimaplanen vil krevje ei brei forankring i den
samla samfunnsutviklinga og vi må integrere klimautfordringane best mogleg i det samla samfunnsutviklingsarbeidet.
Kompetanse og arbeidskraft
Tilgang på arbeidskraft og kompetanse er ei hovudutfordring
for Hordaland i dag. Utfordringa gjer seg gjeldande i dei delane av fylket som veks sterkt, men òg i dei delane som slit
med å skape vekst. For å betre tilgang på kvalifisert arbeidskraft må ein sjå på dimensjonering og utforming av utdanningsinstitusjonane sitt tilbod. Vidare vil Hordaland vere
avhengig av innvandring for å møte behovet for kompetanse
og arbeidskraft. Betre integrering og språkopplæring er viktig for å fullt ut kunne nytte deira kompetanse. Det er også
ein betydeleg del av befolkninga som fell utanfor samfunnsog arbeidsliv. Det er naudsynt å arbeide for å hindre utstøyting frå utdanning og arbeidsliv og overgang til uføretrygd.
Kystsona og marine næringar
Hordaland har ein spreidd næringsstruktur med omfattande
produksjon og eksport av fisk og marine produkt. Desse næringane er basert på verksemd som har trong for areal og
transport i grensa mellom hav og land. Det er ei utfordring å
sikre tilgang på gode næringsareal med nærleik til veg eller
hamn, spesielt syner dette seg vanskeleg for havbruksnæringa. Det er press på desse areala langs kysten og i strandsona. Gode planar for lokalisering må sjå over kommunegrensene. I Sunnhordland er det i gang planprosjekt som ser
på strand- og kystsoneproblematikk. Når dette arbeidet er
sluttført, vil det vere naudsynt å vurdere om det er trong for
å gripe fatt i desse utfordringane også elles i fylket.
8 | Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016
Utviklingsretning for Hordaland
Planlegging i Hordaland skal vere berekraftig, og balansere
økonomisk og sosial utvikling med ivaretaking av miljøomsyn. Den skal bidra til eit best mogleg samfunn som ramme
for livsutfalding, og med omtanke for framtidige generasjonar. Prinsippet om omsynet til folkehelsa skal vere synleg
i alle planar.
Hordaland har mange føremoner og har ein leiande posisjon innan olje, gass, maritim- og marin sektor. Hordaland
satsar sterkt på vidare forvalting av desse ressursane som
er av stor nasjonal og internasjonal verdi. Fylket har solide
næringsklyngjer og leiande kompetansemiljø på desse områda. Vidare satsing inkluderar forsking og innovasjon med
sikte på å vere omstillingsdyktig og førebudd på nedtrapping
i petroleumssektoren på sikt.
Veksten i fylket gir auka attraktivitet og gode vilkår for kultur- og næringsliv. Det er eit mål å skape vekst i heile fylket. Eit sterk Bergensområde er naudsynt for heile regionen
sin konkurransekraft. Vilkåra for vekst er ulike og ein må ha
særleg merksemd på å skape vekst i dei områda som ikkje tek del i den sterke veksten i Bergensområdet og langs
kysten. For å betre føresetnadene for konkurransekraft og
attraktivitet må kommunikasjonane som bitt landsdelen saman betrast – med spesielt vekt på ferjefri kyststamveg og
Bergensbanen.
Det må satsast på sterke regionale sentra for å skape gode
og heilskaplege tilbod, og for å gi grunnlag nye arbeidsplassar. Kulturtilbod, stadutforming og tilgang på rekreasjonsmoglegheiter må styrkast for å sikre livskvalitet og bulyst.
Ein må satse spesielt på regionsentra for å auke etablering
av kompetansearbeidsplassar i distriktet.
Veksten i fylket skal vere berekraftig. Ein må leggje til rette
for tilstrekkeleg og egna utbyggingsareal. Ein skal leggje
opp til utbyggingsmønster, transportsystem og ei utbyggingsrekkjefølgje som gir minst moglege negative effektar
på klima, miljø og biologisk mangfald. Rolla til sentra rundt
Bergen skal styrkjast for å avlaste transportbehovet. Kollektivtilbod skal byggjast ut for å ta av for vekst i biltrafikk. Det
er eit mål å skape velfungerande lokalsamfunn som gir god
helse og gode moglegheiter for livsutfalding.
Utslepp av klimagassar skal reduserast og energibruken
gjerast berekraftig gjennom effektivisering og bruk av ny
fornybar energi i tråd med Klimaplan for Hordaland.
Risiko og sårbarheit skal reduserast og Hordaland skal vere
best mogleg budd på effektar av klimaendringar.
Tilgang på kompetanse og arbeidskraft skal betrast og
gjerast meir robust og dynamisk. Utdanningssystemet og
kompetanseinstitusjonane må utviklast i takt med utvikling i
samfunns- og næringsliv for å sikre samsvar mellom tilgang
på kompetanse og arbeidsmarknad. Utdanninga må byggje
opp under næringslivet og det offentlige sine behov.
Utdanning og arbeid er grunnleggande føresetnader for eit
godt liv og god helse. Ein må arbeide systematisk for at
færre unge vert støytt ut frå utdanning og arbeidsliv. Det er
eit mål om fleire leveår med god helse, og reduksjon av sosiale helseforskjellar.
Verdiane i hordalandslandskapet skal takast vare på og forvaltast på ein berekraftig måte. Nedbygging av landbruksgjord skal reduserast. Ein må sikre god tilgang til grønt- og
friluftsområde og ta vare på naturmangfaldet. Tilgang på
grøne areal til leik, rekreasjon og idrett i nærområdet er
spesielt viktig. Den materielle kulturhistoria er ein kjelde til
opplevingar og kunnskap og må sikrast.
Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016 | 9
Nye regionale planbehov
Med bakgrunn i den breie prosessen med gjennomgang av
utviklingstrekk, utfordringar og moglegheiter, møte med
kommunar og andre aktørar, samt innspel i forventingsbrevet, er det gjort ei samla vurdering av behov for regional
planlegging i kommande periode.
Fylkesplan for Hordaland 2004-2008 blir etter kvart fasa
ut. Fylkesplanen sine mål og strategiar blir vidareført i regionale planar. Dette har gjort at plansystemet er under
endring. Fleire planar blir fasa ut, og nye regionale planar
erstattar dels tidlegare fylkesplanar og dels Fylkesplan for
Hordaland. Dette førte til at ved førre planstrategi ”Hordaland skapar verdiar – Regional planstrategi 2010-2012”, vart
det starta opp 8 nye regionale planarbeid, i tillegg til prosessar som på det tidspunktet allereie var starta opp.
Av di det er mange planprosessar som er i gang, har fleire
instansar oppfordra til ikkje å setje i gang for mange nye
planprosessar.
Vi skal no sette ned forslag til regionale planoppgåver for
perioden fram til neste planstrategi i 2016.
Arbeid med følgjande plantema vert
føreslått starta opp i perioden:
Kompetanse og arbeidskraft
Landskap, grønstruktur, og regionalt viktige
friluftsområde
Regional plan for ferjefri E39 Aksdal-Bergen
Utviklingsplan for indre Hordaland
Klimaplanen - skal del-rullerast med hovudvekt
på energi og klimatilpassing
Kystsoneplanen - skal vurderast behov for rullering
når Sunnhordlandsplanen er ferdig
Kompetanse og arbeidskraft
Tilgang på rett kompetanse og tilstrekkelig arbeidskraft er
ei hovudutfordring for Hordaland. Både i dei delane av fylket
som veks kraftig og i dei delane som kjempar mot stagnasjon er dette ein viktig tematikk. Utdanningssystem og arbeidsmarknad må sjåast i samanheng for å sikre eit robust
fundament for vidare utvikling.
land. Avgrensing mot desse planane vil måtte skje i arbeidet
med planprogrammet.
Med ein ny plan for kompetanse og arbeidskraft vil alle tema
frå Fylkesplan for Hordaland 2005-2008 vere dekt inn av
nye planar, og Fylkesplanen kan etter dette utgå som gjeldande plandokument.
Oppstart: 2014.
Deltakarar: Hordaland fylkeskommune, kommunane,
statlege etatar, næringslivsorganisasjonar og utdanningsinstitusjonar.
Plan for landskap, grønstruktur og
friluftsområde i Hordaland
Hordaland er eit fylke med vesentlege landskapsverdiar og
stor naturgeografisk variasjonsrikdom. Berggrunn og klima
gir grunnlag for eit mangfald av naturtypar. Tidleg busetjing
har skapt et rikt kulturlandskap med både ei mengd enkeltståande kulturminne og meir omfattande kulturminnemiljø.
Dagens vekst og utvikling gir utfordringar i høve til å ivareta
kulturminna, samstundes som nye vert skapt. I eit levande
kulturlandskap lever fleirfunksjonelt landbruk side om side
med moderne industri. Landskapskvalitetane i fylket dannar
grunnlag for busetjing, identitet, rekreasjon, attraktivitet og
næringsverksemd.
Landskapsverdiane og regionale friluftsområde er kartlagt
på eit overordna nivå for heile fylket. Desse kartleggingane treng å sjåast i samanheng med andre verdiar knytt til
landskapet for å kunne utforma ein heilskapleg politikk for
både å verna om dei viktigaste områda, målretta bruk av
verkemiddel inn mot dei langsiktig prioriterte områda og
for å opne for annan bruk eller fleirbruk der det høver. Den
regionale grøntstrukturen inneheld viktige område for friluftsliv, biologisk mangfald og naturmiljø og er uavhengig av
kommunegrenser Ei bit-for-bit-utbygging i eit fylke med stor
vekst vil kunne smuldra opp verdiane. Fylkeskommunen og
fylkesmannen har alt utforma ein rettleiar for landskap i
kommunal plan. Det går fram av denne at viktige kulturmiljø,
kjerneområde for landbruk og prioriterte naturmangfaldsområde vil måtte inngå i slike heilskapsvurderingar.
Planen må sjå på korleis ein kan oppnå ei robust forsyning av
arbeidskraft til næringsliv og offentleg sektor. Næringslivet
så vel som offentleg sektor endrast mot meir kompetansearbeidsplassar. Hordaland må ta del i denne utviklinga og
skape arbeidsplassar som kan halde på kompetansen, kombinert med eit utdanningssystem som støtter næringslivet i
regionen. Som eit ledd i arbeidet med planen må det lagast
langsiktige scenario for behov for arbeidskraft i Hordaland.
Utdanningssystemet må integrerast i planlegginga. Planen
vil også ta opp inkludering i arbeidslivet, arbeidsinnvandring
og problematikk knytt til utstøyting frå utdanning og arbeidsliv. Planen vil ha eit perspektiv mot 2030.
Føremålet med planarbeidet er å sikre prioriterte landskapsområde, utforme ein regional politikk for forvaltning av landskap og grøntstruktur og leggje til rette for målretta bruk
av eksisterande og nye verkemiddel i landskapsforvaltninga.
Ein felles regional politikk vil gjere planlegging i kommunane meir føreseieleg og skapa stabile rammer for arealforvaltninga.
Planen har delvis overlappande tema som Regional næringsplan og Regional plan for folkehelsearbeidet i Horda-
Medverkande: Bondeorganisasjonane,
Forum for Natur og miljø, Universitetet i Bergen.
Oppstart: mot slutten av planperioden, 2014 /2015.
Deltakarar: Hordaland fylkeskommune,
Fylkesmannen i Hordaland, kommunane.
10 | Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016
Regional plan for ferjefri E39 Aksdal-Bergen
E39 mellom Stavanger og Bergen har ein overordna funksjon på Vestlandet. Standarden på vegen varierer, og det er
to ferjesamband på strekninga. Ferjesambandet Mortavika
- Arsvågen over Boknafjorden er planlagt erstatta av undersjøisk tunnel, Rogfast.
Det er gjennomført ei konseptvalutgreiing (KVU) for E39
Aksdal - Bergen, der det føreligg 5 ulike hovudtrasè-alternativ for strekninga. KVU har vore kvalitetssikra og handsama
i Samferdsledepartementet og Finansdepartementet (KS1),
og det vert tilrådd at dei to konsepta vert utgreia vidare.
For å sikre raskast mogleg framdrift i det vidare planarbeidet, samt ivareta behovet for koordinering på tvers av kommunegrensene, er det aktuelt å utarbeide ein regional plan
for ferjefri E39 Aksdal-Bergen. Planen vil omhandle vidare
traséval og tilkopling til eksisterande vegnett. Utarbeiding
av ein regional plan med konsekvensutgreiing vil erstatte
kommunedelplanar i dei einskilde kommunane. Å sjå heile
strekninga samla i ein felles plan med felles konsekvensutgreiing kan effektivisere planprosessen vesentleg. I ein regional plan vil det vere svært aktuelt å nytte regional planføresegn for bandlegging av areal til framtidig vegtrasé.
Det er den einskilde kommunen som er planstyresmakt på
reguleringsplannivå. Ein regional plan kan ikkje erstatta reguleringsplanar, men den regionale planen skal leggast til
grunn for vidare planlegging av strekninga.
Oppstart: våren 2013, med sikte på vedtak av planen
hausten 2015.
Deltakarar: Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen,
relevante kommunar samt transport- og næringslivsaktørar.
Klimaplan for Hordaland – Rullering
Klimaplan for Hordaland 2010-2020 vart vedteke i juni
2010. I medhald av plan- og bygningslova skal planen rullerast kvart 4. år, og den bør opp til ny handsaming i fylkestinget juni 2014.
Klimaplanen er omfattande. Det er ikkje aktuelt å gjere særlege endringar i det faglege grunnlaget bortsett frå temaa
energi og klimatilpassing. Ein må i prosessen vurdera i kva
grad det er naudsynt å rullera mål, strategiar og delmål.
Premissar og føringar som har endra seg i perioden og som
må leggjast til grunn for ei slik vurdering er mellom anna:
Statleg politikk: Stortinget sitt vedtak av Klimameldinga i
juni 2012. Utvikling av ein nasjonal politikk på Klimatilpassing. Energiutgreiinga.
Oppstart: våren 2013, med sikte på vedtak av planen
sommaren 2014.
Deltakarar: Hordaland fylkeskommune, kommunane,
energisektoren, Fylkesmannen i Hordaland, FoU-miljøa,
miljøorganisasjonar.
Utviklingsplan for indre delar av Hordaland
Asymmetrien i fylket peiker mot særskilte behov i indre
strok. Ein plan for indre delar av Hordaland vil kunne gripe
fatt i viktige utfordringar for regionen med omsyn til nærings- og befolkningsutvikling. Ulike regionale planar, lokale
tiltak, med meir vil kunne sjåast i samanheng, med spesiell
merksemd om regionen.
Føremålet er å snu den negative utviklinga av folketalet, få
betre rammevilkår for å utvikle det potensialet som ligg i
indre delar av fylket og leggje tilhøva til rette for å ta del i
veksten langs kysten og i Bergensområdet.
Planen skal få fram dei utviklingsmoglegheiter som finst i
eksisterande næringsliv og dei tradisjonelle næringane i regionen som landbruk, turisme og industri. Ein må sjå dette i
samanheng med veksten som kjem i andre deler av fylket og
potensialet for å kopla seg opp mot dette. Utdanningssystemet, regionalt næringsliv og kompetansebehov må vurderast i samanheng. Ein må sjå på arbeidet med regionale sentra som knutepunkt for vekst i kompetansearbeidsplassar
og etablering av statlege arbeidsplassar.
Planen skal vere ein overgripande retningsgjevar for ulike
tiltak som til dømes: Flytt til Hardanger, Hardanger Næringsråds Regionale Næringsplan, Ungt entreprenørskap,
Distribuert Næringshage, Samhandlingsreforma i Hardanger/Voss, Tenestesamarbeid i regionen, Samferdselsplan
for Hardanger og RTP Hordaland, med meir.
Gjennom høyringa må den geografiske avgrensinga av planen bli fastsett.
Oppstart: 2014.
Deltakarar: Hordaland fylkeskommune, relevante kommunar, Fylkesmannen i Hordaland.
Plan for kystsona
Eksisterande kystsoneplan er ikkje lenger oppdatert. Problematikk knytt til akvakultur og lokalisering av anlegg
er påtrengjande. Også i høve til fiskeri, skipsfart, farleder,
strandsone og anna bruk av kystsona er det utfordringar.
Fylkespolitisk: Regional planstrategi, Regional transportplan, eventuelt andre regionale planar.
Erfaringar med konkrete tiltak; årleg rullering av handlingsprogrammet.
Å sikre tilgang på gode næringsareal med nærleik til veg
eller hamn, syner seg spesielt vanskeleg for havbruksnæringa. Det er naudsynt å planleggje for ein berekraftig struktur
på akvakulturområdet på tvers av kommunegrensene, for å
unngå konfliktar og negative miljøverknader.
Energi må få større merksemd i klimaplanen. Klimatilpassing skil seg ut tematisk, og det kan vere tenleg å skilje det
ut i ein eigen plan.
Strandsona i Hordaland er attraktiv for utbygging av naust,
hytter og småbåthamner. Gjennom statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona er fylket delt
Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016 | 11
inn i område med stort press på areala og område med mindre press og skal forvaltast gjennom planlegging.
bli bestemt av erfaringane frå arbeidet med Regional plan
for Sunnhordland.
Før nærare avgrensing av nytt regionalt planarbeid om
kystsona, ønskjer ein å vente med arbeidet med Regional
plan for Sunnhordland som handsamar desse tematikkane
og som vil kunne tene som pilot for temaet. Tematisk og
geografisk avgrensing av ein ny kystsoneplan vil i stor grad
Oppstart: Eventuelt mot slutten av perioden, 2015, etter at
regional plan for Sunnhordland er ferdigstilt.
Deltakarar: Hordaland fylkeskommune, kommunane,
Fylkesmannen i Hordaland, havbruks- og fiskerinæringa,
kyst- og fiskeriforvalting.
12 | Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016
Plansystemet
Planstrategien skal ikkje løyse utfordringane, men vere
overordna og strategisk og gi rammer for det vidare arbeidet. I dei føreslegne planane skal ein gå inn i utfordringane
og komme med forslag til løysingar.
All planlegging skal ha berekraft som mål og må balansere
aktualitet og langsiktigheit, bruk og bevaring. Regional utvikling skal vere berekraftig både miljømessig, næringsmessig
og sosialt. Dei store samfunnsutfordringane grip over fleire sektorar og forvaltningsnivå. Planstrategien går derfor
først og fremst inn på tverrsektorielle oppgåver. Dei grunnleggjande tema kring folke­tals­utvikling, busetnad, næring,
arealbruk, transport, klima, utdanning, kultur, med meir, er
vevd tett saman og må vere gjennomgåande tematisert i all
planlegging.
Når regional plan for kompetanse og arbeidskraft er ferdig,
vil alle delområda i den tidlegare Fylkesplan for Hordaland
vere revidert. Fylkesplanen vil då ikkje lengre vere
gjeldande.
Regional transportplan vil erstatte Fylkesplanen sine
transportmål, -strategiar og -retningsliner
Regional kulturplan vil erstatte Fylkesplanen sine
kulturmål, -strategiar og -retningsliner
Regional næringsplan vil erstatte Fylkesplanen sine
næringsmål, -strategiar og -retningsliner
Regional plan for kompetanse vil erstatte Fylkesplanen
sine kompetansemål, -strategiar og -retningsliner
Regional transportplan, Regional plan for utbyggings mønster, arealbruk og transport i Bergensområdet,
og dei andre nye arealretta planane vil erstatte rele vante delar av Fylkesplanen sine arealmål, -strategiar
og -retningsliner
Fylkesplanen si samling av gjeldande arealpolitiske retningsliner er vidareført i ein nettpublikasjon som vert oppdatert etterkvart som nye planar kjem til og andre fasast
ut. Publikasjonen har ikkje status som ein plan, men som
ei samling av dei til ei kvar tid gjeldande arealpolitiske retningslinene.
Samanheng mellom planar
Mellom fleire av planane er det sterke koplingar og tangeringspunkt. Nokre planar vil det først vere teneleg å starte
opp arbeid med etter at andre er ferdig, slik tilfellet er mellom Regional plan for Sunnhordland og ny kystsoneplan. For
andre er det potensielle overlapp som må avklarast, som for
eksempel grønstruktur i Bergensområdet mellom pågåande
Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet og ny Regional plan for landskap,
grønstruktur og friluftsliv. Felles er at regionale planoppgåver skal koordinerast slik at dei dreg i same retning og er
internt samstemte i høve til mål og konsekvensar. Vedtekne
planar skal leggjast til grunn for nye planarbeid. Det er viktig
å sjå samanhenger på tvers av samfunnssektorane og breie,
planar på tvers av sektorar skal gi føringar for smalare, meir
sektororienterte planar.
Igangverande planoppgåver og utfasing av
eksisterande planar
Det er samla sett mange planlagde og igangverande planprosessar. Følgjande planarbeid er starta opp:
Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og
transport i Bergensområdet
Regional plan for folkehelsearbeid
Regional plan for godshamn Bergensområdet
Regional plan for Haugalandet (revisjon av tidlegare
fylkesdelplan)
Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiene og
Setesdal Austhei villreinområde
Regional kulturplan
Regional plan for Nordfjella villreinområde
Regional næringsplan
Regional plan for senterstruktur og lokalisering av
service og handel (revisjon av tidlegare fylkesdelplan)
Regional plan for Sunnhordland - sjø, strandsoneareal
og transport (delrevisjon av tidlegare fylkesdelplan)
Regional transportplan
Forvaltingsplan for vassregion Hordaland 2016-2021
Samtidig vil mange av dei eksisterande planane bli fasa ut.
Nyare planar erstattar eldre planar og sørgjer for at planverket er oppdatert og opperasjonelt. Det vil gå tydeleg fram frå
prosessen med dei nye planane kva planar dei erstattar og
som dermed utgår som regionale planar. Oppdatert oversikt
over kva planar som til ei kvar tid gjeld er å finne på Hordaland fylkeskommune sine nettsider, på www.hordaland.no/
plan. I tabellen under er oversikt over gjeldande planar, og
om og korleis dei vert fasa ut.
Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016 | 13
Oversikt over eksisterande planar
Plan
Fylkesplan for Hordaland 2005-2008
Utgår i
perioden
Merknad
Planen er forlenga inntil vidare gjennom Planstrategi for Hordaland 2010-2012. Mål,
Ja
strategiar og retningslinjer vert erstatta ved vedtak av nye planar. Arealpolitiske
(på sikt)
retningslinjer vidareførast som nettpublikasjon.
Regional plan for Hardangervidda
2011-2025
Nei
Planen er nyleg vedteke og det er ikkje trong for rullering/revisjon i denne perioden.
Klimaplan for Hordaland 2010-2020
Nei
Planen skal rullerast i perioden, men det er ikkje aktuelt å gjere særlege endringar i
det faglege grunnlaget med unnatak av temaa energi og klimatilpassing.
Forvaltingsplan for vassregion
Hordaland 2010-15
Ja
Forvaltingsplan for vassregion Hordaland 2016-2021 er under arbeid. Tidlegare plan
som gjaldt Nordåsvassdraget vert terminert når denne er ferdig.
Fylkesdelplan for Sunnhordland
Ja
Regional plan for Sunnhordland er starta opp. Denne skal ha fokus på sjø, strandsone
og sjøvegs transport. Tidlegare plan utgår når denne er ferdig.
Fylkesdelplan for små vasskraftverk
Nei
Til handsaming i Miljøverndepartementet.
Fylkesdelplan fysisk aktivitet, idrett
og friluftsliv 2008 – 2012
Ja
Arbeid med regional kulturplan starta opp. Arealdelen knytt til friluftsliv vil bli handsama som del av ny Plan for landskap, grøntstruktur og friluftsområde i Hordaland.
Fylkesdelplan for biblioteka i
Hordaland 2007-2010
Ja
Arbeid med regional kulturplan starta opp. Tidlegare plan utgår når denne er ferdig.
Regional plan for museum 2011-2015
Ja
Arbeid med regional kulturplan starta opp. Tidlegare plan utgår når denne er ferdig.
Fylkesdelplan for areal og transport
på Haugalandet
Ja
Arbeid med ny regional plan for Haugalandet under arbeid. Tidlegare plan utgår når
denne er ferdig.
Deltaking for alle - Fylkesdelplan
universell utforming 2006-2009
Ja
Regional plan for folkehelsearbeidet er under arbeid. Denne skal gjennomgå arealpolitiske retningslinjer frå Fylkesdelplan universell utforming. Fylkesdelplan universell
utforming utgår når Folkehelseplanen er ferdig.
Fylkesdelplan for kystsona
2001-2004
Retningslinjene er vedtatt som arealpolitiske retningsliner i Fylkesplanen. Regional
Ja
plan for Sunnhordland vil vere eit pilotarbeid i høve til problemstillingar rundt plan(på sikt) legging i sjø. Bør avvente resultatet før nytt planarbeid vert sett i gang. Ei eventuell
rullering blir ikkje ferdig i denne planperioden.
Fylkesdelplan for senterstruktur og
lokalisering av service og handel
Ja
Regional plan for senterstruktur og lokalisering av handel og service er starta opp.
Tidlegare plan utgår når denne er ferdig.
Fylkesdelplan for kulturminne
1998-2010
Ja
Arbeid med regional kulturplan starta opp. Ein må vurdere om denne i tilfredsstillande grad tar med seg arealdelen av temaet. Delar av planen går inn i dei arealpolitiske
retningslinene.
Hamneplan for Hordaland 2004-2013
Ja
Regional plan for hamn i Bergensområdet er under arbeid. Tematikken handsamast
også i Bergensregionplanen. Eventuell revisjon bør avvente desse planane.
Fylkesdelplan for fiskerihamner
Ja
Temaet er innlemma i forslag til regional transportplan. Planen utgår når RTP er
vedteke.
Fylkesdelplan for vindkraft
2000-2012
Ja
Planen sin status skal vurderast i samanheng med revisjon av Klimaplanen og ein
skal vurdere om det er trong for ein oppdatert plan for vindkraft i samsvar med nasjonale forventingar.
14 | Regional planstrategi for Hordaland 2012 – 2016
Planstrategiprosessen
Milepælar
13.12.11 Fylkestinget vedtok oppstart av planarbeidet
05.03.12 Første møte i styringsgruppa
20.03.12 Strategisamling med alle kommunar
28.03.12 Andre møte i styringsgruppa
11.05.12 Drøfting med Regionrådet Nordhordland
21.05.12 Drøfting med Samarbeidsrådet for Sunnhordland
29.05.12 Drøfting med Hardangerrådet
30.05.12 Drøfting med Bergensalliansen
01.06.12 Drøfting med Næringsliv og utdanning
22.06.12 Regionalt planforum
28.03.12 Tredje møte i styringsgruppa
21.08.12 Framlegg til høyringsforslag handsamast i Kultur- og ressursutvalet
21.08.12 Framlegg til høyringsforslag handsamast i Opplærings- og helseutvalet
22.08.12 Framlegg til høyringsforslag handsamast i Samferdselsutvalet
28.08.12 Framlegg til høyringsforslag handsamast i Fylkesutvalet
Styringsgruppa
Tom-Christer Nilsen (leiar), fylkesordførar
Ruth Grung (nestleiar), fylkesutvalsmedlem, gruppeleiar Arbeidarpartiet
Ove Trellevik, ordførar Sund, for Bergensalliansen
Liv Kari Eskeland, ordførar Stord, Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Ingebjørg Winjum, ordførar Granvin, Hardangerrådet
Jon Askeland, ordførar Radøy, Regionrådet Nordhordland
Filip Rygg, byråd, Bergen kommune
Lars Sponheim, fylkesmann
Arbeidsgruppa
Jan Per Styve, (leiar) regionaldirektør HFK
Knut Terje Rekve, rådmann Os,
Nils Høysæter, spesialrådgivar, Bergen kommune
Gunnar Bergo, plan og miljøvernsjef, Voss kommune
Else-Kristin Foss Vikenes, avdelingsdirektør, Fylkesmannen i Hordaland
Berit Karin Rystad, seksjonsleiar Fylkesmannen i Hordaland
Matti Torgersen, utviklingssjef, Hordaland fylkeskommune
Marit Rødseth, plansjef, Hordaland fylkeskommune
Tord Bakke, spesialrådgjevar Hordaland fylkeskommune
Sekretariat
Tord Bakke, spesialrådgjevar, Hordaland fylkeskommune
Matti Torgersen, utviklingssjef, Hordaland fylkeskommune
Eva-Katrine Taule, seniorrådgjevar, Hordaland fylkeskommune
Marit Rødseth, plansjef, Hordaland fylkeskommune
Hordaland fylkeskommune har ­ansvar for å
utvikle Hordalands­samfunnet. Vi gir ­vidaregåande
opplæring, tannhelse­tenester og kollektivtransport
til ­inn­byggjarane i fylket. Vi har ­ansvar for
vegsamband og legg til rette for verdi­skaping,
nærings­utvikling, fritid­s­opplevingar og kultur.
Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi
ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida
iH
­ ordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i
fylkeskommunen.
Regionalavdelinga
Agnes Mowinckels gate 5
Postboks 7900
5020 Bergen
Telefon: 55 23 92 82
e-post: [email protected]
www.hordaland.no
Januar 2013