Aasen i dag - Kvemmadokkje

8
TYSDAG KULTUR
HORDALAND 22. JULI 2014
Aasen i dag
Kjenna seg sjølv
er ein stor Kunst
■
Tilskipingar
Vossestrand skyttarlag
har skyteprøve for storviltjakt på
skytebana i Haugsvik kvar fredag
og sundag kveld. Trening finkaliber på 100 m bane kvar sundag.
Hedleberget på Kyte
Guida turar kvar torsdag kveld.
Oppmøte ved fellesbrakka.
Aurlandsmarsjen
går frå Østerbø til Vassbygdi
sundag. Arr. Aurland Røde Kors,
Aurland kommune og Vener av
Aurlandsdalen.
■
Konsert
Sommarkonsert
i Vangskyrkja med Helga Hommedal onsdag ettermiddag. Arr.
Voss sokneråd
Granvin bygdemuseum
har ope onsdag–sundag. Torsdag
er det gratis sommarkonsert med
elevar frå musikkskulen i Granvin.
■
Utstilling
Finnesloftet
er ope onsdag og fredag ettermiddag og kveld.
■
Kino
VOSS
22. Jump Street
Filmen går onsdag. 11 år.
Dawn of the Planet of
the Apes, 3D
Filmen går tysdag og onsdag.
11 år.
Dragetreneren 2, 3D
Filmen går onsdag. 7 år.
The Purge: Anarchy
Filmen går tysdag og onsdag.
15 år.
Transformers:
Age of Extinction, 3D
Filmen går tysdag. 2D onsdag.
11 år.
MARKISER
PERSIENNER
inntil
35%
rabat
t
Tilbudet gjelder på utvalgte produkter ut juli
04990
www.scandic.no
ENDA PÅ GRASET: På slutten gjekk det litt vel fort føre seg på dansegolvet, og Eirin Tjoflot enda på graset. – Det er ekstremt tungt å dansa på gras, eg har
Intim postkortkonsert
Mellom bakkar og berg
vart det duka for ein
lang sommarkveld i
Ulvik. Real Ones og
Revolver bergtok
publikum.
Det er laurdag kveld og framleis
over 20 grader. På gardsvegen
kjem folk vandrande opp til
Børsheim gard; ektepar, foreldre og born, nye par, sysken
og venner. Fallskjermklubben
har derimot teke snarvegen,
og kjem dalande frå himme-
len. Men samtlege er på veg til
Kvemmadokkje, husmannsplassen på Børsheim gard.
TRADISJONELT OG RÅTT. Sola
skin på den vetle scena som er
sett opp i bakken. Det fine vêret
gjer at det ikkje trengs tak på
scena, noko som gjev banda
nærare kontakt med publikum.
Bakteppet er derfor ei nasjonalromantisk blanding av fjell,
fjord og bakkar.
Daniel
Sandén-Warg
og
Anders Røine frå Revolver startar kvelden med eit lydbilete
utanom det vanlege. Utan å ha
gitt ut si fyrste plate har dei
likevel eit stort repertoar. Lyden
av hardingfele, langeleik, moraharpe og munnharpe legg seg
over husmannsplassen. Kombinasjonen av inten­siteten i folkemusikken og lydstyrken i rocken gjev ein original råskap til
dei tradisjonelle instrumenta.
PÅ FYRSTE RAD. Hanna Osa (9)
og Sunniva Lekve (8) synest det
er kjekt å vera på Kvemmadokkje, og dei sit på fyrste rad for å
fylgja med på musikken.
– Me var litt spente på korleis
Revolver sin musikk kom til å
vera sidan dei har så spesielt
namn, fortel Sunniva.
Men det dei gler seg aller mest
til er Real Ones. Storesystera
til Hanna er hemmeleg forelska
i ein i bandet, og no skal dei
sjekka om han er dugande.
– Han ser ut som om han er
flink å spela, fortel Hanna.
Både Sunniva og Hanna spelar
instrument sjølve, og då er det
kjekt å få med seg konsertane.
Sunniva har nemleg seld lappar
og jobba på Kvemmadokkje fleire gonger, så no er det på tide å
berre høyra på musikken.
TYSDAG KULTUR
HORDALAND 22. JULI 2014
9
LANG FARTSTID: Real Ones kan feira 20 år som band, og har difor eit bra
repertoar av songar å velja mellom. «Ballad Of An Old Man» var ein av
songane som fall i svært god jord hjå publikum.
SOMMARIDYLL: På husmannsplassen Kvemmadokkje samla alle seg for
å høyra Revolver og Real Ones spela. Bakteppet for konsertane er ikkje
å klaga på heller.
heilt blodsmak i munnen, seier Eirin og ler.
VENTAR PÅ HOPPARANE: Hanna Osa (t.v.) og Sunniva Lekve ventar spent
på å sjå fallskjermhopparane dala frå himmelen. Mest av alt gler dei seg
likevel til musikken.
i Kvemmadokkje
DANSEGLEDA PÅ GRASET.
Real Ones entrar scena til stor
applaus, og det vert fort tydeleg
at blandinga av folk, pop og rock
passar glimrande til omgivnadane. Miksen av dvelande og
raske låtar gjev publikum moglegheit til å både nyta og dansa.
Det er færre som hiv seg til sistnevnte, men ein gjeng ungdommar frå Lofthus ser sitt snitt til å
skapa endå meir stemning.
Edvard Kvalvik og Eirin Tjoflot
svingar seg rundt på graset, og
ser ikkje ut til å ensa publikum.
– Bandet oppfordra til at me
skulle dansa, så då gjer me det!
Det er noko med atmosfæren
her, eg føler at me sit på ein
fjelltopp. Lyden smell nærast
mot deg og utsikten er jo heilt
ekstremt flott! Heilt fantastisk,
seier Edvard.
OPPFOR
KVEMMADOKKJE.
Lenger oppe i bakken sit KarlMagnus Tobiassen og Ingvar
Bergh. Begge har gått Kvasshovden Opp tidlegare same dag, og
då er det fint å berre sitja i graset og slappa av.
– Utruleg bra omgivnader! Det
i seg sjølv gjev ein ekstra dimensjon til musikken, seier Ingvar.
– Og det fantastisk fine vêret
gjer sitt det óg. Dette er ein
skikkeleg fin kveld, legg KarlMagnus til.
Eit stykke bortanfor dei ligg
ein mann og slappar av og nyt
musikken med attlatne auge. På
Kvemmadokkje er det rom for å
digga musikken på forskjelleg
vis.
KVALITETSKOMBO. Kvelden er
ein kveld utanom det vanlege.
Den intime settinga gjev eit
preg av bakgards- eller hagekonsert, men samstundes er bandet
Spelemannprisvinnarar av året.
Kombinasjonen av kvalitetar
kunne ikkje vore betre.
På ein konsert der bandmedlem har på seg både tøflar og
fjellsko, bakteppet er som eit
postkort, solstålane glinsar
seg i dei siste snørestane på
fjelltoppane, fallskjermhopparar landar i tunet og det vert
drukke eplemost til den store
gullmedaljen – då er det klart
at ein er på Kvemmadokkje.
LISA MARIA BREISTEIN SØLVBERG |
tekst og foto
[email protected]
FAKTA | KVEMMADOKKJE
„„Kvemmadokkje er ein husmannsplass på garden
Børsheim i Ulvik.
„„Første husmannen kom frå
Kvam, kvemming, og plassen
ligg i eit dokk, eit søkk. Derav
namnet Kvemmadokkje.
„„Frå 2006 har det vore skipa til
ulike arrangement her kvart
år.