Last ned heile vår/sommar programmet ved VUS som pdf

«Folket som vandrer. De ingen vil ha». Grafikkutstilling av Finn Magnus opnar i juni
Program
Vår/sommar 2012
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Sletta i verda
Vi er attende i 1890-åra på eit tømmerlass truleg
nær Stillwater i Minnesota. Fleire av ungdommane
på Sletta hadde allereie kryssa Atlanteren ein etter
ein. Mons Skjelvik frå Sletta får plutseleg augene
opp for ein kar han dreg kjensel på:
- God dag, Gust, er det deg? Naboguten heimafrå, August Ystebø, køyrde jamsides Mons nedover
ei litt bratt lende. Dei visste ikkje då at dei faktisk
var arbeidskollegaer.
frå Litauen. Noreg er ikkje
lenger berre eit land som
sender emigrantar ut i
verda. Noreg har også vorte
eit innvandringsland. Vestnorsk utvandringssenter vil
følgje denne utviklinga ved
å formidle migrasjons- og
kulturmøteproblematikk
i ein breiare samanheng.
Vi ønskjer å vere ein samfunnsaktør som utfordrar og
stimulerer til refleksjon og
kritisk tenking. Difor opnar
vi utstillinga «Folket som
vandrer. De ingen vil ha» –
ei grafikkutstilling av Finn
Magnus i juni. Magnus har
vore ute på gata i Oslo og
både sett og samtala med
personar frå Romfolket.
Denne og fleire episodar
som er refererte i den nyleg publiserte artikkelen
«Amerikagardar på Sletta»
av Asbjørn Ystebø syner
godt korleis Sletta ved
førre århundreskiftet strekte
seg langt utover dei lokale
bygdegrensene til eit større,
globalt nivå. På Sletta vart
amerikaklede, -foto og -brev
med historier frå tømmerhogsten og livet der borte
ein del av den sosiale verda
til bygdefolket. Dei unge
kom heim og reiste ut att.
Mange kom også heim for
godt. Sletta er slik sett ei
typisk vestnorsk utvandrarbygd.
I mai kan du bli med Ystebø
på ei kulturhistorisk vandring mellom dei såkalla
Amerikagardane på Sletta;
gardane som vart bygde
opp og vidareutvikla av
amerikanske dollar utvandrarane sende heim. Det er
interessant å merke seg at
eit av amerikahusa nyleg
vart leigd ut til arbeidarar
I vår introduserer vi også
“Har du høyrt? Prate- og
kaffitreffen” i kjellaren i Emigrantkyrkja.
Dei norskbygde kyrkjene i
Amerika hadde til vanleg eit
rom for den sosiale fellesskapen, anten i form av eit kjellarlokale eller eit tilbygg.
2
Vestnorsk utvandringssenter 2012
brosjyra. Velkomen til ein
spenande vår og sommar
ved Vestnorsk utvandringssenter!
Her samla nybyggjarane
seg ved høgtidsdagar, og i
sorg og glede elles. Kjøkken
og bord og stolar høyrde
til her. I dette lokalet kunne
dei minnast gamle dagar og
høyre om brevnytt frå Noreg.
Vi ønskjer å vidareføre den
funksjonen kyrkjekjelleran
hadde i Amerika og inviterer
difor til uformelle prate- og
kaffitreff kl.13.00 og utover
kvar sundag museet held
ope i sommarsesongen.
Du kan lese meir om desse
og fleire programpostar
i vårprogrammet i denne
Ida Dyrkorn Heierland
Avdelingsleiar
Stiftinga Museumssenteret i
Hordaland
MuHo vart det første konsoliderte museet i Hordaland ved samanslåinga av
Norsk Trikotasjemuseum,
Bevaringstenestene og
Felleskonservator for tekniske og industrielle kulturminne i Bergen i 2004.
I 2006 vart avdelinga Kulturverntenesta i Nordhordland
oppretta. Frå 1. januar 2007
vart drifta av Osterøy museum og Havråtunet også
ein del av MuHo, medan
Lyngheisenteret kom med
frå 12. februar 2007.
Vestnorsk utvandringssenter
vart konsolidert inn i Museumssenteret i Hordaland
(MuHo) per 1.01.2010. MuHo
er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon
som driv bevaring, forsking,
undervisning og formidling
om kultur- og naturhistorie
frå fortid til samtid, knytt
til naturlandskapa, busettings- og bygningshistorie,
nærings- og industriutvikling,
sosialhistorie og samferdsel.
MuHo utfører også tenester
innan samlingsforvaltning for
musea i Hordaland.
Foto: Helge Sunde
3
Vestnorsk utvandringssenter 2012
La tankane flyge!
Det er ei udelt glede å få gje deg ei velkomsthelsing frå folket på Radøy, til sesongprogrammet
for Vestnorsk Utvandringssenter, som i år har eit
aldri så lite jubileum – 15 år!
Å vandre rundt på Utvandringssenteret set alltid
tankane mine i gang. Senteret gjev inntrykk frå ei heilt
spesiell brytningstid i norsk
historie, og eg gjer meg
tankar om kva reiste dei frå,
korleis reiste dei, korleis
vart liva deira i den nye
verda, og kva hadde både
Noreg og USA vore i dag
utan emigrasjonen? Ofte
gjer eg meg også tankar om
dagens migrasjon når eg er
på senteret.
Menneska er erfarande
vesen. Eg håpar du vert
inspirert og vinn erfaringar
om ulike livsutfordringar og
livsløp når du er på Utvandringssenteret - la tankane
flyga!
Foto: Åshild Thorsen
Sesongprogrammet byr på
eit variert og breitt program
- forsyn deg!
Beste helsingar frå
Jon Askeland,
ordførar Radøy kommune
4
Andrew Larsen Dahl, Menn i åker, Wisconsin, 1870-tallet. (Wisconsin Historical Society, Madison, Wisconsin)
Vestnorsk utvandringssenter 2012
5
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Vestnorsk utvandringssenter har seks emigranthistoriske
hus, derav ei kyrkje, som alle vart bygde opp av norske
emigrantar i Amerika og seinare demonterte og flytta
til Sletta. VUS eignar seg godt som mål for «blåturar»,
6
Vestnorsk utvandringssenter 2012
utflukter for bedrifter, lag og foreiningar, songkor og for
slektstreff og pensjonistturar der ei spennande oppleving
med undring og utfordring set ein ekstra spiss på dagen
og turen. Felles opplevingar på VUS skaper utvida kontakt
mellom generasjonar. Vi tek imot grupper heile året.
7
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Emigrantkyrkja
i Nord-Dakota like før og
etter førre hundreårsskiftet.
Den lokale kvinneforeininga
av 1907 førte til skiping av
kyrkjelyden 1. juli 1908. Det
gav startskotet til bygging
av kyrkja. Dette er ei lita
luthersk kyrkje slik det fanst
mange av på prærien. Ho
tente både som religiøs og
Kyrkja er den demonterte
og atterreiste Brampton
Lutheran Church frå præriesettlementet Brampton i
Nord-Dakota. 22. juni 1996
vart kyrkja, med komplett
inventar, overrekt som
gåve til VUS. Kyrkja var
opphavleg bygd av norske
emigrantar som slo seg ned
8
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Foto: Livar Aksnes
sosial møteplass. Arkitektonisk har ho sin bakgrunn i
den vanlege kyrkjearkitekturen på landsbygda i Noreg
frå midten av 1800-talet.
Kyrkja vart vigsla på Sletta
av biskop Ole Danbolt
Hagesæther 6. juli 1997.
Leige Emigrantkyrkja?
Emigrantkyrkja passar perfekt
til konsertar og andre kulturarrangement! Kyrkja er godkjend
for 120 sitjeplassar. Ta kontakt
for informasjon om prisar.
9
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Nybyggjarstova
Nybyggjarstova vart bygd
i 1869 av Andreas Seem
i Underwood, Otter Tail
County, MN. Huset vart eit
landemerke i fleire år for immigrantar vestover prærien.
Luverne Kiene, oldebarn til
Karen og Andreas Seem,
donerte huset til VUS i
1997. Huset vart offisielt
opna 8. juli 2000.
Skulestova frå 1893, er ei
typisk eittroms skulestove
frå Sargent County, ND.
Flytta i 1960-åra til Forman,
ND, der ho tente som museum. I 1997 donerte Sargent County Farm Bureau
skulestova til VUS. Opna 8.
juli 2000. Skulestova er ei
retteleg perle. Her kan du
sitje på dei same pultane
som emigrantborna brukte,
sjå læraren rulle ned dei
same karta og modellere i
sandkassa.
10
Foto: Åshild Thorsen
Skulestova
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Lærarbustaden
Lærarbustaden var, ifølgje
tradisjonen, det eldste
huset i Brampton, Sargent
County, ND. Byggjeåret
er ukjent, men eldstaden
i huset peikar attende til
tidlegaste landtakingstida i
området. Huset var bustad
for skulestyraren til 1930åra. Sanford og Genevieve
Cooper donerte huset til
VUS i 1997. Det vart offisielt
opna 8. juli 2000.
Lækjarkontoret
Lækjarkontoret er henta
frå Rothsay, Wilkin County,
Minnesota. Huset var base
for pionerlækjaren J.C.
Serkland i meir enn 50 år.
Fleire av barneborna hans
kjøpte attende huset i år
2000, og donerte det til
VUS. Det var offisiell opning
7. juli 2001. På bilete her ser
du lækjarkontoret til venstre.
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Fengsel og rådhus
Fengsel og rådhus vart reiste i 1880-åra, samanbygde
til eitt hus. Fengslet, med
2 fangeceller, vart brukt til
etter hundreårsskiftet 1900.
Den første fangeprotokollen
ligg føre. The Town Council
of Elizabeth, MN, donerte
huset til VUS, våren 2000.
Det var offisiell opning 6. juli
2002.
12
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Monumenta
Monumenta utanfor kyrkja understrekar norsk emigrasjon
og sambandet mellom Noreg, Amerika og øyane i vest.
t)PWVENPOVNFOUFUPWFS
TBNCBOEFU/PSFH"NFSJLB
vart avduka 6. juli 1997 (utvida til Canada 8. juli 2000).
- Hebridane - Man - Orknøyane - Færøyane - Island
- Grønland vart avduka 8.
juli 2000.
rMonumentet over UI*O
GBOUSZ#BUUBMJPO4FQ., den
norskspråklege bataljonen
frå USA under siste verdskrigen, vart avduka 6. juli
1997.
rMonumentet over G“SF
HBOHTNFOOGPSTLJTQPSUFO i
USA og Canada vart avduka
3. juli 2010.
rMonumentet over dei norske
LSJHTTFHMBSBOFPHLSJHTWF
UFSBOBOFvart avduka 6. juli
1997.
rMonumentet over QSSJF
QSFTUFOPHLZSLKFMZEFOIBOT
vart avduka 6. juli 1997.
t/PSS“OBNPOVNFOUFU over
sambandet Noreg og emigrantøyane i vest: Shetland
rMonumentet over OPSTL
BNFSJLBOTLFQJPOFSLWJOOFS
representert ved Agnes
Mathilde Wergeland (den
første norske kvinna med ein
PhD) og Elise Amalie Tvede
Wærenskjold (The Lady with
the Pen).
rMonumentet over .BSDVT
Thrane, talsmann for den
norske arbeidarforeining.
13
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Ung på Sletta
VUS utviklar undervisningsopplegg på migrasjon- og
kulturmøtefeltet tilpassa
ulike steg på barneskulen
og ungdomsskulen. Somme
opplegg er knytte til vandreutstillingar og aktuelle tema
og difor berre opne for skulane i korte periodar. Desse
vert annonserte fortløpande
på websidene våre og gjennom e-post til skulane.
Pris
Dersom ikkje noko særskilt
er oppgitt, er det gratis
for skulane å vere med
på undervisningsopplegg
ved utvandringssenteret.
Skulane må til vanleg dekke
skyss til/frå utvandringssenteret sjølve.
Kom med innspel!
Skulane er velkomne til å
kome med ønskje om tema
for omvisingar og undervisningopplegg.
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Liv i emigranthusa
Laurdag 30. juni 2012
Aktivitetar i emigrantlandsbyen for heile familien! Skyt
med pil og boge, lassokast,
liv og røre i indianerleiren,
lær å lage reiskap av stein,
kle deg ut i fotostudioet og
send amerikabilete heim.
Følg med på websidene
våre for meir informasjon
om tidspunkt og aktivitetar.
15
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Nyopning av utstillinga om
99. Bataljon
Krigsveteran John Pettersen i aksjon under videoopptak i samband med utstillingsarbeidet.
Lærarbustaden i emigrantlandsbyen huser ei samling
med gjenstandar og bilete
frå 99. Bataljon. Utstillinga
blir nyopna i samband med
utvandringsfestivalen.
16
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Lengselens bilder - Fotografiet i
den norske Amerikautvandringen
Foto: Wisconsin Historical Society, Madison, Wisconsin
Utstillinga er eit resultat av
kunsthistorikar Sigrid Lien si
reise i USA der ho besøkte
private hus, museum og
arkiv for å samle fotografi
frå norske innvandrarmiljø i
perioden 1865-1930. Vi gjer
merksam på at det berre
er eit utval av utstillinga
som blir vist i kjellaren i
Emigrantkyrkja. Utstillingsboka er til sals i museumsbutikken.
17
Vestnorsk utvandringssenter 2012
KICKOFF 2012:
Kveld for veneforeininga
Torsdag 15. mars 2012 kl 20.00, Radøystova på Sletta
Vi inviterer veneforeninga til
ein kveld med siste nytt frå
museet, musikk og noko å
bite i! Arrangementet startar
etter årsmøtet i venneforeininga. Avdelingsleiar orienterer om årsprogrammet.
Soloinnslag ved
Annlaug Børsheim
Annlaug Børsheim kjem
frå Ulvik i Hardanger. Ho er
utdanna folkemusikar frå
Høgskulen i Telemark og
18
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Foto: Per Finne
ved Ole Bull Akademiet på
Voss. Annlaug syng og spelar fele, hardingfele og gitar.
I tillegg skriv ho tekst på
norsk og komponerer eigen
musikk. Førehandspåmelding
til arrangementet innan
10.03.2012:
Tlf. 48 10 86 09 eller send
epost til: [email protected]
19
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Temakveld og utstillingsopning:
Migrantar med fjør
Onsdag 18. april 2012 kl 18.00, Radøystova og emigrantlandsbyen
Foto: Per Jarle Heggdalsvik
Føredrag på Radøystova
ved biolog Nils Røv (NINA):
«Migrantar med fjør»
Opning av salsutstillinga
i emigrantlandsbyen etter
føredraget: “Fugleåret: Folketro og fakta“. Tresnitt av
Amy Lightfoot
Introduksjon til utstillinga
ved Amy Lightfoot.
Det vert høve til å kjøpe
kaffi og noko å bite i på
Radøystova.
Inngang vaksne kr 50,- /
kr 30,- for medl. i veneforeininga. Born gratis
20
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Tjaldur, ver vælkomið
Tjaldur, ver vælkomið til okkum heim,
frá ókendum, fjarskotnum londum!
Tú bert okkum boð um ein ljósari dag,
at nú er brátt summar í hondum.
Ein dagin, mín sál var so vetrarstird,
eg gekk mær mót havinum vestur;
eg hoyrdi títt ”klipp”, tað vælkenda ljóð,
tú kærkomni summargestur.
* * * *
Men kemur tú, tjaldur, ár eftir ár,
tú, boð um ljósari tíðir,
so skal tað kennast um landið alt,
tað tekur at sumra umsíðir.
Lat sólina skína um dalar og fjøll,
grønkast lat heiðar og líðir!
Tí øll vit leingjast mót lívgandi sól,
vónandi sælari tíðir.
+%BIM1"MCFSH
Tjelden er nasjonalfugl på Færøyane - eit gamalt utvandringsmål for nordmenn
Sal av utstillingsboka.
Kontant betaling.
Arrangementet er ein del
av Kulturdagane på Radøy
13.– 22. april.
Nils Røv er pensjonert biolog ved Norsk institutt for
naturforsking (NINA)
Amy Lightfoot er fødd i
USA og bur no på Hitra
i Sør-Trøndelag. Ho er
tekstilhandverkar og statsstipendiat.
Utstillinga er open i museet
sine opningstider og elles etter avtale for skuleklassar og
andre interesserte fram til og
med sundag 3. juni 2012.
21
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Sesongopning
Emigrantkyrkja og -landsbyen
Sundag 13. mai 2012 kl 12.00 – 16.00
kl. 12 – 16: Innsamling av amerikabrev og -bilete
Har du gamle amerikabrev
eller -bilete liggjande i skuffen? I vår startar VUS innsamling av amerikabrev frå
Nordhordland, og vi er difor
svært takksame dersom du
har eit brev eller bilete du
vil donnere til senteret! Vi
scanner gjerne brevet dersom du berre vil låne det ut.
Historikar Kenneth Bratland
er klar til å ta i mot brev og
bilete i kjellaren i Emigrantkyrkja. Han kan også hjelpe
til med søk i emigrantlistene.
Skjelvik gnr. 101, bnr.1
22
Vestnorsk utvandringssenter 2012
kl. 13 – 15: “Amerika-gardar på Sletta”
Bli med på ei guida vandring frå gard til gard på
Sletta med Asbjørn Ystebø.
Ystebø har nett publisert
artikkelen “Amerika-gardar
på Sletta” i siste utgåve av
skriftserien til VUS publisert
i 2011: Pionerliv i Amerika
og bygdeutvikling på Sletta.
Oppmøte framfor Emigrantkyrkja.
Sletten
kl. 15 – 16: Konsert i Emigrantkyrkja i regi av
Utvandringssenterets venner
Sjå også utstillinga “Lengselens bilder” i kyrkjekjellaren og “Fugleåret: Folketro
og fakta“. Tresnitt av Amy
Lightfoot i Rådhuset i emigrantlandsbyen.
Billett konsert: Vaksne
kr 100,-, born gratis.
Billett guida vandring: Vaksne kr 50,-, medlem i veneforeininga og born: Gratis.
Mellingen gnr. 98, bnr.2
23
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Førstre treff sundag 20. mai
“Har du høyrt? Prate- og kaffitreffen”
Kvar sundag i sommarsesongen kl 13.00, kyrkjekjellaren
Foto: CC Kaffehuset Friele
Få med deg “Har du høyrt?
Prate- og kaffitreffen” i kjellaren i Emigrantkyrkja. Kan
hende har du ei god historie
om ein slektning som dro
til Amerika du vil dele? Kan
hende har du eit Amerika-
brev eller -bilete du vil vise
fram? Eller rett og slett treffe
andre til ein vanleg kaffiprat?
24
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Temakveld og utstillingsopning:
“Folket som vandrer. De ingen vil ha”
Onsdag 13. juni 2012 kl.19.00, Emigrantlandsbyen
Grafikk av Finn Magnus
Enkel servering.
Vi tek opp tråden frå 2010
med fokus på dei reisande.
Finn Magnus har vore ute
på gata i Oslo og både sett
og samtala med personar
frå Romfolket. Han vil fortelje om prosjektet i samband med opninga.
Inngang vaksne: kr 50,-/
kr 30,- medl. i veneforeininga. Born: Gratis
25
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Kurs i amerikansk flintslåing
Laurdag 16. og sundag 17. juni
Flintsmeden Morten Kutschera forklarer og demonstrerer korleis menneske i steinalderen laga pilespissar, økser og andre odd- og eggreiskap av stein
i områda som i dag utgjer Noreg og Nord-Amerika.
«Flintknapping» som det heiter på engelsk er ein
svært populær hobby i USA med fleire tusen utøvarar.
Deltakarane lærer å lage
eigne pil- og spydspissar av
flint og obsidian (vulkansk
glas) - verdas skarpaste
materiale. Det vert også
høve til å skyte med pil og
boge og kaste med atlatl
- eit viktig kastevåpen frå
steinalderen.
Det er avgrensa tal på plassar.
26
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Pris: kr. 1600,-/pers inkl.
enkel lunsj begge dagar
Påmelding innan 1. juni
2012 til avdelingsleiar på tlf.
55 25 18 09 / 48 10 86 09
eller epost: [email protected]
Tidspunkt og kursstad blir
annonsert seinare på websidene våre og i lokalavisene.
27
Foto: Nicole Brody
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Utvandringsfestivalen
29. juni– 01. juli 2012, Sletta
Foto: Åshild Thorsen
Fredagskonsert: Jodlaren Kerry
Christensen m.fl.
Liv i emigranthusa – aktivitetar
for heile familien
Fagseminar
Utstillingsopning: 99 bataljon
Guida omvisingar
Festkveld med musikalske innslag av Kerry
Christinsen m.fl.
Markering av 15-års jubileeum
99. bataljon-stand med demonstrasjon av
køyrety og utstyr
Amcartreff
Norsk-amerikansk gudsteneste
Æresseremoni
Følg med oss på websidene våre for
programoppdateringar!
28
Vestnorsk utvandringssenter 2012
29
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Bli med i veneforeininga
Utvandringssenterets venner vart stifta 19. september
2011 på Samfunnshuset
Skogen på Sletta. Ønskjer
du å støtte opp om og
engasjere deg i arbeidet
ved Vestnorsk utvandringssenter, bør du melde deg
inn i foreininga! Alle – både
unge og gamle – kan bli
med.
Lyst til å bli medlem?
Kontakt styreformann Oddmund Skjelvik tlf. 56 37 20
95/98 88 72 00
Kontingent
Familie: kr 300,Einskildpersonar: kr 200,Studentar: kr 100,Born under 16 år: kr 100,Bedrifter: kr 500,-
Meld deg inn no og vinn Amerikatur –
verdi kr 20.000:
Ved å melde deg inn i
veneforeininga er du med i
trekninga om ein gratis Amerikatur hausten 2012 med
Asbjørn og Ella Ystebø sin
tur «I emigrantanes fotspor».
Inkludert er flybillettar, busstur, måltider, overnatting på
hotell, div. inngangsbillettar.
Trekning under Utvandringsfestivalen 30. juni 2012.
Turen går frå Bergen 30.
september til Minneapolis.
Derifrå med buss austetter,
via Decora, Chicago, Detroit,
Niagara Falls, New York,
Washington DC og vidare
til Orlando, med retur 14.
oktober.
Alternativt ein tur frå Orlando
14. oktober. Også den med
buss, først vestover langs
Mexico-gulfen fram til New
Orleans og Houston, deretter nordover til Minneapolis
med retur til Bergen 28.
oktober.
Tusen takk til sponsorane av
Amerikaturen: Sparebanken
Vest, Ella og Asbjørn Ystebø,
Radøygruppen og Henry
Rath.
30
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Vårprogram i regi av veneforeininga
Fredag 3. februar 2012 kl 19.00:
Konsert i Emigrantkyrkja
Rune Vidar Fjelde. Gjest Aslaug Klungland
Torsdag 15. mars 2012 kl 19.00: Årsmøte, Radøystova
Sundag 13. mai 2012 kl 15:
Konsert i Emigrantkyrkja
Arrangementet fell saman med sesongopninga
ved senteret
Foto: Strilen
31
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Siste utgåve av skriftserien vår:
Pionerliv i Amerika og bygdeutvikling på Sletta (2011)
Forord
Rolf Svellingen, red.
Olav Steinar Namtvedt
Vestnorsk Utvandringssenter (VUS)
- nokre tankar etter seminaret på festivalen 2011
Asbjørn Odd Ystebø
Amerika-gardar på Sletta
- nærområdet til Vestnorsk
Utvandringssenter
Odd S. Lovoll
Norske aviser i Amerika
Deres geografiske spredning og historiske rolle som
samfunnsbygger og forbindelsesledd mellom Norge
og nordmenn i Amerika
Else Matilde Hegdal og
Henriette Rosvold Bauge
Nordmennenes møte med
Amerika
- med utgangspunkt i Rølvaags ”Giants in the Earth”
Kr 120,- (+ evt. porto)
Bokheftet kan tingast ved å ringe 55 25 18 09 eller
ved å sende ein epost til:
[email protected]
32
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Finn vegen
Vestnorsk Utvandringssenter
og Sletta
Frå Bergen følger du E39
nordover gjennom Åsane
til Vågsbotnen og vidare
over Nordhordlandsbrua
mot Knarvik. I Knarvik følger du RV 57 til Isdalstø og
vidare RV 565 mot Radøy
vidare rett fram til Sletta.
Du finn vegen til Vestnorsk
Utvandringssenter og Sletta
etter ca. 20 min. køyring på
RV 565. Ikkje ta av til Manger. Turen tek om lag 50
min. frå Bergen.
vidare til Vestnorsk Utvandringssenter.
For bussruter sjå
www.skyss.no
Ta veteranbåten D/S Oster
til utvandringssenteret på
fleire av sundagane i sommarsesongen! Turen går frå
Bergen i den indre farleia til
Trikotasjemuseet i Salhus,
Lyngheisenteret på Lygra og
Turar sommaren 2012: 24.
juni, 1. juli og 8. juli. Avg.
Bergen kl.10. TIl Sletta kl.13
Retur kl.15. I Bergen kl.18
Seglingsplan på
www.oster.no
33
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Amerikafeber
Vil du vere med å setje opp spelet “Amerikafeber” av Johannes Heggland sommaren 2012
på Sletta?
Vi treng amatørskodespelarar, statistar og andre frivillige til oppsetjinga.
Ta kontakt med avdelingsleiar på tlf. 55 25 18 09 /
48 10 86 09
Spelet er støtta økonomisk
av Norsk teaterråd.
Vi tek atterhald om finansiering av prosjektet
Knud Knudsen, «Emigrantskib ved Afreise», Bergen ca.1871. (UBB’s billedsamling).
34
Vestnorsk utvandringssenter 2012
Kjem hausten 2012
“Førestellingar om Amerika”
7JTPNFMTLFS"NFSJLB
Levi Henriksen og Thomas Mårud
/PSHFJ"NFSJLBPH"NFSJLBJ/PSHF
Frank Årebrot
.“UFNFEEFUWJMMFWFTUFOJUFJLOFTFSJBSSPNBOBSPH
TQFMFmMNBS
Føredragshaldar blir annonsert seinare
35
Besøk oss
- Guida turar
- Permanente og mellombelse utstillingar
- Temadagar og seminar
- Undervisningsopplegg
- Bibliotek
Besøksadresse
Vestnorsk utvandringssenter
5939 Sletta
Administrasjon
Museumssenteret i Hordaland
Avd. Vestnorsk utvandringssenter
Salhusvegen 201
5107 Salhus
Opningstider
Sesongopning
19.5–17.6:
19.6–26.08:
Sundag 13.5 kl 12–16
Laurdag og sundag kl 12–15
Tysdag – fredag kl 12–17
Laurdag og sundag kl 12–15
Måndag stengd.
Heile året etter avtale.
Kontortider
Måndag–fredag: 08.00–15.30
Avdelingsleiar: Ida Dyrkorn Heierland
[email protected]
Tlf. 55 25 18 09 / 48 10 86 09
Prisar
Vaksne: kr 55,Student: kr 40,Born under 16 år: Gratis
Gruppe: kr 50,-/pers (minimum 10 pers.)
Det kjem eit tillegg på kr 700,- per gruppe for tinging
utanom dei orinære opningstidene.
Det kan kome endringar i årsprogrammet.
Følg oss på www.muho.no/vestnorsk-utvandringssenter for oppdatering.