Notat om gruvedrift og internasjonalt syn på sjødeponi Mads Løkeland 28.09.2011, Naturvernforbundet Revidert 07.12.11 og 07.03.12 med siste utvikling i Londonkonvensjonen/ protokollen og Verdsbankens retningsliner for miljømessig akseptabel gruvedrift. Notatet går spesielt på norsk og internasjonal utvikling og haldningar til Reduksjon av avgang/ avfall (avfallsminimering) Bruk av sjødeponi Innhald Oppsummering ........................................................................................................................................ 2 Miljømessig best gruvedrift: avfallsminimering og tilbakefylling ........................................................... 2 Indias nasjonale gruvestrategi............................................................................................................. 3 EUs mineralavfallsdirektiv og liste over ”Best available technology” ................................................. 3 Konkret om direktivet ..................................................................................................................... 4 Internasjonalt syn på tilbakefylling som miljøpolitikk ......................................................................... 5 Sjødeponi ................................................................................................................................................. 5 Internasjonal bruk av sjødeponi, med deponidybde .......................................................................... 6 Londonkonvensjonen og FN om sjødeponi ......................................................................................... 7 Berlin II Guidelines for Mining and Sustainable Development (FN) ................................................ 7 Londonkonvensjonen ...................................................................................................................... 8 Ny tolking av Londonkonvensjonen når det gjeld sjødeponi .......................................................... 9 Land med forbod mot sjødeponi ......................................................................................................... 9 Kina, Brasil, Australia, USA .............................................................................................................. 9 Kanada ........................................................................................................................................... 10 EU og sjødeponi ................................................................................................................................. 10 Gruvegigant erklærer stans i sjødeponi ............................................................................................ 11 Urfolk: Manilla‐erklæringa 25.03.2009 ............................................................................................. 11 Verdsbanken ...................................................................................................................................... 11 Gransking 2003 .............................................................................................................................. 11 IFC/Verdsbankens retningsliner for miljømessig akseptabel gruvedrift ....................................... 12 ”Fjord” på den norske raudlista for naturtypar ................................................................................ 13 Må vi bruke sjødeponi? ..................................................................................................................... 13 Internasjonal forsking ........................................................................................................................ 14 1 Oppsummering Naturvernforbundet har einstemmig landsmøtevedtak (2011) på at sjødeponi av gruveavfall i Noreg må bli forbode, og viser til alternative driftsmetodar1. Vi håper at dette blir norsk politikk, slik at Noreg ikkje stiller seg på sida av den internasjonale utviklinga på området. Noreg har hatt lite gruve‐ drift dei siste 20 åra, og står slik sett i ein unik posisjon til å stake ut miljømessig god gruvedrift. Organisasjonar av verdas urfolk har mana til kamp mot sjødeponi, spesielt med tanke på Papua New Guinea og Filippinene, som har omfattande lokale kampar mot utanlandske gruveselskap som ønskjer å dumpe avfallet i havet. Noregs haldning til sjødeponi vil vera internasjonalt viktig. Det er ein hard internasjonal strid om bruk av sjø/ fjord til dumping av gruveavfall.2 Resultatet er at dei fleste landa har slutta med sjødeponi, slik at det i dag berre er Noreg, Tyrkia, Papua New Guinea, Indonesia og Filippinene som praktiserer dette. Fleire land har forbod, som Kina, USA, Australia, Brasil og i praksis Kanada. Gruvegiganten BHP Billiton har erklært at dei ikkje vil bruke sjødeponi. FNs miljøprogram (UNEP) samarbeider med Londonkonvensjonen/ IMO for å få kontroll over dumping av gruveavfall frå land i maritime område for å hindre eit stadig dårlegare maritimt miljø, eit arbeid som er i gang. Med mindre Noreg ønskjer (og klarer) å hindre vedtak i UNEP/ Londonkonven‐ sjonen, kan utslepp av gruveavfall frå land bli underlagt det same strenge regelverket som utslepp på ope hav, og vil i praksis bli forbode. Noreg (ved KLIF) uttrykte 05.05.11, på møte i IMO (gransking av gruveutslepp frå land), at sjødeponi er vanleg praksis i Noreg og også vil bli vurdert for nye tilfelle. International Finance Corporation (Verdsbanken ‐ World Bank Group) har etablert eit sett miljøreglar for miljømessig akseptabel gruvedrift (desember 2007). Alle igangverande og planlagde norske sjødeponi ville blitt avviste av Verdsbankens som miljømessig uforsvarleg industripraksis ut i frå bankens retningsliner for miljømessig forsvarleg gruvedrift. Havforskingsinstituttet er sterkt kritisk til den norske praksisen og meiner dette er skadeleg for det biologiske mangfaldet. Fiskarlaget engstar for framtida til fiskebestandane og for trygg mat, som vi skal leve av i framtida. Tilsvarande er sjømatorganisasjonar sterkt kritisk, og Mattilsynet har uttalt seg negativt. Naturtypen ”Fjord” er plassert på den første norske raudlista for naturtypar, og dersom kunnskaps‐ basert forvalting skal vera meir enn honnørord i lovverket, så er det opprydding og ikkje ny foru‐ reining som må vera prioritet. Miljømessig best gruvedrift: avfallsminimering og tilbakefylling Eit av dei største problema med gruvedrift er dei store mengdene med gråberg (engelsk: ”waste rock”) og avgangen (engelsk ”mine waste” eller ”tailings”), som er det som er att etter at dei drivverdige ressursane er teke ut. Avgangen er gjerne finmala og ofte blanda med 1 Gruvedrift med sjødeponi er miljøkriminalitet. http://naturvernforbundet.no/getfile.php/‐ %20LM2011/DOKUMENTER%20LM2011/Uttalelser/Gruvedrift%20med%20sj%C3%B8deponi%20er%20milj%C3 %B8kriminalitet.pdf 2 ”Sjødeponi av gruveavgang” er uttrykket brukt av DirMin, KLIF, Bergindustrien o.a. 2 prosesskjemikaliar. Det er viktig å redusere mengda avgang og gråberg, både av miljømessige og ressursmessige grunnar. Avfallsminimering vil seia å bruke så stor del av ressursen som mogleg, og det kan for eksempel skje ved at: Det finst fleire mineral/ metall som ein kan ta ut når ein fyrst har henta ut og knust materialet. Finne alternative bruksområde for gråberg og Avgangen frå ei gruve på Stjernøy i avgang, for eksempel Finnmark er Debio‐godkjend som o fyllmasse til vegar, flyplass dikar etc kaliumgjødning i økologisk landbruk, o betongproduksjon og kan dekke halvparten av landets o jordforbetringsmiddel behov for kaliumgjødning. o keramiske produkt Avgangen frå Hustadmarmor på o tildekking av giftige sediment Møre kan dekke heile landsbehovet Kva ein kan bruke avgangsmassane til er avhengig for landbrukskalk. Begge stader går av fysiske og kjemiske eigenskapar. avgangen ut i sjøen som avfall. Tilbakefylling vil seia å fylle resten av avfallet/ avgangen attende i gruva eller ei anna gruve. Her må gruvedrifta bli planlagd med seksjonering av gruva med mellomlagring av avfallet/ avgangen. Tilbakefylling blir internasjonalt også brukt i djupe gruver for å stabilisere gruva. I Noreg kan det vera vanskeleg å oppnå løyve frå Direktoratet for Mineralforvaltning til bruk av tilbakefylling. Grunngjevinga er at dette kan hindre uttak av fleire verdiar. Indias nasjonale gruvestrategi Indias nye gruvelov og nasjonale gruvestrategi har eit avansert syn på gruvedrift, og seier at det nasjonale målet for gruvedrift og lovgiving for gruver er at alt som blir teke ut av grunnen skal bli brukt. Mineral er viktige verdiar å ta vare på, og det er eit miljøspørsmål. Det skal ikkje vera avfall eller avgang av noko slag: ”Zero waste mining will be the national goal and mining technology will be upgraded to ensure extraction and utilization of the entire run‐of‐mines. (7.2)”3 ” There shall be an adequate and effective legal and institutional framework mandating zero‐waste mining as the ultimate goal and a commitment to prevent suboptimal and unscientific mining. (2.1)” EUs mineralavfallsdirektiv og liste over ”Best available technology” Mineralavfallsdirektivet seier at det er ei målsetting å redusere avfallsmengden med betre nyttiggjering og alternativ bruk av avfallet, og at tilbakefylling i gruva bør bli brukt der det er mogleg. KLIF arbeider med å gjera mineralavfallsdirektivet til ein del av norske forskrifter. Forslaget frå KLIF var nyleg ute på høyring. 3 Government of India, Ministry of Mines, NATIONAL MINERAL POLICY, 2008 http://www.fedmin.com/html/nmp08.pdf 3 Konkret om direktivet Siterer frå Naturvernforbundets høyringsuttale: Pkt 3 i innleiinga til EUs direktiv seier: ”nyttiggørelse og navnlig genanvendelse bør foretrækkes, at mengden af affald til bortskaffelse bør minimeres”. Pkt 13 i innleiinga seier vidare: I artikkel 5 om avfallshandteringsplan er dette konkretisert, og det står mellom anna: Vi vil vidare vise til EUs liste over Best available Techniques, der tilbakefylling (backfill) i gruva blir grundig behandla som ein del av BAT for ”Reduction of footprint”.4 To sentrale prinsipp for berekraftig gruvedrift, avfallsminimering og tilbakefylling, er med andre ord grundig behandla i direktivet. Vi meiner at dette i liten grad er avspegla i forslaget til forskrift. Direktivet seier klårt at det er ei målsetting å bruke tilbakefylling i gruva for å redusere fotavtrykket, og det blir gjeve konkrete retningsliner for korleis ein skal redusere avfallsmengda. 4 European Commission: Reference Document on Best Available Techniques for Management of Tailings and waste‐Rock in Mining Activities, januar 2009, s 433 4 Internasjonalt syn på tilbakefylling som miljøpolitikk Sjødeponi I engelskspråklege tekstar blir sjødeponi gjerne omtalt som ”Submarine tailings disposal” eller ”Deep sea tailings disposal”. Disposal vil seia å kvitte seg med, eller å dumpe, så dette dreier om å sjå på gruveavgang som avfall og dumpe den i næraste sjø/ fjord. 5 Etter sterke internasjonale kampanjar og motstand, er det i dag berre Noreg, Tyrkia, Indonesia, Filippinene og Papua New Guinea som bruker sjødeponi. Internasjonal bruk av sjødeponi, med deponidybde Tyrkia > 2000 m Papua New Guinea > 1000 m Indonesia > 2000 m Noreg (Bøkfjorden, Ranafjorden, Elnesvågen og Stjernøysundet) 45 ‐120 m Filippinene (Uklart om dei fortsatt har aktive sjødeponi i 2012) Lista er korrigert ut i frå norske tilhøve, men elles i hovudsak basert på rapport som Scottish Association of Marine Scientists (SAMS) leverte i 2010 etter oppdrag frå EU for å avklare økonomisk stønad til ei gruve i Papua New Guinea. I den samanhangen laga SAMS følgjande liste over dagens og tidlegare bruk av sjødeponi basert på informasjon frå 2004 og 20065: 5 Scottish Association of Marine Scientists, ”Independent Evaluation of Deep Sea Mine Tailings Placement”, 7 Sep 2010 – 8.ACP.PNG.018‐B/15. 6 Londonkonvensjonen og FN om sjødeponi Berlin II Guidelines for Mining and Sustainable Development (FN) I 2002 kom FN med retningsliner om gruvedrift og berekraftig utvikling.6 Her står det mellom anna følgjande om internasjonale konvensjonar og gruvedrift: ”These conventions are notable for the use of trade restrictions as well as outright bans on certain substances, and many have implications for the mining industry. For example, the growing use of deep‐sea tailings disposal should take into consideration the Convention on the Prevention of Marine Pollution by Dumping of Wastes and Other Matters”. Med andre ord uttrykte FN allereie i 2002 at det er grunn til å bruke Londonkonvensjonen regelverk for å hindre utslepp av gruveavfall til marint miljø. Dette spørsmålet arbeider FN vidare med i dag, i samarbeid med Londonkonvensjonen/ IMO. 6 UNEP 2002, MINING AND SUSTAINABLE DEVELOPMENT http://commdev.org/content/document/detail/903/ 7 Londonkonvensjonen Londonkonvensjonens (Convention on the Prevention of Marine Pollution by Dumping of Wastes and Other Matters ) formål: “take all practicable steps to prevent pollution of the sea” Konvensjonens mål er generelt, og gjeld dermed i prinsippet også gruveutslepp frå land, men er i dag berre juridisk bindande for ope hav, f.eks oljeutvinning i Nordsjøen. Utslepp frå land fell utafor kontrollen, og FN (UNEP‐GPA) har dei siste åra samarbeidd med London‐ konvensjonen for å hindre at sjødeponi av gruveavfall frå land skal øydeleggja marine område.7 GPA står her for ”Global Programme of Action for the Protection of the Marine Environment from Land‐based Activities”. På vegne av Londonkonvensjonen og UNEP‐GPA, gjennomførde IMO (International Maritime Organisation) ei undersøking der underskrivarane av Londonkonvensjonen vart spurde om deira haldning til ”sub‐sea disposal of tailings and associated wastes from mining operations”, og 20.08.2010 vart resultatet presentert etter at berre 8 land svara. Resultatet i redigert og tolka form: Land Sjødeponi Syn på sjødeponi i dag? Australia Nei Brasil Nei USA Nei Forbode. Ber alle land om streng vurdering. Kina Nei Forbode ”Discharge/placement of mine tailings into sub‐sea environments is strictly forbidden by law at present in China” Japan Nei Polen Nei Sverige Nei Viser til EU Filippinane Ja ”Recycle, reduce, reuse mine wastes” Forbode. Viser til statleg handbok, som avviser sjødeponi som uaktuelt og i strid med reguleringer Forbode. ”Enclosed cycle with no spreading in the natural environment (land or water)” 09.11.2011 vedtok Londonkonvensjonens organar å granske Noreg og Papua New Guinea spesielt: ” from Norway on its reported discharge of mine tailings in fjords”8 05.05.2011 var Gunnar Skotte frå KLIF hos IMOs ekspert‐komite og presenterte Noregs syn på sjødeponi som noko som er allment akseptert og praktisert i Noreg9: ” Submarine tailings disposal is common practice in Norway, and will also be considered in future projects”. 7 LC/SG 31/16 7 July 2008 http://www.sjofartsverket.se/pages/15453/31‐16.pdf LC 32/15 9 November 2010 http://www.ucl.ac.uk/cclp/pdf/Protocol15.pdf 9 http://www5.imo.org/SharePoint/blastData.asp/doc_id=14031/Presentation%20‐ %20Submarine%20tailing%20disposal%20LC‐SG%20april%202011.pdf 8 8 Ny tolking av Londonkonvensjonen når det gjeld sjødeponi IMO har vedteke ny langtidsplan med følgjande målsetting for samarbeid med FNs program for redusert marin verknad frå landbaserte aktivitetar (UNEP‐GPA)10: MÅL 6 Tolking av Londonkonvensjonen 6.3 Samarbeid med UNEP‐GPA om gruveavgang, øydelegging av habitat og marint søppel ”samarbeid med målsetting om detaljert vurdering og effektiv kontroll med sjødeponi av gruveavgang.” Det vart vedteke å setja i gang ei ny undersøking med fokus på beste praksis og retningsliner (BAT) hos land med aktiv gruveindustri, men utan sjødeponi, eller som nyleg har avslutta bruk av sjødeponi. Målsettinga er å førebu eit framtidig policy‐vedtak for å utvikle eit styrande dokument med retningsliner. (development, from a regulatory perspective, of a general guidance document.) Avslutting av undersøkinga i 2012. Kort oppsummert kan ein seia at målsettinga er å bringe sjødeponi av gruveavgang frå land inn under Londonkonvensjonens strengare regelverk. Samarbeidet mellom Londonokonvensjonen/IMO og FN (UNDEP/GPA) Land med forbod mot sjødeponi Kina, Brasil, Australia, USA Kina, Brasil og Australia svara uttrykkeleg at sjødeponi er i strid med lovverket. Dette gjeld for eigen kyst. Det er likevel grunn til merke seg at gruveselskap frå Kina og Australia er aktive med sjødeponi i m.a. Papua New Guinea, i skarp strid med lokalbefolkninga. Det har vore reist tvil om USA har eit forbod mot sjødeponi, men det er vanskeleg å sjå at dette er reelt, sjølv om sjødeponi ikkje er nemnd eksplisitt i lovverket. I IMO‐undersøkinga går dei sterkt mot sjødeponi, og i tillegg kan ein vise til vise til FN: Commission on sustainable development, nineteenth session 2‐13 may 2011, report of the secretary general: ”Submarine tailings disposal (STD) is banned under the Clean Water Act in the United States11”. 10 JOINT LONG‐TERM PROGRAMME FOR THE LONDON CONVENTION AND PROTOCOL (2011‐2012) http://www.imo.org/blast/blastDataHelper.asp?data_id=30485&filename=42.pdf 11 http://www.un.org/esa/dsd/csd/csd_pdfs/csd‐19/sg‐reports/CSD‐19‐SG‐report‐Mining‐single‐spaced.pdf 9 Tilsvarande ei juridisk utgreiing av Bullivant Houser Bailey som seier: ”Submarine tailings disposal has been effectively banned in the United States and Canada by regulations protecting water and fish.12” Kanada Kanada har ikkje svara på IMOs undersøking, men det er generelt sett akseptert at Kanadas lovverk i praksis forbyr bruk av sjødponi (sjå mellom anna info om USA). EU og sjødeponi I Mineralavfallsdirektivet står det at utslepp av gruveavfall til resipientar som ikkje er spesielt laga for fomålet ikkje skal vera i strid med Vassdirektivet og direktiv om forureining. EU har ikkje formelt forbod mot sjødeponi, men viser til at ein ikkje kan stri mot Vassdirektivet. Sjødeponi er ikkje i bruk i EU, etter at England avslutta det siste sjødeponiet i 2003, då Boulby Potash Mine gjekk over til å fylle avgangen att‐ ende i gruvegangane. Danmark (Grønland) avslutta eit deponi i 1991. EUs mineralav‐ fallsdirektiv bruker ei BAT‐liste for Best Available Technology, 2009. Sjødeponi står ikkje på lista, og eit forslag på å stemme den inn vart avvist, både fordi ein veit for lite, og fordi ”In case of error, the damage cannot be undone.13” Det er grunn til å hevde at sjødeponi bryt med fleire av paragrafane i Vassrammedirektivet, og at det kan vera eit godt grunnlag for å klage Noreg inn for ESA dersom det blir gjeve løyve til nye sjødeponi, og om det ikkje blir sett opp tidsfrist for å avvikle eksisterande deponi. EUs Havstrategidirektiv har artiklar som i praksis forbyr bruk av sjødeponi. I det stille ser Noreg ut til å avvise dette direktivet, ved å vise til at det også dekkar havområde som er utafor EØS‐avtalens rekkevidde. Direktivet gjeld heilt inn til fjæresteinane, og Noreg kunne ha godteke direktivet med atterhald om dei aktuelle havområda og på det viset unngått konflikt. Når Noreg droppar heile direktivet, kan ein stille spørsmålet om ei av årsakene er at det ville ha hindra sjødeponi. 12 Bullivant|Houser|Bailey: Implications of disposal of mining waste. 2009. http://www.bullivant.com/Implications‐of‐Disposal‐of‐Mining‐Waste 13 Management of Tailings and Waste‐rock in Mining Activities http://eippcb.jrc.ec.europa.eu/reference/mmr.html 10 Gruvegigant erklærer stans i sjødeponi BHP Billiton, ein gruvegigant med 41.000 tilsette i 25 land, har kome med ei einsidig erklæring om å slutte å bruke sjødeponi: “We will not dispose of tailings or waste rock into a river or marine environment.14” Urfolk: Manillaerklæringa 25.03.2009 ”International Conference on Extractive Industries and Indigenous Peoples” i Manilla 23. – 25. mars 2009 hadde følgjande i slutterklæringa si: ” We call on states… to ban particularly harmful extractive practices, including riverine tailings disposal, gas flaring, effluent discharges, submarine tailings disposal, mountain top removal and large scale open‐pit mining.15” Erklæringa er mellom anna underteikna av: ”Ms. Turid Johansen Arnegard, NORAD (Norway).” Verdsbanken Gransking 2003 ”Extractive Industries Review 2003” var ein omfattande gjennomgang av gruvedrift med mange rapportar. Rapporten om miljø konkluderte med at Verdsbanken ikkje bør støtte gruvedrift basert på sjødeponi, men innføre eit moratorium16. Grunngjeiinga var mellom anna: Slam og giftstoff blir nesten alltid spreidd lengre ut enn planlagd Tap av biologisk mangfald, nedslamming og spreiing av kjemikaliar Risikofylt, også på store djup. Tap av mikrobiologisk liv ved store djup kan setja den totale økologiske balansen i fare Det finst nesten ikkje uavhengig forsking på sjødeponi. Det var gruveselskapa og deira konsulentfirma som gjorde utgreiingane. Denne rapporten førte til ein omfattande internasjonal kampanje for å få Verdsbankens styre til å følgje tilrådinga, men det nådde ikkje fram. Vedtak i EUparlamentet 2004 EU‐parlamentet med vedtak 29.04.2004 ”Calls on the Commission, Council and Member States to support . . . a moratorium on submarine tailings disposal.17” 14 BHP Billiton, 2010: Our sustainability framework http://www.bhpbilliton.com/bbContentRepository/docs/ourSustainabilityFramework2010.pdf 15 http://www.minesandcommunities.org/article.php?a=9147 16 Research report 6. Mining and Critical Ecosystems: Mapping the Risks http://irispublic.worldbank.org/85257559006C22E9/All+Documents/85257559006C22E985256FF7004809DF/$ File/volume6ecosystems.pdf 17 http://www.europarl.europa.eu/sides/getDoc.do?pubRef=‐//EP//TEXT+TA+P5‐TA‐2004‐ 0272+0+DOC+XML+V0//EN 11 Internasjonal felleserklæring 2004 Felles brev frå parlamentarikarar, miljøorganisasjonar og politiske parti (mellom anna Demokratana i USA) frå heile verda: ”impose a moratorium on the use of submarine tailings disposal”18, mellom anna: Fleire regjeringsparti/andre parti i EU‐landa, Democratic party i USA, fleire parti i Kanada, regjeringspartia i Brasil, Bolivia og Uruguay, etc etc IFC/Verdsbankens retningsliner for miljømessig akseptabel gruvedrift International Finance Corporation/World Bank Group kom i desember 2007 med gjeldande retningsliner for miljø, helse og sikkerheit for gruver.19 Dette er retningsliner for ”Good International Industrial Practice” (GIIP) som det er forventa at finansinstitusjonar skal følgje når dei er involverte i gruvedrift. Retningslinene at ”shallow marine tailings disposal” er i strid med akseptabel industripraksis. For å finne informasjon om kva Verdsbanken legg i uttrykket ”shallow marine”, må ein gå til bakgrunnsmaterialet, som omtalar dette som området ned til 400 m20. Bakgrunnen for å avvise grunne område til å vera i strid med internasjonal industripraksis, er at dette dreier seg om djup der ein kan finne eit rikt biologisk liv som kan bli skadelidande gjennom utslepp av gruveavgang. I andre faglege samanhangar kan ein finne ”shallow marine” omtalt som djup ned 250 ‐ 500 m. Alle aktive og planlagde norske fjorddeponi vil bli avviste av Verdsbanken som uakseptabel industripraksis. Vidare seier retningslinene at sjødeponi (ved større djup) berre kan bli vurdert som alternativ dersom det ikkje er mogleg med miljømessig akseptable metodar for å lagre avgangen på land (eller tilbakefylling i gruva): ”only in the absence of an environmentally and socially sound land‐based alternative”. I tillegg blir det stilt krav om ei uavhengig vurdering kva påvirkning utsleppet vil ha på det marine miljøet eller kystressursar: ”that the discharge is not likely to have significant adverse effects on marine and coastal resources..” Verdsbankens retningsliner stiller dermed så strenge krav at ingen av dei aktive og omsøkte norske fjorddeponi vil bli akseptert, sjølv om djupa hadde vore vesentleg større. Det blir vidare stilt strenge krav til uavhengig vurdering av virkninga av utsleppet. Den einaste uavhengige vurderinga av dei norske deponia kjem frå Havforskingsinstituttet, som er sterkt kritisk til deponia. 18 Monica Frassoni, DEPUTATO AL PARLAMENTO EUROPEO, 02.04.2004 http://apps.edf.org/documents/3636_MPPetition_040204.pdf 19 IFC/World Bank Group 2007: Environmental, Health, and Safety Guidelines MINING http://www.ifc.org/ifcext/enviro.nsf/AttachmentsByTitle/gui_EHSGuidelines2007_Mining/$FILE/Final+‐+Mining.pdf 20 Robert Goodland, ”Sourcebook: Policy Options for the World Bank Group in Extractive Industries” Indepentent Extractice Industries Review for IFC and World Bank Group. 9.juni 2006. http://commdev.org/content/document/detail/1113/ 12 ”Fjord” på den norske raudlista for naturtypar Artsdatabankens vurdering: ”Fjordområder har gjennom lang tid blitt tilført forurensning fra ulike virksomheter og aktiviteter. Miljøgifter er avsatt på sjøbunnen og utgjør sammen med dagens utslipp en betydelig belastning på organismer og økosystem. ” Artsdatabanken har ikkje kunnskap nok til å fastleggja kvar på skalaen ”Fjord” skal stå. Naturmangfaldlova krev kunnskapsbasert forvalting og ”føre var” prinsippet. Raudlisting av naturtypen ”Fjord” må føre til avvising av alle søknader om sjødeponi for å sikre levande norske fjordar. Behovet er opprydding, ikkje nye utslepp. Må vi bruke sjødeponi? Det må bli sett på som ei fallitterklæring når norske offentlege og private bergverksinteresser uttrykker at det ikkje er mogleg å drive gruvedrift i Noreg utan å bruke næraste fjord til dumping av gruveavfall. Her dreier det seg om å sette gode miljømessige rammevilkår, så vil industrien tilpasse seg desse vilkåra. GEONOR, ein rapport frå NTNU, NGU, NORU, SINTEF, finansiert av UD, fylkeskommunane i Nord Noreg og Landsdelsutvalget (desember 2010) uttrykker det slik: ”Sjødeponi er en forutsetning for videreføring av og etablering av ny gruveindustri i Nord‐Norge. Sentrale organer har en oppfatning av at utredning av sjødeponi har variabel faglig kvalitet, samt at det eksisterer skepsis overfor sjødeponi i Norge. … Samtidig er dette en løsning som har møtt betydelig nasjonal og internasjonal motstand, mye på grunn av uheldig erfaringer fra operasjoner i deler av verden der hensynet til miljøet har kommet i annen rekke.21” 21 GEONOR des 2010: http://www.norut.no/alta/Norut‐Alta‐Alta/Publikasjoner/Rapporter/GeoNor‐Industriell‐ verdiskaping‐basert‐paa‐geologiske‐ressurser‐i‐Nordomraadene 13 Internasjonal forsking Gruveselskap og forskarar i institusjonar som utfører konsulentoppdrag for gruveselskap hevdar at sjødeponi kan vera miljømessig akseptabelt, spesielt når det gjeld store djup. Dette er påstandar som ikkje er underbygget av uavhengig forsking. Det er tvert om mykje som tyder på at sjødeponi får store konsekvensar for marint liv, også på store djup, og at dei som planlegg sjødeponi tek feil, både når det gjeld kor langt materiale og giftstoff blir spreidd og korleis dette påverkar marint liv på kort og lang sikt. Desse synspunkta om manglande uavhengig forsking vart mellom anna fremma av Verdsbankens ekspertgruppe som skreiv bankens gruverapport på miljøområdet i 2003, og er gjenteke av fleire forskarar seinare, mellom anna Daniel M. Franks & al i rapporten ”Sustainable development principles for the disposal of mining and mineral processing wastes” i 201122: ”Currently, there is a lack of peer‐reviewed and independent scientific studies to verify these assumptions.” (”Assumptions” er her påstandane om at sjødeponi på store djup er miljømessig akseptabelt.) Scottish Association of Marine Scientists leverte i 2010 ein omfattande (og uavhengig) rapport om bruk av sjødeponi på store djup i Papue New Guinea på bestilling frå EU23. Dei konkluderte med at også deponi på store djup har vesentlege konsekvensar for livet, og i følgje Daniel M. Franks & al, argumenterer dei for å bruke føre var prinsippet: ”Until such a time when there is a greater understanding of the risks and costs of DSTP, a strong case can be made that the precautionary principle should apply.” Nokre forskarar hevdar at Island Copper Mine i Kanada er eit døme på vellukka sjødeponi, men andre forskarar peikar på at ein finn auka konsentrasjon av kopar 16 – 20 km unna utsleppet, og redusert biomangfald. Jens Søndergaard m.fl. peiker i ein rapport i 201124 på langtids skadevirkningar etter avslutning av sjødeponi i Maarmorilik i Vest‐Grønland (avslutta i 1990). Innhaldet av bly skuldast i stor grad utlekking frå land, men innhaldet av sink skuldast sjødeponiet. ”Within the discharge area, seawater metal concentrations (especially Pb) decreased abruptly after mine closure. Metals concentrations in sediments and biota, however, decreased more slowly and two decades after mine closure seaweeds and blue mussels were still contaminated 12 km from the mine.” ”The contamination by Zn, however, still seemed to be considerably influenced by a release of Zn from the waste materials at the bottom of Affarlikassaa.” 22 Resources Policy 36 (2011) 114–122. Daniel M. Franks, David V. Boger, Claire M. Cˆote, David R. Mulligan (University of Queensland og University of Melbourne); Sustainable development principles for the disposal of mining and mineral processing wastes 23 SAMS 2010: Independent Evaluation of Deep‐Sea Mine Tailings Placement (DSTP) in PNG Project Number: 8.ACP.PNG.18‐B/15 24 Marine Environmental Research 71 (2011) 331‐341; Jens Søndergaard, Gert Asmund, Poul Johansen, Frank Rigét, Aarhus University; Long‐term response of an arctic fiord system to leadezinc mining and submarine disposal of mine waste (Maarmorilik, West Greenland) 14
© Copyright 2024