Biskopen i Os

Nr. 4 - juni 2010 - 65. årgang
k
Bis
o
i
pen
Os
Les om
Bispevisita sen
s. 6, 7 og 11.
Konfi r m ant 2011
Fok u s på val
Vil du dra på leir ?
Er du konfirmant til neste år?
Sjå utvalet av grupper
du kan bli med i
Sjå korleis det går med dansegruppa
som er starta av misjonærane
våre i England.
Her får du ein oversikt over
sommarleir for barn
i alle aldrar
s. 04
s. 05
s. 09
LEIAR
Kyrkjebladet for Os kjem ut
8 gonger i året, og vert sendt til
alle heimar i Os. Det er også
mogleg å tinga bladet for
dei som bur utanbygds.
Redaksjon:
Geir Sakseid, Gerhard Hansen
og Birgitte Vaksdal, redaktør.
Adresse:
Os Kyrkjeblad, Boks 209, 5202 Os
Besøksadresse: Øyro 49
Bladkontingent:
200,- pr.år/250,- for utanbygds.
Bankgiro nr. 1503.09.81119
Boks 209, 5202 Os.
E.post: [email protected]
Utgjevar: Os sokneråd
Ansvarleg redaktør: Kyrkjeverja
Er Gud heime?
Spørsmålet i overskrifta kan
tolkast på fleire måtar. Eg vil
gjerne at du skal spørja deg sjølv:
Korleis kjem trua på Gud til
uttrykk heime hos deg? Er Gud
heime - i din familie?
Trykk: Grafisk Team
Opplag: 7100 stk
Kyrkja blir ofte kalla “Guds hus”. Det er godt
at det står ei kyrkje i bygda - eit heilagt rom
der me kan søka inn i Guds nærleik. Men det
er ein annan stad som er minst like viktig
for at trua på Gud skal veksa og utvikla seg,
både for born og for vaksne: Det er din eigen
heim.
Forsidefoto: Birgitte Vaksdal
Heimen - ei lita kyrkje
Layout og produksjon av bladet:
MacBox AS - www.macbox.no
Kyrkja er meir enn kyrkjehuset. Kyrkja er eit
levande fellesskap som lever og rører seg
heile veka. Me treng gudstenesta og det
store fellesskapet om søndagen, men me
treng også å leva ut trua vår i kvardagen.
Forsking viser at borna får dei viktigaste
impulsane til tru frå foreldra sine. Når begge
foreldra lærer borna sine å be, vil ein mykje
større del av borna bli praktiserande kristne,
enn om berre ein av foreldra er involvert
i opplæringa. Martin Luther har sagt at
“foreldra er apostlar, biskopar og prestar for
borna sine, for det er foreldra som gjer dei
kjende med evangeliet”.
I andre land er folk ofte flinke til å gi plass for
trua i heimen. Muslimske born ber saman
med foreldra heime. Hinduar har ofte eit
husaltar heime, slik at alle kan sjå at her bur
det hinduar. Kva slags synlege uttrykk for
trua vår kan me som er kristne ha heime?
Mange som har vore på tur til Syden har med
seg heim ikonar med religiøse motiv. Kan
me bruka slike bilde som meir enn pynt? Kva
med å laga ein krok i stova som viser kven
me trur på? Alle borna i Os som blir døypte,
får også med heim eit lite bilde med teksten
til ei kveldsbøn. Kva med å henga dette opp
over senga?
For mange er det kjøkenbordet som er
det viktigaste “husaltaret”. Her kan ein be
bordbøn til måltida. Her kan ein snakka saman
om dei viktigaste tinga som skjer i familien.
Kanskje går det også an å lesa saman ein
andakt eller eit avsnitt frå Bibelen, og be om
Guds velsigning.
Vanskeleg i praksis?
Det er ikkje lett å få dette til i praksis. Det
er så mange ting som konkurrerar om
merksemda vår. Om morgonen er det kanskje
fullt kaos for at alle skal komma seg tidsnok
ut. Om ettermiddagen skal me kjøyr til og frå
diverse treningar og fritidsaktivitetar. I stova
dominerer oftast TV-en, eller me sit med kvar
vår PC eller dataspel. Å setja av kvalitetstid
saman med borna krev at me gjer medvitne
val. Det krev også at me ikkje gir opp med
ein gong når me ikkje får det heilt til.
Her treng me det store fellesskapet. Saman
kan me inspirera kvarandre, setja mot i
kvarandre og gi kvarandre idear. Kyrkja og
ulike organisasjonar har også mange ressursar
som foreldre kan bruka heime når dei skal
dela trua med borna. IKO-forlaget (www.
iko.no) tilbyr til dømes “Dåpsklubben Tripp
Trapp”, der foreldre og fadrar kan kjøpa bøker
og musikk til borna. IKO har også ei eiga side
for foreldre, med råd og tips til korleis dei kan
gjera trua synleg heime.
Er Gud heime? Eg trur Gud ønskjer både at
me finn han heime når me søkjer hjelp hos
han, og at han kan vera til stades heime hos
oss. Lukke til!
Geir Sakseid
KApellan
OS Kyrk jeblad Nr.3-10
aktuelt
Dåp i Nore Neset
Endringar i staben
Barnesekretær Kari Torsvik sluttar i løpet av
juni. Ho har arbeidt ved kyrkjekontoret i sju
år og skal ha mykje av æra for det blømande
barnearbeidet. Ikkje minst har ho brukt
både hjarta og songstemma på babysong,
konsertar,lovsong på 5’aren og kor for dei
større borna. VI ynskjer Kari lukke til vidare
og takkar for innsatsen.
Ungdomsarbeidar Knut-Inge Johnsen kom til
oss for to år sidan og har blitt ein sjølvsagt
del av ungdomsmiljøet i kyrkjelyden vår. Det
er mange som vil sakne han når han no tek
eit års permisjon for å arbeide som fotolærar
ved Fana folkehøgskule. At han kan sine
saker på det området er det likevel ingen tvil
om og vi veit at det er mange ungdomar som
vil få eit flott år der på grunn av Knut-Inge.
I samband med at desse to sluttar er det
lyst ut to stillingar. Ei 50 prosent fast stilling
som ungdomsarbeidar og eit 100 prosent
årsvikariat som barne- og ungdomsarbeidar.
Tilsetjing vil skje i næraste framtid.
med sin musikalitet. Både på gudstenester,
eldretreff og babysong. Etter nesten tre år er
Linda klar for nye utfordringar og vi ynskjer
henne lukke til vidare. Også i hennar stilling
ventar vi å kunne tilsetje nokon i løpet av
kort tid.
Kantorvikar Aasmund Brekke skal til hausten
attende i si ordinære stilling i Fjell kyrkjelyd.
Heldigvis er Aasmund osing så vi har god
von om at han som frivillig vil prege kyrkjelyden med sin kreativitet og speleglede.
Så er det med stor glede vi ynskjer kantor
Tore Hegdahl attende frå hausten etter at han
har fordjupa seg i studier det siste året.
Diakon Bjørg Sørfonden Bye er for tida sjukmeld, venteleg til over sommaren.
Frivilligkoordinator og mediearbeidar Anne
Marie Aarøen Vangnes er attende frå morspermisjon frå mai månad. Frå august går ho
ned i 60 prosent. Birgitte Vaksdal vil ha ansvaret for kyrkjebladet ut august.
Sekretær Monica Refsdahl held fram i eit 80
prosent vikariat til sommaren 2011.
På musikkfronten skjer det også endringar.
Organist Linda Haugland har sagt opp frå
hausten av. Linda har delteke over heile fjøla
Linda Haugland
Knut-Inge Johnsen
Aasmund Brekke
Kari Torsvik
Os sokneråd
Os kyrkjekontor
3
4
OS Kyrk jebla d Nr.4-10
Ung
Vert du med i golfgruppa får du ta grøntkortkurs.
Er du glad i ballspel
og idrett kan KRIK kanskje
vere noko for deg.
Konfirmant 2011
Opplevinga av årets konfirmant­
opplegg har vore særdeles positiv.
Av den grunn vil vi fortsetja å
ha dette tilbodet til komande
konfirmantar.
Tekst: Arne Stautland
Det vert nok gjort litt endringar på fleire
område, men du vil og dette året få tilbod
om fleire forskjellige konfirmantgrupper.
Dette er utvalet 2011konfirmantane kan velja:
• Barnearbeid – her kan du få vera leiar
og førebilete for born i kyrkjelyden
saman med vaksne. Her er alternativ
som kor, klubb og speidar.
• Båt- og Sjøliv – båtførarprøva er
noko vi prøver å få til her, men
også fisking og mykje meir.
• Golf – Gjennom denne gruppa får
du bli med på grøntkortkurs på
Bjørnefjorden golfklubb
• Join Us – band
• Join Us – ten sing
• Klubben på Os – Dette er Os kyrkjelyd
sin ungdomsklubb i Kyrkjetunet. To
grupper om naudsynt.
• KRIK Os – idrettsgruppe
• KRIK Nore Neset – idrettsgruppe
• KRIK eXplore – friluftslivgruppe
• Kunst – måling, teikning m.m
• Musikal i høve 10-årsjubileet til Nore
Neset kyrkje. Musikalen “Josef”
skal setjast opp.
• Ungdomsklubb på Søfteland – klubben
har samling på Søfteland bedehus.
Det er mogleg å melde seg opp og etter
fristen, men då stiller du bakerst i køen.
Oppmelding til konfirmasjon skjer i år
som i fjor via internett. Linken finn du på
nettsida til Os kyrkje, www.os.kyrkja.no,
og er open i perioden 7. juni til 1. juli.
Det er og sett av tid til eit foreldremøte
med informasjon onsdag 16. juni
kl. 18.00 – 19.00 i Os kyrkje.
Kristendomsundervisninga vil i stor grad
skje i gruppene ved at gruppeleiar eller
nokon frå kyrkja er med. Det blir minimum
to timar undervisning kvar månad. Dette
i tillegg til gudstenester, fasteaksjon,
andakter m.m. Konfirmanten skal ved
årets slutt ha hatt minimum 45 timar med
kristendomsundervisning.
Lurer du på noko vedrørande konfir­
masjonstida i Os er det mogleg å ta kontakt
med oss her på kontoret. Eller du kan høyre
med årets konfirmantar om kva erfaringar
dei har hatt.
Explore på kajakktur.
OS Kyrk jebla d Nr.4-10
Misjon
Å ta eit val
Familien Hallesby Evjedal fortel
på bloggen sin korleis det gjekk
då dramagruppa Xpressions
skulle halde deira fyrste store
oppsetjing.
Tekst og foto:
Ingvild Hallesby og Roar Evjedal.
«Choices» var tittelen på gruppa si fyrste
opptreden utanfor gudstenestesetting.
Sidan vi starta opp etter juleferien i
januar, har denne framføringa vore
fokuset for øvingane. Alt som er gjort av
dans, drama og song har handla om val
i forhold til skule, yrkesval, kjærleik og
tru. Det har handla om at vala vi tek får
konsekvensar. Det har handla om å bli
akseptert for den ein er. Det har handla
om at vi skal vere forsiktige med kva
vi ynskjer. Det er ikkje sikkert ting blir
så mykje betre om vi får alle ynskjer
oppfylt. Og ikkje minst har det handla
om at uansett kva slags val vi tek, så
ynskjer Gud å vere tilstades i liva våre.
Fyrste dansenummer var til songen «Lord give me a sign». Breakdansing av Ollie, Sam og Joel.
Til tider har frustrasjonsnivået vore
høgt. Greier vi verkeleg å lære alle
trinna i hip hop-dansen? Finn vi gode
replikkar til dramaet, som strengt tatt
berre er basert på eit «screenplay», som
igjen er basert på ei idémyldring med
dramagruppa. Og får vi songen «Lean on
me» til å høyrest bra ut, og ikkje som
om den er framført av ein saueflokk?
dramastykket «If I was not upon the
stage» og til avslutningsnummeret, eit
pantomimestykke med DC Talks «In the
light» som medfølgjande musikk. Dette
vart berre nokre av mange høgdepunkt
for denne kvelden.
Svaret er eit rungande ja! Dei siste
vekene før framføringa 7. mai falt ting
på plass. Gruppa følte at dette har
vi kontroll på. Ei generalprøve for eit
spesielt invitert publikum bekrefta det.
Ingvild Hallesby og Roar Evjedal
er tilsette som misjonærar i
teneste i Carlisle, England. Dei
bur i den vesle industribyen
Barrow-in-Furness der dei er
engasjerte i etablering av nye
ungdomskyrkjelydar saman med
lokale samarbeidspartnarar.
Då kvelden kom, var det likevel ei
spent gruppe som gjorde seg klar for
å gjere «Choices» for 100 betalande
publikummarar. Men alt satt som
det skulle frå gjengen marsjerte inn,
syngande til Queen sin «We will rock
you», via Zoe, Katie og Anna sin nydelege
dans til Tim Hughes´ «Everything»,
Ingvild Hallesby, Roar Evjedal og Marie (1).
Følg familien på bloggen deira:
http://www.hallesbyevjedal.blogspot.com
5
6
OS Kyrk jebla d Nr.4-10
Biskop Halvor på besøk:
Kom for å heie oss fram
Henrik (4) i Nøtteliten
barnehage fekk æra av å helse
på og slå av ein liten prat med
biskop Halvor Nordhaug.
Tekst: Birgitte Vaksdal
Foto: Birgitte Vaksdal og Gerhard Hansen
Torsdag 22. april er ein heilt spesiell dag for
borna i Nøtteliten barnehage på Søfteland.
Dei har førebudd seg godt, nesten som
om Kongen skal kome på besøk. Utanfor
barnehagen er det pynta med flagg. Borna
er samla i eit rom og venter spent på
gjesten.
– Vi veit kven biskopen er, ikkje sant? Han
er sjef for prestane i heile bergensområdet,
forklarer pedagogisk leiar Liv Wallem
Aspaker til borna.
Song med
Like etter kjem biskopen inn, smilande
og ikledd lilla skjorte med ein stor kross
rundt halsen. Med songar som «Du er du
og du duger», «Blomster små» og «Guds
kjærlighet er rundt meg», stemmer biskopen
i saman med ungane. Røyrslene er han óg
med på.
– De er flinke til å synge, roser biskopen
etterpå.
Halvor Nordhaug fortel at han har tre søner
som alle har gått i barnehage.
– Ein av dei var særs glad i å klatre i trær. Ein
dag datt han ned. Han fekk hol i hovudet og
måtte til lege, men vart frisk igjen. Hugs å
klatre ned att og ikkje hopp med hovudet
først, seier biskopen til barna.
Helste på biskopen
Etter samlingsstunda har biskopen eit
lite møte med leiinga før det er tid for
omvisning.
– Hei, kva heiter du?
Henrik (4) ser opp frå legobygginga og gir
biskopen eit varmt handtrykk.
– Eg heiter Henrik, seier han og tek
samstundes runden på kva resten av borna
rundt bordet heiter.
Dei små helser på biskopen og viser fram
leiker og ting dei har laga. Besøket er
dessverre litt kort, for programmet er tett.
Deretter går turen til Søfteland skule for
biskopen og følgjet hans.
Ærlege svar
10. klasse på Søfteland skule får møte
biskopen til spørjetime i auditoriet på
skulen. Elevane Katrine Marie Håvik og
Gaute Djupevåg har samla inn spørsmål på
vegne av dei tre parallellklassane.
– Kvifor må biskopen reise rundt? spør dei først.
– Eg besøker kyrkjelydar for å oppmuntre og
heie dei fram, svarer Nordhaug.
Biskopen fortel at han har bitre minne
frå Os. På ei tid då det gjekk dårleg med
Fredrikstad fotballklubb, klubben i heimbyen
hans, var det opptrykkskamp på Kuventræ
mellom FFK og Os.
Triveleg bygd
– Fredrikstad tapte. Sidan den gong har eg
hatt eit vanskeleg forhold til Os. Men no når
eg er her, så ser eg at det er ei hyggeleg
bygd, seier den fotballinteresserte biskopen
til elevane.
Visitasforedrag
Som avslutning på visitasen, preika Halvor
Nordhaug under gudstenesta søndag
25. april. Etter sjølve gudstenesta leste
han opp sitt visitasforedrag. Det er ei
tilbakemelding til kyrkjelyden om hans
inntrykk etter besøket i Os.
Biskopen hadde mykje godt å seie om Os
Han får spørsmål om alt frå inntekt, homofili,
sex før ekteskapet, brot på dei ti bod, om
å leve i sølibat og kva biskopen meiner er
negativt med kristendommen. Han svarer
rett fram på alle spørsmåla, utan å nøle.
– Kva skjer etter døden, vil elevane vite
vidare.
– Eg trur vi får leve med Gud, vi som er
teikna med krossmerket, svarer han.
Vindfanget
Neste stopp på programmet er Vindfanget
oppfølgingssenter på Osøyro. Her får
biskopen og følgjet hans møte både tilsette
og brukarar ved senteret. Her kan ein få
plass i ei mellomfase etter rusmisbruk eller
soning i fengsel.
Det blir servert varm lunsj og kaffi. Biskopen
er imponert over det flotte nye bygget ved
Oselva. Det vert også tid til omvisning i
sykkelverkstaden utanfor.
– Det er godt at kyrkja har stader der folk
kan kome og kjenne at dei blir tatt imot
med respekt, og der ein kjenner at det er
godt å vere. Vi i kyrkja kan vere med og
be for, og gje støtte til verksemda, seier
biskopen under lunsjen.
Etter visitten på senteret går turen vidare
til Kongshaug musikkgymnas. Brukarane på
Vindfanget sit igjen med gode minner frå
besøket
– Dei set stor pris på at biskopen og følgjet
tok seg tid til å besøke oss. Han virka
oppriktig interessert i livet deira og det
dei jobbar med, seier daglig leier Gunnvor
Hernes Leonsen.
Visitasforedraget kan du laste ned på heimesidene
til Os kyrkje: www.os.kyrkja.no
kyrkjelyd, men peika samtidig på fleire
utfordringar. Han meiner mellom anna at
vi treng å styrke givartenesta og å få ei
betre form på ungdomsgudstenestene.
Kyrkjelyden fekk høve til å stille spørsmål
om visitasforedraget under kyrkjekaffien
etter gudstenesta. Fleire peika på at han
ikkje hadde nemnt arbeidet for dei eldre.
– Eg valde å kommentere ting der det er
mogleg å gje utfordringar, og ting som er
gjenstand for diskusjon. Eg har registrert
at eldrearbeidet ikkje er gjenstand for
særleg mykje diskusjon, men heller
takksemd, svara biskopen.
OS Kyrk jebla d Nr.4-10
Biskopen set seg ned i lang med Hans Christian (frå venstre), Frithjof og Roy, og spør korleis dei har det på Vindfanget.
Henrik (4) sit og byggjer lego når biskopen kjem og helser på han.
Halvor Nordhaug forsyner seg med kake under kyrkjekaffien.
Borna i Nøtteliten
barnehage, 10. klassingane
på Søfteland skule
og brukarane på Vindfanget
Oppfølgings­senter var
blant dei heldige som blei
vitja av biskop Halvor
Nordhaug.
– Eg ynskjer å vere ungdommens biskop fordi dei unge er framtida, seier biskopen til 10. klassingane på Søfteland skule.
Biskopen var med på både sang og røyrsler
i Nøtteliten barnehage.
Varaordførar Marie Bruarøy takkar biskopen for ei
spennande gudsteneste og veke under kyrkjekaffien.
Ho oppfordrar samtidig kyrkja til å bli flinkare til å ta
kontakt med kommunen.
Biskop Halvor Nordhaug les opp visitasforedraget sitt
under gudstenesta i Os kyrkje søndag 25. april.
7
8
OS Kyrk jebla d Nr.4-10
Nytt frå verda
5'aren
hausten 2010
Gjevartenesta
5'aren har vore ein vital del
av Os kyrkjelyd i tre år no
med gudstenester
første og tredje søndag i
månaden.
«Det er eit større potensial i Os. Os kyrkjelyd er rik. Tenk på kor mange pengar
kyrkjelyden har gjennom sine medlemar, 85 prosent av nesten 17000 (16 684).
Då er i underkant av 200.000 kroner i året i gjevarteneste alt for svakt.
Prestane må forkynna det fram og soknerådet må legga til rette».
Det er Einar Ekerhovd, som har leia
arbeidet frå starten. No leverer
han stafettpinnen vidare til resten
av styringsgruppa og prestane i
kyrkjelyden. Til hausten vert det tre
5' ar-gudstenester, 5. september,
3. oktober og 21. november.
Faste element vil framleis vere nyare
lovsong, forkynning, nattverd og
barne­samling. Soknerådet arbeider
med å utarbeida ein gudstenesteplan
som ser alle gudstenestetilbod i Os
kyrkjelyd i ein samanhang. 5'aren
inngår som ei gudsteneste spesielt
tilrettelagt for barnefamiliar. Men
også mange godt vaksne kjenner seg
heime i denne forma for gudsteneste
og er velkomne.
Biskopen utfordra kyrkjelyden til å styrke gjevartenesta.
Han sa mellom anna følgjande:
Seks nye gjevarar har meldt seg no i vår; i tillegg er det ein del som har
fått justert opp sitt månadlege trekk på avtalegiro.
Men det er framleis plass til fleire. Ta snarleg kontakt med kyrkjekontoret og få
hjelp til fast gjevarteneste. Gjevarteneste til eigen kyrkjelyd er ei god teneste.
25 000
20 000
15 000
Budsjett
10 000
Innkommet
så langt i år
5 000
0
Jan
Febr
Mars
April
Som du ser av søylane over, manglar vi nærare 5000 for kvar månad i gåver for å nå det
mål soknerådet har sett, nemleg 250.000 i 2010.
Vi ynskjer at alle skal finna sin plass i
kyrkjelyden vår og delta i fellesskapet
Os kyrkjelyd
Nyfiken?
Er du nøgd med kyrkjebladet? Set du pris på å få nytt om smått
og stort i kyrkjelyden heim i postkassa di? Du kan vise det ved å
betale bladkontingenten for 2010. Du la kanskje ikkje merke til
giroblanketten som kom i februarnummeret?
Fotvil ikkje - det er framleis tid til å betale kr. 200 til konto nr.
1503.09.81119. Så er du med og sikrar at vi kan lage eit like godt
og enno betre blad i 2011.
Os sokneråd
OS Kyrk jebla d Nr.4-10
Oversikt over kva
vi har fått inn i offer
sidan 28. mars 2010
28.03.10
Blå Kors: kr 5254,50
04.04.10
Misjonsprosjektet: kr 12 703,05.04.10
Amathea: kr 1234,
11.04.10
Barnearbeid i eigen kyrkjelyd:
kr 4900,50
18.04.10
Bymisjonen: kr 4950,50
25.04.10
Menighetsfakultetet:
kr 11 027,50
02. og 09.05.10
Konfirmantarbeid i kyrkjelyden:
kr 39 594,13.05.10
Norsk Misjonsselskap:
kr. 3559,16.05.10
Kyrkjetunet: kr. 3316,50
17.05.10
Kristent Interkulturelt Arbeid:
kr. 6618,50
Vil du dra på leir?
Sommaren er ei fin tid for å dra på leir og bli kjent
med nye. Her finn du ei oversikt over leirstader som arrangerer
leirar i sommar.
NMS Leirdatoar
• 18.-20. juni: Sommeraktivitetsleir
for 5.-7. klasse på Alværa.
• 21.-23. juni: Sommerleir for
2.-5. klasse på Alværa.
• 2.-7.august: Tenmisjonfestivalen (TMF)
for dei som er ferdig med 8. klasse til
19 år på Åpta i Farsund.
Påmelding på telefon 55 54 68 60 eller på
e-post: [email protected]
Wallemtunet på Kvamskogen
(Søndagsskolen)
• 25.-29. juni: 12-16 år
• 29. juni – 2. juli: 9-12 år
• 2. – 4. juli: 7-10 år
Påmelding på telefon 55 53 01 20 eller på
e-post: [email protected]
Skotnes på Askøy (KFUK/ KFUM)
23. og 24.05.10
Misjonshøgskulen: kr. 8077,-
• 28. juni - 01. juli : «Kula og Myggen
leir» for alle barn frå 1. -7. klasse
Påmelding på telefon 55606070/
92267974 eller sjå heimesida
http://kfuk-kfum.no/bjorgvin
Brandøy på Bjoa
(Indremisjonssamskipnaden)
Sjå heimesida for oversikt og påmelding:
www.imf.no
Helgatun i Myrkdalen
(Indremisjonssamskipnaden)
• 28.- 30. jui: Sommarleir 2. – 7. klasse.
For meir informasjon, ring: 53410704
• 1.-4. juli: Ten-sommarleir, 8. klasse
og oppover. Tlf: 53410704
• 9. – 13. juli: Familieleir. Tlf: 53410704
• 4. – 6. august: Weekend for
45-66 åringar. For meir informasjon,
ring: 56519898 Sætervika Ungdomssenter,
Norsk Luthersk Misjonssamband
• 18.-20. juni Sommarleir 9-12 år
• 23.-25. juni Sommarleir 11-13 år
• 25.-27. juni Sommarleir 7-10 år • 27. juni - 1. juli Sommarleir 12-14 år Informasjon og påmelding:
http://leir.typepad.com/
9
10
OS Kyrk jebla d Nr.4-10
Salmestafetten
Guds kjærleik
1. Guds kjærleik er som stranda og som graset
Guds kjærleik er som stranda og som graset,
som vind og vidd og jord og allheims rom.
Vi fridom fekk å bu der, gå og koma,
å seia ja til Gud og seia nei.
Guds kjærleik er som stranda og som graset,
som vind og vidd og jord og allheims rom.
2. Vi vil ein fridom der vi er oss sjølve,
ein fridom vi kan gjera noko av,
der ingen tomleik finst, men rom for draumar,
ei jord der tre og blomar kan slå rot.
Guds kjærleik er som stranda og som graset,
som vind og vidd og jord og allheims rom.
3. Å døm oss, Herre, frikjenn oss i domen!
I di forlating fridom finst og von.
Den rekk så vide som din kjærleik vandrar,
til folk av kvar ein rase og nasjon.
Guds kjærleik er som stranda og som graset,
som vind og vidd og jord og allheims rom.
Salmestafetten med Torhild Frønsdahl
og valde salmane saman med dei
andre pårørande. Eg synest det er
fint at salmen var med vidare i dei
gravferdene.
– Kvifor har du valt akkurat
den salmen?
– Eg har mista tre nære familie­
medlemer då dei alle var unge, ei
søster, ein bror, ei tante og ein svoger.
I alle gravferdene song vi denne salmen.
Når vi syng denne salmen i familien er
han samlande, sjølv i ein trist situasjon,
og han set døden i perspektiv. Han
minner meg spesielt om dei vi har
mista, men viser til at livet går vidare
sjølv om nokon døyr. Kjærleiken til
oss frå desse menneska som vi har
mista er med å prege våre liv vidare.
Salmen viser til håp og at det fortsett
er moglegheiter for draumar om fridom
for alle menneske. Han er med å setje
døden inn i eit perspektiv som viser at
den er ein del av skaparverket. Salmen
viser også til at naturen må bli bevart.
– Bruker du salmen andre stader
enn i kyrkja?
– Nei, ikkje utan at eg kan nynna
han for meg sjølv.
– Kva er ein god salme for deg?
– Eg set mest pris på salmar som alle
kan synge, salmar som er kjende. Eg
synest det kan vere vanskeleg med
nye salmar, sjølv om tekstane er gode.
Det er kanskje fordi eg er opptatt av
at kyrkja er for alle og at det derfor er
viktig at ein kjenner seg heime i kyrkja.
Eg legg godt merke til kva salmar som
vert nytta i konfirmasjonar, bryllaup,
gravferder og ikkje minst i dåp, når det
er mange menneske i kyrkja.
– Den fyrste gongen vi brukte denne
salmen var då tanta mi på 48 år
døydde. Ho hadde vore gjennom ein
lang sjukdomsperiode og valde denne
salmen for gravferda si.
Då svogeren min, søstera mi og
broren min døydde, var eg med
Tid til overs?
I kyrkjelyden er det no plass
til frivillige medarbeidarar.
Velkomen til Ungdomsklubben i Kyrkjetunet.
Du treng ikkje stille kvar fredagskveld frå kl.
20 og utover, men du må vere til å lite på
og vere der når du har lovt det. Kven er du?
Du er ein trygg vaksen som trivst i selskap
med unge menneske og toler litt støy og
ungdomeleg entusiasme. Ledig frå hausten.
Prøveperiode på eit år med moglegheit
for forlenging. Løn; vafler og saft og gode
venskap. Ta kontakt med ungdomsarbeidar
Knut-Inge Johnsen på [email protected] eller
tlf. 56 57 24 15/91 52 86 00.
Glad i å synge?
Vi har også nokre moglegheiter for deg som
har songglede og hjarte for born. Vi treng
hjelpeleiarar i Gla'sangerne som øver i Nore
Neset kyrkje annankvar måndag kl. 17.30 18.30. Aldersgruppa er 2 - 5 år.
Den same aldersgruppa øver i Kyrkjetunet
annankvar måndag til same tidspunkt, men
der heiter dei Småsongarane. Her er det
også trong for medhjelparar. Og dersom du
spelar piano, så er kanskje 7 and Up staden
for deg? Same tid og stad, men alderen her
er som namnet seier 7 år og oppover.
Eller kva med å bli hjelpeleiarar
hos Os Barnekor?
Born i alderen 5-7 år treng nokre vaksne til
å hjelpe til.
– Mange salmar kan vekke gode minner
når vi syng dei. Det kan vere minner frå
skulen, frå kor og frå andre situasjonar
der ein syng.
Uansett kor du vel å bli med, lovar vi at det
er ein herleg gjeng. Du får både rørt deg og
bli rørt. Ledig frå hausten. Prøveperiode på
eit år med moglegheit for forlenging. Løn;
frukt, gratis konsertar og gode venskap. Ta
kontakt med barnesekretær Kari Torsvik på
[email protected] eller tlf. 98 07 15 49.
1. - 4. klasse-klubben
Her treng vi gode medarbeidarar. Møtest
annankvar onsdag på Kyrkjetunet kl. 17 18.30. Akkurat som på Ungdomsklubben
treng du ikkje møte kvar gong, men stille
dei gongane det blir avtalt. Heile huset aular
av aktive born og uansett kva du kan så er
det heilt sikkert bruk for evnene dine. Bill.
mrk. du med tid og hjarta for born.
Os kyrkjekontor
OS Kyrk jebla d Nr.4-10
NYTT
Nytt frå soknerådet:
– Anne Magnus fortel
Soknerådet hadde møte 5.mai med
bispevisitasen på sakslista.
Etter eit fem dagar langt vellykka besøk
av biskop Halvor Nordhaug, var det no
tid for soknerådet å sjå på biskopen
sine utfordringar og tilbakemeldingar til
soknet.
Øyvind Vedvik innleia kvelden med
ord frå Johannesevangeliet om at i
min fars hus er det mange rom. Dette
var ein god innfallsvinkel til debatten
om visitasforedraget til biskopen,
der biskopen framheva det rike og
mangfaldige kyrkjelydsarbeidet i Os.
Dette må vi ta vare på og sjå verdien
av – våre ulike, og flotte bredde i,
aktivitetane våre.
Konkrete betraktningar
Trass ei lita veke i Os, hadde Nordhaug
fått med seg mykje av kyrkjelydslivet
her, både våre ressursar og utfordringar.
Han har levert ærlege og konkrete
betraktningar om kva utfordringar vi
har i arbeidet vårt og kjem tilbake til
soknerådsmøte i juni for å vegleie oss
på våre vegval vidare.
Soknerådet kjenner seg igjen i dei
tilbakemeldingane biskopen har gitt
oss.
Utfordringar som ungdomsgudsteneste
der konfirmantar kan kjenne seg
heime, våre ulike gudstenester
generelt, både femmaren og ellevaren,
og praksisen vår ved gudstenester og
dåp, må løftast til diskusjon. Våre ulike
gudstenesteformer gjev rom for ulike
innspel og uttrykk. Dette mangfaldet vil
vi ta vare på, slik at vi kan romme ulike
uttrykk for tru og meiningar inn i vår
kyrkjelyd.
Høgmessa
Biskopen påpeika at høgmessa er vår
hovudgudsteneste og at alle andre
gudsteneste er flotte supplement, men
ikkje eit alternativ. Korleis kan vi bidra
til at høgmessa og blir ein stad for
ungdomen? Kan vi få inn element frå
dei ulike andre gudstenesteformene
i høgmessa vår? Korleis får vi til eit
barnefokus på høgmessa? Spørsmåla var
mange og gudstenesteutvalet får ballen
vidare til drøfting og tilbakemelding til
soknerådet.
Vidare må vår praksis i ungdoms­
arbeidet fastsetjast i retningslinjer og
ved vegleiing. Dette er eit arbeid som er
godt i gang og som blir tatt hand om av
tilsette og ungdomsutvalet.
Faste givarar
Utfordringane frå biskopen er gitt
oss med utgangspunkt i visjonen for
Bjørgvin Bispedømmeråd: «Saman vil vi
ære den treeinige Gud ved å forkynne
Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje
rettferd». Her vart det tydelig for
soknerådet at dersom vi skal byggje
kyrkjelyd, må det bety at vi må verve
kvarandre til å bli faste givarar.
Vi må utfordre oss sjølv som kyrkjelyd til
å få til ein meir føreseieleg givarteneste.
Offernemnda og økonomiutvalet får
denne utfordringa vidare, men må
utvidast med fleire medlemer for å få
løfta denne saka.
Grøn kyrkjelyd
Grøn kyrkjelyd er ei sak diakoniutvalet
arbeider med og gir soknerådet
tilbakemeldingar på etter kvart.
Det vart også tid til andre saker og
eventuelt på møtet. Det var ønskjeleg å
finne ein avløysing for Lars Hernes som
Bibelkontakt for Bibelselskapet, men
det vart vedtatt at denne kontakten nå
blir lagt inn under undervisningsutvalet.
Soknerådet takker Lars Hernes
for hans store engasjement som
kontaktansvarleg.
Når det gjeld planer om utbygging
av Kyrkjetunet, er det gjort kontakt
med arkitekt Agnar Lunde og Bergen
Kirkelige Fellesråd for å få viktige
innspel om utbygginga.
Diskusjonen etter biskopen sine tilbake­
meldingar er satt i gang, og eit engasjert
sokneråd ser fram til vidare drøftingar
med biskopen tilstades neste gong.
11
12
OS Kyrk jebla d Nr.4-10
Alværastemnet
mne på
Søndag 13. juni vert det familieste
n.
Alværa Misjonssenter i Lavik i Sog
klokka
Vel møtt til stemnet som varer frå
11.00 til ca. klokka klokka 17.00.
Musikk i kyrkja:
Avlysing av konser t
r
11.00: Gudsteneste ved Andreas Este
– presten i Lavik. Offer til Alværa
dag
12.30: Middag – høve til å kjøpe mid
ilien ved NMS U
14.00: Uteaktivitetar for heile fam
sleiar Seth
15:00: Familiesamling ved Leirstad
iliekor Chancy frå Stavanger og Guddal fam
Konserten som er kunngjort 13.
juni kl 20:00
med Tone Lise Moberg vert diverre
avlyst.
Etter samlinga vert det kaffi og
kaker med eitt åresal. Senior-Koinonia
Startar haustsemesteret torsdag 9.
september.
Møt opp klokka 11:30-14:00 i Eldstova
i Kyrkjetunet
Eldretre ff
Startar opp tysdag 7. september.
Tid og stad er som vanleg klokka
12:00 til 14:00o Kløvertun.
Velkomen!
OS Kyrkjeblad Nr.7-08
OS Kyrk jebla d Nr.4-10
REISENE BESTILLER VI HOS
OS REISEBYRÅ AS
Boks 274, 5203 Os
Tlf.: 56 30 43 00 • Fax: 56 30 43 10
e-post: [email protected] • www.verden.no
tfirdebesnatepmok go røtallatsni .tuA
Sage og fjerne trær,
murTlf.:
og belegningsstein
56 30 11 80
Mobil: 920 44 658
– Ordner alt i hagen for deg!
ALT I: MALING - TAPETSERING RENGJØRING - GULVLEGGING - FLISEARBEID
56 57 66 77 / 99 00 80 80
– fagkunnskap gir trygghet
www.oshageservice.no
Vi tar på oss alt arbeid innan:
Døgntelefon 56 57 49 50
Jorunn Moberg 970 00 948
Anne Grethe D. Haugland 900 50 954
Ope etter avtale
Landboden, Os.
Vi utfører
alt det praktiske, ellerKVALITET!
legg til rette for
Kvalitet!
Botnevik
Botnevik
pårørande
som
ønskjer å gjera
noko
sjølve.
Verktøy,
maskiner
og
Samdrift
DA
Samdrift DA
redskap for HUS OG HAGE
Vi fiinnen
kser graving
Alt
graving
og
transport
og transport
PM Sælen&Co AS
Ring Olav på 914 60 307
Ring Olav på 924 60 307
Eller Bård A. på 951 13 187
Eller Bård A. på 951 13 187
Tlf. 56 30 44 90
www.jernia.no
• VVS - Nybygg - Rehabilitering
• Varmepumper
- leverer og installerer
• Høytrykkspyling av rør
• TV-inspeksjon av rør og kablar
• Lekkasjesøk
• Rehabilitering av avløpsledning
utan oppgraving
• Utleige av minigravar
Sjå vår utstilling!
Utstillingen vår i Jordmorsvingen 2
har ope onsdag og fredag 08.30-16.00
Tlf. 56 30 15 83/Fax: 56 30 12 50
Postboks 226 - 5202 Os
E-post: [email protected]
13
13
14
OS Kyrk jeblad Nr.4-10
Døypte / Vigde / DØYDE
Døypt e
22. mai Os kyrkje
May Eva Sandvik og Rolf Magne Tveit
Elin Johnsen og Halvor Hanevik
Christine Skjoldal og Frode Ormehaug
28. mars
Sverre Bjerkvig
Mariell Bøe
Vilde Tønnessen Brandt
Erik Torsnes Drotningshaug
Kristian Otneim
Anneli Østgulen Rondestveit
Andrea Gjevre Røttingen
Jonas Svarthumle
Jørgen Vetaas
f. 29.12.09
f. 28.12.09
f. 13.12.09
f. 28.09.09
f. 30.01.10
f. 17.12.09
f. 08.12.09
f. 17.12.09
f. 11.12.82
05. april
Elise Åkvik Ingebrigtsen
f. 26.01.10
11. april
Mathea Kvåle Hovland
Alexandra Hufthammer
Elias Nicolai Indrevær Paus
Lilli Røren
Elise Tveit Sælen
Kullikki Sarglepp
Thale Søreide Solberg
Gunnar Nesbjørg
f. 25.12.1917 - d. 22.03.2010
f. 29.01.10
f. 16.12.09
f. 26.12.09
f. 12.12.09
f. 10.11.09
f. 29.12.84
f. 08.01.10
Alf Sælen
f. 01.01.1927 - d. 23.03.2010
18. april
Markus Fagna-Fossåskaret
Annette Søfteland Landsvik
Pontus Mathisen
Samuel Mobergslien
Mira Pedersen
Elias Rekkum Røttingen
Amalie Bøe Røttingen
f. 02.01.10
f. 23.12.09
f. 17.01.10
f. 21.01.10
f. 02.01.10
f. 13.12.09
f. 14.02.10
16. mai
Sunniva Clark-Lekven
Adrian Tveit Håvardstun
Maximilian Mo Monsen
Emil Lyssand Nilsen
Maya Vinje Nydal
Linnea Lyngbø Råheim
Thomas Heggland Sælen
f. 15.01.10
f. 08.02.10
f. 11.02.10
f. 17.02.10
f. 05.02.10
f. 31.01.10
f. 20.02.10
23. mai
Adrian Leonard Ramsdal Bøe
Louise Myre Dale
Sivert-André Halhjem
Kasper Teigen Moldskred
Theodor Strand Ragnhildstveit
f. 09.01.10
f. 24.02.10
f. 21.02.10
f. 21.02.10
f. 05.01.10
24. mai
Ingrid Isrenn Andreassen
Tian Hagevik
Herman Gjerde Onstad
Haakon Gjerde Onstad
f. 15.02.10
f. 24.02.10
f. 15.03.10
f. 15.03.10
30. mai
Adrian Bugge Amundsen
Kamilla Bruarøy
Dani Canizares
Elisabeth Røttingen Natvik
f. 11.01.10
f. 18.01.10
f. 17.03.10
f. 23.03.10
Vigde
30. april Os kyrkje
Vigdis Øvreeide og Agnar Frydenlund
15. mai Os kyrkje
Madeleine Reiertsen og Espen Karstad
Sigrun Mosaker og Eivind Carlson
29. mai Os kyrkje
Synniva Steinbakk og
Lars Christian Nyvold Kvitvang.
Wibeke Lund og Kristen Hunnes
Døde
Martha Natvik
f. 18.11.1916 - d. 19.03.2010
Gunn Torill Sagstuen
f. 04.03.1948 - d. 23.03.2010
Ingeborg Mathilde Bøe
f. 15.07.1917 - d. 31.03.2010
Kirsten Johanne Kårbø
f. 16.10.1936 - d. 06.04.2010
Sverre Bøthun
f. 18.01.1930 - d. 07.04.2010
Ellinor Røneid
f. 27.05.1933 - d. 07.04.2010
Lars Andreas Haugland
f. 28.09.1926 - d. 25.04.2010
Knut Skogstad
f. 17.02.1929 - d. 30.04.2010
Marie Kristine Jøssang
f. 17.04.1929 - d. 04.05.2010
Hjørdis Lekven
f. 08.11.1934 - d. 04.05.2010
Gunvor Haugland
f. 19.06.1927 - d. 06.05.2010
Marta Larsson
f. 31.07.1947 - d. 07.05.2010
Einar Hagen
f. 13.02.1916 - d. 12.05.2010
Ingrid Bertine Strønen
f. 16.01.1921 - d. 17.05.2010
Kåre Nissestad
f. 16.10.1937 - d. 19.05.2010
Arne Haugland
f. 23.12.1926 - d. 20.05.2010
Kirsten Marie Liavåg
f. 09.08.1920 - d. 21.05.2010
Bjarne Lunde
f. 18.02.1917 - -d. 21.05.2010
Helga Hatvik
f. 03.11.1939 - d. 23.05.2010
Kari Johanna Sundøy
f. 14.08.1936 - d. 24.05.2010
Fusa gravmonument
Øyvind helland
• Oppretting og sikring
• Oppussing
• Tilføyelse
Tlf.: 56 58 14 06
Fax: 56 58 39 99
Mob: 48 25 56 50
• Innhogne bokstavar
• Påsette bronse og
gullbokstavar.
OS Kyrk jeblad Nr.4-10
15
Velkomne til gudsteneste
Gudstenester i Os kyrkje
Sundag 13.06.10
Namne- og adresseliste:
Os sokneråd:
Postboks 209 - 5202 Os
Leiar:
Lill-Karin Wallem, Brothaugen 55,
5200 Os. Tlf. 56 30 13 53
Os kyrkje: Tlf. 56 57 24 10
Sundag 27.06.10
5. sundag etter pinse - Joh 8: 2-11
Gudstenester i Nore Neset kyrkje
Sundag 13.06.10
6. sundag etter pinse - Matt 16: 13-20
3. sundag etter pinse - Luk 19: 1-10
Kl. 11: Familiegudsteneste. Dåp.
Prest: Margethe Holmboe Askeland.
Sundag 15.08.10
Sundag 11.07.10
Sundag 29.08.10
Sundag 18.07.10
8. sundag etter påske - Jes 49: 13-16
9. sundag etter pinse - Matt 7:21-29
Sundag 01.08.10
KAPELLAN i OS:
Geir Sakseid, [email protected]
Tlf. 56 57 24 12, mob, 913 25 568
10. sundag etter pinse - Luk 12: 42-48
Kyrkjeverje/Dagleg leiar:
Gerhard Hansen, [email protected]
tlf. 56 57 24 03, mob: 911 62 199
Sundag 08.08.10
sekretærar:
Elin Oldervoll Moberg
Tlf 56 57 24 02 E-post: [email protected]
Monica Refsdahl
56 57 24 13 E-post: [email protected]
• Selskapsmenyer
12. sundag etter pinse - Sal 32: 1-5
• Konfirmasjon
13. sundag etter pinse - Matt 12: 33-37
14. sundag etter pinse - Matt 5: 38-42
Gudstenester i Lysekloster kapell
www.smakcatering.no
Diakon:
Bjørg Sørfonden Bye
Tlf 56 57 24 04 E-post: [email protected]
ungdomsarbeidar:
Knut-Inge Johnsen, [email protected]
tlf. 56 57 24 15, mob: 915 28 600
Kyrkjelydspedagog:
Arne Stautland, [email protected]
tlf. 56 57 24 14, mob: 957 04 607
• Koldtbord
Industrivegen 2 • 5200 Os
Tlf: 53 50 01 15 • Mob: 47 97 00 37
Prost i Midhordland:
Margrethe Holmboe Askeland,
Sokneprestkontoret: tlf. 56 57 24 05
Mob: 979 51 006, [email protected]
Sokneprest i Os:
Anne-Marie Sandve, tlf 56 57 24 06 Mob: 954 41 204
E-post: [email protected]
11. sundag etter pinse - Joh 6: 66-69
• Tapas
Opplysning heile døgnet om
vakthavande prest: tlf 56 57 24 00
Tilsette:
14. sundag etter pinse - Luk 12: 41-48
Kl. 11: Presentasjonsgudsteneste. Dåp.
Prest: Anne-Marie Sandve.
Kyrkjekontoret i Os:
Postboks 209, 5202 Os. Tlf 56 57 24 00.
Fax 56 57 24 01. E-post: [email protected]
Kontortid: mandag-fredag kl.09-14
7. sundag etter pinse - Matt 16: 24-27
12. sundag etter pinse - Mark 2: 21-28
Kl. 11: Gudsteneste med dåp..
Prest: Margethe Holmboe Askeland.
Kyrkjetunet i Os: Tlf. 56 57 24 08 (tel. automat)
Søndag 22.08.10
13. søndag etter pinse - Matt 11: 28-30
Kl. 11: Gudsteneste med dåp.
Prest: Margrethe Holmboe Askeland..
Barnesekretær:
Kari Torsvik, [email protected]
56 57 24 17 Mob: 980 71 549
Kantor/ORGANIST:
Aasmund Brekke E-post: [email protected]
56 57 24 11 Mob: 995 63 706
Linda Haugland: E-post: [email protected]
Tore Hegdahl: permisjon til 4/7-10
REDAKTØR:
Birgitte Vaksdal E-post: [email protected]
Mob: 918 68 428
Anne Marie Vangsnes: Permisjon til aug. 2010
Drift av kyrkjer/kyrkjegardar:
Reidar Berge (mob 416 52 042),
Trygve Helgesen og Arne Fossåskaret
Avs:
Os Kyrkjelyd
Postboks 209
5202 Os
Fullt trøkk
Fredag og laurdag 7. og 8. mai
hadde barnekora i Os besøk
av barneevangelist Jarle
Waldemar.
Fredagen var vigd til inspirasjon og
øving. Både band og solistar stilte
- dei yngste berre fire år gamle og
veldig søte. Etterpå var det seminar
for alle barneleiarane i kyrkjelyden,
med det positive temaet «korleis sjå
moglegheiter». Waldemar, for han
heiter faktisk det til etternamn, har
skrive boka «196 ideer til barnearbeid»
og alle fekk eit eksemplar av denne.
Veldig inspirerande for oss som var der.
100 barn
Laurdag klokka 10 braka det laus i
gymsalen på Os barneskule med heile
100 barnekorborn frå to og eit halvt
til tolv år. Dei fyrste timane var det
fullt fokus på dei minste. Vi øvde på
songane vi skulle synge og øvde inn
nokre nye også. Og så lærte vi nye,
morosame reglar, leikar og songleikar.
Lunsjen bestod av heimelaga pizzabollar
og pizzahorn som barneutvalet og
leiarane hadde bakt. Og dei var gode,
for rubbel og bit gjekk unna før dagen
var omme.
Etter lunsj var det tid for øving med
kor, solistar og band. Sjølvsagt hadde
vi mange pausar slik at borna fekk
kose seg med aktivitetar både inne i
gymsalen og ute på skuleplassen. Litt
frukt og drikke fekk vi lurt innimellom
også.
Etter ein lang øvingsdag reiste alle
heim og åt middag og slappa av før det
endeleg var tid for konsert. (Ja, dersom
dei ikkje drog på tivoli då....)
100 born halde konsert i lag med Jarle Waldemar i Os barneskule.
Stor innleving
Publikum som kom til konserten vart
helsa velkomen i døra. Ikkje av vaksne
slik det er vanlegvis, men av born frå
barnekora våre. Dei gjorde ein flott
jobb! Borna framførte songane med
stor innleving og solistane gjorde ein fin
innsats framfor ein nær fullsett gymsal.
Jarle trylla, leia kor, solistar, heldt ei
kreativ preike og fekk heile forsamlinga
med på kjende barnesongar som til
dømes «Om jeg er liten eller stor».
Frivilleg innsats frå barneutvalet,
korleiarar, musikarar og lydmann Arthur
Håkon Bjørnevik, gjorde det mogleg for
oss å gjennomføre opplegget. Takk til
Os barneskule for lånet av gymsalen.
Barneutvalet/
Anne Marie Aarøen Vangsnes
Solistane gjorde ein flott innsats under konserten.