Titt eg minnest

Titt eg minnest
På kyrkjeveg
gjennom tidene
Tekst og foto: Knut Rød
MED HEST OG KJERRE, TIL FOTS, MED ÅRAR OG SEGL
For ein knapp mannsalder sidan hadde alle som ferdast på vegar og stiar eitt eller anna ærend. Slik
hadde det alltid vore. Og ærendet kunne vere handel, kyrkjegang eller vitjing til slekt eller vener. Men
aldri har så mykje folk vandra dagstøtt på gangfelt og stiar som no. God helse og naturoppleving er
målet. Mange av dei gamle stiane som førte til butikk, nabo, naust, torvmyr, skule eller kyrkje vert no
nytta av glade turgåarar, men eit fåtal tenkjer over kor viktig dette nettverket var i farne tider. Og sjøen
var alltid ein open veg.
Glade turgåarar i vårsola.
Få venstre
Ragnhild Jensen
(f.Pedersen),
Oddbjørg Pedersen,
Anne Grethe Aune
(f Sporsem), Kåre Aune,
Aleksander Jensen.
Oddbjørg har påskebesøk
frå Trondheim.
– Dette er godsaker!
side
4
k yrkjebl ade t 2/2010
Berre på stigande måne
På kyrkjeveg frå Sporsem
Ein snartur innom kjøkkenet til 95
år gamle Paul E. Sporsem vart ei
triveleg oppleving.
«Som barn likte eg å vere med til
kyrkja. Der var vakker dekor, sang
og musikk og mykje folk. Folk frå
Sæter, Juvika og Sporsem samlast
gjerne på tunet på «Kyrkjebakken»,
eit bruk i sørhellinga på Sporsem.
Paul ser etter brødbaksten i komfyren.
«No slår eg temperaturen ned til 150
grader siste kvarteret. Og aldri om
eg bakar brød anna enn på stigande
måne», kan gubben fortelje.
Han la merke til korleis kona gjorde
det då ho levde, og seige kjøpbrød
kjem ikkje på tale.
Etter prat og ein kvil tok vi til på
vegen mot kyrkja. Det hende at
nokon brukte hest og kjerre, spesielt
eldre folk, men dei fleste gjekk.
Hestane vart tjora til greiner og tre
Titt eg minnest
– Folk frå Sæter, Juvika og Sporsem samlast
gjerne på tunet på «Kyrkjebakken», eit
bruk i sørhellinga på Sporsem.
Etter prat og ein kvil tok vi til på vegen mot
kyrkja. Det hende at nokon brukte hest og
kjerre, spesielt eldre folk, men dei fleste
gjekk, minnest Paul E. Sporsem.
Paul sit ved kjøkkenbordet og fortel til
Kyrkjebladet. 95-åringen synest det er godt å
pusle heime så lenge helsa er god.
på vestsida nede i Bonbakken eller til
ringar på veggen til prestegardsløa.
Som ein kuriositet kan ein nemne
at det på andre sida i botnen
av Bonbakken var bygd do for
trengande. Dei fleste dørene var
merka «Kvinnor» kan Odd Hole
fortelje, men karane hadde også
eit krypinn med ein takrennestubb
til bruk. Og ved utedoet fann ein
nyutsprungen bjørk til 17.mai dersom
våren var sein.
Når nokon skulle førast til grava i
heimelaga svartbredd kiste, var det
flatvogna som vart nytta.
Før folket tok på kyrkjeveg, vart
det salmesong, andakt og avskil frå
heimen. Kista vart ført direkte til den
ferdige grava og sett ned. Det var
ikkje samling inne i kyrkja som no,
og presten deltok berre ved grava,
kanskje ved ei seinare gudsteneste.
For mange var det praktisk å bruke
båt. Etter gudstenesta og prat med
kjentfolk drog vi heim.
På solskinndagar minnest eg karane
med vadmelstrøya over arma. Og
det var imponerande når Olaus på
Sæterhaugen og Peder Matias på
Stølen kappkøyrde utover. Elles
hugsar eg 3 veker med vandring
til kyrkja for oss konfirmantar, og
presten min var Nils Trædal.»
Med årar og segl
Mange av dei som sokna til Aukrakyrkja brukte båt, og for øyfolket var
dette einaste farbare veg.
Lokalhistorikar Mats Hukkelberg
(1868-1957) fortel i «Ein
prekensøndag i Aukra kyrkje»:
«Ein prekensøndag kunne vere rik
på hendingar, kyrkjesøkninga var
stor, og folk frå Midøya og Harøya
måtte vere i båten i 6-tida om
morgonen. Mødre med dåpsungar
måtte sitje inne i den kalde og
trekkfulle kyrkja og vente til etter
preika, og med det vesle barnet
i open båt var dei kanskje ikkje
heime før seint på kveld.»
Det vert fortald at når dåpsfølgje frå
Oterhalsen var på veg innover Rød,
møtte ei av konene og bar dåpsbarnet
gjennom bygda til «Kyrkjeleet» ved
utmarka. I dette låg vel både hjelp og
velsigning.
For 70 år sidan skulle vesle Reidun
Heggdal frå Nord-Heggdal døypast,
men veret var så ille med stort
snøfall at det vart uråd å komme
seg til kyrkja i Ugelvika. Så tok
dei ut med båten til Reitenkarane
og fekk jenta døypt i Aukrakyrkja.
Presten Johan Julset ymta frampå
at ho kanskje burde heite Snøfrid.
Reidun er gift Formo og bur på Sel i
Gudbrandsdalen.
Omsorg
Når nokon låg på dødsleiet var det
vanleg at naboar vakte ved senga.
Like eins var det lysvake ved kista
nettene før ho vart ført til grava.
For meg vart det ei sterk oppleving då dei vaksne fortalde at
søndagsskulelæraren vår forulykka
ved eit stygt fall då han skulle heim
etter ei natt ved senga til ein svært
sjuk nabo. Olaus Oterhals låg i kista i
stova i heimen, og vi ungane fekk gå
inn og ta avskil på vår måte.
Ved mange heimar vaks den knapt
meterhøge stauden reinfann ved
sørveggen. Dei gule blomstrane
hadde sterk duft, og vart tillagt
vernande og lækjande kraft.
Bukettar av reinfann kunne bli lagt
i kista, men elles var det lite
blomsterflor.
Avskil med dei næraste var då som
no prega av sorg og saknad.
side
5
kyrkjebl ade t 2/2010