for Vossabygdene Strikkekafe på Nabobeino 14-20 vaksne damer møtest kvar fredag på Nabobeino for å strikka sokkar og andre varme ting til trengjande born i Aust-Europa. Les meir om desse flittige damene, på side 4. Fasteaksjonen Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp søkjer å skaffa vatn til dei som manglar reint og nok vatn til sitt daglege hushald. Konfirmantane vil gå med bøsser 23.-24. mars. Les meir om dette på side 6. Nr 1 - 2015, 74. årg. Visst skal våren komme! VOK sitt prosjekt denne våren, er saman med Ål kantori å framføra Eyvind Skeie og Sigvald Tveit sitt kyrkjemusikalske verk «Visst skal våren komme!» Fleire enn VOK sine faste songarar vert invitert med. Les om dette på side 9. KYRKJA I VOSS TANKAR Korsong Av Brit Furre Gravar Vidar Bryn 2 996 00 940 Prestetenesta: Sokneprestkontoret på Voss 56 51 96 68 Uttrågata 5, kontortid mån-fre 9-11, ons. 10-11) eller etter avtale Sokneprestkontoret på Vossestrand Oppheimstunet 76 56 52 24 73 Prost i Hardanger og Voss Arild Hellesøy 906 99 533 [email protected] Sokneprest Voss/Evanger Ivar Molde 993 53 145 e-post: [email protected] Sokneprest Oppheim/Vinje John Ove Thaule 952 62 085 e-post: [email protected] Kapellan Kjersti Brakestad Boge 952 62 022 e-post: [email protected] Prostiprest i Hardanger/Voss Magnar Haaland e-post: [email protected] 415 46 366 Soknerådsleiarar Evanger, Anny Karin Forthun Voss, Britt Trefall Hernes Raundalen, Nanna Nordahl Oppheim, Leif Inge Hauge Vinje, Aud Walaker Hutchinson 481 36 520 905 89 500 917 58 826 959 10 536 907 54 840 Mine tankar om... Kyrkjeverje Svein Tøsse 959 79 905 e-post: [email protected] Ass. kyrkjeverje Åslaug Styve Mjånes e-post: [email protected] 408 53 537 Trusopplæringsmedarbeidar Tone Brekke 952 62 026 e-post: [email protected] Trusopplærar Camilla Velsvik Sønnesyn 995 18 194 epost: [email protected] Kateket Rønnaug Eng Skjeldal 952 62 025 e-post: [email protected] Ungdomsdiakon Sigrid Djukastein Mala 478 49 134 e-post: [email protected] Kantor Magnus Kløften 404 40 461 e-post: [email protected] Organist Frode Vik 952 62 084 Organist Ellen Marie Selland Geithung 980 64 594 Kyrkjetenar, (Voss) Thomas Velsvik 414 75 383 Kyrkjetenar (Evan./Bolst.) Arne Mosefinn 915 98 410 Kyrkjetenar (Oppheim/Vinje) Kjell Kr. Øyre 416 29 786 Å syngja i kor er helsebringande! Det er mentalhygiene på fleire måtar. Å samarbeida med andre med å bruka stemmen; å få til samklang er ei stor oppleving for ein korsongar! Stemmer smeltar saman under leiing av ein dirigent som står midt i skjeringspunktet av ein kraftfull energi, rein energi! Det er magi! Ein lærer å pusta, og å arbeida med magen, og bruka stemmen i ein naken kommunikasjon med tilhøyrarane. Eg vil ikkje påstå at ein får god kondis av å syngja, men det kjennest nesten som ein har vore på trening somme tider. Ein kan oppleve at det er så krevjande at sveitten silar nedover ryggen! Teksten kan ta tak i, og riva og slita i deg, for så å setja seg fast i hovudet. Av og til er det melodien og av og til eit uttrykk av poesi som festar seg. Ei sterk forkynning av Ordet! Dessutan er det sosialt å syngja i kor! Folk som syng har ofte godt humør! Kyrkja på Voss har sitt eige kor, VOK, som er eit kor som fremjar kyrkjemusikken. Koret har hatt ein auke i medlemstal og syng variert. Dei er innom dei fleste sjangrar. Dei syng klassiske verk som, Rekviem av Faure. Dei syng folkemusikk, jazz, gospel og moderne verk, til dømes i samarbeid med Edvard DET LUNE HJØRNET Det er ofte god stemning og snertne replikkar på stabsmøta på onsdagsmorgonane. Då ein no i januar frå Vossestrand kunne melda om 2 meter snø, kom det spontant frå vår nye kyrkjeverje, Svein: «Det er ikkje for ingen ting at kyrkjespira er så høge!» Framsida: På jolefestgudstenesta på Bolstad framførte sundagsskuleborn forteljinga om Dei vise menn som kom med gåver til Jesusbarnet. Besøksadresse: Magasinvegen 35, Utgjeve av: Voss Kyrkjelege Fellesråd saman med Evanger, Voss, Raundalen, Oppheim og Vinje sokneråd. Redaksjonsnemnd: Brit Furre, Tvildemoen Postadresse: Pb. 562, 5703 Voss E-post: [email protected] Kontonr: 3480.16.45293 Telefon (red.) 915 98 410 Aud Wallaker Hutchingson, John Ove Thaule og Arne Mosefinn (red.) Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15 god gjeng songglade vossingar uti Ja, da sit det vel nokre deppa damer, gospelsjangeren! og nokre få menn og sørgjer over Vossagospel er ein smeltedigel. at Anne Grethe forlet oss! Jau, det Her treff ein folk frå alle slag vart nok felt ei tåre eller to. Men me organisasjonar, yrke, aldrar, tru og er heldige, og ser no fram til å møta livssituasjonar! Den amerikanske ein ny dirigent! Vi gler oss! Tom gospelsjangeren var ikkje mellom Jarle Istad Kristiansen skal leia underteikna sine favorittar før oss vidare! Han er gospeldirigent eg starta i koret. Men tekstar og av yrke. Han arbeider med kor i melodiar har glidd under huda Kristiansand, og har til og med gode og sett spor! Vossagospel har kontaktar i gospelen sitt heimland samarbeidd med Twang Gang! Ei og heimemiljø, USA. På heimesida fantastisk kjekk oppleving! Likeins til koret i Greipstad menighet kan har vi hatt inspirerande konsert vi lesa: Han er dessutan gift med saman med Storbandet, og me har ei vossajente, Gro Marit Istad I Lekvemoen finn ein og eit kor. hatt konsertar saman med kjente Kristiansen! Akkurat no har Vossagospel tatt artistar som Venke Knutson og Det er mange kjekke damer og avskjed med ein kjær dirigent! Anne Torild Sivertsen. Når Anne Grethe staute karar som syng i kora våre! Grethe Amland flytta til Bergen for legg opp til konsert er blåserekkja Men begge kora treng fleire menn i to og eit halvt år sidan, men ho har klar! Det er nesten slik at ein vert sine rekkjer! Så er du ein songglad trufast troppa opp i Frelsesarmeen korpsfiksert utan sjølv å kunne mann vert du godt motteken både i annankvar måndag og leia ein spela! kyrkja og i Lekvemoen! 3 Å sjå med hjarta sitt auge Av Johannes Seim Kyrkjenytt (Vi tek gjerne imot gode framsidemotiv frå andre.) Hoem og Henning Sommero. Akkurat no held dei på med Visst skal våren komme av Eivind Skeie og Sigvald Tveit. Dette verket handlar om håp og er inspirert av Openberringstekstane i Bibelen. Eivind Skeie greier å gjera dette daglegdags og verkelegheitsnært. Songarane trivst, og koret er i god framdrift under stødig leiing av kantor Magnus Kløften. Magnus er ein driftig dirigent, og er samstundes ein eminent utøvar på sitt instrument. At koret høyrer til i kyrkja pregar koret. Grafisk utforming: Voss Prenteverk Opplag: 6300 eksemplar Neste nummer kjem ut i veke 13. Frist for levering av stoff til redaksjonen er 26. februar. Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna. Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. ( Ef. 1, 17-19). Andakten Kyrkjekontoret, Kontortid: mån-fre kl 9 - 15 Magasinvegen 35, pb 562, 5703 Voss Telefon 56 52 38 80, Fax: 56 52 38 81 www.voss.kyrkja.no, [email protected] kto.nr. 3480.16.45293 Når eg reiser over fjellet med Bergensbanen, hender det at eg observerer korleis medpassajerane mine brukar augo sine. Nokre fyl ivrig med og sug til seg det storslegne og stadig skiftande landskapet med blikket. Men dei fleste verkar vera blinde for mesteparten av det som rullar forbi. Ja, dei trekkjer til og med ned rullegardinene så snart det kjem eit lite streif av blendande sol, og let dei bli verande nedrulla resten av turen. Der kan vera så mange måtar å sjå på. Me kan sjå eit glas som halvfullt eller som halvtomt Der er så mykje me ikkje ser. Eller kanskje me heller skulle seia at der er så mykje me ikkje ynskjer å sjå. Sjølv om me har godt syn fysisk, kan me gjera oss sjølve blinde for det som er viktigast: å kjenna Gud. Paulus seier i brevet til efesarane at me treng å sjå med hjartet sine auge. I Bibelen har ordet hjarte ei mykje større meining enn me legg i ordet idag. Hjarte tyder kjernen i mennesket, både fysisk, mentalt og åndeleg. I vår tid kan det synast vera redusert til å tyda ein kroppsdel eller ei romantisk kjensle. Å sjå med hjartet er mykje djupare og meir totalt. Skal me kunna sjå med hjartet, treng me hjelp av Den Heilage Ande. Bibeltekstane me har hatt no i openberringstida er døme på at menneske har fått opna hjarto sine slik at dei fekk sjå Jesus. Måtte me gjera som Paulus: be om å få hjarte med opplyste auge. Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15 AKTUELT aktuelt Strikking til glede og nytte Av Arne Mosefinn På Nabobeino føregår det kvar fredag strikkekafé. Her møtest 14-20 godt vaksne damer som hyggjer seg med strikking og ein god prat. Men det ligg også noko meir bak: dei strikkar til eit godt føremål! Hundrevis av labbar, huer vottar, skjerf, kosedyr og meir vert kvart år sende til born i Aust-Europa via Misjon utan grenser. 4 No sist sende dei 4 ½ sekkar. Garnet dei brukar får dei frå andre – nokre ryddar heime, noko kjem frå dødsbu. Men det er fullverdig garn, seier dei. Ein gong sto det to bossekkar med garn utanfor inngangsdøra. Me er så takksame for det me får! Me kan gjera noko med det som er til glede for andre. Damene har drive på med strikkekafé sidan 2008-09. Dagleg leiar på Nabobeino, Kjellfrid Skutlaberg, kokar kaffi og steikjer vafler til dei flittige damene. Ho fortel at dei skal ha basar i Vonheim laurdag 28. februar. Då vert ein del av varene lodda ut. Til basaren hender det og at dei får vinstar frå seniorsløyden på Voss Folkehøgskule. Inntekta av basaren går også til Misjon utan grenser, via det arbeidet som Valborg Nummedal formidlar her frå Voss. Ho viser fram takkebrev som dei får attende. Dei viser glade born og foreldre med m.a. varme sokkar og gode sko. Joletrefest i kyrkjene jordbruksprosjekt slik at folk får høve til å dyrka sin eigen mat, fortel ho. Dersom nokon ynskjer å senda klede, sko, teppe og leiker må Valborg få melding, slik at ho får tinga plass på bil. Det som de vil senda, må pakkast i sekkar, seier ho. I Jolekveld i kyrkjelyden fortalde me om Valborg Nummedal sitt arbeid. Her vart det skrive at folk kunne levera gåver til Garnsenteret, men det rette skal vera hjå Harald Seim AS. Rett før jol sende ho elles kr. 21.200 til Misjonen. Dette skulle gå til varme teppe og matpakker. No har Misjonen også starta opp Av Arne Mosefinn Også dette året var det joletrefest i kyrkjene våre, med særleg markering av Heilag tre Kongars Dag. Vi tek med nokre bilete derifrå (sjå og framsida). VINJE kyrkje sundag 4.januar: »…så knyter me kjærleikens heilage band… «. Jolesongane ljoma under joletrefestgudstenesta. Joletreet var flytta framfor altarringen og jolekrubba var flytta inn framfor altaret. Treet var pynta med den opprinnelege jolepynten: Eple og kakemenn (Adam- og Eva-kaker!), dessutan nyare tids sjokoladekuler.Foto: J.O.Thaule Kyrkjerotta var til stades i kyrkjene. Ho trivst best når det er jol! Foto: Arne Mosefinn Mest leste bibelvers i 2014 Nokre av vinstane til basaren Joletregange i Bolstad kapell 11. januar. Foto: Mathias Sønnesyn 150 millionar bibellesarar søkte aller mest etter ordet kjærleik i 2014, syner ei undersøking gjort av Bible Gateway, verdas mest brukte kristne nettstad. På førsteplassen over dei 10 mest leste bibelversa finn vi Joh. 3, 16 eller Den vesle Bibelen. Deretter kjem Jeremia 29, 11 («For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»), og Fil. 4, 13 («Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.») Utanom kjærleik, søkte folk etter orda tilgjeving og lækjedom. Det er Christianity Today som skriv dette, referert i Dagen. Damene på strikkekafé. Ståande: Kjellfrid Skutlaberg Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15 Vismennene kjem til kong Herodes for å finna barnet. Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15 5 aktuelt Fasteaksjonen Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 23.-24. mars 2015 I kriser er vatn kritisk Klimaendringane fører til fleire og verre katastrofar, og truer menneska sin tilgang på reint vann. I haust overlevde Muhammed og familien så vidt den dramatiske flaumen i Pakistan. Det er dei fattigaste som vert hardast råka av klimaendringane, anten det er i tyfon på Filippinane, tørke i Etiopia eller flaum i Pakistan. 6 Ein av dei som nyleg har fått merke dette på kroppen, er Muhammed Irsdad. Han er gift og har tre born, og bur i landsbyen Basti Riaz Abad i Pakistan. Ein morgon, tidleg i oktober, kom flaumen brått til landsbyen. - Vatnet kom i stor fart frå kanalen, og eg måtte ta med familien og springe i tryggleik. Vi sprang til næraste landeveg, som ligg litt høgare enn resten av landsbyen. Slik berga vi livet, fortel Muhammed. Vart sjuk av vatnet Familien vart buande på denne landevegen utan ly i over ein månad, ventande på hjelp. Då flaumen kom, hadde dei ikkje tid til å ta med korkje husdyr eller eignelutar. Huset vart fullstendig øydelagt og husdyra drukna. - Vi har aldri opplevd flaum i landsbyen før, det er noko heilt nytt, seier Muhammed. Flaumen hadde store konsekvensar for Muhammed sin familie. Tidlegare jobba Muhammed som tryggingssvakt, og heile storfamilien var avhengige av Familien: Muhammed Irshad og familien hans fekk livet endra totalt når flaumen ramma landsbyen. Huset vart fullstendig øydelagt, og den yngste dottera, Sadia (2), har vorte sjuk av det forureina vatnet. Foto: Fahim Farid/Kirkens Nødhjelp. inntekta hans. Etter flaumen måtte Muhammed vere saman med familien og han mista difor jobben. I tillegg har flaumen gjort at drikkevatnet er forureina. - Dottera mi på to år er blitt sjuk av å drikke vatnet etter flaumen. Det er så vidt vi hadde råd til å betale for medisinane ho treng for å overleve, fortel han alvorleg mens kona held dottera tett inntil seg. Kirkens Nødhjelp sin partner Sunghi var ein av dei første organisasjonane som kom til Basti Riaz Abad. Dei skal gje Muhammed og landsbyen nye handpumper, latriner, hygieneutstyr og sikre at landsbyen igjen får trygt vatn. Du kan hjelpe I kriser er vatn kritisk. Difor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofar. Dei sørgjer for reint vatn og høve til gode Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15 sanitærforhold der alt er øydelagt. Samtidig jobbar dei saman med folk i utsette område for å førebyggje den neste naturkatastrofen. Kirkens Nødhjelp jobbar i tillegg med å påverke politikarar og andre beslutningstakarar til å stanse klimaendringane. Kirkens Nødhjelp treng di hjelp for å hjelpe. 23.-24. mars går Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 2015 av stabelen. Dette er kyrkjelydane sin eigen aksjon. Ditt bidrag gjer det mogleg for Kirkens Nødhjelp å være der med reint vatn når katastrofen rammar. Difor vonar vi du vil støtte fasteaksjonen 2015 på Evanger 23. mars og Voss og Vossestrand 24. mars når konfirmantane går med bøsser. Vi oppmodar deg også til å bruke stemma di i fasteaksjonen sin klimakampanje og slik bidra til å stoppe klimakrisa. Kulturkveld i Vangskyrkja 1. mars; «Færøy-aften» Av Magnus Kløften, kantor Den 1. mars er det duka for ei spesiell oppleving i Vangskyrkja. Då vert det nemleg ein kulturkveld med songar, musikk, høgtlesing, litt historikk og andre verbale innslag frå færøysk kyrkje- og samfunnsliv presentert i kyrkja på Vangen. Grunnen er at me gjennom lang tid har hatt 2 medlemmar som songarar i VOK, kantoriet i kyrkja, som faktisk kjem frå Færøyane. Me har tala om å få til ein slik kveld ei god stund, og no vert det altså ein realitet. Det kjem kulturelle bidrag frå mellom anna Færøylaget i Bergen og frå enkeltpersonar andre stader på Vestlandet, Voss inklusive. I tillegg deltek VOK med solistar denne kvelden. Dette vert eit spennande tilbod som me vonar kan vekkja interesse hjå mange. Om du berre er litt nysgjerrig på kva dette kan vera, så er oppmodinga herved gjeve! Kom og sjå, høyr og ta del. Det er kyrkjemusikalsk nemnd i Voss sokn som har teke initiativet til denne hendinga. Arrangementet går føre seg i Vangskyrkja klokka 1900 (merk tidspunktet) på den fyrste vårdagen dette året; 1. mars. Det vert fritt tilgjenge, med kollekt ved utgangen til det kyrkjemusikalske arbeidet. Sjå for øvrig oppslag i media i forkant av arrangementet. Ver velkomne! Kyrkjelyden si besøksteneste Besøkstenesta er eit tilbod for menneske som av ulike grunnar kjenner seg einsame og ynskjer meir kontakt med andre. Det er situasjonar i livet då det er godt å vite at det finns eit menneske som bryr seg om ein, og som ein kan snakke med. Ein besøksvenn besøkjer deg i heimen etter avtale. De kan gå ein tur, dele eit måltid saman, eller berre snakke saman. Kan dette vera noko for deg? Ta gjerne kontakt og me vil prøve få det til. Sigrid Djukastein Mala, diakon. Tlf. 47 84 91 34 Kyrkjestatistikk for 2014 Her presenterer vi nokre tal for kyrkjelege handlingar siste året. Fullstendige årsmeldingar for dei ulike sokn vert lagt ut på nettsida til kyrkja: www.voss.kyrkja.no under menyen kontakt oss. Tala i parantes gjeld 2013. Sokn Døypte Konfirmerte Vigde Gravlagde Evanger 8 (6) 6 (10) 0 (1) 6 (14) Raundalen 3 (1) 0 (0) 0 (1) 2 (1) Voss 95 (136) 119 (131) 19 (24) 121 (109) Vinje 10 (8) 9 (13) 2 (4) 8 (7) Oppheim 5 (10) 10 (9) 0 (1) 8 (5) Sum 121 (161) 144 (163) 21 (31) 145 (136) Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15 7 MUSIKK I SAMTALE MED I samtale med: Sjur Hirth Nesheim Ettersom Laila Rynning Veum, som var utfordra sist, er langtidsbortreist, vart det til at vi spurde Sjur Hirth Nesheim om ein samtale denne gongen. Han er no pensjonist, men har hatt ei lang yrkeskarriere som distriktsleiar i organisasjonen husdyrkontrollen i Tine, og som bonde på Vossestrand. Si samfunnsinteresse har han vist som medlem av kommunestyre og formannskap, og som medlem og leiar i sokneråd og kyrkjeleg fellesråd. Kva er viktige verdiar for deg? 8 Eg er vaksen opp i ein heim der kyrkja og kristenliv var ein integrert del. Morsslekta mi kom frå Sundve der Haugianarrørsla sto sterkt. Dette har prega mine verdiar gjennom livet. Det er også verdfullt å ha ei kona med same livssynet. Ein gard er også bu- og arbeidsplass for heile storfamilien. Her arbeider me saman mesteparten av døgnet. Ved sida av foreldra mine, vart eg særleg påverka av bestefar min. Bestemor gjekk tidleg bort, og bror min og eg delte soverom med bestefar i oppveksten. Han var flink til å fortelja og syngja, og var ein liten husdiktar. Me bad alltid Fadervår i lag, og i tillegg song me «Fager kveldssol smiler». Her hadde han dikta to ekstra vers: « Jesus, kom inn til oss/ i den myrke natt/so me trygt kan sova/ til i morgon att». Og om morgonen høyrde me han mulla: «Takk for me fekk sova/ godt i heile natt/ Jesus ver du med oss/ heilt til kvelden att». Kva er bra med Voss? Voss er ei god bygd å bu i, med mange mogelegheiter til arbeid og fritid. Her er fin natur og rikelege høve til friluftsliv – noko som betyr mykje for meg og gjev meg god avkopling. Etter å ha vore borte frå Voss i lengre tid i samband med skule og tidlegare arbeid, var det godt å koma attende til Voss og Myrkdalen. Først då ser ein kor godt me har det, for det er her ein kjenner seg heime og har røtene sine. Sjur Hirth Nesheim Alder: 76 Bustad: Nesheim på Vossestrand Familie: Gift med Klara, to vaksne jenter med familiar, 6 barneborn om kyrkjesøknaden ikkje alltid tilseier det. Kyrkja er godt å ha for mange på viktige merkedagar i livet. Eg kunne nok ynskja at fleire tok del i gudstenesta. Her har T-dagne vore eit positivt element som har ført til større deltaking. Fråvere av kristendomsundervisning i skulen har ført ein heil generasjon bort frå tru og dagleg kristenliv. Trusopplæringstiltaka kan endra på dette. Interesser: Friluftsliv vinter og sommar, dyr og gardsdrift, mjølkar framleis kyrne på garden morgon og kveld. Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15 Frå me var born, var kyrkjegang ein naturleg del av sundagen. Eg Kven vil du utfordra til ein minnest me køyrde med hest til samtale i neste nr.? kyrkjes, og etter at Myrkdalsvegen Eg utfordrar Magne Sørestrand. vart utbetra i 1947, vart det Feiring av håpet: «VISST SKAL VÅREN KOMME!» Felles prosjekt med Voss og omland Kantori og Ål Kantori Ein kunne sjølvsagt ynskja at enkelte ting var annleis på Voss, utan å gå i detalj om det. Mange kritiserer dei som styrer, og legg skulda på politikarane, men eg har respekt for politikarane og trur at dei gjer så godt dei kan. Dei som har sterke meiningar, er ofte «upolitiske». Til dei vil eg seia: nytt røysteretten. Meld dykk inn i eit politisk parti og prøv å påverka der – då kan du med rette kritisera. Eg synes m.a. det er leit at Kva betyr kyrkja i ditt liv? sett opp kyrkjebuss som ofte var fullsett. - For meg har det vore meiningsfullt å vera med i soknerådet og fellesrådet, og i seinare tid som frivillig deltakar i klokkarlaget. Det er godt å koma inn i kyrkjerommet, og kunna ta del i liturgi og salmesong. Det gjev ein god start på sundagen. Voss og Omland Kantori Noko du tenkjer kunne bli betre på Voss? Eg har fylgt godt med i samfunnslivet gjennom tidene og ser at ting har endra seg – ikkje alltid til det beste eller i tråd med mine verdiar. Eit av dei store sosialpolitiske spørsmål er «fri flyt» av alkohol. Eg skulle ynskja at det hadde vore fleire alkoholfrie soner i samfunnet. Me kunne gjerne fått noko liknande som det som vart innført med røykelova. Her er mange skuggesider i heimar og på arbeidsplassar som skuldast alkohol. Eg synes me nordmenn er lite stolte av å vedkjenna oss vår kristne kulturarv og tru, og dette undrar meg. Andre trussamfunn er meir opne og flinkare til å visa seg fram med kva dei trur på. Her har me kanskje noko å læra. Av Kolbjørn Blikås alkohol skal kunna serverast i opningstidene i skianlegga. Alkohol har også glide inn i kristne miljø. Her er det viktig å vera bevisst på kva ein gjer – særleg i høve til andre. Sjølv har eg aldri hatt bruk for kunstige stimuli – eg har hatt nok stimulanse gjennom arbeidsliv og fritidssyslar. Kva tenkjer du om kyrkja sin plass i lokalmiljøet? Kyrkja står framleis sterkt i Voss og på Vossestrand, sjølv Denne våren vert Eyvind Skeie og Sigvald Tveit sitt velkjende kyrkjemusikalske verk framført på Ål og på Voss. Etter samarbeidet desse to kora hadde til Osafestivalen hausten 2012 med Jo Asgeir Lie sitt verk «Liturgisk musikk», tek dei no opp Skeie og Tveit sitt populære verk til framføring i begge bygdene i april. I tillegg til dei to kora skal også solistar og instrumentalistar vere med på framføringa. Kantor Magnus Kløften på Voss og kantor Audun Flaen i Ål står kunstnarleg ansvarlege for prosjektet. «Visst skal våren komme» vart først framført i 1984. Sidan då har musikken vore mykje brukt. Det gjeld både verket samla og einskildsongar. Truleg er dette verket av dei mest framførte i kyrkjemusikalsk samanheng etter at det kom. Fleire av songane er å finne i sangbøker og salmebøker – m.a. i den nye «Norsk salmebok», og er ofte å høyre i radioprogram og andre framføringar. Eyvind Skeie er både teolog, tekstforfattar og komponist. Han har skrive ikkje mindre enn 38 av salmane i den nye salmeboka og oversatt 17. Sigvald Tveit er komponist og musikkforskar. Han har skrive musikk til ei rekkje musikkspel, særleg av kyrkjeleg karakter. Han har også skrive musikk til fleire hundre fjernsynsprogram. Portveien 2 og Sesam Stasjon er kanskje to av dei mest kjende. Også her var tekstforfattaren Eyvind Skeie. Sigvald Tveit «Me skreiv desse songane saman som ei feiring av håpet,» har tekstforfattar og komponist sagt. Tekst, tonedrakt og rytme speglar dette. Her er mykje fengande musikk. Det er musikk til å gle seg over. VOK inviterer interesserte songarar til å vere med på dette prosjektet. Øvingane startar opp i Vangskyrkja no i januar. 14. – 15. mars blir det øvingshelg på Ål, og altså framføringar på Ål 18. april og på Voss 19.april. Det er berre å møta opp på øvingar i Vangskyrkja! Eyvind Skeie Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15 9 Kyrkjelege handlingar Døypte: Voss gutar: 30.11: Bjørn Radek Helland Graue Håvard Eirikson Jordalen Isak Borges Kolve Emrik Olai Bakketun Larsen 28.12: Sigbjørn Skaar Knapstad 11.01: Håvard Kleppe Brage Kvam Rødland 25.01: Zebastian Kyte Kristoffersen Vetle Karlsen Kvarekvål Henry Gudvangen Mollestad Ole Alexander Stephansen - satsar på Vestlandet Voss jenter: 30.11: Norah Dugstad Clarke Emelie Prestegård Hesjedal Madelen Mykkeltvedt Kløve 21.12: Liv Eggum Ystaas 28.12: Thea-Celin Een-Stamnesfet Ylva Bauthus Høgheim 11.01: Madelen Midtun Petra Vik 25.01: Malin Olde Merkesdal 10 Kiwi Vangen Tlf. 56 51 27 35 VOSS CEMENTVAREFABRIKK AS Brynalii 153, 5705 Voss Tlf. 56 52 34 60 e-post: post @vosscement.no Korleis har har du du det… det… Korleis Vigde: EIGENTLEG? EIGENTLEG? Voss: 12.12: Sølvi Therese Helland og Ronny Vatsø Mortensen 17.01: Brit Flatlandsmo Røthe og Carl-Johan Anden Krisetelefon 815 33 300 Krisetelefon 33 300 SOS-Melding: 815 www.kirkens-sos.no SOS-Melding: www.kirkens-sos.no EIT MENNESKE EIT NÅR MENNESKE LIVET NÅR LIVET Å SNAKKE MED ÅERSNAKKE MED SOM VERST ER SOM VERST Selskap i konsernet SELSKAP I HMV VOSS AS HMV VOSS - KONSERNET HMV Bilsenter AS HMV Maskin AS HMV Servicestasjon AS tlf. 56529150 tlf. 56529130 tlf. 56529180 Oppheim: 18.01: Kristoffer Ringdal Filip Thaule Hjørnevik 01.02: Nora Rio Herheim Døde: Voss menn: 31.10: Anders Stølås f. 1941 01.11: Martin Solstad f. 1929 08.11: Ingvald Martin Trøen f. 1927 12.11: Kristian Nielsen f. 1975 14.11: Arne Tollefsen Moen f. 1925 29.11: Eivind Handegård f. 1957 05.12: Bernhard Torleiv Eide f. 1937 10.12: Finn Bjørn Jakobsen f. 1947 16.12: Olav Eide f. 1949 17.12: Anders Hauge f. 1920 20.12: Harald Skutle f. 1937 24.12: Svein Haavard Nygaard f. 1938 03.01: Aksel Reidar Rio f. 1934 15.01: Kjetil Slettemark f. 1955 Voss kvinner: 25.10: Margrethe Rode f. 1923 04.11: Eli Solveig Kuven Andersen f. 1954 27.11: Kari Hauge f. 1926 28.11: Anna N. Møen f. 1917 02.12: Sigrun Iversen f. 1925 29.12: Ingrid Johanna Herfindal f. 1951 02.01: Kristi Fenne f. 1922 12.01: Astrid Bryn f. 1928 15.01: Marta Helleve f. 1919 20.01: Kari Årskaug f. 1923 Evanger: 29.11: Magnhild Tufte f. 1923 (Bolstadøyri) 14.01: Bjørg Sofie Otnem f. 1962 (Evanger) Vinje: 17.11. Hilmar Hommedal f. 1931 30.12. Gudny Bystøl f. 1937 Oppheim: 30.11. Synneva Bidne f. 1920 Hardangervegen 25 Telefon: +47 56 53 06 00 Mobil: +47 95 30 55 03 www.amfi.no/voss ALT I FØRARKORT www.hagatrafikk.no 9100 3101 [email protected] Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15 Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/15 11 DET HENDER Gudstenesteliste: Vangskyrkja: 15.02. kl. 1100 Høgmesse. Haaland. Dåp. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Sundagsskule. 22.02. kl. 1100 Høgmesse. Molde. Nattverd. Offer til misjonsprosjektet. Kyrkjekaffi. Årsmøte. 01.03. kl. 1100 Gudsteneste med babysong. Boge m. fl. Dåp. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi. Sundagsskule. 04.03. kl. 1930 Fastegudsteneste. Molde. Skriftemål. 08.03. kl. 1100 Ung Messe. Hellesøy og MILK. Nattverd. Offer til Voss KFUK/M. 15.03. kl. 1100 Høgmesse. Boge. Dåp. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Sundagsskule. 22.03. kl. 1100 Familiegudsteneste med T4. Boge m.fl. T4 møter i Vonheim kl. 1000. 25.03. kl. 1930 Tomasmesse. Boge. Nattverd. Evanger kyrkje: 01.03. kl. 1100 Gudsteneste. Molde. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi. Årsmøte. 22.03. kl. 1100 Høgmesse. Molde. Nattverd. Offer til IKO. Bolstadøyri kapell: 22.02. kl. 1500 Gudsteneste. Molde. Offer til Bedehuset. Kyrkjekaffi. Årsmøte for Bedehuset. 15.03. kl. 1500 Høgmesse. Molde. Nattverd. Offer til Helgatun. Raundalen kyrkje: 15.02. kl. 1100 Høgmesse. Molde. Dåp. Nattverd. Offer til NMS. 08.03. kl. 1100 Gudsteneste. Boge. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi. Årsmøte. Oppheim kyrkje: 22.02. kl. 1930 Kveldsgudsteneste. Thaule. Nattverd. Offer til Normisjon. 08.03. kl. 1100 Gudsteneste med babysong. Thaule. Vossestrand Barnekor. Offer. Vinje kyrkje: 01.03. kl. 1100 Høgmesse. Thaule. Offer til Frelsesarméen. 22.03. kl. 1100 Storfamiliegudsteneste. Thaule. T7 Barnas påskefest. Vossestrand Barnekor. Offer. Kyrkjekaffi. C-BLAD Fulldistribusjon Kyrkjenytt for Vossabygdene, pb 562, 5703 Voss Aktivitetskalendar T8 Tårnagent. Vangskyrkja fredag 13. mars kl. 0900 for Voss og Raundalen. T7 Påskefest. Vinje kyrkje fredag 20. mars kl. 1700, med førebuing til Påskefestgudsteneste sundag 22. mars kl. 1100. T4 Barnebibel. Vangskyrkja sundag 22. mars kl. 1100. Babysonggudsteneste Vangskyrkja sundag 1. mars kl. 1100 Oppheim kyrkje sundag 8. mars kl. 1100 Ung Messe Vangskyrkja sundag 8. mars kl. 1100 ved MILK (minilederkurs). Eldretreff i Vonheim Eldretreffa i vårsemesteret vert desse onsdagane kl. 14.00: 11. februar, 11. mars og 8. april. Kvinnene sin internasjonale bønedag Fredag 6. mars er Kvinnene sin internasjonale bønedag. Temaet i år er Hjelp til offer for vald i heimen på Bahamas. Øya Bahamas i Karibien vert oftast knytt til ferie, sol og sjø. Utanfor turistparadiset finn ein ein annan røyndom: Vald i heimen og i nære relasjonar er eit stort samfunnsproblem. Mange born vert utsett for vald og seksuelt misbruk, og mange er engstelege for foreldra sitt misbruk av alkohol eller narkotika. Gjennom Bibelselskapet i Vestindia ynskjer difor Kvinnene sin internasjonale bønedag å gjera prestar, frivillige i kyrkjelydar og rådgjevarar betre i stand til å hjelpa offera for denne typen vald. Konkret betyr det å halda kurs for ressurspersonar slik at dei kan læra korleis dei kan gje praktisk hjelp og støtte til offera. I fjor vart det samla inn kr. 392 462 til prosjektet «Kvinnebibel i Midt-Austen». Soknerådsval 2015 Det skal veljast nye sokneråd hausten 2015 (14. september, samstundes med kommune- og fylkestingsval). Sokneråda er no i gang med å finna kandidatar – fram til 1. mai då listene må vera klare. Kanskje er du ein av dei som kunne vera med i soknerådet neste 4 år? Det er fint om du kunne vera open for dette dersom du skulle verta spurd.
© Copyright 2024