SPØRSMÅL OG SVAR OM BIOSFÆREOMRÅDE Kva er eit

SPØRSMÅL OG SVAR OM BIOSFÆREOMRÅDE
Kva er eit biosfæreområde?
Det er et modellområde for berekraftig utvikling. Ordet biosfære betyr alt levande på jorda og det
miljøet det lever i. Det handlar om samspelet mellom menneske og miljø. Eit område vert utnemnd
til biosfæreområde av Unesco, som er FN sitt organ for utdanning, vitskap og kultur. Eit
biosfæreområde skal fungere som et modellområde der aktivitetar fokuserer på å fremje naturvern,
samfunnsutvikling og utvikling av forsking og utdanning. Lokal samhandling dannar grunnlaget for
aktivitetane. Et biosfæreområde vert forma etter lokale føresetnader, nettopp derfor er kvart
biosfæreområde unikt.
Kva er målet med eit biosfæreområde?
Eit biosfæreområde har tre hovudformål:



Utvikle samfunnet på ein langsiktig haldbar måte
Bevare biologisk og kulturelt mangfald, økosystem og landskap
Støtte demonstrasjonsprosjekt, forsking og miljøovervaking
På det lokale plan skal ein arbeide for å på beste måte fylla desse formåla praktisk i området og i
samspel med berørte partar
Er det langsiktig?
Arbeidet i et biosfæreområde er langsiktig. Det er ein fortløpande prosess som blir samordna av eit
biosfærekontor. Formåla til det aktuelle biosfæreområdet må få mognast for å kunna bli ein naturleg
del av lokale verksemder som næringslivet, kommunane og innbyggjarane, slik at ein får utvikla gode
samarbeidsformer.
Kan det bu folk i eit biosfæreområde?
I følgje Unesco sine kriterie for biosfæreområde skal det bu folk i eit biosfæreområde. Kriteriet
”langsiktig haldbar samfunnsutvikling” byggjer på lokalt engasjement og lokal forankring, derfor er
menneska sentrale i eit biosfæreområde.
Kva for område eignar seg som biosfæreprosjekt?
Et biosfæreområde har som mål å ta vare på område med høg bevaringsverdi samstundes som at det
skal utnyttast på ein langsiktig berekraftig måte. Det gjeld å ta vare på ressursane som potensielle
inntektskjelder for lokalbefolkning og samfunn. Det er behov for sterkt lokalt engasjement for å
holda i gang eit arbeid innanfor biosfæretankegangen, eksempelvis gjennom aktivt foreningsliv.
Inneber eit biosfæreområde innskrenkingar i eigedomsrett eller bruksrett?
Eit biosfæreområde inneber ikkje i seg sjølv nye restriksjonar. Alle eventuelle begrensingar skal vera
lokale initiativ og bygga på semje mellom eksempelvis oppsitjarar og styresmakter. Allereie
eksisterande restriksjonar som verneområde og nasjonalparkar, fortset å gjelda. Et biosfæreområde
inneber altså ikkje ytterlegare lovpålegg. Det medfører heller ikkje nokre innskrenkingar i
allemannsretten. Tvert om kan ein arbeida for å auka tilgjenge til naturen, både for tilreisande,
rørslehemma og folk med anna etnisk bakgrunn (aktivt/systematisk informasjonsarbeid).
Kva slags fordelar får eg av at det vert utvikla eit biosfæreområde her?
Folk som er aktive innanfor eit biosfæreområde finn fordelar på ulike måtar. Det er avhengig av kva
dei har som yrke, interesse og fritidsaktivitetar. Fordelane med biosfæreområde viser seg derfor på
ulike vis. Samfunnet som heilskap har nytte av eit biosfæreområde fordi innsatsen vert retta mot
langsiktig berekraftig samfunnsutvikling. Å vera biosfæreområde er også ein måte å marknadsføra
seg på. I Europa blir slike område sett på som svært attraktive både for busetting og turisme. Ei
spesiell besøksnæring har utvikla seg i blant anna Østerrike og Tyskland, som ein kan ta modell av.
Eit biosfæreområde kan skapa auka mulighetar for å få forskingsmidlar, støtte til
demonstrasjonsprosjekt og til miljøovervaking. Det er fordi det blir eit modellområde der ein testar
ut nye strategiar for å kopla samfunnsutvikling og naturvern, samstundes som ein knyt det til lokalt
engasjement.
Kor finst det andre biosfæreområde?
På verdsbasis finst det nær 560 biosfæreområde i 107 ulike land. Over 240 av desse er i Europa og
Nord-Amerika. I Sverige er det to biosæreområde - Torneträsk Biosfärområde og Biosfärområde
Kristianstads Vattenrike.
Vänerskärgården med Kinnekulle, Nedre Dalälven, Blekinge Arkipelag och Östra Vätterbranterna er
biosfærekandidater som no søkjer Unesco om å få bli utnemnd til biosfæreområde.
Kjelde:
www.biosfaromrade.org