Les brevet frå Bioteknologirådet til Klima

Klima- og miljødepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Vår ref.: 2015/35
Dato: 9.4.2015
EØS-forhandling om tilpassing til forordning 1829/2003 om
genmodifisert mat og fôr
Bioteknologirådet viser til våre brev daterte 26.1.2010 og 15.10.2012 med innspel til
EØS-forhandlinga om tilpassing til EU-forordning 1829/2003 om genmodifisert mat
og fôr. Bioteknologirådet støttar ein posisjon som tilsvarar den tilpassinga Noreg har
fått for utsettingsdirektivet (direktiv 2001/18), der Noreg kan leggje vekt på andre
omsyn enn helse- og miljørisiko i GMO-vurderingane – som vurderingskriteria
berekraft, etikk og samfunnsnytte i genteknologiloven. For å kunne føre norsk politikk
på området vidare er det avgjerande at Noreg får ei tilpassing som gjer at alt materiale
som går under utsettingsdirektivet, òg etter innlemming av mat- og fôrforordninga i
EØS-avtalen kan handterast i tråd med tilpassinga Noreg har for utsettingsdirektivet.
Vi ønskjer derfor at Klima- og miljødepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet
orienterer oss om kva regjeringa si tilnærming er, og om status i
forhandlingsprosessen.
Bakgrunnen er at det no har gått lang tid utan at resultatet av forhandlingane er klart.
Samstundes er Noreg i gang med å sluttbehandle ei rekkje GMO-søknader som er
godkjende i EU under mat- og fôrforordninga, og Miljødirektoratet sende den første
tilrådinga si til Klima- og miljødepartementet den 9. mars. Bioteknologirådet ser at
regjeringa òg har fjerna dei norske indikatorane for berekraftig utvikling i
nasjonalbudsjettet for 2015. Dette gir grunn til å stille spørsmål om kva som er
regjeringa sin politikk når det gjeld berekraftig utvikling.
Etikk, berekraft og samfunnsnytte – kriterium i den norske
genteknologiloven
I formålsparagrafen til den norske genteknologiloven er det lagt vekt på at framstilling
og bruk av genmodifiserte organismar skal skje på ein etisk og samfunnsmessig
forsvarleg måte, i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling og utan helse- og
miljømessige skadeverknader. Ved søknader om utsetting av genmodifiserte
organismar skal det leggjast vesentleg vekt på om utsettinga har samfunnsmessig
nytteverdi og er eigna til å fremje ei berekraftig utvikling. Dette er uttrykk for ei
haldning som gjer det mogleg å styre bruken av genmodifiserte organismar mot gode
produkt. I forskrifta om konsekvensutgreiing etter genteknologiloven er desse kriteria
Postadresse:
Besøksadresse:
Telefon:
Telefaks:
E-post:
Internett:
Stortingsgata 10
Stortingsgata 10
24 15 60 20
24 15 60 29
[email protected]
www.bion.no
0161 OSLO
operasjonalisert. Bioteknologirådet (tidlegare Bioteknologinemnda) har arbeidd med å
konkretisere kriteria, dei siste åra på oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning (no
Miljødirektoratet). Miljøverndepartementet (no Klima- og miljødepartementet) og
Helse- og omsorgsdepartementet støtta òg prosjekta økonomisk. Vi har utgitt to
rapportar, i 2011 og 2013, med forslag til relevante spørsmål som bør stillast for å
vurdere om sprøytemiddel- og insektresistente genmodifiserte plantar bidreg til
berekraftig utvikling.
Norsk EØS-tilpassing
Noreg har avgjort at GMO-regelverket i EU skal takast inn i norsk rett med visse
tilpassingar. Tidlegare vart søknadene om utsetting av GMO i EU behandla under
utsettingsdirektivet. Ein kan no sende ein felles søknad til EU for alle bruksområde,
under mat- og fôrforordninga. Derfor søkjer dei fleste under denne forordninga. Det
gjeld både dyrking og anna utsetting, som mat og fôr med spiredyktig materiale. Når
søknaden gjeld utsetting, må søknaden oppfylle krava i utsettingsdirektivet.
I 2007 vart utsettingsdirektivet teke inn i EØS-avtalen, og Noreg fekk ei tilpassing som
gjer at vi kan leggje vekt på andre forhold enn helse og miljø, slik som berekraft, etikk
og samfunnsnytte.
Dersom Noreg ikkje får ei tilpassing til mat- og fôrforordninga som svarar til den vi har
for utsettingsdirektivet, vil det føre til at dei fleste søknadene om bruk av
genmodifiserte plantar til mat og fôr vil bli avgjorde i EU, utan at Noreg kan bruke
andre argument enn helse- og miljørisiko, og utan at vi sjølve kan avgjere kva som skal
kunne importerast. Det vil ikkje gjelde berre tilverka mat- og fôrvarer som er regulerte
av matloven, men òg mat og fôr som inneheld spiredyktig materiale. Avhengig av
korleis Noreg stiller seg til den siste endringa i utsettingsdirektivet (sjå neste avsnitt),
kan det òg komme til å gjelde dyrking i Noreg. Bioteknologirådet meiner at dersom vi
ikkje får ei slik tilpassing, vil norske styresmakter miste innverknad på så viktige
område at det går ut over norsk sjølvråderett.
Utviklinga i EU og internasjonalt
Interessa har auka i EU dei siste åra for å nytte same verdigrunnlag og
vurderingskriterium som den norske genteknologilovgivinga opnar for. EU har nyleg
vedteke å endre utsettingsdirektivet slik at dei enkelte landa sjølve kan avgjere om dei
vil leggje ned forbod mot å dyrke ein EU-godkjend GMO. Dei kan leggje vekt på mellom
anna måla i miljø- og landbrukspolitikken, byplanlegging og regional planlegging, bruk
av landområde, sosioøkonomiske verknader, å unngå GMO-innblanding i andre
produkt og på nasjonale politiske mål.
Under Cartagenaprotokollen, FN-avtalen om handel med genmodifiserte organismar
under konvensjonen om biologisk mangfald, kan landa ta omsyn til sosioøkonomiske
forhold når dei vurderer om dei skal tillate import av ein GMO. Partane arbeider med å
gjere klart korleis ein skal forstå dette, og Bioteknologirådet har her bidrege med
innspel. Noreg har bidrege med finansiering til arbeidet med sosioøkonomi under
Side 2
Cartagenaprotokollen og blir rekna som eit føregangsland på dette området. Noreg har
ein årelang tradisjon for å fremje berekraftig utvikling under framforhandlinga av
internasjonale avtalar. Skal Noreg ha ein konsistent politikk når det gjeld GMO, må den
nasjonale politikken sjåast i samanheng med det internasjonale arbeidet.
Konklusjon
Bioteknologirådet meiner Noreg må stå fast på ein posisjon der vi ber om å få same
tilpassing for mat- og fôrforordninga (forordning 1829/2003) som for
utsettingsdirektivet (direktiv 2001/18). Det er viktig for å halde på nasjonal råderett
over dyrking og anna utsetting av genmodifiserte organismar i norsk natur. Det gjeld
ikkje berre genmodifiserte matplantar, men kan òg komme til å gjelde fisk og husdyr.
Samstundes er det viktig for at den nasjonale politikken og politikken internasjonalt
skal samsvare. No som EU sin politikk ser ut til å gi større nasjonalt spelerom på GMOområdet, er det enda større grunn til å halde fast ved ei offensiv rolle når det gjeld
berekraft, samfunnsnytte og etikk.
Med helsing
Kristin Halvorsen
leiar
Sissel Rogne
direktør
Saksbehandlar: Audrun Utskarpen, seniorrådgivar
Kopi:
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Miljødirektoratet
Mattilsynet
Side 3