LYS OVER LAND LYS OVER LAND NR. 2 – MAI 2014 – 74. ÅRGANG Fokus på India Se side 4-5 Med evangeliet til muslimene Familieleir på Utsyn på Finnøy 3.-6. juli 2014 Pris: Døgnpris for voksne: 520,- pr.person. Døgnpris for barn 3-12 år er kr 320.- For barn mellom 12 og 17 år er prisen kr. 400.- Max familiepris pr. døgn er kr. 1.750.- Kristen Muslimmisjon inviterer til familieleir på Utsyn! Fortsatt ledige plasser! Kjell Sønstabø og David Svensen blir med oss i tillegg til noen av misjonens ansatte. Påmelding til Herdis Heimdal: [email protected] eller tlf: 970 68 627. Du som bor i andre kretser enn «Agder og Stavanger», er også hjertelig velkommen! Kretsårsmøte i Agder og Stavanger krets Av Herdis Heimdal 26. april hadde Agder og Stavanger krets det årlege kretsårsmøtet. Dette året vart me invitert til Bjerkreim bedehus. Dei tok imot oss med god mat og gode velkomstord av Lars Magne Haugland. Deretter hadde David Svensen ein god bibeltime om «Det kristne håpet». David Svensen Valet på nytt styre gjekk fort og greit. David Svensen, vår tidlegare kretssekretær, vart ny formann. Elles vart Geir Egil Medhaug vald inn som styremedlem. Kretsstyret ser dermed slik ut: David Svensen, Elisabeth Hauge, Gaute Veland, Hamed Safaran, John Heimdal, Geir Egil Medhaug og Kurt Olsen. Varamenn vert Torhild Vatland og Reidar Vrålstad. Under «samtale om arbeidet» hadde Boulos Odeh innleiing under tema «Hvordan når vi muslimer?» Dette foredraget vart både lærerikt og inspirerande for oss. Me avslutta dagen med misjonsfest kl.18.00. Elisabeth Hauge leia oss trygt gjennom kvelden, David Svensen tala, systrene Anna & Olene song, og underteikna fortalde frå misjonen i Senegal. På festen kom det inn kr. 10 550,- i misjonsoffer. Takk til alle som møtte opp og gjorde denne dagen til ein festdag for KMM! Takk og til alle som hadde oppgåver, både på talarstolen og på kjøkenet! Kretsårsmøte i Møre og Romsdal krets Duettsang v/Astrid og Gunnar Holth Peder Almedal (t.v.) og Kjell Flem Navn på styremedlemmene og varamedlemmene i det nye kretsstyret i KMM fra venstre: Bjørn Sandøy, Andreas Smenes, Brit Sæther, Peder Almedal, Oddlaug Aasen Farstad, Einar Jonas Seljehaug og Gaute Husveg. Liv Sævik, Åse Muren og Sverre Sørensen Fagerli var ikke til stede da bilde ble tatt Kretsårsmøtet`s taler Odd Sæther 2 Foto: Jan Akselvoll Sangtrioen som sang på kveldsmøte Kristen Muslimmisjon Postboks 212 3571 Ål Tlf: 911 50 344 Bankgiro: 8220.02.19720 Redaktør for Lys over Land Generalsekretær: Tore Arnegard E-mail: [email protected] Internett: www.kmmisjon.no Forkynner og informasjons sekretær Eivind Flå Hegglia 10B 4622 Kristiansand S Mobiltelefon: 93 85 25 67 E-mail: [email protected] Formann: Rasmus Pollestad Høyland 143 4365 Nærbø Tlf: 51 43 50 87 Mobiltelefon: 95 29 50 92 E-mail: [email protected] KRETSENE Agder og Stavanger krets Administrasjonssekretær: Herdis Heimdal Veamyr 106, 4276 Vedavågen E-mail: [email protected] Mobiltelefon: 970 68 627 Bankgiro: 8220.02.19720 Bergen krets Sekretær: Herdis Heimdal Veamyr 106, 4276 Vedavågen E-mail: [email protected] Mobiltelefon: 970 68 627 Bankgiro: 8220.02.19720 Møre og Romsdal krets Dagfinn Røsvik Røssvikgarden 87, 6040 Vigra E-mail: [email protected] Tlf: 70 18 36 08 Mobiltelefon: 994 76 433 Bankgiro: 8220.02.19720 Østlandet krets Formann: Charles Stålerød Hallenstvedt, 3240 Andebu Tlf: 33 44 00 59 Trøndelag krets Kontakt: Andres Kyte Tlf: 72 42 18 34 MISJONSMARKENE Senegal Mission Evangélique Norvégienne B.P. 30. Nioro du Rip, SENEGAL Telefon/fax: 00 221 44 31 32 ELS: Abdou Thiam (President) Tlf: +2219491171, Mobil: 5465437, E-mail: [email protected] Anette Nordhelle B.P 30, Nioro du Rip, Senegal Vi gir finansiell støtte til: Jorunn og Hillebrand Dijkstra SIL, B.P. 2075, Dakar, SENEGAL India Anne Margrethe Eidesvik Sajinipara Mission P.O. Aurungabad 742201 Dist. Murshidabad West Bengal, INDIA Tlf: 0091 3485 240901 Indonesia Israel Misjonsblad for KMM som kjem ut med 4 nummer i året. Annonser Kontakt redaksjonen Opplag: 2800 Den nye fødselen LEDER Helsar med orda frå Johannes 3,1-15. Siterer frå vers 3: «Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje vert fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» Rådsherren Nikodemus oppsøkjer Jesus, som han kallar «ein lærar komen frå Gud». Han stiller sine spørsmål i nattemørket. I hans haldning ser me brytninga mellom tvil og tru. Han kjem til Jesus med sine mange spørsmål. Føresetnaden for ei ekte samtale med Jesus er tilstades. Jesus på sin side kallar Nikodemus «ein lærar i Israel». Jesus tek med Nikodemus i trua sine djupe mysterium. Samtala syner oss at Gudsriket sine løyndomar ikkje let seg fange opp av logiske menneskelege kategoriar. Det vert til sjuande og sist eit spørsmål om å ta imot bodskapen og stole på at Meisteren, Jesus har dekning for sine ord. Tre ting seier teksten oss om denne nye fødselen som opnar for livet i Guds rike: 1. Det er ein fødsel som utfyller vår menneskelege avgrensing. Jesus talar om ein fødsel av vatn og ande. Og den gjer noko med oss som går ut over det som skjer ved den naturlege fødselen. «Det som er fødd av kjøt er kjøt,» seier han. Det vil seie at den biologiske prosessen som skjer når eit menneskebarn kjem til verda, ikkje har nokon naturleg forlenging inn i Guds rike. Som menneske vert me fødd med synda sine avgrensingar og som dødelege vesener. Det veks ikkje noko tre etter naturen sine vekstlover frå vugga og inn i æve. Difor må det eit anna fostervatn til enn det som finst i morslivet, for å føde eit menneske som Guds barn. I dåpsliturgien vert det tala klart om at borna er born, «fødd med menneskeslekta sin synd og skuld», men at dei i dåpen vert Guds born, «fødd på ny ved Den Heilage Ande». Einkvar døypt kristen må hugse på at dåpen sitt fostervatn gav ein ny fødsel og dermed ein ny dimensjon til vårt naturlege menneskeliv. Me fekk del i oppstoda sine krefter. Me fekk Anden sin utrustning, så me skulle kjempe mot det vonde i oss og omkring oss. Difor er det «å leva i dåpen å vandre i boten», som Luther seier. Dåpen gjer oss ikkje syndfri, men den gjev oss eit skjerpa syn for kva i våre liv som er synd i Guds augo, og ein plattform for vår kamp mot synda. Og den syner oss vegen til tilgjevinga si kjelde, som ein gong reinsa oss i dåpen og alltid på nytt reinsar frå synda. 2. Den nye fødselen fornyar oss ikkje berre med tanke på vår lekamlege natur. Den opnar òg for ein ny kunnskap. Den sida ved vårt liv som vert utrykt gjennom sjel og tanke, vert også forvandla. Nikodemus gjekk seg fast i logikken sine irrgangar. Han målte den åndelege røyndom med den menneskelege målestokk for kunnskap. Men Jesus syner Nikodemus at det ikkje er nok å vera ein lærar i Israel. Jesus talar ut frå den guddommelege openberring. Han vitnar om frelsa sitt mysterium. Det var ein kunnskap som ikkje låg gøymt i mennesket si sjel eller kunne verta lese i naturen si bok. Det er ein løyndom som ligg skjult i vinden si susing for den som har lånt Anden sitt øyre til å høyre! Det er ein himmelsk visdom som kjem ovanfrå – ikkje ein jordisk kunnskap som kan verta henta nedanfrå. Den nye fødselen innebærer at me får ein ny erkjenning. Me får eit sinn som er opna for Gud si tale. Me forstår ikkje med tanken åleine, men med hjarta. Me tek imot Guds vitnesbyrd i tru. Det tyder at den som tek sin dåp på alvor, gjer bruk av det hørselsorgan som ved dåpen er innstilt på æva sin bølgelengde. Altfor mange menneske er ikkje klar over at dei har eit slikt høyreapparat for Gud si tale frå dåpen sin augneblink. Jo meir me tek på alvor at dåpen inneheld ein ny fødsel også for sjelskreftene våre, desto meir skjerpar me hørselen ovanfor Gud si tale og det kristne vitnesbyrd. Samvitet kan me finstille etter den kunnskap me fekk med vår nye fødsel. Og med trua sine øyre høyrer me på nytt og på nytt bodskapen om frelsa i den opphøgde Jesus Kristus, slik at vitnesbyrdet om Han vert til liv i våre hjarto. 3. Det er som åndsvesen menneske i særleg grad skil seg frå alle andre skapningar. Det er når vår ande vert fornya av Den heilage Ande at me for alvor framstår som det nye menneske, skapt etter Guds bilete. Det er anden i oss som grip om Gud som den treeinige Gud; Skapar, forløysar og trøystar. Paulus skriv at menneskeanden av naturen kjenner Gud i skaparverket, men menneska tilber Han ikkje og gjev Han ikkje ære. Me har mykje å læra av Jesus då han tålmodig lyttar til Nikodemus. Jesus fører samtala vidare til dei heilt sentrale frelsesspørsmåla. Han vik ikkje attende for å lyfte fram korset sitt anstøt og mysteriet sitt tankekors. Alt dette syner oss at den nye fødselen av vatn og ande skapar ei ny plattform for møtet med Gud. Når den treeinige Gud søkjer eit møte med det trefoldige menneske, finn Han hjå den døypte heilt andre moglegheiter enn hjå det naturlege menneske, som berre er kjøt av kjøt. Han finn att Jesu heilage bilete i det menneske som er forløyst i dåpen sitt bad. Og Han finn att anden sine kjenneteikn hjå det menneske som ved sin dåp fekk anden sine gåver for å leva det nye livet. Kjære misjonsven; Er me meir oppteken av å arve jorda enn å arve himmelen? Som kristne i dag må me ikkje gløyme at den nye fødselen forpliktar til eit nytt liv! Vatn og ande uttrykker livsfornying, for dynamisk kraft. Dåpskjelda veller fram til stadig nytt liv i forsaking, tru og teneste. Anden bles som vinden, og gjev rørsle og liv til greiner og blad. I Kristus Tore Arnegard 3 Nytt fra India Av Anne Margrethe Eidesvik Kjære misjonsvener! Endeleg ei helsing frå Sajinipara i India. Fyrst ei helsing frå Guds eige Ord: «... og du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt. Dette er det fyrste bodet. Det andre, som er like stort, er dette. Du skal elska nesten din som deg sjølv! Det finst ikkje noko anna bod som er større enn desse.» (Mark 12, 30-31) Guds allmakt syner seg i dagleglivet Misjonærlivet byggjer opp til å veksa i kjærleik til Herren. Dette fordi utfordringane er så store at ein ser si eiga maktesløysa dagleg. Ein er heilt avhengig av Jesus - Frelsaren. Og hjelpa kjem i rette tid, det ynskjer eg å skriva litt om i denne helsinga: - Som når to lærerar og nokre av ungdomane eg er mykje saman med om sundagane, innan nokre veker plutseleg kollapsar, dei låg som døde på gulvet då ropte eg på Herren i mi naud og om ikkje lenge opna dei augo, dei kom til krefter att. Takk Jesus! - Som når pengesending frå Norge stoppar opp i to år fordi indiske styresmakter for fyrste gong i mine 29 år har sperra 4 gåver frå utlandet for ei tid. Korleis kan me då løna 20 medarbeiderar dagleg? Då kjem det vel med at me i årevis har ein god del lokale inntekter som for til dømes skulen som er sjølvfinansiert. Skulepengane elevane betalar er nok til lærarløn for fire lærarar. Med inntektene frå medisinsalget på klinikken kan me og løna nokre av helsearbeiderane. Nyleg fekk me Rs. 45 000 som pris for to tre som me selde, og med dei midlane kunne me betala meir enn halve reperasjonen me hadde vedk. kyrkja dette året. To bankinnskot registrerte av styresmaktene for særskilde formål har revisor gjeve oss løyve til å bruka i desse krisetider. Guds nåde!!! Så tydeleg ser eg kor fantastisk Herren legg alt så vel til rette for oss. - Som på trass av at sjefar på Visa-kontoret i Kolkata som har sagt årleg i fem år at «me kan ikkje gje deg opphaldsløyve lengre i India», likevel - Gud på forunderleg vis har ordna med visum i alle desse åra og det seinast sist torsdag då eg var i Kolkata. Endå eit års visum vart stempla i passet mitt. Elegant overkøyrer Den Allmektige mennesketankar og avgjerder slik at alt må vika for Hans vilje. Så tydeleg har eg observert dette i alle desse åra. Naudrop i hjarta, registrert i himmelen, forvandling av situasjonar skjer. Æra til Gud i det høgste!!! Samarbeid med politiet I skrivande stund ligg to politivakter omringa av myggnett rett bortanfor huset mitt - i Paviljongen - og søv. Sjølv om politiet søv, veit folk at dei er her og ingen har prøvd seg på å gjera skade på natta sine tider på misjonsstasjonen. Stort! Me er i eit kriminelt område, mykje styggedom skjer ikkje så langt borte. At Staten stiller opp med gratis politivakt i ei årrekkje er og eit GUDS UNDER. Men ein lege frå Australia i misjonærtenesta i Orissa, nabostaten til West Bengal, saman med sine to mindreårige born måtte bøta med livet for at politivakt systemet starta opp. Det var då desse tre låg og sov i bilen etter eit evangelisk møte, at ei gruppe med hinduekstremistar slo bensin over bilen, sette fyr og dei brann til døde. Noko så forferdeleg! Neste morgon kom utsendingar frå distriktskontoret til politiet, dei tilbaud politivakt, og det er berre heilt fantastisk kor betydningsfull denne politivakta er for oss. Takk store Gud! Leirarbeid Ver i bøn for alle born og unge som skal samlast til bibelleir frå 16. - 18. mai, og for Anjåna og hennar medhjelperar som kjem frå Kolkata som ressurspersonar. I over 30 år har denne indiske kvinna stande trufast i det Guds Kall ho fekk som ung - så utrusta til å føra born og unge inn i DEN HEILAGE SKRIFTA gjennom xx Morsalim bevegelsessongar og undervisning av beste slaget. Songane ho brukar kjem frå Herren. Songar frå år attende står som stempla i dei unge sitt sinn, utanboks blir dei framførte dagleg i kyrkje og skule. Riya, ein fireåring innskriven på skulen vår i januar, som kom på vitjing saman med mor og veslebror i går i kveldninga, framførte deler av fire av desse songare ute på trappa mi. Storesyster hennar går og på vår skule. Jenta hadde allereie tileigna seg ein liten songskatt ho ber inni seg. For så imponerande vakkert vitna ho i song om halte og blinde, spedalske og menneske besatte av vonde ånder som vart friske i møte med JESUS. Brukar Gud fireåringar til å fremja sitt rike på jord? Ja, i Sajinipara kan me vitna om det fordi her byrjar borna på skulen i fireårsalderen. Bibelundervisning blant søkjande muslimar og hinduar Dei månadlege samlingane for søkjande muslimar og hinduar med hjelp frå Good Way, ein tysk organisasjon, og deira medarbeidar Biswajit, fungerer svært bra og det over mange år. Fleire hundre har delteke på desse møta og har tilegna seg kunnskapar om Bibelen og kva den kristne trua går ut på. Mange, mange har kjøpt seg ein Bibel, nokre ei songbok med over 500 songar på bengali-språket. På siste samlinga underviste Biswajit om oppstoda og nokre synte stor interesse. Morsalim kallar inn til desse samlingane. Frå 10 til 23 kjem, og til og med får dei seg eit godt rismåltid før dei syklar heim med nye tankar i hovudet og det til sine landsbyar. Misjonæren som bur mellom apekattar, ulvar, ørner og kobraslangar Svære apekattar og kobraslangar var ein del av miljøet då eg kom til Sajinipara. Men ulvane og ørnene har eg kun hatt som næraste naboar dei siste åra. Ei ørn laga seg reir like nær huset mitt i ei kokkusnøttpalme, la egg og ørneungar vart det, som vaks seg store ganske fort. Ørna kastar rått kjøt av ymse slag ned på vegen rett som det er. Ufyseleg. Då vi hausta inn kokkusnøtter i denne palma vart ørna kjemperebelsk og gjekk til åtak på karane som deltok i innhaustinga - ho prøvde å pikka dei i hovudet. Redsel blant karane varde lenge og meir innhausting av kukkusnøtter vart det ikkje. For tida har me ein ulv her med sju ungar. Dei har laga seg hi rett bak huset mitt. Skumle ulvehyl rundt nåvene om kveldane er heit vanleg. Ein ven seg til alt. Ulvane tok den eine av sandalene til politiet her ein kvelden. Dei herjar i blomsterbeda og det var ulvefar rett utanfor døra mi i går tidleg. Godt er det å veta at eg har englevakt dag og natt - eg er i Herren sine vernande hender. Den tryggaste staden på jord. xx Takk for trufast forbøn, for midlar til å driva misjonsarbeid fordi alle må få høyra det befriande evangeliet om Jesus. Born, ungdom og vaksne i det stille opnar opp for Jesus. Sima, niendeklassing frå muslimsk familie, skreiv i notatene sine sist sundag på gudstenesta: «Når Jesus har gjeve alt for meg, gått gjennom forferdeleg liding og død, kva kan eg gje til Jesus? Jo, eg gjev Han mitt hjarta, eg ynskjer å leva for Jesus.» Fint? Takk Jesus for at det nyttar å driva misjonsarbeid! Tydeleg ser eg frukter etter mykje slit og strev. Det har gått på livet laus så mang ein gong - men Gud gjev NY KRAFT, difor boblar det med fryd og gleda, takksemd over å få vera med i Guds redningsaksjon blant alle menneskeslag. Ta bøneoppgåva skikkeleg alvorleg om at Gud vil senda ein Josva til å ta over her i Sajinipara for arbeidet som Otto Torvik starta opp må ikkje stansa opp! Eg kjenner at eg går mot avslutning av mi teneste. SKJE DIN VILJE, HERRE JESUS. KOM TIL OSS OG VER HJÅ OSS ALLE. AMEN! 5 «Paa Skriftens grund» - Calmeyergatemøte og KMM sine arbeidarar i dag Av generalsekretær i KMM, Tore Arnegard Calmeyergatemøtet var eit møte mellom ulike grupperingar i Den norske kyrkja, og var ei viktig hending i det som ofte vert omtala som kyrkjestriden. Møtet fann stad 15. -18. februar i 1920 i Calmeyergatens Misjonshus i Calmeyers gate i Oslo, der det har fått sitt namn frå. Møtet vart i ettertid rekna som ei svært viktig hending i norsk kyrkjehistorie. Møtet samla 950 delegatar frå ulike kyrkjelege organisasjonar, i tillegg til at det vart seld 1700 billettar til galleriet for publikum som ville ta del i møtet. Dei dominerane personane på møtet var Ole Hallesby, Edvard Sverdrup, Johan Martin Wisløff og Ludvig Hope. La oss som organisasjon i Kristen Muslimmisjon, i dag også gå i deira fotspor om den bibelske autoritet. Tru mot Guds Ord Heilt fra århundreskriftet hadde det gått føre seg ein kamp innan Den norske kyrkje. Dette mellom tilhengjarar av liberalteologi og dei konservative. Denne konflikten fekk konkrete uttrykk i den såkalla professorstriden frå 1903 til 1906, som førte til at Det teologiske Menighetsfakultet (MF) vart oppretta. Opprettinga av MF kom som ein reaksjon på at liberalteologien hadde fått stort spelerom på det teologisk fakultet (TF) ved Universitetet i Oslo. Fyrste resolusjonen som vart vedteken var delt i sju ledd og er verdt å nemna også i dag (sitat): 1. Det vart enstemmig vedtatt at man skulle holde seg tro mot Bibelens ord «i denne farlige tid da den liberale teologi berøver vort folk tilliden til Guds aabenbarede ord». 2. Man var opprørt over samarbeidet med liberale teologer som hadde funnet sted på møtet i Drammen, og la ned «en bestemt protest mot et saadant samarbeide, som kun kan tjene til at styrke den liberale teologiens stilling». 3. I kampen mot liberalteologi var man enige om følgende punkter: xx enige om å bare velge dem a) Man var man mente stod «paa Skriftens grund» som arbeide i frivillig arbeid. b) Man hevdet menighetenes rett til selv å kunne forvalte sakramentene om presten ikke «vitterlig ikke forkynder det bibelske evangelium». c) Man var enige om å gjøre sitt beste for å fylle skolene med lærere som var enige 6 med deres sak. I de tilfeller der man ikke klarte dette, hevdet man at foreldre sto fritt til å ta barna sine ut av religionsundervisningen i skolen. Man var også enige om å jobbe hardt med søndagsskolearbeid. d) Man vedtok enstemmig å sette igang et opplysningsarbeid for å opplyse folket om liberalteologien, slik at folk kunne ta stilling mot denne. 4. Møtet slo så enstemmig fast at det viktigste redskapet i kampen mot den liberale teologien var de frivillige organisasjonenes arbeid. Man «enes derfor om at selvstændiggjøre og styrke disse, saa de ved Guds naade kan bære vort folk gjennom den nyrationalistiske bølge, som nu skyller ind over os.» Et av de viktigste grepene i dette, var videre støtte til Menighetsfakultetet, og styrking av den kristne pressen. 5. Enstemmig slo man fast at man var bekymret for en kirke som «ansætter professorer, prester og lærere, som forkynder og lærer stikk i strid med kirkens bekjendelse». Man vedtok ikke noen handlingsplan, men sa at hva som videre skjedde med dette, var avhengig av hva som skjedde med den liberale teologi. 6. Møtet nedsatte en komite for å overvåke dette, og eventuelt kalle inn til et nytt møte. 7. Punkt sju var en bønn om å styrke i arbeidet. Invitasjon og program Arbeidsutvalet ba den friviljuge kyrkjelydsorganisasjon, Det norske lutherske indremissionsselskap ta eit initiativ i saka. Desse sette ned eit utval, leia av Johan Martin Wisløff som kalte inn til eit stort møte. Dei inviterte organisasjonar som utforma framlegg til resolusjonar. Møtet var meint som å vera eit forum der likesinna kunne drøfte det dei såg på som ein alvorleg situasjon for kyrkja, og skulle ikkje ha nokon vidare politiske mål, noko ein presiserte for å avgrense seg. Programmet var slik som skrive nedanfor: 1. At samle vort kristenfolk til forsvar for menighetens gamle tro og bekjendelse og til kamp mot alle falske alliancer. 2. At dra konsekvenserne av dette standpunkt ved et aktivt arbeide for at hævde positiv kristendom i kirke, skole og presse. 3. At samle og styrke de frivillige organisationer og arbeide for større enhet mellem de troende. 4. At søke løst de vanskeligheter som reiser sig for bibeltro kristne ved at den liberale teologi trænger sig ind i vore skoler. 5. At arbeide for ret til at ansætte en «andenprest», naar et visst antal menighetslemmer kræver det. (– Innbydelse 29. oktober 1919) Calmeyergatelinja Den linja i møte med prestar og andre tilsette i Den norske kyrkje, som vart vedteken på dette møtet, vert kalla Calmeyergatelinja. Dette er ein restriktiv linje, som styrkar organisasjonene sin teologiske integritet. Det viktigaste punktet i Calmeyergatelinja er at ein ikkje skal inngå friviljug samarbeid med dei ein meiner bryt med deira syn på den bibelske autoritet. I praksis betydde dette at ein braut samarbeidet med mange prestar, og at Calmeyergatemøtet i fyrste omgang skjerpa kyrkjestriden. Eg ber om at KMM sine tillitsvalde, friviljuge forkynnarar og støttespelarar arbeider etter det som vart vedteke på Calmeyergatemøtet, og i heile sitt virke står «paa Skriftens grund». 7 BIBEL- OG MISJONSGLIMT Kongelig bekymring for forfulgte kristne «Vær vedholdende i bønnen, så dere våker i den med takk til Gud. Be også for oss, at Gud må åpne en dør for Ordet, så vi kan forkynne Kristi hemmelighet. For det er for dens skyld jeg er i lenker. Be om at jeg kan åpenbare den ved å tale som jeg bør. Omgås i visdom med dem som er utenfor. Kjøp den laglige tid.» - Kol 4,2-5 kår før, har det for de fleste blitt enda vanskeligere nå. Dette gjelder også for den lille kristne minoriteten i landet der den såkalte arabiske våren startet, i Tunisia. En ung grønnsakhandler, Mohamed Bouazizi, satte i 2011 fyr på seg selv etter å ha blitt ydmyket av politiet. Demonstrasjoner spredte seg deretter ut over Nord-Afrika og Midt-Østen, ikke minst takket være Facebook. Like før jul i fjor uttrykte prins Charles av England en stor bekymring. Det gjaldt de kristnes kår i den muslimske verden. Han sa det slik: «Det ser ut til at vi ikke lenger kan overse at kristne i Midtøsten i stadig større grad forfølges av militante islamittiske fundamentalister. Kristendommen ble bokstavelig talt født i Midtøsten, og vi må ikke glemme våre kristne søstre og brødre der.» Noen synes denne uttalelsen var oppsiktsvekkende fra en prins. Jeg tror han har gjort en rett observasjon. Og jeg kjenner takknemlighet for at han sier fra. Det er bra at også kongelige ser den store urett kristne opplever ikke minst i den muslimske verden, og gir uttrykk for støtte til dem. De trenger sannelig vår støtte og vår forbønn. De evangeliske kristne i Tunisia utgjør bare en liten minoritet på noen hundretalls personer, og de fleste har konvertert fra islam. Tunisia er et av de land i verden med færrest evangeliske kristne. Mange av disse opplever store vanskeligheter og forfølgelse for sin tro, og i stor grad blir de utstøtt fra sine familier. Nasjonale kirker kan ikke registrere seg, og etter landets uavhengighet i 1956 har ingen nye kirker fått offisiell registrering. Stadig opplever kristne å bli forhørt, og det er vitnesbyrd om at kristne er blitt banket opp når det blir kjent at de har konvertert fra islam. Utenriksmagasinet Urix hadde i mars i år et kort innslag om de kristnes situasjon i Tunisia. Her ble det fortalt om at de kristne i landet stort sett bare kunne treffes på hemmelige husmøter, men i dette programmet valgte likevel noen frimodige kristne ungdommer å stå frem, dog uten at deres navn ble nevnt. Jeg synes det var gripende å høre deres vitnesbyrd. En av dem sa følgende: «Vi kristne tror på Gud, og er ikke redd for På kort tid har det skjedd store endringer i Midtøsten. Det tales om en arabisk vår. Nå viser det seg at vårvindene ikke akkurat har blitt så milde. I alle fall gjelder dette for den kristne minoriteten i Midtøsten. Har de hatt vanskelige de som dreper kroppen, bare dem som kan drepe både kroppen og sjelen. Vi får styrke fra himmelen, og frykter verken islamister eller salafister.» Videre ble det sagt: «Jo mer de undertrykker oss, desto flere blir vi.» Det ble også fortalt om hvordan den arabiske våren vekket håpet hos konvertittene i landet. De hadde tro på større rettigheter. Men slik ble det ikke. I dag tvinges konvertittene til å holde en lav profil. Religionsfrihet i araberverdenen betyr at de som er født kristne får lov å utøve sin tro. Og de som konverterer til islam får gjøre det. Men konverterer muslimer til kristendommen, blir de betraktet som frafalne. Og de risikerer hard straff. Det er blitt verre for konvertittene i Tunisia og i hele den arabiske verden, men gruppen med kristne med muslimsk bakgrunn vokser som aldri før. Eksakt hvor mange som fins er det ingen som vet, men jeg tror den tunisiske ungdommen har rett: «Jo mer de undertrykker oss, desto flere blir vi.» Det er for øvrig nesten det samme som en annen fra området i Tunisia sa, nemlig kirkefaderen Tertullian, som levde på 200-tallet. Han sa det slik: «Jo mer de dreper oss, desto flere blir vi. Martyrenes blod er den kristne kirkes såkorn.» Med ønske om Herrens rike velsignelse! Eivind Flå Forkynner og informasjonssekretær Alle foto: Eivind Flå. 8 KRETSSEKRETÆR I Kristen Muslimmisjon (KMM) – Møre og Romsdal krets KMM-Møre og Romsdal krets søker etter kretssekretær i en liten deltidsstilling. Kretssekretæren skal blant annet i samarbeid med formannen sette opp saklistene og kalle inn til styremøtene. På styremøtene skal han skrive møteprotokollen og videre sende utskrift av protokollen til de som skal ha den. Videre har sekretæren ansvaret for å følge opp vedtakene styret har gjort. En annen sentral oppgave er å få i stand møter i kretsen. Vi har også et årlig kretslotteri som kretssekretæren har ansvaret for. Den som blir tilsatt må arbeide i samsvar med trosgrunnlaget til KMM og videre misjonens målsetting. Personlige egenskaper som anlegg for administrasjon og kommunikasjon er nødvendige for stillingen. Vi ønsker også en kretssekretær som kan delta som forkynner på våre møter. Kretssekretæren bør være bosatt i Møre og Romsdal og det er ønskelig at administrasjonen kan utføres fra et hjemmekontor. Lønn etter avtale. Stillingen passer best for en pensjonist, eller andre med noe ledig arbeidskapasitet. Nærmere opplysninger får du ved å kontakte kretssekretær Dagfinn Røsvik, tlf.99476433. Søknaden blir å sende til: KMM – Møre og Romsdal krets v/ Dagfinn Røsvik, Røssvikgarden 87, 6040 Vigra. Søknaden kan også sendes som e-post til: [email protected] Vi ber om at søknaden blir oversendt innen 01.08.2014. Gud elsker en glad giver Av Hans-Henrik Brix, frivillig forkynner og informasjonsarbeider i KMM I «Lys over Land» nr 1/2014 orienterte generalsekretæren om Kristen Muslimmisjons regnskap for 2013. Selv med rekordstore inntekter ble det et underskudd på 585.000,-. Og selv om KMM har fått mange gaveinntekter i første del av 2014 kan det også i år bli et betydelig underskudd i regnskapet. Det er en utvikling som kan bekymre med tanke på Kristen Muslimmisjons fremtid. Vi trenger stadig nye givere og støttespillere for at misjonsarbeidet kan fortsette og helst også intensiveres. Men selv om mange misjonsvenner gir betydelige beløp til Kristen Muslimmisjon og andre organisasjoner sitt arbeid, trenger vi å bli minnet om velsignelsen ved å gi og ofre til arbeidet i Guds rike. I 2 Korinterbrev 8 og 9 får vi en innføring i kristen givertjeneste. Det er i denne sammenheng vi finner de kjente ordene: «Gud elsker en glad giver» (2 Kor 9,7). Menighetene i Makedonia var fattige, men i deres dype fattigdom gav de ikke bare etter evne, men over evne, av egen drift, skriver apostelen Paulus (8,3). Det er forskjell på å gi og å ofre. En kan gi store beløp uten selv å gi avkall på noe, men å ofre er å gi av det en selv trenger. Hemmeligheten ved offersinnet er gleden over evangeliet som forkynner at Jesus for vår skyld ble fattig da han var rik, for at vi ved hans fattigdom skulle bli rike (8,9). Det hadde disse menighetene erfart, og derfor gav de seg selv til Herren. Det står ikke at de gav mye etter menneskelig målestokk, men de gav seg selv. Og det teller mer i Guds øyne enn selv nok så store pengegaver som ikke blir gitt i glede og kjærlighet for Jesu skyld. I beretningen om den fattige enken i Mark. 12,41-44 forteller evangelisten at mange rike gav mye, men den fattige enken gav to skjerver. Sett med våre øyne et helt ubetydelig beløp, men Jesus forsikret sine disipler om at enken hadde gitt mer enn alle de andre som la i tempelkisten. Hvordan kunne han si det? Jo, «For de gav alle av sin overflod, men hun gav av sin eiendom alt det hun eide, alt det hun hadde å leve av» (v. 44). For Jesus er det avgjørende altså om vi gir av vår overflod, eller om vi gir av det vi selv trenger. Gud ønsker ikke først og fremst våre gaver, men oss selv. Den sanne kjærlighet er nemlig mer opptatt av giveren enn av gavene. Det Herren ser etter, er om vi gir oss selv til ham. Gjør vi det, har han velbehag i våre gaver, og da kan de ved Guds nåde bli til velsignelse og frelse for mange mennesker. Gud elsker en glad giver, og fortsettelsen lyder: «Og Gud er mektig til å gi dere all nåde i rikelig mål, for at dere alltid og i alle ting kan ha alt det dere trenger til, og ha overflod til all god gjerning» (2 Kor 9,8). Gud er uendelig rik, og en glad giver kommer ikke til å mangle noe. Det skulle gi oss frimodighet til å gi oss selv og våre midler til Guds rikes arbeid mens det ennå er nådetid. 9 KRETSNYTT Glimt fra Agder og Stavanger Krets AV administrasjonsSEKRETÆR herdis heimdal Denne våren har me hatt kretsårsmøtet på Bjerkreim. Det vart ein fin dag saman med misjonsvenene. Sjå eige innlegg om kretsårsmøtet. (sjå side 2). Våren har elles vore prega av mange møte. Når mai månad er unnagjort, har misjonen hatt 116 møte denne våren. Takk til alle dykk som har ordna med møte rundt om i bygd og by! Takk til alle som er villige til å ha møte for misjonen, både de som er tilsette i misjonen og andre som tek på seg møte i kretsen. Kretsutlodding: David har teke ansvaret for utloddinga dette året og. Gevinstane er no på plass. Takk til alle som gav oss ein gevinst! Mange misjonsvener har no fått lodd frå han, men han har nok mange loddbøker enno. Skulle du ha lyst til kjøpe lodd eller du vil vere med å selje lodd, ta då kontakt med David Svensen på tlf: 90636926. Eg minner og om leiren til sommaren. Sjå eige annonse. Til sist vil eg minne dykk om Joh 10,11: «Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene». Glimt fra Bergen Krets takk til dykk begge! I tillegg har Eivind Flå og eg hatt nokre møte. Av kretssekretær Herdis heimdal Når du får dette bladet i hende, er me samla til kretsårsmøte for KMM i Bergen krets. Me er på Raknestunet på Osterøy frå 31. mai til 1. juni. Tore Arnegard er med oss. Vonar me vert ein fin flokk samla. Denne våren har me hatt 56 møter og mest like mange er planlagde til hausten. Det er kjempeflott at Olav Bergene Holm og Kurt Olsen reiser som frivillige i kretsen. Ein stor No er me snart klare med loddbøkene til kretslotteriet. Takk til dykk som gav oss gevinstar! Eg tek loddbøkene med meg til kretsårsmøtet. Veit du at du ikkje kjem dit, men vil likevel vere med å selje lodd, ta kontakt med meg på telefon 97068627. Eg helsar dykk med Salme 1,1-3: «Sæl er den som ikkje følgjer råd frå lovlause, ikkje går på syndarveg og ikkje sit i spottarlag, men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. Han er lik eit tre planta ved rennande vatn. Det gjev frukt i rett tid, og lauvet visnar ikkje. Alt han gjer, skal lukkast». Glimt fra Møre og Romsdal Krets Av kretssekretær Dagfinn Røsvik I Møre og Romsdal krets hadde vi kretsårsmøte lørdag 29. mars 2014 på Frænabu Misjonssenter. Det vises til referat fra årsmøtet annet sted i bladet. Heimearbeidet: Vi har i 2014 hatt fokus på heimearbeidet. Kristen Muslimmisjon sin målsetting er fastsatt i grunnreglene § 3. Misjonens målsetting i hjemlandet er: «Å forkynne Guds ord til vekkelse og oppbyggelse mellom vårt folk og innvandrere. Å kalle, utdanne og underholde så mange misjonærer som mulig for misjonsmarkene.» Vi ønsker å arbeide i samsvar med denne målsettingen i kretsen. I dette ligger at vi gjerne også tar på oss å arrangere møter 10 i forsamlingslokaler som blir lite brukt. Ta kontakt med kretssekretæren. Vi kan om nødvendig stille med både taler og møteleder. Selvsagt ønsker vi også å komme til bedehusene vi bruker å besøke. I tilknytning til heimearbeidet vil jeg nevne at vi i 2014 skal ha 4 møteuker der Eivind Flå er taler, 2 vår og 2 uker til høsten. Vi vil forsøke å fordele disse møtene så godt vi kan over hele kretsen. Til slutt vil jeg minne om hva Jesus sier i Joh 12, 24: «Sannelig, sannelig sier jeg dere: Hvis ikke hvetekornet faller i jorden og dør, blir det bare det ene kornet. Men hvis det dør, bærer det mye frukt.» Kretslotteriet treng gevinster for 2014. Kan du tenke deg å støtte lotteriet med en gevinst kan du ta kontakt med kretssekretæren. Ønsker du å gi en pengegave til lotteriet kan den overføres til Kristen Muslimmisjon sin bankkonto 8220.02.19720. Husk å merk gaven: Kretslotteriet 2014 – Møre og Romsdal krets. Jeg forstår dette verset slik at enten en har levd før Jesus ble født eller en lever i dag så er det bare Jesu forsoningsverk på Golgata som åpner «perleporten» for oss. Jfr. Joh. 14, 6: «Jesus sier til ham: Jeg er veien og sannheten og livet. Ingen kommer til Faderen uten ved meg.» Dersom noen av våre lesere har noen bønnebegjær de ønsker å dele med andre er dere hjertelig velkommen til å sende dem til KMMs hovedkontor på adressen som står på side 3 i bladet. Vi håper dere kan bruke denne spalten i deres daglige bønn til Herren. Be for: - Våre misjonærer Anne Margrethe Eidesvik i India og Anette Nordhelle, samt Jorunn og Hillebrand Dijkstra i Senegal - Våre nasjonale medarbeidere i India, Indonesia, Israel og Senegal. Vi vil spesielt nevne Adnan, Daed, Ghassan og Lorét i Israel og våre kontaktpersoner for arbeidet i Israel, Bulos Odeh i Norge, pastor og våre evangelister i Senegal (Moussa Faye, Michel Ngom, Jean Baptise Birane Diouf), presten i Sajinipara (Joseph Sankata) og evangelistene, medarbeidere, samt leder i Smyrna Mission Fellowship (SMF), Oli Fangidadie i Indonesia - Våre medarbeidere i Norge: Dagfinn Røsvik, Tore Arnegard. Kristoffer Ueland, Sigmund Meland, Hans-Henrik Brix, Herdis Heimdal, Eivind Flå, avid Svensen og Gudleik Himle D - Evangelisten Morsalim og hans familie. Be om at de må få oppleve ny kraft fra himmelen og ny omsorg - Våre mange frivillige forkynnere - Nye misjonærer til Senegal - At Gud må gi misjonens ledelse visdom til å drive KMM etter Guds Ord og Guds vilje - Kretsstyre- og Landsstyremedlemmer - Innvandrerarbeidet blant muslimene i Norge Forbønn Husk å takke Gud for: - Gode medarbeidere ute og hjemme - Åpenhet for Ordet i India og Senegal Be spesielt for: - Menighetssituasjonen og prosjektet i Nioro du Rip og samarbeidet med Den Nasjonale Lutherske kirken i Senegal - Språkarbeidet til Jorunn og Hillebrand Dijkstra - Anne Margrethe Eidesvik og hennes viktige tjeneste i Sajinipara og NELC - Forfulgte kristne i Indonesia - Arbeidet med bladet Misbah Ul-Haqq i Israel Økonomi i KMM KMM har pr. 30.04.2014 eit underskot på kr. 183.268,-. Driftsinntektene i denne perioda er på kr. 1.845.230,- medan driftskostnadene kom opp i kr. 2.028.498,-. Som tidlegare nemnt er økonomien til KMM pressa. For å betre det økonomiske resultatet er me avhengig av di hjelp og støtte. Me er difor svært glade og takksame for alle våre gjevarar. Ta gjerne og ei avgjerd om å bli ein fast gjevar, som gjev misjonen større forutsigbarheit i vårt arbeid. Eller kanskje det no er tidspunktet for å regulere det faste beløpet du allereie gjev? Takk til deg som les dette og bestemmer deg for å gjera noko med det. Vil du vera med oss også denne gongen? Vedlagt denne utgåva sender me ut to giroar. Ein giro kalla «vårgaven 2014» og den andre giroen i høve til «frivillig kontingent» for bladet Lys over Land. Dersom du ynskjer å gje ei vårgåve eller frivillig kontingent til KMM kan du nytte giroen / giroane i dette bladet eller sende di pengegåve til bankgiro: 8220.02.19720. Ein stor takk til alle som støttar arbeidet med å nå muslimane med evangeliet! Både gjennom bøn og gjevarteneste. Gud velsigne deg rikeleg attende! Tore Arnegard Ja, jeg vil gjerne få informasjon/engasjere meg i Kristen Muslimmisjon. Send talongen til Kristen Muslimmisjon, Postboks 212, 3571 Ål. Abonnere på bladet Lys over Land (frivillig kontingent) Støtte misjonen økonomisk. Få tilsendt giro. Bankgiro: 8220.02.19720 Fast givertjeneste. Få tilsendt skjema fra Kristen Muslimmisjon Godt sagt «Gud bruker oss når vi er svake nok til å bli brukt av ham» Ukjent avn ______________________________________________________________________________________ Adresse ___________________________________________________________________________________ ___________________________________________________________________________________ E-post/tlf _________________________________________________________________________________ «Be om fred for Jerusalem!» Salme 122,6 11 Returadresse for bladet: Kristen Muslimmisjon, Steinsvikvegen 30 c/o IMF, Søre Bildøy, 5353 Straume Produksjon av «komfyrer» i Senegal Alle kvinnene som er med i alfabetiseringsarbeidet skal få bygget en «komfyr» i kjøkkenhytta. Til nå har 185 «komfyrer» blitt bygget. Vi er derfor kommet vel halvveis i byggeprogrammet. Disse «komfyrene» bygges på plassen, rett på jordgolvet. De bygges av en blanding av leire, vann og kumøkk! Åpningen på toppen tilpasses størrelsen på grytene hos den som får en «komfyr». «Komfyren» har i tillegg 2-3 åpninger langs sidene der en kan legge inn ved. Å bruke disse komfyrene har flere gode effekter for familiene: • Kvinnene bruker mindre tid til å gå ut i naturen og hogge ned greiner da forbruket av ved reduseres betraktelig. • Koketiden reduseres, noe som igjen fører til mindre arbeid for kvinnene. • Naturen/trærne blir mer tatt vare på, noe som er et viktig tiltak mot ørkenspredning. • Barna leker som oftest i nærheten av mammaen og mange barn får brannskader. Disse komfyrene bidrar til at antall brannskader reduseres da en nå ikke lenger har en åpen flamme. • Til sist, men ikke minst, familiene påstår at maten smaker bedre! Det er vel unødvendig å si at dette tiltaket er veldig populært blant kvinnene… Herdis Heimdal, ansatt i KMM, tidligere misjonær i Senegal www.kmmisjon.no
© Copyright 2024