Godt nytt fra India - Kristen Muslimmisjon

LYS OVER LAND
LYS OVER LAND NR. 4 – DESEMBER 2014 – 74. ÅRGANG
Godt nytt fra India
Se side 4-5
Med evangeliet til muslimene
David Svensen
til minne
(1945-2014)
Av Tore Arnegard, generalsekretær KMM
og Rasmus Pollestad, formann KMM
Vår alles gode ven, David Svensen er
ikkje lengre iblant oss. Han sovna stille
inn 23. august, vel 69 år gamal etter
hard kreftsjukdom. David vart gravlagt
frå Kopervik interimkyrkje den 29.
august med svært stor deltaking. Gudleik Himle bar fram helsing frå kretsen
medan Gaute Veland helsa frå landsstyret og dei tilsette i misjonen.
Herre, «Kom med ljos, med djupe stilla.
Kom, for stormen gje meg ly. Kom du
sjølv, så eg får kvila stille ved kjærleiks
barm på ny. Når du kjem, vil ljoset
sigra, steg for steg på mørklagt veg.
Bøna frå hjarta vil då stiga: Nærare til
deg, til deg!»
Me helsar med orda frå Paulus sitt
andre brev til Timoteus 4, 7-8: «Eg har
stridd den gode striden, fullført løpet
og halda fast på trua. No ligg rettferdskransen ferdig for meg, den som Herren, den rettferdige dommaren, skal
gje meg på den store dagen, og ikkje
berre meg, men alle som har lengta
med kjærleik etter at han skal koma.»
David byrja som landssekretær i
Kristen Muslimmisjon i 1987, var ei kort
tid på 90-talet tilsett i Tibetmisjonen
(Himalpartner) og eit par periodar
i Indremisjonsforbundet. Han byrja
som kretssekretær i Agder & Stavanger krets i 1998 og avslutta si teneste
som kretssekretær 1. juni 2012. Etter
sommaren 2012 reiste han som frivillig
forkynnar, og i april i år vart han vald
som kretsformann i Agder & Stavanger
krets.
2
Me takkar David for heilstøypt iver og
teneste for vår organisasjon i svært
mange år!
Ein «Elias på Karmel» er teke opp til det
salige, ikkje i ildvogn, men gjennom
prøvinga sin ild. Det var vondt å sjå og
høyre om sjukeleiet hans dei siste månadane. Me er glade for at misjonær
Anne Margrethe Eidesvik og generalsekretæren i KMM fekk besøke han i
sommar, den 27. juni i den trivelege
heimen til Lillian og David i Kopervik.
Kristen Muslimmisjon står att i sorg,
men med djup takksemd for den
gode misjonsarbeidaren som Gud gav
oss. Arbeidsdagane til David var lange,
og han gløda for misjonskallet som
han hadde fått og teke imot frå Gud.
Engasjert som få og stor tru på sak.
Me skulle så gjerne hatt han lengre
iblant og med oss i misjonsarbeidet
her heime og ute på misjonsmarken i
India, Senegal, Israel og Indonesia. Ei
hjartesak for David var innvandrararbeidet og den gode kontakten som
han hadde med innvandrarane her
heime.
David sitt kall som forkynnar var å
innby folk på gater og streder til eit
heilagt himmelsk bryllup. No har han
fullført denne tenesta og Herren har
henta han til bryllupssalen. Me er
takksame for det gode vitnesbyrdet
David hadde. Han kunne dette med å
fenge sitt publikum. Han var god for
sin patos! Dette både gjennom skjemt
og alvor. Ein fin kombinasjon som
skapte ukjent livsglede. David var ein
lekpredikant av Guds nåde. Han hadde
eit heilbibelsk perspektiv. Full og heil
tillit til Guds Ord slik det står skrive
gjennom både Det gamle og Det nye
testamentet.
David var elska og djupt respektert
som lands-, kretssekretær og forkynnar i KMM rundt om i Noregs land.
Han var ein god talar gjennom det
å vera eit varmt medmenneske. Han
greidde å kombinere det himmelske
med det jordheile på ein fin måte. David var ein ualminneleg lærd og bibelbelest forkynnar, ein språkmektig
ordkunstnar og med stor kraft framheva han eit sentralt evangelisk-luthersk
forsoningsbodskap. Alle samtaler med
David etterlot seg sterke inntrykk og
slik var det nok for alle som møtte han.
Våre tankar går til Lillian med familie.
Må all trøysta sin Gud gje dykk både
styrke og fred midt i sorga over tapet
som de no har lidt. Trøysta i sorga er at
David var reiseklar og beredt, og kvile
han hjå Jesus fekk!
David sine mange vener i Kristen Muslimmisjon og blant misjonsfolket vil
alltid hugsa han for den varme, gode
forkynninga og humørspreiaren som
han var.
Me lyser Guds fred over David Svensen
sitt gode minne!
Kristen Muslimmisjon
Postboks 212
3571 Ål
Tlf: 911 50 344
Bankgiro: 8220.02.19720
Redaktør for Lys over Land
Generalsekretær:
Tore Arnegard
E-mail: [email protected]
Internett: www.kmmisjon.no
Forkynner og informasjons­
sekretær Eivind Flå
Hegglia 10B
4622 Kristiansand S
Mobiltelefon: 93 85 25 67
E-mail: [email protected]
Formann: Rasmus Pollestad
Høyland 143
4365 Nærbø
Tlf: 51 43 50 87
Mobiltelefon: 95 29 50 92
E-mail: [email protected]
KRETSENE
Agder og Stavanger krets
Administrasjonssekretær:
Herdis Heimdal
Veamyr 106, 4276 Vedavågen
E-mail: [email protected]
Mobiltelefon: 970 68 627
Bankgiro: 8220.02.19720
Bergen krets
Kretssekretær: Herdis Heimdal
Veamyr 106, 4276 Vedavågen
E-mail: [email protected]
Mobiltelefon: 970 68 627
Bankgiro: 8220.02.19720
Møre og Romsdal krets
Kretssekretær: Dagfinn Røsvik
Røssvikgarden 87, 6040 Vigra
E-mail: [email protected]
Tlf: 70 18 36 08
Mobiltelefon: 994 76 433
Bankgiro: 8220.02.19720
Østlandet krets
Formann: Charles Stålerød
Hallenstvedt, 3240 Andebu
Tlf: 33 44 00 59
Trøndelag krets
Kontakt: Andres Kyte
Tlf: 72 42 18 34
MISJONSMARKENE
Senegal
Mission Evangélique Norvégienne
B.P. 30. Nioro du Rip, SENEGAL
Telefon/fax: 00 221 44 31 32
ELS: Pasteur Mamadou Thomas
Diouf (President)
Tlf: +2219491171, Mobil: 5465437,
E-mail: [email protected]
Anette Nordhelle
B.P 30, Nioro du Rip, Senegal
Vi gir finansiell støtte til:
Jorunn og Hillebrand Dijkstra
SIL, B.P. 2075, Dakar, SENEGAL
India
Anne Margrethe Eidesvik
Sajinipara Mission
P.O. Aurungabad 742201
Dist. Murshidabad
West Bengal, INDIA
Tlf: 0091 3485 240901
Indonesia
Israel
Misjonsblad for KMM som kjem
ut med 4 nummer i året.
Annonser
Kontakt redaksjonen
Opplag: 2800
Kjenner du kallet til
­misjonærteneste i India?
LEDER
Vår Indiamisjonær Anne Margrethe Eidesvik
har i sommar gjeve beskjed om at arbeidsåret
2014/2015 diverre vert det siste på Sajinipara
misjonsstasjon for hennar del. Til neste år er
det 30 år sidan ho reiste ut. Det er med eit
audmjukt hjarta eg seier: Ein stor takk til Gud
som sette henne i tenesta!
Spørsmålet vert difor: Har Herren nokon der
«ute» som kjenner kallet til å reisa ut som misjonær til India for å føre dette viktige arbeidet i Sajinipara vidare? Arbeidet vart starta opp for alvor
i 1950 av Otto Torvik, og har sidan vore til glede
for mange i denne delen av dette store landet.
Kjenner du kallet og tenarsinnet til misjonsteneste i India, så ta kontakt med oss!
Måtte Gud gje oss sitt ljos i våre hjarto, så me forstår kva for von Han har kalla oss til som misjonsfolk. La oss no saman gå inn i forbøna si teneste.
Gjennom Anne Margrethe si gjerning har det
vore tydeleg å sjå at ho har vore i verda, men
ikkje av verda, slik det står skrive i evangeliet etter Johannes 17,13-18 . Ho har i alle desse åra fått
vore eit vitne for sanninga og ei Guds bygningskvinne. Ho har vore utvald til å vakte Guds folk.
Kor rik og herleg arven er for dei som er frelste,
og kor veldig Hans kraft er hjå oss som trur!
Misjonærtenesta går mot ei avslutning for Anne
Margrethe. Ho har sanneleg i gode og mindre
gode dagar, i mange kampar som har vorte til
sigrar med Guds hjelp, fått kjenna at ho har hatt
ei tru som bærer gjennom alt. Anden har gjeve
henne kraft, og vår India-misjonær har fått vore
Guds Ords bodbærar. Herre, måtte dette også
halde fram (Lukas 13,8) etter sommaren 2015!
Eit bibelsk motiv vil eg hente fram, som nettopp
talar om misjonsgjerninga som byggearbeid.
Me les hjå profeten Esekiel 22,30: «Eg har leita
mellom dei etter ein mann som kan byggja opp
muren og stilla seg i mur-rivnene for landet så
det ikkje vert øydelagt. Men eg finn ingen.» Det
er eit velkjent tema i Det gamle testamentet kva
Jerusalem sine murar hadde å seie for folket.
Dei som hadde stått som eit vern rundt byen frå
gamal tid. Guds vern og omsorg for folket vart
symbolisert ved muren som omkransa Sionshøgda. Men det var fyrst då tempelet og murane
vart rivne ned, og folket vart førte bort i det
landflyktige, at murane rundt Jerusalem for alvor
vart symbolet på frelsa og fornyinga av Israel si
tru. «Du skal kalla murane dine Frelse, og portane
dine Lovsong», heiter det i Jesjaboka (Jes 60,18b).
Og profeten Amos talar om at Herren sjølv vil
reise opp David si falne hytte: «Rivnene murar
eg att, og det som ligg i røys reiser eg opp att.»
(Amos 9,11).
Også i dag leitar Gud etter menneske som vil
tene Han ved å byggje opp murane og stille seg
i rivnene til forsvar for landet. Men i motsetnad
til den pessimistiske avslutninga av verset hjå
Esekiel: «Men eg fann ingen», kan me i dag vone
og be om: Måtte Gud finna ein ny medarbeider
for Hans arbeid på Sajinipara misjonsstasjon!
Misjonæren kan fylle att rivnene i trua sin mur,
som har forfelle hjå så mange av tida sine menneske. Dette både her heime i Noreg og ute i
verda. Ein misjonær som kan hjelpe menneske til
å byggje samband over sprekkane i tanken sine
forsvarsverker i møte med Guds openberring.
Må Gud finna ein eller fleire medarbeidarar, som
vil stille seg i rivnene til forsvar for evangeliet.
Ein ny misjonær i India, skal som Nehemia skriv,
oppildne folket til å mure med sverdet fest ved
hofta (Neh 4,18). Gud bur framleis midt blant sitt
folk i Sajinipara. I slutten av Jesajaboka vert det
skildra i profetiske syner korleis Jerusalem får sin
herlegdom att. Der les me: «Eg har sett vaktmenn
ut på murane dine, Jerusalem. Dei skal aldri teie,
korkje dag eller natt. Dei som lovprisar Herren,
unn dykk ikkje ro!» Må det gå slik med misjonsstasjonen vår i India òg!
Må me som misjonsfolk gå inn i aktiv bøneteneste for det ovannemnte. Må me sjå til at lovsongen
aldri opphøyrer på misjonsstasjonen i Sajinipara
i India! Ferdselsvegane kjem frå mange kantar
og leiar fram mot ein av dei mange portar. La det
vera lovsong og jubel når folk dreg inn eller ut
gjennom portane på misjonsstasjonen!
Så ver velkommen du som kjenner kallet til
verket! Vår von er at Gud alt har kalla ein ny
medarbeidar når Anne Margrethe si teneste er
fullført! Må det verta slik som apostelen Paulus
skriv til kyrkjelyden i Korint om den fullmakta han
har fått frå Herren. Det er ei fullmakt, seier han, til
«å byggje opp, ikkje til å rive ned» (2 Kor 10,8 og
13,10).
Er det nokon som med kall og stort frimod kan
gå inn i tenesta som Guds bygningsmann i India?
Signa julehøgtid i samfunn og heim!
I Kristus
Tore Arnegard
3
Nytt fra
India
Av Anne Margrethe
Eidesvik
Kjære medvandrar i Jesus Kristus, vår
Frelsar og Herre!
Helsing frå 2 Tim 3, 1–5: «Men dette skal
du vita, at i dei siste dagar skal det koma
tunge tider. For menneska skal vera sjølvkjære, pengekjære, skrytande, overmodige,
spottande, ulydige mot foreldre, utakksame,
utan age for det heilage, utan naturleg
kjærleik, uforsonlege, baktalande, umåtelege, ustyrlege, utan kjærleik til det gode,
svikefulle, oppfarande, oppblåsne, slike som
elskar lystene sine høgare enn Gud. Dei har
skin av gudsfrykt, men fornektar hennar
kraft. Vend deg bort frå slike.» Så herleg at
Far i Himmelen gjennom sitt heilage ord
«oppsedar oss til å fornekta gudløyse og
verdslege lyster, og til å leva sedeleg og
rettferdig og gudfryktig i den verda som no
er.» (Tit 2,12)
I dei siste 12 åra har eg lese eitårsbibelen frå
perm til perm og blir så fornya dagleg gjennom Guds levande ord frå alle dei 66 delane
som Bibelen består av. Lat oss trengja inn i
Ordet, slik at vi får Guds perspektiv på livet.
At vi får oversikt over kva han forventar av
oss, kva vi har i Herren og lærer heile bibelhistoria å kjenna.
Eg har ei sterk von om at du som les dette
skaffar deg eitårsbibelen. Den hjelper oss
verkeleg til å få næring for vårt gudsliv, slik
at vi vil vera blant dei fem jomfruene som
hadde olje på lampane då brudgommen
4
kom attende for å henta sine. Utan samfunn
med Jesus gjennom heile Ordet i kvardagen kan det lett bli slik at vi ikkje har olje på
lampa når Jesus kva tid som helst vil koma
attende. Alvorleg!
FORBØNSTENESTA
Fyrst vil eg takka for forbøn for meg og
tenesta i Sajinipara og for alle store og små
rundt meg! Jesus høyrer bønene dykkar for
eg opplever verkeleg at vi er under Herren
sitt vern og nåde. Visjon og leiing, ny kraft og
mykje glede og fred i hjarta over å vera midt
blant folket i Murshidabad, er svar på bøn.
Forlating frå synda som heng så fast ved oss.
Stort og stor, stor grunn til takk. Dykk i KMM
i Noreg, eg som utsending – saman så opplever vi at Guds rike har framgang i Murshidabad. Dag og natt prisar vi Herren for hans
velgjerningar blant denne folkegruppa.
HELSEARBEID
Misjonsstasjonen er ein stad der mange
slags folk kjem og går. På klinikkdagane
strøymer det folk til oss frå i 05-tida om
morgonen. Ei av pasientane i går var Juli, ein
tidlegare brannskadepasient. Ein åttendeklassing frå ein syskenflokk på åtte med ei
mor som verkeleg imponerar meg. Fattig
familie som lever frå hand til munn. Jenta
vart så ille medfaren då eld tok fyr i kleda
hennar. For eit under at Juli overlevde djupe
brannskader på begge lår og legger, i tillegg
til andre stader på kroppen. Tre dagar i veka
kom dei for rensing av såra og bandasjering,
og nok drikke og medisinar fekk Juli i seg
takka vera ei mor som stod på natt og dag
for å redda jenta si. Medtatt som ho var vart
ho syltynn og så svak, så svak – med uvanleg
mykje blødning i dei djupe såra. Ikkje mindre
enn tre gonger fekk Juli blodtransfusjon og
det var dette som hjelpte henne til å kjempa
seg gjennom opprensnings og tilhelingsprosessen i dei svære såra som tok mange
månader.
Juli var ein av pasientane Gud la særskildt på
meg, og mangt eit sukk og rop til Gud gjekk
opp til Far i Himmelen som såg i nåde til
pasienten min. Sakte men sikkert kom den
unge jenta seg, og etterkvart tok mora seg
av sårstellet heime i den fattigslege heimen
deira. Månad etter månad kom kreftene
tilbake, og nå er det ein fryd å sjå Juli. Ho er
blitt så rund og god og verkar så frisk, men
under kleda vil alltid vev og hud sjå heilt
unormal ut. Men, Juli er tilbake til skulegong
og lekselesing og det verkar som ho taklar
tilstanden godt. Stor takk går opp til Gud
som er midtpunktet på klinikken vår for at
han berga denne ungdomen då ho var så
nær døden og måtte gå gjennom svære
lidingar. Økonomisk hjelp fekk dei, menneskeleg varme fekk dei, og Jesus plasserte
meg i mor og dotter sin veg, som kunne
bera dei fram for nådetruna. Sårbehandlinga
på denne staden er kjendt i vide kretsar for
resultata er heilt imponerande og Gud skal
ha all æra for det. Det er mi inderlege bøn til
Gud at denne framifrå gode mora og dottera
Jenter som har tatt imot Jesus
Shikha saman med Tazammul
xx
Roser fra egen hage
hennar vil møta Jesus – ver med i bøn for
det. Hugs pasientane våre i bøn til Gud!
VENER KJEM PÅ VITJING
I dag kom Halema og Santåna på vitjing , ei
muslim og ei hindujenta som eg tok meg
svært mykje av då dei var babyar og eg var
heilt ny på Misjonsstasjonen. Misjonen bygde små, men solide hus til desse to familiane,
for det dei hadde av bustad var heilt elendig. No er Halema og Santåna vaksne med
born som går på skule i lansbyane deira. Eg
fekk jentene inn på kristen internatskule,
men det gjekk dårleg med studiene. Betre
gjekk det med strikkinga i strikkeprosjektet
for der gjorde dei ein flott innsats. Jentene
laga flotte jakker, genserar og lubber over
mange år, og dei tjente pengar til dei fattige
familiane sine, og var med på morgonandaktene i kyrkja dagleg. Santåna har ein trufast
forbedar i Haugesund så ho er rikt velsigna.
Ein av dei tre borna hennar har medfødt
hjartefeil og treng operasjon om nokre år.
Det var gildt å læra denne guten litt å kjenna
gjennom vitjinga igår og tidlegare har mor
og born vore på Klinikken for å få medisinar.
Orda frå Fork. 11,1 kjem ofte for meg: «Kast
brødet ditt på vatnet, for med tida skal du
finna det att.» Fantastisk stort er det at Santåna og Halema skulle få så mykje omsorg
og støtte gjennom så mange år – ja, eg trur
at Jesus har ein plan med deira liv.
Det er Guds vilje at vi ber for og med kvarandre. Difor ligg det sterkt på meg å be
dykk om forbøn for Pråsantå, ein av dei tre
sønene til presten Joseph Sankata. Han vart
brått svært sjuk rundt juletider, og fekk diagnosen hjernesvulst. Ganske fort kom dei seg
til Sør-India der han vart operert. Pråsantå
er gift og har ein son på to år. Framleis er
han langt ifrå frisk. Han er sterkt prega av
forstyrringar i hjernen. Det er vondt å sjå
han så forandra mht utsjånaden , i måten
han snakkar på og han kan ikkje lesa pga
synsforstyrringar. Lat oss be for Pråsantå, for
familien, for dei har det skikkeleg tungt. Er
det Guds vilje kan han bli heilt frisk att. Vi set
vår lit til underet sin Gud, og takkar for at han
vil gje familien kraft til å takla kva som måtte
koma vidare.
RESSURSPERSONAR
I dette nummeret av Lys over Land les vi
om Solveig Yndestad i Bergen (side 9), som
er forbedaren til Shikha spesielt, og for
oss alle i Sajinipara. Shikha er ein av mine
beste team medlemmer. Syster Solveig har
verkeleg evne til å oppmuntra båe Shikha
og meg. Ho er eit fabelaktig døme på ei
trufast teneste og misjonssinn, på ståpå vilje
og engasjement. Syster Solveig er ein flott
rollemodell for meg, og eg takkar Jesus frå
heile mitt hjarta for hennar gudfryktige liv.
Det var jo henne Gud brukte for å få meg inn
i Kristen Muslimmisjon, og dermed vart eg
leia hit til Sajinipara der eg skulle bli verande
i alle desse åra.
mi kjære, kjære Shikha og eg har vore på
handletur for misjonen i Jangipur heile dagen, og kom heim med den kvite jeepen vår
for eit par timar siden. For ein strålande kollega Shikha er, og for ei gåve frå Himmelen.
Verkeleg, eg beundrar denne arbeidssame
og seriøse kvinna som vaks opp akkurat på
den staden vi var på idag, 22 km borte. Sanneleg har Shikha lagt ned sitt liv for alt og
alle som har tilknytning til Sajinipara, og det
er mange, mange over åra sine løp. Kva ho
har betydd for meg personleg kan eg aldri
finna ord for – omsorgsfull og lojal, og så
kjempedyktig på så mange felt. Ein framifrå
god deltidslærar på skulen vår er ho og. Og
så elskar vi begge disiplinen på misjonsstasjonen som også er ei gåve frå Gud!
Som avslutning av dette brevet vil eg
opphøgje Far i Himmelen, som er den beste
oppsedar og oppdragsgjevar. Hans nåde er
nok! Sist sundag var det tre av jentene våre
frå muslim- og hindufamiliar som vedkjende
klart og tydeleg, for fyrste gong, at dei har
teke imot Jesus og at dei kjenner samfunnet
med Han i sitt indre. Lenge har eg merka
eit ljos over åsynet deira, og dei imponerar
med flotte bibelnotater dei skriv på gudstenesta om sundagane. «Men noko fall i god
jord og gav grøde – noko hundre foll, noko
seksti foll og noko tretti foll.» (Matt 13,8)
Kjærleg helsing frå den overlukkelege og takksame utsendingen dykkar.
Dette bønebornet til syster Solveig frå 1988,
xx
5
Forfølgelse og vekkelse i Indonesia
Av Eivind Flå, forkynner og informasjonssekretær
Islam har sitt utgangspunkt på den
arabiske halvøy. Men det er likevel
under ¼ av muslimene i verden som
er arabere. De fire land med flest
muslimer er alle asiatiske: Indonesia,
Pakistan, India og Bangladesh. Aller
flest muslimer er det på de mange
øyene som utgjør Indonesia. Indonesia er verdens fjerde mest folkerike
land, med en befolkning på 253
millioner. Ca 85 prosent er muslimer,
men det er også mange millioner
kristne, i tillegg til andre religiøse
minoriteter. Fra 1945 har landets
styrende filosofi, den såkalte pancasila med mottoet «enhet i mangfold»,
bidratt til at Indonesia har vært et
ganske tolerant land. Dette gjelder til
dels også praktiseringen av islam.
De siste årene har denne situasjonen
begynt å endre seg. I følge en ny rapport fra den britiske organisasjonen
Christian Solidarity Worldwide utfordres nå toleransen av ulike radikale
islamistiske organisasjoner, som har
slått seg sammen, og slik sett får stor
innflytelse i samfunnet. Kirker blir
stengt. Det har også en av Indonesias
gjenværende synagoger blitt, Beth
Shalom i Suraburu. I tillegg får både
hinduer og ahmadia-muslimer gjennomgå med vold og trusler.
Nå er det selvfølgelig store forskjeller mellom de ulike delene av det
enorme øyriket. Noen steder møtes
kristne nærmest i full frihet i kjempestore menigheter, mens de andre steder må være svært forsiktige. Enkelte
steder har det vært store og alvorlige
forfølgelser av kristne. Islamistene
ønsker å innføre muslimske sharialover, og de tar ofte loven i egne
hender.xx
Vi har også vært vitne til at
det føres rettssaker mot kristne der
dommerne blir tvunget av radikale
islamister til å avsi dommer i favør av
muslimene. Om denne utviklingen
for de kristne i landet får fortsette,
tror jeg det kan bli en meget vanskelig situasjon.
6
Samtidig er det slik at flere misjonsorganisasjoner driver et rikt misjonsarbeid i Indonesia. Blant annet har
Norsk Luthersk Misjonssamband
arbeid på flere av øyene. Dette kjenner jeg stor glede over.
Kristen Muslimmisjon har i flere tiår
også støttet evangeliseringsarbeid i
Indonesia. De siste årene har vi særlig
støttet flere evangelister på Java og
Nord-Sumatra, gjennom en organisasjon som heter Smyrna Mission Fellowship. Navnet på lederen av denne
organisasjonen er Oli Fanggidae. Han
uttrykker ofte hvordan tjenesten på
den ene siden er svært vanskelig,
men samtidig er han full av håp og
optimisme. For det nytter å forkynne
evangeliet i landet som har verdens
største muslimske befolkning. Nesten
hver måned er det nye som blir
kristne og døpt gjennom arbeidet
også i Smyrna Mission Fellowship. I
store deler av Indonesia er det vekkelse midt i forfølgelsen. Kanskje er
det rett å si at vekkelsen skjer mer på
grunn av forfølgelsene og vanskelighetene enn på tross av disse.
Den kristne vekkelsen i Indonesia
skaper til dels sterke reaksjoner blant
muslimene. Mange tyr til skremselspropaganda og hatefulle ytringer
mot de kristne. Et eksempel er den
muslimske hjelpeorganisasjonen
Mercy Mission, som i sterke ordelag
advarer mot den kristne vekkelsen.
De hevder at to millioner blir kristne
i Indonesia hvert år, og om denne
utviklingen fortsetter vil muslimene
om få år komme i mindretall i landet.
Dette er selvfølgelig uten realiteter,
men når en løgn blir gjentatt mange
nok ganger, blir den ofte trodd. Gjennom en kampanje, som Mercy Mission kaller ”Save Maryam”, informerer
de muslimer i hele verden om det de
betrakter som en urovekkende utvikling i Indonesia. Slik skapes dype
fiendebilder, og i stedet for forsoning
mellom kristne og muslimer blir det
mistenksomhet og hat.
Våre kristne brødre og søstre i Indonesia opplever sannelig at det er
mange mørke skyer i horisonten. De
trenger vår støtte og forbønn.
Ei av kirkene til
Smyrna Mission Fellowship
xx
Fast Givertjeneste med Avtale Giro - enklere blir det ikke
xx
Avtalegiro gir deg følgende fordeler
• Din konto blir automatisk belastet ved forfall - da slipper du å betale giroen i banken/nettbanken
• Du får kvittering med forklarende tekst på kontoutskriften - da får du god oversikt
Slik kommer du i gang
1) Fyll ut denne siden.
2) Send den til: Kristen Muslimmisjon, Søre Bildøy, 5353 Straume.
Du får beskjed fra banken din når AvtaleGiro trer i kraft.
Avtalen kan endres/stoppes når som helst ved henvendelse til din bankforbindelse.
xx
Med vennelig hilsen
Kristen Muslimmisjon
xx
xx
Ja, jeg ønsker å bli Fast Giver med AvtaleGiro
(er kjent med og aksepterer vilkårene for AvtaleGiro).
Jeg ønsker å bli Fast Giver og få tilsendt giroblanketter.
Jeg ønsker å gi kroner _____________ pr. gang.
Betalingshyppighet (fylles ut av alle):
Månedlig
Jan
Kvartalsvis
Feb
Mars
Halvårlig
April
Mai
Årlig, eller de månedene jeg har krysset av for:
Juni
Juli
Aug
Sep
Okt
Nov
Des
Ja, jeg ønsker 28% skattefradrag på mine gaver.
Kristen Muslimmisjon har tillatelse fra Datatilsynet for oppbevaring
av fødselsnummer og garanterer konfidensiell behandling av
opplysningene i henhold til Personvernloven.
Mitt personnr. er:
Maksimalt fradragsbeløp er 12.000 kroner. Gaver utover dette betraktes som en ekstragave til misjonen.
I januar får du tilsendt årsoppgave til selvangivelsen. Minstebeløp for skattefradrag er 500 kr/år.
Navn:...........................................................
(Bruk store bokstaver)
Adresse:.......................................................
Postnr./-sted:................................................
Tlf.:....................E-post:................................
Mottaker
Kristen Muslimmisjon
Mottakers konto
8220.02.19720
Belast mitt konto nr.
I følge bankenes sikkerhetskrav, er vi pålagt å be
deg fylle ut en øvre beløpsgrense pr. trekkmåned.
Vi anbefaler at du setter den maksimale beløpsgrensen til kr. 1.000,- pr. mnd., for å ta høyde
for eventuelle fremtidige gaveendringer. Du vil
uansett aldri bli trukket for mer enn det faktiske
gavebeløpet.
Hvis feltet under ikke fylles ut, vil beløpsgrensen
bli satt til kr 1.000,- pr. mnd.
Beløpsgrense pr. trekkmåned:
kr.
Trekkdato (fra 15. til 25.):
(Kid-nummer fylles ut av KMM)
Sted/dato: ……………………………… Underskrift:……………………………………………………
Sendes til: Kristen Muslimmisjon, Søre Bildøy, 5353 Straume
7
BIBEL- OG MISJONSGLIMT
Bønn til Allah?
«Muslimenes gud, Allah, er ikke den
samme Gud som vår, bare at de har
misforstått eller tillagt ham egenskaper han ikke har. Det er en annen gud,
en annen eksistens.»
- Professor Aksel Valen-Senstad
Er det mulig å forene kristen og muslimsk bønn? Tror kristne og muslimer,
når alt kommer til alt, på samme Gud?
Er det noen hensikt i å forkynne Bibelens budskap til muslimene? De har jo
Koranen. Spørsmålene henger uten tvil
sammen, og svarene som blir gitt fra
teologisk hold synes ofte å være uklare
og forvirrende.
Kristen Muslimmisjons formål er formulert i en setning: «Med evangeliet
til muslimene.» Om vi skulle ha svart
bekreftende på de tre spørsmålene
jeg har stilt over, burde vi naturligvis
snarest mulig ha lagt ned vår virksomhet. Men vi tenker annerledes. Aldri har
det vært større behov for å forkynne
evangeliet til den muslimske verden.
Vi tar på ramme alvor at islam kategorisk benekter det som er sentrum og
kjernen i evangeliet. Muslimene kjenner
Koranens Jesus, som omtales som Isa,
men de kjenner ikke Bibelens Jesus,
Guds sønn, den korsfestede og oppstandne Herre og Frelser.
Skal vi nå verden for Kristus kommer vi
kort og godt ikke utenom den muslimske verden. De utgjør omkring 20 % av
menneskeheten. Og Apg 4,12 gjelder
også dem: «Og det er ikke frelse i noen
annen. For det finnes ikke noe annet
navn under himmelen, gitt blant mennesker, som vi kan bli frelst ved.»
Det gjorde meg svært trist å se et
innslag i Dagsrevyen 10. september i år.
Presten Gyrid Gunnes ble presentert på
følgende måte: «Som norsk prest er hun
på vei for å be til en gud som tilhører en
annen religion. Men nå er bønnen blitt
kunst, og hun er blitt en del av årets
høstutstilling.» Så møter vi presten i
bønn. Og dette er hva hun ber: «Kjære
Allah. Jeg vet ikke om jeg tror på deg,
men nå ber jeg til deg, venn til venn.
Amen.» Ved slutten av innslaget med
henne møter vi henne igjen i bønn. Og
da formulerer hun det slik: «Kjære Allah.
Jeg er redd for at noen blir sinte på
meg for at jeg ber til deg. Vær meg nær,
Allah, vær meg nær. Amen.» Som et
forsøk på å begrunne sine handlinger sa
hun følgende: «Jeg tenker at vi trenger,
også i kirkene, i de hellige rommene, de
forskjellige religionene og utforske om
det går an å be på tvers av religionenes
grenser.»
Verst av alt, synes jeg, er at hun visstnok
skal ha fått godkjent dette blasfemiske
stuntet av biskopen i Oslo. Jeg synes
kontrasten til Børre Knudsen, som
mistet kappe og krave, og til slutt ble
kastet ut av presteboligen i Balsfjord for
sin kamp for sannheten, neppe kan bli
større.
Jeg tror det er på tide å våkne opp. Det
er så utrolig mye som står på spill. Det
er noen spørsmål som er så avgjørende
at vi ikke kan tillate oss å forholde oss
likegyldige. Bibelen advarer oss på det
sterkeste mot religionsblanding. Det
handler om intet mindre enn frelse eller
fortapelse. 2 Kor 6,15-17 sier det slik:
«Hva samklang er det mellom Kristus og
Belial? Eller hva samfunn har en troende
med en vantro? Og hva enighet er det
mellom Guds tempel og avguder? Vi er
jo den levende Guds tempel, som Gud
har sagt: Jeg vil bo hos dem og ferdes
iblant dem, jeg vil være deres Gud og
de skal være mitt folk. Gå derfor ut fra
dem og skill dere fra dem, sier Herren,
og rør ikke noe urent! Da vil jeg ta imot
dere.»
Å be til Gud på tvers av religionenes
grenser er et brudd på det første bud:
«Du skal ikke ha andre guder foruten
meg.» I 5 Mos 4,39 står det: «Herren
han er Gud, både i himmelen der oppe
og på jorden her nede, han og ingen
annen.» I 1 Kor 10,20-22 gjør Herren det
meget klart for oss med disse ord: «Jeg
vil ikke at dere skal komme i samfunn
med onde ånder. Dere kan ikke drikke
Herrens kalk og onde ånders kalk. Dere
kan ikke ha del i Herrens bord og i onde
ånders bord. Eller tør vi egge Herren
til nidkjærhet? Vi er vel ikke sterkere
enn han?» Dette bør være spørsmål til
ettertanke.
Med ønske om Herrens rike velsignelse!
Eivind Flå
Forkynner og informasjonssekretær
Alle foto: Eivind Flå.
8
Mitt møte med Solveig Yndestad
Av Herdis Heimdal
Solveig Yndestad er ei nydelig, eldre dame på 97 år som
jeg fikk besøke den 12. september i høst. I leiligheten i St.
Jakobs hjem i Kong Oskarsgaten i Bergen, så jeg flere pyntegjenstander som kom fra India, og jeg skjønte at her var
det tette bånd til vår misjonær Anne Margrethe Eidesvik.
Solveig har vært sykepleier hele sitt voksne liv og arbeidet både i Oslo og i Bergen. Hun avsluttet yrkeslivet som
styrer ved Nykirkens aldershjem i Bergen. Der var hun
styrer i hele 17 år!
Anne Margrethe og Solveig møttes på Menighetssøsterhjemmet i Bergen for mange år siden, lenge før Anne
Margrethe dro til India som misjonær. Solveig kunne fortelle at hun en dag fikk et brev fra Anne Margrethe. Anne
Margrethe var da i India som turist og skrev til Solveig for
å spørre henne om forbønn for visum videre, slik at hun
kunne gjøre en innsats i India, der hun følte seg kallet til å
tjene Herren.
Ikke lenge etterpå deltok Solveig på Påskemøter arrangert av KMM på Skogbu på Bømlo. Generalsekretæren i
KMM på den tiden var Olav Toft. Han fortalte under ett av
møtene om arbeidet i Sajanipara. Da fortalte han at Søster
Gudrun som var misjonær i India skulle pensjoneres, og
de hadde allerede bedt i ett år om ny misjonær til å ta
over arbeidet. Solveig skjønte da at hun satt med bønnesvaret! Hun visste om ei som hadde kallet til India! Solveig
fortalte dette til Toft som med en gang tok kontakt med
Anne Margrethe som
på det tidspunktet var
hjemme på Bømlo.
Samme dag møttes
de! To år senere dro
Anne Margrethe ut
som misjonær til India
og har vært der siden!
Solveig var så takknemlig for at hun fikk
være i Guds ledelse
og fikk være mellommannen mellom
misjonen og Anne
Margrethe.
Siden den gang har Solveig og Anne Margrethe hatt jevnlig kontakt gjennom brev, gjennom treffpunkter i Bergen
(Søstrenes misjonsring) og til og med hjemme hos Anne
Margrethe på Bømlo! Solveig har vært hennes trofaste
forbeder i alle disse årene i India, etter hvert har også flere
av arbeiderne i India fått være på hennes bønneliste.
Solveig var takknemlig for å få være med i misjonen på
sin måte, hun har sannelig fått virke i det stille. Hun har et
sterkt vitnesbyrd om Jesus som har vært med gjennom et
langt liv.
Takk Solveig, for din tjeneste i alle disse årene!
Ditt testamente
DU KAN GJE EI TESTAMENTARISK GÅVE TIL KRISTEN MUSLIMMISJON
I Bibelen les vi: ”Salige er dei døde
som døyr i Herren heretter! Ja, seier
Anden, dei skal kvile frå sitt arbeid:
For deira gjerningar følger med dei
(Openbaringa 14,13).
• Det må verta underskrive av to
vitner, som sjølv ikkje må vera
arvingar. Dette gjeld også deira
eventuelle ektefeller eller nære
slektningar.
Ved å tilgodesjå Kristen Muslimmisjon i ditt testamente kan ”dine
gjerningar” halde fram etter deg og
vera eit framleis vitnesbyrd om og
eit uttrykk for din kjærleik til Guds
utvalde folk. Når ein skal opprette
eit testamente er dette dei viktigaste formalitetane:
• I vitnene sitt nærver skal vedkommande tilkjennegje at testamentet
inneheld vedkommande sin siste
vilje og ein skal underskrive testamentet.
• Det må vera skriftleg og alltid ha
dato.
• Vitna skal skrive på dokumentet
at dei har underteikna etter ynskje
frå testator (vedkommande som
utsteder testamentet) og i vedkommande sitt nærver.
• Vitnene sine adresser og stillingar
skal setjast under namna.
Ektepar og enkelpersonar utan
livsarvingar kan testamentere bort
heile sin formue medan ektepar og
enkeltpersonar med livsarvingar
kan testamentere 1/3 av sin formue.
Testamentariske gåver har vore til
stor hjelp og signing for det kristne
arbeidet i India, Indonesia, Senegal
og Israel, samt i heimearbeidet.
Me kan gje nærare råd og rettleiing. Treng du hjelp, så ta kontakt med generalsekretær Tore
­Arnegard, mobtlf 91150344.
9
KRETSNYTT
Glimt fra Agder og Stavanger Krets
AV administrasjonsSEKRETÆR
herdis heimdal
Så er det tid for «Glimt frå kretsane» att.
Me er inne i ei hektisk tid med mange
møte. Mange medarbeidarar har møte
for misjonen i desse dagar, Kristoffer
Ueland, Eivind Flå, Gudleik Himle, Sigbjørn
Gabrielsen, Hamed Safaran, Holger Kjølvik,
Anette Nordhelle og eg. Fint å kome rundt
og møte misjonsvener. Fint å vere saman
om Guds Ord. Fint å kjenne fellesskapet
med Gud og med kvarandre! Takk til dykk
som står på og reiser med Guds Ord!
Me saknar ein i lista over møtehaldarar,
og det er David. Det gjekk så altfor fort
med sjukdomen til David og han døydde
i august. Sjå «minneord» om David elles i
Lys over Land.
Kretslotteriet er nå over. Me fekk inn
40 000 kr. Takk til dykk alle! Takk for
gevinstar og takk for at de kjøpte lodd!
Her er trekningslista: Støvsuger: Havard
Rørtveit, Dukke m. vogn: Helge Vatland,
Mikrobølgeovn: Nøstbakken, Kaffeduk:
Ingvar Kleppe, Løper: Torhild Vatland,
Vevd rye: Venke Gabrielsen, Duk: Kari
Uggland, Duk: Gunhild Kristoffersen,
Trearbeid: Turid Bjørheim, Pledd: Kjellaug
Skrunes, Spade: Sigvald Eriksen, Spade:
Gunnlaug og Rasmus Voll, Duk: Olga og
Hans Andersen, Håndkle: Inge Tjelta,
Genser: Torhild Vatland, Genser: Kari M.
Utvik, Kjøkkensett: Ole Gabriel Ueland,
Kaffesett: Marianne Muff Eriksson, Duk:
Elisabeth og Geir Magne Hauge, Bok:
Fam. Ingrid Rørtveit, Kaffekrus: Kjellaug
og Ingvald Eike, Snøskuffe og ryggsekk:
Grete Gudmundsen, Løper: Bergit Viste,
Lysestake i glass: Kjellfrid Sande, Saftsett:
Johannes Øksnevad.
No er det tid for å planlegge møte til
våren. Ønskjer du besøk på ditt bedehus,
ta kontakt. Det er utruleg kjekt å få slike
telefonar!
Kretsårsmøtet 2015 vert den 25. april på
Randaberg bedehus. Merk datoen allereie
no!
Ha ei velsigna adventstid! «For eit
barn er oss fødd, ein son er oss gjeven.
Herreveldet er lagt på hans skulder. Han
har fått namnet Underfull rådgjevar,
Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste.»
Glimt fra Bergen Krets
Av kretssekretær
Herdis heimdal
Hausten har vore spennande i Bergen
krets. Me har hatt fleire møte enn nokon
gong før. Det syner att i rekneskapen og!
Fin auke i inntektene i kretsen! Takk til alle
dykk som har gjort ein innsats i bygd og
by. Takk til Olav Bergene Holm, Kurt Olsen,
Anne Margrethe og Eivind Flå for iver i
tenesta!
Kretsutloddninga er no over. Takk for
alle gevinstane! Takk til dykk som har
teke lodd. Me fekk inn kr.17 770. Her er
dei heldige vinnarane: Kaffemaskin: G&G
Smaadal, Mariusgenser: Berit og Odd
Birger Stokke, Babyteppe m.m: John
Heimdal, Dobbelt vaffeljern: Margot og
Magnar Solsvik, Løpar i lappeteknikk:
Roger Hosøy, Kjøkkenknivar: Magnar
Mosaker, Kaffikanne: Solgunn Hosøy,
Gryte med lokk: Elsa og Erling Gjesdal,
Vase: Ingebjørg Befring, Hudkremar: Ingrid
Mosaker, Blomsterstamp: Helge Røksund,
Glasfat med gaffel og kniv: Reidun og
Karstein Heradstveit, Blomsterstamp:
Herdis Heimdal,
Pizzafat i tre: Mary
Johanne Røksund,
Lego: Lilly Røyrøy,
To eldfaste former:
Herdis Heimdal.
Helsar dykk med
Josva 1,9: «Eg har
då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg
ikkje skremma, og mist ikkje motet! For
Herren din Gud er med deg overalt der du
går.»
Glimt fra Møre og Romsdal Krets
Av kretssekretær
Dagfinn Røsvik
Det går mot jul, og Kristen Muslimmisjon
sitt arbeid i kretsen er snart over for året
2014. Jeg vil takke den enkelte som har
vært med i arbeidet dette året. Misjonens
viktigste oppgave både i heime- og
utearbeidet er å forkynne Guds ord. Men
skal Guds ord forkynnes må også mye
praktisk arbeid utføres og økonomiske
midler skaffes. I 1 Kor 12 blir det sagt at vi
som troende utgjør Kristi legeme her på
jord. Det viktige i denne sammenheng
er at Jesus må være hode og at han får
plassere oss på sitt legeme der han ser vi
fungerer best. Et nært samfunnsliv med
Jesus er en forutsetning for at vår tjeneste
skal bære mye frukt. Foruten meg kan
dere intet gjøre, sier Jesus, jfr. Joh 15,5.
10
Kretslotteriet 2014 skal ha trekning
mandag 24. november. Vi har lagt opp til
et bruttosalg på kr 90 000,-. Får vi solgt
alle loddene regner vi med en netto på
ca. kr 80 000,-. Vinnerne av gevinstene i
lotteriet vil bli informert umiddelbart etter
trekningen. Resultatet av trekningen vil i
tillegg bli kunngjort i neste nummer av Lys
over Land.
Møteplanleggingen for 2015 har allerede
startet. Jeg vil anmode kontaktpersonene
om at de tar kontakt slik at vi kan avtale
tidspunkt for møte(r) på ditt hjemsted.
Eivind Flå blir med i Møre og Romsdal
krets i uke 8, tirsdag – søndag, og i uke
19, onsdag – søndag, i 1. halvår 2015.
Møteukene med Flå i 2. halvår 2015 er
enda ikke bestemt. Kretsårsmøtet blir på
Kjeldsund Ungdomssenter lørdag 21. mars
2015. Generalsekretær Tore Arnegard blir
med som taler på
misjonstimen og
kveldsmøtet. Videre
blir rådsmøtet for
KMM i perioden
7.- 9. aug. 2015 på
Valderøy bedehus.
Sett av tid og bli
med på disse samlingene.
Til slutt vil jeg minne om det som står i Jer
17,7- 8: «Velsignet er den mann som stoler
på Herren, og lar Herren være sin tillit.
Han skal bli lik et tre som er plantet ved
vann og skyter røttene ut ved en bekk. Det
frykter ikke når heten kommer, alltid har
det grønne blad. Det sørger ikke i tørre år
og holder ikke opp med å bære frukt.»
Dersom noen av våre lesere har noen
bønne­begjær de ønsker å dele med andre
er dere hjertelig velkommen til å sende dem
til KMMs hovedkontor på adressen som står
på side 3 i bladet. Vi håper dere kan bruke
denne spalten i deres daglige bønn til Herren.
Be for:
- Våre misjonærer Anne Margrethe Eidesvik i ­India
og Anette Nordhelle, samt Jorunn og ­Hillebrand
Dijkstra i Senegal
- Våre nasjonale medarbeidere i India, Indonesia, Israel og Senegal. Vi vil spesielt nevne Adnan,
Daed, Ghassan og Lorét i Israel og våre kontaktpersoner for arbeidet i Israel, Bulos Odeh i Norge,
pastor og våre evangelister i Senegal (Moussa
Faye, Michel Ngom, Jean Baptise Birane Diouf),
presten i Sajinipara (Joseph Sankata) og evangelistene, medarbeidere, samt leder i Smyrna Mission Fellowship (SMF), Oli Fanggidae i Indonesia
- Våre medarbeidere i Norge: Dagfinn Røsvik, Tore
Arnegard. Kristoffer Ueland, Sigmund Meland,
Hans-Henrik Brix, Herdis H
­ eimdal og Eivind Flå
- Evangelisten Morsalim i India og hans familie. Be
om at de må få oppleve ny kraft fra himmelen og
ny omsorg
- Våre frivillige forkynnere
- Nye misjonærer til Senegal og India
- At Gud må gi misjonens ledelse visdom til å drive
KMM etter Guds Ord og Guds vilje
- Kretsstyre- og Landsstyremedlemmer
- Innvandrerarbeidet blant muslimene i Norge
Forbønn
Husk å takke Gud for:
- Gode medarbeidere ute og hjemme
- Åpenhet for Ordet i India og Senegal
Be spesielt for:
- Menighetssituasjonen og prosjektet i Nioro du
Rip og samarbeidet med Den Nasjonale Lutherske
kirken i Senegal
- Språkarbeidet til Jorunn og Hillebrand Dijkstra
- Anne Margrethe Eidesvik og hennes viktige
­tjeneste i Sajinipara og NELC
- Forfulgte kristne i Indonesia
- Arbeidet med bladet Misbah Ul-Haqq i Israel
Vert du med å gje ei raus julegåve?
Pr. 01.11.2014 hadde KMM eit underskot på – 364.918,-. Dette er
støttar arbeidet med å nå muslimane med evangeliet gjennom bøn
omtrent som det budsjetterte underskotet for dette arbeidsåret. Inn-
og gjevarteneste! Store oppgåver ligg og ventar i Senegal, India,
tektene så langt er på kr. 3.625.839,- medan utgiftene pr. 01.11 hadde
Israel, Indonesia og her heime i Noreg.
kome opp i kr. 3.990.757,-.
Me vonar at våre mange misjonsvener kan vera med å gje ei raus
Det er no mogeleg å gje inntil kr. 16.800,- som skattefri gåve til
misjonen. Dersom du ynskjer å få registrert di gåve til Kristen Muslim-
julegåve no på slutten av året. Dette slik at årsresultatet til KMM vert
misjon som ei skattefri gåve, må personnummer verta oppgjeve til
så godt som det berre kan. Gjer vel å sjå vedlagte giro i dette bladet,
misjonen. Dette anten ved å sende sms / ringe 911 50 344 eller ved å
som du kan bruke eller send di julegåve til bankgiro: 8220.02.19720.
sende epost til: [email protected].
På førehand hjarteleg takk!
Aktivitetane har aldri vore så høge som no og utgiftene har auka
på. Me har mykje å takke Gud for sjølv om me no på slutten av året
Helsar med evangeliet etter Lukas 2,14: «Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!» Velsigna julehøgtid
og alt godt inn i det nye året. Fredstankar!
har ei økonomisk utfordring. Difor: Ein stor takk til kvar einskild som
Ja, jeg vil gjerne få informasjon/engasjere meg i Kristen Muslimmisjon.
Send talongen til Kristen Muslimmisjon, Postboks 212, 3571 Ål.
Abonnere på bladet Lys over Land (frivillig kontingent)
Støtte misjonen økonomisk. Få tilsendt giro. Bankgiro: 8220.02.19720
Fast givertjeneste. Få tilsendt skjema fra Kristen Muslimmisjon
Tore Arnegard
Godt
sagt
«Dersom Gud
ikke eksisterer,
er alt tillatt.»
Fjodor Dostojevskij,
«Brødrene Karamasov»
avn ______________________________________________________________________________________
Adresse ___________________________________________________________________________________
___________________________________________________________________________________
E-post/tlf _________________________________________________________________________________
«Be om fred for
Jerusalem!»
Salme 122,6
11
En flamme av håp …
Jeg, Ndoumbé Cissé (til høyre i bildet), er en ung
handikappet kvinne og jeg kommer fra en fattig
familie i Senegal.
Da jeg fylte 6 år, fikk jeg begynne på barneskolen, og
jeg fikk gå der i 6 år. Som 12-åring avsluttet jeg barneskolen. Fra og med dette året ble mitt liv totalt omsnudd. Etter ett år hvor familien hadde veldig dårlig
avling, og fattigdommen hjemme var katastrofal, fikk
jeg denne sykdommen som førte til at jeg ble handikappet. Fattigdommen hjemme førte til at foreldrene
mine ikke kunne ta meg med til helsestasjonen for å
få medisinsk hjelp. Heller ikke mengder av tryllemiddel, som jeg fikk av den muslimske lederen hjalp, ei
heller nattlige bad i noen blader og bark. Enda mindre hjalp de mystiske besvergelsene fra trollmennene
i familien til min mor. De løste meg ikke fra denne
sykdommen.
Faktum var at jeg var blitt handikappet!
Jeg bestemte meg for å dra til Dakar, langt fra min
familie. Blikkene fra de andre, og de stygge kommentarer fra landsbybefolkningen, fikk meg til å dra
til Dakar for å tigge. Jeg håpet å kunne få nok til
livets ­opphold der. Etter en måned i Dakar innså jeg
at realiteten var annerledes enn jeg hadde trodd. Det
var mye enklere å bo i landsbyen min enn i Dakar.
Omsorgen for hverandre var større i landsbyen min!
Jeg dro derfor hjem igjen.
En dag hørte jeg om KY i Nioro. Jeg tok kontakt og
hos KY fikk jeg et rentefritt lån som gjorde at jeg
kunne åpne en liten butikk hvor jeg selger skjønnhetsprodukter for kvinner. En flamme av håp begynner derfor å skinne inn i mitt liv. Jeg får en gang i
måneden hjelp til regnskapsføring og det å drive
handelsvirksomheten. Denne hjelpen får jeg av
Vivian som er ansatt i KY. Jeg kan bare takke Gud for
dette. Nå er jeg økonomisk uavhengig takket være
KY! I april kunne jeg til og med kjøpe medisinene til
mamma som var sjuk av malaria!
Jeg ønsker til sist å få takke KY og KYs samarbeidspartnere! Takk for tillit og takk for denne muligheten
dere gav meg! Nå har jeg et verdifullt liv!
Herdis Heimdal, ansatt i KMM, tidligere misjonær i Senegal
www.kmmisjon.no