Velkomen til Lærdal - Norsk Villakssenter

Lærdal Turistinformasjon
(+47) 57 66 67 71
[email protected]
www.sognefjord.no
Velkomen til Lærdal
... der historia vert fortald
Sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Velkomen på ferie.
Velkomen til eventyret.
Velkomen til Lærdal!
Som ein av dei første destinasjonane i verda
har Lærdal fått merke som berekraftig reisemål.
Det betyr at Lærdal arbeider for at
turismen skal ha låg innverknad
på miljø og lokal kultur, og har mål
om å sikre ein positiv innverknad
og utvikling for lokal befolkning,
reiselivsverksemder og turistar.
Berekraftig reiseliv fokuserar på tre
hovedområder: bevaring av natur,
kultur og miljø, styrking av sosiale
verdiar og økonomisk levedyktigheit.
For å oppnå merket har Lærdal
dokumentert målbare indikatorar på
kvart område. Det som er spesielt
med Lærdal er at dalføret er rik
på kulturminner av nasjonal og
internasjonal verdi og at Lærdal
satsar på eigen kulturhistorie når det
skal skapast opplevingar som gjev
lengre opphaldstid og nye sesongar.
3
LÆRDAL
... der historia vert fortald.
Lærdal
5
Attraksjonar
7
Aktivitetar
32
Overnatting
35
Mat og drikke
38
Arrangement
40
Shopping
og service
41
Transport
42
Lærdal. Namnet får dei fleste til
å tenke natur, kultur, laks, fjord,
historie ...
Knapt nokon dal kan måle kombinasjonen natur,
kultur og historie slik Lærdal gjer. Heilt sidan
tidenes morgen har menneska brukt Lærdal.
Fyrst erobra dei fjella. Så tok dei dalen. Sidan
dei første tråkka over fjellet, sidan Tjodgata
frå Gulatingslova, Postvegen frå 1647 og dei
første Kongevegane, har samkvemet mellom
mennesker på reise mellom aust og vest skjedd i
Lærdal. Rolla som knutepunkt har sett spor, i dag
ligg kulturminnene tett: stavkyrkje, historiske
vegar, gamle gardar og husmannsplassar, unike
kulturlandskap, flotte hotell og trehusmiljø.
Lærdal er staden der historia vert fortalt.
Dei første moderne turistane var engelske
lordar på jakt etter lærdalslaksen i 1850-åra.
Slik starta soga om Lærdalselvi, Noregs mest
kjende storlakselv internasjonalt. Og med dei
kom skysstasjonar og hotell, transportselskap,
hesteskyss og rutebilar – under fellesnemnaren
vertskap. Folk har i alle år hatt grunn til å føle seg
velkomen i Lærdal.
Dalen strekker seg frå Borlaug der Rv. 52 møter
E16 og ned til Lærdalsøyri. Den har eit unikt lys
som har inspirert fram mange nasjonalikon som
i dag heng på Slottet eller Nasjonalgalleriet.
Det gode klimaet gjer dalen til ein av dei mest
grøderike i landet med lange tradisjonar innan
jordbruk. Og kombinasjonen fjord mot fjell gjer
naturen sensasjonell. I dalbotnen: fjord, grønt,
varmt, rikt på jakt og fiske. På høgfjellet: snø,
skigåing eller vandring på isbrear høgt over
Sognefjorden.
4
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Fakta om Lærdal
Dampskipskaia på Fleskheller
ATTRAKSJONAR
Bryggja er verna og byr
på flott utsikt
Avstand frå sentrum: 1 km. vestover
Høgde over havet: 2 moh.
Komme dit: Bil/gå/sykle
Høgaste punkt:
Høgeloft 1920 moh
Lågaste punkt:
Ytre Frønningen -944 moh.
Innbyggarar:
2176
Totalareal:
1342,42 (67. største kommune i Noreg)
Av dette høgfjell:
1120,3 kvm2 (83,45 prosent)
Av dette vatn:
64,9 kvm2 (4,83 prosent)
Om vinteren kunne dei inste delane av
Lærdalsfjorden verta islagd. Dette skapte
vanskar for postgangen mellom Christiania
og Bergen, som sidan 1647 hadde gått
gjennom Lærdal. Løysinga vart ny veg og
bryggje ved Fleskheller i 1845. Steinbryggja
er i dag verna og byr på flott utsikt og gode
fotohøve ved Lærdalsfjorden/Sognefjorden.
Her kan du også fiske.
Lærdal Turistinformasjon
Lokalisert i Lærdal kulturhus saman med Norsk
Villakssenter og Sogn Kunstsenter, 150 meter frå
sentrum.
Tlf. 57 66 67 71
Mob. 915 51 043
Fax. 947 73 051
Epost: [email protected]
www.sognefjord.no
www.fjordnorway.com
Turistinformasjonen hjelper med:
* informasjon og råd om aktivitetar i nærområda,
Sognefjorden og FjordNorge
* formidling av overnatting og serveringsstadar
* sal av billettar til museum, guidetenester m.m
* sal av fiskekort, veg- og turkart, postkort og
frimerker
* gåvebutikk, souvenirar, samt tur- og guidebøker
Lærdalsfjorden/Sognefjorden
Sognefjorden er den djupaste og
lengste, opne fjorden i verda
Avstand frå sentrum: 0,5 km.
Høgde over havet: 0 moh.
Komme dit: Bil/gå/sykle
Lærdalsfjorden er ein arm av Sognefjorden
og er 7,1 kilometer lang, 2,7 kilometer på det
breiaste og 565 meter på det djupaste. Stor
båttrafikk i eldre tider. Sognefjorden er den
djupaste og lengste, opne fjorden i verda:
cirka 204 kilometer lang og 1308 meter
djup. Badeplass på Grandane (ved Lærdal
Ferie og Fritidspark) og i Hedler. Fjordfiske.
Utsiktspunkt ved Røyrnes, Fleskheller og
Raudberg. Fin sykkelrute langs fjorden mot
Erdal og Vindedalen.
Opningstider 2013:
5
15. mai – 2. juni
onsdag – søndag kl. 11-16
3. juni – 30. juni
dagleg
kl. 10-18
1. juli – 18. aug.
dagleg
kl. 10-19
19. aug. – 29. sept.
onsdag – søndag
kl. 11-16
6
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Gamle Lærdalsøyri
Gamle Lærdalsøyri var byen til
hallingdøler, valdrisar og sogningar
Avstand frå sentrum: 0 km.
Høgde over havet: 2 moh.
Komme dit: Gå/sykle
Gamle Lærdalsøyri er noko av det mest
særmerkte av gamal tettstadarkitektur og eit av
dei største samla bygningsmiljøa frå eldre tid
som er att i Noreg.
Dei 161 verna trebygningane frå 17- og
1800-talet er minner frå tida då Lærdalsøyri
var eit nasjonalt knutepunkt for handel og
samferdsle. Lærdalsøyri var byen til hallingdøler,
valdrisar og sogningar. Her møtte dei kystfolket
for å byte varer og utvikle røynsler, spesielt
under Lærdalsmarknaden, som er Norges eldste
og mest tradisjonsrike friluftsmarknad, fyrste
gong nemt på 1500-talet.
Lærdalsøyri hadde bystruktur alt på 1600-talet
og vaks fram som den fyrste og største
tettstaden i Sogn og Fjordane. Strandsitjarstaden
utvikla seg frå enkle naust langs fjordkanten til
ein liten by med cirka 700 innbyggarar i 1842.
Då hadde regjeringa laga byplanar og foreslo
Lærdalsøyri som «ladested» ovanfor Stortinget.
Lærdalsøyri hadde langt fleire «bynære»
næringar enn vanleg på landsbygda. Dei nye
vegane oppe i dalen kopla mot trafikken på
fjorden, samt Lærdal si sentrale plassering,
gjorde at Lærdal var fyrst ute med post- og
transportvegar, dampskipsruter, telegraf, telefon
og apotek – for å nemne noko. Lærdalsøyri var
også sete for fylkesadministrasjonen i Sogn og
Fjordane. Hovedgata Øyragata er fylkets eldste
handlegate, i dag regulert som gågate.
Den raskt veksande tettstaden gjorde fleire
av handelsmennene rike. Gjestgjevar Lars
Hille tjente så mykje at han fekk lov av
Danmark-Noreg til å trykke eigne pengesedlar.
Handelsmann Tøger Hansen betalte 400
riksdalar i formueskatt då Noregs Bank skulle
etablerast, meir enn dobbelt så mykje som nokon
annan i Sogn og Fjordane. Jan Henrik Nitter
Hansen tjente nok til å kjøpe heile Lærdalsøyri
på auksjon. Denne overklassen sette sjølvsagt
spor. Mellom anna skapte dei rikmannstrøket
«Enemo», i dag Brattegjerdet, som den gong låg
«på landet» utanfor Lærdalsøyri.
I dag er gamle Lærdalsøyri fylt av
antikvitetsbutikkar, atelièr, kafé og pensjonat.
Nokre av husa er feriehus, andre har fastbuande.
Og her foregår framleis den vidgjetne
Lærdalsmarknaden i det same bygningsmiljøet
som den alltid har gjort. I våre dagar går den av
stabelen tredje helga i juni kvart år.
Besøk Henrikstova, ei typisk akershusisk stove
med tre rom, inngang på langsida og ljore i
taket. Verdt å sjå: Fanteloftet, Sjanke-huset, Per
i Podl-huset og Løytnantsbryggja, den gamle
jektehamna der mykje av handelen føregjekk.
Merk deg den rosa Kulturbanken, ombygd
i nyklassisistisk stil i 1925. Arkitekt Johan
Lindstrøm var inspirert av Egypt og gangen
innanfor liknar Tutankhamons grav.
Forsøk guida vandreturar, der du også får
oppleve nokre av husa innvendig. Startar ved
gamle Telegrafen. Sjå avsnittet Postmuseum og
Telemuseum eller kontakt turistinformasjonen.
7
8
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Vandring gjennom
arkitekturepokar
Postmuseum og
Telemuseum
Lærdal har ein viktig del i norsk
tele- og posthistorie
Avstand frå sentrum: 0 km.
Høgde over havet: 2 moh.
Komme dit: Bil/gå/sykle
Dalføret har vore postveg mellom aust og vest
sidan 1647. Den første telegraflinja mellom
Austlandet og Vestlandet vart lagt gjennom
Lærdal, og i Lærdal opna fylkets første
telegrafstasjon i 1855. I den gamle ærverdige
Apotekergården, også kalla gamle Telegrafen,
finn du postmuseum og telemuseum i første
høgda. Musea er avdelingar under Maihaugen
og Norsk Telemuseum. I andre høgda finn du ei
reiseliv- og turisthistorisk utstilling om Lærdal,
samt ei utstilling om den rike rutebilhistoria i
bygda.
Frå slutten av 1700-talet
til 2000-talet
Avstand frå sentrum: 0-1 km.
Høgde over havet: 2 moh.
Komme dit: Gå/sykle
Ope 15-20 alle helgar i juni og dagleg 2. juli - 11.
august (stengt måndagar).
Guida turar gjennom gamle Lærdalsøyri startar
ved inngangen til museet kvar dag klokka 15 når
museet er ope. Sjå Gamle Lærdalsøyri.
Sæverud-monumentet
"Spontant som en forbitret ed
brast tonene ut av meg"
Avstand frå sentrum: 0,6 km
Høgde over havet: 2 moh.
Komme dit: Sykle/gå/bil
9
Fyl du det gamle og nye hovudgateløpet på
Lærdalsøyri (Øyragata-Øyramarki-Brattegjerdet)
går du frå trehusmiljø frå slutten av 1700-talet
og 1800-talet via sveitserstilen som varde fram
til 1920-talet. Vidare via etterkrigstida med
50-talet sine husbankhus, og til slutt 70 og
80-åras bustadbygging. I nye sentrum finn du
forretnings- og hotellbygg frå kvar av dei siste
tiåra.
Komponisten Harald Sæverud fekk inspirasjonen
til «Kjempeviseslåtten» då han stod på ferjekaia i
Lærdal under krigen. «Spontant som en forbitret
ed brast tonene ut av meg» fortalde Sæverud,
etter å ha sett alle tyskerbrakkene skjemme ut
vakre Lærdal. Monument innrissa med notar frå
Kjempeviseslotten står i fjellveggen ved kaia.
10
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Norsk Villakssenter
For mange er Lærdal mest kjend
for Lærdalselvi og for den rike
sportsfiskarhistoria
Avstand frå sentrum: 0 km.
Høgde over havet: 2 moh.
Komme dit: Bil/gå/sykle
Sogn Kunstsenter –
Gjesmesamlinga
Norsk Villaksenter har utstillingar om dette
samt eit observatorium med store villaksar.
Kom og sjå historiske filmar, prisløna film om
atlanterhavslaksen sin oppvekst og liv, og lær om
det rike sprotfisket. Besøkssenter, kafè og butikk.
Ope 15. mai til 30. september.
Pris:
Vaksne: NOK 95
Familie: NOK 205
Student/born: NOK 60
Prisane inkluderar inngang til Norsk Villakssenter
og Sogn Kunstsenter
Turistinformasjonen er på same stad:
Tlf: 57 66 67 71 / 915 41 043
[email protected]
www.norsk-villakssenter.no
Det er mogleg å kjøpe fellesbilllett med Post- og
Telemuseet. Spør i skranken.
11
Like før kunstaren Hans Gjesme
døydde i 1994 gav han heile
livsverket sitt til Lærdal kommune
Avstand frå sentrum: 0 km.
Høgde over havet: 2 moh.
Komme dit: Gå/sykle
Minst 1500 kunstverk i form av skisser og
ferdige verk, utført i teknikkar som teikning,
måleri, tresnitt, skulptur, trykkplater, pastellar
og akvarellar er samla i dette kunstsenteret av
internasjonal klasse. Ulike utstillingar gjennom
året, mellom anna i samarbeid med Astrup
Fearnley Museet for Moderne Kunst.
I sommar (25. mai - 29. september) er det
kunstfotografen Jens Hauge frå Lærdal som
stiller ut sine bilder i utstillinga « Jens Hauge,
menneske og natur 1970 - 2012».
Ope:
Mai- September.
Fellesbillett med Norsk Villakssenter.
12
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdalselva
Lærdalselva er ofte kalla
"Dronninga blant lakseelvar"
Avstand frå sentrum: 0-44 km.
Høgde over havet: 0-500 moh.
Komme dit: Bil/buss/gå/sykle
Lærdalselva
Hit har det kome sportsfiskarar sidan 1850-åra,
då britiske lordar starta lakseeventyret.
Lærdalselva er ofte kalla «Dronninga blant
lakseelvar». Kong Harald har fiska her sidan
1970-talet og har kalla elva for «mi andre
dronning». Lærdalselva er Noregs mest kjende
storlakselv internasjonalt, og elva har vore dei
rike og berømte sin sportsfiskarstad. Alt frå
internasjonale kongelege til kjende storleikar frå
Hollywood vitjar Lærdal. I dalen er det etablert
fleire fasjonable fiskeresidensar.
Fiske i Lærdalselva kjenneteiknast av råma den
fantastiske naturen gjev, samt at elva har klårt
vatn (du kan ofte sjå laksen med berre augo), og
at fisken, enten det er laks eller sjøaure, har høg
gjennomsnittsvekt.
Fin tur- og sykkelsti
langs elvekanten
Frå naturens side er elva viktig: 90 prosent av
atlanterhavslaksen er heimehøyrande her. Elva er
også ei svært god sjøaureelv.
I 2013 opnar Lærdalselva for laksefiske
att etter at lakseparasitten Gyrodactylus
Salaris har vore forsøkt utrydda sidan 1996.
Lærdalselva leverer også nær 1,2 TWh årleg
via tre kraftanlegg i Borgund Kraftverk. Du kan
fylgje elva gjennom heile dalføret frå samløpet
av Mørkedøla og Smedøla ved Eraker øverst i
Lærdal og til Lærdalsfjorden, ei strekning på
cirka 44 kilometer. Øverste del av elva har rike
høve for aurefiske, kontakt turistinformasjonen
for detaljar. Dei nederste 25 kilometrane har
totalforbod mot padling, roing, kajakk osv.
Erik Clapton og kleppar Peder Evjestad.
13
14
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Bautastein
Lærdalskompaniet
"... den mest berømte avdelinga
i nyare norsk militærhistorie"
Avstand frå sentrum: 0,5 km.
Høgde over havet: 2 moh.
Komme dit: Gå/sykle
15
Hauge kyrkje
Lærdalskompaniet var den mest suksessfulle
norske hæravdelinga under svenskekrigane
1807-1814. Forsvaret har sjølv karakterisert
kompaniet som «den mest berømte avdelinga
i nyare norsk militærhistorie». Lærdølene var
med på å bane veg for hendingane i 1814 og
var landets største krigsheltar fram til andre
verdskrigen. 17. mai 1902 vart ein seks meter høg
bautastein reist ved den gamle ekserserplassen
på Øyramarki til minne om kompaniet.
Ein av få langkyrkjer i tre
med to spir
Avstand frå sentrum: 0,5 km.
Høgde over havet: 2 moh.
Komme dit: Gå/sykle
Det er ikkje vanleg at ei langkyrkje i tre har to
spir i Noreg, men Hauge kyrkje har. Arkitekten
Christian Christie var inspirert av stavkyrkjer då
han teikna Hauge, som vart innvigd 6. mai 1869.
Hauge er soknets tredje kyrkje. Dei to tidlegare
sto på garden Hauge.
16
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdalstunnelen – verdas lengste vegtunnel
Rikheim gard
Som siste ledd i ferjefri stamveg mellom Oslo
og Bergen vart Lærdalstunnelen opna av
Kong Harald i november 2000. Lengde: 24,509
kilometer. Inne i tunnelen er det tre fjellhallar
med ei spesiell lyssetting som skal gje ei
oppleving av dagslys. Ikkje bompengar.
Avstand frå sentrum: 6 km.
Høgde over havet: ca. 50 moh.
Komme dit: Bil/buss
Dagens Rikheim gard er fra 1660-talet, men
har hatt busetnad mykje lengre. Godset
vart gradvis tileigna familien Rumohr frå
Schlesvig-Holstein fra midten av 1660-talet.
Tidlegare jordbruksskule, i dag ei slope-rata
6-hols golfbane. Ved drivingrangen finn du
treningsområde for putting og bunkerslag.
Proshop, kaffe- og matautomat. Bana open kvar
dag. www.legk.no
Avstand frå sentrum: ca. 13 km.
Høgde over havet: ca. 100 moh.
Komme dit: Bil/sykle
Midt-Ljøsne gard
Ljøsnaveiti
Opplevingsbakeri og bringebær- og morellegard
med orkesterplass til lærdalsnaturen. Her kan
du kjøpe ferske brød eller lære å bake brød i
steinomn. Du kan nyte fantastiske bringebær og
moreller midt i hagane der dei er produsert.
Ope kvar dag frå omlag 10. juli til 20. august.
Garden er med i Sogn fruktrute.
Tlf.: (+47) 908 58 191.
Les meir på www.moreller.no
Avstand frå sentrum: ca. 12 km.
Høgde over havet: ca.100 moh.
Komme dit: Bil/buss
Også kalla Storaveiti eller Uppabakkveiti.
Lærdal og spesielt Ljøsne er blant Noregs mest
nedbørsfattige områder. Kunstig vatning har difor
lange tradisjonar. I gamle dagar skjedde dette
via eit sinnrikt system av vatningsveiter som leia
vatnet ved hjelp av «aoskjer», ein slags trespade.
Vatnet vart fordelt på bøndene til fastsette tider.
Ljøsnaveiti var hovedleverandør av vatn til sju
gardar og målte opphaveleg 6-7 kilometer. I
dag er Ljøsnaveiti turrlagt og ein fin tur og gå
med super utsikt frå Ljøsne-platået. Den lettast
tilgjengelege strekninga går frå Stuvane til
Ljøsne-platået/Kapteinsgarden og er på cirka to
kilometer.
Avstand frå sentrum: ca. 14 km.
Høgde over havet: ca. 100 moh.
Komme dit: bil/buss
17
18
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Jutlamannen
"Statt i stein,
ver ikkje folk til mein"
Avstand frå sentrum: ca. 16 km.
Høgde over havet: ca. 125 moh.
Komme dit: bil/buss
Nårekista
Segna fortel at då Heilage Olav reid gjennom
Lærdal i 1023, losna skoen under ein fot på
hesten. Då han skulle feste skoen, slo han feil
med hammaren og ein jutul og ei gyger oppe
i lia byrja å le av han. Olav vart harm og slo
hammaren i ein stein medan han ropte: «Statt
de der i stokk og stein, og ver ikkje folk til mein».
Begge vart ståande. Jutulen har sidan vorte
kalla Jutlamannen, medan kona ramla ned ein
gong mellom 1749 og 1845. Trollet er foreviga
i Fugleværelset på slottet, måla av Johannes
Flintoe i 1845. På sitt offisielle brudebilde står
Kronprinsparet med Jutlamannen i bakgrunnen.
Parkering med infotavle ved E16.
Segna sa at Olav den Heilage gøymde skattar
i Nårekista då han fór gjennom Lærdal i 1023.
Steinen låg ved den gamle Kongevegen frå 1793
lenger framme i dalføret, men vart flytta hit i
samband med moderne vegbygging. Kista har
vore forsøkt sprengt, truleg av arbeidskarane
på Kongevegen som truleg var på jakt etter
skattane. I 2010 vart Nårekista sett saman att
ved sidan av infoskilta om Bjørkum-kaupangen
ved E16. Infoskilt. Parkering.
Avstand frå sentrum: ca. 17 km.
Høgde over havet: ca. 130 moh.
Komme dit: bil/buss
Bjørkum-kaupangen
Vikingkaupangen (kaupang = handelsplass) på
Nordre Bjørkum vart etablert rundt år 800. Den
er spesiell fordi den låg 17 kilometer frå fjorden
og fordi den inneheldt den største samlinga av
torvgammer frå jernalderen i Noreg. Kaupangen
skjulte også det mest komplette og største
beinfunnet frå vikingtida. Det er den einaste
staden på Vestlandet kor det er funne spor av
kambproduksjon. Infoskilt ved E16. Funna er
utstilt i besøkssenteret til Borgund Stavkyrkje.
Avstand frå sentrum: 17 km.
Høgde over havet: ca. 130 moh.
Komme dit: bil/buss
19
20
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Koren rasteplass
Lærdal er nasjonal veghistorie. Minst fem
generasjonar med vegar er å finne langs
«Historisk rute» og to av dei kan du starte
gåturen på ved Koren rasteplass: Postvegen frå
1647 og «Bergenske Hovedvej» frå 1840-åra.
Lærdalselvi renn forbi. Parkering og rasteplass.
Postvegen 1647
Heilt sidan postvesenet vart oppretta i Noreg
har posten gått gjennom Lærdal. Postvegen
over Filefjell er henta fram att og ein del går frå
Koren rasteplass over Seltunåsen og Steineåsen.
Truleg fyl den mykje av den same traseèn som
Tjodgata frå Gulatingslova. Parkering i Koren.
HISTORISK RUTE
Gløym dei moderne tunnelane på E16. Køyr av der du
ser skiltet «Historisk rute» og opplev lærdalsdalføret
på sitt trongaste, og Lærdal på sitt mest spanande i
dette historiske området av nasjonal verdi som biskop
Pontoppidan i 1749 kalla «... den vanskeligste Vei som
kan findes i noget land ...»
Avstand frå sentrum: ca. 20-30 km.
Høgde over havet: 250-400 moh.
Komme dit: Bil/buss (sykle/gå i området)
Merka turstier. Parkering fleire stadar.
Flotte og unike vandremoglegheiter i kulturhistoriske
og idylliske områder (be om turbrosjyre).
Kongevegen 1793
Soldatar bygde den fyrste køyrevegen mellom
Austlandet og Vestlandet. Store delar av den er
inntakt mellom Øye i Valdres og Lærdalsøyri,
og langs «Historisk rute» ligg den mest
spektakulære delen. I dette bratte og vakre
området er mange nasjonalikon blitt laga opp
gjennom historia. Kongevegen går på andre sida
av elva. Inngangar ved Seltun, Sjurhaugen og
Husum.
Bergens Hovedvej 1840
Kongevegen vart erstatta av «Bergenske» cirka
50 år seinare, og flytta over elva. Den vart bygd
av ingeniørar og erfarne vegbyggarar, det ser
me på standarden og ikkje minst på dei mektige
vegmurane. Start/stopp ved Koren rasteplass
eller Steine bru, evt. nedanfor Husum Hotell.
Tyske krigsminner
Overalt i området «Historisk rute» ligg bunkersar,
skyttargroper, MG-stillingar, kommandoplass
og lasarett, samt bygningar, stigar og vegar
frå då tyske soldatar gjorde Lærdal til ein
«propp» som dei allierte vanskeleg kunne kome
gjennom dersom dei gjekk til åtak. Dei lettast
tilgjengelege krigsminna ligg langs Kongevegen
og Bergenske Hovedvej.
urhistoriske og idylliske områder. (Se vandrekart)
21
22
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Galdane
Restaurert husmannsplass med busetnad frå
1600-talet til 1947. Dagens bygningar frå
1800-talet. Tilgang via Kongevegen. Utsiktspunkt
og rasteplass ved «Historisk rute». Storfossen ved
sida av heiter Sokni. Lærdalselvi renn forbi.
Gamle E16
Vestre del sto ferdig i 1877 og austre del er frå
1860-åra. Skiljet går ved Steine bru. Dette var
hovedveg mellom Oslo og Bergen til 2001. I dag
er strekninga med alt vegutstyr freda.
Steine bruruin
Del av den store ingeniørkunsten som Bergenske
Hovedvej var gjennom Lærdal i 1840-åra. Teken
av flaum i 1860. Vegen held fram på hi sida av
elva og møter Kongevegen 1793.
Sjurhaugsfossen
I mange tiår var dette det store foto- og
utsiktspunktet. Er du heldig kan du nemlig
sjå Lærdalslaksen hoppe i fossen! Inngang til
Kongevegen 1793 over brua.
St. Olavsklemma
Ved Kongevegen på andre sida av elva. Segna
seier at gjelet her var for trongt for Kong Heilage
Olav då han fòr gjennom Lærdal i 1023. Han
sette hesten sin til å utvida passasjen. Den
dag i dag kan du sjå merka etter hendinga
i fjellet – som i realiten er ei jettegryte. St.
Olavsklemma vart forstyrra da tyskarane bygde
forsvarsverk i 1942-43. Mellom anna finn du eit
ammunisjonslager i ei hole i fjellveggen. Tyske
krigsminner.
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Nedre Kvame Bru
Denne steinkvelvingsbrua frå 1863 vart bygd
etter at Steine bru vart teken i flaum. Bergenske
Hovedvej vart samstundes lagt om på denne
strekninga.
Husum Hotell
Husum er ein del av Lærdal si hundreårlange
rolle som vertskap og knutepunkt. Opphaveleg
ein skysstasjon frå 1835, post- og telefonstasjon
og seinare hotell med stolt laksefisketradisjon.
Det kvitmåla hotellet i sveitsarstil har vore heim
for Kong Oscar II, Bjørnstjerne Bjørnson, Edvard
Grieg, Ole Bull og mange andre. Hotellet er ikkje
ope. Vakkert fotopunkt. På andre sida av elva
ligg Husum kraftstasjon som gav Lærdal straum
i 1936.
Vindhella
Dette skaret har alltid vore kortaste veg mellom
Lærdal og Borgund. Kongevegen 1793 går opp
her, med 25 prosent stigning. Då Bergenske
Hovedvej skulle byggast oppå, forsøkte dei å
gjere noko med stigninga (Kongevegen er synleg
under). Men nye-vegen vart nesten like bratt.
Vindhella er likevel eit storarta minnesmerke
over norsk vegbyggarkunst, med imponerande
murar. Anbefalt gåtur. Parkering ved Rimskjold
Ungdomshus eller Borgund Stavkyrkje.
Sverrestigen
Gjennom historia har nesten alle dei store
kongane reist gjennom Lærdal. Kong Sverre
passerte i 1177 og fylgde mellom anna denne
urgamle stigen. Like etter måtte han slå ned
eit angrep frå lærdalsbøndene. Parkering ved
Rimskjold Ungdomshus eller Borgund Stavkyrkje.
Første bilturist
Noregs første bilturist var hollendaren Peter
Beduin. Han køyrde ned Vindhella og Lærdal i
1901 på ein Panhard&Levassor. Bragden har fått
ei minnestøtte ved inngangen til Vindhella.
23
24
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Borgund stavkyrkje
Borgund Stavkyrkje er blant Noregs
mest dyrebare kulturskattar og sjølve
kruna i det historiske Lærdal
Avstand frå sentrum: ca. 30 km.
Høgde over havet: ca. 400 moh.
Komme dit: Bil/buss
BORGUND STAVKYRKJE
Årringdateringar viser at tømmeret som er brukt i
Borgund Stavkyrkje vart felt vinteren 1180-81. Kyrkja
kan altså ha stått klar i løpet av året 1182. Ho er i
dag den best bevarde og særmerkte av alle norske
stavkyrkjer. Borgund er vigsla til Den Heilage Andreas
og var i bruk til 1868, altså i nesten 700 år. Kyrkja er
ei sokalla langkyrkje og mesteparten av kyrkja sin
middelalderkonstruksjon er bevard.
[email protected]
www.stavechurch.com
25
Kyrkja har også ein intakt, frittståande støpul med ei
klokke frå mellomalderen. På grunn av stor turisttrafikk
vart det bygd eit besøkssenter som vart opna av
Dronning Sonja i 2005. Kyrkja er open 1. mai til 30.
september. Resten av året på bestiling.
Besøkssenteret
Senteret har ei omfattande utstilling om dei
norske stavkyrkjene generelt, og Borgund
stavkyrkje spesielt. Her er også funna frå
Bjørkum-kaupangen utstilt. Kafé med heimelaga
mat, turistbutikk og toalett. Ope 1. mai til 30.
september.
Prisar: vaksne NOK 80, familie NOK 190, student/
born NOK 60. Grupper (min. 15) og senior NOK
70. Tlf.: 57 66 81 09
Vandring
Rundt stavkyrkja er det etablert ein «Green
Walk» som er ein skilta femminuttars gåtur i
det unike kulturlandskapet, og meint for dei
som ikkje er vant til å gå i natur. Spør etter
vandrebrosjyre i besøkssenteret. Borgund
Stavkyrkje er utgangspunkt for vandring på dei
historiske vegane Vindhella og Sverrestigen.
Spesielt rundturen som inkluderar begge
er populær. Den tek 1,5 timar. Parkering ved
besøkssenteret.
Borgund kyrkje
Soknekyrkje for Borgund og arvtakar etter berømte
Borgund Stavkyrkje. Vigsla i 1868. Open kvar dag 1. juni1. sept. Inngang på same billett som til stavkyrkja.
26
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Borlo Bygdetun
Margaretastova
Kino i møkakjellaren og konsertar på taket. Ein
entusiast har på eige initiativ bygd opp dette
spennande bygdemuseet fullt av kulturhistorie
frå Lærdal og Borgund. 16 bygningar med
innhald. Kulturlandskap og vatningsveiter.
Kongeveg i tunet.
Ope etter avtale. Pris per vaksen NOK 50.
Ekstra for servering.
Ring: 57 66 87 43 eller 480 60 738
eller turistinformasjonen.
Avstand frå sentrum: ca. 35 km.
Høgde over havet: 500 moh.
Komme dit: Bil/buss
Allereie på 1300-talet sto det ei «salustove» på
Filefjell. I 1358 høyrer me om «Margaretastofa
á Filefjelli», ei stove som både konge og biskop
gav vedtekter for. Stova var viktig for at kyrkja
og staten sine tenarar og embedsmenn skulle
få vern under dei farefulle ferdene over fjellet.
Stova er såleis ei av dei eldste vitneprova på
Lærdal si tusenårige vertskapsrolle. I samband
med bygginga av kongevegen over Filefjell
vart ei ny «Margrethestue» bygd i 1791-92.
Vegbyggjaren sjølv, generalvegmeister Hammer
stod bak, og han ville laga det makeleg for
seg og sine. Stovemannen måtte holde stova
i stand «... til Benyttelse for Reisende udenfor
Bondestanden og ingenlunde til Brug for
Bønder i nogen slags Maade...» I dag er stova
eit privat museum, mellom anna kan du sjå
generalvegmeistarens himmelseng.
Guida omvisning på førespurnad.
Tlf.: 57 66 87 11.
Turområder i nærleiken (Kongevegen 1793, blant
anna med «De syv skuffelser», og Bergenske
Hovedvej fra 1840-åra).
Gram Gardsbutikk
Her er det blitt laga geitost sidan 1966. Ingen
køyrer over Filefjell utan å smake brun geitost
eller velsmakande geitostkarameller frå den
karakteristiske gardsbutikken tett inntil E16.
Butikken har også lokal honning, eplemost,
flatbrød og diverse spekemat, samt eit breitt
utval i skinn og ulltepper.
Ope kvar dag. Tlf.: 91 70 30 62
Avstand frå sentrum: ca. 40 km.
Høgde over havet: 630 moh.
Komme dit: Bil/buss
Avstand frå sentrum: 50 km.
Høgde over havet: 816 moh.
Komme dit: Bil/buss.
Flåmsbana og Nærøyfjorden
På andre sida av Lærdalstunnelen ligg
Aurland og Flåm. Flåmsbana er ei utruleg
togreise mellom høgfjellstasjonen Myrdal
på Bergensbana og Flåm stasjon innerst i
Aurlandsfjorden. Avgangar frå morgen til kveld.
www.flaamsbana.no
Turar på Nærøyfjorden kan du ta med
passasjerbåtar, bilferje, fjordcruise, ribb-båt eller
charter. Turstinformasjonen i Flåm: 57 63 21 06.
27
28
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
«Snøvegen» Aurlandsfjellet
Vegen over det høge fjellet
er Nasjonal Turistveg
VVv
Avstand frå sentrum: 0-48,6
km. vestover
Høgde over havet: 4-1306 moh.
Komme dit: Bil/sykle
www.vegvesen.no/Vegprosjekter
«Snøvegen» Aurlandsfjellet
Fjellvegen mellom Lærdalsøyri og
Aurlandsvangen fører deg over ein av dei
majestetiske fjella du ser langs Sognefjorden.
Den startar nede ved fjorden, der det er sommar,
og køyrer opp gjennom dalar med elvar og
grønkledde fjellsider, før den når høgfjellet der
det framleis kan vere høge snøkantar langs
vegen. Difor namet «Snøvegen».
Deretter klatrar vegen ned att til fjorden. Vegen
er 48,6 km. lang og vart opna i 1967. Høgste
punkt er 1306 moh. Vegen er ein Nasjonal
Turistveg. Ikkje bomveg. Kun sommaropen, som
regel juni - oktober.
Turen er ei reise mellom ulike
landskap og gjennom fleire "årstider"
Stegastein
Dette spektakulære utsiktspunktet består av ein
fire meter brei og 30 meter lang utstikkar i limtre
og stål 640 moh. Konstruksjonen med utsikt
over Aurlandsfjorden og Aurlandsvangen opna i
2006 og vekte internasjonal oppsikt. Parkering
og toalett.
Snø og isbre
Oppe på høgfjellet kan du gå på ski i juli. Du kan
drive brevandring på Blåskavlen og vite at verdas
lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen, går 1800
meter under deg.
Fotturar og fiske
Nesten kvar som helst kan du setje frå deg bilen
og gå deg ein tur. Hugs at dette er toppen av ein
av mange majestetiske fjell langs Sognefjorden.
Fleire fiskevatn langs vegen. Du kjøper fiskekort
på staden eller tek kontakt med turistkontoret.
Bjørnehiet
Den amerikanske kunstnaren Mark Dion har
skapt eit bjørnehi i fjellet, der ein bjørn søv på
ein skrothaug. Målet er å vise kva me gjer med
naturen. Kunstverket har skapt stor debatt lokalt
og nasjonalt etter at det opna i 2012. Parkering
ved Vedahaugane, opphøgd gangveg inn til hiet,
som ligg delvis skjult. Stopp 500 meter etter
kommunegrensa dersom du kjem frå Lærdal.
Utsikt mot fjelltinder i Jotunheimen.
29
30
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
... der naturen vert opplevd
AKTIVITETAR
Lærdal er eit eldorado for fotturar
og ein rekkje andre aktivitetar
AKTIVITETAR
Bading
Du kan bade i Sognefjorden på kommunal
badeplass på Grandane (ved Lærdal Ferie og
Fritidspark) eller i Hedler på andre sida av elva.
Gå fra sentrum langs Hedlerbrua på Rv. 5.
Båtutleige
Med og utan motor. Lærdal Ferie- og Fritidspark.
Tlf. 57 66 66 95. www.laerdalferiepark.no
Tlf. 995 05 111 www.laerdalsport.com
DNT-løyper i eller nær Lærdal:
Breistølen-Sulebu (6 timar)
Breistølen-Bjordalsbu (4 timar)
Kyrkjestølen-Sulebu-Kyrkjestølen (5 timar)
Kyrkjestølen- Sulebu-Breistølen (8,5 timar)
Elvefiske
Ørretens rike: I øvre del av Lærdalselva (også
kalla Borgundselva) fiskar du billig og bra.
Flugesoner, mark- og sluksoner. Du betalar
med mobilen, skilt med nummer står langs
fiskeplassane. Alle under 16 år gratis. Brunauren i
Borgund er villfisk.
Tlf. 57 66 67 71 – 915 51 043
www.orretensrike.no og www.inatur.no
Laksefiske i Lærdalselvi: Lærdal elveeigarlag,
Lasse Sælthun tlf. 911 81 665, [email protected]
www.laerdalselvi.no
Fjellfiske
Fiskekort kan kjøpast ved enkelte vatn i Lærdal
og Filefjell, samt Aurlandsfjellet. Kontakt
turistinformasjonen:
Tlf. 57 66 67 71
Fjordfiske
Fjordfiske er gratis. Kontakt turistinformasjonen.
for reglar/registrering. Registrering kan også
gjerast på Posten i Prix-butikken.
Tlf. 57 66 67 71
Golf
Rikheim golfbane byr på slope-rata 6-hols
golfbane, drivingrange og treningsområde
for putting og bunkerslag. Proshop, kaffe- og
matautomat. Open kvar dag.
www.legk.nolokallag/laerdal
Guida turar
Vandring på Gamle Lærdalsøyri frå Telegrafen kl.
15. Se «Gamle Lærdalsøyri». Bestilling i Post- og
Telemuseet/Telegrafen eller turistinformasjonen.
Tlf. 57 66 67 71 – 915 51 043
Isklatring
I isklatrarmiljøet er Lærdal ein svært attraktiv
destinasjon. Det turre klimaet og ofte kalde
periodar i januar og februar utan nedbør
gjev stabile tilhøve for isveksten i dei mange
fossefalla. Kontakt Lærdal Ferie- og Fritidspark:
Jakt
Jaktterrenget og jaktmoglegheitene er store i
Lærdal. Her er hjort, rein, elg, småvilt og fugl.
Kontakt turistinformasjonen eller sjå nettsida til
Jeger og fiskerforeningen.
Tlf. 57 66 67 71
http://www.njff.no/portal/page/portal/sogn_og_fjordane/
lokallag/laerdal
Kano
Kontakt Lærdal Sport og Rekreasjon.
Tlf. 995 05 111
[email protected]/www.laerdalsport.com
Klatring
Hedler klatrefelt har seks ruter for nybyrjarar
og middels nivå, berre 500 meters fottur unna
sentrum, ved Lærdalsfjorden og munninga av
Lærdalselva. Instruktør på forespørsel.
Kontakt Lærdal Ferie- og Fritidspark:
Tlf. 57 66 66 95
www.laerdalferiepark.no
Lund hjortefarm
Ver med og fore hjorten. Opplev dei ville dyra
på nært hald og i trygge omgjevnader. Lund
hjortefarm har små kalvar, flotte koller og store
bukkar. Avstand frå sentrum: ca. 8 kilometer.
Ope tysdag og torsdag 19-20 eller ring 9594 3789 eller
9066 2744 for ein avtale. Etter 19. august kun ope etter
avtale. Parkering.
Tlf. 57 66 66 95 www.laerdalferiepark.no
31
32
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
AKTIVITETAR
... ei god natts søvn
OVERNATTING
Lindstrøm Hotell
Sykling/sykkelutleige
Lærdal er rik på asfaltruter og terrengruter
for racer/landevegssykkel, tursykkel og
terrengsykkel. Lette søndagsturar eller for
profesjonelle, alle nivå og aldersgrupper. Lærdal
Ferie- og Fritidspark hjelper med sykkelkart/
turbeskrivelsar og sykkelutleige.
Tlf. 995 05 111 eller 57 66 66 95.
www.laerdalferiepark.com
www.laerdalsport.com
Meir info på turistinformasjonen – tel. 57 66 67 71.
Tennis
Kontakt Lærdal Ferie- og Fritidspark:
Tlf. 57 66 66 95
www.laerdalferiepark.no
Triathlonaktivitet
Symje i kanalen eller i fjorden, løp flatt på asfalt
eller på grus langs elvebreidda eller i middels
bratt terreng på turveg. Sykkelrute langs fjorden
er ideell for fartstrening og temposykling.
Kontakt Lærdal Ferie- og Fritidspark:
Tlf. 57 66 66 95
www.laerdalferiepark.no
Trøbilar
For born og vaksne. Lærdal Ferie- og Fritidspark.
Tlf. 57 66 66 95. www.laerdalferiepark.no
Kvar
Gamle Lærdalsøyri/Sentrum
Tlf:
57 66 69 00
E-post
[email protected]
Lærdal Turlag inviterar til fellesturar i lærdalsnaturen
kvar onsdag mellom 10. april og 4. september og
fellesturar nesten kvar laurdag juni-august. Turkart over
merka turar finn du på turistinformasjonen, og på hotell,
campingplassar, butikkar og kafèar.
Nettside
www.lindstroemhotel.no
Tlf. 91 77 66 81
www.laerdal.turistforeningen.no/
Kvar
Lærdalsøyri/ved fjorden
Tlf:
57 66 65 07
E-post
[email protected]
Nettside
www.lerdalhotel.no
Turar
Vandring - fotturar
Lærdal er eit eldorado for fotturar og vandring.
Det er kort veg til fjord, elv og kulturlandskap,
og på eit par timar kan du gå frå dalbotnen til
høgfjellet. Lærdal har turar for den godt trente,
den middels trente eller for deg som ikke er ute
så mykje.
Rundt Lærdalsøyri er det fleire fotturar i flate
ruter langs elvebreidda og langs fjorden som
passar for heile familien. Det er også mange
turar i bratt terreng. Stigninga opp fjellsidene har
forskjellige ruter og ulike vanskegrader.
I resten av dalen finn du turmoglegheiter langs
vatningsveiter, kongevegar, postvegar eller ein
topptur til fjells. Be om vandrebrosjyra «Lærdal
tur» på turistinformasjonen. Den ligg også i
butikkane, i kafèar, på campingplassar og hotell.
Under kapittelet «Historisk Rute» finn du
informasjon om ein flott fottur i historiske
omgjevnader.
God tur!
33
Lærdal Hotell
Grandane Hotell
Kvar
Lærdal sentrum
Tlf:
57 66 69 00
E-post
[email protected]
Nettside
www.hotelgrandane.no
Sanden Pensjonat
Kvar
Gamle Lærdalsøyri
Tlf:
57 66 64 04
E-post
[email protected]
Nettside
www.sandenpensjonat.no
34
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Ferie og Fritidspark
Hytter, motell, leiligheter, camping
Eggum Gard
Kvar
Grandane-Lærdalsøyri
Kvar
Borgund
Tlf:
57 66 66 95
Tlf:
57 66 82 75
E-post
[email protected]
E-post
[email protected]
Nettside
www.laerdalferiepark.com
Nettside
www.eggumgard.no
Vindedal Camping og hytter
Kvar
Vindedal
Tlf:
57 66 65 28 / 90 65 13 48
E-post
[email protected]
Nettside
www.sognefjord.no/no/
Produkt/?TLp=263610
Steinklepp Hytter og Camping
Eri Gardshus
Kvar
Borgund
Tlf:
918 07 487
Borlaug Turist- og Vandrarheim
Kvar
Eri
Tlf:
57 66 65 14 / 913 44 418
E-post
[email protected]
Nettside
www.mamut.net/erigardshus
Kvar
Borlaug
Tlf:
57 66 87 80
E-post
[email protected]
Bjørkum gard
Kvar
Hønjum
Tlf:
905 56 111
E-post
[email protected]
Nettside
http://bjorkumgard.
drupalgardens.com
Borgund Hyttesenter og Camping
35
Kvar
Borgund
Tlf:
57 66 81 71 / 90 62 08 59
E-post
[email protected]
Kvamme Hytte
Bjøraker Camping
Kvar
Borgund
Kvar
Borgund
Tlf:
57 66 81 26
Tlf:
57 66 87 20
Nettside
www.sognefjord.no/no/
Produkt/?TLp=263601
E-post
[email protected]
Maristuen Fjellferie AS
Breistølen Fjellstue
Kvar
Maristova
Kvar
Hemsedalsfjellet
Tlf:
57 66 87 11
Tlf:
95 75 28 03
E-post
[email protected]
Nettside
www.breistolen.no
Nettside
www.maristuen.no
36
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Haabakken Kro
Ein duger ikkje utan ...
MAT OG DRIKKE
Kort & Godt Kafè og Butikk
Kvar
Sentrum
Opningstider
10.30–22.00 (red. etter 18. aug.)
Adresse
Øyraplassen 6
Kontakt
942 52 222 / 975 82 300
Håbakken/Tønjum
Opningstider
10.00-21.00
Adresse
Ved E16 Lærdalstunnelen
Kontakt
57 66 60 18
Borgund Stavkyrkje besøkssenter
Kvar
Borgund
Opningstider
08-20 (10-17 etter 21. aug.)
Kontakt
57 66 81 09
Borgund Hyttesenter og Camping
Green Norway
Kvar
Lærdal Ferie- og Fritidspark
Kvar
Borgund
Opningstider
08-10, 11.30-14.30 og 17-22
Opningstider
10-23
Adresse
Lærdal Ferie- og Fritidspark
Adresse
Gatekjøken ved E16
Kontakt
455 622 03
Kontakt
906 20 859 / 913 34 652
Postaabneriet Pub & Kafè
Kvammes Kafè og Pub
Kvar
Gamle Lærdalsøyri
Kvar
Borgund
Opningstider
11-23 (02). (red. etter 14. aug.)
Opningstider
kvar ettermiddag,
se www.buiborgund.no
Adresse
Øyragata 15
Adresse
Borgund sentrum
Kontakt
915 45 849
Kontakt
57 66 64 78
Laksen Kafè
37
Kvar
Breistølen Fjellstue
Kvar
Norsk Villakssenter
Kvar
Hemsedalsfjellet
Opningstider
11-21 (22)
Opningstider
10.00-19.30 (28.06-18.08)
Adresse
Øyraplassen 14
Adresse
Ved Rv. 52 mot Hemsedal
Kontakt
992 02 302
Kontakt
957 52 803
38
Lærdal Turistinformasjon sommer 2013
Lærdal Turistinformasjon sommar 2013
Det skjer i Lærdal ...
Finn du det ikkje her ...
ARRANGEMENT
HANDEL
OG SERVICE
Gratiskonsertar kvar onsdag i
Kvammegården på Gamle Lærdalsøyri
26.06-14.08 kl. 18.00
Sjå«Vekesprogram Lærdal» for
andre arrangement frå dag til dag.
9. - 12. MAI:
Landstreff for Rutebilhistorisk Forening. 87 flotte
veterankjøretøy og stint med folk.
20. MAI:
Motbakkeløpet Storehaugen opp. Første runde i
Noregscupen.
31. MAI - 2. JUNI:
Alle som har vist interesse for Lærdal etter «Gøy
på landet-serien» blir invitert til ei infohelg om
Lærdal.
1.-2. JUNI:
Kretsturnstemne for vaksne. 50 turnarar frå sju
kommunar viser seg fram i Lærdal.
15 - 17. JUNI:
28. - 30. JUNI:
Jordeplerock. Dette blir framtidas store rockehappening. Bli med frå starten!
11.-14. JULI:
Kom Heimatt! Den årlege bygdefesten der
utflytte lærdøler kjem heim, har det gøy - og
angrar på at dei flytta.
7. SEPTEMBER:
Maristovedilten. Folk går mann av huse for å gå
den gamle Kongevegen mellom Maristova og
Kyrkjestølen før vinteren kjem.
20.- 21. SEPTEMBER:
Villaksseminaret 2013. Tema for fagseminaret er
Gyrodactylus Salaris.
Lærdalsmarknaden. Ein av Norges eldste og mest
tradisjonsrike friluftsmarknadar fyller gamle
Lærdalsøyri med tusenvis av besøkande.
27.- 28. SEPTEMBER:
23. JUNI:
28.- 30. SEPTEMBER:
Jonsokfeiring. Bålbrenning og feiring fleire stadar
i dalen.
39
Smak av Sogn. Matfestival med fokus på kortreist
mat, nettverksbygging og inspirasjon.
Haustmarknaden. Bøndene i Lærdal er ferdig
med årets avling. På tide å fylle opp matlageret
for vinteren.
Daglegvare
Coop Prix Lærdalsøyri, Øyraplassen 2.
Ope 09-21 (20). Tlf.: 57 66 62 30.
Kiwi Lærdalsøyri, Øyraplassen 5.
Ope 09-21. Tlf.: 57 66 62 08.
Joker Ljøsne, Ljøsne.
Ope 10-20 (18). Tlf.: 57 66 91 05.
Joker Borgund, Borgund. Ope kvardagar 09-17
(15), torsd. 09-19. Tlf.: 57 66 81 05.
Klede
Vivendi AS, Øyraplassen 8. Tlf.: 57 66 63 50
Titten Tei, Øyragata 46. Tlf.: 57 66 89 28
Sport og fiske
Sportsbui, Øyraplassen 4. Ope 10-18 (15).
Tlf.: 90 94 61 60.
Blomster
Blomsterbui, Lærdal og Amble Gartneri, Fortun 1.
Tlf.: 57 66 65 71
Gavebutikk
Norsk Villakssenter, Øyraplassen 14.
Tlf: 57 66 67 71
En liten engel, Øyragata 50.
Tlf.: 941 84 742
Kart og bøker
Norsk Villakssenter, Øyraplassen 14.
Tlf: 57 66 67 71
Bank og minibank
Indre Sogn Sparebank, Øyraplassen 4.
Tlf.: 57 64 85 10
Drivstoff
Esso Lærdal, ope måndag-fredag: 07.30-22.00,
laurdag søndag 09.00-22.00. 57 66 79 90
Borgund, sjølvbetjent stasjon
Tønjum/Håbakken, sjølvbetjent dieselstasjon.
Postkontor
Post i butikk (Prix) Øyraplassen 2.
Ope 09-21 (20). Tlf.: 57 66 62 30.
Frisør
Elins Frisørsenter, Øyragata 55a.
Tlf.: 57 66 60 90
Anne Ma Frisørsalong, Vetla-elvi 2.
Tlf.: 57 66 61 38
Vivendi, Øyraplassen 8.
Tlf.: 57 66 63 50
Salong Kirsten, Håbakken.
Tlf.: 57 66 92 06
Optikar
Kjell Magne Talleraas, Øyragata 47.
Tlf.: 920 94 145.
Jernvare/byggevare
Fretland Bygg, Byggeriet, Monsemarki 2.
Tlf.: 57 66 79 10
FK-butikken, Grandavegen 6.
Tlf.: 57 66 64 08
Apotek
Vitusapotek Lærdal, Øyraplassen 7.
Tlf.: 57 66 99 66.
Tannlege
Distriktstannlækjar, Øyraplassen 6.
Tlf.: 57 64 13 50
Lærdal Tannhelse, Hansegardsvegen 1.
Tlf.: 57 66 66 59.
40
Lærdal Turistinformasjon sommer 2013
Heile Noregs knutepunkt ...
TRANSPORT
Se detaljer på www.nor-way.no
eller +47 - 815 44 444
På tur med veteranbuss i Lærdal.
Komme til/frå Lærdal
Frå Flåm og Aurland til Borgund
Rute: 160/161 Valdresekspressen
Flåm 09:38 via Aurland 09:50 ank. Lærdal 10:25
Avg. Lærdal 11:40 ank. Borgund 12:10*
Rute 450: Sognebussen
Rute 162: Øst-Vestekspressen
Info/ruteplanleggar: www.ruteinfo.net
Flåm 11:50 via Aurland 12:00
ank. Borgund 13:30**
Flåm 14:15 via Aurland 14:25 ank. Håbakken
14:55 Avg. Håbakken 15:35 ank. Borgund 15:55*
Frå Lærdal til Borgund Stavkyrkje.
Avgang ved Rådhuset
Lærdal 08:45 via Håbakken 08:50
ank. Borgund 09:15*
Lærdal 11:40 via Håbakken 11:47
ank. Borgund 12:10*
Lærdal 12:25 via Håbakken 13:15
ank. Borgund 13:30** (bussbyte Håbakken)
Frå Borgund til Aurland og Flåm
Borgund 10.30* ank. Lærdal 10:58
Lærdal 12:25 ank. Aurland 13:00 ank. Flåm 13:10
Borgund 14:38** ank. Aurland 16:06
ank. Flåm 16:20
Lærdal 15:25 via Håbakken 15:35
ank. Borgund 15:55*
Frå Borgund til Lærdal
Borgund 10:30* ank. Lærdal 10:58
Borgund 14:38** ank. Lærdal 15:25**
(bussbyte Håbakken)
Borgund 14:30 ank. Lærdal 15:25**
(bussbyte Håbakken)
VIKTIGE TELEFONAR I LÆRDAL
Legevakt
Politi Veterinærvakt
Bilberging Turistinfo
57 66 95 11 – 57 66 95 00
57 66 99 00 eller 02800
88 00 63 66
57 66 93 05
57 66 67 71
Taxi
Ruteinfo Vestlandet
Vegtelefon S. & Fj.
41 51 01 00
177
175
Brann
Politi
Ambulanse 110
112
113
Velkomen til Lærdal, 1. utgåve, juni 2013, redaksjon:
Tekst ved Odd Helge Brugrand, Ingrid Neste.
Foto: Odd Helge Brugrand
Takk til bidragsytarar (foto): Linda Kvam Bjørkum,
Per Øvregard, Kåre Hovland, Jan-Geir Solheim,
Ove Ingar Feidje, Helene Maristuen, Ingrid Neste,
Finn Loftesnes/Borgund Stavkyrkje, Lærdal kommune, ALR m. fl.
Merk:
*15 min. gonge frå busstopp til besøkssenteret/stavkyrkja.
Sei frå til sjåføren at du skal til stavkyrkja og at du må av
ved Lo stoppestad.
**Køyrer innom stavkyrkja og stoggar der i perioden 1. juni
- 31. august. I september må du be sjåføren stogge ved Lo,
15 min. gonge til kyrkja.
Borgund 18:30* ank. Lærdal 19:00
Borgund 20:20 ank. Lærdal 21:00
41
42
Lærdal Turistinformasjon sommer 2013
Butikker / service / Overnattingsstader Særmerkte hus
Andre bygningar
Gamle Lærdalsrøyri
Parkar og grøntanlegg
Vandring
Sykling
Fisking
43
44