Vestlandsnytt - Fagskolen i Ålesund

VESTLANDSNYTT
16
FREDAG 14. februar 2014
Snarveg til ingeniørstatus
* Arve Hoel (framme) er lærar og rådgjevar ved Fagskolen i Ålesund. Her saman med studentane, LarsTore Lynge, Odd-Robert Støylen og Kristian Remøy ved Maskinteknikk-linja.
Studentane ved maskinteknikk-linja på Fagskolen i
Ålesund har ein snittalder på
25 år og blir undervist i klasserom. Seks av dei kjem frå
Herøy. Snart er dei utdanna
ingeniørar.
Josefine Spiro
[email protected]
- Du har to typar ingeniørar:
dei med høgskuleutdanning
og dei med fagskuleutdanning.
Begge kvalifiserer til same type
arbeid i industrien.
Arve Hoel er rådgjevar og
lærar ved Fagskolen i Ålesund. Den tilbyd mellom anna
toårige, praktisk retta ingeniørutdanningar innan bygg- og
anlegg, elektro, og maskinteknikk. Sjølv underviser Hoel i
sistnemnde, og i løpet av sine
21 år som lærar ved Fagskolen har han lagt merke til noko
spesielt.
- Svært mange av studentane
kjem frå Herøy. I år har vi 24
andre-års-studentar på Maskinteknikk. Av dei har åtte personar bustadadresse på Søre
Sunnmøre. Dei kjem gjerne frå
ei næring i distriktet og tek to
år på Fagskolen, før dei vender
tilbake til næringa som ingeniørar. Dei er kompetanse i bygda
som blir verande i bygda, seier
han.
Sponsa av jobben
Denne dagen har læraren med
seg tre studentar til Vestlandsnytt. Odd-Robert Støylen, Kristian Remøy og Lars-Tore Lynge
kom frå Herøy til Fagskolen
med fleire års praksis frå lokale
verft og fagbrev i handa.
- Eg byrja som industrisnikkar, før eg gjekk vidare til
skipsverft, der eg jobba ein del
med innreiing. Eg har jobba
på Myklebust skipsverft sidan
2000, men fann ut at eg ville gå
fagskule for å få meir kompetanse. Verftet har gitt meg permisjon for å studere og sponsar
utdanninga, seier Støylen.
Frå lærling til ingeniør
Lars-Tore Lynge er mellom dei
yngste studentane ved Fagskulen. Men som nemnt, kan ein
ikkje kome inn der utan fagbrev.
- Eg gjekk mekken i to år på
Herøy vidaregåande skule, før
eg jobba to år som lærling på
Ulstein Verft. Så snart eg fekk
fagbrev drog eg rett til Fagskolen. Eg har ei stipendordning
med verftet, og får utbetalt
pengar kvart halvår. Samtidig
har eg bunde meg til å bli verande på verftet i eitt år etter
enda utdanning. Det er veldig
bra, for då slepp eg å bekymre
meg for å ikkje ha jobb når eg
er ferdig, seier han.
Fire dagar i veka
Det er ikkje uvanleg at industribedrifter sponsar etterutdanning til sine tilsette.
- Bedrifta får ein god gevinst
på å få inn folk som kjenner til
systemet og kjem tilbake med
høgare kompetanse og kan tre
inn i ei leiarstilling seinare,
seier Støylen.
Hoel seier den maskintekniske linja legg til rette for at studentane også kan jobbe under
studiane.
- Tidlegare har det skjedd at
bedriftene slapp dei tilsette ut
i permisjon for å ta etterutdanning, men så søkte dei seg til
andre jobbar. Difor var det eit
ønske om at vi skulle ha undervisning fire dagar i veka, slik
at studentane kan reise tilbake
til bedriftene og jobbe undervegs. Slik held ein dei knytte
til arbeidsplassane deira, fortel
Hoel.
Tilbake med tyngde.
Lynge og Støylen er einige om
Maskinteknikk-linja
på Fagskolen i Ålesund
n Ingeniørutdanning
n Opptakskrav: fagbrev og praksis innan maskinfaget
n Praktisk retta utdanning
n Undervisning fire dagar i veka
n Føregår i klasserom
n Snittalder på studentane: 25-26 år
Kjelde: Arve Hoel, lærar og rådgjevar ved Fagskolen i Ålesund.
at det hjelper på motivasjonen
at bedriftene deira sponsar utdanninga på Fagskolen. Men
det er ikkje berre dei med ei bedrift i ryggen som tek etterutdanning. Kristian Remøy skal
ut på jobbmarknaden når han
er ferdig.
- Eg gjekk maskinfag på vidaregåande og gjekk vidare på
skipsbygging. Eg jobba på Kleven Verft i ein femårsperiode,
før eg fann ut at eg ville gå fagskule og få meir kompetanse.
Når eg er ferdig har eg moglegheit til å bli til dømes prosjektingeniør, dersom der er ei ledig
stilling, seier han.
- Utdanninga legg vekt på at
ein kan gå ut av Fagskolen og
bli prosjektingeniør, og drive
med teikning, konstruksjon og
design. Men utdanninga legg
også vekt på arbeidsleiing.
Mange av studentane kjem frå
bedrifter der dei sjølv har vore
«på golvet» og kjenner problemstillingane i verftshallen. Dei
kjem tilbake med meir tyngde
og teori om leiing. Mange av
studentane blir mellomleiarar,
men i utgangspunktet kan dei
bli både leiarar, ingeniørar, prosjektdeltakarar og prosjektingeniørar, seier Hoel.