Rasmusgarden på Steinnes endeleg versjon

1
”Rasmusgarden” på Indre Steinnes, Gnr. 62. Bnr. 1.
Notat om garden.
Boniteten på store deler av garden, der det er flatast, vil ein finne djup god matjord. Før areala vart
dyrka var det mykje stein av varierande storleik i overflata. Dette kan ein sjå spor av i steingardar og
utfyllte område ved strandlinja.
Det meste av garden har vore tilvokst av lauvskog. Det ein no kan sjå av annan vegetasjon, som gran
og furu, er utplanta tre.
Garden har ein samla storleik på omlag 450 dekar. Medrekna er då tunteig, beiteareal og fjellareal.
Av dette er omlag 45 dekar dyrka areal, som i det vesentlege ligg rundt tunet på garden.
Garden ligg slik til at den har strandline langs alle teigane den omfattar. Ned for tunteigen er det
tilrettelagt ei tilflotskai som er bygt av stein frå dyrkingsområda på garden.
Det vert fortalt at hovudvegen til Steinnesgardane gjekk gjennom tunet på garden. Den svinga ned
ved smia, gjekk langs bustadhuset og bort mellom saghuset og låven. Vidare gjekk den utover til
steingarden og gjennom tunet på nabo gardane. Det ver sagt at ein sjølv i dagkkan sjå spor av denne
vegtrasseen, men det meste av vegen er no dyrka opp til grasmark.
Biletet er teke omlag i 1940.
Drifta på garden.
Frå tidlegare tider har bruket vore nytta som eit gardsbruk som kunne gje utkome for ei
familiegruppe, som måtte få det meste for å overleve frå eige bruk.
2
Det vanlege dyrehaldet på ein slik gard var 10-15 kyr, ein del sauer, ein hest, gjerne ein gris og
sjølvsagt mange høner. Det er grunn for å tru at denne garden ikkje skil seg ut frå det vanlege
dyrehaldet.
Nydyrkinga på bruket har truleg vore eit arbeid som har prega mange generasjonar. Slik garden viser
seg i dag er alle areal som er framkomeleg med driftsreidskap dyrka. Den siste generasjonen har
måtte nytte bratte areal til beite for dyra, då dagens driftsreidskap er for tunge og store for slike
areal.
Drifta på ein gard som denne er nok prega av det å få eit så stort utkome av avlingane som mogeleg.
Dette gav familien ei tryggheit for at ingen skulle svelte, men også det ein kunne få ut av ei god
avling. Til dømes ull frå sauene og lin frå åkeren og tømmer i skogen. Dernest var det eit anna forhold
som dei fleste sette høgt, det å halde garden i hevd, og kunne gi den over til neste generasjon i minst
like god stand som den var motteken.
Frå gamalt av har truleg den del av garden som er flatast, mot neset i grensa til nabobruket, vore
oppdyrka til åker og grasproduksjon. I kva grad min oldefar, Anders Rasmusson Steinnes, var pådrivar
for auke av dyrkaarealet er ikkje lett å seie. Eg reknar med at han har ”teke sin del”. Far til Anders
fekk ikkje bruke garden meir enn 4 år, frå 1839 til 1843. Mor til Anders og hennar nye mann, Sivert
Ivarson Aasen, dreiv garden til omlag 1865. Etter at han tok over garden etter si mor og stefaren, vart
det dreve dyrking i bakkane søraust for tunteigen.
Bestefar Rasmus A. Steinnes overtok ansvaret av gardsdrifta i 1900 og dreiv den fram til 1930, då
onkel Sivert R. Steinnes tok over drifta.
Rolf S. Steines, son til Sivert, har hatt arbeid utanfor garden. Tidene og driftsforma for eit effektivt
landbruk har gjennom tidene endra seg. Med meir bruk av tunge maskiner og reidskap medførte at
store deler av det opparbeidde driftsarealet fall utanfor vanleg drift. Garden er no ikkje i drift.
Bustadhuset.
Det er fortalt at bustadhuset stod i eit klyngetun, der bustadhusa på nabogarden no står.
Bustadhuset skal ha vorte flytta til den noverande plasseringa, og bygt opp igjen av brukte og nye
materialar. Veggane er oppsett av lafta tømmer med utlekta liggande kledning. Måla på noverande
hus er 10,6 m langt og 7,0 m breitt. Det er bygt med kjellar i gråstein og ei høgd. Det er tilrettelagt
loftshøgd med delvis full høgd. Som taktekke har truleg vore torv, men seinare vorte skifta til
stålplatetekke.
Dei fyrste vindauga var to-rams enkle vindauge med to horisontale sproser i kvar rame. Utvendig
listverk på vindauga har fint tilskore mønster i nedre ende på sidelistene. Over vindauga er det
listverk med vassbord på profilerte knektar. Nedste vindskibord i gavlane har utskorne profilar.
Opprinneleg hadde bustadhuset ei røykpipe, men seinare er det innsett ei pipe til, i den søndre del av
huset. Dette hadde truleg sin orsak i at bygget vart nytta som to-generasjonsbustad, der bestemor og
bestefar budde. Deler av taket mot aust (mot sjøen) vart på 50-talet vart lyfta opp og sett inn tre
vindauge i andre høgda.
Bjørg nemnde at der skulle ha vore eit eldre bustadhus som stod lenger mot sør enn der bustadhuset
står i dag, men måtte flytte det til noverande plassering. Det er fortalt at området sør for
bustadhuset kunne vere rasfarleg.
3
Det nye bustadhuset er truleg oppført på noverande plassering av oldefar, Anders R. Steinnes.
Bustadhus med denne form og byggemåte kan tyde på at det er oppført i siste del av 1800-talet. Far
til Anders kom bort på sjøen som 28-åring i 1843. Det var difor lite truleg at han hadde medvirka til
oppføring av ny bustadbygning på garden.
Låvebygninga.
Den elste del av låvebygninga har stått svært lenge på same plass som no. Denne plasseringa hadde
den også før ”klyngetunet” vart oppløyst. Denne bygninga har mål omlag 9,0 m langt og 8,1 m breitt.
Bygget står på ein frilagt gråsteinsmur som ligg på bakken.
Frå før stod der ei driftsbygning på omlag 70 m2, med høylager, fjøs og gjødselkjellar. Det er og grunn
for å tru at denne var svært gamal.
Seinare er bygninga påbygd med ein ny del på omlag 100 m2, 12,5 m lang og 8,7 m breid. Den nye
delen har forutan låve for høylagring, fjøshøgd og gjødsellager under omlag halvparten ev bygget.
Den nye låvebygget står i rett vinkel på den eldste delen. Det er i seinare tid bygt ny fjøsinngang og
betongsilo for lagring av for. Fjøsdelen og gjødsellageret er utført med gråsteinsblokker som er
spekka med sementmørtel. Bygget har stålplater som taktekke.
Buda.
Det har stått ei lita oppbevaringsbud i tunet , mellom bustadhuset og låven. Buda hadde mål omlag
4,0 m lang og 4,0 m breid. Den stod på 9 steinfundament og hadde ei stor steiinhelle som trappe
anordning. Inne i buda var det ei trapp til eit loft i buda. Det var lagt torvtak på buda. Buda var delt i
to deler , den eine til oldefar Anders og den andre til Synnøve og Rasmus. I buda vart det lagra ting
som skulle stå kaldt og turt.
Buda vart reven fyrst på 50-talet, og bror til Sivert , Sverre, fekk buda til oppføring på nytt i
Spjelkavik, der Sverre då budde.
I samtale med Roar Sigmund Steinnes kunne han opplyse at broren Sigmund overtok eigedomen i
Spjelkavik. Han valte å rive den gamle bygninga på eigedomen og sette opp ei ny.
Smia på garden.
Det var bygt eiga smiebygning på garden. Bygninga var oppført av frilagt gråstein på alle fire veggane.
Innvendig var det bygt opp ei lita grue i nordvestre hjørne, og med røykløp av stein.
Takkonstruksjonen var utført av grove trematerialar, trod og pålagt torvtekke. I bygninga var det
jordgolv. Smia hadde to dører og eit lite vindauge mot sjøen.
Smia vart nytta ved alle mekaniske arbeider i samband med drifta på garden. Det er vel kjendt at
oldefar Anders nytta smia svert ofte til smiarbeid, han likte å skape ting i glødande jern.
Rundt 1960 vart taket og deler av smia fjerna og ei ytterforskaling tilordna utvendig sundt smia. Det
vart då støypt som ein ny betongvegg rundt smia og eit betongdekke lagt over. Opp på dette vart det
4
røyst ei garasje i bindingsverk med trekledning. Slik framstår smia/garasja i dag, men den opprinneleg
smia står som før, innvendig mellom dei nye betongveggane.
Det skal ha vore ei gamal smie som stod ovanfor tunet, på den plassen der skulen no står. Parsellen
der skulen står vart kalla ”Smiebakken”. Det er ikkje teikn til at det har stått ei bygning der, men
truleg vart den reven då skulen skulle byggast, omkring 1905.
Saghuset med utedo. Bygget stod i tunet, nedafor låven.
Frå fyrst av var dette eit hønsehus med stor innegjera uteplass mot nordaust.
Saghuset på garden er oppført av bindingsverk og mønt takkonstruksjon. Bygget har mål 7,4 m
lengde og 5,0 m bredde.
Rolf fortalte at den saga som står der no skulle ha vore overteke frå Alfred A.Steinnes. Han hadde
kjøpt seg ny sagbenk og solgte den gamle til Sivert.
Bygninga hadde også eit rom som var tillaga som do, men vart seinare teke bort då toalett vart
tilordna i bustadhuset.
Naustet og tilflotskaia.
Naustet ligg i indre del av ”Steinnes-bukta” med båtopptrekk. Naustet er er bygt opp av fin gråstein,
som ligg støtt og fint den dag i dag. Over sjølve naustveggane er det lagt opp lafta tømmerstokkar i ei
høgd på 1,4 m og takkonstruksjon med tekke av torv.
Inntil søndre del av båtopptrekket er bygt opp ei steinkai for tilflot større båtar. Steinen kjem frå
dyrkingsarealet på garden, og det skulle vere nok av det.
Kaia vart nytta av dei motorbåtane som folket på garden hadde. Det vart difor ei enkel måte å losse
og laste båtane frå denne kaia. Ei stund på 40-talet hadde gardane på Steinnes dagleg besøk av
”melkebåten”. Den hadde oppsamling av ”melkespannene” frå gardane. Båten var ein eldre notbåt
og hadde utgangspunkt frå gardane i Sandvika, på andre sida av fjorden. Deretter gjekk turen til ytre
del av Steines og fram til kaia på indre Steinnes. Etter det gjekk han vidare til Sørheim, Selbervika og
Digernes. Båtreisa enda ved ”kommunekaia” i Ørstavik, der melkespannene vart lossa. På eit
tidspunkt ut på dagen returnerte båten ut fjorden.
Mor fortalde at ”dampbåten” frå Møre Fylke, som traffikerte på fjordane og til Ålesund, stoppa på
signal ved denne kaia på Steinnes, då djupna på tilflotet var god.
Dynamohuset.
Det vaks opp mange gutar på garden, i fyrste del av dette århundre. Mange av gutane var
oppfinnsome og hadde evne til å sette igang mange spesielle tiltak. Ein av brødrene hadde fått tak i
5
ein større dynamo, på omlag 800Watt. På den tid var det ikkje elektrisk straum på Steinnes ,og
tanken med å få lelektrisk lys i huset var påtrengjande.
Ovanfor hovudvegen til Steinnes-gardane hadde denne garden eit vassbasseng, som tidvis inneheldt
store mengder vatn. Denne vasskjelda skulle nyttast til å drive ein turbin med vidare drift til
dynamoen.
Ved naustet i sjøkanten vart det bygt eit stort fundament og påsett ei mindre bygning i trematerialar.
Utforminga av bygninga har det vore vanskeleg å få klarlagt, men truleg var det tette treveggar og eit
skråtak(pulttak) over veggane.
Det vert fortalt at gutane hadde kome over eit parti med stålrør i Ålesund, som hadde vore nytta til
eit eller anna i samband med gjennreisinga etter bybrannen. Røra vart grave ned i grunnen, frå
vassdamen og ned til dynamohuset og turbinen. Dei straumførande ledningane opp til huset vart
hengt opp i isolatorar på stolpar.
Det vert fortalt at vatnet til turbinen vart sett på om kveldane på vinterstid, men vart stengt av når
det var tid for å legge seg. Mor og Bjørg har fortalt at det ofte var deira plikt å gå ned til turbinen og
stenge av vatnet, stenge den store messingkrana med rundt handtak. Dei måtte då vere påpasselege
med å ikkje ha på seg klede eller band/reimar som kunne henge seg opp i reimdrifta til dynamoen.
Krana dei skulle stenge av var ei stor messingkrane.
Det er vanskeleg å sei kor mange år anlegget var i drift, men kom ut av drift då det kommunale
elektrisitetsverket la fram elektrisk straum til Steinnes.
I dag kan ein sjå murane etter dette ”kraftverket” som eit minne frå ei tid som var.
Saga ved dynamohuset/naustet.
Det vert fortalt at ved dynamohuset/naustet stod eit større ”vasshjul” som vart nytta til drift av ei
tømmersag, som oldefar Anders nytta til saging av plankar og bord. Det var altid behov for bord til
ymse reparasjonar i gardane på ”Sørestranda”. Vasshjulet må ha fått vatnet frå den same vasskjelda
som turbinen ved dynamohuset.
Bjørg har fortalt at vasshjulet var plassert inntil nordaust-veggen på naustet.dei stundom leika ved
vasshjulet og fall for fristelsen for å klatre i vasshjulet. Denne ”sporten” hadde ikkje oldefar noko til
overs for. Det kunne vere farleg, og ein kunne kome i klem i hjulet.
Rolv kan også minnast at det stod eit vasshjul ved ”dynamohuset”/naustet. Kvar dette vart av kunne
han ikkje minnast. Den saga som stod der kunne han ikkje sei kvar den vart av.
Det er ikkje nokon del av vasshjulet å sjå no, men der er ei mura grop i terrenget som kan gi signal
om kvar hjulet truleg har stått.
Eg har seinare, den 23.11.2011,drøfta dette med Bjørg, og kome fram til at vasshjulet stod på
nordaust- sida av naustet. Vasstilførselen kom frå den grova som renn i terrenget vest for naustet, i
ei renne som var heva opp over naustvegen, og bort overl vasshjulet. Vatnet fekk då ei viss
høgdeeffekt på drifta av vasshjulet.
6
Planar om ”industribygg”.
I samtale med Bjørg kom det fram at bestefar Rasmus hadde planar om å føre opp ei industribygning
ved sjøen, bak naustet. Dette måtte vere i fyrste del av 1930-åra.
Han hadde fått oppmoding av sin gode ven Johan Digernes, som laga kleklyper i ei bygning på
Digernes, om å kome i gang med produksjon av klehengarar i tre.
Det var fleire ungdomar på garden som då kunne få seg arbeidi ein slik produksjon. Dei som var
heimeverande denne tida var Sverre, Astrid, Berta og Steinar. Den saga som stod ved naustet kunne
nyttast til å kløyve opp material til høvelege bord, i ein slik produksjon
Det vart sett i gang arbeid med grunnmurar for ei bygning, bak det gamle naustet, men bygninga vart
ikkje oppført, og ”industriplanane” vart lagt vekk.
I dag kan ein sjå fint oppmurte gråsteinsmurar mellom naustet og dynamohuset.
Revegarden.
Det vart ein sterk oppsving av revefarmar ved mange gardar i bygda, slik var det på Steinnes og.
Denne perioden varte frå omlag fyrst i 30-talet og ut til 50-talet. Det vart ei kjærkomen tilleggsinntekt
for mange gardar, som hadde tilgang på dyremat.
Revegarden stod på oppsida av naustet ved sjøen, men er no tekne bort.
Kvernhus ved Liadalselva.
Stennes-garden brukte å male korn i eit kvernhus i Liadal, på vestsida av elva. Bjørg har fortalt at dei
hadde kvern eller hadde rett til å nytte ei kvern der. Ho var ikkje sikker på om dei eigde kverna og
kvernhuset, men det var fast rutine på garden å nytte denne kverna.
Før malinga var det alltid turking av kornet heime på garden. Det vart fyrt opp på grua i kjellaren, og
nytta den store gryta til turking av kornet.
Den gamle vagtrasseen gjennom tuna.
Etter opplysningar eg har fått av Rolf skulle den elste vegen på Steines ha gått glennom tunet på
denne garden. Slik det kan registrerast no så er det ein veg frå smia til nord om smia, ei rett strekning
som har vore nytta som veg gjennom tunet.
Det er fortalt at vegen skulle ha svinga ned i tunet ved smia og gått nord om låven og vidare til tunet
på nabogarden og til ytre deler av Steinnes. Store deler av denne vegen vart dyrka og tillagt
nærliggande driftsareal på gardane. Den nye vegen vart lagt høgare oppe i terrenget og utanom
tunområda. Deler av den gamle vegen kan enno registrerast der arealet ikkje er dyrka.
7
Funn på garden frå oldtida.
Det vart i 1978 gjennomført ei utgraving av arkiolog, i ein gravhaug på nordsida av Steinneset. Funnet
er dattert til siste del av yngre romertid. Dette er dermed den elste jernaldersgrav i Ørsta. Dei fann
ut at den døde har fått med seg to spyd, eit sverd eller kniv. Det må ha dreia seg om full
krigsrustning.
Det står oppreist fleire høge steinar, som kan tyde på å vere ”bautasteinar”. Dette kan tyde at der har
vore eit felt der folk frå gardane har vore gravlagde.
Mor har fortalt at under arbeid på austre del av lorda, mot neset, fann dei ein stein som kunne lukne
på ei ”steinøks”. Ho veit ikkje kvar denne øksa vart av.
Eg ser ikkje bort frå at Steinnes har i svært gamal tid kunne vere ein ideell plass å bu. Frå Steinneset
var det god sikt ut og inn fjorden. Dette kunne være svært avgjerande for at folket som budde der
kunne røme til skogen, dersom krigarar seila inn eller ut fjorden på ”røvartokt”. Det var den gang
snakk om å berge liv, for fastbuande folk.
Skulen på Steinnes.
Den skulegang som borna fekk på 1800-talet var det ein kalla omgangsskule. Læraren kom til bygda
og underviste borna over ei veke, og reiste då til eit anna bygdelag.
Sørestranda (Sørheim og Steinnes) hadde ikkje eigen skule i grenda, men var slege saman med Liadal.
Borna frå Steinnes og Sørheim måtte då over fjorden for å gå på skule i Liadal.
Det vart arbeidd for å få fast skule på ”Sørestranda”, Steinnes eller Sørheim. Det skapte ein del
diskusjon mellom grendelaga. Folket på Sørheim ville plassere den på Garsletta (eit område nær
Sørheim), medan dei på Steinnes ville ha den på indre Steinnes.
Striden gjekk på ei stund, men løyste seg då bestefar Rasmus opna for at skulen kunne byggast på eit
jordstykke som tilhøyrde hans gard. Dette låg ovanfor vegen på ein plass som vart kalle ”Smievollen”.
Der skulle ha stått ei gamal smie som var felles for gardane på Steinnes.
Skuleplasseringa vart akseptert og bygninga vart bygt og teken i bruk i 1905. Det vart då felles
skulelærar for Liadal og Steinnes, med skule i to veker på kvar plass. Læraren budde då i dei pri vate
heimane, i desse periodane.
Skulen var i drift fram til 1950, og vart då lagt ned. I dag er det Sørheim og Steinnes Grendalag som
eig skulebygget og nyttar det til ”Grendahus”.
Litt om folket på garden
Min oldefar på Steinnes, ANDERS R.STEINNES.
Oldefar var fød den 10. februar i 1841, av foreldra Rasmus Anderson Steinnes (1815-1843) og mora
Berte Karine Ingebriktsdatter Rjånes (1813-1880).
Då Anders var 2 år, døde far hans i eit uvær på Rovdefjorden i 1843, berre 28 år gamal. Det var og
andre menneske som kom bort denne dagen. Bror til Rasmus, Albrikt (1818-1843) og far og søner frå
nabogarden kom også bort på sjøen denne dagen. I alt 5 menneske frå Steinnesgardane.
8
Mor til Anders stod attende med tre små born og ei svigermor på ein stor gard i ei hard tid, der
arbeidskraft til gardsbruket var styrken til framdrifta av gardsbruket. Ho gifta seg seinare oppigjen i
1845 med Sivert Ivarson Aasen (1806- 1887), bror til den kjende målmannen Ivar Aasen.
Dette er borna til Berte Karine og Rasmus:
Anne Ingeborg
1839 - ?,
til Åsen.
Anders
1841 – 1934, på garden.
Ragnhild Anna Petrine
1844 – 1850.
Dette er borna til Berte Karine og Sivert I. Åsen:
Gurine Kanutte Sivertsdt.
1846 – 1850. døde 4 år gamal.
Johan Elias Sivertsson
1849 – 1933, til Grøthol i Dalsfjord.
Rasmus Gregorius Sivertsson 1853 – 1919, til Ytre Hovden, (”Steinnes-garden”).
Severin Kornelius Sivertsson 1857 – 1858. døde 1 år gamal.
Oldefar Anders vart gift i 1867 med Johanne Karine Johannesdt. Liadal. Dei fekk desse borna:
Rasmus Johannes
1868 – 1958, på garden.
Sivert Britanus
1869 – 1891. døde22 år gamal.
Berte Johanne
1872 - ?,
til Hasund i Ulstein.
Ragnhild Gurine
1876 – 1937, til Raudøya.
Albert
1879 – 1924, til Ytre Steinnes.
Eg har ikkje opplevd å treffe oldefar, då han døde 5 år før eg var fødd. Difor vert notatar som er
skreve ned her , opplysningar og hendingar
som eg har fått fortalt av andre. Den som har
bidrege
mest er tante Bjørg, som enno lever og har
svært god husk, og kan vere med i ein diskusjon
om tida som var.
Eg har grunn til å tru at oldefar Anders var
brukar av garden frå omlag 1875 til omlag
1886, stefaren Sivert var då 69 år. Han levde til
1887. Det kan tyde på at oldefar Anders kan ha
overteke drifta av
garden og Sivert vart ”kårmann” på garden.
Oldefar Anders stod som brukar fram til 1900
då sonen Rasmus overtok.
Det går fram av Ørstaboka at oldefar Anders
var fiskar. Truleg er han registrert i
”fiskarmantalet”. Det er ikkje uvanleg at mange
av karane på desse små gardane ved kysten var
registrert som fiskarar i tillegg til drifta av
gardane.
Det vert fortalt at Anders ikkje hadde den store
interesse i gardsdrifta. Tydelegvis er det kona
Johanne som har vore den store ”motoren” i
drifta på garden, og særleg i husdyrhaldet. Ho skulle ha utalt seg på denne måten: Dersom eg hadde
9
selt unda 5 til 6 kyr, hadde Anders ikkje merka det. Til Anders sit forsvar var ei kyr, den gang, omlag
på storleik ned ein velvaksen sau.
Etter dei opplysningar eg sit inne med, var Anders ein særs tolmodig og dyktig handtverkar. Den
største interessa hadde han i å skape reidskapar som dei kunne nytte i drifta på garden eller i
fellesskapet. Han kunne take på seg slike oppgåver for gardbrukarane på båe sider af fjorden.
Anders hadde tiltakslyst og var ikkje redd for å utføre arbeidsoppgåver som for han var noko
ukjendt.Dette er ein givnad som ein ser andre i denne familien har, sjølv om dei er innan ei anna
faggruppe. I seinare år er denne givnaden kome fram i ordtaket ”Steinnes-styr”.
Anders var flink med dreiing av tregjenstandar, som akslingar til kvernkallar og oppbygging av desse.
Ein gang han var oppe på Halsane, på andre sida av fjorden, for å dreie ein aksling for ein ”kvernkall”
eller til eit skovlhju.
Ein gang han var på Halsane(over fjorden) og dreia aksling til ein ”kvernkall”, eller det ein kallar
skovlhjul. Truleg var der ein større dreiebenk på Halsane, som makta denne oppgåva. Der var nokre
gutarsom viste stor merksemd for denne dreieoppgåva. Anders hadde med seg sine eigne dreiiejern
for oppgåva. Gutane ville sjå på jerna og prøve å dreie, men då skulle ”gamlingen” ha tala nokså
strengt til dei.
Det er og fortalt at han brukte mykje tida i smia, til å smi skovlar til kvernkallar som vart nytta rundt
om på gardane, på begge sider av fjorden. Han laga elles mykje verkty til bruk på garden eller til
naboane.
Bjørg har fortalt at bestefaren fekk laga ei bandsag, som kunne sage ut små profilar og mønster.
Dette må ha vore så seint at el-straumen var komen til Steinnes. Dei fine utskjeringane på utvendige
listverk, kan ein enno sjå på nokre av vindauga og vindskeienepå bustadhuset.
På sine eldre dagar gjekk interessene meir i retning av det som vaks i naturen, og dyrke skogsplanter
av frø. Det kunne vere både nåleplanter og lauvplanter. Han farta rundt på bygdene i yste del av
Ørstafjorden og skaffa seg frø til nye planter. Han var godt kjendt i bygdene og haddee ikkje vanskar
med å skaffe seg nye og spennande sortar. I området rundt garden kan ein sjå store tre som må ha
vore utplanta i denne tidsperioden, rundt 1920-1930. Bjørg fortalte at han enkelte gangar tok
robåten og rodde ut til Eiksund, der var det god tilgang på fine lauvtresortar.
I den fyrste tida eg fekk lov til å reise med ”melkebåten” for å besøke besteforeldra, kan eg hugse at
det på området mellom skulen og damen var tilplanta med nåletre. Der stod også enkelte nåletre
rundt på tunområdet, i den tida.
Det var tydeleg at ungdomen ikkje hadde sans for den interessa til små planter og framavling av skog
som kunne vere til nytte for gardsdrifta i framtida. Ungdomen meinte at ein voksen person måtte
finne seg noko meir handfast i arbeide med. Dette var ikkje ”ein manns arbeid”. Eg har kome over eit
dikt av naboen Anders K. Steinnes, ”Byte-Anders”, som han ofte vart kalla. Hen hadde ordet i si makt
og kom med dette diktet i Ørsta Avis,fredag den 26. april 1926.
TIL EIN 80-ÅRING
Som plantar skog.
Du gjeng der ein gamling på åtteti år
og plantar og sår,
og tykkjer det er slik ein moro å sjå
dei veksa og trivast, dei plantone små –
10
Javisst er det moro, og visst er du sæl,
eg skynar deg vel.
Du gjeng der og plantar so gamal og grå
og undrar deg på
at dei som er ungeav alder og år
at ikkje dei plantar at ikkje dei sår.
Og visst kann ein undrast og tenkja so mangt,
du ser og serlangt.
Men ungdomen flirer: Sjå gamlingendu,
som ikkje vil tru
at snart er han ferdig og lyt her i frå
– som endå vil planta og endå vil så.
Det kann dei kje skyna for di dei ser kort
på alt som vert gjort.
”Han finn på so mykje”. Javisst gjer han so;
dei trur du må ganga i barndumen no.
Men sat du og las i ei dumbette bok
og tenkte på dauden, jau, då var du klok.
Slikt lærer dei unge, den læra er tung!
Dei unge er gamle, d`er du som er ung.
ANDERS STEINNES
Eg kan ikkje vise til klare opplysningar om at dette diktet er skreve til oldefar Anders, men mykje av
innhaldet i diktet kan peike på ”nabogamlingen”. Anders var 80 år i 1921.
På sine eldre dagar, etter 1920, kunne Anders take på ryggsekken og vandre til andre bygdelag rundt
Steinnes. Det var ofte slik at han kunne ha lova nokon å hjelpe til med ymse handtverksarbeid. Han
fortalde ikkje til dei heime kvar han skulle, men det kan tyde på at han vart godt motteken dit han
hadde tenkt seg. Han må ha vore kjend som ein dyktig handtverkar.
Det hende at han var borte i fleire dagar, utan at dei ”heime” viste kvar han var. Ein gang han hadde
vore borte, i Eiksund, kom han heim med ei fin pyntepute og ein fin borddukdei kalla ”særbjelke.
Denne duken vart vanlegvis lagt opp på ein større underduk, som pynteduk.
Bjørg har fortalt at ein gang på 1920-talet fekk ho vere med sin bestefar Anders, til garden Grøthol,
innanfor Lauvstad i Dalsfjord. Anders hadde ein halvbror, Johan Sivertsson Steinnes Aasen (18491933), som hadde gifta seg til ei gardsgjente på Grøthol. Han helt fast på denne halvbroren, då hans
eigne syskjen var døde. Bjørg fortalde at dei gjekk vegen til Bjerkvika, der fekk dei låne ein robåt og
rodde over fjorden til Velsvika. Dei gjekk vegen frå Velsvika og opp til Grøthol, den høgastliggande
garden i Dalsfjorden. Bjørg meinte at turen var svært spennande for henne. Det var ikkje så ofte ho
fekk vere med på lange reiser.
Oldefar Anders var med i kommunalt ”styre og stell”.
Ørsta vart eiga kommune den 01.08.1883. Det skulle då velgast kommunestyre, ordførar og
varaordførar.
Krinsane rundt om i kommuna vart oppmoda til å stille med sine kandidatar.
11
Anders R. Steinnes vart valt inn som krinsen sin medlem, den hadde då ikkje politisk retning,men
skulle take ivare krinsen sine interesse. Desse vart valde inn for perioden 1883 - 1885:
Anders R. Steinnes (42 år)
Ole I. Brudevoll (58 år)
Nikolai Halse (52 år)
Anders O. Aarsæter (32 år)
Knut Aarflot (62 år)
Sjur I. Sætre (49 år)
Rasmus Aasen (45 år)
Lars I. Øye
Knut H. Ose (45 år)
Hans A. Velle vart ordførar og
Sjur M. Vinjevoll (51 år) varaordførar.
Anders R. Steinnes vart og valt inn for ”Liadal og Steinnes Kretsliste”for periodane, 1892 – 1895,
1896 – 1898 og 1899 – 1901. Den siste perioden for det politiske partiet Venstre.
I alt var han med i 9 år.
Ørsta Frikyrkje.
I 1880 – 1890- åra slo ei kristeleg vekking innoverbygdene, særleg ei vekking som vart kalla
”Sandstormen” sist i 1880-åra. Den såkalla nattverdstriden fekk leie fylgjer for indremisjonen. Berre
få i flokken tok fri nattverd.
Paul Myklebust var særs aktiv i laget ei tid, men i 1896 melde han seg, saman med 60 andre ut av
statskyrkja og skipa Ørsta Frikyrkje.
Frikyrkjebygget vart vigsla den 03. 12. 1899. Bygninga hadde vore eit bedehus som hadde stått på
Fyrde i Austefjorden. Bygget vart flytta til ei tomt i Ørsta.Oldefar Anders var ein av desse som kom
med i Frikyrkja frå fyrste dag, og var med der så lenge han levde. Bestefar Rasmus var ikkje skreven
medlem då kyrkja var starta, men kom med berre nokre få år etter. Heile huslyden i dette gardstunet
har i alle år vore tilknytt Ørsta Frikyrkje.
Oldemor Johanne Karine.
Oldemor var fødd i Liadal, og kom frå garden ”Larsbakkane”, der ho var fødd i 1836. Oldemor levde
fram til 1915, og var då 78 år gamal. Foreldra var Johanne I. Liadal og Johannes L. Eiksund Liadal.
Johanne Karine var nummer fire av ialt seks syskjen:
Guttorm Johannes
Ola Severin
Ingeborg Larine
Johanne Karine
Larine
Ingebrigt
1828 – 1853, vart berre 25 år.
1831 – 1919, neste brukar.
1834 – 1900, til Grøvik.
1836 – 1915, til Steinnes.
1842 - ?
til Myrane, Ulstein.
1844 – 1904. budde på garden.
Oldemor var etter dei opplysningar som har kome fram eit drivande menneske på garden. Ho stellte i
huset og sytte for at dyra i fjøsen hadde det bra. Det er elles ikkje så mange opplysningar å få fram
om henne, då ho døde i 1915. Alle syskjena av mor og tante Bjørg er no borte, eg kjenner ikkje til at
nokon andre sit inne med opplysningar om henne, som kan fortelje kvann ho var.
12
Min bestefar, Rasmus Johannes A. Steinnes.
Beastefar var fødd, den 15.02.1868, på
garden Indre Steinnes. Det er noko uklart
om oldefar Anders hadde teke over drifta
av garden, frå mor si, på denne tida. Han
vaks i alle høve opp i ein trygg og god
heim. Då bestefar vart fødd, var faren 27
år og mora var 20 år.
Bestefar er ein av dei, i den nære fortid,
som ein har gode opplysningar om. Det
har vorte fortalt mange gode fortellingar
om han. Desse hendingane er tidlegare
noterte, slik at dei komande slektsledd
kan ha glede av desse.
Rasmus overtok gardsdrifta i 1900 etter
far sin, og vart gardbrukar på heil tid. Han
hadde då gifta seg med Synnøve J.Liadal,
frå ”Pålgarden” på Liadal, og fått to barn
med henne(Sivert og Anna).
Store deler av garden var ”broten opp” til
å vere god dyrkbar jord, men deler av
arealet mot aust(innover mot Ørsta
sentrum) og ein del utover Steinnesneset, var det bestefar som fulldyrka. Slik
eg har fått opplyst så låg det mykje stor
stein på markane, men desse fjerna
bestefar ved å skyte dei med dynamitt.
Den skotne steinen vart lagt i fjøra
nedanfor.Han la for dagen ein utruleg
arbeidsinnsats gjennom mange år på jorda. Han var det ein kallar ein ”arbeidsmaur”, som til alle tider
på dagen måtte stelle jorda. Han var såleis inne i huset berre for å få med seg måltida og sove.
Han var svært framsynt og kjøpte inn mekanisk utstyr som kunne nyttast til drifta på garden.
Bestefar Rasmus var ein svært aktiv gardbrukar, med kunnskap om det som måtte gjerast på ein gard
for å få best mogeleg utkome av jorda og gode avlingar. Dette var nødvendig for å halde den store
hushaldninga som var på garden. På det meste , i 1915, var det 15 personar på garden.
Eg har grunn til å tru at det var bestefar Rasmur som sette i gang utviding av driftsbygninga, til slik
den i grove trekk står i dag.
Den store utvidinga av driftsbygninga medvirka til at det kunne gje plass til fleire dyr på garden og
høyavlingane kunne få betre plass.
Eg har opplevd at det var durka korn på deler av den jorda som ligg ved sjøen , ut mot Steinnesneset. Dette kan og registrerast på eldre foto av området/garden.
Tilknytning til Ørsta Frikyrkje.
Oldefar Anders var ein av stiftarane av Frikyrkja i Ørsta, han var medlem i denne kyrkja frå starten.
13
Bestefar Rasmus og bestemor Synnøve vart medlemar der noko seinare, men hadde si åndelege
tilknyting i frikyrkja så lenge dei levde. Fleire av deira born vart og tilknytt dette kyrkjesamfunnet.
Bjørg kan minnast at det ofte var talarar/emisærar som kom til Steinnes, og kan minnast at dei som
regel overnatta og fekk mat i deira heim.
Drifta på garden under siste verdenskrig (1940 – 1945).
I fyrste del av krigen merka dei ikkje så mykje av kva som hende ute i verden og her i Norge. Dei
budde utanfor ”alfarveg” og såg neppe ein soldat før ut i krigen. Dette kom dei nærare inn på livet
når tyske soldatar sette igang bygginga av kanonfortet på Berkneset. Då var det soldatar å sjå etter
bygdevegen, eller dei kom køyrande på vegen med hest og kjerre. Hestane var av ein stor rase,
nærast som ein stor ”bryggerihest”, og det bråka felt når dei sprang forbi med firhjula-kjerrer og
mange soldatar på lasset. Veit ikkje at soldatane gjennomførte nokon form for reprisalie mot folket
på Steinnes. Folket på Steinnes forheldt seg roleg og var ikkje provoserande mot dei tyske soldatane.
Den 05.12.1944, vart det gjennomført flyåtak av engelske fly her i bygda. Ein konvoi av malmskip
(koparkis),som var på veg til Tysklandmed sin last, hadde søkt ly i Ørstafjorden. Det var skipa ”Albert
Janus”, ”Radbow” og ”Sygnus”. Ørstafjorden er omkransa av høge fjell, det var difor vanskelegare for
flya å sjå dei og vanskelegare å kome i god skotpossisjon. Eit av dei flya som gjekk til åtak denne
dagen vart skote ned. Piloten og navigatøren vart aldri funne. Piloten heitte James Austin Hakewill og
navigatøren Frederick Gordon Sides. Begge var soldatar i Australian Air Force. I 1947 vart det reist
opp ein minnestein på Lianeset, over dei falne.
Ei tid etter denne krigshendinga, kunne Bjørg fortelle at ei mappe vart funnen i fjøra, inne i stranda.
Bjørg og Amanda hadde utført eit oppdrag inne i stranda og valte å gå fjøra ut igjen til gardshusa. I
fjøra fann dei ei mappe av grå seilduk, omlag 30 cm lang og omlag 15 cm breid. Mappa innehelt kart
og brev,men i tillegg inneheldt den sanitærutstyr, som bandasjar og nokre lause sprøyte. Den hadde
tydelegvis vore ein del av innhaldet i flyet son gjekk ned i fjorden.
Det kom ikkje fram kvar denne mappa vart levert.
Bjørg fortel at denne dagen med krigshendingar var bestefar inne på Lemane(ein stad inne i
stranda)og tok ned tre til ved for sal og varebyte. Det var vanleg at han bytte varer som, ved, egg,
smør, slakt med leverandørar inne i Vik (Ørstavik). Varer som han fekk tilbake var oftast mjøl til folk
og dyr, sukker og såkorn. Bestemor var svært oppteken av kva slags ty mjølsekkane var laga av, og at
dei var ”utan trykk”. Desse mjølsekkane vart omhyggeleg vaska og strokne. Deretter laga bestemor
og dei andre på garden, kjolar og underty, til borna og seg sjølv. Det kom no godt med det dei lærte
på sykursa, som lærar Gudrid Brekke heldt på Steinnes før krigen.
Gamal hending fortalt av bestefar Rasmus.
Dette er ei hending som bestefar Rasmus Johannes A. Steinnes (15.02.1868 - 26.12.1958) fekk
oppleve i dei fyrste åra av sit liv. Det er min far, Jon Vinjevoll (1912-1992), bestefar fortalde
hendingane til, nyttårsdag i 1954.
Eg har til no ikkje vore klar over at desse notata frå 1954 var i far sine “tøle” og dokumentsammling.
Eg fann desse notata i ei kiste då eg skulle montere ein lampett i gangen i huset til mor, jula 2001.
Min olddefar på Steinnes:
Anders Rasmussen Steinnes (10.02.1841-03.06.1934) som var gift med Johanne Karine
Johannesdotter Liadal (1836-1915).
14
Den hendinga, eller reisa som bestefar fortalde frå, var ei reise til brullaupfering til garden Langstøyl
i Follestaddal i 1873. Jakob Jakobson Liadal (1841-1927) skulle gifte seg med Ingeborg Hansine
Pedersdotter Langstøyl (1850-1940).
Det høyrer til denne historia at min bestefar (Rasmur A), seinare vart gift med elste dotter til
brudeparet, Synneve Jakobsdatter Liadal.
Eg har teke meg ein del friheit når det gjeld gramatikk og ortografi i høve til dei notatane som far
hadde skreve. Far var flink å skrive, men notatane ber preg av ”hastige notatar” frå samtalen med
bestefar.
Kvifor mine oldeforeldre var invitert i dette brullaupet, har eg ikkje funne eit sikkert svar på, men så
langt som eg kan sjå var der ikkje dirrekte slektskap med mine oldeforeldre til brud eller brudgom.
Min teori ” om invitasjonen til brullupet” vert at oldefar var god ven med brudgomen. Dei er like
gamle, fødde i 1841. Det er vel kjendt at ungdomen i Liadalsbygda og på Steinnes vanka svært mykje i
lag, sjølv om det var fjord mellom bygdene. Den tids privatbil eller drosje var robåten i støda.
Bestefar var ein flittig gardbrukar som måtte nytte alle yktene på dagen til arbeid med dyra eller
jorda. Han var ikkje inne i våningshuset for anna enn å innta måltida eller å sove. Han kunne ikkje
“kaste vekk tid “ på prat om laust og fast. Prate kunne ein gjere medan ein gjekk til å frå mellom
arbeidsplassane. Difor er eg noko undrande til at han har teke seg tid til å fortelje denne hendinga
som kjem nedanfor.
Han var aktivt med på garden til rundt fyrste del av 1950-åra.
Slik fortel bestefar denne hendinga til far:
Har sete på ein stol å tenkje tilbake.
Når ein multipliserer 86år med 365 dagar, då får ein 31.390 dagar, dagane som er gått.
Eg stod at med mor ein dag, hadde fått ny kniv (det fanst ikkje falleknivar då), fortalde ho at ho sat og
sydde ei ny bukse åt meg, å so skulle eg få vere med fram på dalen(Follestaddalen) i brullaup. Dette
snakka eg ofte om, ”om vi ikkje snart skulle reise”.
Ein dag stod me inne på Vikevoren og der var ”haldeplassen” den tida. Det var enden på vegen som
gjekk til dals. Det var ikkje noko særs å sjå i Vik den gangen, det var Voren som då var ny og så
gamlebuda inn for Voren.
Sjur Volla (Vinjevoll) var sikkert ordførar i den tida, og grunnen som Vikevoren låg på, var gitt av
Svendsen, og no skal me forlate den (voren). Stein til Vikevoren var samla rundt frå heile Ørsta, eit
kommunalt tiltak. Når voren var ferdig vart han beslått med 4” skodringsjarn ? for vern mot sjøen.
Me skulle til brullaups, eg stod opp i ei kjerre (hjulkjerre),som eg vart lyfta opp i, for når eg reknar frå
1868 til sommaren 1873, så var ikkje ”karen” så stor (rundt 5 år).
Men eg tykte det var gromme greier, heile køyredoninga, det va av gamle sorten utan besel (begsel)
av jarn. Eg stod bak i kjerra og var ikkje lite kry over at eg var på reise. Eg måtte sette meg på botnen
på kjerra og buksa måtte tole det.
Det var ikkje so mjukt eitt sete og ved Rasmusbrauta la hesten på sprang og eg var forviten og reiste
meg for å sjå mest mogeleg av det nye.
Framme på Mo såg me ned på Store-elva. Mor såg etter meg der eg sat, og ho spurde om det var elva
eg såg på. Eg spurde kor elva kom frå, og svaret var at det var derifrå som me skulle i brullup.
15
Komen til Brekke tok det til å brattast og elva brusa sterkare en før. Då ropte eg og spurde om me
ikkje snart var framme, for eg var tidlaus, då som eg sidan har vore. “Jau, me er snart framme”, var
svaret.
Framme med Høgebrua der fekk eg reise meg og sjå medan mor heldt meg i handa, medan me
køyrde over brua.
“Er ikkje dette ei svær bru”, spurde mor. “Skal me ikkje over”, spurde eg. “Nei, då kjem me ikkje til
brullaupet”, var svaret.
Då me køyrde forbi brua seier mor med tåror i augo at me skulle ikkje over. Det var til Langstøyl me
skulle.
Gamlekarane som bygde den fyrste Høgebrua hadde verken jarn eller cement når dei bygde den som
kolvingsbru, difor vart ho noke høg og derav kjem namnet “Høgebrua”.
Det er greit for mor at vi ikkje for over brua, men hadde dei teke ein vending over og tilbake hadde eg
vore vel fornøgd.
Men til å sjå at ho vart reva(reven ned) seinare det var til å gråte over. For når dei bygde den nye vei
og brua så la dei berre dynamitt under brua og sprengde ho sund, eg skynar ikkje kvar Karl Straume
var den gongen. Det var eit byggverk me skulle ha verna om, like fullt som makkesmogne hus.
Gamlingane kunne også mure meisterverk når det galdt brubygging.
Men me skulle til brullaupet.
Komen til Langstøylen sprette dei frå hesten og greide. Eg trilla då etter kjerrebotnen og vakna. Eg
hadde teke meg ein lur. Mor kosta av kleda mine med handa, og så gikk me inn på tunet. Mor sa at
“no skal du sjå kva dei kjem med”. Då kom karane dragande med ei ku som hadde hengt seg opp og
brote foten.
Folket flokka seg rundt og ville sjå, og mor lyfte meg opp, so eg
fekk sjå. Eg grunda litt på korleis dette hadde gått føre seg,
men mor fortalde at kua hadde fått eine foten mellom to
steinar og braut han.
I brullupet la eg merke til at spelemannen slutta å spele og
bruda strauk sin veg.Han Ivar Foldal, seinare kalla “HoggamyrIvar”(1862-1953), var noko eldre enn eg,(var ikkje god å lure),
og fortalde meg seinare at ho Ingeborg Liadal hadde so sid
brudekjole at nokon trakka på den so den rivna sund.
Heimturen hugsa eg mindre av . Eg sov helst det meste av
vegen.
So vart eg vaksen , og då barst det so til at elste døtra til dei
som eg var i brullaup med vart kona mi, Synneve Jakobsdatter
Liadal.
Åra gjekk etter at Vikevoren var bygt, og for å nemne det fyrst
best. Når Grepa Fabrikker skulle bygge, søkte Havtor Hovden om å få setja fabrikken heilt inn til
voren.
Dei lova å halde voren vedlike og legge cementdekke over.
16
Dei tok då meg og S.O.Myklebust til å sjå på dette here.
Me gjekk på voren og spaserte med hendene i lommene og skulle gjere det som var best for
kommunen og folket.
Me sa det slik, at det måtte vere tilflott på begge sider av voren, men resultatet vart slik som me no
ser det. Voren ligg der å fer ille. Det skulle S.O.Myklebust ha teke med i sitt stykke om kommunalt
slurv.
Stend verda noke lite til, vert voren snart gjøymd av ei fylling eller fabrikk. Då er Vik eit gamalt minne
fatigare.
Det som gjer at eg hugsar so godt alt, er at mor minte meg på ymse ting frå ferda. Når eg seinare for
same vegen vart eg på ny mint om det.
---------- ”---------Så langt om denne spesielle hendinga frå bestefar sin barndom.
Eg kan hugse bestefar frå den tida eg ofte var på vitjing på Steinnes, til bestemor og bestefar. Eg var
der svært ofte i åra etter krigen, då eg var gamal nok til å få reise aleine med melkebåten, og noko
seinare med melkebilen. Mor hadde eit særs godt forhold til sine foreldre, og dette var nok ei
medvirkande årsak til at eg fekk så ofte kome til Steinnes. Den eg var mest glad, i var nok tante
Amanda. Ho var alltid oppofrande for oss borna som kom til gards.
Bestefar var ikkje i aktivt arbeid på garden i åra etter krigen. Sivert og Amanda hadde forlengst teke
over drifta på garden. Han var den gang godt over 80 år, men hadde god fart etter alderen ,når han
gjekk etter bygdevegen. Etter alle måltida måtte han sove ein liten time på den divanen som stod i
kjøkenet til bestemor. Då måtte vi som var born vere stille, eller take ein tur ned til fjøra og kaia.
Han tok av og til turen til ”vik” (Ørstavik),for å sjå til sine slektningar der. Det kunne vere hjå Jakob og
Ragna (Steinnes)eller Anna og Karl (Moe), men oftast vart turen lagt til mor og far (Berta og John
Vinjevoll).
Bestemor og bestefar gav skøyte på garden med ”kår” og fri bustad til seg sjølve, til Sivert og
Amanda. Skøyte dattert den 28. oktober 1950, og Jon Aasen har skreve under som vitne.
Eg fekk oppleve å vere med i bestefar si gravferd. Fyrst var det minnestund på garden. Deretter gjekk
gravfylgje til Frikyrkja i Ørstavik. Bestefar er lagt i ei fellesgrav på Ørsta kyrkjegard, der også bestemor
er lagt.
Bestemor Synneve
Ho var fødd og oppvaksen i Liadalsbygda i ”Pålgarden”. Foreldra hennar var Ingeborg Hansine
Pedersdt. Langstøyl Liadal og Jakob Jakobson Liadal. Dei hadde åtte born, to gutar og seks gjenter.
Desse borna er her sett opp:
Jakob
1872 – 1890, døde 18 år gamal.
Synneve
1875 – 1962, til Steinnes.
Berte Marie
1877 – 1915, på garden.
Marie
1880 – 1948, til Vik i Ørsta.
Pernille Josefine
1883 – 1950, til Mork i Ørsta.
Anders Olai
1885 – 1911, på garden.
Jakoba Johanna
1890 – 1918, til Vik i Ørsta.
Johanna
1892 – 1974, til Vik i Ørsta.
17
Bestemor vaks opp i Liadals-bygda saman med mange
ungdomar i same alder. Det var store barnekull i
familiane den gangen. Ungdomen i bygdelaga på begge
sider av Ørstafjorden, samla seg på ”kviledagane”,
sundagane, til ”frilyndt” eller religiøse tiltak.
Eg veit at læraren for bygdelaga her ved Ørstafjorden,
var aktiv med i eit slikt arbeid. Eg tenkjer då på Andreas
Myklebust frå Follestaddalen. Han er og med på ein del
foto som er teke av ungdomen i siste åra av 1800-talet.
Eg har motteke ein kopi av ei minnebok som Andreas
Myklebust hadde, der mi bestemor og systra har skreve
sine små ”minne-skriv” til han. Det var vanleg den gang,
å skrive slike minne til kvarandre, gjerne med vising til
eit Bibel-vers. Det var og vanleg at ungdomen bytte
foto av seg sjølve, med andre. Vi kjenner vel alle dei
gamle fotoa som er kopiert på stiv kartong. Dei var
vanlegvis teke hjå fotograf, og var av god kvalitet.
Kopien av minneboka, som er vist ovanfor, er noko
uklar. Der står:
Minde.
Salige er de, (som vandrer fuldkomensligen på veien, de som vandrer i Herrens lov.
Salige ere de,som bevarer hansvidnesbyrd, de, ham følge af ganskehjerte. Ja de, som ikke gjør
uretferdighet, som vandres på hans vei.
Takker Herren thi han er god, thi hans miskundhed varer evendelig.
D.S i 19 ..... ved desse linjer mindes du en ven.
Synneve Liadal. 11/2 90. (11. februar i 1890).
18
Bestemor vart gift med bestefar i 1897, og flytte då til Indre Steinnes. Det er mykje som tyder på at
dei då vart aktivt med i gardsdrifta, men tok ikkje formellt over før i 1900. Bestemor må ha vore eit
sterkt menneske, både fysisk og psykisk. Eg kan ikkje minnast å ha registrert ein einaste komentar om
at ho var svært sjuk. Eg ser då bort ifrå at ho på sine eldre dagar, då hoftene var utslitne og
blodsirkulasjonen i føtene ikkje var den beste. Ho hadde då svært lett for å fryse på føtene.
Kan hugse at ho ofte sat med føtene inn i steikomnen på komfyren, med omnen på svak styrke.
Bestemor og bestefar fekk desse borna:
Syver Britanus 1898 - 1988, på garden.
Anna Karine 1899 – 1979, til Mo i Ørsta.
Jakob
1901 – 1986, til Vinjevoll i Ørsta.
Reidar Sigurd 1902 - ?.
barn.
Anders
1903 – 1993, til Hagen i Ørsta.
Jon
1903 – 1983, til Hagen i Ørsta.
Ingvald
1905 – 1993, til Ålesund.
Klara
1907 – 19 ?, til Valldal.
Reidar
1909 – 1993, til Bergen.
Sverre
1910 – 2008, til Berkvika i Volda.
Astrid
1913 – 1939, til Egset i Volda.
Berta
1915 – 2002, til Vinjevoll.
Steinar
1918 – 1940, budde på garden.
Ingebjørg
1920,
til Hareid. Den einast gjennlevande av syskjena.
I denne oppstillinga er det eit barn som ikkje er sett opp i namnelister i bygdebøkene, det er Reidar
Sigurd. Namnet har eg funne i eit oppsett over fødde, der Rasmus A. Steinnes er sett opp som far til
ein gut, Reidar Sigurd, fødd den 19.08.1902.
Eg har teke opp dette med Bjørg, men ho kunne ikkje minnast at det nokon gang hadde vore snakka
om dette barnet. Ho hadde ofte undra seg over at det ikkje var fødd nokon i 1902, då det var svært
tett mellom dei andre syskjena. Vil prøve å få stadfesta denne personen ved eit seinare høve.
Bestemor var mykje med på arbeidet ute på markane og åkrane i den lyse årstida. Oppgåvene var
mange og i tillegg hadde ho det som måtte gjerast inne. Borna var i ei lang periode små, men etter
kvart som åra gjekk kunne ho få hjelp av dei elste gjentene, då særleg Anna. Hjelpa som gutane
kunne bidra med, vart avgrensa fram til dei var konfirmerte. Etter det måtte dei ut å skaffe seg
arbeid, i dei fleste tilfelle vart det å reise på fiskeri på kysten. Den elste, Sivert, var fleire turar som
manskap på fiskebåt på Grønland.
Bjørg snakka om at det på mange av gardane, flytta dei matkokinga ned i kjellaren. Dette var grunna
koking på vedfyrt komfyr kunne verte ei påkjenning, å stå der i ein voldsom varme. I kjellarane var
det normalt mykje kjøligare.
Bestemor ville ikkje flytte matkokinga ned i kjellaren, då denne eldstaden ville dei nytte til vasking og
koking av mat til dyra.
19
Bestemor var flink
med handarbeid.
Ho sat ofte med
rokken og spann
ulltråd, når vi kom
på besøk. Kan
hugse at ho
strikka meg ein fin
mønstra genser i
svart og kvitt, som
eg nytta i mange
av ungdomsåra
mine. Det var ikkje
få lestepar ho
strikka gjennom
eit langt liv. Det
var heller ikkje
uvanleg å finne
henne med kjerna
mellom beina. Kjerning av smør var noko som ho hadde gjort før.
Bestemor Synneve døde den 31. mars i 1962. Eit langt liv var til ende, ei aktiv arbeidshand var lagt
ned og den lyse gode latteren hennar var ikkje meir å høyre i ”bestemorskjøkenet”. Bestemor vart
lagt i fellesgrav med bestefar på Ørsta kyrkjegard. Eg fekk ikkje høve til å vere med i gravferda, då eg
gjekk på teknisk skule i Trondheim (Trondheim Tekniske Skole) den våren.
Det vert skreve meir, når eg har nye og fleire opplysningar om folket og drifta på garden Indre
Steinnes.
Hausten 2011.
Bjørn Winjevoll
Vinjevollvegen 31. Postboks 251. 6151 Ørsta.
Telf. 700 66713. Mobil.990 18032.
Mail: [email protected]