20 Nr. 19/20 - 15. mai 2013 Fokus på pris og nye løysingar Øyvind Steinnes i Lund kommune i Rogaland bygger nytt lausdriftsfjøs med kapasitet til 50 kyr, inklusive kvigeoppdrett, til 4,3 millionar kroner minus eigeninnsats. Han har stor merksemd på effektiv arealutnytting og val av bygningsmateriale. Eirik Stople gardsfakta Ingeniøren og bilmekanikaren Øyvind Steinnes tok over heimegarden i 2009 og slutta i jobben som ingeniør for eitt år sidan. Nå er det nybygg og Øyvind Steinnes (27) driv med sau og mjølk på Kjørmo i Hovsherad. Faren, Gaute Steinnes, er aktivt med i gardsdrifta. Øyvind bygger no nytt lausdriftsfjøs med 45 liggebåsar samt plass til oppdrett av kviger og mellomkalv. Han aukar mjølkeproduksjonen frå 100 000 liter til 280 000 liter. Målet er å koma opp i ein mjøl- utbygging av mjølkeproduksjonen som gjeld. Sidan byggestart i september 2012, har utbygginga teke all merksemd. – Planlegginga starta lenge før dette, fortel Øyvind. Etter å ha studert lausdriftsfjøs i inn- og utland laga han eitt grunnriss for bygningen. Tinerådgivar, Ingve Dubland, tok planen vidare og målsette den. Produksjon og arealgrunnlag - Eg har som mål å fylla fjøset med 45 kyr, pluss oppdrett av kviger og mellomkalv, og kjøpa meg opp til ein kvote på 350 000 liter, fortel Øyvind. keproduksjon på 350 000 liter. Han har i tillegg 50 vinterfora sauer. Disponibelt areal til slått er 260 dekar. I tillegg har han han 150 dekar kulturbeite og 50 dekar beite for gjeldkyr og kviger. Grovfôrgrunnlaget må utvidast. Stranda Førde Sogndal Bergen Tønsberg Valle Stavanger Skien Lund Arendal Kristiansand Nr. 19/20 - 15. mai 2013 Som elles i Dalane er arealgrunnlaget ei stor utfordring. Så langt disponerer Øyvind eit areal på 250 dekar til slått, men han ser seg om etter meir. Han legg opp til avgjelding av alle kyrne om sommaren for å ha ein periode utan mjølking på minst 6 veker. Dette opplegget er tilpassa dei beiteareala han disponerer og mosjonskravet. Bygget er likevel utforma slik at han dagleg kan sleppe kyrne ut på beite, men beitearealet er avgrensa og ligg eit stykke frå fjøset. Tenker nytt Reisverk og sperr er i galvanisert stål. Takåsane, i stål, er felt ned og skrudd fast i sperra. Bygget fullisolert. Det er nytta sandwichplater både i vegger og i tak. Takplatene er isolerte med 10 cm brandhemmande skumplast, veggplatene med 8 cm. Det er gjødselkjellar under heile bygget, med over eitt års lagringskapasitet for husdyrgjødsla. Spaltegolvet treng ein særleg omtale. - Eg har funne fram til, og teke i bruk, to typar golv som ikkje tidlegare er nytta i Norge, forklarar Øyvind. I ku-avdelinga er det lagt betongelement med spesielt utforma spalter. Elementa ligg mot kvarandre og dannar eit opphøgd møne som gjer at land og hevd drenerer mot spaltene. Med skraperobot vil spaltene heile tida vera delvis tette med gjødsel som hindrar gassgjennomstrøyming. Elementa har nemninga Multiplater og blir produserte i Danmark. – I ungdyravdelinga har eg nytta eit irsk produkt til drenerande, gasstett golv som har benemninga Comfort Slat Mat, fortel Øyvind. I spalte åpningane er det lamellar i plast som slepp gjennom gjødsel, men hindrar gassgjennomtrenging. Golvet blir brukt i mjølkefjøs i Nederland. Heller ikkje dette produktet er nytta i norske fjøs tidlegare. Spaltegolvet er sjølvreinsande, det treng ikkje å skrapast. Begge golva er EU-godkjente som tette golv, jfr, EU-krav med maks 4 prostent amoniakkfordamping. Mattilsynet har stadfesta at golva oppfyller forskriftskravet om gasstett anordning. Det er montert to vifter i gjødselkjellaren som gir undertrykk og skal hindre gass i å sive opp i husdyrrommet. Gaute Steinnes (far), Øyvind Steinnes, og Jonn Haga (nabo) er i ferd med å ferdigstilla bygget. – Dette er billegare løysingar enn om eg skulle nytta fast betongdekke og nedsenka gjødselrenne, meiner Øyvind. Dessutan er systemet enkelt, eg treng ikkje pumper, gjødseltrekk eller anna mekanisk utstyr. Fôrgang langs ytterveggene Det er tre rekker med liggebåsar og fôrgang langs yttervegg i lengderetninga både for kyrne og for ungdyra. Slik får Øyvind ekstremt god arealutnytting i bygningen. Men korleis til- deler du grovfôret, undrast representanten frå Bondevennen. – Dette har eg sjølvsagt ei løysing på, flirer Øyvind, og trekker til side veggen med sandwichelement. Veggen er seksjonert som portar, og blir med eit enkelt handgrep skyvd til side. Surfôrballen blir lagt på plass med traktor / ballegaffel med kniv. Fôringa krev minimal handtering med gaffel. Det skal køyrast fôr til kyrne kvar dag. Ungdyra får påfyll av grovfôr kvar tredje dag. Fôrgang langs yttervegg. Øyvind har av fleire grunnar valt fanghekk, som gjer det muleg å stenga av dyra. 21 22 Nr. 19/20 - 15. mai 2013 gavl. Vindaugo vil stå permanent på gløtt, og fungere som luftinntak. Ungdyr- og velferdsavdeling Ungdyravdelinga er tilrettelagt for kvigeoppdrett og mellomkalvproduksjon av oksar. (Altarnativt kan arealet for mellomkalvproduksjonen byttast ut med 5 liggebåsar for mjølkekyr). Spedkalvane skal plasserast ute i kalvehytter. I eit vinkelbygg på 6 x12 m ligg kontor og velferds-/seperasjonsavdeling, til bruk for nykalva- og andre kyr som treng spesiell oppfølging. Åtte led-lampar er tilstrekkeleg belysning i fjøset, i tillegg til ordinære lysstoffrøyr ved roboten. El-instalasjon inklusive materiale kjem på ca. 100 000 kroner. Om sommaren reknar Øyvind med å ha portane permanent trekte til side, for å ha ei open løysing med god ventilasjon. Elles er det mekanisk ventilasjon i husdyrrommet ved at det er montert avtrekksvifte i kvar Betongelementa (golvet) ligg to og to mot kvarandre. Det er fall mot dreneringsspalte på kvar side. Comfort Slat Mat golv. Spaltematter i plast med gummibeslag og med lamellar som slepp gjennom gjødsel og land i spaltene. Kostnad og finansiering Lausdriftsfjøset er 25,6 meter breitt og 23,5 meter langt. I kombinasjon med ungdyravdeling og produksjon av mellomkalv har det kapasitet til 45 liggebåsar. Det er planlagt for at ungdyravdelinga enkelt kan byggast om til liggebåsar. Som reint mjølkefjøs er det plass til 59 liggebåsar for ku. Totalkalkylen, på 4 350 000 kroner, inkluderer mjølkerobot til 1,1 mill. – Det ser ut til at vi får realisert Betonggolvet krev skraperobot for å pressa gjødsla ned i spaltene. Legg merke til rillemønsteret for å unngå at dyra sklir Detalj av spaltematte med lamellar. Nr. 19/20 - 15. mai 2013 bygget innafor kalkyle, minus eigeninnsats, stadfestar Øyvind. Dette ligg godt under normpris for eit isolert lausdriftsfjøs med tilsvarande kapasitet. Pris på tilsvarande bygg med kvigeoppdrett ligg på 100 – 120 000 kroner per liggebås. Kjelde: Hallgeir Gravelsæter, NLR-Rogaland. Om ein korrigerer for plass til oppdrett av mellomkalv, har dette bygget plass til 50 liggebåsar og ein kostnad tilsvarande 87 000 kroner per liggebås. – Gjødselkjellar under bygningen, val av sjølvberande spaltegolv, fôrgang langs yttervegg med svært god arealutnytting, og lite mekanisk utstyr er medverkande til å halda kostnadene nede, erfarer Øyvind. Prosjektet er støtta med 960 000 kroner i tilskott, samt rentestøtte frå Inovasjon Norge. Den unge bonden frå Hovsherad ser fram til å koma i gang med mjølkeproduksjon i det nye bygget i løpet av sommaren. – Sidan dette er eit pionerbygg, har det silt store krav undervegs, og eg vil rette spesiell takk 23 Open port (vegg), klar for tilkøyring av grovfôr. Om sommaren blir portane ståande opne. til Odland AS på Varhaug for betongarbeid og til RW panel Hjørring (leverandør av sandwich-elememnta) for ekstremt god skreddarsaum, avsluttar Øyvind Steinnes. Mjølkeroboten er godt integrert i planløysinga. Alle vegger som dyra er i direkte kontakt med har plastbeslag. Det er monter kraftige, galvaniserte røyrgrindar som fenderar. Nedsenka takåsar som er skrudde fast i sperra. Ballegaffel med kuttekniv
© Copyright 2024