Songarstemne på Åheim i Vanylven kommune

SYNSTE MØRE
10
TORSDAG 10. JUNI 2010
Songarstemne i sprud
I to dagar til endes
baud ni kor opp til
musikalsk fest då Vanylven blandakor arrangerte songarstemne
på Åheim.
HÅVARD PARR/KJELL BRENNE
VERTAR: Vanylven Blandakor var vertsskap for songarstemnet på Åheim. Forutan å stå som arrangørar for det imponerande stemnet gav dei fleire gode framføringar. I Vanylven kyrkje opna dei konserten med ei konsentrert framføring ein krevjande arrangert ”You´ll never walk alone” og ei flott tolking av Cohen-låta ”Halleluja” (FOTO: Håvard Parr).
Stemnet er eitt av to i regi av
Norges korforbund Sunnmøre
denne sommaren. At dette
skulle verte ei korhelg for minnebøkene, stod klart frå fyrste
konsert.
Under kyrkjekonserten i
Vanylven kyrkje laurdag ettermiddag kom den makelause
klangen i steinkyrkja til sin rett.
Arrangørkoret, med kvinnerekka i nysydde songarkjolar,
fekk opne det heile og synte saman med dei andre lokale kora:
Rovde blandakor, Mannskoret
Frendar og Syvdeklang, at besøk og stemne hevar nivået.
I opningsnummeret, ”You´ll
never walk alone” sette Vanylven blandakor stemninga med
sine tette akkordar. Frå dei andre lokale kora kan vi nemne ei
klokkeklår framføring av ”Lei
meg Gud” frå Rovde blandakor
med solist Paul Sindre Vedeld.
Mannskoret Frendar synte ein
imponerande dynamikk i si
framføring av J.A.Josephsons
komposisjon over Kyrie Eleison. Og vi fekk eit særmerkt
nummer signert Beethoven i
"Ode an die Freude" frå Syvdeklang.
Dei besøkande i Ørskogkoret, Brattvågkoret, Kor for oss,
Skodje blandakor og Velledalskoret gav bidrag som i sin
kvalitet og variasjon gjorde kyrkjekonserten fullkomen. Spesielt imponerte vart vi av Velledalskoret. 17 songarar var dei,
men med ei kraft og ein presisjon som gjorde avslutninga av
SONGARTOGET skapte god stemning på sin veg gjennom bygda. Her ser vi Ørskog blandakor (FOTO: Kjell Brenne).
TAKK: Leiar av Vanylven Blandakor, Sølvi Sæther, får under
songarfesten muntert takk frå ordførar Jan Helgøy og kulturleiar Jermud Rekkedal (FOTO: Håvard Parr).
DEBUTANTAR: Første songarstemne for nystarta Syvdeklang,
dirigert av Gunn Toril Stubmo. Her under kyrkjekonserten
i Vanylven kyrkje, med den fengjande spiritualmelodien
”Come along” (FOTO: Håvard Parr).
SONGBYGDA: Rovde blandakor er lei
tradisjonane i songbygda vidare. Und
Brenne)
SYNSTE MØRE
11
TORSDAG 10. JUNI 2010
lande songglede
Tre generasjonar
konserten, med ”I will praise
thee, o Lord” til eit absolutt
høgdepunkt.
Songarfest
Laudagskvelden var det songarfest i Olivinhallen for dei
nær 250 koristane som vitja
Vanylven. Sosakjøt, utdeling av
heidersteikn frå korforbundet,
helsingar, Beatlesprogram frå
arrangørkoret og dans er stikkord vi nemner.
Gudsteneste
Søndag føremiddag byrja med
gudsteneste i St. Jetmundskyrkje, der Velledalskoret fekk representere songarstemnet.
Seinare var det tog gjennom
Åheimsbygda, fargerikt som
det vart med mange faner og
kledelege uniformer i det fine
veret.
Profankonsert
Litt lausare i snippen, men med
same kvalitetsnivået på innhaldet som kyrkjekonserten var
profankonserten i Olivinhallen, eit verdig punktum og ein
halvannan time demonstrasjon
på struttande songglede som
spente frå det fløyelsfine, det
høgverdige til eit avslutningspotpourri av sekstiåras langhåra beatmusikk. Vanylven Blandakor sitt punktum gjorde så
visst ikkje skam på Beatles-ane
Lennon/Mc Cartney sine klassikarar, prega av noko av det finaste av dåtida sitt popinnhald
med stemningsvare musikalske
overgangar. Skilnaden låg i salen. Sølvi Myklebust si tropp
utløyste kun feite og sømelege
klappsalvar der Liverpoolgutane utløyste hysteri. Noko anna
var vel ikkje venta!
VELLEDALSKORET, bidrog
med sine perfekte framføringar til ei rikhaldig gudsteneste i St. Jetmunds kyrkje
(FOTO: Kjell Brenne)
Lennon/Mc Cartney fann vi
også att i Syvdeklang sin "Michelle". Koret er ei mektig gjenreising av songkreftene der i
bygda. Frendar heldt seg også
i den lette stilen, den eine ein
fornorska versjon av den amerikanske entertaineren "Side by
side" og Rovde Blandakor drog
salen over i den romantiske
verda med sin ”Over the Rainbow”.
Gjestekora sine innslag viste
at det går an å kombinere høgt
prestasjonsnivå og trivsel.
Mange trottige øvingar ligg bak
det som vart eksponert i Olivinhallen.
dd av ein engasjert dirigent Rolf Aasevik Dyb og synte under stemnet at rovdestrandingane ber
der profankonserten i Olivinhallen gav dei oss ”To trøytte fuglar” og ”Over the rainbow” (FOTO: Kjell
Rovde er korbygda framfor
nokon. Etter songarstemnet
i helga finn vi ingen grunn til
å endre på den statusen. For
som han fortalde presten etter
gudstenesta i St. Jetmund: Han
skulle til Rovde å halde gudsteneste og var ikkje sikker på om
der var att folk der i bygda når
det var songarstemne andre
stader!
Flust med korkrefter frå Rovde var der i alle fall på Åheim.
Og skal vi gå ut frå det vi talde
opp av songarar i Rovde Blandakor, så sveiper koret innom
dei fleste tun frå Syvdsneset
og innover stranda. Stolte kan
bygda vere av det som vart vist
fram, ei kulturkraft til glede for
både tilhøyrarar og kormedlemmene sjølve. Så er koret
tufta på dyktige aktørar, fleire
med lang røynsle, ein berande
merg i sjølve korstammen. Når
så Rolf Aasevik Dyb intenst gir
meir enn seg sjølv i dirigentrolla så blir dette veldig bra.
I dette koret fann vi også eit
Full pakke
Oddrun og Ingvald Almklov
frå "Hauen" i Almklovdalen
fekk med seg det meste av det
som skjedde på Åheim søndag
under songarstemnet. Dei tok
laust heimanfrå i god tid før det
kalla til gudsteneste i St. Jetmund. I den vakre steinkyrkja
fekk dei, attåt preika, med seg
Velledalskoret sine imponerande framføringar. Her fekk dei
nyte den enkle, men fine ”Med
Jesus vil eg fara”, ein salme som
har nådd dei fleste. Lagra i minnet også frå barneåra, den gongen Oddrun og Ingvald i kvar si
FOTO: Kjell Brenne
familiespenn over tre generasjonar, alle med etternamnet
Vedeld.
Eldstemann er Pål, ein kar
med lang songkarriere. 53 år i
songkor! Rovde Mannskor, tidlegare Rovde songlag som no
er blitt Rovde Blandakor. Og
siste ti-året også i mannskoret
Frendar. Slikt står det respekt
av.
Sonen Paul Sindre har gått
i faren sine fotspor og tel no
20 år som songfugl. Han tok til
først på åttitalet og har for det
meste sunge i Rovde Mannskor
og Rovde Blandakor. Han deltok også eitt år i Frendar. Paul
Sindre har ei malmfull tenorstemme og vore solist i fleire
oppsett.
Yngsteskotet i Rovdekoret
er Audhild. 15 år og konfirmant
i år. Ei nystarta korkarriere som
sikkert vil vare godt inn i framtida. Eit lite dristig tips, skulle
vi tru. For i følgje faren så syng
jenta mest heile døgnet! Det lovar godt.
FOTO: Kjell Brenne
skulestove, i Dalsbygda og på
Hellebust, saman med læraren
sin og dei andre, avslutta skuledagen ståande ved pulten med
denne skatten av Elias Blix.
– Vi har sett av heile dagen
til kultur, fortalde Ingvald til
oss etter preika. For dei var Olivinhallen og Profan-konserten
neste mål.
Her på biletet er dei knipsa
då det heile var over, bilen og
heimvegen venta:
– Ein strålande dag på alle
måtar, var kommentaren frå
begge.