EIT INFORMASJONSMAGASIN FOR VANYLVEN - NR 3

1
EIT INFORMASJONSMAGASIN FOR VANYLVEN - NR 3 - 2012
EIT INFORMASJONSMAGASIN FRÅ VANYLVEN KOMMUNE | NR. 2-20 09
Gardakjerring
side 8-9
Glam og rustikk på Eidså
side 3-5
2
3
Dette er den niande utgåva av magasinet ”Vanylven – ein grunn
til å smile”. Årsaka til at ein etablerte dette magasinet var for å
få fokus på alle desse hendingane, opplevingane og kvardagshistoriene som alle er med på å legge innhald i slagordet til
kommunen. Nyheitsverdien er nok ikkje like stor i alle sakene,
men alle har eit bodskap eller eit innhald som dei fleste vanylvingane på ein eller annan måte kan kjenne seg igjen i .
For vi må nok ha eit eige lynne, vere av ein spesiell variant av
menneskeheita, vi som no bit oss fast i denne delen av Sunnmøre som tilsynelatande – i fylgje alle statistikkar og regionale
media, berre vert mindre og fjernare. Kva er dei kvalitetane som
skil oss frå omlandet? Naturen? Mangfaldet? Moglegheita for
det svært så oppbrukte frasa ”det gode liv”? Vi vonar at svaret
fins i desse utgåvene av magasinet vårt. For det er nettopp
summen av alle menneska og alle aktivitetane som utgjer omdømet til kommunen – den kan ikkje kjøpast av konsulentar.
MOT-arbeidet som dei seinare åra har vorte tydeleg integrert i
skulen handlar ikkje berre om haldningar ovanfor mobbing eller
rusmidlar. Det handlar om å stå for sine eigne standpunkt, å få
oppdage at alle har ei moglegheit til å påverke – ta ansvar for
eigne val og handlingar. Dette arbeidet handlar like mykje om
lokalsamfunnsutvikling – tenk kor framtida kan sjå ut den dagen
ungdommane som har fått dette under huda i ung alder skal
forme samfunnet?
“Vanylven vil aldri verte urbant, og det er nettopp det som er så attraktivt!”
Vanylven Utvikling AS har, som ansvarleg for omstillingsarbeidet
og forvaltar av RDA-midlane, hatt eit omfattande arbeid med
forstudiar og forprosjekt innan ulike områder dei siste åra. Både
små og mellomstore bedrifter har vorte lyfta fram og ein har
sett nærmare på gründerkultur og landbruksnæringa i eit framtidsperspektiv. Men uansett kva områder ein ser på så er ein
avhengig av å ha personar og ressursar som ynskjer å drage
lasset – Vanylven Utvikling kan berre vere eit verktøy for å gjere
vegen mot målet kortare/enklare/raskare. Difor vert satsinga
siste del av omstillingsperioden spissa mot konkrete prosjekt
som kan gi oss resultat innan fleire arbeidsplassar, fleire tilflyttarar – vekst i kommunen.
Har du tips eller innspel? Ta kontakt!
Magasinet vert distribuert via Synste Møre. På den måten når vi
ikkje berre dykk som bur her, men også utflytta vanylvingar som
ein dag kanskje vil vende blikket mot Vanylven, naturen, menneska og moglegheitene her.
Kva er Vanylven Utvikling AS?
VU er Vanylven kommune sitt næringsapparat og
næringslivet i Vanylven sitt næringsorgan. VU forvaltar kommunalt næringsfond, er lokal hoppid.nokontakt for gründerar og etablerarar , ansvarleg for
omstillingsstatusen som kommunen har frå 2005
– 2013 og forvaltar RDA-midlane* etter vedtekne
årlege handlingsplanar.
*RDA-midlane er overføringar frå fylket som kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift. Differansen mellom høg og lav sats for bedrifter med meir
enn 40 tilsette vert overført til kommunen og skal
disponerast i årlege handlingsplanar, utforma av
næringslivet, til tilretteleggande tiltak for varige
positive effektar for næringslivet. Bedriftsretta tilskot kan også løyvast for auka konkurranseevne og
lønsemd .
På Eidså fant dei utfordringa dei søkte etter. Draumehuset frå 1906
med namnet Bekkely, trong omsorg og ei kjærleg hand. Jorunn Fluevaag
og Nils Korneliussen nølte ikkje eit sekund.
- Tenk deg å finne eit slikt hus i dei omgjevnadane, rett ved sjøen, og med
fjella tett ved, seier Jorunn Fluevaag og visar til utsikta. På trass av at
det er oktober, tek utsikta pusten frå ein. Fjelltoppane er kvite og spisse,
fjorden spegelblank og stille som om den berre ventar på snøen.
Innandørs er det malt delikat kvitt, og huset har fått behalde tømmerveggane og dei breide golvplankane. Det heile vert toppa med glamorøse og
litt rocka lysekroner og kandelabere, samt originale og rustikke trekasser
på hjul som fungerar som oppbevaring. Elles er dei opptekne av å bevare
huset sin originalitet.
Det beste er likevel ikkje omgjevnadane, huset eller naturen. Det beste
er menneska. Jorunn, som har røtene sine frå bestefaren i Vanylven, har
tilbrakt mang ein sommar her, og ofte lengta etter det enkle, ukompliserte
livet på bygda. Sambuaren hennar nølte heller aldri.
4
55
For kameratane Petter Morseth og Inge
Nordaune Hasz var dagen då breibandet
kom til bygda heilt avgjerende for at
draumen deira skulle realiserast: Å drive
med det dei likar, og halde fram med å bu
i Vanylven.
EI LYSANDE IDÉ
- Her er ein samansveist gjeng, der alle snakkar med alle, seier
Nils.
Dei er vant med å reise mykje, og var ikkje redde for å prøve
noko nytt. Jobbane deira offshore gjorde steget kort til å slå til då
draumehuset sto til sals for ein overkommelig pris på nettet.
- Eit slikt hus i byen ville ha kostet skjorta, kontaterar Nils nøkternt.
3. juledag i fjor var dei på visning, utan moglegheit til å sjå hagen
grunna all snøen, Jorunn beskriver dette som litt av ei oppleving. Jorunn og Nils er opptekne av å ivareta hus og hage, med
oppussing og stell, og synest det er trist når hus står og forfell. I
hønsehuset med same byggestil som hovedbygninga, bur no tre
dverghøns. Bekkely kjennest som heime, og etter alt oppstyret
rundt boligkonkurransen i BoligPluss der dei vann folkeprisen,
kan dei endeleg puste ut.
- Eg har eit inntrykk av at vanylvingane ikkje skjønte korleis vi
kunne velje å flytte hit frivilleg, seier Jorunn med eit smil. Kanskje
er dei ikkje klar over verdiane dei sit på? Vi håpar vi kan vere med
på å bevisstgjere at området kan vere ein attraktiv stad å bu også
for yngre. Ho ser at fjernsyn og media prøver å skape eit glansbilete av det å bu på landet, men sjølv har ho langt ifrå eit romantisk bilete av bygdelivet. Likevel er det her ho vil vere. Ho håpar
også å kunne tilbakevise fordommar om at byane er mest trendy,
og vise at det går an å få det til her også.
- Bygda henger med i svingane!
Nils synest han har alt han treng rundt seg, og Jorunn poengterar
at det ikkje er langt til Ålesund. Dei bestiller på nett, eller handlar
lokalt. Ein vert også nødt til å tenke meir kreativt når ikkje alt er
tilrettelagt for forbruk. Det fremjar kreativiteten.
- Eg trur her er mange meir kreative folk enn i ein by, seier Jorunn. Mykje fleire enn det vi anar! Og så må ein vere litt handyman.
I offshore-bransjen er sunnmøringar visstnok ettertrakta og har
godt ry på seg for å vere god og stabil arbeidskraft, fortel Jorunn.
Nils siterar naboen Harald på at sjølv om ein mistar mange av dei
unge som flyttar til byen for å studere, kjem dei ofte attende når
dei skal stifte familie.
Både Jorunn og Nils har levd bylivet og veit kva dei går glipp av i
form av kafé, kino, restauranter og uteliv.
- I det store heile så betyr det så lite, når ein er ferdig med det.
- Ja, ein by kan du alltid oppsøke, men det er vanskelegare å få
med seg verdiane bygda har, dersom du ikkje bur her, seier Nils.
Dei starta med å lage webbsider for bedrifter, med selskapet
TrioWeb i 2005. Der Inge var ein kløppar på koding, kunne Petter
litt om alt. Så kom tanken på å drive nettbutikk innimellom webbprosjekta, og då Petter hadde vansker med å finne LED-pærer til
12V-opplegget på hytta var det innlysande at det å importere slike
pærer for salg på nett kunne vere ein god satsing.
har tid å oppgradere solpanel eller installere nye lampar. For sparelys sel også elektrisk utstyr til fritidsmarkedet, samt gassovnar,
gasskjøleskap og tilbehør.
Derfor la dei ein slagplan: alle pengane webbprosjekta dro inn,
skulle gå til å kjøpe LED-pærer frå Kina. Det som kunne høyrast
ut som ein dristig plan, viste seg også å vere det. Nykomlingane
prøvde og feilet – då det fyrste partiet på 500 pærer ankom
Åheim ein vakker haustdag, oppdaga dei nemleg at 300 av dei
var ubrukelege pga feilbestilling. Idag kan kompanjongane le
godt av det, men så står også nettbutikken sparelys.no for 95%
av inntekta.
Plasseringa på Åheim spelar stor rolle for TrioWeb. Leige av
lokaler er forholdsvis låg, og Måløy Containerhavn er tilstrekkelig
nær for å forenkle varetransporten. Petter understrekar at det
også er gode transportmoglegheiter med fleire bilar per dag frå
Ålesund, og nærleika til Stryn er veldig gunstig.
- I starten holdt vi til i kjellaren til Petter, og kommuniserte med
kvarandre over Skype, fortel Inge Nordaune Hasz om oppstarten.
Han hugsar godt at han måtte ta over for Petter ein gong han var
sjuk, og plutseleg tok seg i å stå og pakke varer oppå ein toppmata frysar i den vesle buda.
Etterkvart flytta dei inn i lokala til den gamle pallefabrikken på
Åheim, og sidan då har dei utvida litt om litt. No er kontor og
pakkeavdeling på 350 m2, og lagerhallen er på 700 m2 med
kapasitet til 504 paller i reolane.
- Eg hadde ein draum om å kunne leve av dette, seier Petter
beskjedent, men i starten såg vi det meir som ei attåtnæring.
Dei arbeidde også med andre ting ved sida av webbprosjekta
og investeringar i LED-pærer, solcellepanel og lampar. Petter
var tilsett på pallefabrikken der dei no leiger lokale. Inge studerte
til dataingeniør i Ålesund og jobba på HL Data i Syvde.
Etterkvart måtte dei konsentrere seg om sitt eige firma.
TrioWeb har under fleire år hatt ein eventyrleg vekst med fordobling av omsetninga. Firmaet brukar sommarvikarer og litt
ekstrahjelp for å auke kapasiteten i perioder det trengs mest.
Utover Petter og Inge, er Inge sin sambuar Helga Grønnevik
tilsett på fulltid, og endå ein person i halv stilling.
Petter, som er dagleg leiar, har ansvaret for innkjøp, samt å
besvare førespurnader på epost og telefon. Inge har hand om
den tekniske biten og den grafiske profilen med fotografering og
annonser. Litt om litt prøvar dei å gjere seg meir uavhengige av
kvarandre, slik at det ikkje vert problematisk med ferier i framtida.
Sommaren er nemleg den travleste tida. Då er folk på hytta, og
Dei veit å verdsette friheita med å vere sin eigen sjef, men poengterer at det verkeleg er friheit under ansvar.
Dei prøvar å vere på hugget og legge planer om korleis bedrifta
skal utvikle seg vidare, og meiner begge at det er viktig å ikkje
legge seg til å sove. Produktutvikling er ein stor del. Medan Inge
er den som gjerne kaster seg på nye ting, er Petter den som held
litt tilbake når innkjøpsiveren vert for stor. På trass av at det ikkje
er anbefalt å starte forretning med kompiser, kompletterar dei
kvarandre godt, og omgås også på fritida.
VISSTE DU DETTE OM LED?
lLysdiode, lysemitterende diode, oftast forkortet LED, er ein halvlederdiode som utstrålar farga lys når det går elektrisk straum gjennom den.
lLED-pærer har svært lang levetid, mange gonger så lang som vanlege glødepærer eller sparepærer.
lLED-pærer har ikkje glødetråd og tåler derfor vibrasjonar og på/av-syklusar mykje betre enn tradisjonelle pærer.
lLED-pærer utviklar ikkje lys ved hjelp av varme, og er derfor lite brannfarlege.
lLED-pærer inneheld ikkje kvikksølv.
lLED produserast som små og robuste lyskjelder med lang levetid, og brukas m.a. til sendarar i fiberoptiske kommunikasjonssystem, varsellampar og tallindikatorer, t.d på elektroniske ur og lommekalkulatorer.
Kjelde: Store Norske Leksikon og sparelys.no
6
7
og tolmod
tid, tråd
Det kan verke som reine og skjære foreininga, filosoferande rundt
livet i stort og smått, på trass av at det faktisk er vanleg skuletime
i Kunst og handverk på Åheim skule idag. For åttende klasse står
nemleg strikking på timeplanen. På tekstilromet sit derfor 9 elevar
henslengte i sjølvvalt positur, alle med større eller mindre strikk
mellom henda.
Sjølve vil dei helst ha kjøpte ting på seg. At ein i "gamledager"
måtte strikke dei plaggene ein ville ha, hauster ingen stor jubel
hos 13-åringane.
Janne Breiteig trur at det som skil unge idag frå før, er at dei no
får bruke kreativiteten sin på ein heilt anna måte. Dette skapar
kreative elevar som tør å utfolde seg og eksperimentere. Før i
tida ble det lagt stor vekt ved det å vere teknisk god, og ein måtte
gjerne lage eit produkt på ein forutbestemt, korrekt måte. Reglane
var mykje strengare. Idag brukar elevane internett som verktøy
for inspirasjon, og for å få idear.
- Kva betyr "mp"? spør Fredrik Hovdevik ut i lause lufta, der han
sit på pulten med beina dinglande, og strikkepinnane i eit krampaktig grep. Og han får svar, frå ein av klassekameratane:
- "M" betyr meter.
- "Legg opp 13 meter lys beige, og
Trendy er det i alle fall ikkje å strikke, skal ein
strikk"...? les Fredrik halvhøgt for seg
“- Eg vil at dei skal lære det tru elevane på Åheim skule. Det vert humra at
sjølv i strikkeoppskrifta, og ser ut til å
mest positive med strikking er at då slepp
tenke sitt. Om litt kjem lærar i Kunst og
grunnleggande i strikking” det
ein dei andre faga for ein stund.
handverk, Janne Breiteig, og ordnar opp
Dette halvåret har det gått i tekstilsløyd, men
i feiltolkinga.
neste semester står tresløyd for tur.
- Eg vil at dei skal lære det grunnleggande i strikking, slik at det
- Hvis ein vil slappe av og høyre musikk og sånn, då er tekstilvert lettare for dei å byrje å strikke seinare i livet, seier ho. Eg
sløyd heilt klart betre enn tresløyd, forklarer Jonas Løvold over
reknar med at det etterkvart kan bli aktuelt å lage babytøy,
mørkeblå rillestrikk.
mønstre og slikt, og då er terskelen lågare for å setje i gong.
Og legg til med eit stort sukk:
- Men fekk eg bestemme sjølv, hadde eg vore på Harpefossen og
Nokre av elevane har prosjekt som tova flaskevarmare, andre
stått slalom no.
har kopiert mønsteret til ein Bik Bok-hue eller eit skjerf. Planane
er høgtflygande, ein stor del av det skal gis bort i julegåve.
Olga Sørdal (90) hugsar godt då ho lærte å strikke.
Ho var seks år gamal, og bråtet på ullestane ho strikka til seg sjølv vart litt laust. I alle fall på den fyrste.
stivast med slik stivelse som nesten ikkje er å få kjøpt i butikken
lenger, men som Olga fortel går fint an å lage sjølv av vatn og
potetmjøl.
- Sukkerløysing, fungerar ikkje det?
- Nei, det øydelegg tråden med tida.
Olga, født Tunheim, vaks opp på Tunheim på Fiskå før ho flytta
til Kvamsøya og seinare vart gift med samvirkelagsbestyraren
Jakob Sørdal. Han hadde også røtene i Vanylven, gjennom faren
sin, som var frå Sørdal i Syvde. Då Olga var ung, var det framleis
slik at ein måtte laga dei kleda ein skulle ha. Og alle jenter skulle
lære handarbeid, anten det var strikking eller hekling eller søm.
Eller nuperelle, som er det ho driv mest med idag. Det er ein
slags teknikk som inneber at ein knyt knutar av tynn bomullstråd,
til det dannar eit vakkert og svært så delikat mønster av små og
større buer. Det vert gjerne dukar av slikt, og det har Olga laga
ein del av opp gjennom åra.
I kvar ein heim fantes ein spinnrokk. Ein måtte karde ulla, eller
som Olga si familie gjorde, levere den inn på Lillebø Ullvarefabrikk og få «førespone»
attende, og så var det å lære
å spinne på rokk. Det var det
ho likte best. Neste steg var,
framleis ved hjelp av spinnrokken, å legge to eller trådar saman, og på den måten
få to-tråds eller tre-tråds
ullgarn. Før det vart teke i bruk, kunne ein farge det om ein ville.
Olga Sørdal var sju år då storesystera hennar gjekk kurs i nupe“- Det ein fyrst har
relleteknikk, og slik vart også Olga
bitt av basillen. Det tek si tid, men
tid har ho. Og ho meiner at det ein lærer som ung, det hugsar ein,
også seinare i livet. Strikkar og heklar gjer ho ikkje lenger, då får
ho verk i skuldra, og derfor er nuperelle fint å ha. Det tek omlag
to dagar å lage ein liten duk. Ho likar godt å sitje ved stoveglaset
sitt og sjå bilar og folk, vêr og vind, medan ho arbeidar med noko
som kanskje vert gitt bort i gåve. Når arbeidet er ferdig, skal det
Olga brenn for å lære andre
lært, det hugsar ein” å lage nuperelle, men erfarar
at det ikkje er mange som tek
seg tid til å halde på med slikt
idag. Det synest ho er leit, for det er ikkje mange igjen som kan
teknikken. Og så var det denne skyttelen då, det vesle verktyet
som held tråden. Den er nesten ikkje å oppdrive lenger, endå den
ser nokså moderne ut, i plast. Skal tru om det kanskje finst fleire i
nokon bortgløymd skuffe på ein sytilbehørsbutikk?
8
Gardakjerring
9
Ho beskriv kvardagen med Odelsgut på gardsbruket i Vanylven med eit språk så saftig og levande at sunnmøringane som les bloggen «Gardakjerring» på internett sprutar ut i ukontrollert latter. Men kven er eigentleg
gardakjerringa?
Ei eitrande sint og oppfarande kjerring med sleggja i handa, kan
ein vere truandes til å sjå føre seg. Formfull, ikledd litt for trang
kjeledress frå Felleskjøpet, og med krøllane i ein sky kring hovudet der ho kjem høglydt bannande over tunet.
Grethe Ervik (39) er korkje sint eller ikledd kjeledress. Ikkje bannar ho særleg heller. Inga sleggje står på vent ved ytterdøra (men
er neppe langt unna) der ho opnar, vever og lys med pigge auge,
og med Sofie Alma på ti månader som lystig brekar «bæææ»
rundt føtene hennar.
- Det skal tidleg krøkast, veit du!
Det var nemleg medan ho var heime i fødselspermisjon med
dottera i vår, midt under lamminga på garden i Syvde der ho sto
og dro lam ut av søyene, tanken på å starte ei eiga nettside kom.
Etter å tilfeldig ha lest bloggene til ungjenter med opptil 40.000
treff skildre ei kunstig verd der 16-åringar kan sprøyte Restylane
inn i kroppen sin med målet å sjå ut som
Barbie, vart Grethe brått bekymra over
kva slags påverknad unge menneske
utsetjest for.
- Livet er noko heilt anna enn det desse
bloggarane beskriv. Eg syntest det var
på sin plass med ei motvekt. Derfor laga
eg ein blogg der eg la ut Dagens Outfit: gummistøvler og kjeledress, humrar
Grethe. Eg ville ironisere litt, men samstundes fortelje om livet som gardbrukar.
Hamburgaren kjem no ikkje frå McDonalds, sant?
Sjølv om ho tek fjøsstell, saudesanking i fjellet og lamming på strak arm,
har ho ikkje vakse opp på gard. Grethe
har bakgrunnen sin frå Stadt, og etter
vidaregående flytta ho til Oslo for å få ein
cand. phil. Det året ho var heime for å
skrive hovedoppgåva i historie møtte ho
mannen sin, Kim Tonny Røys frå Syvde.
Slik har det seg at ho vart gardakjerring.
Elles er ho lærar i norsk og samfunnsfag
på Myklebust skule. Det er frå Stadt ho har med seg mange av
kraftuttrykka ho brukar i bloggen sin. Naturleg nok er dei ofte
henta frå sjøen.
Odelsgut, eller Kim Tonny som han altså heiter i verkelegheita, er
i følgje Grethe ein roleg type som tek dei fleste situasjonar med
stoisk ro, til og med når ho harselerar med svigerfar i bloggen sin.
- Eg har eit veldig godt forhold til svigerforeldra mine, som bur rett
ved sida av og driv gard i lag med oss. Svigerfar tek det heile på
ein veldig humoristisk måte.
- Men dette med at svigerfar plutseleg vart stamkunde hos tannlegen, som du skreiv om på bloggen?
- Det er faktisk sant! Hehe! Vi hadde kjøpt ei gravemaskin som vi
måtte reparere beltet på. Då Kim Tonny skulle banke ut ein bolt
med ei sleggje, spurte han fyrst om eg kunne hjelpe til med å
halde. Men eg forstod raskt at det var ein viss fare for at det ikkje
kom til å gå så bra, derfor trakk eg meg. Dagen derpå trødde
svigerfar til, og trur du ikkje at han vart treft i kjaken med sleggja? Eg sat i lag med svigermor då han kom gåande i halvørska.
Heldigvis gjekk det bra.
For halve moroa når Grethe skriv, er å forestille seg korleis ein
slik situasjon kunne ha utspelt seg dersom det ikkje hadde stoppa
der. Bloggen er derfor fullspekka av maleriske beskrivingar av
omreisande tenner, spytt, gørr og blod, for ikkje å snakke om
gjødsel og gassovnar som «eksplofanmegdeirar». Alt servert med
ein god dose sunnmørsk glimt i auget - og kanskje ein pitteliten
smule overdreve?
- Der er veldig mykje som ikkje er sant, det må eg no berre innrømme, ler ho.
Eit aldri så lite frø av sannheit finst det likevel i det meste ho skriv.
Sidan gardslivet ligg ho nærast, vert det flest innlegg om det.
Dessutan skjer det faktisk ganske mykje på ein gard, seier Grethe
lurt. Men bur ein på landsbygda, trur ho
at ein kjenner seg lett igjen, gardbrukar
eller ikkje.
- Eg meiner, kven har ikkje ein mann
som har lyst på ein stor gassgrill? Kva
er eigentleg denne greia med mannfolk
og gass!?
Nokre gongar er det meir ønsketenking
ho bedriv på bloggen.
- Med fire ungar er det veldig sjeldan
fredsduene flaksar rundt hovudet ein
søndagsmorgon ved frokosten, for å
seie det sånn, seier Grethe lattermildt.
Når eg skriv, er det like mykje for min
eigen del. Det er heilt greit hvis ikkje
alle likar det. Og eg tek meg friheita til å
setje kommateikna der eg sjølv vil!
- Saftfabrikken i kjellaren, til dømes,
den finst vel ikkje - men eg er sikker
på at hvis eg skulle hatt det, kunne
Kim Tonny lett ha fiksa slike taljer og
automatikk. Eg kosar meg veldig med å
finne på korleis det kunne ha vorte.
- Men ti frysarar...?
- Vi har mange! Men litt overdreve er det nok.
GARDAKJERRINGAS ORDLISTE
Brelle (truse) t.d g-strengbrelle, bokserbrelle
Livmykjen (lettliva)
Spæl, spur (bakende)
Våbøle (mykje føre seg, bort i alt, litt urokråke)
Brosme
Moldkræde
Rokke
Håjæle (Hågjel, ein haiart)
Krapyl
Grindkval
Kjelder: Ivar Aasen: Norsk Maalbunad (1876),
Norleif Holstad: Ord og uttrykk frå Hareid
10
10
Buldrar på Fiskå
11
11
Klatreklubb ikveld, og fortel om eit prosjekt bygd
på dugnad, som sto ferdig våren 2012. Eit annleis
tilbod for vaksne og ungdom frå tolv år, som har
slått godt an i området, men som har plass til fleire.
Onsdagar held dei til her, tysdagar i Olivinhallen.
- Ikkje alle driver med fotball,
seier han og snører på seg
skona. For klatresko bør ein ha,
dei gjev betre grep og finst i alle
prisklassar nett som joggesko.
Elles buldrar ein i vanlege kle,
og utan utstyr. Ikkje ein liten sikkerheitsline eingong. Det er då
heller ikkje så høgt til taket at det
gjer noko, og ein landar mjukt på
matta.
Og der, i kveldens mulm og
mørke, kan ein så vidt skimte
ein skikkelse som låser opp
døra og let det bli lys. Her er
ingen skilt, ingen prangande
plakatar. Berre eldsjelar som
møtest så ofte dei kan for
å klatre, seier skikkelsen
mystisk og let lyset flomme
i holen. Og brått vert det
mindre mystisk. Golvet er
heildekt med tjukk matte, på
veggane er det knallfargar.
Ja, og knottar i ulike storleikar
og former. Blå, raude, grøne,
gule, lilla, grå og svarte knottar - eller klatretak,
som det eigentleg heiter - spritar opp veggane inntil
det surrealistiske.
Ein etter ein kjem etterkvart til
for å klatre, musikken frå cdspelaren og latteren frå unge i
forholdsvis fritt svev fyller romet.
Om ikkje takhøgda er så høg, er i alle fall stemninga
det. Det er heilt tydeleg at ein ikkje berre vert sterk,
men også glad av å buldre.
- Buldring er klatring, men utan tau, forklarar Lars
Jonasmo, lærar frå Volda. Han er vakt på Floget
Mellom klatretaka sit små teipbitar med merkelege
namn, som syner ulike ruter med klatreutfordringar.
Metal woman, SARS topp, Bøtteline. Mad monkey?
- Det er ein rute eg har laga, seier klatreentusiast og fysioterapeut Erik Botnmark. Eigentleg handlar klatring mykje om å
bruke beina, men på denne skal ein ikkje bruke beina i det
heile tatt. Så demonstrerer han at det faktisk går an, og heng
som ein edderkopp i nettet før han fell på den mjuke matta.
“
Det verkar i grunnen mørkt og stilt overalt,
når ein kjem til bygda i sjutida om kvelden i oktober. Ikkje er det så mange menneske å sjå heller.
Men sidan beskjeden var at det skulle buldrast på
Helgøy gartneri onsdagane, er det dit ferden går.
Folketomt eller ikkje.
Buldring er styrke, medan
klatring er uthald
- Det er ein fordel å vere liten og lett, ja, ler han.
I denne sporten konkurrerar ein med seg sjølv, og folk i alle
aldrar vert bitt av klatrebasillen. Ja, faktisk er fjellklatrarane
gjerne folk litt opp i åra, utan at ein heilt veit kvifor. Nett idag
prøvar Lisa Sangen (17) buldring for fyrste gong, og det ser
ut til at ho finn tonen med veggen.
- Det verkar kjempekjekt! seier ho og fortel at ho vart invitert
av instruktør Ingvild Helgøy, som ho kjenner frå før.
Førebels har dei instruktør og samlast onsdagkveldar 19-21,
sjølv om medlemmer kan kome andre tider etter avtale med
klubben. Ingvild Helgøy fortel at dei håpar på å få med fleire
på klatring, slik at dei kan halde ope endå oftare.
12
Hjort er hjort
Ja til mangfald!
Det var begynt å minke på hjortekjøtet i frysa. Der var berre nokre få skrottar att, i tillegg til maks
eit par titals kilo med hjortemår, hjortekarbonader, hjortepølse og ikkje minst hjortesnutar som alle
veit er steikjande gode å grille på varme og ikkje varme sommarkveldar. Det var altså praktisk
talt krise i heimen. Takk og lov for at jakta var i gong, slik at det var råd å fylle opp matlageret før
vinteren. No er det sjølvsagt ein eller annan jævel som har hatt den lyse ideen om at ein skal selje
unna hjorteløyva, så den årlege jakta, der ein delte laget i to, eit skytelag og eit jagelag, var tapt
for alltid.
Sjølv er eg ikkje oppvaksen på gard, og vi har aldri hatt jaktløyve, men etter å ha sendt Odelsgut i
jakta kvart år, meinte eg på at det var på tide at eg også gjorde mitt for matauket i huset. Odelsgut
var ikkje like ivrig, og eg merka at han helst hadde sett at eg heldt meg heime. Han trudde vel ikkje at eg hadde greie på slikt, men eg skulle nok vise han!
Berre gå og sett deg i bilen, eg kjem snart! ropa eg til han. I all løynd hadde eg sydd meg ein
dress av hjorteskinnet frå i fjor, her skulle det glidast rett inn i hjorteflokken! I tillegg hadde eg
kjøpt meg ein lur som visstnok laga akkurat den same lyden som ei hjortekvige i brunst. Det var
vanskeleg å tolke blikket til Odelsgut idet eg nærma meg bilen. Tørk av deg det fliret, sa eg, berre
vent å sjå! Du har kanskje erfaring når det gjeld jakt, men eg forstår meg på kva hankjønnet er ute
etter, smelde eg i han. Jauda, han måtte innrømme at hadde det ikkje vore for hårrullane, kunne
eg ha vore god nok kjerring for kva bukk som helst. Men kva i fan er den lukta, snerra han i det
vi burna oss ut av tunet. Det er lukta av brunst, svara eg, og viste han den store brune flaska eg
hadde kjøpt på Ebay på tilbod for 99 euro.
Du får sette deg ut i einefaret, du då, sa Odelsgut, så får eg ta turen over elva slik at det vert kjøt
på oss i vinter. Eg hepsa meg ut av bilen, han var ikkje akkurat lett, kamuflasjefanskapen, men
han kom til å gjere nytta si, det var eg viss på. Ta spælet ditt og dra deg vekk, ditt fesjå! ropte eg.
Eg la meg godt til rette midt oppe i ei stor einetue, dynka meg med brunstlukta, tok fram luren
og bles med det eg hadde. Å, herregud for ein lyd! Det var nesten som å høyre Odelsgut då eg
voksa ryggen hans fyrste gongen. Brått vart alt merkeleg stille, endåtil fuglane slutta å kvitre,
men ingen hjort var å sjå. Eg får prøve ein gong til, tenkte eg og bles i veg. Brått høyrde eg eit
voldsamt rabalder frå skogen. Jorda dirra og trea flaug som fyrstikker til side. Fan steike! Der kom
kvar ein einaste grade hjort i mils omkrins i full galopp rett mot stakkars vesle meg. Eg hoppa opp
og la på sprang så fort beina bar, men i den store hjorteskinndressen, var det ikkje enkelt å få
den eine foten framføre den andre. Odelsgut! skreik eg fortvila. Om du ikkje hjelper meg no, vert
det ikkje mykje att til kveldskosen!!! Eg
kjende det som om eg sprang i sakte
film idet eg snubla i ei blåbærtue og datt
med trynet fyrst. Eg snudde meg og
såg horva kome imot meg, og akkurat
idet den fyrste bukken kom hoppande,
høyrde eg ei rad med skot som ingen
ende ville ta. Hjortedressen hadde
sprukke både her og der, men maten
var komen i hus! Og som Odelsgut sa,
betre hjorteagn har han sjeldan sett!
http://gardakjerring.blogg.no
Vanylven - ein grunn til å smile, nr. 3-2012
Utgjevar: Vanylven Utvikling AS
Ansv. redaktør: Ane Malene Søvik Nygård
Redaktør, ord og bilete: Anna-Ma Olsson - [email protected]
Bladbunad: Nytrykk / Anna-Ma Olsson
Tips og idear om redaksjonelt innhald?
Takontakt på: [email protected]