Eit songarstemne for minnebøkene

1
SYNSTE MØRE
TORSDAG 10. JUNI 2010
NR 22 ÅRGANG 41
TORSDAG 10 JUNI 2010
DENNE VEKA
Sjeldan dusj
Av eit lesarinnlegg i denne avisa
går det fram at pasientar på sjukekeheimen berre får dusje to gonger
i månaden.
Den administrative leiinga beklagar at det er slik, men skuldar på
ressursmangel. Saka kjem no venteleg opp på politisk nivå.
SIDE 5
Bulyst i ny fase
FOTO: Kjell Brenne
Bulystrettleiar Espen Wingaard
skriv i desse dagar sluttrapporten for eit eineståande prosjekt
i landsmålestokk. Arbeidet skal
no vidareførast av Vanylven Utvikling og vi freistar å gjere ei lita
oppsummering.
SIDE 6
Fullt og heilt Sibelco
Frå AS Olivin gjekk det til North
Cape Minerals. I 2008 kom ny logo
og undertittelen – a Sibelco Company. Frå i morgon må vi venje oss
til å seie berre Sibelco.
SIDE 5
www.synste.no
Lat oss teste
synet ditt!
Tinging av time: 70 07 70 19
4LF(ALKJELSGATE6OLDA
Eit songarstemne
for minnebøkene
Vanylven Blandakor, her under profankonserten i Olivinhallen, kan
nøgde puste ut etter eit velregissert
songarstemne på Åheim i helga.
av musikalsk breidde og heldt høgt
nivå.
Det er ein karakteristikk som i høgste
grad også omfattar dei fire lokale kora
som tok del i stemnet.
Både konserten i Vanylven kyrkje
laurdag og i hallen søndag var prega
Medlemstilbod
Farris Bris, 1,5 l, ass
6
90
o¸¸§¸
Honningmelon
pr. kg.
19
o¸¸§¸
+ pant
Godt vi har kvarandre
Panasonic
Varmepumpe
90
SIDE 10 og 11
PERIODISK
KØYRETYKONTROLL
Autorisert verkstad Tlf 57 85 65 45
SYNSTE MØRE
FØDDE
Nordfjord sjukehus 26. mai.
Kristina og Nikoline har fått
seg ein nydeleg bror, og stolte
foreldre er, Ingunn og Vidar
Thunem, Fiskåbygd
St.Olav Hospital Trondheim.
Lisje Arild Elias kom til verda
2. juni. Stolte foreldre Reidun
Lyshaug og Thomas Koldgrov.
Bestemor Eva Moen Koldgrov.
Oldemødre Kristine Moen og
Gerd Kolgrov
HJARTELEG TAKK
Hjarteleg takk
til alle som deltok i gravferda til
Martha Dalen.
Takk for blomster, helsingar
og gode ord. Takk til alle som
besøkte henne den tida ho låg
sjuk. Takk også til personalet
ved Syvdetun og Vanylven
sjukeheim for god pleie og
omsorg.
Harald, Marit, Åse og Grethe
Hjarteleg takk
for deltaking, blomar og
helsingar i høve vår kjære
Aasmund Vik
sin bortgang og gravferd. Stor
takk til personalet på Syvdetun
for god omsorg og pleie. Vi takkar og for pengegåva
til Syvdetun.
Synnøve og Ragnhild
2
TORSDAG 10. JUNI 2010
HELSINGAR
Borghild Sylte
Vi ynskjer hjarteleg tillykke
med 95 års dagen 15 juni.
Dagen vert feira med ”ope hus”
laurdag 12. juni kl. 15.00 i Sylte
Bygdehus. Helsing born, svigerborn, borneborn og oldeborn.
Victoria Ramsevik Nygård.
Hipp hura får go` jenta vår som
fyller 2 år den 16.6.10. Ønsker
deg ein flott bursdag. Vi er
kjempe glad i deg lisje mora.
Klem frå mamma, pappa og Celine.
Nora Petrin Knardal Riksheim
Hipp hurra for storejenta vår,
som fylte 5 år i går. Vi er kjempeglad i deg. Mange gode klemmer fra Daniel, Christoffer,
mamma og pappa
Lukas Velle
Sjarmøren på Flisnes fylle 3
år;) Hipp hipp hurra! Håpe du
får en fin dag me kake, brus og
pakka:) Stor bursdagklem fra
alle i Myrane, Eide, Hundeivika
og Jessheim :D
Noah Seland Hellebust
Vil gratulere tøffingen med 3
års dagen 15 juni:D Håpe du
fe en fiiin bursdag med masse pakka og kake! Glade i dej
goguten:) Stor bursdagsklem
Isabell <3
Marilill Haugen
Eg vil gjerne sende ei helsing
til alle som kom i dåpen min
og takke for alt det fine eg fekk.
Ei stor takk til alle som var så
snille å hjelpe til. Helsar spesielt til besta, besten og onkel på
Eikrem! Goding frå Marilill
Sammund Nygård Løvland
i Volda fylte 6 år 7. juni. Hipp
Hurra for den kjekke guten vår
som snart vert skulegut! Mange
klemmar frå mormor og morfar
i Løvika
Emil & Aron Aahjem
Vi vil gratulere småtrolla våra
som fylte 1 år på tirsdag 8. juni.
Kjempe glad i dokke! Mange
gode klemmar frå Inga-Sofe,
Kristoffer, mamma og pappa.
Ubåt i Vanylvsgapet
Jenny Håberg
Vi gratulerer vår kjære mor,
svigermor, bestemor og oldemor med dagen den 10. juni.
På dagen er ho bortreist. Den
10.07. (10. juli) samlast vi på
Åram skule og feirer dagen.
Då håpar vi at mange vil vere
med oss, og feiringa byrjar kl.
14. Helsing barn og svigerbarn
med familier.
TEKSTAR
3. søndag etter pinse
KYRKJA
Det er ikkje ofte det skjer,
men komande sundag er det
altså ikkje gudstenster korkje
i Vanylven kommune, Selje
kommune eller i Dalsfjorden.
Komande søndag talar bibeltekstane om innbydinga til Guds
rike. Såleis omtalast Guds rike
som eit gjestebod, eit bryllaup
og eit festmåltid. ”Hjelp oss så
vi ikkje let noko hindra oss i å
fylgja ditt kall” heiter det i bøna
på denne søndagen.
Preiketekst er den kjende forteljinga om at Jesus møter tollaren Sakkeus.
5.Mos. 7,6-8 ”Deg har Herren
din Gud valt ut mellom alle folka på jorda til å vera hans eige
folk.”
1.Kor. 1,26-31 ”Det som ingen
ting er, det valde Gud seg ut...”
Luk. 19,1-10 ”Menneskesonen
er komen for å leita etter det
som var fortapt, og frelsa det.”
Din Frelsar ser på deg i dag
og spør om du vil halda lag
så han får trufast leia deg
på livsens farefulle veg.
Norsk Salmebok nr.664
Laurdag kunne ein ytst i Vanylvsfjorden sjå ein
ubåt gå i sakte fart nordover i overflatestilling.
PÅ RUTINEOPPDRAG: KNM
Ula (S 300) var første ubåt i
Ula-serien.
kvarter får vi opplyst at ubåten
var ute i ei rutinemessig kystpatrulje. Ubåten "KNM Ula "
hadde sigla frå Håkonsvern og
held fram kystpatruljen vidare
nordover og då både i overflatestilling og under vatn.
HÅVARD PARR
Frå oberstløyntnant Vegard
Finberg, som er talsmann ved
forsvaret sitt operative hovud-
Takk
Sangerstemnet på Åheim 5-6 juni.
Det ble et vellykket stemne på alle måter. Flott vær og bygda flagget,
noe vi satte stor pris på. Det satte en ekstra piff på stemnet, så stor takk
for de som heiste flagget.Vi vil også få takke så mye til ALLE de som
var der og hjalp til på stemnet. Uten dere, så hadde det straks blitt litt
mer hektisk for oss. Så vi er kjempeglad for at dere kunne stille opp
TUSEN TAKK.
Jeg vil også benytte anledningen til å takke koret og vår fantastiske
dirigent Sølvi Myklebust for innsatsen. Ønsker dere alle en riktig god
sommerferie.
Stor klem fra lederen i Vanylven blandakor!
Sølvi Kristin Sæther.
Fotoapparat
borte på stemne
Leiaren i Vanylven blandakor,
Sølvi Sæther, seier at det under songarstemnet på Åheim
forsvann to kompaktkamera.
Det eine låg på stemnekontoret, medan det andre vart borte
utanfor Olivinhallen. Om det
skulle vere nokon som har teke
feil fotoapparat vil eigarane
verte glade for å få att minna
som ligg lagra på desse.
SYNSTE MØRE
3
TORSDAG 10. JUNI 2010
Synste Møre ønskjer å arbeide etter "Vær Varsom"-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg utsett for urettmessig avisomtale, vert oppmoda til å ta
kontakt med redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt
av Norsk Presseforbund. PFU handsamar klager mot pressa i presseetiske spørsmål.
Adressa til PFU er: Prinsensgt. 1, Pb 46, Sentrum 0101 Oslo . Telefon 22 41 56 80 Telefax:
22 41 19 80
Kjem ut på Fiskå
kvar torsdag.
Takkar for
Monsiaden
Ubunden lokalavis for
Vanylven og dei næraste bygdene.
Redaktør og dagleg leiar:
Vidar Parr
BILETET
Grindbygg frå ei svunnen tid
Mons Sandnes under oppvarminga til Monsiaden førre
onsdag.
Fredag fekk vi besøk i redaksjonen av Nancy Haugen. Ho ville
vidareformidle ei stor takk frå
alle på arbeidssenteret på Fiskå til Mons og Ingrid Sandnes.
Godt jobba!
Innskriving
til konfirmasjon
Det er snart tid for innskriving
til konfirmasjon. Vi vil gjerne ha
gjort det før ferien tek til, slik at
vi veit kor mange det er som vil
vere konfirmantar i kyrkja vår,
før alle fer kvar til sitt.
Måndag 14.juni vert det difor eit informasjonsmøte på
kommunestyresalen, der vi vil
kome med nokre opplysningar
om nokre viktige datoar og korleis konfirmantopplegget vert.
8.klassingane er innbodne til
dette møtet saman med sine
føresette.
sjs
Kulturvandringa i Nordalen i
Syvde starta i år på Tverberg.
Husa på garden ligg litt oppe
i sida fremst i dalen på omlag
160 m.o.h., og med god utsikt
utover resten av Nordalen.
Fredag var det grindløa på garen som var i sentrum. Sevrin
Tverberg, ein sprek 88-åring
som dreiv garden fram til han
flytta til Dalsfjorden i 1956,
fortalde både om grindløa og
om garden generelt.
Truleg er den eldste delen av
grindløa bygd allereie rundt
1650. Sidan den gang har den
vore utvida 4 gangar. Den eldste delen var truleg i større
eller mindre grad bygd av materialar som vart frakta over
fjellet frå Innselset i Dalsfjorden. Sevrin orienterte og om
korleis ein bygde grindbygg,
med start midt inne i bygget
der ein sette opp loddrette
stavar, og vassrette betar
som vart avstiva og samanbotne av skråband av tre.
Desse skråbanda er naturleg
bøygde i begge endar, og dei
som bygde bygga var nok på
stadig utkikk etter akkurat
det rette emnet når dei var i
skogen. Det vart ikkje brukt
nokon form for spikar eller metall i desse bygga. Det
vart laga utsparingar i stavane som betane kvilte i, og
banda var festa med kraftige
gjennomgåande trepluggar.
Grindbygga er også prega av
at det blir brukt veldig lite
materiale til reisverket. Golvet i grindløa på Tverberg er
skifta nyleg. Då ein fjerna det
gamle golvet oppdaga ein at
det var lagt på nye lag med
golvbord etter kvart som dei
gamle vart nedslitne. Nokre
av dei var tydeleg henta frå båtar. Så når ein båt var utsliten
enda borda opp som golvbord i
ei løe. Også golvborda var festa
med trenaglar, og Børre Tverberg, som er son til Sevrin, sa
at dei som skulle feste golvet
på denne måten med så grove
trenaglar måtte ha brukt ein
heil vinter med navaren for å
lage hol til alle trenaglane.
Etter å ha vore i grindløa gjekk
turen vidare opp råsa som blir
kalla Bruna frå Tverberg til Bruvatnet, som er det første vatnet
ein møter når ein kjem opp på
Nordalsfjellet. Undervegs var
det stopp på kvileplassane.
Denne råsa vart mykje brukt
DØYPTE
tidlegare i samband med støyls
drifta på fjellet. Det var ”framgardingane” frå sju av dei fremste gardane i dalen som hadde
støylen sin her. Etter at ein i
lange tider hadde bore mjølka
frå støylen og ned i dalen vart
det etter kvart løypestrengar
ned til fleire av gardane.
Vel framme på fjellet vart det
orientering om støylen og fjella rundt av Kjell Helge Nordal
som er leiar i Nordal krins,
og ansvarleg for kulturminnevandringa. Han fortalde og
om Velvorahaugane som er to
”kamelpuklar” i Bruvatnet. Det
heile vart avslutta med kaffi,
vafler og ein god prat ved Sæ-
GRINDLØA PÅ TVERBERG:
Sevrin Tverberg, heilt til
høgre, fortalde om konstruksjonen av løa og mykje anna,
medan Kjell Helge Nordal
heilt til venstre hadde regien
på resten av kvelden.
trevassosen.
I Nordalen er det funne spor
av folk heilt tilbake til jernalderen, og dei årlege kulturvandringane gir dei som er med eit
innblikk i tidlegare tider og livet
til dei som levde i dalen. Kulturvandringane har vore ein
suksess, og vi får vone det blir
fleire vandringar i åra framover.
JOHN WILLY KLUNGRE
VI GRATULERER
Fleire døypte
Sist hadde vi med eit bilete
frå tvillingdåpen på Gamlekyrkjegarden i Syvde under
Kosterikjedagane.
Men dei to tvillingane var
ikkje dei einaste som vart
døypte der denne dagen.
Det vart også vesle Marilill og frå foreldra hennar har vi
fått både bilete og følgjande
tekst:
Tusen takk til alle som hjelp
te til med å gjere dåpen til
Marilill til ei så fin oppleving
på gamlekyrkjegarden - vi
sette stor pris på det.
Helsing Tor Inge, Lindis og
Marilill.
DÅP: Her ser vi frå venstre
sokneprest Sjur Johan
Sæter, Lindis Løseth og Tor
Inge Haugen med dåpsbarnet Marilill på armen.
Vi gifta oss 05.05.2010. Anita Munck og Johan Kragseth
SYNSTE MØRE
4
TORSDAG 10. JUNI 2010
Gav løyve til garasje
Etter lengre diskusjon, vart formannskapet tysdag
samde om å gje dispensasjon til å bygge større
garasje enn det reguleringsføresegnene tillet på
vestre Fredsvoll B33. Føresegnene set ei grense på
50 kvm for garasje på dei vanlege tomtene. I dette
Omsetting
av eigedomar
Gnr 45, bnr 22 er overdregen frå Renee Ivan Petersen
til Vigdis Marit Petersen
(10.05.2010)
Gnr 45, bnr 22 er overdregen
for kr 17.552 frå Opplysningsvesenets Fond til Vigdis Marit
Petersen (10.05.2010)
Gnr 33, bnr 1 er overdregen
frå Ole Matias A Morseth til
Johanne Amalie Lothe Morseth (10.05.2010)
Gnr 33, bnr 1 er seldt for kr
570.000 fr+ Johanne Amalie
Lothe Morseth til Ståle Magne
Morseth (10.05.2010)
Gnr 33, bnr 13 er overdregen
frå Ole Matias A Morseth til
Johanne Amalie Lothe Morseth (10.05.2010)
Gnr 33, bnr 13 er overdregen
fra Johanne Amalie Lothe
Morseth til Magnar Morseth
(10.05.2010)
Andel av gnr 55, bnr 6 er seld
for kr 100.000 frå Berger Vik
til Bjarne Vik (11.05.2010)
Andel av Gnr 55, bnr 6 er
overdregen frå Olav Aarø til
Bjarne Vik (11.05.2010)
Gnr 6, bnr 9 er seld for kr
40.000 frå Nordstranda Indrem.For. til Laila Konradine
Laurense Norhagen og Helge
Nikolai Norhagen (12.05.2010)
Gnr 143, bnr 13 er overdregen frå Klara Kobbevik til
Kjell Andor Kobbevik, Jorunn
Hildur Sandvik, Per Ove Kobbevik, Inge Willy Kobbevik
og Arvid Kenneth Kobbevik
(27.05.2010)
Andel av Gnr 143, bnr 13 er
overdregen for kr 10.000 frå
Kjell Andor Kobbevik,Jorunn
Hildur Sandvik, Inge Willy
Kobbevik og Arvid Kenneth
Kobbevik til Per Ove Kobbevik (27.05.2010)
Kjelde: Statens kartverk
Køyring
utan skilt
Politiet fekk natt til søndag
melding om ein mørk. Litt
stor bil som køyrde i Syvdeområdet utan skilt. Seinare
fekk dei melding om at bilen
hadde køyrt av vegen mellom Syvde og Eidså. Politiet
kom noko seinare til staden
og fann bilen, men kom ikkje
i kontakt med dei som hadde
køyrt, går det fram av politiloggen. Lensmann Tor Sæther
seier at politiet no meiner å
vite kven som køyrde bilen og
saka vil bli etterforska.
Sykkeleigar
melde seg
Sist veke hadde vi i Synste
Møre ein liten notis om ein
sykkel som var funnen i Syvde
og innlevert på lensmannskontoret som hittegods. Sykkeleigaren las notisen og har
no fått att sykkelen sin, fortel
politiet.
tilfellet fann ein å ville kome søkjaren i møte, trass
i at ein tidlegare har vore restriktive og nekta andre
som har søkt om dette. Medlemane sin tvil gjekk
difor på likskapsprinsippet, men ein meinte det her
låg føre som særlege grunnar for å tillate bygging
at søkjaren hadde kjøpt to tomter og slått i hop til ei
tomt, slik at tomtestorleiken tillet ei større garasje.
Ein meinte og at det at tomta er det opphavlege
tunet på garden talde i retning av å gje løyve, samt
at bygget ikkje vil kome i konflikt med naboar.
Ørsta-støtte til
Rovdefjordbrua
– Vi er ingen samla
Søre Sunnmøre-region
før Rovdefjordbrua er
bygt, seier ørstaordførar Gudny Fagerhol
(Ap). Leiaren i regionrådet meiner det
er meir nærliggande
å knyte Vanylven
brufast til dei andre
seks kommunane på
søre enn å tenkje superdjup tunnel mot
Ålesund.
KJELL BRENNE
– Vanylven tilhøyrer SøreSunnmøre regionen. Som den
einaste kommunen som ikkje
er fast samanknytt med resten,
men er avhengig av ferje, er
dette ei sak som også kviler på
dei andre kommunane i regionen å få ei løysing på, påpeikar
Fagerhol.
Ho viser til dei problem Vanylven slit med og som har sine
grunnar i tungvinte samband.
Dette gir kommunen kommunikasjonsmessig stengslar
som i dag bremsar næringsutvikling og aukar fråflyttinga. Eit
forhold som burde bekymre
ikkje berre Vanylven, men alle
kommunane i ein solidarisk
fellesregionen. Ei eksportretta
storbedrift som North Cape
Minerals på Åheim med omfattande reiseverksemd mot Oslo
og utlandet, treng langt betre
kommunikasjonar enn det dei
har i dag. Det handlar også om
å legge forholda til rette for nyetableringar. Her vil infrastruktur og gode samband til og frå
vere ein viktig føresetnad. Rovdefjordbrua vil vere eit kjempesteg i rett retning.
Må prioriterast
Gudny Fagerhol har forstått
Rovdefjordbrua som eit brusamband som ligg innanfor det
overkomelege i storleik både
teknisk og økonomisk. Ho meiner det vil vere rett å prioritere
eit slikt samband i staden for
å ha all fokus retta mot undersjøiske gigantsamband ned på
6-700 meters djupte, ekstremsamband ho meiner vi i dag
ikkje veit konsekvensane av,
korkje for tryggleiken til trafikkantane, byggekostnad eller
belastning på miljøet. Det gjeld
både Hareid – Sula/Ålesund og
Festøy – Solvåg. Det vil vere
verte heilt feil om desse i påvente realisering skal ligge på
ei prioriteringsliste og sperre
for eit brusamband over Rovdefjorden.
– Dei er grensesprengande
djupe! Eg trur vi har ein lang
veg å gå både på den eine og
andre
måten før vi kan gi oss i kast
med sånne ekstremlange nedoppsamband. Eg trur ferjene
på desse sambanda framleis
vil vere ei fornuftig løysing.
Så får vi heller på sikt sjå kva
som kjem til. Her kan fort kome
andre fornuftige alternativ til
djupe fjordkryssingar, trur Fagerhol.
Styrkjer Ørsta/Volda
Fagerhol ser brua over Rovdefjorden som eit heilt anna og
realistisk prosjekt, svært lik
Nordhordlandsbrua.
– Her er teknikken kjend og
brua utprøvd. Dette fastsam-
bandet på Kystvegen vil også
styrkje Ørsta/Volda. Får vi dette sambandet på plass, vil det
bety tettare band mellom Vanylven og Ørsta/Volda via Eiksundsambandet. Då tenkjer eg
ikkje berre på moglegheitene
for ein større arbeidsmarknad,
men den styrke brua vil bli for
høgskulen, flyplassen og ikkje
minst sjukehuset, som i dag
treng all den støtte det kan få.
Rovdefjordbrua vil også vere
gunstig for reisande i ytre Nordfjord mot Sunnmøre, påpeikar
Fagerhol.
– Er du på line med den politiske oppfatninga elles i Ørsta?
– Dette er mitt standpunkt.
Saka har ikkje vore sett på den
politiske dagsorden i Ørsta,
STØTTAR BRUA: Ørstaordførar Gudny Fagerhol (FOTO:
Håvard Parr).
men eg både trur og forventar
at dei andre medlemene i formannskapet er samd med meg
i synet på Rovdefjordbrua og
den viktige funksjon denne vil
ha for heile regionen.
– Du er regionsleiar. Kan det
vere aktuelt at Rovdefjordbrua
blir ei prioritert sak for regionrådet?
– Så avgjort ja! For no er tida
inne til at vi står fram med eit
samla blikk for eit prosjekt som
ikkje berre styrkjer Vanylven,
men heile regionen, seier ørstaordførar og leiar i Søre Sunnmøre regionråd, Gudny Fagerhol.
Høybråten til Vanylven
Partileiar i KrF, Dagfinn Høybråten, kjem
til Vanylven 24. juni.
KJELL BRENNE
Dagen blir lagt opp med både
bedriftsbesøk og ope møte på
Rovde på kveldstid. Ordførar
Jan Helgøy får med seg stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide, fylkessekretær
Rolf Harald Endal, lokallagsleiar Edvin Skaar, kommunestyrerepresentant Øystein Blom
og samferdselsrådgjevar Per
Brandal under besøket med
KrF-toppen.
Ikkje uventa vil Helgøy
setje fokus på samferdsel. Frå
den tungt politisk trakka besøksplassen på Gorgeneset i
Kjødepollen, vil Høybråten bli
orientert om Stad skipstunnel.
Partikollega og ordførar i Selje,
Gunn Helgesen, vil også ta del
her.
På Åheim blir det besøk på
North Cape Minerals. Deretter
går turen til Fiskå og vidare
rundt Hovda. Her kan Høybråten sjølv sjå geografien i Sande
Fastlandssamband og oppdage
kor kort det eigentleg er over
på øyane. Han vil også få ei innføring i planane for Rovdefjord-
brua.
På Sandvikgarden på Hakallestranda vert det tid til eit rask
lunsj-stopp før kursen vert sett
mot Syvde med besøk på Hofseth International AS, som med
sine femti tilsette driv med lakseforedling – ferdigproduksjon
av laks- og ørretrettar både for
den nasjonale og internasjonale marknaden.
På Rovde blir det besøk på
Rovde Hønseri med fylket sin
største eggproduksjon.
Vanylvsrunden blir avslutta
med ope møte på Rovde der
Dagfinn Høybråten vil halde
tale. Anna programinnslag er
VITJAR VANYLVEN: Partileiar Dagfinn Høybråten
(FOTO:© Stortingsarkivet)
under planlegging.
SYNSTE MØRE
5
TORSDAG 10. JUNI 2010
Spør om tunnelfristane gjeld
Ordførar i Selje Gunn R.V: Helgesen
(biletet) ber Fiskeri- og kystdepartementet
svare på om fristane for kvalitetsikring
av Stad skipstunnel, og som vart lova frå
departementet si side i møte 27. januar,
framleis står ved lag. Seljeordføraren viser
til dei forseinkingar som er tilkjennegitt frå
departementet si side og som har skapt
sterke reaksjonar i kyst-Noreg. Er fristen
for framlegging av kvalitetsikringa endra,
ynskjer Helgesen på vegne av Selje som
vertskommune og prosjektgruppa for Stad
skipstunnel å få ei tilbakemelding på kva
som er grunnlaget for denne endringa.
Dusj berre kvar 14. dag ved sjukeheimen:
Legg skulda på
manglande ressursar
I eit lesarinnlegg i
Synste Møre kjem det
i dag kraftig kritikk frå
pårørande mot at dei
pleietrengande ved
Vanylven sjukeheim
får dusje berre kvar
fjortande dag.
HÅVARD PARR
Etter å ha teke direkte kontakt
med ordførar Jan Helgøy med
sin missnøye, vart dei pårørande viste vidare til leiar i Livslaupsutvalet, Lasse Rindal. Delar av kritikken i innlegget går
på den manglande responsen
frå leiaren i utvalet.
– Det er eit par veker sidan saka
vart tatt opp med meg og eg beklagar at eg ikkje har gjeve tilbakemelding til dei pårørande
om kvar saka står. Eg har teke
kontakt med kommunalsjef for
helse- og sosialsektoren og eg
er i dialog med sone Fiskå om
saka, men utan at eit endeleg
svar er klart enno, seier Rindal.
Han stadfestar samstundes at
det er gjeldande praksis med
dusjing kvar 14. dag ved sjukeheimen, men alle får dagleg
grundig vask og stell.
– Det er beklageleg at dei eldre
ikkje får eit tilbod om å dusje
oftare. Som politikar må eg i
første omgang snakke med administrasjonen for å høyre kva
som er mogeleg å få til innanfor
dei gjeldande rammene. Om det
ikkje er mogeleg å gjere noko
med dette innanfor dei rammene som finst, så må dette løftast
opp på politisk nivå slik at meir
pengar kan verte bevilga til sektoren, seier Rindal.
Knappe ressursar
Kommunalsjef for helse- og
sosialsektoren, Arnhild Nordaune, meiner det er dei knappe
personalressursane som er
skuld i at tenestetilbodet ikkje
er betre på dette området:
Søkjer om
asfaltering
I eit brev til kommunen ber
oppsitjarar på Rønnestad om
at det vert lagt fast dekke på
den kommunale vegen gjennom grenda. I brevet vert det
mellom anna vist til at vegen
ofte er i ei dårleg forfatning
og ikkje har den standard ein
kunne ønskje på ein så mykje
brukt veg. Om våren er det og
teleløysing og om sommaren
sand som fyk etter bilane. Ein
viser og til at det bur funksjonshemma og eldre i området. Fast dekke vil både gjere
ferdsel lettare og tryggare for
desse. I tillegg minner ein om
at saka har vore teken opp i
lengre tid og bør gjevast prioritet.
Kleppa opnar
Solsikkedagane?
RESSURSMANGEL: Kommunalsjef Arnhild Nordaune
skulle gjerne give eit betre
tilbod (Arkivfoto).
BEKLAGAR: Leiaren i livslapsutvalet, Lasse Rindal,
beklagar at han ikkje har
oppdatert dei pårørande om
situasjoen i saka (Arkivfoto) .
– Det stemmer at alle får dusje
kvar 14. dag, men med kroppsvask kvar morgon og kveld.
Reint hygienemessig er det difor ikkje eit problem, men dette
handlar om velvære og det er
trist at det skal vere sånn. Vi
skulle ønske at vi hadde meir
ressursar og difor kunne gitt eit
meir individuelt tilpassa tilbod,
seier Nordaune.
Under formannskapet kunne
ordførar Jan Helgøy (KrF)
opplyse at han hadde fått
munneleg tilsegn frå samferdselsminister Magnhild
Meltveit Kleppa om å vere
til stades og opne Solsikkedagene i august. Det manglar
likevel eit formelt svar frå
departementet om dette går
i orden.
Frå North Cape Minerals til Sibelco Nordic
Frå og med 11. juni
heiter hjørnesteinsbedrifta på Åheim Sibelco Nordic AS.
-Eg trur eg kan love at
dette er siste gongen
vi skiftar namn og
logo, seier verksdirektør Ove Sollid.
KJELL BRENNE
Det har vore fleire endringar på
selskapsstrukturen kring North
Cape Minerals etter at dei kjøpte AS Olivin frå Staten. Dei var
då eit dotterselskap under det
amerikanske mineralselskapet
Unimin som igjen var eit dotterselskap av det internasjonale
Sibelco med hovudsete i Belgia.
Frå 2008 vart North Cape Minerals direkte underlagt Sibelco.
– Vi har foreteke ein opprydding i selskapsstrukturen. Dette betyr at bedrifta på Åheim
blir ei av fleire av Sibelco sine
bedrifter i Norden. Vi ser fordelen med å få på plass ein felles
nordisk identitet som bedrifta
på Åheim vil dra positive vekslar på i marknadsføringa av olivinprodukta. Vi får eit sterkare
salsapparat med ein sameina
profil, framhevar konserndirektør i Sibelco Nordic AB, Bir-
ger Solberg. Han viser til den
positive effekten av Sibelco si
direkteinnlemming av North
Cape Minerals for to år sidan
og meiner dei nye endringane
med oppretting av ei samla
nordisk eining under ei felles
konsernleiing ytterlegare vil
auke konkurransekrafta i den
internasjonale marknaden.
– Sibelco Nordic vil framstå
som ein slagkraftig aktør innan
eit breitt spekter av industrimineralar og tilknytta produkt,
understrekar Solberg.
Birger Nilsen held fram som
dagleg leiar i Sibelco Nordic AS.
– For våre verksemder vil
selskapsendringa ikkje merkast
i det heile. På Åheim vil dei tilsette ikkje merke noko anna
enn at det vil kome eit anna
namn på lønsslippen! påpeikar
konserndirektøren.
Solberg kan elles fortelje at
olivinbedrifta på Åheim for tida
går på høggir med eit kjempegodt sal på sandsida.
– På Åheim er optimismen
attende for fullt med full aktivitet, stor stemning og ein imponerande stå-påvilje, framhevar
Solberg. Han kan ta skrytebuksa på og slå i bordet med at det
i mai månad vart utskipa 300
000 tonn olivinsand.
Verksdirektør i Sibelco Nordic
si avdeling på Åheim, Ove Sollid, er også nøgd i tider då båtane "renn" inn og ut frå kaia på
Åheim.
– Vi har gode tider. Då går alt
så mykje lettare, seier Sollid.
Han fortel at bedrifta på Åheim
no vil gå i gong med ei storstilt
satsing på den nye profileringa
med endring av logoar og namneskilt.
– Aktivitetsnivået er høgt, vi
har hatt ein veldig fin auke og
alt går så mykje lettare enn når
vi slit i unnabakke. Oppgangen
på sandsida kom langt raskare enn vi hadde forestilt oss.
Aktivitetsnivået på fabrikken
er noko slakkare. Vi prøver å
halde oppe ei bemanning i tråd
med aktivitetsnivået. At det no
går så mykje betre, er i alle fall
ikkje noka ulempe. Det vil slå
positivt ut på lokalsamfunnet
på Åheim, påpeikar verksdirektør Sollid.
NAMNEBYTE (over til høgre):
I den nye logoen vil framleis
kula vere med, men selskapsnamnet i den gamle logoen
vil verte endra til Sibelco
Nordic. Verksdirektør Ove
Sollid kan gle seg over gode
salstal på sand i mai. Han
lovar ei storstilt utskifting av
logoar og namneskilt.
FAKTA
Sibelco Nordic AS
North Cape Minerals vil frå 11. juni heite Sibelco Nordic AS. Produksjonsanlegga er lokalisert til Stjernøya utanfor Alta, Lillesand,
Åheim, Bryggja, Raubergvik og Vestre Spone i Noreg , samt Forshammar i Sverige. Selskapet sitt hovudkontor er på Rud i Bærum.
Til saman har selskapet 315 tilsette.
Sibelco sine aktivitetar i dei nordiske landa omfattar også selskapa
Askania, Sp Minerals, PV Sand, Silversand og Dansand. Alle desse
blir no samordna under ei felles konsernleiing i det nordiske eigarselskapet Sibelco Nordic AB.
SYNSTE MØRE
6
TORSDAG 10. JUNI 2010
Bulystprosjektet
er inne i sin tolvte time
I 2008 vart delar av
omstillingsmidlane
Vanylven kommune
hadde fått nytta til å
starte opp prosjekt
bulyst. No, to og eit
halvt år seinare, sit
den einaste bulystrettleiaren i Noreg og
skriv sluttrapporten
for nybrottsarbeidet.
HÅVARD PARR
Espen Wingaard, som har hatt
ei hand med i det meste som
har føregått i kommunen dei
siste to åra, kjenner seg ikkje
ferdig med bulystprosjektet.
Samstundes meiner han dei
har teke høgd for at dette har
vore eit avgrensa prosjekt.
– Vi har heile tida visst at det
var snakk om ei prosjekttid på
to år. Eg har difor prøvd å nøre
oppunder prosessar som allereie finst, slik at det ikkje skal
vere for avhengig av ein person.
Vanskeleg målsetjing
Enkelt har det ikkje vore å
oppfylle den mest målbare
målsettinga om innflytting
til kommunen. Ei målsetting
skrive i ei gryande optimisme,
der ein meinte det var behov
for mange nye arbeidstakarar.
Med endringar i føresetnadane
vart også rolla til bulystrettleia-
ren ei anna, forklarer Wingaard.
Han talar då om ei vriding bort
frå å vere ein slags "hovudjeger" til å verte ein Vanylvenprofilør, ei oppgåve han har sett
pris på:
– Det har vore ein spanande
jobb, som nesten har vorte til
ein livsstil. Det har vore to og
eit halvt krevjande år, men eg
ville ikkje ha vore dei forutan.
– Er du nøgd med det som har
kome ut av bulystprosjektet?
– Det er ingen andre som er tilsette i ei slik stilling. Då er det
vanskeleg å vite kva som er rett
eller gale og vegen har difor
vorte til medan vi har gått. I etterpåklokskapens lys ser eg at
vi kunne fått til endå meir. I tida
prosjektet har halde på har vi
bytta rådmann og det har vore
omgjering av Vanylven Vekst til
Vanylven Utvikling. Slike endringar undervegs har gjort at
det har vore vanskeleg å halde
trykket oppe heile vegen, men
eg meiner at vi har fått til ein
god del. Eg opplever også at
det er mange unge som ønskjer
seg tilbake til Vanylven no, og
då har vi oppnådd noko.
Vanylvingar
kan heve hovudet
Bodskapen til den avtroppande
bulystrettleiaren er det ikkje
mogeleg å ta feil av: Vanylven
har mykje som det er verdt å
vise fram, men vi er ikkje flinke
nok til å sjå "de nære ting" og
formidle vidare det vi har.
– Ordføraren i Rauma brukar
å seie at vår kvardag er andre
sin draum, og slik er det også
i Vanylven. Vi må vere flinkare
til å fortelje om og vise alt det
vi har. Vanylvingar kan heve hovudet, for vi har verkeleg ingen
ting å krype for, seier Wingaard.
Den uprøvde strukturen, med
ei relativt fri stilling i landskapet mellom kommune og innbyggarar er noko Wingaard
meinar har vore vellukka.
– Eg har vore friteken frå mange
må-oppgåver, og eg trur Vanylven kommune kunne vore tent
med å ha eit slikt bindeledd
mellom folk og administrasjon,
der terskelen er lågare. Det er
synd at ein ikkje kan vidareføre
dette.
Held framtida opa
Med avsluttinga av prosjektet
må vi nesten også spørje om
kva du skal gjere vidare?
– Heile verda er opa, smiler
bulystrettleiaren, før han held
fram:
– Arbeid og identitet har gått
PROFILERING: Espen Wingaard har nytta mykje av
tida si på omdømmebygging
for Vanylven kommune.
veldig hand i hand i denne jobben, og ein vert litt kresen på
kva ein skal gjere når ein har
hatt ei stilling som nærast har
vorte til ein personlegdom.
Men no før sommaren så er det
framleis mykje som skal ferdigstillast, så ferien får verte stoppepausen for å finne ut kva som
skal skje vidare.
Har dette vore eit vellukka prosjekt?
I avslutningsfasen av eit slikt prosjekt må ei
evaluering finne stad også mellom politikarar
og dei som skal føre bulystarbeidet vidare
i Vanylven Utvikling. Vi har henta inn nokre
kommentarar i form av svar på spørsmål om
korleis ein er fornøgde med det som har kome
ut av bulystprosjektet
Ottar Jan Løvoll (Ap)
– Eg synest prosjektet har vore
veldig positivt. Espen, som har
kome utanifrå har fått til mykje
og sett ting som vi som er her
ifrå kanskje ikkje ser. Han har
kome med nye idear og fått til
mykje. Serleg synest eg han har
vore flink til å spleise saman
bygdene, noko vi ikkje alltid har
vore flinke til og det må Espen
ta til seg. Det er synd at vi ikkje
får vidareføre dette no som omstillingsmidlane er borte.
HÅVARD PARR
Bernt Westad
(Vanylven Utvikling AS)
– Eg har ikkje vore med frå
starten i dette prosjektet, der
styringa har lege til kommunen, så eg har ikkje inngåande
kjennskap til det som har
vore gjort. Men etter det eg
veit, så er dette prosjektet eineståande i landssamanheng
og det vert difor vanskeleg å
samanlikne resultata med det
andre har fått til. Det vi likevel
kan seie noko om er om det
har hatt ein effekt kontra det
å vere utan dette tiltaket og
det har ubetinga vore positivt.
Mange trivselstiltak er sette i
verk og Espen Wingaard har
bygd opp ei stor kontaktflate.
Rapporten som no vert utarbeidd vil vi finlese og legge til
grunn når vi stakar ut vegen
vidare på dette feltet.
Aina Ersvåg Wefring (Frp)
– Det har vore veldig mange
ballar i lufta som vi ikkje ser så
veldig synlege resultat av i dag.
Kanskje har det vore for mange
ballar i lufta og for lite spissing av prosjektet. Slik eg ser
det er det litt for lite handfast
til at vi kan seie at vi har fått
bulystprosjektet i hamn. Vi ser
kanskje meir på lang sikt, men
eg hadde forventa noko meir
resultat av prosjektet. Men det
er ein stor jobb som ein person
ikkje kan klare åleine, og det
har kanskje vorte forventa at
ein person skal klare noko som
er ei uløyseleg oppgåve åleine.
Har du spørsmål
om demens?
Er du pårørende, eller bekymret
for din egen hukommelse?
SYNSTE MØRE
7
TORSDAG 10. JUNI 2010
Elna tok prisen
Særprega hamneskilt
Medan ”Samson” vann
finalen i TV-Norge sitt
program: ”Nordens
herligste, var det ein
87-åring på Eidså som
med eit klart fleirtal
vart den mest populære deltakaren hos
sjåarane.
OLE MAGNE KVALSVIK
– Det må vere mange som er
glade i god lyrikk, svarar Elna
Leiten på spørsmål om kva ho
trur som gjorde at ho gjekk
til topps i fjernsynskanalen si
uhøgtidelege avstemning.
Småbåthamna på Rovde
har fått ein portal som blir
lagt merke til.
Eit dikt til alt
Det var altså ikkje berre Ylvisbrørne som let seg imponere
over det som i programmet
fekk omtalen ”poesidamen” frå
Vanylven. Det finst eit dikt til eit
kvart høve, hevda Elna i programmet og gav med innleving
og engasjement fleire døme på
det.
– Korleis klarer du å hugse alt?
ville Ylvis-brørne vite.
– Det her er berre blåbær, eg
kan halde på i ein og ein halv
time om de vil, var Elna sitt
svar.
Er seg sjølv
Og det tvilar vi ikkje på. Under
eit besøk for å intervjue ho om
å ha vunne kåringa, vert det lite
svar på spørsmåla vi stiller om
dette, men minst ein og ein halv
time med dikt og historier. Og
hadde det ikkje vore for klokka,
jobb, middag og anna, kunne
ein journalist med sans for
dikt og menneske godt ha sete
minst halvannan time til. Eit av
spørsmåla vi stiller eit par gonger er korleis ho synest ho vert
framstilt i programmet.
OLE MAGNE KVALSVIK
– Ein del hevdar du vert framstilt litt einsidig og nesten fjollete i denne ”settingen”?
Inn i mellom historier om
Harald Grytten, Jon Kleven,
Egil Storbekken, oldemora
frå Fiskå og dikt av Andre
Bjerke, Bjarne Rabben og Aasmund Olavson Vinje, kjem vi
ut med nokolunde slikt svar:
– Eg har alltid lagt vekt på vere
meg sjølv og den eg er. Om alle
menneske var naturlege ville
det vore fred og ei betre verd å
leve i.
For få dikt
Hos sjåarane vert også ein karakteristisk og smittande latter trekt fram. Det einaste som
skuffar Elna er at det ikkje var
plass til fleire dikt.
– Eg er litt forbausa over at dei
kutta bort mange gode dikt. Eg
PREMIE: Kristine Helgøy
Wingaard er ofte gjest hos
Elna Leiten og kan beundre
premien ho fekk som den
mest populære deltakaren i
”Nordens herligste”.
veit fleire kjende som hadde
sett seg til rette for å høyre på
dikta, seier ho.
– Og så må du hugse å gi ros til
Pål Espen Wingaard. Utan han
hadde ikkje dette vorte, og
han har gjort ein enorm innsats for å få sette Vanylven på
kartet og få kultur av ulikt slag
fram i lyset. Eg veit han har
fått mykje kritikk, særleg for
satsinga på Grand Prix i fjor,
men eg håpar det finst nokon
på kommunen som vil halde
fram alt det gode han har sett
i gang, seier ”poesidamen” frå
Eidså.
Vi har tidlegare skrive om personar som tryllar i tre. Utforminga av stolpane til skiltet på
marinaen er rett nok gjort med
maskin, men eit kunstverk må
det kallast likevel.
Teikninga arbeidet
– Det er sjølve ideen og teikninga som er arbeidet. Når det er
gjort og teikna inn i 3D, tar maskinen resten, sjølv om emna på
denne jobben måtte snuast slik
at fresemaskinen kunne jobbe
frå alle fire sidene, fortel Lars
Vedeld som har stått for utføringa. Han er usikker på kva tresort som er brukt.
– Det liknar på mahogny, men
er ikkje det heller. Det var noko
han Vokse-Per kom med norda
Kleiva, som dei brukte til plankar for å beskytte skipsdekket,
fortel Vedeld.
Frie hender
Sjølve skiltet i overkant kom
opp i fjor, medan det er side-
NØGDE: Leiar i Rovde småbåtlag, Magne Vedeld (t.v)
kan seie seg godt nøgd med
portalen Lars Vedeld har
fått frest ut for marinaen.
stolpane forma som kjetting
og med dekorerte boksar oppe
og nede som no er komne på
plass.
– Vi syntest sjølve skiltet såg
litt snautt ut og fann ut vi ville
ha noko på sidene, fortel leiar i
småbåtlaget, Magne Vedeld.
Rovde Møbel fekk difor oppgåva, og Ole Ivar og Lars Vedeld
klekte ut korleis det skulle sjå
ut.
– Vi fekk frie hender og var vel
i lag om utforminga, men det er
han far som har stått for jobben, seier Ole Ivar Vedeld.
På nettet
I fjor vart det og ordna med
platting og rekkverk og stelt
rundt servicebygget i hamna.
Sjølv om det enno er planar for
å betre anlegget, kan ein difor
presentere hamna under norske gjestehamner på båtmagasinet.no med bilete av den nye
portalen som ønskjer velkomen.
Sommerkampanje!
1398,-
KVALITET TIL HUSET
BARON
Ultra 10 ltr emb.
Før: 1298,-
998,-
Et dekkende produkt med
høy glans, utrolig gode
påføringsegenskaper
og meget god dekkevne.
Mal nå og neste gang i
2022, Baron Ultra har inntil
12 års holdbarhet.
Du har hjemmet. Vi har fargene.
FARGERIKE SYVDE
Centrum Fargehandel
Tlf: 70 02 08 00
BARON
Extra 10 ltr emb.
En ny type høykvalitets dekkende
oljebasert maling. Produktet har
meget lang holdbarhet og forhindrer
alge- og soppvekst.
www.fargerike.no
Kampanjen varer tom lørdag 12. juni.
SYNSTE MØRE
8
TORSDAG 10. JUNI 2010
Kulturspirar fekk utfalde seg
Det er eit sommarteikn når kulturskulen
byd inn til elevkonsertar. Alt som det er øvd
og terpa på gjennom
vinter og vårmånader
skal visast fram.
HÅVARD PARR
Vi fekk saman med foreldre og
vener sjå at det spirer mellom
dei lokale talenta i kommunen.
Fire konsertar måtte til for
å vise det heile. Først ute på
måndag var den musikalske
førskulen, aspirantane og dei
som driv med turn og dans. Seinare på kvelden var det trekkspelelevane som synte kunstane sine. Tysdag var det så dei
mange som spelar instrumenta
piano, fiolin, gitar, tverrfløyte
samt nyttar eiga stemme som
fekk prøve seg i konsertsituasjonen. Biletreportasjen syner
noko av det vi fekk oververe på
konsertane måndag.
IMPONERTE: Sander Wefring let fingrane flyge over trekkspelet i framføringa av "The Irish Washerwoman".
TURN: Berit Brunvold sender
elev etter elev turnande over
matta. At det ikkje skal verte
noko rekrutteringsproblem
til turn og dansegruppa ser
vi av interessa i forgrunnen.
KONSENTRERTE: Dei andre
dansarane var årvakne
tilskodarar då Karoline Sætre, Synne Seljeset og Arja
Storeide framførte ein dans
som Karoline hadde laga.
ASPIRANTAR: Andreårsaspirantane Adrian Eikrem og Alfred Sjåstad gav alt i framføringa
av "My hart will go on".
Triveleg tunstogg
Tysdag arrangerte
Elvablikk 4 H det etter kvart tradisjonelle
”Bygda Rundt”, og
mange nytta høvet til
ein trimtur, vaflar, kaffi, pinnebrød, og prat.
OLE MAGNE KVALSVIK
I år hadde ein altså prøvd å legge arrangementet til ein kvardag for å unngå travle helgar.
Så viste det seg uansett å vere
kulturskulekonsert, dugnad,
møter og anna denne dagen,
men vel 70 personar var likevel
innom tunet i Birkedalen. Dei
fleste la det inn i runden rundt
bygda, slik at dei tok det som
ein lang stogg undervegs før
dei fullførte runden i etterkant.
Veret viste seg og frå ei flott
side, med opplett og brukbar-
temperatur, slik at det ikkje var
for varmt og ikkje kaldt. Det var
også laga til natursti, men først
og fremst kosa folk seg i lag
med mat og prat. Ein kunne og
sjå seg i kring i husa, og vi registrerte at det i det i gamlestova
oppe i løda vart kommentert
av dei sjølve at her fekk nokre
”hespetre” sjå eit ekte hespetre, då der stod eit gammalt
slikt. Og så passa det slik med
vaffelrøra at dei tre som kom
for seint måtte klare seg utan,
då det var tomt.
PREMIAR: Desse fem var litt ekstra heldige, då dei vart trekte ut som vinnarar mellom dei
frammøtte. Idar Berget (t.v.) fekk 4 H kaffikrus, Charlotte Brobakke 4 H strømper, medan
Alfhild Larsen kunne ta med ei 4 H matboks til Sandefjord. Benedikte Hellebust og Mariette
Løvold gjorde det best i naturstien og fekk kvar sitt skrapelodd.
SYNSTE MØRE
9
TORSDAG 10. JUNI 2010
Opplevingsrik fiskeveke
Eidså skule si sjø- og
fiskeveke vart eit
svært vellukka opplegg.
OLE MAGNE KVALSVIK
Målet med temaveka vart av
skulen formulert slik:
– Å undervise i naturen og ta i
bruk nærområde og lokalkunnskap. Å lære om sjøen og det
som lever der og samstundes å
kunne sjå det som det matfatet
det eingong var for folket her
ved kysten. La borna gjere positive erfaringar og senke terskelen slik at interessa for sjø
og fiske kan bli vekt for den nye
generasjonen.
Dette såg ut til å vere full klaff.
Det einaste minuset i margen
var litt småsurt ver på sjøen
torsdag, men elevane var godt
kledde, og det la liten dempar
på humøret på det vi kunne sjå.
Og ikkje minst var det kjekt å få
med foreldre og besteforeldre
og vere i lag med dei, noko vi
trur gjaldt begge vegar.
– Vi må rette ein stor takk til
dei som stilte opp og spesielt
til Roger Hofseth som kom med
storebåten i to dagar og tok dei
med ut til Yksnøya. Utan desse
hadde det ikkje vore råd å få
dette til, seier rektor Jan Hånes.
Elles lar vi bloggen som fjerdeklassingen Kristoffer Torvanger skreiv få summere opp
veka. Vi føyer berre til at Otto
er Otto Norhagen og faren heiter Lars Åge Torvanger.
FANGST: Her viser frå venstre: Selma Iversen, Jeanita
L. Nordal, Kristine H. Wingaard, Randi Sofie H. Wingaard og Johannes G. Berge
fram noko av fangsten etter
fiskedagen torsdag.
Fiskeveka 2010
Måndag 31. juni
Lærte vi om fiskereiskapar,
som snik, garn, krabbeteiner,
klepp, agn og line. Vi lærte korleis ein lagar agn av ein fisk, og
det lærte vi av Otto og Jan. Jan
filma oss og han sløgde fisken
før han laga agn av den. Vi var
også inne hos tredje klasse og
lærte om fiskesortar, som makrell, torsk, sei, osb.
Tysdag 1. juni
Vi fekk besøk av Røde Kors.
Markus, broren min, var med
pappa og ein annan mann som
hadde båten. Dei viste oss korleis ein skal få ein mann som
har dotte over ripa inn att i
båten igjen. Dei viste oss også
korleis ein legg andre personar i stabilt sideleie. Til slutt
fekk vi lakrisbåtar, ein vanntett bag og ei slags lomme
som er vanntett og kan flyte.
Og då vi skulle heim, fekk eg
og Daniel sitje på med pappa
og han andre mannen heim.
Onsdag 2. juni
Tredje og fjerde klasse var
delte i to grupper. Eg var på
gruppe A. Vi var på småbåtar.
Eg og Chaney sat på med faren
til Chaney, og vi fekk to fiskar,
ein stor sei og ein torsk. Då vi
kom inn til kaia etter to timar
og sju minutt, for vi ned til resten av gruppe A. Så sette vi
oss ned og ete maten vår. Et-
ter at vi var ferdige med å ete
tok vi ut innvollane til fisken
og då vi var ferdige med det
lagde vi fiskestenger av greiner, men troda mi var altfor
kort!
Torsdag 4. juni
Tredje og fjerde klasse var
ute med fiskebåten til Roger
Hofseth, og vi var ute heile
dagen og det var kjempekjekt! Vi fekk berre to seiar,
men det var likevel gøy. Båten var kjempestor, og vi fekk
sjå nesten heile båten, nede
både framme og bak, styrehuset og sjølvsagt dekket
som ligg i midten av båten.
Vi fiska med noko som likna
på kraner og andre fiska med
vanlege fiskestenger. Eg, Olai
og Morten fekk opp den største fisken. Ingrid Marie fekk
den minste (men den var
stor den og). Og då vi kom til
kaia att var vi altfor seine, så
drosja skulle til å køyre heim,
men vi rakk den akkurat.
Fredag 5. juni
Vi lagde fiskekaker saman
Inger Johanne og Beate. Vi
var inne på kjøkenet to og to.
Klokka 11.30 hadde vi festmåltid med fiskesupe, fiskekaker og steikt og kokt fisk.
Det smakte godt. Dette har
vore ei kjempekjekk veke!
MAT: Det vart rikeleg til at alle fekk mette seg under festmåltidet fredag. Her ser frå venstre fiskekakesteikarane Olai M. Torvanger, Maria S. Sandnes, Ingrid Marie Eikrem, EvyKarita Kanestrøm og Inger Lise Breiteig framfor bestemor og sjefskokk Inger Johanne Vik,
medan Jakob Nygård hjelper rektor Jan med jamning til fiskesuppa.
RESULTATET: Susann R. Stave (t.v.) lurer på om Petrine
Y. Sjåstad likte fiskesuppa. Og den smakte kjempegodt,
syntest ho.
KRY: Ola Ystebakk Sjåstad viser
stolt fram fangsten som han og
Wenche Rusten har fiska.
SYNSTE MØRE
10 TORSDAG 10. JUNI 2010
Songarstemne i sprud
I to dagar til endes
baud ni kor opp til
musikalsk fest då Vanylven blandakor arrangerte songarstemne
på Åheim.
HÅVARD PARR/KJELL BRENNE
VERTAR: Vanylven Blandakor var vertsskap for songarstemnet på Åheim. Forutan å stå som arrangørar for det imponerande stemnet gav dei fleire gode framføringar. I Vanylven kyrkje opna dei konserten med ei konsentrert framføring ein krevjande arrangert ”You´ll never walk alone” og ei flott tolking av Cohen-låta ”Halleluja” (FOTO: Håvard Parr).
Stemnet er eitt av to i regi av
Norges korforbund Sunnmøre
denne sommaren. At dette
skulle verte ei korhelg for minnebøkene, stod klart frå fyrste
konsert.
Under kyrkjekonserten i
Vanylven kyrkje laurdag ettermiddag kom den makelause
klangen i steinkyrkja til sin rett.
Arrangørkoret, med kvinnerekka i nysydde songarkjolar,
fekk opne det heile og synte saman med dei andre lokale kora:
Rovde blandakor, Mannskoret
Frendar og Syvdeklang, at besøk og stemne hevar nivået.
I opningsnummeret, ”You´ll
never walk alone” sette Vanylven blandakor stemninga med
sine tette akkordar. Frå dei andre lokale kora kan vi nemne ei
klokkeklår framføring av ”Lei
meg Gud” frå Rovde blandakor
med solist Paul Sindre Vedeld.
Mannskoret Frendar synte ein
imponerande dynamikk i si
framføring av J.A.Josephsons
komposisjon over Kyrie Eleison. Og vi fekk eit særmerkt
nummer signert Beethoven i
"Ode an die Freude" frå Syvdeklang.
Dei besøkande i Ørskogkoret, Brattvågkoret, Kor for oss,
Skodje blandakor og Velledalskoret gav bidrag som i sin
kvalitet og variasjon gjorde kyrkjekonserten fullkomen. Spesielt imponerte vart vi av Velledalskoret. 17 songarar var dei,
men med ei kraft og ein presisjon som gjorde avslutninga av
SONGARTOGET skapte god stemning på sin veg gjennom bygda. Her ser vi Ørskog blandakor (FOTO: Kjell Brenne).
TAKK: Leiar av Vanylven Blandakor, Sølvi Sæther, får under
songarfesten muntert takk frå ordførar Jan Helgøy og kulturleiar Jermud Rekkedal (FOTO: Håvard Parr).
DEBUTANTAR: Første songarstemne for nystarta Syvdeklang,
dirigert av Gunn Toril Stubmo. Her under kyrkjekonserten
i Vanylven kyrkje, med den fengjande spiritualmelodien
”Come along” (FOTO: Håvard Parr).
SONGBYGDA: Rovde blandakor er leid
tradisjonane i songbygda vidare. Und
Brenne)
SYNSTE MØRE
11 TORSDAG 10. JUNI 2010
lande songglede
Tre generasjonar
konserten, med ”I will praise
thee, o Lord” til eit absolutt
høgdepunkt.
Songarfest
Laudagskvelden var det songarfest i Olivinhallen for dei
nær 250 koristane som vitja
Vanylven. Sosakjøt, utdeling av
heidersteikn frå korforbundet,
helsingar, Beatlesprogram frå
arrangørkoret og dans er stikkord vi nemner.
Gudsteneste
Søndag føremiddag byrja med
gudsteneste i St. Jetmundskyrkje, der Velledalskoret fekk representere songarstemnet.
Seinare var det tog gjennom
Åheimsbygda, fargerikt som
det vart med mange faner og
kledelege uniformer i det fine
veret.
Profankonsert
Litt lausare i snippen, men med
same kvalitetsnivået på innhaldet som kyrkjekonserten var
profankonserten i Olivinhallen, eit verdig punktum og ein
halvannan time demonstrasjon
på struttande songglede som
spente frå det fløyelsfine, det
høgverdige til eit avslutningspotpourri av sekstiåras langhåra beatmusikk. Vanylven Blandakor sitt punktum gjorde så
visst ikkje skam på Beatles-ane
Lennon/Mc Cartney sine klassikarar, prega av noko av det finaste av dåtida sitt popinnhald
med stemningsvare musikalske
overgangar. Skilnaden låg i salen. Sølvi Myklebust si tropp
utløyste kun feite og sømelege
klappsalvar der Liverpoolgutane utløyste hysteri. Noko anna
var vel ikkje venta!
VELLEDALSKORET, bidrog
med sine perfekte framføringar til ei rikhaldig gudsteneste i St. Jetmunds kyrkje
(FOTO: Kjell Brenne)
Lennon/Mc Cartney fann vi
også att i Syvdeklang sin "Michelle". Koret er ei mektig gjenreising av songkreftene der i
bygda. Frendar heldt seg også
i den lette stilen, den eine ein
fornorska versjon av den amerikanske entertaineren "Side by
side" og Rovde Blandakor drog
salen over i den romantiske
verda med sin ”Over the Rainbow”.
Gjestekora sine innslag viste
at det går an å kombinere høgt
prestasjonsnivå og trivsel.
Mange trottige øvingar ligg bak
det som vart eksponert i Olivinhallen.
dd av ein engasjert dirigent Rolf Aasevik Dyb og synte under stemnet at rovdestrandingane ber
der profankonserten i Olivinhallen gav dei oss ”To trøytte fuglar” og ”Over the rainbow” (FOTO: Kjell
Rovde er korbygda framfor
nokon. Etter songarstemnet
i helga finn vi ingen grunn til
å endre på den statusen. For
som han fortalde presten etter
gudstenesta i St. Jetmund: Han
skulle til Rovde å halde gudsteneste og var ikkje sikker på om
der var att folk der i bygda når
det var songarstemne andre
stader!
Flust med korkrefter frå Rovde var der i alle fall på Åheim.
Og skal vi gå ut frå det vi talde
opp av songarar i Rovde Blandakor, så sveiper koret innom
dei fleste tun frå Syvdsneset
og innover stranda. Stolte kan
bygda vere av det som vart vist
fram, ei kulturkraft til glede for
både tilhøyrarar og kormedlemmene sjølve. Så er koret
tufta på dyktige aktørar, fleire
med lang røynsle, ein berande
merg i sjølve korstammen. Når
så Rolf Aasevik Dyb intenst gir
meir enn seg sjølv i dirigentrolla så blir dette veldig bra.
I dette koret fann vi også eit
Full pakke
Oddrun og Ingvald Almklov
frå "Hauen" i Almklovdalen
fekk med seg det meste av det
som skjedde på Åheim søndag
under songarstemnet. Dei tok
laust heimanfrå i god tid før det
kalla til gudsteneste i St. Jetmund. I den vakre steinkyrkja
fekk dei, attåt preika, med seg
Velledalskoret sine imponerande framføringar. Her fekk dei
nyte den enkle, men fine ”Med
Jesus vil eg fara”, ein salme som
har nådd dei fleste. Lagra i minnet også frå barneåra, den gongen Oddrun og Ingvald i kvar si
FOTO: Kjell Brenne
familiespenn over tre generasjonar, alle med etternamnet
Vedeld.
Eldstemann er Pål, ein kar
med lang songkarriere. 53 år i
songkor! Rovde Mannskor, tidlegare Rovde songlag som no
er blitt Rovde Blandakor. Og
siste ti-året også i mannskoret
Frendar. Slikt står det respekt
av.
Sonen Paul Sindre har gått
i faren sine fotspor og tel no
20 år som songfugl. Han tok til
først på åttitalet og har for det
meste sunge i Rovde Mannskor
og Rovde Blandakor. Han deltok også eitt år i Frendar. Paul
Sindre har ei malmfull tenorstemme og vore solist i fleire
oppsett.
Yngsteskotet i Rovdekoret
er Audhild. 15 år og konfirmant
i år. Ei nystarta korkarriere som
sikkert vil vare godt inn i framtida. Eit lite dristig tips, skulle
vi tru. For i følgje faren så syng
jenta mest heile døgnet! Det lovar godt.
FOTO: Kjell Brenne
skulestove, i Dalsbygda og på
Hellebust, saman med læraren
sin og dei andre, avslutta skuledagen ståande ved pulten med
denne skatten av Elias Blix.
– Vi har sett av heile dagen
til kultur, fortalde Ingvald til
oss etter preika. For dei var Olivinhallen og Profan-konserten
neste mål.
Her på biletet er dei knipsa
då det heile var over, bilen og
heimvegen venta:
– Ein strålande dag på alle
måtar, var kommentaren frå
begge.
SYNSTE MØRE
12 TORSDAG 10. JUNI 2010
Regjerer på Tunheimshornet
Ingen kunne i år gjere
Oskar Nygård Thunem
og Bjørn Tore Haugen
rangen stridig som
kongar av Tunheimshornet.
OLE MAGNE KVALSVIK
Medan dei for to år sidan fekk
ein viss konkurranse, var dei
i år suverene om å vere flest
gongar oppe i Fiskå IL sin maikonkurranse, som annakvart år
går på Nupen og annakvart år
på Tunheimshornet. 33 registreringar vart det i mai månad i
år, noko som betyr at dei nokre
dagar var to gongar.
– Eit par dagar var vi rett ned
og opp att, medan vi andre dagar tok ein tur rett etter skulen
og så ein tur på kvelden, fortel
Oskar.
65 ulike personar har registrert
seg på toppen i mai. At dei to
kompisane hamna på like mange turar er ikkje tilfeldig.
– Nei, vi planla å vinne i lag,
seier Bjørn Tore.
Vi spør om ikkje einkvan av dei
var freista å snike seg opp ein
ekstratur seint på kveld siste
dagen, men slikt gjer ikkje kameratar.
Fotballspelaren Oskar er nok
likevel den sprekaste av dei to.
– Bestetida er ti minutt og tretten sekund, kan han fortelje.
Kanskje er det difor Bjørn Tore
er litt oppteken av at huset til
Oskar skal syne i bakgrunnen
på biletet.
KVILE: Vi veit ikkje kor mykje
aktive karar vil nytte dei to
tøykrakkane med Fiskå ILlogo som dei fekk i premie
for å ha vore flest gongar
på Tunheimshornet i mai
månad, men i to år kan dei
no sitje på tittelen ”Konge av
Tunheimshornet”.
Med smil og sveitte
Enøk-senteret AS er eit rådgjevingsfirma med solid tverrfagleg kompetanse innan effektiv og miljøfokusert energibruk. Vi arbeider over heile landet og er engasjert hos ei
rekkje private og offentlege verksemder. Selskapet er ein
del av Tussakonsernet. Enøk-senteret søkjer person med:
INGENIØR / MILJØKOMPETANSE
Sterkare energi- og klimafokus gir ein aukande
marknad for tenestene våre.
Aktuelle oppgåver i stillinga:
- Prosjektleiing og rådgjeving.
- Tiltaksanalyse med konkrete sparetiltak.
- Energiombod i byggjeprosjekt.
- Energimerking.
- Avfallshandtering.
- Opplæring og anna informasjonsarbeid.
- Driftsstøtte og energikontroll.
- Miljøsertifisering.
Kvalifikasjonar:
- Siv.ing.- eller ingeniørkompetanse innan VVS,
elektro eller automasjon.
- Kandidatar med anna relevant realkompetanse/
erfaring, primært på høgskulenivå.
- Evne til teamarbeid og sjølvstendig strukturert
arbeid.
Ta gjerne kontakt med dagleg leiar Torger Mjønes på
tlf. 922 57 922 for ytterlegare opplysingar.
Send søknad med CV og attestar til:
[email protected], eller som brev til:
Enøk-senteret AS, Hovdebygda, 6150 Ørsta
Kvar måndag kjem ein
blid gjeng på bygdene
i ytre i lag til sosiale og
varierte trimturar.
OLE MAGNE KVALSVIK
Det er Åram IL som står i spissen for trimkarusellen som
vart starta opp først i mai. Det
er lagt opp til åtte varierte turar på ulike ruter, frå Lidane i
Brandal, til Espeneset og avslutningstur til Åramvatnet 28.
juni. Den eine måndagen fall og
på 17. mai, så då var folketoget
trimturen for dagen.
Søknadsfrist: 28.06.2010
enok-senteret.no
– Det har vore omsnakka i
idrettslaget lenge, utan at det
har vorte noko av, så under
eit møte i økonominemnda bestemte vi oss for berre å starte
opp. Du kan godt kalle det eit
prøveprosjekt, men det har
vorte så godt motteke at no
kjem vi sikkert til å halde fram
etter sommaren, fortel leiar
i nemnda, Oddrun Kobbevik
Oldeide.
Rundt 30 personar frå Hakallestranda, Brandal og Nordstranda har vore med dei tidlegare
gongane, og denne måndagen
fann vi også ein syltefjording i
gruppa.
– Det er i utgangspunktet tenkt
Åram krins, men her set vi ingen grenser, så dei er velkomne
også frå andre bygder, seier
Oldeide.
Derimot fann vi måndag ingen
menn blant deltakarane.
– Er dei litt slappe av seg?
– Nei, eg trur ikkje det, og det er
første gongen det ikkje er med
nokon mannfolk, men du kan
gjerne skrive at vi vil ha med
fleire, også av dei, ler Oldeide.
TRIMKARUSELL: Turen måndag gjekk opp på Hammaren
og rundt. Her ser vi nokre av
deltakarane nesten oppe. I
fremste gruppe ser vi frå venstre Helene Rønnestad, Ann
Elin Hammer med Kristine,
Linda Krøvel, Grete Bellen,
Bak frå venstre: Målfrid
Emblem, Laila Benjaminsen,
Lisa Karin Molvik.
Framme frå venstre: Grete
Bellen, Anne Kragset, Kamilla Rønnestad, Ronja Strømsnes og Merete Bellen. Bak
ser vi Kristi Molvik, Laila
Benjaminsen, Jorun Fluevåg,
Målfrid Emblem og Lisa Karin Molvik
SYNSTE MØRE
13 TORSDAG 10. JUNI 2010
Skyting for dei utan dress
Det var dei utan skytedress som stod i fokus
på Lisjeeide søndag,
då Fiskå Skyttarlag arrangerte “Skytingens
dag”.
OLE MAGNE KVALSVIK
Tolv unge skyttarar, to damer
og nokre karar møtte fram under strålande forhold. Dei fekk
prøve skyting både på papp og
elektronikk. Dei fleste av dei
unge hadde gått Skyteskulen
som vart halden på Åram i vår
og viste at lærdomen der i frå
sat.
Alle som prøvde seg fekk diplom og belte frå Det Frivillege
Skyttarvesen (DFS). Særleg
viste dei to damene som var i
elden imponerande skyting.
– Det spørst om vi må starte
eiga dameskyting, meinte sjefen sjølv, Erling Sylte.
Elles var det både vaflar, saft og
kaffi for dei som møtte opp. Og
for dei med skytedress, dei garva skyttarane, var det skyting
til dugleiksmerke.
TIDLEG KRØKAST: Skytingens dag har som mål å
rekruttere nye skyttarar.
Då skulle det vere godt
håp både for Eirik Munck
(fremst) og for Sara Anett
Rusten Helland, som her
studerer pappa Kenneth i aksjon (FOTO: Laila Haugen).
Aktiv aktivitetsdag
Det var aktivitetar
med liv og lyst då Fiskå skule fredag hadde
aktivitetsdag.
OLE MAGNE KVALSVIK
Juni er tida for idrettsdagar,
turar og aktivitetsdagar på
skulane. Vi stakk oppom på
Fiskå fredag. Der hadde dei
først hatt tradisjonell idrettsmerketaking. Då vi kom var
det ulike postar som 7. klasse
hadde laga til og hadde an-
svaret for, som pilkast, erteposekasting, pil og ballong, og to
av postane fekk dei til og med
kaste våte svampar og sprute
vatn på sjuandeklasingane som
hadde dei postane. Det var populært!
Ein merke –leg gjeng
TAUDRAGING: Her er det
Karoline Sætre, Jonas Grønvold, Magnus Fiskaa og Jonatan Vaksdal som gir det dei
har, oppelda av heiagjengen
på tribuna.
Etterpå var det spanande tau- dagen med fotballkamp, der
draging mellom dei ulike grup- alle elevar som ville fekk spele
pene. Her var det innsats så i eit cupsystem
grusen spruta og enkelete fekk
skava bort hud i nevane. Til
slutt var det gruppe sju som
gjekk av med sigeren. Så enda
Ope møte om
Volda sjukehus
Volda turisthotell 14.06.2010 kl. 19.00.
Innleiing ved stortingsrepresentant Are Helseth,
Helse- og omsorgskomiteen.
Stortingsrepresentant Tove Lise Torve.
Fylkessekretær Egil Ekhaugen.
Debatt.
Volda Arbeiderparti ynskjer alle velkomne.
Det har siste to åra føregått
mykje merking av stigar i
fjellet rundt i bygdene våre i
samband med turkarta som
har vore laga. Tysdag sist
veke brukte denne gjengen
ettermiddagen til å merke
ruta frå Idar Berget og opp
på Løvollsnipa. Og jammen
lurte dei og ein avisskribent
til å slite med seg nokre merkestikker oppover. Onsdag
var dei så attende i sipande
regnver og rydda nedste del
av råsa, slik at det no skulle
vere greitt å finne fram for
alle som har lyst å ta turen.
MERKING: No har Åheim
fått merka sin Route 66 .
Leiar i trimgruppa i ÅIL,
Odd Westerås, ber tungt
i sekken i nedste del av
råsa som vart merka sist
veke. Han får assistanse
av Wenche Anita Haugen
Thue (t.v.), Iren Synnøve
Karlsen og kjentmann
Idar Berget, som har teke
fram koppen for ei lita
kaffipause (FOTO: Ole Magne
Kvalsvik)
God sprint i Ørsta
Denne helga var det
Sparebankleikane i
Ørsta som stod på
programmet for Kristina Thunem.
OLE MAGNE KVALSVIK
Som vanleg kom det beste
resultatet i kule, men også 60
meter må ho denne gongen
kunne seie seg svært nøgd
med resultatet 8,88 i lett motvind. Dette resultatet gir 912
Tyrvingpoeng.
Resultat:
Jenter-12
60 m:
1. Kristina Thunem, Fiskå IL 8,88
600 m:
2. Kristina Thunem, Fiskå IL
2,03,32
Kule: (2,0kg)
1. Kristina Thunem, Fiskå IL 9,61
Lengde:
1. Kristina Thunem, Fiskå IL 4,25
Spyd: (400gr)
1. Kristina Thunem, Fiskå IL 23,00
Rekrutt 6 år
Lengde:
Nikoline Thunem, Fiskå IL 1,55
Liten ball:
Nikoline Thunem, Fiskå IL 8,15
NØGD: Kristina Thunem
14 TORSDAG 10. JUNI 2010
BILLETTAR:
Postens Billettservice
Tlf. 815 33 133
www.billettservice.no
LOKALT BILLETTSAL:
Sjå: www.vanylvsfestivalen.no
Takk - Berre BRA AS, Namsos. Trykk: Trykkpartner LADE.
SYNSTE MØRE
SYNSTE MØRE
15 TORSDAG 10. JUNI 2010
Notsekk til ved
Til alle våre flittige
Synste Møre-lesande studentar!
Dette er siste avisa for deg som har student-abonnement!
Vi ynskjer deg GOD SOMMAR og velkomen tilbake til hausten!
Du må sjølv ta kontakt for å fornye abonnementet ditt då.
Er du derimot ferdig med utdanninga di, og ynskjer vanleg halv/heilårsabonnement - ta kontakt snarast - så unngår du stogg i avisa! Du
kan også få avisa som pdf på mail! Ring tlf. 700 20 820 eller send
e-post til [email protected]
Super tørke- og transportsekk for ved. Leveres
med plano bunn eller
bunntømming.
www.espegard.no
Mykje nytt i
solskjerming!
3570 Ål Tlf 3208 6330
Rullgardin, lamellgardin, plisségardin, persienner...
synste.no
6140 SYVDE tlf. 700 20 800
Vegen til golf
Vanylven Golfklubb tilbyr
praktisk opplæring i golf,
kvar torsdag frå kl. 18.00 på Eidsåvoll
Tips oss når noko skjer!
Vanylven - Sylte
Attraktiv einebustad med naust
Prisantydning: 1.590.000,- + ca. 2,6% omk
Areal: P-rom/bra/bta 183/221/244 m2
Byggeår: 1987. Tomt: 1139 m2
Adresse: Sylte
Visning: tysdag 15/6 kl. 18-19
Ansvarleg meklar: André Kragset
Telefon: 47 80 85 85
Sjå meir på www.kragseteigedom.no
Vanylven - Sylte
Velholdt einebustad med nausttomt og utsikt
Prisantydning: 990.000,- + ca. 2,6% omk
Areal: P-rom/bta 141/152/168 m2
Byggeår: 1988. Tomt: 1135 m2
Adresse: Sylte
Visning: onsdag 16/6 kl. 18-19
Ansvarleg meklar: André Kragset
Telefon: 47 80 85 85
Sjå meir på www.kragseteigedom.no
Tlf. 700 555 00
www.kragseteigedom.no
Din eigedomsmeklar i ditt nærmiljø
Johnny Kragset
Anita Arnesen
tlf. 97 51 59 40
tlf. 95 22 69 95
Eigedomsmeklar MNEF
Dagleg leiar
Terje Lillås
André Kragset
tlf. 97 95 55 92
tlf. 47 80 85 85
Eigedomsrådgjevar
Eigedomsrådgjevar
SYNSTE MØRE
16 TORSDAG 10. JUNI 2010
INNLEGG
Negativt i Synste Møre?
Henning Thunem og Åge
Storeide hadde i førre avis eit
tilsvar til saka vi hadde 27. mai
med overskrifta ”Reagerer på
kommunal hogst”. Dei meiner
at vi har skrive negativt om
NorThun og etterlyser positiv
vinkling av lokalt næringslivsstoff. Dei går vidare inn på ein
del detaljar om tre, avstand frå
veg m.v.
Saka avisa skriv om, byggjer
i utgangspunktet på eit klagebrev som er sendt frå ein oppsitjar til kommunen. Vi oppfattar det slik at det er kommunen som er ansvarleg for
varsling og vurdering av kva
tre som skal ryddast unna av
trafikktryggingsomsyn. Det er
også dei som er ansvarleg for
at det er samsvar med varsling
og hogst. Det er altså to partar
i denne saka: grunneigar og
kommunen. At kommunen leiger ein entreprenør (NorThun)
til å utføre arbeidet, endrar ikkje på kommunen sitt ansvar.
Vi har late begge partar kome
til orde, men som det gjekk
fram av reportasjen, ville den
ansvarlege i Vanylven kommune, på det tidpunktet artikkelen
vår vart skriven, ikkje uttale
seg konkret om påstandane
som vart sette fram, før han
hadde sett seg betre inn i saka.
Det måtte vi respektere, sjølv
om vi ideelt sett hadde ønskt å
få begge partar sitt syn i same
avis. Kommunen sitt tilsvar
fekk plass i siste avis. Som det
gjekk fram der, valde kommunen å argumentere på formelt
grunnlag og ikkje gå inn på
dei konkrete ankepunkta. Dei
om det.
Saka handlar altså, slik eg ser
det, ikkje om dei som har utført hogsten. Dei har, går eg
utifrå, berre gjort som dei er
blitt bedne om. Såleis kan eg
heller ikkje sjå at dette er ei
negativ omtale av NorThun.
Vi har sett fokus på ei sak
der ein privatperson meiner
seg urettvist behandla av styresmaktene – i dette tilfellet
kommunen. Å omtale slike saker er – mellom mange andre
– ein del av samfunnsoppdraget ei avis har, om ho er aldri
så lokal.
Vidar Parr
redaktør
Velvære og
verdighet for de eldre?
Jeg ønsker med dette å stille
et åpent spørsmål til leder for
livsløpsutvalget, Lasse Rindal, i
Vanylven kommune.
Som pårørende til beboere på
Vanylven sjukeheim er jeg både
overrasket og sjokkert over at
de eldre kun får dusje 2 ganger
pr måned. Jeg ønsker derfor en
redegjørelse fra Lasse Rindal
om bakgrunnen for dette. Dette
kan umulig være et spørsmål
om penger, men heller om prioritering?
Jeg har begge mine foreldre
på Vanylven sjukeheim. Jeg er
godt fornøyd med den jobben
de ansatte gjør og vil gjerne
rette en stor takk til alle.
Det faktum at min far skal bli
dusjet 2 ganger pr måned kan
jeg ikke godta! Han føler selv
stort ubehag ved dette. Jeg
oppfatter det svært uverdig at
han og andre beboere skal behandles på denne måten. God
personlig hygiene og velvære
er viktig også for de eldre! Det
er snakk om verdighet!
Jeg har vært i kontakt med ordføreren og ble henvist videre
til Lasse Rindal, som leder for
livsløpsutvalget. Svaret han lovet har ennå ikke kommet.
Jeg vil gjerne også høre politikernes og andre pårørendes
syn. Er det slik vi ønsker å behandle de eldre og er det en slik
behandling politikerne selv ønsker å få når de en gang i fremtiden blir beboere på Vanylven
sjukeheim?
Rigmor Brataas
Situasjonsrapport frå Syvde kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i Kina
På Den Norske Misjonsallianse
si heimeside (www.misjonsalliansen.no) finn ein no eit reisebrev frå foreldra til norske
utsendingar for organisasjonen
i Kina. Dei fortel om besøk i
Sichuanprovinsen, der ein mellom anna finn «lepralandsbyen»
Ta Er Ti. Syvde kyrkjelyd har
hatt sitt misjonsprosjekt her
sidan 2007. Vi har hittil sendt
nesten 30 000 kr og har bunde
oss til minst 8 000 kr kvart av
dei neste to åra. Brevet fortel
om landskap, tørke og vegstandard, men framfor alt om møte
med menneske. Nedanfor kan
du lese eit utdrag av artikkelen
(omsett til nynorsk):
«Det vart eit usedvanleg sterkt
møte med folket i landsbyen.
Det budde om lag 300 menneske der og det var stor fattigdom. Husa var små, bygde
av tre eller leire. Som regel
hadde dei berre eitt rom. Dei
hadde lite vatn, ein felles vasskrane ute som Misjonsalliansen har gjeve hjelp til. Så det
var vanskeleg med hygiene.
Toalettilhøva var heller ikkje
gode, stort sett berre eit hol i
bakken. Straum var det dårleg
med, men Misjonsalliansen har
i samarbeid med myndigheitene støtta bygging av biogassanlegg. Slik kan innbyggjarane
bruke gassvarme frå dette anlegget til å koke maten sin. Men
vedlikehald var ei utfordring.
Mange her var analfabetar ...
Under eit møte vi hadde med
landsbykomiteen her gjorde
dei det klart at framleis hjelp
til skule/utdanning var det dei
såg som det nødvendigaste.
Misjonsalliansen har mellom
anna gjeve hjelp til å etablere
ein skule frå 1. til 7. trinn og ein
liten helseklinikk. I klinikken var
det no inga bemanning, men tre
ungdomar frå landsbyen er no
i ferd med å utdanne seg til å
kunne arbeide ved både skulen
og helseklinikken. (Det er ut-
danninga til desse ungdomane
Syvde kyrkjelyd støttar.) Desse
møtte vi seinare på turen. Dei
var klare på at dei ville attende
til landsbyen for å hjelpe, noko
som gjorde sterkt inntrykk. Dei
hadde opplevd andre måtar
å leve på, men ville like vel attende til fattigdomen for å bidra til forandring. Lojaliteten til
familien er sterk her, noko som
heng saman med tilstanden på
velferdsordningane. Besøket
vårt gjorde inntrykk, fordi det
framleis er mykje frykt for sjukdomen og for folk som kjem
frå denne landsbyen. Dei blir
«sette i bås», og det at gjestar
som ikkje er redde for dei kjem
til landsbyen, er med på å opne
opp. Ein av dei sa at bistandsarbeidet som var gjort her var uttrykk for ei omsorg som varma,
og som var langt større enn det
dei hadde kunna våge å vone
på.»
Dette vesle glimtet viser at
varme hjarte i Syvde kyrkjelyd
er med på å gjere ein stor skilnad for menneska i eit anna lite
lokalsamfunn ein annan stad i
verda. Det er betre å tenne eit
lys enn å forbanne mørkret.
Helsing Aage Gunnar Strand
(soknerådsleiar i Syvde)
For gamle plakatar
Bremanger Quarry er ei av dei største gruvene i
Norge. Den har enorme reservar av sandstein av
høg kvalitet, og ligg på Dyrstad i Bremanger.
Produksjonsprosessen er unik ved at ein brukar
tyngdekraftsenergi til å knuse mesteparten av steinen. Gjennom produksjonsprosessen blir
det generert eit overskot av elektrisk kraft som blir levert tilbake til el-nettet. Gruva ligg ved
eit skjerma område nær open sjø, og kan ta imot dei største bulk-båtane for lasting ved eige
kaianlegg. Gjennom respekt for miljøet, og ved å bruke en berekraftig produksjonsprosess,
sikrar Bremanger Quarry kontinuitet, kapasitet, og leverer råvarer av høg kvalitet.
Bremanger Quarry har ledig stilling som
Folk på Åheim kjem med kritikk av plakatkulturen i bygda
og meiner her trengst ei oppstramming på opp-ned tidene
for plakatane. Det vert slurva
med å ta nedatt plakatane etter
at arrangementet er ferdig. Serleg påpasseleg må ein vere når
ein hengjer opp plakatar med
tida "i dag" og i "i kveld". Det
er ikkje bra når plakatane i sentrumskrysset lyser av "i dag"
på noko som har gått føre seg
dagen før og som ikkje er fastlåst med dato. Når det til dømes står fotballkamp "i kveld"
på ein kamp som har gått av
stabelen for fleire dagar sidan,
så er dette villeiande. Eller når
det på same strategiske staden
slår imot deg teksten "Songarstemne" med ei pil oppover
mot hallen to dagar etter at det
heile er over, har veggen gått
frå statusen "det som skal skje"
til "det som har skjedd."
– Eit plakatoppheng forpliktar den som set han opp til
også å syte for å ta han ned til
rett tid. Her må mange bli langt
flinkare, meiner folk til Synste
Møre.
GRAVEMASKINSJÅFØR/
DUMPERSJÅFØR
Vi søkjer maskinførarar med relevant erfaring på gravemaskin og dumper.
For stillingane ønskjer vi dyktige og samarbeidsvillige personar med gode
holdningar, som er ansvarsbevisste og sjølvstendige. Har du desse kvalifikasjonar er du komen til rett plass!
Sertifikat: Maskinførarbevis og førarkort kl. C er ønskjeleg. Vi kan tilby:
• gode vilkår
• moderne maskiner (gravemaskin Komatsu PC 800 og PC 1250 ), dumper
Komatsu HD605 og CAT 775
• fast jobb etter prøvetid for den rette.
Kont. pers. Bianca Sastalla, 57 79 66 00.
Er dette interessant for deg kan du sende CV m/referanser på
[email protected]
SYNSTE MØRE
17 TORSDAG 10. JUNI 2010
Kom innom til ein
triveleg handel!
÷ 40%
på alt frå
JANUS!
Solbriller med styrke
Rodenstock solbriller med eller uten
styrke fra kr. 925,-*
Butikken bugnar av
nyheiter til heile familen.
HAVBLIKK oPTIKK
oPTIKK VOLDA
Sjøgata 3 – 6065 Ulsteinvik – Tlf. 70 01 34 34
Halkjelsgt. 13 – Volda – Tlf. 70 07 70 19
*Gjelder styrker +/- 4 cyl -2 (kun Perfalit 1.5). Ekskl. innsliping og arbeidstillegg.
Vi feirar sommaren med å slå av
÷25 % på alle barnekle
fredag 11./laurdag 12. juni!
Se bedre.
når noko skjer - synste.no
Startpakke fasadestillas
på 66 m2 (77m2) komplett med hengar
Stillasets lengde er
12 m, bredde 0,74 m,
platthøyde 4 m.
Stillasets totale høyde
med rekkverk er 5 m
+ justerbare ben på
70 cm (5,7 m).
Hengeren kan
romme opptil 132 m2.
Kampanjepris
66m2 stillas (som bilde) Fraktfritt levert.
Nå kr.
29.160,- eks. mva
66m2 stillas m/henger
37.900,-
kr.
eks mva. og frakt
Ny frisk, sporty duft fra BURBERRY:
Burberry sport men. Burberry sport women.
Ved kjøp av ei valfri edt/parfyme frå BURBERRY:
Få GRATIS weekendbag (verdi 495,-)
6140 SYVDE tlf. 700 20 800
A.M. VIK AS, 6140 Syvde - Tlf.: 70 02 31 13
Åpningstider: mand. - fred. 09.30-17, laurd. 10-14
SYNSTE MØRE
18
TORSDAG 10. JUNI 2010
Møt stortingsrep. Oskar Grimstad
Tema : Samferdsel og helse
Delta personleg for å gi dine viktige signal
tilbake til Stortinget frå ”grasrota” om saker
du personleg eller lokalsamfunnet vårt er
opptekne av.
BYGGFAG
Nystøl & Fagerhol AS
ϲϭϰϯ&ŝƐŬĊďLJŐĚ
Vanylven
důĨ͗ϳϬϬϮϬϴϯϬͻ&Ădž͗ϳϬϬϮϬϴϯϭ
ͲŵĂŝů͗ƉŽƐƚΛŶLJƐƚŽůͲĨĂŐĞƌŚŽů͘ŶŽ
Påmelding til: [email protected] el. tlf. 41 45 19 59, innan fredag 11.05. kl. 18
Velkommen til ein koseleg sommarfest med god grillmat på grendastova
Åram skule laurd. 12. juni kl. 19. OBS! Ta med heile familien til grillfest.
Kuverpris: vaksne kr. 150/born kr. 75.
Arr. Vanylven FRP
,QYLWDVMRQ
&Z'ϭϭ͘:hE/&Z<>͘ϭϮ͘ϬϬ
&ƌĞĚĂŐϭϭ͘ũƵŶŝǀŝůĚĞƚďůŝĂŬƟǀŝƚĞƚĞƌͬĚĞŵŽĞƌŽŐ
ŵĂŶŐĞŐŽĚĞƟůďƵĚĨƌĂŬů͘ϭϮŽŐƵƚŽǀĞƌ͘
sŝŐŐŽ^ŝŵĂƌƵĚĨƌĂ,ŝƚĂĐŚŝWŽǁĞƌdŽŽůƐEŽƌǁĂLJ^
ǀŝůǀčƌĞƟůƐƚĞĚĞŵĞĚ,ŝƚĂĐŚŝͲďƵƐƐĞŶ
ĚĞŶŶĞĚĂŐĞŶ͘
'ĊŝŬŬĞŐůŝƉƉĂǀǀĊƌĞŶLJŚĞƚĞƌ
ŽŐƐƉĞƐŝĂůƟůďƵĚ͊͊͊
VANYLVEN KOMMUNE
ĞƚǀŝůďůŝĞŶŬĞůƐĞƌǀĞƌŝŶŐƵƚŽǀĞƌĚĂŐĞŶ͘
Vanylven kommune har ledig stilling i:
Kultur og oppvekstsektoren
Fiskåbygd skule - inntil 100% lærarstilling
Søknadsfrist 28.06.2010.
Sjå fullstendig annonse
www.vanylven.kommune.no
Rådmannen
SYNSPRØVE
Off. godkjent optiker
- øye for ditt syn
Tlf. 57 85 15 62 - Måløy
ALPAKKADAG
9HONRPPHQ
søndag 13. juni
- supertilbod på
alpakkakolleksjonen
- alpakkaklipping
- riding og Gråtass
- kortreist servering
Velkomne til gards!
Har du noko du ikkje
treng lenger - eller manglar du eit kvart? Prøv ei
annonse i lokalavisa.
Rubrikk annonser for private under kjøp/sal/leie
kr 50,- pr. innrykk + mva
,/d,/ͳďŝůĞŶŬŽŵŵĞƌ͘͘͘͘
ŬŽŵŵĞƌĚƵ͍
Tips oss på
700 20 820
LANGOPE FREDAG 11. JUNI TIL KL. 18
Tid for vedlikehald og vask
Best
i test!
Oljedekkbeis
10 liter frå
kr. 629,-
Villamaling
10 liter frå
kr. 629,-
ST
I TE IV
T
S
L
BE YTTE
IH
Terassebeis
3 liter
kr. 289,-
Nilfisk
Nilfi
fiskk 120
fi
120. Kr.
Kr 1
1.590
59
90,- Nilfisk 130. Kr. 2.52
90
2.520,-
BYGGFAG
Nystøl & Fagerhol AS
6143 FISKÅBYGD Tlf. 70 02 08 30 Fax. 70 02 08 31 E-post: [email protected]
www.nystol-fagerhol.no
Gjer som oss, sats på kjende leverandørar!
www.byggfag.no
Nordfjord
Bibelsenter
Torvik på Stårheim
søndag 13. juni kl. 16
Leiv Arne Bødal
Alle velkomne!
VANYLVEN KOMMUNE
OFFENTLEG HØYRING
Forslag til detaljplan
Gang-/sykkelveg Tunheim
PPEROC
LOJØLET
20
Laurdag 19. juni
K
Nordstranda grendahus
Møte søndag
13. juni kl. 16
Tale av André Sætre.
Bevertning. Bedehusmusikken.
Indre sjømannsmisjon
19 TORSDAG 10. JUNI 2010
G
SYNSTE MØRE
SANDANE
10
i stort telt ved Combisenteret:
kl. 13-18: Sal av rømmegraut og grilling
kl. 22: Utedans m/grilling og Kruttrøyk
LAURDAG 12. JUNI KL. 18.00:
Formannskapet har vedteke offentleg høyring av forslag til detaljplan for Tunheim. Vi viser til plan- og bygningslova § 12-3 og § 12-10. Formålet er vidareføring
av gang- og sykkelveg i ca 600 m lengde, kombinert
med felles tilkomst for eigedomane i området. I tillegg breiddeutviding og busslommer på fylkesveg 61.
Planområde:
Arr. Fiskå Grønt og Puben
ÅGE ALEKSANDERSEN
& SAMBANDET
AUDREY HORNE
KEEP OF KALESSIN
*
PONY THE PIRATE DAVID URWITZ
PUNCH ROY ARON MYKLEBUST
*
Billettsal: www.billettservice.no
tlf. 815 33133 og
Posten – Narvesen
Konsertar i TRIVSELSHAGEN
fredag 11. juni kl. 20.00.
Lyst til å jobbe på Vanylvsfestivalen?
Du får gratis inngong den dagen du ikkje jobbar,
samt kr. 500 til valfri organisasjon (idrettslag, kor,
korps, 4-H klubb o.l. Verdi kr. 1600,-)
Sjå innom www.vanylvsfestivalen.no
for meir info eller ring/SMS: 95 47 04 52
Jonas Fjeld &
Hilde Heltberg m/band
Billett:
www.billettluka.no/trivselshagen
Generalsponsor:
Leir på Hakallestranda
25.-27. juni. Pris: 420
Påmelding: 70 17 44 00
mail: [email protected]
2SHQ+DQGV
7LGOHJDUH.RLQRQLD
www.glopperock.no
synste.no
SOMMARJOBB
Jente 20 år søker
sommarjobb.
Gjerne butikk, men
alt av interesse.
Disponerer bil.
Mob. 993 08 563
Planen kan sjåast på rådhuset, og på internettadresse
vanylven.kommune.no. Spørsmål kan rettast til kommuneplanleggaren tlf 700 30 073 eller 700 30 000.
Merknader til planen skal sendast skrifteleg til [email protected] eller Vanylven kommune, 6143 Fiskåbygd innan 23.juli 2010 (6 veker).
Sletting av heftelse
etter tinglysingsloven § 32a
Mulige rettighetshavere
til pantobligasjon pål. kr
40.000,- med Vanylven
kommune som panthaver,
tinglyst 28.09.1987, dokumentnr. 4474 med pant i
gnr. 23 bnr. 3 i Vanylven
kommune må melde seg til
Statens kartverk Tinglysing,
3507 HØNEFOSS innen 2 to - måneder etter kunngjøringen i Norsk lysingsblad.
Pantobligasjonen er trolig
innfridd og bortkommet.
Dersom ingen melder seg,
vil heftelsen bli slettet med
hjemmel i tinglysingsloven
§ 32a andre ledd
Bursdagshelsing
er kjekt å få!
Hugs å sende helsinga til
Synste Møre seinast måndag den veka du vil ha den
på trykk. Det kostar ikkje noko,
men ta med både føre- og
etternamn på den eller dei du
helsar til.
Bilete i spalta "fødde",
"døypte" og "gifte" er også
gratis.
Sender du e-post, legg bilete
med som vedlegg, og skriv
helsinga i mailen.
Send til: Synste Møre, postboks 53, 6139 Fiskåbygd,
E-post:
[email protected] eller
lever helsinga direkte til oss i
redaksjonen!
Varmepumper/
kjøleanlegg
salg - service
& kontroll
Tlf. 700 23 990
Reperasjon/
vedlikehald
av motorsag - grasklippar - slåmaskin
påhengsmotor o.l.
Tlf. 700 23 990
$EUDKDP
/DERULHO
%DVV
Tretjære av topp kvalitet
til hytter og hus
direkte til forbruker
3570 Ål
*5(*
0$7+,(621
.(<%2$5'
11.juli 2010 kl. 22.00
på Skibet, Ulsteinvik kr. 1250,Billettane fås kjøpt på Bok & Media og Skibet.
Ver tidleg ute: Kun plass til 80 personar!
12.juli 2010 kl 21.00
på Sjøborg, Ulsteinvik kr. 495,Billettane fås kjøpt på Bok & Media og Sjøborg.
%LOO
:::6-2%25*12
FOTTERAPI
Salg og utleige av:
Minigravar/betongsag/rivingsutstyr/
hageprodukt
-8672
%,//
$/0$5,2
0$;:(//
:22':,1'6 75200(5
Åheimtun tysdag 15. juni
og torsdag 17. juni
off.
godkjent
fotterapeut
Timebestilling
Tlf. 700 23 990
Selje, tlf. 57 85 64 77
Tlf. 3208 6330
www.espegard.no
KJØP/SAL/LEIE
Bobil til leige
Avlessarvogn
Ynskjer å kjøpe
Campingvogn
til leige. 4 personar.
MB sprinter TEC680. Reg.
for 6 pers. Tot.v. 3.800 kg.
Tlf. 700 22 621/900 47 253
skifertakstein.
Tlf. 954 70 452
2 hybler ledig sentralt
i Ulsteinvik. Møblert/stue/
kjøkken/bad/vindfang/egen
inngang. Ikke røyk/alkohol.
Bredbånd. Rolig fam-.område. Enebolig. Fom. 1. juli.
Gangavstand gymnaset/
sentrum. Helst to gutter,
langtidsleie (3 år). Pris e.
avtale. Tlf.: 90 99 65 57
i god stand.
Tlf. 700 21 190
Eigavekt: 950 kg.
Tlf. 415 24 186
Div. gardsutstyr selgast
Underhaug ballelyftar,
ballespyd, vakumvogn
2000l, Samson rørpropell
5 m med vidvinkelaksling,
div. el. gjerdeutstyr, strekkmetall 120x200x3,5 á 5 stk.
Ring 91 64 70 24 PaulVidar Sjåstad, e.kl. 16.
STRAND
STILLAS AS
Vi leigar ut stillas til
bygg og industri.
Stor leveringskapasitet
- avtalt pris.
tlf: 90 91 14 10
www.strandstillas.no
VARSEL OM REGULERINGSARBEID:
I samsvar med reglane i PBL§12 vil vi med dette gjere kjent
at det vert sett i gang arbeid med privat detaljregulering for
delar av gnr. br.nr 148/3 ved Kvia i Sandvika i Vanylven kommune.
Arealet er synt med stipla avgrensing på skissa nedanfor.
Området representerer ei utviding av det eksisterande hytteområdet ”Kvia”, og har fått nemninga ”Kvia 2”. Området skal
nyttast til frittliggande hyttetomter for sal. Det er utarbeidd eit
enkelt planprogram for arbeidet.
Gras og hagemaskiner m.m.
Snapper, Garden Fox
og Hitachi. Stort utval av
motorsager. God garanti!
Gode tilbod! Castrol, Mobil
og Agrip til bil, båt, MC og
maskiner. Smørefeitt som
tåler saltvatn og grassaft
etc. Lave prisar!
Fiskåbygd - tlf. 48 02 68 76
Fe 1
F1
Fritidsbebyggelse
A = 3,5 da
NYTT
PLANOMRÅDE
F2
Fritidsbebyggelse
A = 4,6 da
Fe 1
F3
Fritidsbebyggelse
A = 3,7 da
Fe 1
Felles Grøntanlegg
A = 8,5 da
F4
Fritidsbebyggelse
A = 2,3 da
NYTT
EKSISTERANDE
HYTTEFELT
NYTT
F5
Fritidsbebyggelse
A = 3,4 da
KVIA
Fe 1
Fe 2
Felles Grøntanlegg
A = 7.1 da
F7
Fritidsbebyggelse
A = 9,6 da
F6
Fritidsbebyggelse
A = 7,9 da
4.5
SANDVIKA
28.4
Innspel i saka sendast skriftleg til:
Svein Holmen, Postboks 319, 6101 Volda innan 22. juli 2010
Meir informasjon kan ein få hos:
Svein Holmen, Hamnegata 10, 6100 Volda tlf. 90 84 44 15
e-post: [email protected]
TORSDAG
TORSDAG 10.
JUNI 201010. JUNI 2010
SISTE
20SIDA
SYNSTE MØRE
SYNSTE MØRE
SOL & MÅNE
Sola står i dag opp 03.51, og
går ned 23.25.
Månen står i dag opp 02.14
og går ned 21.40
FLO & FJØRE
Tors.
Fred.
Laurd.
Sønd.
Mån.
Tys.
Ons.
FLO
FLO
FJØRE FJØRE
10.03
10.49
11.34
12.19
00.33
01.17
02.04
22.31
23.11
23.53
13.06
13.54
14.45
04.04
04.48
05.31
06.15
07.01
07.49
08.40
16.20
17.03
17.45
18.28
19.13
20.00
20.49
Alle utrekningar med utgangspunkt i Fiskåbygd.
Kjelde: Statens Sjøkartverk, Tidevasstabellene. Løyve 208/95.
FOR 20 ÅR SIDAN
VestAvisa 14. juni 1990
Åheim skule med i NRK
sin ”fem på” konkurranse
Det var stor stas her eine dagen då NRK-Møre og Romsdal
trekte ut dei som skal delta i
den populære spørjekonkurransen ”fem på” til hausten.
Sjansane for å kome med var
små då heile 130 klasser i fylket hadde meldt si interesse.
Lukka smilte likevel til 4. klasse på Åheim – som ei av dei 16
klassene som vart trekte ut.
(...)Litt ”oppskrudde” over
nyheita var nok elevane dagen etter på skulen og klassestyrar Mariann Kjenstadbakk
måtte nok berre innsjå at det
no vart anna enn dei vanlege
leksefaga som tankane vart
konsentrerte om.
FOTO: Håvard Parr
Årvake moderblikk
Fiskå har aldri hatt noko skikkeleg branntårn, men no har det
kome ei årvåka vakt høgt heva over brannstasjonen. I toppen
av ein avklipt stamme, med ufriserte delar av den stor heggen i
ryggen, verjar måsen egga sine. Så lenge det er opphaldsver må
dette vere ein prima stad å halde bustad, med god oversikt over
aksjonsradiusen til dei små trådnøsta som om nokre veker vil
vagge nyfikne rundt.
PÅ TAMPEN
Gode grunnar til å satse saman
Eg deler nok med mange nå i
desse dagar flotte sanseminne
og sterk glede etter opplevinga
av årets Monsiade. Dette var
femtande gongen og vi blir stadig fleire. Nå var for første gong
også Eid der, med ein stor flokk
av gilde menneske.
Her var fem engasjerte ordførarar frå Søre Luten pryda med
sine glitrande ordførarkjeder.
Her var leiar for Idrettskretsen,
rådmannen vår, vår rikspolitikar Svein Gjelseth, Jens prest
frå Jensiaden i Herøy, og som
alltid Merkesteinane med sin
herlege musikk og song. Her
var Bård Dalen frå Sande, aktivt
engasjert med ein ny aktivitet;
fotball. Her var som før mannskap frå Vanylven Røde Kors
og assisterande funksjonærar
frå Vanylven vidaregåande
skule. Her var den gode, gamle
funksjonærgjengen på plass. Vi
gamle merkar presset frå køen
av nye som ventar på at nokon
av oss etter kvart skal gå ut på
dato så dei får komme til.
Eg trur aldri eg får sjå den da-
gen då Wigdis slepper taket
på sjokoladekassa. Og slik er
vi. Assistanse er kjærkommen,
men å forlate vår opparbeidde
status og posisjon? Nei! Ikkje
før vi rett og slett fell på vår
post.
ADRESSE M.M:
Postboks D, 6139 Fiskåbygd
Telefon 70 02 08 20.
Telefax 70 02 08 25.
Bankgiro: 3972.20.33233
Heimeside: www.synste.no
E-post: [email protected]
BLADPENGAR:
Heilår: 650 kroner
Halvår: 325 kroner
Student (10 mnd) : 350 kr
Tillegg for porto utanom Norden
INNLEVERINGSFRISTAR
for annonsar: Tysdag kl. 14.00
Større forr.ann.: Måndag kl. 16.00
Frå min faste og strategisk
posisjonerte post langs aktivitetsløypa fekk eg nå som før
heie på heile hopen under m.a.
400-meteren; første utfordringa
etter den høgtidlege opningsseremonien og oppvarminga.
Der kom m.a. Sissel Vik frå Sparebanken Møre. Sprek, lettfota
og spenstig kom ho springande
med eit lystig vegg-til-veggsmil.
Som representant for ein trufast Monsiade-sponsor hadde
ho oppfatta at her var det likt
for alle og likestilling på sitt
beste. Ville ho ha mat så galdt
det for henne som for alle dei
andre, mellom anna rullestolbrukarane, at 400-meteren må
gjennomførast. Alle blir vinnarar, - av pølser, saft og brus,
LAYOUT/ UTGIVAR:
Synste Møre AS, 6139 Fiskåbygd
PRENT:
Polaris Trykk Ålesund
kaffi, frukt og kaker. Litt sveitte
skal det koste. Men ingen tårer
då, - full innsats, smil og inderleg glede.
På kjøkenet fann vi som alltid
sjefen Ingrid med sin faste stab,
som alltid godt førebudde og
rutinerte, men nå overraskande utrusta med nye Monsiadeforkle, vårgrøne og i pakt med
årstida for Vanylvens vakraste
eventyr, som ordføraren seier.
Eidsåbygdingane skal vere så
stolte fordi dei eig arènaen og
er vertskap for denne fanstastiske Monsiaden, og har slike
flotte folk som stiller opp, gong
etter gong!
Eg vaks opp som storesøster
til Annlaug som var ”åndsvak”
som det heitte den tida.
For meg vart det ei livsvarig
forplikting å gjere mitt beste,
det vesle eg kan, for alle eg kan
nå som tilhøyrer dei menneska
som, med skiftande gruppenemning, kjem til kort i møte
med eit samfunn som byr på
stadig meir krevjande premissar og dermed skaper funksjonshindringar for så mange.
Så får eg oppleve det fantastisk
gledelege at det nettopp her, i
Vanylven og i grannekommunane, finst så mange kreative eldsjeler som med meg deler opplevinga av kor meiningsfullt og
herleg det er å vere saman med
dei som i dei fleste samanhengar blir rekna som tilkortkomarar og lite produktive.
Gjennom mange år nå har det
vore trufast samarbeid mellom
Monsiaden og Merkesteinane. I
Herøy har Jens prest med gode
medarbeidarar markert seg
ved Jensiaden i kyrkjeleg regi.
Sande har innført sin spesielle
kulturdag på dei utviklingshindra sine premissar.
Tida er inne for samordning og
samarbeidsorganisering og å
samle Søre Luten til eitt frydog glederike. Det må snarast
bli tema for regionrådet!. Selje,
Vågsøy og Eid som alt er med
når det gjeld Monsiaden bør in-
Best lokalt
70 02 08 20
kluderast. Helst og Stryn som
er med når det gjeld Merkesteinane. Finst det uoverkommelege fylkesgrensehindringar
for mellommenneskeleg vennskap, frydefull felleskapsoppleving og kreativ utfalding?
Alle kommunane har tilgjengelege, romslege arènaer, både
utanomhus og innadørs, der
vi kan by kvarandre inn til eit
variert mangfald av aktivitetar.
Saman kan vi fort skape ein
spennande årsplan, bli eit godt
føredøme for andre og dermed
påverke til eit varmare norsk
samfunn.
ASTRID
AARØ ENGEN
[email protected]
PRIVAT-TELEFONAR/E-POST:
Red/dgl.leiar Vidar Parr,
privat 70 02 13 76. mobil, 950 245 48
e-post:
[email protected]
Annonsekons. Rønnaug Søvik privat 70 02 01 38 mobil 951 40755
e-post:
[email protected]
Journalist Ole Magne Kvalsvik mobil 911 84479
e-post:
[email protected]
Journalist Kjell Brenne
privat 70 02 41 22 mobil 950 24553
e-post:
[email protected]
Synste Møre er medlem i Landslaget for lokalaviser (LLA)