Medlemsskriv nr 2 - mai 2014 - Årgang 14 Innhald Ugras i gjenlegg.......................................... s 3 Ensilering i rundballer................................. s 4 Nye ensileringsmidler til rundballer............ s 4 Bruk av strengvender................................... s 5 Hvor tørt bør graset tørkes?........................ s 6 Jevn spredning av husdyrgjødsla................. s 6 pH høgare enn tidlegare anteke.................. s 8 Fokus på hundekjeks................................... s 9 Italiensk raigras overvintret......................... s 9 Noen prinsipper for vatning....................... s 10 Vedlikehald av vatningsutstyr.................... s 10 Kan vi 3-doble avlingen på hamningen......s 11 Avlingsregistrer før ny E6 kommer!............s 11 For lang hå?...............................................s 11 Årsmøte i NLR Gudbrandsdalen................ s 12 Strukturdebatt i NLR sentralt..................... s 12 Informasjon frå NLR Gudbrandsdalen...... s 14 Plantevern i korn sommaren 2014 Arkivfoto Nye middel som er aktuelle innan kornproduksjon er ► CCC Nufarm 750, som er det same som Cycocel 750 (vekstregulering) ► Roundup Flex, som er nyutvikla konsentrert glyfosatformulering (flytande) Allsidig ugrasflora På allsidig ugrasflora har vi mykje dei same middela som var på marknaden i fjor. Det som likevel er viktig å merke seg er at ved einsidig bruk av lågdosemiddel, vil det etter kvart utviklast resistens mot verkemekanismen i slike middel. Difor bør det år om anna nyttast middel med heilt anna verkemekanisme. Hos oss er det størst fare for resistens i vassarve, stivdylle, då, linbendel og hønsegras. Ugrasmiddel som er allsidige og som bryt resistens-faren, er Ariane S, Ally Class og kombinasjon med lågdose som til dømes CDQ + Spitfire, eller Express +Spitfire. Viss ein vekslar år om anna med ugrasmiddel som er resistensbrytarar, vil faren for resistens vere svært liten. Vårkorn utan attlegg Preparat med brei ugrasverknad. Handelsnamn Menge handelspreparat pr daa. Ariane S 200-250 ml Ally Class 3,0-4,0 g CDQ 50ST + klebemiddel 0,15 tablett Express SX + klebemiddel 1,1 g Hussar OD + Renol Max 7 ml i bygg Starane XL +Express 80 ml + 0,5 g MCPA + Spitfire 50 ml + 40 ml Granstar Power SX + klebemid. 80-100 g Pris pr daa for desse preparata varierer frå 7 - 34 kr. Billigast er Express og CDQ, medan behandling mot tunrapp med Hussar OD kostar 24 kr/daa ved 7 ml. Hussar må ikkje brukast i havre. Klebemiddel Det er tilrådd ulike klebemiddel. Nedanfor er oversikt over kva som er mest tilrådd, men andre kombinasjonar er også aktuelle. Hugs å lesa etiketten først! ►DP-klebemiddel : - Til bruk saman med Ally 50ST, CDQ, Granstar Power, Express, Gratil, Puma Extra og Hussar. - Tilrådd dose i korn er 50ml pr 100 liter sprøyteveske. - DP-klebemiddel set ned overflatespenninga og gjer festeevna betre slik at plantevernmiddelet får betre verknad. ►Renol : Vegetabilsk olje: - Til bruk saman med Gratil og Hussar skal det nyttast 50 ml/daa. ►Mero: Vegetabilsk olje: - Til bruk saman med Gratil og Hussar skal det nyttast 50 ml/daa. - Dei vegetabilske oljane påverkar vokslaget på planteblada slik at opptaket blir større og raskare. Sprøyteveska blir jamnare fordelt og festar seg betre til bladoverflata. Tiltak mot floghavre Aktuelle middel: ►Puma Extra - 100-120 ml/daa + DP-klebemiddel - Frå 2-bladstadiet til busking av kornet ►Axial - 70-90 ml/daa - Frå 2-bladstadiet til flaggbladet er synleg. - Det skal gå 10 dagar mellom bruk av Axial og fenoksysyrer. Begge middela kostar frå 23 -30 kr/daa. Korleis kjenne att floghavren tidleg? Den er lett å sjå tidleg og mellom såradene. Flog havren har ikkje bladøyrer, men tydeleg slirehinne og har lodden stilk. Den vrir seg «mot klokka» medan dei andre kornartane vrir seg «med klokka» på 2-5-bladstadiet. Floghavre vrir seg mot venstre og har tydeleg slirehinne, ikkje bladøyrer. Floghavre, har tre utviklingsstadium og frøa har snerp og sit på skålforma feste. Har ein mykje floghare på eit felt, er det heil naudsynt å sprøyte. Er det berre flekkvis og få plantar, kan floghavren haldast ned ved plukking. Dette må gjerast minst tre gonger om sommaren. Sprøyting mot tunrap vart omtala i førre rundskriv. Vekstregulering i bygg ►Moddus 15-40 ml/daa - 1. leddknute til flaggblad under utvikling. - 8 - 22 kr/daa ►Cerone 20-50 ml/daa - Flaggbladstadiet til første snerp er synleg - 4 - 11 kr/daa Tiltak mot sopp Hos oss er det særleg bladflekksjukdomane som dominerer sopproblema i bygg. Dei viktigaste hos oss er grå augeflekk, byggbrunflekk og spragleflekk. Rustsoppar har vi noe av, men er sjeldan eit stort problem. Mykje regn og høg fukt i lufta med høg Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen nr 2-2014 Grå augeflekk Gråaugeflekk temperatur gjer at fusariumsoppar kan utvikle seg heile sommaren, men gjer mest skade når den angrip i akset. Særleg vil smitte under blomstring vere ille. • Sprøyting med 80 ml/daa med Proline når støvberarane er synlege har bra effekt på fusarium. Dette reduserer DON – problema. Mot byggbrunflekk, grå augeflekk og spragleflekk, verkar følgjande soppmiddel: • Acanto Prima 80 g/daa • Stereo 70-100 ml/daa • Delaro 50-80 ml/daa • Proline 40 – 60 ml/daa Mot desse sjukdomane kan sprøytinga starte frå byrjande busking. Byggbrunflekk Byggbrunflekk Pris pr daa varierer frå 20 - 55 kr pr. daa ettersom kva dose og middel som er brukt. Eivind Bergseth I forrige medlemsskriv skrev vi om sprøyting mot frøplanter av høymol i gjenlegg uten kløver. Har du pløyd opp igjen ei gammel eng eller beite der det har vært mye høymol med stor frøproduksjon, må en ikke tro at ei at ei Roundup-sprøyting er nok. Du må regne med en mangeårig kamp for å knekke det flerårige ugraset. I gjenlegg uten kløver vil 250 ml Ariane S ta frøplanter av høymol. Har du nysådd kløvereng og vil ta vare på rødkløveren, kan du forsøke 2-3 g Gratil WB + 50 ml MCPA. Sprøyting når graset er 12-15 cm. Vår kollega Jostein Skretting i NLR Oppland har fått god effekt mot frøplanter av høymol og klengemaure av følgende blanding: 1,0-1,5 g Gratil + 0,07 g Harmony Pluss + 50 ml MCPA Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen nr 2-2014 Foto: Hege Sundet Presisering om ugras i gjenlegg I nysådd kvitkløvereng har vi ingen skånsomme og effektive midler. Dyrk raigras/grønfor i flere år før du sår graset. Gjør ei skikkelig jordarbeiding hvert år. Har du ikke problemer med høymol, er 0,75 g Express + 50 ml MCPA effektivt på vassarve og svært mange andre frøugras. Bjørn Lilleeng
© Copyright 2024