Den norske arkitekturen

SAMFUNN
DAG OG TID FREDAG 25. JANUAR 2013
7
Den norske arkitekturen
I denne serien reiser Ronny Spaans rundt i landet og ser korleis det står til med arkitekturen i norske byar og bygdebyar.
Ronny Spaans er forfattar og filolog.
Kongsberg er Noregs teknologiske hovudstad og ein av dei største innpendlingsbyane i landet. Numedalslågen deler byen i to: Nymoen og Vestsida med Bergseminaret og kyrkja. Spiret på det siste synest på biletet.
Kongsberg: Ein bergstad
som slår sprekkar
Kongsberg vil blåse liv i byen ved å flytta høgskulen inn til sentrum. Men politikarane
gløymde å spørja eigaren av skulen, Kunnskapsdepartementet, om lov til flytting. No kan
heile prosjektet gå i vasken.
RONNY SPAANS
(TEKST OG FOTO)
[email protected]
V
elkomen til Kongsberg,
Noregs mest splitta by! Det
råder så stor mistru og sinne
i byen at det ikkje synest tilfelleleg at Kongsberg Våpenfabrikk
ligg her. Og grunnen til usemja?
Den nye kunnskaps- og kulturparken (KKP).
KKP har ført til at Kongsberg
Høgre har brote saman, at det
har kome mistillit mot rådmannen, og at det har vorte igangsett
gransking av KKP-eigartilhøvet
av korrupsjonsjeger Erling Grimstad og revisjons- og rådgjevingsselskapet hans, BDO.
«KKP tyder ikkje byutvikling,
men byavvikling», varskur ein
kongsbergensar.
Nye bydelar skyt opp som sopp
i norske byar. Bjørvika i Oslo, sørsida i Ålesund og Brattøra i Trondheim. Eit stort hamskifte går føre
seg i norske byar. Men Kongsberg
er den byen der den mest dramatiske endringa skjer. I Noregs eldste industrisamfunn skal ikkje
ein ny bydel reisast, men sjølve
bysentrum skal forskuvast. Det
skal skje ved å reise KKP i gamlebyen i Kongsberg.
KKP skal bli eit fleirbrukshus: høgskule, administrasjonslokale, ungdomsskule, vidaregåande skule, bibliotek og kino
med kulturhus skal inn i same
bygning­en. Kostnaden blir på
godt over ein milliard.
«VULGÆRT, BRUTALT OG
HARRY»
Det fyrste ein gjer når ein kjem
til ein ny by, er å finne fram til
Stortorget. Her ligg sjela til byen
– tenk på «Grand Place», «Grote
Markt» eller «Plaza major» i europeiske byar. Torget er den naturlege kjernen for ein by. Ein kan
ikkje akkurat seia det same om
Kongsbergs midtpunkt. «Stortorvet» lyser det på fasaden til kjøpe­
senteret midt i byen.
«Vulgært, brutalt og harry»,
uttala kunsthistorikar Tommy
Sørbø under ei kåring over
Noregs styggaste bygg i NRK for
tre år sidan. Kjøpesenteret kom
på sjetteplass.
Kommunen har ført ein streng
politikk overfor handelsstanden.
Aktivitet skal haldast inne i sentrum, difor ligg shoppingsenteret her. Men kongsbergensarane
eg tala med, meiner bygget er
så stygt at det heller kunne vore
gøymt bort i ein skog utanfor
byen.
Med åra har senteret vakse
med tilbygg etter tilbygg til ein
uformeleg masse. Sentrumsområdet det ligg i, Nymoen, gjev dessutan eit variert inntrykk. Byg­
ning­ar av vidt ulike stiltypar står
attmed einannan, men er i høgd
og volum samstemde.
I så måte representerer Ny­­
moen eit typisk norsk bysentrum.
Det same gjeld bilbruken som
dominerer i sentrum. Men ting
skjer: No er E134, hovudvegen til
Bergen, flytt ut av sentrum.
RIKSANTIKVAR TRUGA MED
JULING
Kongsberg kan ikkje klaga over
vakre naturomgjevnader. Nybrufossen til Numedalslågen skil
Nymoen frå Vestsida, gamlebyen.
Di lenger vest eg kjem, di vakrare
blir det – men di tomare blir det
samtidig.
Det er trist å sjå Kirketorget,
omkransa av den vakre barokkyrkja og Bergseminaret, livlaust på
ein laurdag føremiddag. Kommunen har alt flytt jazzen og Kongsberg Marken frå Nymoen til Vestsida for å bøte på problemet. Men
det er ikkje nok.
– KKP er fyrste sjanse på tretti
år til å skapa folkeliv på Vestsida,
seier Per Ole Bryn, gardeigar og
lokal eldsjel.
Bryn er personifiseringa av
gamlebyen. Han fortel kva offer
familien hans har gjort for bydelen. Ved godt, gamalt byggjehandverk har dei
halde bygardar ved
like, ofte i kamp
mot rigide reglar
8
SAMFUNN
DAG OG TID FREDAG 25. JANUAR 2013
Stortorvet kjøpesenter (til høgre) er midtpunktet i dagens Kongsberg. Det er kåra som Noregs sjette styggaste bygg. No skal Kunnskaps- og kulturparken (KKP) reisast på Vestsida (til venstre). Det vil forflytta sentrum attende til
gamlebyen. Fleirtalet av innbyggjarane er derimot imot bygget. Det same er riksantikvaren, som seier han gjennom lovverket kan bli nøydd til å stogge prosjektet.
hos riksantikvaren.
– Då riksantikvaren ville forhindre
restaurering av eit bygg ved å
varsle fredingsak, truga eg han
med juling. Han viste seg ikkje
meir!
Bryn vektlegg at dette ikkje
gjeld dagens, men ein tidlegare
riksantikvar.
– Det er krefter som jobbar
imot vitalisering av byen. Spør
motstandarane av KKP kva dei
har gjort for Vestsida!
Kongsbergensarane
eg tala med, meiner
bygget er så stygt at
det heller kunne vore
gøymt bort i ein skog
utanfor byen.
SOSIALDEMOKRATISK
ARKITEKTUR
Ikkje alle er samde med Bryn.
– 70 prosent av innbyggjarane
i byen er imot flytting. Det viste ei
undersøkjing i fjor. Svært mange
ingeniørar i teknologibedriftene
er òg imot. Den som er for, er rektoren ved høgskulen – ho er frå
Drammen og vil kopiere flyttinga
som har skjedd der.
Det seier Kjell Gunnar Hoff,
dosent i føretaksøkonomi ved
Universitetet i Ås. Hoff er frå
Kongsberg og har tidlegare vore
leiar ved Høgskolen i Buskerud.
Eg møter Hoff på Raumyra,
der Høgskolen i Buskerud held
til. Skulen ligg ikkje meir enn
halvannan kilometer unna sentrum. Slike sosialdemokratiske
kommunale bygningar finst det
mange av i Noreg. 80-talsgardiner
i regnbogefargar og lilla trekk på
benkeradene i auditoriet. Jamført
med det nye signalbygget er det
frigjerande at ein har byrja tenkje stil og karakter for nybygg.
Men Hoff meiner innhald er
viktigare enn form:
– Høgskulen fungerer godt
og kan byggjast om utan at leiga
blir auka. KKP er ein blåkopi av
Papirbredden i Drammen, og der
sit kommunen att med ei husleigerekning på 3 millionar kroner
årleg. Kongsberg har ein annan
bykarakter enn Drammen.
TAP AV LEIGEINNTEKT
– Men skal ikkje Vestsida få nye
impulsar?
– Sjølvsagt, fyrsteprioritet er
å få inn eit hotell på Nytorget.
Ein bør samtidig få inn bustader
og næringsverksemd, ikkje eit
digert kompleks som bryt med
harmonien i bydelen.
Siste nytt i saka har med eigartilhøva til høgskulen å gjera.
Kunnskapsdepartementet eig
høgskulen, medan Statsbygg – og
dermed Fornyingsdepartementet
– eig høgskulebygningen. Flyttinga kan medføre stort tap av
leigeinntekter for Statsbygg. Om
kommunen og høgskulen har
røysta ja til KKP, har ikkje departementa vorte spurde. No har
saka hamna på bordet deira.
– Det røper kor dårleg fundert
KKP er. Kjem det ein liten stopp,
må heile prosjektet skrinleggjast,
konkluderer Hoff.
Brønnøysund
Svært kjøpesen­
ter plassert i sen­
trum prega av
låghus.
Sogndal
For mange
betongkasser
med flate tak.
Tromsø
Brokut arkitek­
tur, men byen har
sjarm.
Stavanger
Spenstig arkitek­
tur utan vektleg­
ging på signal­
bygg.
– FLEIRE ENN TO
STANDPUNKT
Det er altså halvannan kilometer mellom sentrum og høgskulen – det er ikkje tale om store
stykket! Problemet er at lærestaden ligg aust for Nymoen, medan
næringssenteret i Kongsberg,
teknologiparken, vest for Vestsida. Det gjer ein mellomstor by
som Kongsberg urimeleg langstrekt.
Kongsberg er attpåtil ein av
Noregs største innpendlingsbyar
med 5200 pendlarar, mange frå
Oslo-området. Mykje tid og krefter går bort på transport i byen.
Fortetting er difor løysinga.
– Talet på pendlarar har auka
drastisk dei seinaste åra. Skal
folk busetja seg i byen, må vi
gjera han attraktiv. Difor treng
vi KKP, seier Wivi-Ann Bamrud, marknadssjef i Kongsberg
næringsforening.
– Dessverre har KKP vorte ein
diskusjon om høgskulen. Men
det er fleire enn to standpunkt
i denne saka. Det skulle gå an å
reise eit kulturhus på Vestsida
utan å flytta høgskulen, meiner
Anne Kierulf, SV-politikar i byen.
«DOBBELTSPILL
PÅ KONGSBERG»
Ja, er det ikkje mogeleg å fortette, men samstundes operere
med mindre einingar? Men då er
Bergseminaret grunnlagt i 1757 blir omtala som den fyrste tekniske høgskulen i verda.
Eidsvoll
Nasjonal vogge
truga av monu­
mentalismen i
Gardermoen.
Dosent i føretaksøkonomi Kjell Gunnar Hoff på tomta der KKP skal liggje.
– Heile prosjektet er prestisjebetent, seier han.
Kristiansand
Mellom småhus
og stormannsga­
lenskap.
Ål i Hallingdal
Det skal meir
enn bonderaud
fasade til å gjera
ei bygd bonde­
romantisk.
Ålesund
Gje oss detalj­ane
og arabeskane
attende, livsgleda
i jugendstilen!
Kragerø
Perfekt på
grensa til
keisam.
Bergen
Bergen sentrum
får så mangt
eit hjarta til å
smelte.
Rakkestad
Har lagt ned kjø­
pesenteret og
flytt handelen inn
til sentrum.
vi inne på kommuneøkonomi: Til
liks med mange norske kommunar går Kongsberg i minus. For
å etablere viktige sosiale institusjonar som kulturhus må kommunen tenkje spektakulært og
lukrativt og samarbeide med
andre aktørar for å få budsjettet
i balanse. Utan høgskulen og dei
store leigeinntektene KKP vil få
frå dei, blir det ikkje signalbygg
på Vestsida.
Og det finst eit anna uromoment: Kommunen eig 40 prosent av KKP, medan samarbeidspartnaren, Bolten Eiendom, eig
60 prosent. Selskapet er styrt av
Erik Løfsnes, ein mann med fortid i IT Fornebu og Entra Eiendom og som har vore granska av
Riksrevisjonen. I Kapital i fjor var
det ei sak om mannen under tittelen «Løfsnes ufine dobbeltspill
på Kongsberg». Løfsnes har halde
kommunen for narr, går det fram
av artikkelen. Det er stadfest av
konsulentfirmaet BDOs rapport
som avdekte at Bolten var upresis i informasjonen til Kongsberg
kommune i tida før dei skreiv
under på kontrakten.
Vel, same korleis prosessen
har vore; utfallet av byutviklinga i Kongsberg skimtar vi alt:
ein historisk by utskjemd med to
store, uformelege kolossar: kjøpesenteret på Nymoen og KKP på
Vestsida.
Voss
Homogent og
vakkert byrom,
men utkanten av
sentrum øyde­
legg heilskapen.
Arendal
Byen har poten­
sial til å bli av dei
vakraste i lan­
det. Difor vert ein
vonbroten. Jam­
vel gamlebyen er
skjemd ut.
Røros
Det mest impo­
nerande er at alle
kommunale insti­
tusjonar enno
ligg i gamle tre­
hus.
SAMFUNN
DAG OG TID FREDAG 25. JANUAR 2013
9
Arkitektur
Mattradisjonar
På Vestsida står nasjonale arki­
tektoniske skattar på rekkje og
rad: bygningen til Bergseminaret,
omtala som den fyrste tekniske
høgskulen i verda, og Kongs­
berg kyrkje i seinbarokk stil med
Noregs vakraste altervegg. Den
gamle apotekbygningen bør òg
nemnast. Han brann ned under
pinsebrannane i 1988. Kommu­
nen våga å reise bygget opp att i
stilkopi året etter. På andre sida av
Lågen er inntrykket meir variert.
Kjøpesenteret får det til å fryse
nedetter ryggen på ein. Men her
finst eit par perler òg, til dømes
stasjonsbygningen og funkisbyg­
ningen til Fagskolen Tinius Olsen.
Kongsberg ligg ved inngangen til
Numedal, eit område med rike
mattradisjonar. Det finst diverre
ingen matutsal med lokale råva­
rer i byen. På restaurantfronten
er situasjonen betre. Opsahlgår­
den kan freiste med med hjort
frå Wåla hjorteoppdrett. På det
tradisjonsrike Kongsberg-Marken
kan ein få kjøpt lokalmat. Elles
kan Skrågata mat og vinhus med
franske retter på Nymoen tilrå­
dast. Likeins det nyopna Skravle­
central1 – eit lite stykke Dan­
mark, som ligg i ein lågare pris­
klasse. Ein matpakke med danske
smørbrød for 75 kroner er sun­
nare enn burgar på kjøpesenteret.
Terningkast: 4
Terningkast:
Møtestader
Kongsberg har Noregs vakraste altartavle.
Drammens avdeling av Høgskolen i Buskerud har fått spilder nye lokale i Papirbredden (øvst).
Avdelinga i Kongsberg vil ikkje bli sitjande att i dei velfungerande, men trauste lokala på Raumyr (nedst).
Sykkelstigar
Useljelege skulebygg
Statsbygg er tydeleg på situasjonen i Kongsberg.
–V
i legg oss ikkje i kva
skulepolitiske planar
høgskulen har, men vi
har informert dei om at end­
ring­­ar på anlegget på Raumyr
kan utførast i dei eksisterande
lokala utan at leiga blir auka.
Bygget er tolleg nytt og godt
halde ved like; ei naudsynt
modernisering er fullt moge­
leg, fortel Frode Meinich, direk­
tør av eigedomsavdelinga i
Statsbygg. Når høgskulen flyt­
ter ut, vil Statsbygg alltids
finne nye leigetakarar, er svaret
eg får i Kongsberg når Stats­
byggs meining blir nemnd.
Men er det så lett?
– INGEN NYE
LEIGETAKARAR
Universitetet i Agder varsla i
2005–2006 at dei ville gjen­
nomføre ei flytting – lik den i
Høgskolen i Buskerud. Kva var
lagnaden til dei tome lokala?
Risør
Ein av Noregs best
bevarde trehusbyar, men truga
av eit stort byggeprosjekt.
Alta
Byen er spreidd i
fleire sentrum med
høge hus. Løysinga er fortetting
og fleire bustader i
sentrum.
– Det var ståande tre eige­
domar ledige etter at universi­
tetet flytte, eitt i Arendal og to
i Grimstad. For den eine eige­
domen i Grimstad, Dømmes­
moen, utvikla vi ulike konsept
for etterbruk, fortel Gro Brats­
berg, regiondirektør i Statsbygg
region sør.
Eigedomen vart ståande tom
i tre år, kan ein lesa på nettsta­
den til Statbygg. Han vart i fjor
seld til Grimstad kommune.
– Vi fann ingen nye statlege
leigetakarar som var interes­
serte i å bruke, difor måtte vi
selja.
Bratsberg fortel vidare at
ein av dei andre eigedomane,
skulebygget i Grooseveien i
Grimstad, har lide same lag­
nad. Denne eigedomen er på
sytten tusen kvadratmeter og
har i lang tid vore ute for sal,
men Statsbygg har enno ikkje
funne ein kjøpar. Statsbygg lei­
Oslo
Fjordbyen skulle bli
ein bydel for Oslofolket, men utfallet er kynisk eigedomsspekulasjon.
Fredrikstad
Ein schizofren
plankeby.
ger som kjent primært ut til
statlege verksemder, ikkje pri­
vate eller kommunale.
ATTRAKSJONEN
Attraksjon er eit stikkord i
denne debatten. Gjennom
samlokalisering av kunnskap
og institusjonar vil Kongsberg
gjera seg attraktiv for nye verk­
semder og høgt utdanna folk.
Termen «spektakulært» går att
i presentasjonen av vinnaren
av arkitekturtevlinga for KKP,
«Silver Factory» av det norske
arkitektselskapet Code Arkitek­
tur AS og nederlandske Meca­
noo Architecten. Førebiletet i
Drammen for KKP, Papirbred­
den, kan i høgste grad òg kal­
last spektakulært.
Kva kan Statsbygg stille opp
med? Statsbyggjarane vil gå ei
tung tid i møte. Skulebygning­
ane deira er rett og slett for
trauste.
Hammerfest
Hammerfest byd
på det klassiske
nordnorske arkitektoniske kaoset.
Trondheim
byr på perler som
Stiftsgården, Hornemannsgården
og Erkebispegarden. Minus for
kontor-infernoet
på Brattøra.
Lillehammer
Olympiske vintergudar kom med
byliv og infrastruktur. Men i festrusen gløymde dei
sentrumsområdet
kring Mesna-elva.
Kongsberg er ein av mange byar
som titulerer seg som sykkelby.
Med ein «sykkelby» bør kunne
skilte med separerte sykkeltra­
sear. Om sentrum er flatt og lang­
strekt, finst her ingen eigne syk­
kelruter. Men det finst ljospunkt:
Kommunen stimulerer til sykkel­
bruk ved tiltak som «ukas sykkel­
post», og sykkeldelen i byen er
på ti prosent, noko som er høgt
i norsk samanheng. Ei undersøk­
jing i fjor viste dessutan at Kongs­
berg er den byen norske syklistar
kjenner seg tryggast i. Elles er det
bygt eit stort sykkelparkerings­
hus ved jarnbanestasjonen.
Terningkast: 4
Kollektivtrafikk
Om vinteren blir Kongsberg Mar­
ken arrangert, ein vintermark­
nad med tradisjonar attende til
1600-talet. Men Kongsberg er
sjølvsagt mest kjend for Kongs­
berg jazzfestival som går av sta­
belen om sumaren. Andre ting
som bør nemnast, er den klas­
siske musikkfestivalen Gloger­
festspillene og alpinanlegget
med eit stort skiløypenett som
ligg ved bykjernen. Under jazzen
og 17. mai er det fullt på Vestsida.
Utfordringa er å halde på dette
folkelivet.
Terningkast: 5
Danske smørbrød hos Michael Riis
Guldbjørnsen på Skravlecentral1.
Råd til framtida
Revitalisering av Vestsida skulle
ha starta for lenge sidan. Kongs­
berg er merkt av utflyting og
bilisme, men har som kunn­
skapssenter stort voksterpoten­
sial. Det finst ein veg mellom den
gråe, sosialdemokratiske sam­
funnshusstilen og spektakulær,
men identitetslaus signalbyggar­
kitektur. Ver vågal og bygg i sam­
svar med arkitekturen på Bergse­
minaret! Bygg i mindre einingar
i staden for økonomisk usikre
gigantbygg. Harmoni og venleik
skaper best attraktivitet.
Kongsberg er ein av Noregs stør­
ste innpendlarbyar med 5200
pendlarar. Talet er venta å auke.
Samtidig veks folketalet. Kollek­
tivtrafikktilboda må auke i takt.
I dag dominerer biltrafikken,
medan bruken av kollektivtran­
sport er låg, og mange har dår­
leg tilgang til buss og tog der dei
bur. Eit døme er rutebuss 401
mellom sentrum og høgskulen
på Raumyr, han
tek for lang tid.
Her skulle det
heller vore direk­
terute. Det er ved­
teke at dei to sen­
tra Ny­­moen og
Vestsida
skal
knytast tettare
saman gjennom
to aksar. Det vil
òg gje betre til­
høve for mjuke
trafikantar.
I Storgata på Nymoen er det bilane som råder.
Terningkast: 2