Varmepumper Ring 700 23990 6143 Fiskåbygd NR 12 ÅRGANG 40 TORSDAG 19 MARS 2009 DENNE VEKA Ungt teater Iselin Garshoel Berge (biletet) gir liv til den krevjande hovudrollen som Maria i Kulturskulen si teateroppsetjing "Jeg vet hvorfor", instruert av Marianne Løseth. Elleve unge frå Vanylven gjer ein flott innsats på scena. Dei som ikkje fekk med seg premieren i Syvde i går kveld, får ein ny sjanse på Fiskå i kveld. SIDE 12 (UGS "YGGAVISAVkR KJEMAPRIL www.synste.no Lat oss teste synet ditt! Tinging av time: 70 07 70 19 4LF(ALKJELSGATE6OLDA FOTO: Kjell Brenne Ein grunn til å smile Ordførar Jan Helgøy fekk så absolutt sjansen til å prøvekøyre kommunen sitt nye slagord då det fredag blei klart at Stad skipstunnel låg inne med 200 millionar i Nasjonal Transportplan. Saman med Selje-kollega Gunn Helgesen og stortingsrepresentant for Sp i Sogn og Fjordane, Erling Sande, vart den gledelege bodskapen feira med symbolsk anleggsstart i Kjødepollen. Kjøttpølser Gilde, 900, gr. Epler 29 90 Pr. kg. 33,22 raude, gule og grøne 14 90 Godt vi har kvarandre Og pengane har så absolutt fått optimismen mellom tunnelforkjemparane til å stige mange hakk. Men såpass mange gonger har denne bjørnen reist seg etter at skinnhandelen på det næraste var avgjort, at det ikkje er grunnlag for å tru at den endelege sigeren med dette er vunnen, skriv vår kommentator. SIDE 6, 7 og 12 PERIODISK KØYRETYKONTROLL Autorisert verkstad Tlf 57 85 65 45 SYNSTE MØRE FØDDE 2 TORSDAG 19. MARS 2009 HELSINGAR Volda sjukehus 11.mars: Ein gut, Ann Cecilie Flo og Odd Erik Ulvestad. Lauvstad. INNSAMLING Gåver til Ferdtun Sidan vi sist kvitterte i avisa, er fleire beløp innbetalt på liste på ”Coopen”, melder styret i Fredtun i Syvde og legg fram følgjand liste: Ingrid Vik Myklebust kr. 1000. Nikolai Herskedal kr. 500. Arne Bentsen kr. 500. Jorid og Åge Strand kr. 500. Ruth Løseth kr. 500. Marie Skår kr. 500. Klara Nygård kr. 500. Dessutan er det innkome direkte til Fredtun sin bankkonto nr. 3972 20 11 779: Kvinnegruppa kr. 4000. Arne P. Wik kr. 2000. Elsa Engen kr. 500. Takk til alle! Sondre Ødegård Vi gratulerer så mykje med 5 årsdagen din 23. mars! Håper du får ein kjempefin bursdag. Vi gler oss til å kome til Kulen i selskap! Helsing bestemor og bestefar på Åheim. Sofie Ystebakk. Den 28. mars fyller vår kjære oldemor på Syvdetun 93 år. Alltid positiv og i godt humør. Tenk hadde alle vore som deg! Same dag fyller oldemors si stolthet Jenny Myrvold frå Hjørungavåg 3 år. Vi gratulerer begge med dagane. Varm helsing frå alle oss i familien Sunniva Stakkestad Koppernes Gratulerer så masse til solstrålen vår. Sunniva som var fem år igår 18. mars. Hipp, hipp hurra! Koseleg å feire dagen ilag med deg i Bergen. Stor klem frå tante Marita og onkel Anders, bestemor og ”møbest” Imorgon fredag 20. mars fyller Anne Stine Sætre 13 år. Gratulerer så mykje med dagen. Tenk no er du tenåring. Helsing bestemor og bestefar. Sender også helsing til Åge som hadde bursdag 17. mars og til Trude som har laurdag 20. mars. Vi vil gratulere god jenta vår Mathilde Kristin Kvalsvik so masse med overstått 7 års dag den 11.03. Vi er utrulig glade i dej. Stor klem fra Daniel, Julie Mari, mamma og pappa Hipp hurra for May Kristin Krøvel som vart 32 år i går. Håpar du hadde ein super dag! God klemmar frå små og store i Solsikka barnehage Hedda Endal Giil Vi vil gratulere solstrålen vår med 3-års dagen, den 20 mars!:) Vi er alle kjempe glade i deg!:) Klem frå mamma og pappa, mormor og morfar. Resten av familien helsar også. HJARTELEG TAKK Takk til alle for gåver, blomar, smil og gode handtrykk. Og for at de kom å gjorde 70 års dagen min til ein fest. Helge Norhagen Tusen takk for helsingar, blomar og gåver i høve 80 års dagen min. Mathias Skorge Hjarteleg takk til alle som hugsa meg med gåver, blomar, telefonar og meldingar på 75-års dagen min. Solaug Bondhus Hjarteleg takk for all vennleg deltaking i høve Palma Voldsund si gravferd. Familien KYRKJA Søndag 22. mars Syvde kl. 11.00: Høgmesse. Dåp. Vikarprest Rolf Dyrhol. Offer til Samemisjonen sitt Kola-arbeid. Kyrkjekaffi og årsmøte etter gudstenesta. Åram kl. 16.00: Høgmesse. Vikarprest Rolf Dyrhol. Offer til søndagsskulane i Åram sokn. Kyrkjekaffi og årsmøte etter gudstenesta. Selje kl 19.00: Teaterframsyning: "Jesus, guten min". Kveldsbøn etterpå ved Eline Sandnes. Søndagsskule Fiskå, skulen kl. 10.30 Hipp hurra for lillesøster Ingeborg Andreassen som fyller 6 år i dag den 19. mars. Håper du får ein fin dag! Ingeborg og Ane helser også til onkel Tore som hadde bursdag i går ;) Helsing frå Ane, mamma og pappa. Bestemor og bestefar i Lia helser også! Arvid Slagnes Vi gratulerer den spreke 60 åringen vår med dagen 24. mars. Du har alltid likt å gå i fjell og fjøre, og tek deg gjerne ein tur uansett vêr. Du har ofte ein god kommentar, og sprer masse glede rundt deg. Vi er veldig glad i deg. Dagen din feirer vi i Slagnes Forsamlingshus laurdag 21. mars frå kl. 17 med åpe hus. Helsing born, svigerborn, barnebarn og din frue Aslaug Bakkebø Besta fyller år !! ;) Eg vil gratulere den spreke og kjekke Besta mi med dagen, 20. mars ;) “nå gjør du som du vil.. !! “ ;) Håper du får ein kjempe fin dag :) Bursdagsklem frå Ida =) Heidi Fagerhol Sandvik Hipp hurra for Heidi som fyller 17 år i dag! Mange klemmar frå mamma og pappa, Agnethe, Øystein og Fredrik. Mats Erlend, som ikkje får vere heime og feire, sender ein ekstra stor klem Helsingar til spalten til høgre må vi ha hos oss måndag innan kl. 16, den veka den skal på trykk. Det kostar ikkje noko, men hugs å ta med fullt namn på den eller dei det vert helsa til. Storslått gåve til Fiskå Frilynde ungdomslag På ungdomslaget sitt årsmøte no i mars, ba Arnt Myklebust om ordet då ein var komen til kaffipausa. Og han var ikkje smålåten. På vegne av Norsk Folkehjelp Fiskåbygd lag, som no har vorte historie, hadde han med ein gåvesjekk. Den avgådde leiinga i laget, har no realisert aktiva, og av kontante pengar som vart gitt som gåver, fekk ungdomslaget kr. 20.000,Styret i Folkehjelpa tenkte at desse pengane skulle gå til ungdomslagsaktivitetar, og ikkje beinvegs til drift av huset eller kinoen. Den nye lagleiaren Monica Seljeseth takka for gåva. Ho lova at ungdomslagsstyret seinare skulle ta stilling til korleis gåva skal brukast på best måte. Ove Bøstrand GJEVAR OG MOTTAKAR - Arnt Myklebust som representerte det nedlagde Norsk Folkehjelp og leiar i FFUL Monica Seljeseth med sjekken som kjem godt med. SYNSTE MØRE 3 TORSDAG 19. MARS 2009 Synste Møre ønskjer å arbeide etter "Vær Varsom"-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg utsett for urettmessig avisomtale, vert oppmoda til å ta kontakt med redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. PFU handsamar klager mot pressa i presseetiske spørsmål. Adressa til PFU er: Prinsensgt. 1, Pb 46, Sentrum 0101 Oslo . Telefon 22 41 56 80 Telefax: 22 41 19 80 Kjem ut på Fiskå kvar torsdag. KINO Syv liv Ubunden lokalavis for Vanylven og dei næraste bygdene. Redaktør og dagleg leiar: Vidar Parr AKTUELT Vindmøller i vindvanskar I filmen spelar Will Smith rollen som Ben Thomas, ein IRS-agent (som krev inn pengar fro staten) som ber på ein tragisk løyndom. Han gir seg ut på ei svært spesiell reise der han prøvde å gjere opp for seg ved å for alltid forandre liva til sju framande menneske for all framtid. Desse sju har tre ting felles: Dei er alle gjeldslavar, dei slit med alvorlege personlege vanskar eller sjukdom og – ikkje minst – dei er genuint gode menneske. Søndag la ein lekter med spesielle konstruksjonar om bord seg til i Haugsfjorden mellom Storholmen og Hakallestranda. OLE MAGNE KVALSVIK VARE FOR VIND: Denne lekteren med tre fundament for offshore-vindmøller, måtte vente i Haugsfjorden i tre dagar før slepet kunne gå vidare rundt Stad og sørover. Det viste seg å vere tre fundament for botnfaste vindmøller til havs, som var på veg frå Aker Verdal til Nederland. Vidar Hestenes ved Taubåtkompaniet i Trondheim, som har slepeoppdraget, fortel at det er ganske strenge reglar for vindstyrke og bølgjehøgde for eit slikt slep. Det er ikkje vanskeleg å skjøne når ein ser konstruksjonane, som Hestenes meiner er mellom 50 og 60 meter høge. Slepet måtte dermed vente til onsdag morgon før ein fekk runda Stadt. Med ei planlagd seglingshøgde på rundt 40 meter, ville og Stadtunnelen ha kome til kort for eit slikt slep og ein kan i det heile tenkje seg det er utsett for vind og bølgjer og vil ta si tid å få fram dit det skal. Men det syner i alle fall med all tydelegheit at Stadlandet er ein "bøyg" i transportsamanheng. INNLEGG Trane på Fiskå søndag - mellom dei første i landet i år Søndag var det mange fugleinteresserte som ringde oss. Saman med tre gjæser og ei and gjekk dei trane og spankulerte på marka ovanfor Fiskåeleva. VIDAR PARR. For dei som hugsar godt, så hadde vi bilete og observasjon av eit tranepar i fjor også – i same området. Den gongen sa fugleeksperten vi kontakta, Alv Ottar Folkestad, at dette ville ha vore ein sensasjon for nokre år sidan, men at tranebestanden har utvida seg mellom anna som følgje av freding. Hekking er det likevel ikkje på Sunnmøre, og det vart nemnt at tranepar ofte er ute på ”rekognosering” før dei bestemmer seg for reirplass. Vi spekulerte i om det var bulystprosjektet som var årsaka til besøket. Trane igjen No er altså trana her igjen. Denne gongen åleine – saman med ender og gjæser. Og dessutan – og det er kanskje det mest oppsiktsvekkjande – halvannan månad før enn vi observerte henne i fjor. – Det er tidleg for å vere i Noreg. Faktisk av dei tidlegaste som er observerte i heile landet i år. Vi har ein observasjon frå Vestfold og ein frå Agder på same dag som den vi no har fått på Fiskå, Trana kom til sør-Sverige no i veka som var. – Korleis forklarar du den tidlegare observasjonen? – Tranebestanden aukar. Det aukar også sjansen for at fuglar kjem bort frå hovudtrekket. Truleg er det ein slik fugl som no er på Fiskå. At trana er åleine treng ikkje bety så mykje. Det kan til dømes vere ein ung fugl som ikkje har gått i par enno. – Trana er svært sky, les vi. Men ho verka ikkje spesielt sky då vi fotograferte henne søndag. – Trana var svært sky og hekka berre på bortgøymde stader langt frå folk. Men parallelt med auken i bestanden har denne fuglen også endra seg til å bli langt meir fortruleg med folk og den støyen som følgjer med, seier Av Ottar Folkestad. TRANA - fotografert søndag med banken i bakgrunnen (t.h) - og oppforstørra nærast. Til ungdom mellom 15 og 25 år: Lokalavisa di bryr seg i alle fall mykje om deg! Dersom du bryr deg litt om oss, og litt om lokalsamfunnet ditt, burde vi møtast – på nettet. Akkurat no jaktar nemleg lokalavisene på ungdom frå 15 til 25 år som vil delta i ei spørjeundersøking om personlege interesser og lokalt engasjement. Vi leitar også etter ungdomar til eit lesarpanel, kor du over ein lengre periode kan få meina noko om lokalavisa di og om aktuelle lokale saker. deg? Br yr d u ttsider sine ne a is v la a k i dag. Sjekk lo w.lla.no w w r e ell Høyres dette interessant ut? Sjå etter spørjeundersøkinga vår på lokalavisa di sine nettsider. Dersom du ikkje finn den der, kan du gå til www.lla.no for å bli med. Uansett om du svarer på spørsmåla våre her eller der, er du med i trekninga av berbar Mac datamaskin, iPhone og iPod! Du må ha svart før påska er over. Vennleg helsing lokalavisa di og Landslaget for Lokalaviser (LLA) SYNSTE MØRE Namneendring i skogeigarlaget Vanylven skogeigarlag er historie. Det nye namnet er Søre Sunnmøre Skogeigarlag. Det er klart etter vedtak i årsmøtet i Vanylven skogeigarlag på Eidsåtun 10. mars. Ein god del av andelshavarane i skogeigarlaget sitt lokallag av Allskog var møtt fram. Årmøtet handsama 4 TORSDAG 19. MARS 2009 dei vanlege årsmøtesakane og namneendringa blei vedteke. Det nye offisielle namnet er Søre Sunnmøre Skogeigarlag, skogeigarlag for Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid kommunar. Møte i andelslaget Allskog blei også gjennomført for lokallaget, der skogbruksleiar Håkon Eliassen frå All- skog orienterte. Som utsending til årsmøtet i Allskog vart Sigurd Rovde valt. Styret er no : Leiar Sigurd Rovde, nestleiar Geir Nordal, styremedlemer Åge Rusten og Guttorm Oksavik og sekretær Terje Kolstad. Kommunen på jobbmesse Hentar arbeidskraft frå Island Kommunalsjef Arnhild Nordaune og leiar i Vanylven Vekst, Bernt Westad, var for nokre veker sidan på jobbmesse på Island, eit besøk som har gitt positive resultat. OLE MAGNE KVALSVIK Vanylven var som ei av få kommunar representerte på messa ved sida av storkommunar som Oslo, Stavanger, Sola og nokre kommunar i Telemark som hadde gått i lag om å sende representantar. Messa vekte ein del merksemd i media og vart dekka både i fjernsyn og aviser, og gav god utteljing for Vanylven sin del. – Vi enda med over tretti namn på blokka og eg får framleis inn CV-ar frå personar som ikkje var på messa, men ha høyrt om det i etterkant, fortel Bernt Westad. Mykje besøk Flest interesserte har ein fått til jobbar hos Hofseth AS, som var ei av verksemdene ein hadde fått bestilling på å skulle prøve å rekruttere folk til. Også til ein avløysar-ring i landbruket har ein fått fleire aktuelle personar og ein utlyst jobb som ingeniør i kommunen gav sju-åtte kvalifiserte søkjarar. Nordaune og Westad meiner dei fekk mykje interesse ut i frå korleis dei hadde valt å presentere kommunen. – Vi hadde veldig godt besøk og var kanskje den best besøkte standen på messa. Det trur eg kom av at vi ikkje berre tok med arbeidsplassane, men viste ein heilskap, der vi fokuserte på levekår, fritidsmu- GODT BESØKT: Vanylven sin stand under jobbmessa på Island fekk mykje besøk og mange sa seg interesserte i arbeid i kommunen. Her diskuterer Bernt Westad og Arnhild Nordaune med Tove Gustad frå NAV, som var med å arrangere messa. (FOTO: Privat) legheiter, naturen, korleis det ser ut her og dei kommunale tenestene. Islendingane likte det dei såg, og vi fekk høyre ein del kommentarar om at dei ik- kje ville til gater og blokk i Oslo, men heller til Vanylven, fortel Nordaune og Westad. heller ikkje skjul på at det ligg mykje arbeid bak for å få dette til. –Men når vi fekk heile tolv som søkte, er det slik at dei andre kommunane rundt oss spør kva vi har gjort for å få det til. Då brukar eg å svare at det må vere fordi vi hadde sånt pent bilde frå Vanylven i utlysingane, ler Nordaune. ENDRAR MODELL: Kommunalsjef Arnhild Nordaune (i midten) orienterte fungerande ordførar Magne Løvoll, rådmann Einar Vik Arset, Gisle Rolandsen, Aina Ersvåg Wefring og resten av formannskapet om kva ein såkalla 0-modell vil seie og kva det kan bety for å lette rekruttering og meir stabil legedekning. God legesøknad Endra modell for drift Søkjarar frå Island I formannskapet tysdag vart er og mellom kandidet og lagt fram sak om å endatane til dei utlyste dre organiseringa av bruken legestillingane i Vanyl- av legesenteret. I staden for at legane til no har betalt leige til ven. Det ha vore god kommunen for senteret og fått søknad til stillingane, tilskot, vil ein no legge om til ei men ein vel og å omor- ordning der kommunen betalar og driv senteret og også beheld ganisere ordninga for tilskota, ein såkalla 0-modell. å lettare skaffe gode – Dette kjem i stand etter forhandlingar med legane i samarfagfolk. OLE MAGNE KVALSVIK Tolv søkjarar har meldt seg til dei fire utlyste stillingane ved legekontoret i Vanylven. Dette er og resultat av eit intenst arbeid i rekrutteringsmarknaden. Mellom anna var ein i kontakt med kandidatar med lokal bakgrunn, utan at dei fann det aktuelt i denne omgang. Besøket på Island førde til søkjarar, sjølv om ein ikkje kunne etterspørje det på messa, men ein har og namn frå Norge og dei andre nordiske landa. Arnhild Nordaune fortel at ein no er i sluttforhandlingar med fire av søkjarane, der det er meininga den første skal ta til i april. beidsutvalet. Det er også noko dei som vi er i kontakt med om dei ledige jobbane ønskjer i sine tilsetjingar, seier kommunalsjef Arnhild Nordaune. Ordninga vil i seg sjølv koste om lag 200 000 kroner meir per år. – Det vil vere ei enklare ordning både for legane og kommunen, men litt dyrare for oss. Skal ein drive legetenester i utkantkommunar, er det slik at det kostar. I alle fall om vi vil ha dyktige fagfolk, seier Nordaune. Mykje arbeid bak Nordaune seier seg svært glad for den gode søknaden. – Vi konkurrerer med jobbar med andre rammevilkår, så vi er svært glade for at det ser ut som vi no har fått tak i fire kandidatar som kan yte gode tenester til innbyggarane i Vanylven. Med så mange søkjarar, har vi ved sida av fagleg dyktighet, kunna lagt ein del vekt på språkmeistring og evne til kommunikasjon i kriteria vi har lagt til grunn, fortel ho. Ho legg SYNSTE MØRE 5 TORSDAG 19. MARS 2009 Fleire vil bli rektorar Søknadsfristen for rektorstillingane ved Fiskåbygd og Åram skular er no ute og det har meldt seg høvesvis fire og to søkjarar til stillingane. Ein av søkjarane på Fiskå ønskjer ikkje namnet sitt gjort kjent. Til rektorstillinga på Fiskå har desse søkt: Marit Myklebust, Geir Sandnes og Ranveig Velle Vedeld, pluss altså ein person til. Til rektorstillinga ved Åram skule har det meldt seg to søkjarar: Ole Per Kragset og Berit Brunvoll. Åram skule vil frå hausten bli rein barneskule då ungdomssteget vil bli flytta til Myklebust skule. Kommunalsjef Gunvor Strand seier til Synste Møre at ho vonar tilsettingar kan skje snøgt og helst i løpet av komande veke. – Det er viktig å få avklara dette før vi går laus på utlysing av lærarstillingane, seier Strand. Klare for nybygg Byggefelt, bru og masse Under eventuelt i formannskapet tysdag etterlyste Aina Ersvåg Wefring (FrP) statusen for byggjefelt i Syvde. Rådmannen vil sende ut informasjon til formannskapet. Ho etterlyste og brua på gangvegen på Fiskå, der rådmannen opplyste at saka er prioritert og ein håpar det ikkje vil ta for lang tid før ein er klare å komme i gang. Wefring spurde og kvar ein bør melde frå om mørklagde gatelys og fekk til svar at ein bør vende seg til driftsavdelinga. Magne Løvoll (Sp) tok opp sak om masse ved Kløvning hamn og bad om at administrasjonen ser nærare på saka. Møter Sande 25. mars vert det fellesmøte mellom formannskapa i Sande og Vanylven, og i etterkant av møtet tysdag drøfta ein aktuelle saker som vil verte tekne opp her, m.a. tunnel Årvik – Gursken/Skogevatnet. Laurdag samla dei seg, nordstrandingane, og reiv det gamle skulebygget ned på muren. I dag er dei truleg i full gang med å reise nytt. VIDAR PARR Fredag plukka dei ned taksteinen. 10-12 mann var på plass i firetida og klokka sju var stei- nen av. Laurdags morgonen var det så huset sin tur. Veret var som bestilt og i løpet av nokre hektiske formiddagstimar var alt nede. Så var det ”byggestopp” nokre dagar først i denne veka på grunn av veret, men frå i dag er det full køyr. Målet er klart: Nybygget skal vere tett før påske! Og vi tvilar ikkje eit sekund på at dei greier det også! FUTT OG FART: No er det eit liv og eit tidsfordriv, hurra meg rundt! skreiv Anders Hovden og snakka om sildefisket. Men sanneleg var det og futt og fart på Nordstranda laurdag føremiddag. Og resultatet ser ein kanskje best av dei to små bileta - eit før og eitt etter. Skal sponsortavla stå? Sponsortavla som styret for Solsikkedagane har sett opp i sentrum på Fiskå må flyttast, meiner kommunen. –Prinsipprytteri, meiner styret. OLE MAGNE KVALSVIK Solsikkestyret har to gonger fått pålegg om å fjerne eller flytte sponsortavla dei har sett opp i gamle sentrum på Fiskå, sist med forlenga frist frå Driftsutvalet til 16. mai. Dei levere no ein anke på vedtaket, der dei bed om at tavla får stå. Idealistar – Vi som sit i styret er ein gjeng idealistar som ønskjer å skape liv og røre i sentrum på Fiskå ein gong i året og samtidig setje Vanylven på kartet. Vi legg ned hundrevis av timar på planlegging og organisering av dagane. Når vi då dessverre gløymde nokre byråkratiske paragrafar og skjema under innspurten av arrangementet i fjor, noko vi også har beklaga, hadde vi nesten rekna med at kommunen ville vere vår støttespelar og medhjelpar for å få desse tinga på plass. I staden vert det heile ein farse med søknader, skjema og nabovarsel, og ikkje minst ein faktura for handsaming, sendt i lag med beskjed om at ein held oppe vedtaket om riving, heiter det i eit langt brev til formannskapet. Uforståande I brevet står det og at ein stiller seg uforståande til bakgrunnen for vedtaket, utanom at ein erkjenner at ein burde søkt på førehand. – Det er veldig travelt og mykje som skjer under dagane og det var viktig for oss å få tavlene på plass før dagane i fjor, fortel leiar av styret, Chriss-Ole Fiskaa. – I eit oppsummeringsmøte med kommunen etter dagane, vart det og sagt at om vi leverte ein søknad, ville det sikkert ordne seg, fortel han. Nestleiar i styret, som var sponsoransvarleg, har også trekt seg frå styret på grunn av saka. Kommunen har løyvt 34 500 kroner av SMIL-midlar, eller særskilte miljøtiltak i landbruket til opprusting av gamlevegen i Vik, som vi skreiv om sist. Turvegen frå Sandvikdalen til SørBrandal får ei løyving på 146 395 til første byggesteget. Bekymra for Åheimtun – Når ein brukar masse energi og idealisme på å få til slikt som dette, vert det nedslåande å oppleve at det vert sett kjeppar i hjula på denne måten. Ein del av verksemdene har og reagert på at tavla dei står på har fått negativ fokus, fortel Fiskaa, som understrekar at styret stiller seg bak den sponsoransvarlege og helst såg han ville halde fram. Usamd med nabo Styret tilbakeviser påstandar frå ein av naboane om at tavla er trafikkfarleg og tilbyr seg også å endre utsjånad på tavla, då det vert sagt frå same nabo at ho ikkje passar inn i trehusmiljøet i sentrum. Ei foreslått flytting til andre sida av vegen, er ein og lite lysten på, då det er lagt ned pengar og arbeid i straumtilførsel og oppsetjing der ho står no. – Utanom påstandane i den eine merknaden, som vi er sterkt usamde i, opplever vi positiv støtte frå folk generelt. Vi føler at det har gått prinsipp SMIL-midlar TAVLA striden står om. i saka frå kommunen si side, men om ein står steilt på ei sak som dette, vil det verte vanskeleg å skaffe folk til å stå for dagane i framtida, meiner Fiskaa. Brevet vart referert på siste formannskapsmøte. Dei hadde seg og ein tur for å sjå på tavla. Saka stod ikkje på saklista og brevet vert sendt over til Driftsutvalet for ny handsaming der. Det skjer 2. april. I eit brev til ordføraren, uttrykkjer Åheim Helselag bekymring med tanke på framtida for Åheimtun. – Behovet for hjelp til eldre ikkje vil verte mindre med åra. Vi er svært opptekne av at Åheimtun skal bestå, og vi ynskjer at det framleis skal vere mogleg å behalde institusjonsplassar på Åheim, og ikkje berre omsorgsbustadar, heiter det i brevet. Laget bed difor om at det vert sett på om det er råd å byggje på Åheimtun, samstundes som ein oppfordrar nemnda som skal planlegge den nye sjukeheimen, om å ta godt nok i når det gjeld talet på rom. – Det er viktig at det vert nok plass til alle når den nye sjukeheimen står klar, skriv laget, men ser det og viktig at det er plass nok til at dei som soknar til Åheimtun får bu der til dei vert pleietrengande. – Vi har i dag rekna oss fram til meir enn 100 personar med adresse Åheim, som er eldre enn 70 år, og då reknar vi ikkje lenger enn til og med Slagnes, heiter det i brevet. SYNSTE MØRE 6 TORSDAG 19. MARS 2009 Første stikk for Stad skipst 200 mill kroner til Stad skipstunnel i Nasjonal Transportplan vart laurdag feira med dei første spadestikka i tunneljorda i Kjøde av seljeordførar Gunn R.V. Helgesen. Med på markeringa var vanylvsordførar Jan Helgøy og Sp-politikaren Erling Sande. KJELL BRENNE Ikkje minst hadde Helgøy grunn til å smile. – Førsteklasses jord, fastslo vanylvsordføraren, som med sitt granskande gartnarblikk plukka ein sprellande meitemakk ut av torva. Han ser millionane i NTP som ein etappesiger i ein 25 års lang kamp for skipstunnelen. Gratulasjonane har strøymt tett på, inkludert fylkesordføraren i Sogn og Fjordane. Mobilen har vore meir eller mindre ”limd” på øyret frå innhaldet i NTP vart gjort kjent fredag Den symbolske starten på anleggdrift i Kjøde vart utført med reiskapar ein nytta til vegbygging lenge før krigen. Det vil nok gå fleire år før moderne anleggmaskinar kan gyve laust på fjellet for fullt. Anleggsstart ligg ikkje inne på planen før etter 2013. Dei to ordførarane var heller ikkje skodde for ei lengre skitsam arbeidsykt. Men tross støvlettar og bestesko, vart det laga ei god hole på få minutt før det barst ned på hardare grunn. Tunnelmillionane i NTP har tydelegvis utløyst ekstra energi både i Selje og Vanylven. – Gjennombrot – Eit gjennombrot for skipstunnelen, meinte stortingsrepresentant Erling Sande, Sp, Han hadde ingen ting imot at det var ein samferdselsminister frå hans eige parti som hekta dei første bindande millionane til sjøtunnelen gjennom Mannseidet. – Eg er rimeleg sikker på at med desse millionane inne i NTP, blir Stad skipstunnel ein realitet. Sjølv om kvalitetsikringa KS1 ikkje er ferdig og det ikkje er gjort eit endeleg tunnelvedtak, er her så sterke samfunnsmessige føringar for tunnelen at han no ikkje let seg stogge. Skal det setjast bom for prosjektet, må ein aktivt fjerne pengane frå NTP. Eg vil sjå kva for eit politisk parti som vil ta den belastninga, påpeikar Sande som vonar tunnelen kan få ein tidlegare byggestart enn 2014. Under eit valkampmøte i Måløy for fire år sidan hadde Per Steinar Osmundsnes lova at om ikkje Stad skipstunnel vart starta opp i inneverande periode, skulle han personleg få med seg Jan Helgøy og setje i gong, – Eit arbeidslag eg lova å vere med på, gliste Sande som svar på kvifor han stod der med anlegghjelmen på hovudet. – Regjeringa har spelt opp dei første millionane for skipstunnelen.No gjeld det at NTP og Stad skipstunnel blir losa igjennom i Stortinget utan forkludringar. Stad skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt som ikkje skal vere i konkurranse med andre saker i NTP. At vi no har fått gjennomslag for dette kystprosjektet, er svært gledeleg ettersom det ligg langt frå Oslo og mediamakta i Akersgata, meinte stortingsrepresentant Erling Sande frå Davik. – Ein nøkkel – Vi skal gle oss over tunnelgjennombrotet i NTP, men her er det ingen grunn til legge seg på sofaen og slappe av. Vi har fått ein nøkkel som vi skal bruke for å kome vidare med tunnelen. Målet er at vi kan få oppstart på tunnelen så tidleg som råd er i andre halvdel av planperioden, sa Gunn R.V. Helgesen. For her er mangt som skal på plass før alle formalitetar er i orden. Ein skipstunnel i større format vil m.a. utløyse ein ny omgang med reguleringsplan i Kjøde. Seljeordføraren meiner millionane i NTP er ein ”tennsats” for å stå hardt på vidare. Her er fleire hinder som skal forserast fram til ein anleggsstart og som vil ta si tid. – Kvalitetsikringsarbeidet er ikkje ferdig enno. Eg er samd med samferdselsministeren i at lønsemdfaktoren i prosjektet ikkje skal vere noko fasittsvar på om tunnelen skal byggast eller ikkje. For om så var at eit tiltak skal gå i pluss frå første dag, hadde det ikkje vore bygt infrastrukturtiltak her i landet opp gjennom åra, anten det no galdt vegar, kraftliner, jernbane eller hamner, påpeikar Helgesen som ser dei samfunnsmesige plussfaktorane i prosjektet i eit vidare og meir langsiktig perspektiv. Hardt arbeid Sjølv om det vil ligge føre ei grundig utgreiing og teknologien er kjend, vil dette prosjektet ikkje kome fossande fram av seg sjølv. Med mange års fartstid i politikken veit ho at politikk handlar om pengar og prioriteringar. Det vil gjelde for Stad skipstunnel også, same kor mykje ”nasjonalprosjekt” tunnelen er. – Her er ingen automatikk i framdrifta vidare. Her trengst hardt arbeid, understrekar seljeordførar Gunn R.V. Helgesen. – Presset på regjeringa vart for stort Åge Starheim meiner presset på regjeringa frå ein samla opposisjon på Stortinget har bidrege sterkt til at det er avsett pengar til Stad skipstunnel i Nasjonal Transportplan. KJELL BRENNE -Liv Signe Navarsete hadde ikkje anna val, hevdar FrP-representanten frå Selje. -Det er særdeles gledeleg at skipstunnelen endeleg har fått sine første byggekroner. Det var sanneleg på tide. År etter år og valkamp etter valkamp har det vore rikt med svære festtalar med positive forteikn for skipstunnelen frå alle hald, men gong på gong har det svunne inn til ingenting, påpeikar Starheim. -Her vert det snakka om at alle steinar skal snuast. Etter mitt syn er alle steinar snudde opptil fleire gonger. Prosjektet er overutgreidd på kryss og tverrs. Det som har skorta, er mangel på politiske grep og handlekraft. For er det noko vi her i landet er flinke på, så er det å bygge tunnelar. Teknologien er godt kjend, meiner Starheim. Han er ikkje overraska over at samferdselsministeren har valt å legge inn ei startløyving til skipstunnelen. -Faktum er at Liv Signe i realiteten hadde berre to alternativ. Anten å setje av pengar til prosjektet eller å la vere. Å velje det siste ville for hennar eigen del ha vore katastrofalt i forhold til det Senterpartiet har signalisert. Ho torde rett og slett ikkje ta sjansen på å overlate til ei ny regjering etter valet å framskaffe pengar til skipstunnelen, konkluderer Starheim. Dynamitt – ikkje rapportar Starheim er mest misnøgd med er at det i regjeringsframlegget er lagt opp til tunnelstart først i andre halvdel av perioden og kravet om at den samfunnsmessige nytte/kostnadsanalysen skal vere udelt positiv. -Heilt ubegripeleg for meg. Ikkje minst i forhold til det faktum at staten har søylt bort 600 milliardar på aksjespekulasjonar, pengar som i staden burde ha gått til å bygge landet med investeringar i infrastruktur i SYNSTE MØRE unnel – Regjeringa har levert 7 TORSDAG 19. MARS 2009 Bulystkoordinatoren har hastverk: –Vi må tenkje tunnelalder allereide no Svein Gjelseth er glad for millionane til Stad Skipstunnel i NTP. -Regjeringa har levert! jublar Ap sin 2. kandidat på stortingsvallista. KJELL BRENNE START: Dei rettar ryggen etter dei første spadestikka for skipstunnelen. Ingen ting å utsetje på arbeidslysta til ordførar Gunn R.V. Helgesen, stortingsrepresentant Erling Sande og vanylvsordførar Jan Helgøy. Gjelseth som er samferdselsrådgjevar i Vanylven og med Kystvegen og Stad skipstunnel som sine frontsaker, er glad for at det no går vegen for skipstunnelen. -Vi er der vi skal vere. Tunnelen er i siget. Det går berre ein veg! trur Gjelseth som ikkje er så nervøs for kva konklusjon kvalitetsikringsrapporten for skipstunnelen skal kome ut med. - Med den tette dialogen som no er mellom Kystverket og Fiskeridepartementet i å få fram dei ikkje prisfastsette verdiane dette prosjektet vil ha, så trur eg dette skal gå meir enn bra. Eg er overtydd om at prosjektet vil kome ut med eit svært akseptabelt reknestykke samfunnsmessig. Eg er rett og slett stor optimist med tanke på å få tunnelen realisert, seier Gjelseth. OPS-prosjekt? distrikta. No må det bli slutt på alt dette maset om lønsemd, haugevis av nye rapportar og utgreiingsdokument. Same kva analysetala vil munne ut med, handlar Stad skipstunnel kun om politisk vilje. -Spander ikkje fleire kroner på dyre konsulentrapportar. Bruk heller pengane på dynamitt så båtane kan få mulegheit til å gå gjennom tunnelen, seier Starheim. Han vil kjempe for at Stad skipstunnel skal få ein tidlegare anleggsstart enn det som ligg i framlegget til NTP. - Regjeringa er altfor defensiv. Vi har lågkonjunktur med stigande arbeidsløyse. Det hastar å kome i gang med skipstunnelen så vi møter nedgongstid med positivt oppsving, meiner Starheim, tidlegare ordførar i Selje og tidlegare styreleiar i LL Stad skipstunnel. Tunnelstart om 4-5 år kan sjå lenge ut, men all røynsle viser at i slike samanhengar går tida fort. Her er mykje som skal på plass før anleggmaskinar kan ta fatt. Ikkje minst vil dette omfatte reguleringsplanar og anbodsdokument. Like fullt må det vere eit sterkt ynskje å få framskunda prosjektet. Her kan ein merke seg at fiskeriminister Helga Pedersen er open for alternative finansieringsmodellar. Etter mitt skjøn kan ein OPS-modell i ei eller annan form vere eit alternativ og som kan opne for ein raskare byggestart, påpeikar Gjelseth. – Vi veit Stad skipstunnel vil vere ein realitet om nokre få år. Alt no må vi starte planlegginga for maksimal tunneleffekt, seier Espen Wingaard. KJELL BRENNE Landet sin einaste bulystkoordinator ser eit stort potensiale i verda sin einaste skipstunnel. –Vi må allereide no ta grep og rette blikket inn i det som kan gi Vanylven ei ny tidsrekning.Vi veit at skipstunnelen kjem og at det her ligg store mulegheiter om vi skikkar oss klokt og alt no kjem i gang med planlegging for ei tid med auka båttrafikk og reiseliv, påpeikar Wingaard. Internasjonal Skipstunnelen vil få eit internasjonalt fokus, ein attraksjon som vil tiltrekkje folk, anten det no gjeld personar i yrkesoppdrag, hurtigbåtreisande, småbåtturistar eller for den slags skuld folk som kjem her landevegen og berre vil studere dette spennande båtholet i fjellet, seier Wingaard. Tilby vår eigen meny Som næraste granne på nordsida av skipstunnelen har Vanylven eit glimrande utgangspunkt med tanke på å fange opp sin del av tunneltrafikken.. Serleg har Åheim ei fordelaktig plas- sering. -Etter mitt syn sit olivinbygda med sine krystallklare periodotar på sterke kvalitetar, attraksjonar som trengst å bli framtona og tilpassa eit samla konsept for staden i ei ny tid. Eg tenkjer på slike ting som miljøet kring St. Jetmund-kyrkja med sin mellomalderdimensjon, det idylliske elvedeltaet med sin rike fauna, sportsfisket og at det her i dalane ligg heilt eineståande forekomstar av eklogitt. Alt dette må få sin plass i ein samla pakke av opplevingar som spring ut av det vi kan tilby av vår eigenart og våre livskvalitetar, seier ein iderik bulystkoordinator. – Dette handlar ikkje om ei oppussing av Åheim, men om ei omstilling inn mot ei framtid som både Åheim og resten av kommunen kan drage store vekslar på om vi grip sjansen. Åheim vil med sitt maritime miljø for småbåttrafikk kunne fungere som ein mottaksmagnet og servicebase, framhevar Wingaard. Vert vi passivt sitjande med hendene i fanget og tru tunnelen i seg sjølv vil gi Åheim og dei andre bygdene her det løftet mange vonar, er Wingaard redd for at det blir lite å hente. TUNNELTID. Espen Wingaard meiner Vanylven alt no må rette blikket framover mot ei framtid med skipstunnel. Serleg bør Åheim med si plassering ha eit stort potensiale, men då må ein vere i forkant og starte planlegginga for den nye ”tunnelalderen” alt no. trengst grundig drøftast. Kommunen må spele på lag med bygdefolket, med grunneigarar og andre interessentar og legge til rette for både private og kommunale initiativ. At ein også samarbeider med grannekommunane om kva regionen her kan tilby ”tunnelfolket”, vil også vere fornuftig. – Det viktige er at vi er i forkant på det vi veit kjem og legg planar for ei slik framtid. Då slepp vi kaos med provisoriske løysingar når behova dukkar opp og utolmodige interessentar og investorar krev handling. Med 200 mill kroner inne på NTP, er loddet kasta for skipstunnelen, fastslår kreative Espen Wingaard. – Tida går fort og vi må straks kome i gang med planI forkant – Så snart reguleringsplanen arbeidet for den nye tunnelfor Fiskå er ferdig, må det vere alderen! Åheim sin tur. I den nye og reviderte arealplanen ein då legg opp til, må det takast høgde for den komande skipstunnelen og dei mulegheiter han kan gi. Kva med overnattings- og serveringsplassar? Korleis får vi båtfolket til å stoppe og trivast? Dette er problemstillingar som SYNSTE MØRE 8 TORSDAG 19. MARS 2009 Det nære Afrika For ikkje langt attende var Afrika, Kina og Australia stader som låg langt borte og der dei færraste hadde vore, utanom Annie Skau. I dag er det ikkje lenger uvanleg at ein tar seg ein tur til Kina, Amerika, Australia, eller Afrika. Mange unge reiser også på studieopphald eller arbeid for kortare og len- gre tid på desse stadane og vi veit foreldre som siste året har nytta høvet til å vitje born som har tilhald både i Kina, USA og Afrika. Sist månad reiste såleis tre ulike grupper frå Vanylven på besøk til Kenya og Tanzania. Tanzania For familien Warberg på Slagnes gjekk turen til Tanzania i tre veker, både som ferie og slektsbesøk. OLE MAGNE KVALSVIK I lag med tre andre har Monica, dotter til Anita og Robert Warberg, dei siste åra stått bak eit prosjekt med å få bygd ein helsestasjon, ein snikkarverkstad, og tanken var også ein barneheim, i landsbyen Kisongo, nord i landet. No er snikkarverkstaden og helsestasjonen i sving. Turen gjekk difor hit for å sjå resultatet, det vart sjølvsagt safari, ni av dagane vart brukte i kystbyen Zanzibar, og sidan Monica har gifta seg med Marco frå Tanzania, vart det vitjing hos familien hans. Helsestasjon To av dei tre prosjekta er altså i sving. Snikkarverkstaden har ti tilsette, medan helsestasjonen med personell 12. mars vart overteken av bydelsadministrasjonen i Kisongo og skal tene eit område med 8 000 menneske i Arusha-regionen. Begge desse prosjekta har komme i stand gjennom midlar frå Norge og særleg har ein del pinsemenigheiter vore flittige givarar, fortel Robert Warberg. Men Robert kunne og til dømes legge seg på ein behandlingsbenk der mange vanylvingar har lege før han, den tida benken stod på legekontoret på Fiskå. SLEKTSBESØK: Hos Marco sin familie i Elerai ser vi Monica Warberg Matinda i raudt, med broren Dan-Robert bak. Vidare frå venstre ei svigerinne av Marco, eit søskenborn av han med Neema på armen, mor hans Susan, Anita Warberg og Lillian Warberg, iførde flotte halskjede som var ei gåve frå familien. Vanskeleg tid Robert fortel at den økonomisk krisa gjer ting vanskeleg i heile landet. – Om det vert mykje arbeidsløyse, kan ein frykte ei oppblomstring av kriminalitet, noko som regjeringa er redde for skal gå ut over turistindustrien, som er viktigaste næringa ved sida av landbruk, fortel han. Robert håpar difor på vidare støtte til prosjekta i Arusha, slik at desse kan klare seg, sjølv om to av dei som stod bak no har måtta reise heim. – Ved sida av pengestøtte, er det framleis ein del ein kan ønskje seg av utstyr, særleg på helsestasjonen, seier han. Slektsbesøk Monica og Marco Matinda har no flytta til Ørsta med dottera Neema, men 7. mars tok dei turen attende til Tanzania i lag med Anita, Robert og Monica sine søsken, Lillian og Dan-Robert. Der gjekk turen også til Elerai, der Marco kjem i frå, for å helse på mor hans og andre i familien. Som det ville vore i Norge, vart dei godt mottekne av slekta, som driv dyrehald og grønsakdyrking, fortel Robert. – Det var tungvint. Dei måtte hente vatn eit stykke unna og føre dyra dit, men grønsakene stod frodige. Det var og eit skikkeleg vakkert område, som eg godt kan tenkje meg å reise attende til, fortel han. Sterke inntrykk Familien var og ni dagar i kystbyen Zanzibar, der det vart mykje bading og dykking, men og høve til å sjå stader, som mellom anna der Livingstone sitt hjarte er begrave og minna etter ein omfattande slavehandel. – Det gjorde eit sterkt inntrykk å sjå stadane der dei vart haldne som fangar og viste fram for auksjon. Ikkje minst utstillingane dei hadde laga og som viste korleis det føregjekk, fortel Robert. Turen gjekk og til Ngorongoro-krateret og til nasjonalparken Lake Manyara, der ein kom på nærhald av både giraffar, elefantar og anna dyreliv. Eit av sterkaste minna har likevel Robert frå turen MANGE INNTRYKK: Over til venstre ser vi Marco, Dan-Robert og Anita på besøk i snikkarverkstaden, der både stolane, bordet og kjøkeninnreiinga i bakgrunnen er laga. Vi ser og ei anna av dei som står bak prosjektet, Lene Elisabeth, med vesle Eirin. Vidare Marco som leverer ein PC frå Fiskå skule til Julius, leiaren for eit studieprosjekt for jenter hos masaiane. Under ser vi Dan-Robert ved ei utstilling som viser korleis slavane hadde det, den gongen Zanzibar var senter for slavehandel. Det fjerde biletet viser at enkelte av elefantane faktisk kom på vel nært hald, medan vi heilt til venstre ser storesøster til Eirin, Milka Katrin, som prøver vekta som ein har fått frå Vanylven. til byen Moshi, på høgsletta i nord, mot grensa til Kenya. – På veg mot byen brøler dei i baksetet: ”Sjå, Kilimanjaro!” Eg bøyer meg fram mot frontruta og kikar, men ser in- genting. ”Du må sjå opp”, ropar dei. Eg bøyer meg fram og vrir hovudet så det knakar i nakken, og der, over skyane, stig ein kvit topp majestetisk opp, fortel Robert Warberg. SYNSTE MØRE 9 TORSDAG 19. MARS 2009 Voi, Propoi og Mombasa Marit og Magne Nordal, i lag med dottera, Janne, tok i siste del av januar turen til Kenya. OLE MAGNE KVALSVIK I haust skreiv vi om Elisabeth Lillestøl Thue og Arne Nordal som skulle arbeide eit år i Voi kommune i Kenya. Dette er eit prosjekt gjennom Fredskorpset, der Elisabeth driv sosialt arbeid knytta til barneheimen, medan Arne som hovudprosjekt er med å utvikle eit system for handtering av søppel. Misjonsbesøk Marit og Magne landa 15. januar i Nairobi. Der i frå reiste dei først til Pokot, nord for Nairobi. Eit høgdepunkt for Marit var turen til Propoi, ein time unna, der Kjellrun, søster til Marit og mannen Skulí kom som misjonærar i 1978 og bygde opp ein misjonsstasjon med hus, kyrkje og jenteskule. Dei var med på gudsteneste og besøkte ein venn av Kjellrun og Skuli. – Vi har av og til tenkt tanken at det kunne ha vore artig å sjå staden der Kjellrun heldt til og no baud høvet seg, seier Marit og fortel mellom anna at misjonsstasjonen no er sjølvdreven og dei held på og bygg internat og matsal. Populære vaflar Seinare bar det attende til Nairobi og til Voi, der Elisabeth og Arne held til og som ligg om lag seks timar sør for Nairobi. – Det mest spesielle var kanskje viltområdet, Tsavo East nasjonalpark, som låg like inntil, slik at vi kunne sjå elefantar på den andre sida av gjerdet, mindre enn hundre meter frå eit basseng der vi var og bada om dagane, fortel Marit. Dei var og på besøk, mellom anna hos Consulata, som Elisabeth og Arne lærer swahili hos, ei førskulelærarinne med åtte born. Og Marit kan fortelje at eit populært innslag var når det kom vaflar på bordet, som Elisabeth og Arne av og til laga. – Det slår visst inn der også, smiler ho. Plast eit problem Søppelhandteringsprosjektet som Arne arbeider med er også tenkt som pilotprosjekt for resten av Kenya og noko som i høgste grad er påkrevd, fortel Magne. – Medan folk er velstelte og har det reint og fint i husa, er dei vane å berre kaste søppel utføre og særleg plast er eit pro- UTSIKT: Frå venstre: Elisabeth, Arne, Marit og Magne undervegs til Propoi, som ligg 1800 meter over havet. blem, sidan den ikkje rotnar. Det hang difor utruleg mykje plast rundt i trea og å få til eit system for å ta seg av dette og arbeide inn ein mentalitet for å levere, må absolutt til, seier han. Gjestfridom og hjartelag Det vart og ein tur ut til kystbyen Mombasa i nokre dagar, med litt bading og omvising. Dette er ein by med sterkt indisk preg, og det kunne vere ganske folksamt enkelte stader, fortel Marit og Magne. Hovudinntrykket dei sit att med frå landet er likevel gjestfridomen og hjartelaget dei møtte overalt. – Og så at alt føregjekk utandørs eller i enkle skur, frå sal av frukt og grønsaker til handverk. Det var utruleg mange flinke handverkarar som med enkle reiskapar laga dei flottaste møblar. Sengar med treskjering, bord og stolar. Vi vart mektig imponerte, seier Arne. Ei skiftande oppleving I etterkant av Marit og Magne Nordal si vitjing, vart det meir besøk for Elisabeth og Arne Denne gongen var det mor til Elisabeth, Oddrun og Elisabeth si søster, MonaSiw som gleda med å komme på besøk dei siste fjorten dagane av februar. – Det var kjekt å komme ned og sjå landet og sjå korleis dei hadde det, sjølv om det vart ein del reising og besøk og det var skikkeleg varmt, med opp i mot 40º midt på dagen, fortel Oddrun. Kontrastar Det vart difor ikkje så mykje soling og bading, sjølv om også dei var tre dagar i kystbyen Mombasa. – Det eg var minst førebudd på, var kanskje kontrastane. Dei som budde der, levde under enkle kår og hadde sjølvsagt lite å leve av i forhold til oss. Det vart ein stor kontrast til hotella og turistanlegga med høg standard og luksus, seier Oddrun. Ho fortel også at dei vart bedne på mottaking i rådhuset, der ordføraren tok i mot og dei skreiv seg i gjesteprotokollen. – Det var underleg å bli sett sånn opp til berre fordi ein var kvit. Det var og vanskeleg å venje seg til at dei heile tida venta å få ting i frå oss fordi vi var kvite og alle kvite vart sett på som rike, fortel ho. HOS CONSULATA: Her er Mona Siw (t.v), Oddrun og Elisabeth på besøk heime hos Consulata, som lærer Elisabeth og Arne swahili. PÅ BARNEHEIMEN: Mona Siw og Elisabeth med tre av ungane på barneheimen der Elisabeth arbeider. Heilt nede til høgre Mona Siw med krokodillebaby i håret. Gjorde inntrykk Ho og Mona-Siw fekk elles sett seg om i området og vite litt meir om kva Elisabeth og Arne arbeider med, og dei fekk eit lite innblikk i fleire lagnader som gjorde inntrykk. – Likevel sit eg att med opplevinga av blide og nøgde menneske utan stresset og klaginga vi ofte finn her hos oss, seier ho. Sjølvsagt vart det også safari, og medan det vart nok av elefantar, som dei altså i tillegg kunne sjå frå huset der Elisabeth og Arne budde, vart det eitt vonbrot på turen. – Eg hadde sett fram til å sjå løver på ekte, men dei viste seg ikkje, smiler Oddrun. SYNSTE MØRE 10 TORSDAG 19. MARS 2009 Sydlansk stemning på munter korkafé – Ein skulle igrunnen ha reist seg opp og takka, sa ein kar til oss på veg ut frå korkafeen på Åram søndag. Og betre skussmål kan vel ein arrangør knapt ønskje seg. VIDAR PARR Det manglar både kjøken og lyd- anlegg på Åram skule for tida, ei pågåande ombyggjing og altså Har du spørsmål om demens? Er du pårørende, eller bekymret for din egen hukommelse? Vi hjelper deg! FLORI d'ORAMA: Det internasjonalt kjende balletensemblet Flori d'Orama hadde lagt ein av sine ekslusive Europa-turneframføringar til Åram denne søndag ettermiddagen. Og som vi ser, var esemblet i storform og hausta - naturlegvis - stormande applaus! FELLESNUMMER: Mannskoret Frendar og Åram damekor, pluss nokre røyster frå Sande kantori, i eitt av fleire fellesnummer. Denne avdelinga dirigert av Rolf Aasevik Dyb. KANTORI: Dei var ikkje alle, men sanneleg greidde dei seg godt, dei som kom! Mange flotte stemmer i Sande kantori - under leiing av Andrea Syré. noko som vitnar at noko endå betre er i vente. Men trass i mangel på desse nokså vesentlege hjelpemidla, trylla Åram damekor fram dei same flotte smørbrødfata og kakene som vi etter kvart har blitt vane med – og beklaga stort at vi måtte ete på papptallerkar. Berre ta det med ro – med slike kaker et vi om det skulle vere på steinheller! Og når det så galdt lyden – så var det visst ikkje noko som vanta der heller! kome også den mest farefulle vegen - med ferja, som programleiar Astrid Brandal sa det. Litt amputerte var kantoriet kva galdt tal på songarar, men vel klang det uansett! Det gjorde også mannskoret Frendar som hyggjeleg nok byrjar å nærme seg gammal styrke i talet på songarar etter å ha vore nede i ein liten bølgjedal i så måte. To avdelingar med høgst variert program frå karane, frå mannskorklassikarar som "Sang til flagget" via "Ola Glomstulen" til "The great pretender". Og vertane sjølve slo til med to Gjester Sande kantori var dei lengst farande gjestene. Og dei hadde avdelingar – både seriøst og litt meir laussloppe. Og vi la også merke til at det eksotiske ballettemsemblet Fiori d’Orama også var det fleire med mistenkjeleg likskap til kvinnene i Åram damekor. Så var det mat, fellesnummer og småflørtande avslutning som det nesten ikkje er til å unngå når mannskor og damekor set kvarandre stemne: Rosa på ball og Good night ladies! Jau, han var sanneleg inne på noko, karen vi hadde følgje med ut døra. Her skulle det vore takka! SYNSTE MØRE 11 TORSDAG 19. MARS 2009 Variert meny på korpskafe Etterveksten er god både i kor- og korpsmiljøet. Det fekk vi stadfest på Fiskå ungdomshus søndag. VIDAR PARR Det er tett mellom song- og musikk-kafeen no på ettervinteren. Søndag var det Fiskåbygd skulekorps som baud inn til musikkkafé på ungdomshuset. Mykje folk og tett med deltakarar. Korpset sjølv opna ballet som seg hør og bør. Det svingar godt av dei, for tida! Vi fekk både Ole Ivars, Abba og Maria Craig i første avdeling – foutan den gamle ”Bislet Spesial” – Lilly the Pink. Aspirantar Og som alt nemnt. Det gror også godt! Aspirantgruppa som vart presentert har ikkje vore større på mange år. Så no gjeld det berre at dei held ut i åra som kjem. Søndag fekk dei vise kva dei hadde lært det knappe halvåret dei har hatt instrument. Og det var meir ungdommeleg underhaldning på tapetet: Knøttekoret sjarmerte og song med stor innleving under leiing av Bente Sundnes. Beatles og trekkspel Og i rekkja vår av unge underhaldarar kan vi godt ta med både blandakoret og Vanylvsdragarane. Sistnemnde har alltid hatt ein fin balanse mellom eldre som har vore med nokre år og unge som kjem til frå musikkskulemiljøet. Slik også denne gongen. Og Vanylven blandakor har også makta å ta opp stadig nye songarar, også mellom dei unge. Koret emnar på ei større oppsetting av Betales-melodiar og på musikkafeen fekk vi tjuvlytte på i alle fall to av melodiane. Den tredje som dei hadde tenkt å framføre, måtte gå ut fordi ein ikkje hadde fått tak i nok casouar – desse plastikdingsane ein syng inn i og ”lagar” musikk. I staden avslutta koret med den eldgamle og vidunderleg vakre ”Å ljuva natt”. Og vi må naturlegvis ikkje gløyme å nemne maten og kaffien – som naturlegvis er ein viktig ingrediens på slike tilstellingar. ØVST ser vi vertskapet for musikk-kafeen - Fiskåbygd skulekorps under stø leiing av Aina Wefring. I MIDTREKKJA har Knøttekoret fått plass til venstre - oppstilte i profesjonell kortrapp. Det var i seg sjølv så spanande at det måtte litt prøvehopping til - men du verda kor dei syng ut! Bente Sundnes leiar den sjarmerande gjengen og spelar til på trekkspel. Til høgre i same rekkja Vanylven blandakor under leiing av Sølvi Myklebust. ASPIRANTANE vi ser i nedste rekkja til høgre er fleire i talet enn på mange, mange år. Det er Heidi Fagerhol Sandvik (ståander til høgre) som har hatt ansvaret for instruksjon av dei som spelar blåseinstrument, medan Yngve Lillebø (på vårt biletet har han blitt skjult bak) har teke seg av trommeopplæringa. KONKURRENTAR: Ei avis kan ikkje lenger rekne med å ha monopol - heller ikkje på lokalstoff. Her har vi fanga inn to konkurrentar Kaja Nygård Thunem (t.v) og Anne Lene Rusten som fotograferer. SYNSTE MØRE 12 TORSDAG 19. MARS 2009 Tre dagar - tre forestillingar I går spela dei i Syvde, i kveld er dei på Fiskå og i morgon står dei på scenen i Molde. VIDAR PARR Dessverre skjer premieren på kulturskulen si teateroppsetting, ”Jeg vet hvorfor”, etter at vi har gått i trykken onsdag kveld. Men tysdagskvelden fekk vi vere med på ei generalprøve i Syvde samfunnshus. Og det er ikkje småtteri dei elleve ungdomane har gitt seg i kast med! Forestillinga tek opp eit alvorleg tema – og gjennom eit sett av ulike verkemidlar vart vi involverte i dei alvorlege problema som hovudpersonane Maria og Mattias slit med, med ei mor som har store psykiske vanskar. Til Molde Teatergruppa skal, etter framsyningane i Vanylven, alt fredag til Molde for å spele saman med andre DUS(Den Unge Scene)grupper. Den store gulrota er at ei gruppe frå kvart distrikt blir invitert til å spele på Det Norske teateret i Oslo! – Men Jugendteateret i Ålesund set også opp dette stykket av Haddy Jatoun N’Jie. Så vi må sanneleg skjerpe oss, seier instruktør Marianne Løseth. INTENST: Iselin Garshoel Berge, Ane Lillebø og Lars Andreas Myklebust i intenst Nytt sjansen Vi var som sagt på general- samspel. prøven tysdag. Dei som ikkje la vere. Lokale ungdomar levesåg stykket onsdag, har ein ny rer til svært bra prestasjonar og sjanse på Fiskå ungdomshus i emnet er noko vi all gjerne kan kveld. Det er ingen grunn til å vite litt meir om. PÅ TRÅDEN Rydd opp etter hunden! Kjell Arne Rusten seier at hundeeigarane som går tur etter vegen, må syte for å ha medseg posar for å rydde opp etter hundane sine. – Det er heilt fint og greit med hundar. Men det er ikkje så kjekt for oss andre å trakke i hundebæsj når vi går tur etter at det har blitt skymt og vi ik- kje ser så godt alt som ligg der. Så oppfordringa er: Gå tur med hunden - men ta med pose så de kan rydde opp, seier Rusten. KOMMENTAR Ein taktisk genistrek eller…? Stad skipstunnel har endeleg fått sine første millionar. Rett nok som fjerne kroner i plansamanheng, men likevel. 200 millionar kroner i ein transportplaner eit sterkt signal. Tunnelkjempa Jan Helgøy jublar. Som leiar i Regionrådet vart det nok vanskeleg å halde seg til saklista på møtet sist fredag då meldinga om dei glitrande tunnelpengane var på plass. Gratulasjonane hagla inn frå fjern og nær. Vanylvsordføraren hadde grunn til verkeleg å smile. Og når denne storeslemmen for hans hjartebarn i så mange år no endeleg kan sopast inn, nett då vart middagen med torsk, dregen i båten straks utanfor Kjødepollen, det beste kona Karin kunne varte opp med seinare på dag. Ikkje visste den sprellferske torsken det Helgøy ser føre seg at denne sjøen sin skapning med sine delikatesser av haud, rogn og lever, rissa opp leia for den digre hurtigruta som vil følgje på om nokre år. Ikkje rart ordføraren sleit meir tåa enn hælen på skoen denne fredagen den 13, ein dag som frå gammalt er merka med ulukke. Ryktast gjorde det at tunnelgeneralen i timane etter Liv Signe si rause gåve vart kjend, vart observert med ei så spenstig gange at kroppen knapt rakk i golvet. Men om Helgøy sin jubel er nok til å hjelpe denne 13. til å kvitte seg med sitt ulukkesstempel, er ei anna sak. Neppe. Overtrua stikk som kjent djupare enn som så i folkesjela. Her må fleire tunnelsigrar til! Når det politisk blir sparka opp, let vanlegvis kommentarane frå ulikt hald raskt melde seg. Så også med Stad skipstunnel. I kjent stil med Jens og Siv som førebilete, finn våre lokale tungvektarar på tunnelen, samferdselsrådgjevar for Vanylven, Svein Gjelseth og tidlegare styreleiar i LL Stad skisptunnel,Åge Starheim raskt fram boksehanskane. Ap-Svein som vi denne gongen mistenkjer for å prøvekøyre stortingsdressen for å finne ut om storleiken passar, strekkjer armane raskt i veret alt før dommarsirena læt. Han ropar straks på poengsiger og det på kommentar om at den Ap-dominerte regjeringa ”har levert varene.” FrP-Åge derimot fnyser av slikt prat. Han har ikkje høyrt gongongen og veit at fleire r u n d a r v e n t a r. Som ein røynd tippeligatrenar gjer til tv-kommentatorane, framstår han som godt nøgd med kampen. Knallhardt press på motstandaren har gitt resultat! nelen. Då var det nok eit taktisk sterkt trekk å hefte nokre tunnelmillionar godt synleg på veggen og dermed ta brodden av opposisjonen sin massive kritikk av at kvalitetssikringsarbeidet (KS1) ikkje vert ferdig i denne perioden, slik opposisjonen har kravd og slik regjeringa har lova. Liv Signe har gått klar edet Åge kallar eit politisk sjølvmord. Kjell Brenne har følgt saka om Stad skipstunnel for Synste Møre sidan midt på 80-talet og skrive tallause artiklar om dei opp- og nedturar prosjektet har vore igjennom. For Liv Signe var nok fullstendig klar over at det måtte kome noko i NTP om skipstunnelen om ho som ansvarleg statsråd i komande valkamp ikkje skulle misse sitt truverde. Mykje står på spel for henne som også er leiar for eit Sp som har programfesta tun- Kor sterkt forpliktar så desse 200 millionane? Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen er klar på at det er KS1-rapporten og den samfunnsmessige lønsemda i skipstunnelen som vil styre eit ja eller nei til prosjektet. Førebels kjenner nok berre dei som sit næraste dei som skal kvalitetsikre kva veg vektskåla tippar. Dei vel nok å halde korta tett til brystet. Heile 2009 vil gå med til å snu steinane Gjelseth snakkar om, dei same som i følgje Starheim har vore endevendt mange gonger. Så spørs det kva KS1-fasitten til slutt vil vise. Dagen eit storting seier eit endeleg ja til å bygge skipstunnelen vil verte ein langt større jubeldag for tunnelforkjemparane enn fredag 13. mars 2009. Seljeordførar Gunn R.V. Helgesen har påpeika at tida er inne for hardt arbeid. Nett no har ikkje skipstunnelen bruk for sofaslitarar. Heilt korrekt. Gunn. Men politisk støy er nok ein del av kvardagen. Svein har påpeika at no har Ap sett seg i førarsetet og teke styringa. Åge trur derimot på eit heilt anna lag på bana om kampen skal vinnast. Men kva lag vil så selje-FrP-aren ta ut: Ein ellevar etter Bondevik 1-2 modell kan neppe lukkast. Dei var heilt ute av form sist dei var på bana. Og den alltid støyande Venstreleiaren vil neppe utskrive Siv regjeringslisens. Det blir for risikabelt, ikkje minst for Lars og Dagfinn på ”midtbana.” Når det viser seg så at det flø- SYNSTE MØRE Informasjonsmøte for høyrselshemma Neste fredag, 27. mars, blir det bode inn til informasjonsmøte for hørselshemma på kommunestyresalen på Fiskå. Elling Lindset frå Ytre Summøre lag for hørselshemma vil vere til stades for å orientere. Det var Anni Øvrelid som tok kontakt og såleis på ein måte initiativet til møtet. Ho fortel at ho før jul mista høyreapparatet sitt og dette gjorde at ho kom i kontakt med foreininga. Det synste seg at det var lokallag i Ørsta/Volda og i Vågsøy. Det viste seg og at det var lag for kommuane Sande, Herøy, Hareid og Ulstein – Ytre Sunnmøre lag. Ho har teke kontakt med Lindset som altså har sagt seg interessert i å kome for å informere. – Foreininga er open for alle, også dei med normal høyrsel kan vere med som støttemedlemer. Vi driv med informasjon og mykje såkalla likemannsarbeid. I det ligg at folk kan assistere andre hørselshemma når det til dømes gjeld problem med høyreapparat. Vi har og folk som er kursa for å støtte dei som slit med øyresus – tinitus, fortel Lindset. – Det er 600.000 menneske som i større eller mindre grad er hørselshemma i Noreg i dag og det er eit aukande problem, seier Lindset. På møtet på Fiskå neste fredag vil det bli informasjon om foreininga sitt arbeid. kjer seg med å bruke parti-skillelinene, kan det vere fornuftig å tenkje på å stable på beina geografiske lag. På eit kystlag frå vest kan vi ha fordelen av at Svein og Åge vil spele i angrep på same lag. Dessutan har vi dagens trio frå skipstunnelen sitt heimfylke: Reidar Sandal som leiar i finanskomiteen, Liv Signe Navarsete som samferdselsminister og Vidar Ulriksen som statssekretær i Fiskeri og kystdepartementet, alle i nøkkelroller Med det for augo bør det ikkje vere nokon grunn til at ikkje dei 200 millionane til Stad skipstunnel blir losa trygt igjennom når Stortinget vedtek NTP. Så får vi berre tole at det oppstår litt partifriksjon kring skipstunnelen. Det er slik det skal vere i eit oppegåande demokrati. – Mot normalt! skøya revykongen Leif Juster i si tid. – Som normalt! legg vi til. Kjell Brenne 13 TORSDAG 19. MARS 2009 Årar og anna basarutstyr – Vi brukar dette gamle apparatet. Folk vil høyre lyden! VIDAR PARR Om lag slik starta Astrid Lillerovde trekkjinga på ein fest på Rovde nyleg. Ho er ein driven ”ristar” som held seg til gamlesorten av trekkjeapparat – dei som lagar lyd. Kulene skal ristast godt før dei hamnar i kvar sin bås og lesast som eitt tal med opptil fleire siffer. Og så skal vinnarnummeret ropast ut. Du skal ha god røyst så det høyrest. Du skal helst kjenne folket så du kan flette inn nokre kommentarar og slik gjere trekninga til noko meir enn berre turre tal. Dei fleste av oss har gjennomlevd det kvardagsdramaet slike trekningar kan vere, ikkje minst medan ein er ung av år og har avgrensa med nedturar å sjå tilbake på. Spaninga, vonbrotet, gleda. Sentrale ingrediensar i drama på alle plan – også på basarplanet. Som de har forstått, trekkjeapparatet og årane og basarutstyret er dagsens kulturminne. Tombola er eit nymotens ord. I mange annonsar i Synste Møre står framleis ”åresal” som eigen programpost. Det gjer det sjølv om årane dei fleste stader etter kvart har blitt til papirstrimlar, pappårar og lappar. Men vi finn også dei som framleis og standhaftig satsar på treårane. Kanskje av tradisjon og ein smule nostalgi. Kanskje også av reine miljøomsyn?. På Rovde til dømes, som vi nemnde innleiingsvis, er det treårar – men no berre med åreblad. Andre stader nyttar ein ”årar” kjøpt på apoteket – av den typen lækjaren nyttar når halsen skal undersøkjast. Både i Sundalen og Almklovdalen har dei slike – påskrivne for hand. Og anten de trur det eller ei treårar er framleis å få kjøpt: – Det er ein viss eingongskostnad. Men så har ein dei då i mange år og kan også kjøpe supplement om ei år går sund, seier Odd Stuve Rommetveit ved Podlen verkstad i Leirvik på Stord. Verksemda, som mellom anna sysselset yrkehemma, er den einaste på vi finn på nettet som framleis tilbyr ”basarårar”. Rommetveit kan stolt melde om både Frelsesarmeen og Odd Fellow mellom kundane. Rett nok har moderne basarårar ein litt meir stilisert fasong enn dei gamle årane – av produksjonsteniske grunnar. Finst det då ikkje årar av gamlesorten i bruk lenger? Jau, så menn gjer det så. Og vi treng ikkje fare så langt heller. Til Sørebrandal held lenge. Åse Skingen kan fortelje oss at nokre av årane er så gamle at dei er laga av bestefar henner , Eilert Olsen, som budde RISTAR: Astrid Lillerovde står føre trekkjing på Rovdetun. Ho er ei av dei som kan denne kunsten! i Krabbestigen! Her nyttar dei også ”trekkebytte” med lappar. For sjølv om risteapparatet no fortonar seg som gamalt, er det ei oppfinning av etter måten ny dato og noko som langt frå fanst over alt for ein mannsalder eller to sidan. Så kan sjølvsagt filosofere over kvifor ein valde å forme desse trestykka ut som årar. Vi har ikkje greidd å finne noko vitskapeleg forklaring på det. Av teoriar vi har prøvd ut på folk som vi meiner har evne til både å tenkje praktisk og ein smule historisk, ser den ut til å stå seg best at det var sjølve forma gav namnet. Altså at ein forma eit trestykke med ei flate som ein kunne skrive tala på og eit skaft til å halde i. Og når ein så skulle kalle dette eitkvart, såg ein at det i form likna på åra ein kjende frå båten. Tidlegare førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, Jon Tvinnereim, er ein av dei som stør oss i den teorien sjølv om han må vedgå at dette har han ikkje tenkt på før. Tvinnereim seier og at han aldri har vore frami at åresal har blitt oppfatta som tvilsamt i noko miljø. Noko ein kanskje skulle tru. For det er vel eit element av hasardspel i dette – og det tok mange fråstand frå, minst like strekt som mot til dømes kortspel og dans. Men åresalet ser ut til ha trivest like godt både på ungdomshus og bedehus. – Eg kan ikkje seie å ha møtt negative haldningar til dette nokon stad. Og forklaringa ligg nok i at dei pengane som kom inn på åresal og andre former for lotteri vi her snakkar om, gjekk til eit godt føremål. Det var ikkje snakk om å lure nokon eller utnytte vinsten til personleg vinning. Ein hadde på førehand sett av kor mykje ein ville gje, og at dette då blei gjort på denne måten, var det ingen som tok noko form for anstøt av. Eg minnest ei artig episode frå barndomen som kan illustrere det eg seier. Heime var det ”auksjonar” på bygdesam- komer og ein gong hadde eg fått med pengar for å vere med. Eg var liten og auksjonarius såg meg ikkje, så eg fekk først tilslaget på det som stod att til slutt – ei spann med mjølk. Ein kan sjølvsagt skjøne at det ikkje var heilt bra å kome heim att til foreldre som var bønder og mjølkeprodusentar med det, men eg fekk ikkje skjenn for handelen min. Nettopp fordi pengane gjekk til eit godt føremål, fortel Jon Tvinnereim. Vi seier ikkje noko om korleis sjølve trekkinga går føre seg. Kort og godt fordi variasjonane og lokale tradisjonar er så ulike - og det er vel noko av sjarmen. GAMMAL: Nokre av årane som er i bruk i Brandal er det bestefar til Aase Skingen som har laga. Her i bygda nyttar dei i tilleg til gammaldagse årar også "trekkebytte" med nummerlappar. Aase har nettopp laga nye lappar. Bytta er også - som vi ser - av ny dato. SYNSTE MØRE FOTBALL Åheim slo Stadlandet I ein treningskamp i fotball laurdag på ei flott kunstgrasbane på Stadlandet slo Åheim heimelaget 32 etter ein jamn kamp. Åheim stilte med eit svært ungt mannskap på dei fleste plassane og trenar Henning Hansen var godt fornøgd med det dei viste. – Stadlandet har eit fysisk sterkt lag og desse granneoppgjera brukar tradisjonelt å vere tettare enn vanleg. Våre teknisk unge greidde likevel å stå imot. Dei jobba godt defensivt og var også med framover på bana. Åheim gjekk opp til 1-0 alt etter to minutt ved Nils Svein Hansen og Åheim hadde bra tak på banespelet utover i omgangen. Stadlandet kom etter kvart meir inn i kampen og utlikna til 1-1, noko som vart pauseresultatet. Stadlandet la på til 2-1 før Per Kenneth Hovdevik utlikna på straffespark. Innbytar Borge Berget har fleire gonger vist sin målteft. Målfanten frå Sylte var fastsette sluttresultatet til 3-2 for Åheim. Åheim stilte dette laget: Adrian Lyngvær, Christian Thue, Ole Johnny Westerås, Martin Stahl, Runar Aahjem Løvold, Pål Hellebust, Per Kenneth Hovdevik, Tore Høybakk, Nils Svein Hansen, Torgeir Halsen. Innbyte: Magne Brobakke, Sondre Hasund og Borge Berget. ÅVK i rute Åram/vanKam har til no spelt tre treningskampar i vinter og verkar å vere i god rute før sesongen. Sist veke var det først kamp mot Loen, som spelar i 5. divisjon Sogn og Fjordane. På Eid kunstgras vann ÅVK greitt 6-1 etter mål av Andre Pedersen, Sigve Støylen, Ole Per Kragset, Erlend Larsen (2) og Martin Ekremsæter. Fredag møtte ÅVK så Sakvøypoll, som i fjor rykte ned frå 3. divisjon i Sogn og Fjordane. Ole Theodor Hovden og Ole per Kragset scora kvar sitt mål i andre omgang, slik at ÅVK vann 2-1. På nettsida karakteriserer spelande trenar Ole Theodor Hovden kampen som ein av dei beste til ÅVK på lang tid. Han trekk særleg fram laget sin arbeidsinnsats og kampmoral mot ein god motstandar. I ein kamp mot Kvamsøy sitt A-lag laurdag vann ÅVK sitt juniorlag 5-1. 14 TORSDAG 19. MARS 2009 Og kanskje kommer … ? 1. mai er det klart for 1. mailøp nummer 50 i rekkja på Åheim. OLE MAGNE KVALSVIK Ei gruppe har siste åra stått på med dugnad og i fleire etappar bygd eit reiskapshus på grusbana der starten føregår. Det har undervegs vore diskutert om ein skulle byggje ein veranda framme på huset, men i samband med jubileet vart ein einige om at det måtte til. – Klart det. Om kongen skulle kome, må ein ha kongetribune, meinte dugnadsleiarane. Og i desse dagar står ho ferdig, samstundes som ein har innreidd romet på loftet til sekretariat og anna bruk. Så no gjenstår det berre å sjå, – kjem han? SNART KLART: Sist måndag kunne leiar i Åheim IL, Randulf Lilllebø (t.v) konstatere at dugnadsleiarane Jan Brobakke og Ove Karlsen (t.h) er godt i rute med kongetribuna til 1. mailøpet sitt femtiårsjubileum. Fullt i sekken for Stadlandet Stadlandet sine jenter 14 år avslutta handballsesongen søndag. Mot dei sterke laga Sogndal og Bjørn vart det mange mål i mot for Stadjentene og det enda med 5-13 mot Sogndal og 6-22 mot Bjørn. Dei to gjestelaga viste seg jamt over sterkare, meir bevegelege og skotsterke. Litt gjorde det også for sluttsifra at Stadlandet mangla sin faste keeper, Malene Friberg. Jentene har likevel hatt fin utvikling gjennom året, så no er det berre å håpe dei vil satse fram mot ein ny sesong. OLE MAGNE KVALSVIK FULLTREFFAR: Å setje sjansane betre er ein av tinga det må trenast på til neste år for Stadlandet sine handballjenter. Her scorar Tina Hoddevik på eit rushangrep mot Bjørn, medan Kristine Leikanger følgjer med, men fleire slike sjansar vart redda av Bjørn sin gode keeper, eller gjekk utanfor. Tidleg feltstart Søndag var det klart for start på utandørssesongen i skyting med fleire feltstemne rundt om. I Hjørungavågfelten deltok det 52 skyttarar, noko leiar i arrangørlaget, Odd Melhus, seier seg svært nøgd med. Vi kan legge til at heile seksten av dei var frå skyttarlag i Vanylven, i tillegg til Bjørnar Osnes, som skyt for Volda. I ein grovfelt som ikkje vert karakterisert som av dei mest vanskelege, skaut Osnes likevel 30 treff og vann knepe framfor Lennart Henden, med eit innertreff meir. Imponerande skyting var det og av einaste aspiranten som deltok. Med eit lettkaliber 22 gevær skaut Tormod Ekremsæter frå Åheim, som skyt for Syvde, 27 treff i merkbar vind. Resultatliste Kl. 5 1. Anita Lystad, Hovdebygda/Ørsta 27/14 Kl. 4 1. Bjørnar Osnes, Volda 30/17 Kl. V55 1. Erling Sylte 2. Lennart Henden, Syvde 30/16 Kl. V65 3. Arnold Myrvoll, Syvde 30/20 , Fiskå 26/11 2. Anton Jon Aarskog 21/13 , Sundnes 4. Magne Aarskog, Sundnes 26/11 6. Inger Johanne Sætre, Syvde 25/3 IMPONERTE: Tormod Ekremsæter leverte 27 treff på felten med kaliber 22 i Hjørungavåg. 8. Odd Arne Sætre, Syvde 22/2 10. Stig Morten Løseth, Syvde 21/7 11. Kristan Aarskog, Sundnes 21/5 Kl. 3 1. Ove Ekremsæter, Syvde 29/14 Kl. V73 1. Sverre Lundestad, Hovdebygda/ Ørsta 30/16 3. Tor Ekremsæter, Syvde 28/9 Junior 1. Thor Inge Grebstad, Hovdebygda/ Ørsta 30/18 4. Jan Tore Aarskog, Sundnes 30/11 7. Kjell Arne Myrvoll, Syvde 21/10 8. Vegar Bakken, Hjørungavåg19/4 Kl. 1 1. Randulf Lillebø, Fiskå 16/4 Eldre rekrutt 1. Marius Helland Bøstrand, Volda 30/21 2. Henning Olai Sætre, Syvde 30/15 SYNSTE MØRE 15 TORSDAG 19. MARS 2009 INNLEGG Vindmøller rundt Hovda? Smak på orda: Fornybar energi. Utan forureining utnyttar vindmøllene krafta i vinden som støtt bles innover landet vårt frå vest. Vindkrafta lagar straum til dei tusen heimar, heiter det. Vindmøllene står lagleg til på høgdedraga, der berre sauer og geiter utnyttar graset og havørnene seglar fram utan å ense faren. Propellen sviv sakte rundt, ein høyrer berre sjo-inga av den når ytterspissen går rundt med ein fart tilsvarande 200 kilometer i timen. Og ut av kassa bak propellen kjem det ut elektrisk straum, ein generator syter for det. Nokre kilowatt vert det ut av det, med ein energipris 35 gonger høgare enn det som kjem frå ei anna fornybar energikjelde som vi totalt har rikeleg av: Vasskrafta. Verda og Noreg treng elektrisk energi. Det har ikkje minst vorte gjort kjend gjennom diskusjonen om monsterlinja frå Fardal i Sogn til Ørskog. Enorme straummengder tidlegare utnytta i aluminiumsproduksjon i Øvre Årdal har vorte til overs, no er det Nordvestlandet med sine industrianlegg og aluminiumproduksjon som skal få glede av straumen – og av monsterlinja gjennom nokre av dei vakraste og mest turist-tiltrekkande landskap i Noreg. Eit gasskraftverk på Kjellbergodden kunne overflødiggjere heile monsterlinja! I Europa, der få land har slike naturskapte fordelar som Noreg, har ein satsa på kolkraftfyrte kraftverk, oljefyrte kraftverk, gasskraftverk og atomkraftverk. Tyskland har og satsa på vindmøller, ein ser dei på særs mange høgdedrag og i store vindmølleparkar. Likevel utgjer vindmøllene berre 0.02 prosent av den totale energitilførsel i landet, men er likevel med på å drive opp prisnivået på all straum som vert produsert. Store kostnader i produksjon av vindmøllene, liten kapasitet, stort behov for reparasjonar, kort levetid aukar kilowatttimeprisen til opptil det fem-doble. Difor vert ingen fleire vindmøller bygde i Tyskland, no satsar ein intensivt på atom- og gasskraftverk (gass frå Nordsjøen som vi ikkje skal få lov å bruke) for å bli kvitt dei forureinande kol- og oljefyrte kraftverka. Vasskraftutbygging i Noreg er blitt eit fy-ord. Ei demning i ein fjelldal der det ikkje ferdast folk må ikkje forekome. Å fornye turbinane og anna infrastruktur i eksisterande vasskraftverk slik at dei kan produsere 50 prosent meir straum er det ingen som snakkar om. Nei heller vindmøller! – Og iallfall ikkje gasskraftverk og thoriumkraftverk, å berre tenke på slik styggedom er verre enn å banne høgt i kyrkja.! Stadlandet, noko av det mest særmerkte og vakraste landskap i Noreg, skal verte velsigna med vindmøller, og no skal ein også i Vanylven gjerne vere med på galeien. Det er ikkje tvil om at det bles i høgdedraga ”rundt Hovda”, og vindmølle-propellar vil svive rundt der som andre stader. Og litt straum kjem det ut av det, til prisar som må statssubsidierast for å verte kobla til det vanlege straumnettet. vindmøller som er viktig på våre kantar? Har ikkje naturen ein eigenverdi som burde sleppe unna ”blåruss-tenkinga” at alt skal omsetjast i pengar. Har vår generasjon rett til å øydelegge noko av det mest verdfulle vi har – vår natur og våre landskap. Ein av dei fremste reiselivsekspertane i Noreg og mangeårig redaktør av NAFs Veibok Erling Storrusten meiner at den ytre kyststripa frå Rogaland til Finnmark er det flottaste turistmål i verda og der ”kremen” er Nordvestlandet og Lofoten. Men er det berre straum frå Hadde det ikkje vore betre å bygge småkraftverk der det høver seg, med større energiproduksjon enn kva vindmøllene greier å prestere og til langt lågare pris? Men då må det satsast lokalt, kommunen må vise velvilje og finansieringa ordnast. Overlet ein utviklinga til ofte multinasjonale selskap med velfylte pengesekkar – då vert det vindmøller. Delvis fordi våre politikarar nektar å sleppe til opplagde alternativ som gass- og thoriumkraftverk og er heller ikkje villige å bruke pengar på å effektivisere dei gamle vasskraftverka. Vi har dei politikarane vi fortener, til hausten er det Stortingsval. VINDMØLLER: No er det slutt på bygging av slike vindmøller i Tyskland. Straum frå dei vert altfor kostbar. Heller gass- og atomkraft. Bilde frå ein tysk motorveg 7. mars 2009. gje og gjennomføre store og små arrangement i kyrkjelyden. Ein prioriterer kva lokale og verdsvide tiltak som skal få økonomisk støtte gjennom kyrkjeofringane, og ein har høve til å påverke kyrkjepolitikken gjennom ulike høyringar. Elles står det einskilde soknerådet fritt når det gjeld kva saker ein ynskjer å ta opp og prioritere. Kanskje vi kan få eit Storting som seier som ein nyvald amerikansk president seier: ”Yes, we can!” Harald Ulvestad No er gode råd dyre Val på medlemer til sokneråd og bispedømeråd finn stad samstundes med stortingsvalet i september. Som ein del av den kyrkjelege demokratireformen har regjeringa bevilga 7080 millionar til gjennomføringa. Lokalt her i Vanylven inneber dette 50 000 øyremerkte kroner. Då er det viktig at resulta- tet av arbeidet blir godt! No har du mulegheit til å bli ein del av løysinga i ditt sokn. I desse dagar arbeider dei fire sokneråda med å finne kandidatar for den komande perioden (som er berre på 2 år, fordi det skal vere nytt val i samband med kommunevalet i 2011). Mange av dykk kjem til å få brev om at de vert sette opp på liste. Vi vonar at de ser på dette som ei tillitserklæring og som eit høve til å vere med på å forme arbeidet i den lokale kyrkjelyden i åra som kjem. Soknerådet legg føringar for arbeidet gjennom å planleg- Ver med på ein dugnad for å gje kyrkjelydane gode råd, ved å stille til valet og ved å nytte røysteretten din! Aage Gunnar Strand, leiar i Syvde sokneråd Trimfinale neste fredag Fiskå Il sin trimkarusell går mot slutten. Ein god gjeng var med også sist fredag. Og ferdag om ein god veke blir det vel reine folkevandinga - for då går siste runde. Denne gongen var desse med: Edel Barstad, Aksel Inge Berge, Ragnhild Berge, Marius Berge Sandvik, Julie Berge Sandvik, Kristiane Ekremsæther, Marius Ersvåg, Stig Ersvåg, Marina Haaberg, Andrea Lillebø Grønvold, Trude Lillebø, Henrik Haugen, Beate Stranden, Celine Haugsbø, Madelen Haugsbø, Kjartan Haugsbø, Aud Rusten, Elin Hammer, Sigbjørn Kleppe, Niklas Molvik, Nina Molvik, Patrick Molvik, Kari Ruud, Agnar Rekkedal, Beate Rekkedal, Vemund Rekkedal, Vendel Rekkedal, Bendik Rekkedal, Kjell Arne Rusten, Astrid Rusten, Edel Rusten, Idar Rusten, Elisabeth Løvoll Rusten, Anne Lene Rusten, Hans Ivar Rusten, Svein Erik Rusten, Nina Strand, Catrine Sørgård, Tordis Thunem, Anna Thunem, Anita Nygård Thunem, Kaja Thunem, Ingunn Thunem, Vidar Thunem, Kristina Thunem, Nikoline Thunem, Cecilie von Krogh, Andrine Kvamme, Synnøve Kvamme, Turid Worren, Ingebjørg Worren, Embla Kristine Worren, Elsa Aaland, Christoffer Aaland, Ådne Aaland, Elisabeth Aaland. Vinnarar av trekninga: Bendik Rekkedal – album frå Voksøy. Aksel Inge Berge - skriveblokk frå Coop. Andrea Grønvold – leike frå Ringo. Astrid Rusten – bag frå Fagerhol. Ragnhild Berge – røykelaks frå Spar. Henrik Haugen – gymbag frå Voksøy, Edel Rusten – film frå Statoil. Neste og siste trimkarusell vert fredag 27. mars. TRIMKARUSELLEN på Fiskå har hatt god oppslutning gjennom vinteren. Her frå ei registrering på ein tidlegare marsj SYNSTE MØRE 16 TORSDAG 19. MARS 2009 $)44,/+!,%"9''%6!2%(53 )NTERIR kr. 178,- TILBOD Sigdalkjøkken Vi planlegger og teiknar ditt kjøken! "9''&!' 6IHARHEILESPEKTERET AVMALINGSPRODUKTFRÍ'JCO BADEROMSPANELMBORD Cresendo 1526 på lager .YSTL&AGERHOL!3 &)3+¯"9'$4LF&AX%POSTPOST NYSTOLFAGERHOLNO WWWNYSTOLFAGERHOLNOWWWBYGGFAGNO 'JERSOMOSSSATSPÌKJENDELEVERANDRAR Velkommen til Kjelsund på Vi har det du OMRÅDESTEMNE trenger! for NMS Søre Sunnmøre laurdag 21. mars Frå kl. 10.00: Registrering, bibeltime m/kollekt, årsmøte, val av regionstyreleiar, matservering (middag kl. 15.00) Kl. 11–15: NB! MINILEIR for borna Kl. 17.00: Misjonsfest! Tale ved Merete Hallen, familiekoret, nytt frå misjonærane, musikkinnslag, kollekt til NMS. Påmelding 18. mars på tlf. 70 02 02 22 el. 70 12 22 00. Vaksne kr. 230,- Born kr. 160,- Søskenrabatt – områdeutvalet NMS Søre Sunnmøre Årsmøte Vik grunneigarlag Sponsor: Er det fullt i kjellar og på loft? Kanskje nokon vil kjøpe det du ikkje treng meir? Prøv ei rubrikkannonse til 50,+ mva i lokalavisa! Ring 700 20 820 eller send mail til [email protected] hjå Elias Øvregård tysdag 24. mars kl. 20 Tlf. 700 23 990 Fiskåbygd Familien Knutsen ringer med Telio – Vi bruker telefonen mye, men siden vi byttet til Telio har vi spart flere tusen kroner. Det er enkelt og vi slipper å tenke på telefonregningen. Etter at Hans fikk Telio Bedrift på jobben, spares det mye penger der også! Hva er bredbåndstelefoni? Du bruker telefonen på vanlig måte, men samtalen går via bredbåndet ditt i stedet for det tradisjonelle telefonnettet. Derfor er det også mye billigere. Enkelt – Vi hjelper deg Du kan benytte Telio uansett leverandør av bredbånd. Behold ditt telefonnummer, eller få et nytt av oss. Ønsker du billig mobiltelefoni leverer vi også dette. Lønnsomt – Sammenlign oss med hvem du vil! Hvor mye husholdningen eller bedriften sparer, avhenger av ringemønsteret. Våre gjennomsnittskunder sparer tusenlapper hvert år. Kom i gang i dag, sjekk hvor mye du kan spare! Les mer og bestill på www.telio.no/tilbud eller ring 21394405 for dagens tilbud! SYNSTE MØRE 17 TORSDAG 19. MARS 2009 Nytt til herre - sprek vårkolleksjon fra Iceman Torsdag, fredag, laurdag: ÷25% på alle herre- Slitesterke handfletta korger som tåler vatn! Vi har og godt utval i bastkorger AEG vaskemaskin. Støvsugar Electrolux, 1400 o/min. 6 kg. Display viser resttid. meget stillegåande, skyllbart lter, ekstra parkettmunnstykke. kr. kr. 5998,- belter 1798,- Tlf. 700 23 990 - Fiskåbygd A.M. VIK AS, 6140 Syvde - Tlf.: 70 02 31 13 Åpningstider: mand. - fred. 09.30-17, laurd. 10-14 Vanylven - Fiskå Pent enderekkehus med stor solrik terrasse Prisantydning: 1.350.000,- + 2,6% omk Areal: P-rom/bra/bta 111/123/133 m2 Byggeår: 2003 Adresse: Djuvika Terasse Visning: torsdag 19/3 kl.16 - 17 Ansvarleg meklar: Johnny Kragset MNEF Telefon: 97 51 59 40 Adresse: Myrane Visning: mandag 23/3 kl 18 - 19 Ansvarleg meklar: Johnny Kragset MNEF Telefon: 97 51 59 40 Vanylven - Fiskå Einebustad i barnevenleg område Prisantydning: 890.000,- + 2,6% omk Areal: P-rom/bra/bta 169/200/225 m2 Byggeår: 1974 Tomt: 1102 m2 Tlf. 700 555 00 Din eigedomsmeklar i ditt nærmiljø www.kragseteigedom.no SYNSTE MØRE 18 TORSDAG 19. MARS 2009 SYNSPRØVE Off. godkjent optiker Stonewall ekte skifer - øye for ditt syn Tlf. 57 85 15 62 Tlf. 70 07 60 09 www.bailine.no - Elektronisk trening - Smertelindring - Figurforming for inne- og uteTilbud nå pr. m2 bruk, m/hjørner og endestein 995,Queen Salongteppe KAMPANJE UT APRIL! GRATIS SEKKEKANAL! Eit parti gåveartiklar ÷70% 160x230, før 2795,- nå 1495,- Alle som kjøper Espegard Vedutstyr for minst kr. 5.000,- eks mva. får gratis sekkekanal til 60 ltr. www.espegard.no Våre åpningstider er: mandag - fredag 09-17, lørdag 09-15 CENTRUM FARGEHANDEL AS SYVDE - tlf. 700 20 800 - fax: 700 20 805 3570 Ål Tlf 3208 6330 synste.no SELJE KOMMUNE OFFENTLEG ETTERSYN Periodisk kjøretøykontroll Sommardekk: Brigdestone Firestone Michelin Nokian "ESTILLVERKSTEDTIMEPÍINTERNETT WWWAUTOMESTERNO I medhald av plan- og bygningslov §§27-1 nr. 2 og 28-1 nr. 4 vert framlegg om endring av køyreretning for Nabben i Selje sentrum lagt ut til offentleg ettersyn i tida 13.03 – 08.04.09. Endring av køyreretninga vert framlagt i to alternativ; Alt.1: Einvegskøyring frå Kafe Nabben til innkøyring til p-plass på nordsida av Sjøgata (v/buda til Selje Trevare). Køyreretninga vert snudd i høve til noverande løysing. Alt. 2: To køyreretningar frå Kafe Nabben til skjortfabrikkbygget - gbnr.56/158. Ei køyreretning frå gbnr. 56/158 til innkøyring p-plass på nordsida av Sjøgata. Endring av køyreretninga (mindre vesentleg endring av eksisterande bebyggelsesplan) er utlagt på servicekontoret på kommunehuset i Selje, samt på kommunen si heimeside www.selje.kommune.no Spørsmål vedkomande endringa kan rettast til servicekontoret eller Anita Otneim Hoddevik på tlf. 57 85 85 00. Innspel/merknadar må vere kommunen i hende innan 11.04.09 og stilast til Selje kommune, v/formannskapet, 6740 SELJE. Tenesteleiar Næring, Areal og Bygg Bursdagshelsing er kjekt å få! Hugs å sende helsinga til Synste Møre seinast måndag den veka du vil ha den på trykk. Det kostar ikkje noko, men å ta med fullt namn på den eller dei du helsar til. Sender du e-post, legg bilete med som vedlegg, og skriv helsinga i mailen. Send pr. post til: Synste Møre, postboks 53, 6139 Fiskåbygd, E-post: [email protected] OPPSTART REGULERINGSPLAN NAVENESET I SELJE KOMMUNE I medhald av plan- og bygningsloven §§ 30 og 27-1 vert det med dette varsla om oppstart av arbeid med privat reguleringsplan for masseuttak/industriområde på Naveneset i Selje kommune. Planområdet er på om lag 27 daa og inkluderar delar av eksisterande reguleringsplan for industriområde på Naveneset. Samla areal som er tenkt regulert til nytt masseuttak er på om lag 11 daa. Den del av planområdet som ikkje ligg innanfor eksisterande reguleringsplan er gjennom kommuneplanen sin arealdel utlagt som landbruks-, natur- og friluftsområde. Planarbeidet vert utført av Kvernevik AS v/Marius Johan Svoren, 6717 Flatraket. Eventuelle innspel sendast til Kvernevik AS med kopi til Selje kommune v/Næring, areal og bygg, 6740 Selje innan den 17.04.2009. Eventuelle spørsmål vedkomande planarbeidet kan rettast til Marius Johan Svoren på tlf. 95 19 98 15 eller e-post [email protected] KVERNEVIK AS Fp>¥^ ¥^°^ p^¥ Y^° ¨¾C¥° p¸¨°zp F ¥^>z¨^¥^ Y¥>¸^ ^zp^ Izp 6z > w^^ Y^p ^Y >° j¥F zY^ °z j^¥Yzp Izp `ÕÃÌÀÛi}i £È] È£xä (ÀÃÌ>] Ìv° Çä ä{ Çx ää LiÀÌJiiÀLÞ}}° q >ÀiJiiÀLÞ}}° q iÀ}JiiÀLÞ}}° SYNSTE MØRE PINSEMENIGHETEN Sion Åheim søndag 22. mars kl. 16-18 Søndagskafé Alle velkomne! Åheim Misjonshus Fredag 20. mars Kl.18.45 Bønemøte Kl. 20-24 Ope hus frå 7. kl. Søndag 22. mars Kl. 11.00 Søndagsskule Alle velkomne Arr.: Åheim Kr. Ungdomslag Åheim Kr. Barneforening BASAR FREDHEIM Sørbrandal, mandag 23. mars kl. 18 Utlodning, auksjon Besøk frå NMS Mat og kaffi Arr: Barneforeininga “Anna Nomes minne” Årsmøte Vanylven jeger og skerforrening Søndag 29. mars kl 16 i kantina på Combisenteret årsmøtesaker, enkel servering styret Synste Møre - Best lokalt! Eid Elektro AS er ein autorisert elektroentreprenør etablert i 1980, med hovudkontor på Nordfjordeid og montørbase i Syvde. Firmaet har 34 tilsette og forventar ei omsetning i år på 37 mill. Firmaet er medlem i Elfag-kjeden, Noregs største kjede av elektroentreprenørar og er leverandør innan elektrosterk-/svakstraum, tele-/datanettverk, alarmanlegg, industriautomasjon, elektrotavler og tekniske entreprisar. Firmaet er i ein svært sterk vekst og har ei positiv utvikling med mange spennande oppdrag både i Nordfjord og Vanylven. Vi ynskjer å styrke satsing i Vanylven og treng difor fleire flinke medarbeidarar med tilknytting til regionen. For tilsetting søkjer vi: Teknikar/ingeniør Arbeidet består m.a. i større/mindre oppdrag innan: Industri- og automasjon Elektroinstallasjonar Prosjektering/dokumentasjon Prosjektleiing Elektrikarar/elektromontør gr.L Arbeidet består m.a. i større/mindre oppdrag innan: Elektroinstallasjonar Serviceoppdrag Industri- og automasjon 19 TORSDAG 19. MARS 2009 Rovde Helselag Åheim Elveeigarlag Hugs årsmøtet i kveld kl. 20 på Kaffibanken. Styret Årsmøte vert halde på Åheim skule søndag 29. mars kl. 18. Styret Opphørssalg FINALE Alle varer prisa til 25-50-100 25-50-100 kr. uansett før pris Lator Klær Fiskåbygd Vi ynskjer personar som likar å jobbe i eit hektisk miljø og som kan ta ansvar, er ryddig, positiv, utadvent, og kan arbeide sjølvstendig innan både store og små oppdrag. Vi har ein fleksibel organisering og tilpassingar med arbeidsstad og tid er mulig. For den rette personen vert det mange utfordrande arbeidsoppgåver. Løn etter avtale. Gode forsikrings-/pensjonsordningar Nærmare opplysningar kan ein få av Ove Kjøllesdal telefon 57 86 47 70 eller mob. 911 39 572. Skriftleg søknad sendast innan 03.04.2009 til Bøsseinnsamling ved konfirmantane Åheim/Sylte: tysdag 31. mars Alle andre bygder i Vanylven: torsdag 26. mars Opningstider helgane framover fred./laurd. 19 - 23, sønd. 13 - 20 (middagsbuffé søndagane) Skjærtorsdag, langfredag, 1. og 2. påskedag 13 - 20 m/middagsbuffé Påskeafta 20.00 - 02.30 dans m/ Nils Petter Nes Basar i Syvde Syvde Samfunnshus L/L og Syvde Skulekorps Samfunnshuset, søndag 22.03 kl. 16.00 Sal av smørbrød, kaker, pølser, kaffi og brus. Lynutlodding - åresal - trekking av loddbøker Du er hjarteleg velkomen! Vi har alltid ope for selskap, møter o.l. og catering FORBEDRET MODELL! Espegard ATV-henger Annonse betalt av: søndag 22. mars kl. 15 Mannskoret Frendar, Bildekåseri v/ Tor Inge Nygård Trekking av loddbok, åresal Sal av kaffi og noko godt attåt Alle velkomne til ei hyggeleg ettermiddagsstund! arr. Eidsåtun Tømmerhenger PROFF er videreutviklet og leveres nå med mobilt lunnetårn. Kan utstyres med tippeplan. VANYLVEN KOMMUNE VARSEL OM FEIING 2009 Feiaren startar opp feiing i Vanylven kommune i veke 12. I år skal det feiast frå gnr. 73 til og med gnr. 152. Det vert starta på Rovde vidare heile Syvde - Eidså - Åram til og med Rønnestad. Vi minner om at tilrettelegging for feiing er huseigar sitt ansvar. Varsling til den einskilde om feiing vert sendt ut i posten eller levert på døra, 2 - 5 dagar før feiing. Vanylven kommune, Brannsjefen vanylven.kommune.no - tlf. 700 30 000 1995 www.espegard.no Flòget Klatreklubb Årsmøte i Flòget Klatreklubb 31.03.09 kl.18.00 Møtet blir holdt i Olivinhallen. Alle medlemer vel møtt. Saker sendes til [email protected] Hugs svinemår til påske! Tørka ribbe av lam? Vi har den klar i butikken! Lakselét Skal du pusse opp? Vi har litt ledig kapasitet på våre handverkarar; maling, flislegging, gulvbelegg og tapetsering. Centrum Fargehandel AS, Syvde - Tlf. 700 20 800 500 gr. (frå Hofset Invest, prisen gjeld til påske) pr. pk. kr. Tlf. 700 23 008 - Syvde [email protected] 30,- Tlf. 700 23 008 - Syvde [email protected] KJØP/SAL/LEIE Plastbåt 13-14 fot ønskes kjøpt, m/u motor. Tlf. 91 17 79 85 Toyota Camry 2,0 89-modell, automatgir, km.stand ca. 265000, EU-godkjent mars 09. I teknisk god stand.Delemotor + div. andre delar følger med. Heilt nye piggdekk, sommardekk går ei stund til. Veiavgift for 2009 betalt. Selgast for kr 10.000. Omregistrering ikkje inkludert. Tlf 92412190 E-post: [email protected] synste.no 3,9 m enkel montering - rett på veggen. På lager hos oss 3570 Ål Tlf 3208 6330 slipp sola inn ELFAG - NÅR DU TRENG ELEKTRIKER BRANNSTIGE kr. Vi kommer hjem til deg og gir deg råd og løsninger Øyane 12 - 6770 Nordfjordeid Tlf. 57 86 47 60 - Fax 57 86 47 77 E-post: [email protected] For tinging av hytte, catering, selskap, møter o.l. ring 900 58 453 Basar på Eidsåtun I tillegg kan det vere mulig at vi vil inngå lærekontrakt med: Lærling elektrikar Kirkens Nødhjelp Fasteaksjonen ÅHEIM BARNEHAGE Har de lyst til å kome og sjå korleis vi har det i vår flotte barnehage? Vi har OPEN DAG tysdag 24. mars kl. 8.00 - 11.30 Frå kl. 8.00 - 10.00: Frukostbuffé. Velkomen innom! Tørr og rimeleg ved. Kontakt Geir 70023229 Knut Aksel 901 87631 91-mod Ford Scorpio. EU godkjend februar 2009. Arne Vik, 700 24 132 e.kl. 19 Rundballar til sals. Tlf 700 23 075 når du selv vil • markiser • plisségardiner • persienner • rullegardiner • levegger • lamellgardiner Syvde, tlf. 700 20 800 idag, torsdag Potetball m/tilbehør fredag Biff Lindstrøm mandag Steikt potetball tirsdag Ovnsbakt laks onsdag Pannekake Ring oss på 970 99 575 Serv. frå 12.30 - 16.00 Også klart til å ta med heim! www.matogsaant.no Vedlikeholdsfrie vindussprosser med 30 års garanti Ring Bjørn, tlf. 952 56 348 [email protected] Ring gratis: Tlf.: 800 80 488 www.fasadeprodukter.no Frisørloftet Frisør Nina Ekremsæter Timebestilling 958 81 785 FISKÅ KINO SYV NAVN SYV FREMMEDE EN HEMMELIGHET Syv liv Fredag 20.03. kl. 21.00 Søndag 22.03. kl. 20.00 Alder: 11 år. Tid: 2 t. 3 min Kvar fredag etter kinoen: Buss retur Hakallestranda/Åram, Syvde Rovde og Åheim FILMAR SOM KJEM.... My best Friend´s Girl, Olsenbanden jr. Transporter 3 19. MARS 2009 TORSDAG 19.TORSDAG MARS 2009 SISTE 20SIDA SYNSTE MØRE SYNSTE MØRE SOL & MÅNE Sola står i dag opp 06.42, og går ned 18.50. Der er skumring frå 19.35og det vert heilt mørkt 21.28. Månen står i dag opp 05.44 og går ned 08.39. Neste torsdag, 26. mars kl. 17.07 var det nymåne. FLO & FJØRE Tors. Fred. Laurd. Sønd. Mån. Tys. Ons. FLO FLO FJØRE FJØRE 04.09 05.41 07.15 08.17 09.00 09.35 10.33 17.12 18.54 20.08 20.56 21.32 22.04 23,01 11.04 12.35 00.54 02.05 02.53 03.31 04.26 23.21 13.50 14.43 15.23 15.57 16.57 Alle utrekningar med utgangspunkt i Fiskåbygd. Kjelde: Statens Sjøkartverk, Tidevasstabellene. Løyve 208/95. FOR 20 ÅR SIDAN Vestavisa 22. mars 1989 Stadtunnelen vil opne for ei ny tid – Det vi vere synd om Selje kommunestyre gravlegg Stadtunnelen den 13.april. Prosjektet er så fantastisk at det vert følgt med den største interesse langs heile kysten. Det seier KrF-politikaren Jan Helgøy i Vanylven. Den utflytte rogalendingen er sterkt oppteken av samferdselsspørsmål. Kyststamveg og Stadtunnel vil gi ny vekst i heile distriktet her... (Hovudoppslag over heile førstesida etter at fleirtalet i Selje formannskap har gått inn for ei alternativ løysing som ville bety forlenging av tunnelen. Saka skal seinare opp i kommuenstyret) Pølser er godt - også i regn Pølsepinnane er kveste og no er det også god fyr på bålet. Då kan ein ikkje la seg skræme av nokre regndropar - her gjeld det berre å halde ut. For pølser smakar nesten betre i regn enn i solskin! Dei har aktivitetsopplegg i aldersblanda klasser, elevane ved Fiskåbygd skule, og ei gruppe er i fjøra der dei altså har gjort opp bål saman med læraren sin, Beate Rekkedal. Og når dei så slår til med pølser på ein heilt vanleg kvardag, så har det si forklaring. Dei er nærast sprekkeferdige etter å fortelje oss det. Philip - nærast kamera - får av naturlege grunnar lov å sleppe nyheita: –Eg bursdag i dag ! seier han. Vi gratulerer og ønskjer dei eit godt måltid og vonar byga ikkje blir altfor hard. For vel smakar pølse godt i regn, men då snakkar vi ikkje ikkje om striregn. I FJØRA: Fremst til høgre Phillip Balslev og så vidare rundt mot venstre Trine Strand. Maria Nordal, Caroline Sætre, Anna Thunem, Maria Thunem og Simen Åsemyr. VIDAR PARR PÅ TAMPEN Kjære herr Veig Vesenet Vi håpar du har det bra der oppe i Molde eller kvar du ferdast om dagane. Det er lite vi høyrer frå deg, men vi les i avisa du er aktiv på mange område, både i tunnelar og på vegprosjekt rundt i fylket. Det kunne no vore kjekt om du tok med familien på skikkeleg besøk i Vanylven att. Sist gong du stogga ei stund var vel då det kom ”nyeveg” over Eidet, sjølv om det har vore småbesøk, som no i haust då vi ser at sonen din, han Asfalt Svarte var ein tur i Almklovdalen og litt rundt om kring. Om du ikkje ser deg syn med å ta turen sjølv på enno ei tid, hadde det vore kjekt om du kunne sendt nettopp denne sonen din ADRESSE M.M: Postboks D, 6139 Fiskåbygd Telefon 70 02 08 20. Telefax 70 02 08 25. Bankgiro: 3972.20.33233 Heimeside: www.synste.no E-post: [email protected] INNLEVERINGSFRISTAR for annonsar: Tysdag kl. 14.00 Større forr.ann.: Måndag kl. 16.00 på eit lengre besøk. Det har seg nemleg sånn at eg er glad i å gå på rulleski og tidlegare spende eg dei på meg ved postkassa på Vidnes og tusla meg av garde. No er vegen, spesielt sørover, så sprukken og utoversigen at dette ikkje er noko triveleg prosjekt. Difor vert det oftast til at eg heller tar meg ein tur utover Nordstranda med skiene. Der er det litt betre asfalt og liten trafikk, fredeleg og med vakre omgjevnader. Det hadde likevel vore koseleg å kunne starte heimanfrå. Det er no slik at vi er med og sender pengar til den rike onkelen din, han Stat Departement, som går til underhald av familien din. Gjennom åra har det vorte så mykje pengar at vi synest nokre av dei kunne brukast til at han Asfalt kunne ta seg eit lengre opphald her, i staden for å ture dei vekk på vegane oppe i Ålesund, Ulsteinvik og der han ferdast mest. Det er spesielt eit nytt lag asfalt på vegane vi ynskjer oss. Det vil ikkje koste så mykje i forhold til det han turar vekk der oppe. Eigentleg synest eg no og at du kunne teke ein alvorsprat med bror din, han Ferje Divisjon, slik at vi fekk orden på denne ferjekaia på Koparnes som det har vore snakka om så lenge. Og det aller beste hadde no vore om du fekk onkelen din til å gripe litt djupt i pungen og få til ei bru over Rovdefjorden. Då vart det enkelt for dei som bur her og likar å bowle og drikke cafe latte å ta seg ein ettermiddagstur til Ulsteinvik, men spesielt for dei som jobbar der. Men det er vel litt mykje å håpe. Når ein først kjem ut i den store verda vert vi små og lette å gløyme her heime og han Stat har ei stor slekt. Difor er det kanskje tryggast at vi som brukar å gå på rulleski mellom Syltefjorden og Åheim går i lag for å samle inn pengar og søkje tippemidlar slik at vi får ordna eit nytt lag asfalt sjølve. Og kanskje skal vi registrere oss for dei såkalla grasrotmidlane. For mange stader ser vi no snart i grasrota gjennom sprekkane og hola og det vert BLADPENGAR: Heilår: 650 kroner Halvår: 325 kroner Student (10 mnd) : 350 kr Tillegg for porto utanom Norden LAYOUT/ UTGIVAR: Synste Møre AS, 6139 Fiskåbygd PRENT: Edda Trykk Nordvest AS Best lokalt 70 02 08 20 vel som dei skreiv om vegen til Fure på Stadlandet sist veke, at ein om ikkje lenge kan ta til å slå han med forhaustar. Så får du leve vel så lenge. Vi legg ved brevet eit par heimestrikka lestar, så du held deg varm på beina no du vel skal vaspe i snø under vårløysinga oppe i Kviven. OLE MAGNE KVALSVIK [email protected] PRIVAT-TELEFONAR/E-POST: Red/dgl.leiar Vidar Parr, privat 70 02 13 76. mobil, 950 245 48 e-post: [email protected] Annonsekons. Rønnaug Søvik privat 70 02 01 38 mobil 951 40755 e-post: [email protected] Journalist Ole Magne Kvalsvik mobil 911 84479 e-post: [email protected] Journalist Kjell Brenne privat 70 02 41 22 mobil 950 24553 e-post: [email protected] Synste Møre er medlem i Landslaget for lokalaviser (LLA)
© Copyright 2024