Årsrapport for 2007

DEN NORSKE KYRKJA
Fjaler sokneråd
Boks 18
6961 Dale i Sunnfjord
Mål for kyrkja i Fjaler:
At Kristus skal bli kjend, trudd, elska og etterfølgd.
Møte folk der dei lever; i glede og i sorg.
Årsrapport for 2012
Fjaler sokn sin årsrapport skildrar aktiviteten til Den norske kyrkja i Fjaler – der soknerådet med
sine tilsette, prestane og ein del frivillige medarbeidarar gjer eit svært godt arbeid gjennom året.
Trusopplæringstiltaka har auka dei siste åra, og dei fleste tiltaka er knytt opp mot gudstenester der
barn er aktive deltakarar. I år vil vi i årsrapporten ha ei oppsummering av trusopplæringstiltaka
våre, og ikkje gå i detalj om innhaldet i dei ulike tiltaka. Det sto også om tiltaka i årsrapporten for
2011. Du kan også finne det på Fjaler sokn si heimeside.
Rapporten vil vere tilgjengeleg på Fjaler sokn si heimeside: www.fjaler.kyrkja.no, bli trykt opp og
lagt ut i kyrkjene/kapella og på kyrkjekontoret.
Fjaler sokneråd har 8 faste leke medlemer + soknepresten som er geistleg representant. Når
rådet handsamar saker som ”kommuner med flere sokn tillegger kirkelig fellesråd.”,(Jfr. KL §6) møter
den kommunale representanten.
Medlemer:
Terje Roald Halsnes – leiar, Sølvi Ann Solheim Løkkebø – nestleiar, Kåre Ove Eimind, Trude
Høgseth Felde, Kjetil Fristad, Asbjørn Igelkjøn, Evelyn Åsnes og Torunn Åsnes.
Lilja Kristin Thorsteinsdottir – sokneprest og Hans Stav - kommunal representant (KRF) (Fr –
saker)
Varamedlemer: 1. Aud Marit Hovlandsdal, 2. Janne Lammetun Lindelid, 3. Rune Dale, 4. Geir
Magne Kleppe (Dale) og 5. Sissel Thuland Haugsbø. Geistleg varamedlem: Knut Arne
Kummeneje – spesialprest barn og unge (50 %). Kommunal varamedlem: Marit Mjellem (V).
Soknerådsmøter, - saker, representasjon, soknemøte og samlingar.
Fjaler sokneråd hadde sju møter, og handsama totalt 59 saker. Møtet 7. februar var eit
orienterings- og samtalemøte om «Lokal grunnordning for gudstenester i Fjaler» - ny liturgi – der
kantor Mark Taylor orienterte rådet.
Etter at ny kyrkjelov og ny gravferdslov tok til å gjelde 1. jan. 1997, har soknerådet/fellesrådet
mest kvart år blitt bedne om å uttale seg om ulike kyrkjelege tema. Slik også dette året der
soknerådet har uttalt seg om endringar i «Føreskrifta til gravferdslova» og svarte på eit
refleksjonsdokument frå Kyrkjerådet om «Kyrkjeordning etter 2013».
Budsjett, økonomiplan, rekneskap, årsmelding, val av leiar og nestleiar, er årlege saker. Det er
også fastsetjing av offertildelingar, kyrkjeskyss og kyrkjekaffi.
Av andre saker dette året kan nemnast: Retningsliner for bruk av politiattest, Lokal grunnordning
for gudstenester i Fjaler, Gudstenesteordning for Fjaler (forordna gudstenester),
Trusopplæringsplan for Fjaler sokn, Vøling av vindauge i Dale kyrkje, Reiskapshus med
handikapptoalett på Hellevik gravplass, Ettervisitasrapport, Nemnd for planlegging av
markeringa av at Dale kyrkje er 150 år i 2014, Kyrkjetekstilar i Fjaler sokn.
Fem av medlemane deltok på kurs i Førde for nye sokneråd/fellesråd i regi av KA (Kirkens
arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon). Soknerådsleiaren var i tillegg på ei samling med Bjørgvin
bispedøme i Førde, og på ei samling med KA i Bergen.
Den årlege samlinga med råd og tilsette som brukar å vere i januar, var ikkje dette året.
Årsrapporten for 2011 vart søndag 4. mars, som året før, presentert på Ljosheim etter «Syng med
oss – gudsteneste» i Dale kyrkje. Same kvelden var det òg soknemøte om den nye
gudstensteliturgien (lokal grunnordning for Fjaler) .
Tilsette
Fjaler sokneråd har åtte tilsette i til saman ca. 3,2 årsverk fordelt slik:
1.1 Kyrkjeadministrasjon
1,2 årsverk (kyrkjeverje 100 %, sekretær 20 %)
1.2 Kyrkjer
1,7 årsverk (kantor 100 %, kyrkjetenarar 66 %)
1.3 Kyrkjegard Dale og Guddal
0,35 årsverk (kyrkjegardsarbeidarar)
Irene Fløde – kyrkjeverje, Joy Taylor - kyrkjesekretær, Mark Taylor – kantor, Jostein Løseth –
kyrkjetenar i Dale kyrkje og kyrkjegardsarbeidar på Dale kyrkjegard, Liv Svanhild og Reidar
Langeland - kyrkjetenarar og kyrkjegardsarbeidarar i Guddal, Sigrid Kleppe – kyrkjetenar i
Hellevik – og i Folkestad bedehuskapell.
Reidun Eiken (fast tilsett på timebasis) er organist ved einskilde gudstenester og gravferder, mest
når kantor har ferie og sine månadlege frihelgar.
Sekretæren har måtte arbeide noko på timebasis utover 20 % stilling for å få unna alt arbeidet.
Fjaler og Gaular har ei felles 50 % trusopplærarstilling der Gaular sokneråd har arbeidsgjevaransvaret, og den tilsette er Stine Kirkeli. Stillinga er finansiert av statlege trusopplæringsmidlar,
men har og litt lokal finansiering sidan staten ikkje kompenserer fullt ut for løns- og prisvekst.
Prestetenesta Bjørgvin bispedømeråd er arbeidsgjevar
Sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottir 100 %. Spesialprest barn og unge Knut Arne
Kummeneje 50 %.
Samarbeidsområdet Fjaler – Gaular.
Samarbeidet om prestetenesta i Fjaler og Gaular starta i 2005. Dette omfattar no samarbeid om
avvikling av gravferder der dei to sokneprestane har tenesteveker. I 2012 har turnusen vore slik at
soknepresten i Fjaler har hatt to etterfølgjande tenesteveker og soknepresten i Gaular ei
tenesteveke. I tillegg har ein i løpet av året hatt prest frå Førde til fire gravferder. Dei to
sokneprestane vikarierer for kvarandre ved ferieavvikling.
Samarbeidet om felles trusopplærar i 50 % stilling held fram, men sidan trusopplæraren har sagt
opp og sluttar 28.02.2013 vil truleg Fjaler sokneråd gå inn for at trusopplæringseininga Fjaler –
Gaular bli oppløyst. Særleg det siste året har ein erfart at det er vanskeleg å samarbeide om ei så
lita stilling på eit så stort geografisk område, og der dei fleste aktivitetane våre er knytt opp mot
søndagsgudstenester.
GUDSTENESTE og gudstenestefeiring
Gudstenester – totalt i Fjaler inkludert
barnehage- og skulegudstenester
Gjennomsnitt frammøtte gudsteneste
2009
2010
2011
2012
84
78
78
80
86
84
87
78
Gudstenesteordning godkjent av biskopen
Gudstenestetalet i Fjaler har stabilisert seg med ein gudstenestefrekvens - gudstenesteordning
som vi opplever fornuftig, og som vi i 2012 fekk godkjent av biskopen.
Det er ein fornuftig frekvens utifrå tilgjengelege menneskelege ressursar, deltakarar (frivillege) og
frammøtte på gudstenestene. Det er god oppslutnad om gudstenestene, men vi opplever at folk
må ha ein grunn til å kome til kyrkje. Kjerne- kyrkjelyden er minimal.
Biskopen meinte vi hadde «gjort ei grundig og strategisk vurdering av kva som tener gudstenestelivet i dei ulike
krinsane i soknet.»
Fjaler har følgjande gudstenestestadar og tal gudstenester: Dale kyrkje (37), Guddal kyrkje (12),
Folkestad kapell og Korssundkrossen (olsok) (16) og Hellevik kapell (8).
Gudstenestene på Fjaler sjukeheim i høgtidene, i Straumsnes grendahus ein gong i kvartalet og
gudstenesta på Steiestølen Langfredag, høyrer alle inn under Dale kyrkje.
Tradisjonen med jonsokgudsteneste i Guddal kyrkje 24. juni kl 11 held fram. Her har vi besøk frå
Det Norske Misjonsselskap (NMS) som også er med på Misjonsfesten på skulen etter
gudstenesta.
Biskopen skreiv også «Det er høve til å flytta nokre av gudstenestene til andre høvelege stader. Ein har høve til
å leggja nokre av gudstenestene på andre klokkeslett enn kl. 11:00 der det er føremålstenleg.»
Ny tekstlesar til Dale kyrkje. Vi har fast lenge hatt tre frivillige tekstlesarar ved gudstenester i Dale
kyrkje; Målfrid Skaar, Terje Roald Halsnes og Hans Stav. Det har vore ønskje om å ha nokon
fleire med, og no har Magnar Hellesøy blitt ny tekstlesar.
Lokal grunnordning for Fjaler – ny gudstenesteliturgi
Etter at Fjaler i fleire år har prøvd ut den nye gudstenesteliturgien, var vi i Fjaler klare til å innføre
«Lokal grunnordning for Fjaler sokn» fast frå 1. søndag i advent 2012. Biskopen har fått den til
godkjenning, men vi har enno ikkje fått tilbakemelding. Forventinga er likevel at den vert
godkjend.
Ny gudstenesteliturgi medfører mykje meir førebuing for prest og kantor fordi det er mange fleire
som deltek aktivt i gudstenestene enn ved den gamle liturgien. Men auka involvering har medført
at gudstenestene har auka kvalitet og samlar fleire menneske.
Kantor Mark Taylor var sentral ved innføringa av ny gudstenesteliturgi i Sogn og Fjordane. Han
har utdanning innan liturgi, og har også dette året – vinteren 2012 – saman med seniorprest
Sigurd Vengen hatt kurs for andre kyrkjelege tilsette i Sogn og Fjordane.
Gudstenester og trusopplæring
Siterer biskopen frå godkjenningsbrevet:
«Det er førebileteleg at de så tydeleg går inn på kva den lokale trusopplæringa har for fylgjer for gudstenestelivet, og
at de ser på misjon, diakoni og kyrkjemusikk når de tenkjer strategi omkring gudstenestene.»
Ved dåpen blir det lagt vekt på å involvere dåpsfamiliane under gudstenesta, mellom anna med
tekstlesing. Gudstenesta har ein sentral plass gjennom heile trusopplæringa, og så å seie kvart
tiltak munnar ut i ei gudsteneste. Å førebu og øve til ei gudsteneste står sentralt i Fjaler si
trusopplæring.
Den nye liturgien har gitt meir rom for deltaking, og i trusopplæringsarbeidet arbeider vi heile
tida med å gjere barn og unge til aktive deltakarar i gudstenestefeiringa. I kombinasjonen mellom
dei kontinuerlege tiltaka, særleg korarbeid, og dei avgrensa trusopplæringstiltaka, har vi funne ein
plattform til samarbeid og inspirasjon. Gjennom song og musikk, i leiinga av liturgiske ledd, bønog tekstlesing, dramatisering og medliturgteneste, har vi gjort oss gode erfaringar med at
barn og unge verkeleg tykkjer dette er kjekt å vere med på.
Nattverd
Med undervisning om – og fokus på nattverdsfeiring gjennom fleire år, og innføring av ny liturgi,
har nattverdsdeltakinga i heile Fjaler auka kraftig. Auken har vore størst i ytre Fjaler. Frå 1.
søndag i advent har vi, i samsvar med kyrkjemøtevedtak, berre brukt glutenfrie nattverdsoblat.
Livsriter
Dåp - busette i Fjaler
Konfirmant
Vigsel
Gravferd
2009
22
33
3
35
2010
32
28
4
29
2011
21
40
4
30
2012
21
33
6
34
40
35
30
25
20
15
10
5
0
Dåp: I tabellen står dei som bur i Fjaler. I tillegg har vi årleg nokre dåp der foreldra kjem «heim»
til Fjaler og døyper barna sine (7 barn). Vi har også nokre som bur her og døyper barna andre
stader. Foreldre har dåpssamtale i det soknet dei bur. Om lag 95 % vel å døype barna sine.
Konfirmant: 2012 er det siste året med stort konfirmantkull på nokre år.
Vigsel: Tal vigslar har auka litt. Brudeparet har vigselsamtale med den presten som skal vie dei, og
har og kontakt med kantor om musikken i vigselen. Det vert lagt til rette for at brudeparet kan
vere delaktige i planlegginga av seremonien.
Gravferd: Tal gravferder held seg på gjennomsnittet. Alle ønskjer orgelspel i kyrkja før gravferdsseremonien startar. Pårørande nyttar alltid gravferdsbyrå ved avvikling av gravferda.
Gravferdsbyrået gjer no alt som pårørande tidlegare gjorde sjølve før og ved gravferda. Eventuell
soloinnslag er det og gravferdsbyrået som ordnar med for dei etterlatne.
Ved dødsfall har pårørande samtale med prest. Når presten vert spurt om å vere til stades ved
visning/båreandakt og minnesamvær, prøver presten å finne tid til dette. Men i det siste har
etterspurnaden til å ha båreandakt minka.
TRUSOPPLÆRINGSTILTAK
"Saman i trua, saman i kyrkja".
Auka trusopplæring har ført til auka kontakt med heimane og det har vore positivt. Forelda er
utfordra til å følgje barna sine på dei ulike trusopplæringstiltaka og veldig mange er positive.
Også i korarbeidet stiller foreldre villig opp til ulike oppgåver.
Salmesong, korsong, musikk og liturgi går som ein raud tråd gjennom alle trusopplæringstiltaka.
Dåpsfase med dåpssamtale (0 år)
Kyrkja får informasjon om fødde barn der minst ein av foreldra er medlem, og vi sender så ut
invitasjonsfoldar om dåp.
Ved dåpssamtalen får foreldra: dåpsperm med informasjon om dåpen, trusopplæringa,
gudstenesta og kva dei sjølve kan gjere som «trusopplærarar», ei innramma kveldsbøn til å hengje
over senga, samt ein CD med kristne barnesongar.
Babysong (0-1 år)
Dette er eit tiltak i samarbeid med kulturskulen og helsestasjonen, der ei familiesamling vår og
haust er på Ljosheim. Denne hausten var det så mange barn at alle dei 12 samlingane var på
Ljosheim. Det er over 100%  oppslutnad om dette tiltaket.
Dåpshelsing 1, 2 og 3 år etter dåpen (1-3 år)
Helsingane handlar om dei kristne høgtidene og korleis ein kan feire dei. Arka som dei mottek i
posten er meint å setjast inn i dåpspermen.
4 års-bok (4 år)
2 samlingar inkludert gudsteneste. Første samling med øving til gudsteneste der dei deltek og får
4-årsboka. Barna får den første kjennskapen til bibelforteljingane, salmesongen og
gudstenesteliturgien. Vi ønskjer å vise at vi er ei inkluderande kyrkje med plass til alle.
Opplegget blei gjennomført i Dale, Guddal og ytre Fjaler.
Oppslutnaden var 89%. 25 barn var med på opplegget og fekk 4 års-bok.
Dåpsskule (6 års-bok)
4 samlingar inkludert gudsteneste. Samlingar med øving til gudsteneste – medverknad i
gudstenesta der dei får 6-årsboka. Sentrale tema er Guds kjærleik, bøn, nattverd og
gudstenesteliturgi (prosesjon, drama og forbøn).
Opplegget blei gjennomført i Dale, Guddal og ytre Fjaler.
Oppslutnaden var 93%. 26 barn var med på opplegget og fekk 6 års-bok.
Påskevandring (8 – 9 år) Påskebok
2 samlingar inkludert gudsteneste
der dei får «Påskeboka».
Påskevandring der ein har
dramatisering, har påskemåltid og
syng salmar/songar.
Barna lærer om dei fire viktigaste
dagane i påska og om det som
skjedde etter påske – beretningane
om tvilaren Tomas og frå
Tiberassjøen.
Opplegget blei gjennomført i Dale,
Guddal og ytre Fjaler med total
oppslutnad på 78 %.
I Dale deltok 26 barn – 90%, i Guddal
deltok 5 barn – 100% og i ytre Fjaler
deltok 3 barn – 50%.
I Guddal og ytre
Fjaler, der årskulla er
små, samlar ein fleire
årskull.
Bildet her syner ytre
Fjaler og to årskull.
T.v Trusopplærar
Stine Kirkeli og ved
altarringen set Mark
og «er» Jesus
GT- Gudsteneste- agentane (9 år)
2 samlingar inkludert gudsteneste. Fokus er på gudsteneste. Barna lærer gangen i gudsenesta, dei
faste liturgiske songane, bønene og dei bibelske bakgrunnane for desse. Dette for å vere bevisste
gudstenestedeltakarar med song, drama og bøn.
Opplegget vart gjennomført i Dale og Guddal. I Guddal deltok 8 barn født 2001-2003,
oppslutnad 100% I Dale deltok 12 barn, oppslutnad 57%. Oppslutnaden var totalt 69%
”Den store forteljinga” (10 – 11 år) for Minikonfirmantar
4 samlingar inkludert gudsteneste der dei får Konfirmantbibelen.
Engasjere barna i ulike aktiviteter. Barna blir kjende med Bibelen og korleis den vart til. Førebu
gudstenesta.
Opplegget vart gjennomført i Dale og ytre Fjaler. 24 barn var med på opplegget - oppslutnaden
var 77%.
Menneske med særskilte behov
2 samlingar inkludert
gudsteneste.
I januar kvart år har vi ei
gudsteneste der menneske med
utviklingshemming blir særleg
invitert til å delta. Dei deltek på
prosesjon, drama, forbøn og
salmar med rørsler.
Dei som deltek uttrykkjer glede
over å delta.
Konfirmantundervisning og konfirmasjon (14-15-år)
23 samlingar med til saman 62 timar. Konfirmantdag. Nattcup. Fasteaksjon. Medliturgar i
gudstenester gjennom året. Konfirmant-musikkgruppe. Eiga gudsteneste som avslutning på
konfirmanthelg. Ulike aktivitetar gjennom året og stor spreiing i tema som vert tatt opp i
undervisninga og det vert lagt vekt på samtale.
32 ungdomar vart konfirmert - oppslutnaden var i år 100%.
Nord– sør-søndagsgudsteneste (14-18 år)
Gudsteneste med fokus på den diakonale dimensjonen kyrkja står i og å formidle den kristne
nestekjærleiken. Gudstenesta er årleg på den søndagen det er TV-aksjon. Her deltek
ungdomskoret, konfirmantar og elevar frå UWC (United World College) med song, tekstlesing,
drama og bøn. Sosialt samvær med mat på Ljosheim etter gudstenesta.
Oppslutnaden i år var noko mindre enn i fjor då det var rekordoppslutning. Det var likevel ei
svært fin gudsteneste, og ei fin sosial samling på Ljosheim etterpå.
Kor
Kor har i årevis vore eit viktig trusopplæringsarbeid i Fjaler. Kantor Mark er musikalsk leiar for
kora som også har sine eigne styre der foreldra er med. I tillegg til å synge korsongar er
kormedlemer med i heile liturgien. I kora får barna lære salmar og songar, kjernetekstar i
trusopplæringa og oppleve songglede saman med andre.
Kora er dei same, men tal på medlemer varierer litt år for år, og dette året har vi hatt ein auke.
 Dale barnekor: 26 stk vårsemester (23 i 2011)og 32 stk haustsemester (29 i 2011),
 Guddal familiekor:25 barn og 5 vaksne. (20 barn og 5 vaksne i 2011),
 Do Re Mi (frå Hellevik og Folkestad): 15 stk (16 i 2011) og
 Cantus: 25 stk (25 i 2011).
Ungdomskoret i Dale hadde i 2012 sitt første år i «drift». Ungdomar som har vore konfirmantar
har lenge deltatt på gudstenester som forsongarar og med korsong. No er nokre tidlegare
konfirmantar formelt organisert i ungdomskoret som syng fast på 5 gudstenester i året. Dei er ni
jenter og deltek når dei har høve til det.
Kora er på årlege turar og har også konsertar utanom Fjaler.
Det er stor oppslutnad om turane der foreldra er med som sjåførar og leiarar. Kora bidreg også
diakonalt med konsertar på Sjukeheimen. Dei ulike kora har sine eigne årsmeldingar som gir
utfyllande opplysningar om aktiviteten.
Born frå Guddal
familiekor på Ung
kirkesang sitt vårtreff på
Dyrkolbotn.
Laurdagsklubb / Søndagsskule (Tilknytt Norsk søndagsskuleforbund)
Ved Laurdagsklubben i Dale på Ljosheim er Gro og Knut Arne Kummeneje og Joy Taylor
ansvarlege. Her var 61 barn innom i løpet av året og 44 av dei betalte medlemspengar.
Laurdagsklubben syng i 4-årsgudstenesta og i barnas påskegudsteneste. Saman med soknerådet
arrangerer dei julefesten på Ljosheim der dei framfører julespel.
Laurdagsklubben i Guddal er for tida «sovande» i påvente av fleire medhjelparar. Dette året har
det også vore liten aktivitet i søndagsskulane på Hovland og Ytre Fjaler.
Laurdagsklubben i
Dale syng i Dale
kyrkje
Musikkarrangement og konsertar.
Årleg er det to Syng med oss gudstenestester i Folkestad bedehuskapell, der «Fure og Våge
songlag» deltek på den eine. I Dale er det ei Syng med oss gudsteneste der Cantus med fleire
deltek. Dette er kveldsarrangement som vert avslutta med kveldsmat.
Det er elles mykje song og musikk i gudstenestene gjennom året.
Kora har sine vårkonsertar i kyrkjene / kapella..
Dette året var det to konsertar i Dale kyrkje utanom dei årlege julekonsertane i Folkestad og
Dale.
23. mai: Orgelkonsert: Europa rundt – ei flott musikalsk reise v kantor Mark Taylor
5. august (i Dalsfjordveka): Klassisk konsert med ekteparet Irina Tarasova på piano og musikar
Pavel Girunyan på klarinett, begge busett i Solund der Irina er organist og kulturskulelærar.
Samarbeid med anna verksemd
Kantor Mark Taylor samarbeidar med andre kyrkjelydar og regionale og lokale lag og
organisasjonar, samt med kulturavdelinga i kommunen. Kulturskuleelevar og lærarar deltek på
nokre gudstenester og konsertar
Diakoni
”Diakoni er kirkens omsorgstjeneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærlighet,
inkluderende fellesskap, vern om skaperverket og kampen for rettferdighet.”
Trusopplæring og korarbeid er diakoni i praksis.
Presten blir oftast spurt om å ha andakt på dei faste møta i Pensjonistlaget.
Fjaler sokn har nokre diakonale tiltak i soknet som er finansiert av Diakonifondet: Blomehelsing
før jul til næraste pårørande etter eit dødsfall. Kyrkjeskyss med drosje 4 -5 gongar i året frå
Straumsnes til gudstenester i Dale kyrkje. Her betalar dei som nyttar seg av tilbodet ein eigedel.
Har hatt same tilbodet i Guddal, men der er det ikkje lenger nokon som nytta det så der er det
avvikla. Bøker til gåve i samband med heimebesøk og ved andre høve.
Misjonsavtale
Misjonsprosjektet ”Integrert landsbyutvikling i Mali” til Det Norske Misjonsselskap (NMS) fekk
overført 23 242 kr (22.726 kr i 2011) som er teke inn som offer på gudstenester. Prosjektet har
fokus på kvinnene sine rettar, samt miljøvenleg forvalting av naturressursane.
På den årlege misjons-jonsoksgudstenesta i Guddal deltok misjonskonsulent Ingvald Andersen
Frøyen frå NMS som medliturg og predikant. Han var også med på misjonsfesten på skulen
etterpå.
Kyrkje – barnehage/skule – samarbeid.
På grunn av stort arbeidspress vart ikkje ”Vandring gjennom bibelen for born”, eit 4-timarskurs
kyrkja gjennomfører som ein del av RLE-faget på 5. årssteg, gjennomført dette året.
Elles vart skule- og barnehagegudstenestene i Dale, Guddal og Folkestad gjennomført som
vanleg, med unnatak av at Dingemoen skule dei to siste åra ikkje har ønskt Påskestund i Dale
kyrkje. Flekke fekk som vanleg besøkt av presten i adventstida. Som vanleg var også elevar på
besøk i kyrkja der tema er kyrkjelege handlingar og kyrkjelege symbol.
Institusjon
Andaktane på Fjaler sjukeheim, annankvar tysdag og på julaftan, var det oftast soknepresten og
kantor som hadde. Det er god oppslutnad om andaktane, men dessverre er ikkje høgtalaranlegget
på sjukeheimen fullgodt, så ein del eldre har problem med å få med seg det som vert sagt.
Det har og vore problem med overføring av lyden frå Dale kyrkje ved gudstenester og gravferder,
men feilen må «ligge» på sjukeheimen.
Ein del gongar gjennom året var soknepresten på besøk på sjukeheimen utanom andaktane.
Som tidlegare nemnt har alle kora minikonsertar på sjukeheimen under leiing av kantor.
Kyrkjeblad for Fjaler.
Dei fire nummera av kyrkjebladet som årleg kjem ut bruker vi aktivt til å informere om
aktiviteten i dei ulike kyrkjelydane i Fjaler. Vi prøver også å leggje informasjon ut på heimesida.
I kyrkjebladet har vi også mykje stoff om dei tiltaka som har vore, både i tekst og bilete. Dette
gjer at folk blir merksame på kva som skjer i kyrkjelyden, og på den måten litt meir førebudde på
kva som skjer.
KYRKJEKONTORET
Etter 15 år i Dalehuset har kyrkjekontoret fått nye gardiner , noko alle er svært nøgde med. Dei
gamle besøksmøblane på soknepresten sitt kontor (som var med frå kontoret på Firda billag) er
også blitt skifta ut. I tillegg fekk soknepresten og kantor sårt tiltrengte nye skrivebord.
KYRKJER
Dale kyrkje
To vindauge framme i koret, mot syd, vart vølte av Jan Haugen. Det er problem med å få tak i
same typen vindaugsruter, så difor er det fargeforskjell i ein del ruter som måtte skiftast fordi dei
var knuste.
Toaletta og dører i våpenhuset vart målte av kyrkjetenaren. Kyrkja fekk ein ny lysestake til bruk
ved dåp, samt ny altarkalk i sølvplett med helletut til bruk ved nattverd.
Guddal kyrkje
Prosjektet med nytt varmeopplegg i kyrkja, med omnar under benkane, vart avslutta og fungerer
tilfredstillande. Det gamle varmeopplegget med eswavarme-folieplater - i veggane vart kopla ifrå.
Omnane under benkane er ikkje synlege og er lakkerte i ein farge som passar til trebenkane.
Kyrkja har no fått såkalla brukartilpassa oppvarming.
Ny altarkalk med helletut i sølvplett vart også innkjøpt til Guddal kyrkje.
I 2011 fekk kyrkja ny altarduk sydd av avdøde Solveig Engen. Dette året fekk kyrkja tre små
dukar i hardangersaum sydd av Berit Irene Huseklepp. Dukane har same mønster som duken på
vegghylla framme i koret, og er eit fint supplement til den nye altarduken.
I Hellevik- og Folkestad bedehuskapell er vi leigetakarar, og dette året har vi berre hatt ansvar for
orgelvedlikehaldet. Koret Do Re Mi kjøpte inn nytt elektrisk piano m krakk som er stasjonert i
Folkestad kapell.
Kyrkjegardar / gravplassar
På kyrkjegardane/gravplassane har det berre vore vanleg vedlikehald, med unnatak av på Hellevik
gravplass der vi er i ferd med å realisere ein gamal draum. Ved vigslinga av gravplassen på
Hellevik 21.9.1986, vart det lova av kommunen sin representant at reiskapshuset med
handikapptoalett skulle kome snart. Det er difor svært gledeleg at det endeleg er i ferd med å bli
realisert. Prosjektet går over to år der vi dette året har fått gjort ferdig grunnarbeid og støypinga.
Kommunen som har ansvar for å skaffe areal til gravplass har enno ikkje greidd å ta avgjersle om
kor den nye gravplassen i Dale skal ligge. Behovet vart første gong meldt inn til kommunen i
1997. Kommunen har dette året fått visualisert to ulike alternativ, Øyra og Vollamyra (nedanfor
ungdomshuset). Saka vart hausten 2012 handsama to goner i kommunestyret, men er på ny
utsett. Sterke krefter blant dei folkevalde vil absolutt ikkje at Øyra skal nyttast til gravplass. Val av
plassering har skapt stort engasjement blant folk, og det har vore innlegg både i avisa Firda og på
Firda si nettside Origo. Kyrkjeverje skreiv ein artikkel «Kva er det med Fjaler og gravplass i
Dale?» i «Kyrkjeblad for Fjaler» sitt julenummer. Innlegget var meint som folkeopplysning.
Mange innser ikkje at det hastar med å få på plass eit utvidingsareal så fort som mogeleg, slik at vi
kan starte med omregulering av eksisterande kyrkjegard for å få auka storleiken på gravene.
Ein del ansvarlege for graver fekk brev, og vi har fått avklåra fleire feste av graver, men er
dessverre framleis ikkje heilt i mål med Dale kyrkjegard.
Ljosheim forsamlingshus i Dale
Ljosheim forsamlingshus i Dale vert brukt jamleg av kyrkjelyden i Dale til korøvingar,
konfirmantundervisning, trusopplæring, laurdagsklubb, soknerådsmøter, julefestar og andre
samlingar. I matsalen i kjellaren er det minnesamvær i samband med gravferder.
Kyrkjelyden i Dale eig Ljosheim saman med Indremisjonsforbundet. Framleis vert det arbeidd
med å få Indremisjonsforbundet til å svare på kva dei ønskjer med sitt framtidige eigarskap, no
når det ikkje lenger er lokal Indremisjonsforeining i Dale. Det er svært frustrerande at
Indremisjonsforbundet ikkje svarer på kva forbundet ønskjer med sitt eigarskap, og heller ikkje
oppfyller forpliktingane sine. Etter purringar over fleire år har forbundet ikkje greidd å skaffe
medlemar til styret i samsvar med «Lover for Ljosheim».
Etter at to vindaugsrekkjer vart skifta i fjor til ein kostnad av 133.336 kr, er resten av vindauga
kjøpt inn og vil bli skifta like over nyttår. Ljosheim fekk 40.000 kr frå «Sparebankstiftinga» i 2012
til skifting av vindauga. Ljosheimbasaren gav totalt 41.659 kr.
Takk til Hilda Haugen som er «primus motor» både når det gjeld avvikling av minnesamvær og
basaren.
Neste prosjekt på Ljosheim er rullestolinngang og handikapptoalett i hovudetasjen.
FRAMOVER.
Vi ser fram til, og håper, at biskopen godkjenner «Ny grunnordning for Fjaler» - ny
gudstenesteliturgi utan motsegn. Soknerådet har vedteke at gudstenesteliturgien skal vere slik som
i dag i fire år, til 2016 og deretter skal den evaluerast.
Likeeins ser vi fram til å få godkjent trusopplæringsplanen for Fjaler. I den utvida planen som har
tiltak for alle aldersgrupper frå 0 til 18 år, har vi fleire tiltak som vi ikkje har menneskelege
ressursar til å gjennomføre blant dei tilsette. Vår største utfordring er å rekruttere fleire engasjerte
frivillige medarbeidarar som kan hjelpe oss med å gjennomføre tiltaka.
Vi gler oss stort, og er stolte av alle dei gode trusopplæringstiltaka vi gjennomfører – inkludert
kor – og den gode oppslutnaden om tiltaka våre. Difor ser vi optimistisk framover.
Som nemnt tidlegare går det truleg mot oppløysing av trusopplæringseininga Fjaler – Gaular.
Fjaler ønskjer truleg då å bli ei sjølvstendig eining.
Vi håper på auka samarbeid med ulike organisasjonar, som med NMS om misjonsgudsteneste,
misjonsprosjekt og misjon i trusopplæringa. Om bruopninga i desember 2013 vil opne for
samarbeid med Askvoll sokn, vil vise seg i framtida.
Forsøk, søknad og innføring av ny gudstenesteliturgi, søknad om godkjenning av ny
gudstenesteordning, og ikkje minst utarbeiding av trusopplæringsplanen, har vore kolosalt mykje
«jobbing» der tilsette har strekt seg langt. Enno er ikkje alt planarbeidet i boks, men resten får vi
ta litt over tid. Sentralkyrkjelege instansar krev også at vi har kyrkjemusikkplan, og i tillegg
diakoniplan. Trusopplæringsplanen inneheld både kyrkjemusikk og diakoni, så det blir å hente
ting derifrå og «spe på» med tiltak for aldersgrupper over 18 år. Men først må vi få svar på
godkjennings-søknadane vi har sendt inn, så får sjå kva vi får til etter kvart.
Prosjekt på kyrkjer og kyrkjegardar som det må jobbast vidare med å få gjennomført:
Dale- og Guddal kyrkje har trong for meir vasking og oftare måling enn tidlegare. Dette kjem av
meir miljøvenleg måling med mindre giftstoff, og meir forureina nedbør.
Dale kyrkje
 Vaske vestveggen av kyrkja
 Måle trappenedgongane frå galleriet og nytt teppe i trappene
 Sprøyte i tårnet og ”loftet” mot ”mit – mott - stripet borebille”
 Vurdere lydanlegget – felles høgtalarar som går både til tale og song / musikk
 Nye kyrkjetekstilar – arbeidet med å få ny grøn messehakel har starta
 Nye brudestolar må på plass fordi dei knall raude som er i kyrkja, ikkje passar verken i
form
 Nytt skinn på alterringen med polstring
 Flytte døypefonten så den og dåpshandlinga vert meir synleg (søknad sendt Biskopen i 2008)
 Sikkerheitsgitter på røyromnane under benkane
 Slipe og lakke ferdig golvet i kyrkjeskipet
 Planlegge påbygg på inngongspartiet. Livslaupsstandard toalett. Dåpsventerom.
Lagerplass
Guddal kyrkje
 Vasking og måling
 Elektrisk ringeanlegg
 Kyrkjetekstilar- lesepultklede
 Flytte preikestolen mot veggen – for at altaret skal bli meir synleg, og for å få betre plass i
koropninga – søknad vart sendt biskopen.
 Skiferen på kyrkjetaket er av dårleg kvalitet. Dessutan rustar spikrane og det er fleire og
fleire heller som dett ned og vert knuste
Dale kyrkjegard
 Utvide kyrkjegarden med ny gravplass.
 Sluttføre registreringsarbeidet.
 Omregulere kyrkejgarden. Teikne nytt kart over kyrkjegarden der graver som er yngre enn
25 år er nøyaktig plasserte.
Guddal kyrkjegard.
 Teikne nytt gravkart. Det er naudsynt med ”pauserom” i reiskapshuset – samt meir plass
til reiskapar - ulike løysingar vert diskutert.
Hellevik gravplass:
 Bygge ferdig reiskapshuset med handikapptoalett. Ny beplantning rundt kyrkjegarden..
Folkestad gravplass:
 Legge duk og plante ved det nye gravfeltet m.m.
 Vedlikehald av steinmuren rundt delar av gravplassen
FJALER SOKNERÅD SIN REKNESKAP FOR 2012
Rekneskapen til Fjaler sokneråd vert ført av Fjaler kommune, og kommunen har også ansvar for
å få rekneskapen revidert.
Vi er svært takksame for det gode samarbeidet med kommunen, og for tilskotet frå kommunen.
Rekneskapen har fire funksjonar: Kyrkjeleg administrasjon, Kyrkjer (Med «stad»: Organist, Dale
kyrkje, Guddal kyrkje, Hellevik kapell og Folkestad kapell), Kyrkjegardar (Med «stad»: Dale kyrkjegard,
Guddal kyrkjegard, Hellevik gravplass og Folkestad gravplass) og Andre kyrkjelege føremål.
Kommunen har finansieringsansvaret for all aktivitet under dei tre første funksjonane.
Kommunen sitt økonomiske ansvar overfor den lokale kyrkja finn ein i kyrkjelova (KL) § 15.
Her i årsmeldinga vert det berre ein kort oppsummering av rekneskapen for 2012. Det vert elles
vist til Fjaler sokneråd sin rekneskap, med kyrkjeverja sine noteopplysningar og meir detaljerte
merknader, som vert lagt fram for soknerådet og revisor.
Aktiviteten under funksjonen «Andre kyrkjelege føremål» er soknerådet sine oppgåver etter § 9 i
kyrkjelova (KL). Her er det berre ved Konfirmantarbeid at det er kommunal delfinansiering.
Kommunen har etter kyrkjelova § 15: ansvar for utgifter til ”lokaler, utstyr og materiell til
konfirmasjons-opplæring”. Elles er inntektene offer, gåver, tilskot og billettinntekter m.m. Offer til
kyrkjelydsarbeidet er med og finansierer utdelingsmateriell som til dømes dåpslys,
fadderhelsingar, dåpsbilde (m kveldsbøn) og bøker som vert delte ut.
Resultat – Inntekt - Utgift
Rekneskapen er, under dei tre funksjonane der kommunen har finansieringsansvar, er avslutta
med eit overskot på 30.483,43 kr.
Tilskot frå Fjaler kommune: Det årlege driftstilskotet frå kommunen var dette året 2 552 300 kr.
I tillegg fekk vi 107 185 kr til nytt varmeopplegg i Guddal kyrkje, 55 700 kr til vedlikehald av to
vindauge framme i koret i Dale kyrkje.
Andre inntekter. Her kan mellom anna nemnast:
Provisjon frå formidling av oppussing av gravminne: 13 616 kr. Tilskot frå staten via KA 5 000
kr.
Av inntekter under 042 Kyrkjer kan nemnast: Brukarbetaling og utleige av kyrkjer: 15 300 kr.
Minnegåver til Guddal kyrkje: 17 960 kr frå to gravferder.
Inntekter under 043 Kyrkjegardar: sal av tenester, festeavgifter m.m.: 141 110 kr. Uvanleg høgt
dette året fordi det er gjort ein innsats med festeavklaring på Dale kyrkjegard, og i Folkestad er
det 10 år sidan det vart oppretta mange festeavtaler som dette året vart festa på nytt.
Momsrefusjon under alle fire funksjonane er 203 049 kr. Av dette er 57 220 kr i
investeringsrekneskapen.
Verdien av kommunal tenesteyting (Rekneskapsføring og lønsutbetaling) er sett til 55.000 kr, og
er ført som inntekt/utgift. Kommunen er beden om å vurdere dette beløpet som har stått uendra
i årevis.
Inntekter under funksjon 044 Anna kyrkjeleg verksemd.
Her har vi fem funksjoner som, med unnatak av 04430 Konfirmantarbeid, vert nulla ut før
rekneskapsavslutning. Dette fordi desse vert halde utanfor dei andre funksjonane der kommunen
har finansieringsansvar.
Inntekter - Kyrkjeoffer / billettinntekter og fasteaksjon:
1
2
3
4
5
6
7
Offer – kollekt eige arbeid
Kollekt / billettinnt. Fond kyrkjemusikk
Offer til Lag og organisasjonar
Offer til bedehuskapella/G. fam-kor
Offer til Misjonsprosjektet
Offer til Kirkens Nødhjelp
Fasteaksjon Kirkens Nødhjelp
2010
30 151
30 428
56 551
5 417
19 552
17 803
35 351
2011
37 809
35295
58 295
5 367
22 726
23 318
37 414
2012
33 682
14 833
45 462
5 834
23 242
18 894
41 410
Kyrkjelydsarbeid (04410)
Balansert i null. Avsetnader til bunde fond syner 1.393,59 kr.
Her finn vi det som tidlegare var dei to sokneråda sine verksemder. Offer er inntekt og er det
som finansierer delar av trusopplæringsmateriell som vert delt ut gjennom året.
Om det blir avsetnad eller bruk av fond vil variere alt etter kor mykje offerinntektene er og kor
mykje materiell som vert kjøpt inn gjennom året.
Av tabellen ser vi at Offer/kollekt til eige arbeid har gått ned i høve året før. Offer til Lag og
organisasjonar har også hatt ein kraftig nedgang. Det er eit aukande problem at folk ikkje lenger
har kontantar, det kjem ein truleg merke meir og meir framover.
Førebels så held Misjonsprosjektet og Kirkens Nødhjelp «stand».
Konfirmantarbeid (04430)
Kommunen har etter kyrkjelova § 15 e) ansvar for ”utgifter til lokaler, utstyr og materiell til
konfirmasjonsopplæring.” Det er kome ny Konfirmantbibel etter at oversetjinga av GT vart
ferdig, og det vart difor kjøpt inn klassesett til bruk i undervisninga. Avslutta med resultat 30.000
kr (kommunens utgiftsforplikting), litt høgre enn budsjettert på grunn av bibelinnkjøpet.
Rekneskapen er tilført 1 000 kr i overføring frå Kyrkjelydsarbeid (Intern overføring), og Bruk av
bunde fond: 3.703,96 kr.
Eventuell «bruk av fond» eller «avsetting til fond» vil variere sidan konfirmantåret ikkje føl
rekneskapsåret. Dette fordi tal konfirmantar varierer – «kulllet» 2011/2012 var på 31 stk medan
kullet 2012/2013 er berre på 19 stk. . Innbetaling av eigendel skjer på hausten, medan dei størte
utgiftene er på etterjulsvinteren/våren.
Vask av konfirmantkapper, Nattcup i Førde og Konfirmantleir blir i hovudsak finansiert av
eigenbetaling, men også ved tilskot frå soknerådet.
Diakoni (04440)
Tidlegare Fjaler diakonifond – omgjort i samsvar med føresetnad og løyve frå Fylkesmannen i
2006 (Pengar etter sal av Aldersheimen i Dale.
Årleg brukar ein av renteinntektene til kjøp av blomster til etterlatne før jul (var nytt diakonalt
tiltak i 2006), til kyrkjeskyss og av og til kjøp av bøker til gåve i samband med besøk m.m.
Diakonifondet er eit bunde driftsfond. Renteinntekter: 28 653 kr Resten av renteinntektene –
22.463 kr - er ført over til diakonifondet før rekneskapsavslutning.
Kyrkjemusikk (04450)
Kollektar, billettinntekter og eventuelt andre tilskot styrer konsertaktiviteten. Inntekter vert også
brukt til innkjøp av utstyr som vert nytta på arrangementa. Til dømes vart det i år kjøpt inn ein ny
høgtalar til Dale kyrkje. Dette året var det berre ein konserten i Dalsfjordveka som gav
billettinntekter, elles var inntektene kollekt ved julekonsertane.
For å balansere rekneskapen blei det brukt: 70,40 kr av «kyrkjemusikk – fondet».
Kyrkjeblad for Fjaler (04479) hadde sin 70- ande årgang med 4 nummer.
Inntektene til bladet – bladpengar var i 2012: 56 880 kr (56 130 kr i 2011) og dekkjer det meste av
kostnadane med å produsere og sende ut bladet.
Joy Taylor er ein dyktig redaktør og kyrkjebladet vårt får mykje god tilbakemelding. Ho for betalt
for ein del av arbeidet, men gjer og ein del dugnad. Andre tilsette produserer «stoff» så godt vi
kan. Etter å ha ført over 15 000 kr til kyrkjeleg administrasjon til lønn, vart funksjonen nulla ut
ved å bruke 6.655 kr av «kyrkjeblad-fondet».