Steinparken 35 Toalettet 36 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 Guide til Steinparken - mill. år Steinhoggarbua Koronitt, Fylkessteinen i Hordaland Gneis,(Måge Sørfjorden) Uskedalsgranitt (Uskedalen) Melderskingranitt (Rosendal) 900 - 950 Augegneis (Larsstø Halsnøy) Augegneis (Digranes Sørfjorden) Valenforkastinga, knusingsbreksje ( Langgåt) A.Konglomerat (Gullfjellet) B.Konglomerat (Stord) Konglomerat (Jondal) 1500 Kvernsteinar Ein Blekksprut, Pegmatitt (Naterstad) Ein kvilestein Rasteplass i granittporfyr (Naterstad) Thulitt (Lom) på Sollesnesskifer Migmatitt, isskurt, sigdbrot (Nordrepollen) 1700 Migmatitt (Nordrepollen) 1700 Rasteplass i granitt (Kina) Amfibolitt (Naterstad) Gabbro (Varaldsøy, Guddal, Fjellhaugen, Blådalen) 500 Kulegabbro (Blådalshorjo) 900 - 950 Rasteplass i migmatitt (Mauranger) Portal i Vångagranitt (Bård Breivik) Grindbygg, bord i larvikitt, Noregs nasjonalstein Ein Kjærastestein Klebersteinar (Måge Sørfjorden og Rosendal) 1500 Restar av kvernhus Serpentinittvariantar (Måge Sørfjorden) Ein kvilestein Marmor (Varaldsøya) 440 - 460 Agakvartsitt (Aga Sørfjorden) 1500 Ein varmestein Dam Faldingar med blåkvarts (Markjelke) Tidsaksen Fossefall (raud vångagranitt /svart diabas) Steinparken, Tidsaksen, Mineralsamlinga, Fjellhagen og Geostien Steinparken er ei forteljing om det geologiske mangfaldet på Folgefonnhalvøya. Parken er eit av besøksmåla til Folgefonna nasjonalparksenter. Fagpersonar og lekfolk kjem stadig med gode innspel og Steinparken er difor i utvikling. Fine blokker av bergarter ventar framleis på å bli henta og vist fram. Mange undrar seg på korleis bergartane har blitt til og kor gamle dei er. Nokre av desse spørsmåla skal Steinparken svara på gjennom ein fysisk Tidsakse som viser den geologiske og biologiske utviklinga på Jorda gjennom 4.600 millionar år. Det er ein nær samanheng mellom berggrunnen, klimaet i høgfjellet og det livet som utfaldar seg i nasjonalparken. I Steinparken kan du no sjå om lag 130 ulike planteartar, og i Fjellhagen kan du etter kvart sjå nokre av høgfjellsplantene. Formidlinga i Steinparken er tett knytta til fleire andre formidlingstiltak, som det unike bildespelet Drama i Berg, den finaste mineralsamlinga på Vestlandet som Folgefonna nasjonalparksenter overtok frå ein generøs samlar på Stord, og Geostien som no er under utvikling frå Nordrepollen til Botnabreo i Mauranger. Føremålet med denne brosjyren er å gi nokre smakebitar frå desse. The geological presentation in the Stone park is closely related to other information activities such as the stillfilm the Drama of the Mountains, the exhibition of the finest collection of minerals on the West coast, gratefully received from a generous collector from Stord, and also the Geotrack being developed from the Nordrepollen to the Botnabreo in Mauranger, a sidearm of the Folgefonna glacier. 1. g skiftande tider, ber også jorda med seg teikn som er Å lesa landskapet Slik eit gamalt menneske ber med seg minne om livet og skiftande tider, ber også jorda med seg teikn som er minne om fortida. Desse teikna er lagra i djupet, i overflata, i berggrunnen og i landskapet, og vi kan lesa og tyda dei. Steinparken er ei forteljing om det geologiske mangfaldet på Folgefonnhalvøya og om kreftene som har skapt det. Kjenner du denne forteljinga kan du tyda landskapet du ferdast i, og forstå meir av samspelet mellom berggrunnen og mennesket sine aktivitetar. Just as old people carry memories of the past and changing times, the Earth also preserves evidence of the past. These we can read and interpret to understand how our planet has developed. Gråstein er eit kjent uttrykk - men stein er ikkje alltid grå. På nært hald vil du oppdaga at stein er samansett av små og store korn som kan ha ulike fargar. Kvite, svarte, rosa, grøne og grå, er vanlegast. Desse korna vert kalla mineral, og dei er byggjeklossane i bergartene. Minerala er bygd av ulike grunnstoff. Det fins om lag 100 grunnstoff på jorda, men silisium, oksygen, aluminium, jern, kalsium, natrium, magnesium og kalium er dei vanlegaste i stein. Rocks are often considered as being dull and grey. But if you look carefully, you will discover that rocks are composed of crystals of different colour and size. These are called minerals, the building blocks of rocks. Steinen sine fargar Minerala har ulike fargar, og steinen sin farge er bestemt av minerala den inneheld. Feltspat er oftast raudleg til kvit, medan kvarts er kvit eller grå. Bergartar med mykje feltspat og kvarts, som granitt og gneis, vil difor vera raudlege eller kvite. Amfibol er eit grønsvart mineral, og gabbro som inneheld mykje amfibol vil difor ha mørk farge. Glimmer som er grå eller svart gir farge til den grå glimmerskiferen. Minerals have different colours, and the colours of rocks are determined by their mineral composition. Krystallar Nokre gonger viser minerala seg frå si beste side - som krystallar. Vi kan finna dei på sprekker og holrom i fjellet - der dei har vakse fritt. Krystallane er danna ved at ulike grunnstoff er utskilde frå varmt vatn i opne sprekker under overflata. Sometimes minerals are found in their most beautiful habit, with crystal faces. Steinparken er ein del av den naturfaglege formidlinga ved Folgefonna nasjonalparksenter. Parken er utforma av RosendalStiftinga i samarbeid med geologane Johan Naterstad og Øystein J. Jansen, Torgeir Garmo, Haakon Fossen, skulptør Bård Breivik, steinhoggar Rolf Karlsen og Torkjell Nerhus. Han er realisert med støtte frå Kvinnherad kommune, Hordaland fylkeskommune, Direktoratet for naturforvalting, Landsforeninga for folkehelse, og frå private. Fylkessteinen i Hordaland Koronitt er ein anortositt med såkalla korona-struktur, ein særeigen bergart for delar av Hordaland (særleg Bergensområdet) og Indre Sogn. Anortositten er kvit/bleiklilla av farge, og koronastrukturen har ei kjerne av grøn-svart pyroksen med raude granatar rundt. The County rock of Hordaland, Coronite. Whitish anorthosite containing ”coronas” of pyroxene surrounded by rims of red garnets. Valenforkastinga Forkastingar er rørslesoner i jordskorpa. Valenforkastinga går i skiljet mellom grunnfjell med granitt og gneis i aust og glimmerskifer i vest. Ho er resultat av mange hundre jordskjelv. Halsnøysida har ramla ned meir enn 500 m langs forkastinga. Konglomerat frå Stord Konglomerat er forsteina grus, og inneheld ofte steinar med ulik form og farge, slik ein kan finna dei på strender i dag. Den raude steinen er jaspis. Faults are zones of displacement in the Earths crust. A majore faulth in the area is the north-south trending ”Valen Fault”, east of Husnes, with at least 500 m of downthrow on the western side. Conglomerates are lithified gravels, containing pebbles of different types and colours, like we can find on beaches today. Konglomerat frå Jondal Rullesteinslag frå ei gamal Folgefonnstrand, danna for 1500 millionar år sidan. No ligg restane av stranda i 1300m høgd ved Jonsstein i Jondal. Under den siste istida har breen sprengt laus og frakta store blokker heilt ned i låglandet. Serpentinitt: Dei grøne smykka i parken Omdanningbergarten serpentinitt har oftast djup grøn farge, men ved forvitring vert det danna ei brunleg skorpe. Opphavet til serpentinitt er olivinstein som har storkna djupt nede i jordskorpa. Vi finn desse ”gjestene frå djupet” fleire stader på Folgefonnhalvøya, ofte saman med kleberstein. Evidence of a 1500 million year old pebbly ”Folgefonna beach” today lies at 1300 m above sea level. Serpentinite: The green jewels of the Park. The dark green colour of the serpentinite is beautifully displayed on polished surfaces. A lot of small serpentinite bodies are found locally, and often occur together with soapstone. Kulegabbro: Ein sjeldan gjest frå magmakammeret Kulegabbro er kanskje Verdas skjeldnaste bergart. Steinhoggar Rolf Karlsen på besøk i den vesle førekomsten ved Bukkanuten. Kuleformene oppstår ved at mineralkorna som vert skilde ut frå magmaet ved storkning klumpar seg saman i kuler, nokre gonger med ein kjerne av ein framandstein. Resten av magmaet som fylte holromma mellom kulene, har deretter storkna og sementert kulene. Orbicular gabbro, a special guest from a magma chamber. The rock has a unique appearance due to orbicules, concentrically banded spheroidal structures, probably formed through nucleation around a grain in a cooling magma chamber. Berggrunnen på Folgefonnhalvøya viser ein rikt geologisk mangfald. Dette mangfaldet har hatt avgjerande innverknad på utforminga av landskap, fjell og fjordar, dalar, innsjøar, elvar og fossar, og difor også på livet, næringsvegane og kulturhistoria i regionen. Steinparken er lett tilgjengeleg for alle. Her kan ein rusla og rasta, kanskje finn ein forklaringar på nokre spørsmål, og kanskje dukkar det opp nokre nye. The Stone Park is easily accessible for everybody. Here you can explore the geological diversity of the Folgefonna National Park. Granitt Korleis vert bergartane til? A) Størkningsbergartane fortel si historie Djupbergartane vert danna når magma størknar i store kroppar langt under overflata. Det fins ulike typar djupbergartar, men dei vanlegaste er granitt og gabbro. Dei er ikkje så vanskelege å skilja frå kvarandre – vi kan skilja dei på fargen. Granitt har ljos farge på grunn av at han inneheld mest feltspat (kvit/raudleg) og kvarts (gråkvit). Dersom granitten viser innslag av store mineralkorn (feltspat) vert han kalla granittporfyr. Gabbro har mykje mørke mineralar (amfibol, pyroksen), og vert difor ein mørk bergart. Så enkelt er det! Magmaet er samla i store ”bobler” som kallast ”magmakammer”, men det vil også trengja inn i sprekker i dei faste bergartane omkring. Når magmaet størknar i slike sprekker, kallar vi det ”gangbergartar”. Slike gangar kan vi sjå som striper i fjellet. I Steinparken er det mange steinar med slike gangar, dei fleste er rosa og kvite – og består av granitt. Dagbergartar vert danna når magmaet strøymer ut på overflata – som lava eller oske. Dei blir finkorna sidan dei størknar raskt. Slike bergartar finn vi i den nordlege delen av Folgefonnhalvøya og vest for Kvinnheradsfjorden. Avsetningsbergartar. Konglomerat (Jondal) og vulkanske lag (Botnane i Mauranger) B) Avsetningsbergartane si historie Slike bergartar vert danna ved herding av lausmassar som blir til sandstein, leirstein og konglomerat (forsteina grus). I desse bergartane kan ein finna strukturar som er bevart frå den gongen dei var lausmassar, og desse kan fortelja oss noko om korleis forholda var den gongen. På den nordre delen av Folgefonnhalvøya finn vi avsetningsbergartar som er 1400-1500 millionar år gamle – som stammar frå ei strandsone som vi kan kalla ”Folgefonnstranda.” Der kan vi finna spor etter bølgeslagsmerke, straumrifler og strandgrus. Det er underleg å tenkja på at slike kjenneteikn er bevart over så lang tid. Tidsaksen: Den geologiske og biologiske utviklinga på Jorda Jorda si 4600 millionar lange historie er full av dramatikk og fantastiske hendingar, like frå starten og fram til den korte historia til menneska. Mange spør kor gamle bergartane på Folgefonnhalvøya er. Kva bergart er eldst? Kor tid oppsto livet på Jorda? Kvifor gjekk det så lang tid før livet verkeleg utfalda seg for alvor? Oksygenet dukkar opp i atmosfæren, kor kjem det frå? Kor tid vart jorda grøn? Korleis oppstod oljeressursane og kor lang tid tok det? Kor tid dukka menneske opp, kor kjem vi frå, kva slektningar har vi og kor lang er historia vår? I Steinparken ønskjer vi å formidla nokre smakebitar av den geologiske og biologiske utviklinga gjennom dei lange geologiske tidsbolkane i Jorda si historie. Fakta om Jorda: Radius 6378 Km ved Ekvator. Samansett av 104 grunnstoff som dannar mineralar og bergartar. 70% av overflata er dekka av vatn. Overflatetemperatur: 17 o C. Temperaturen i sentrum: ca 4000 grader, der varme blir generert ved radioaktive prosessar. Einaste planet i solsystemet med platetektonikk. (H.Fossen 2008). Migmatittgneis C) Omdanna bergartar- historia om høgt trykk og temperatur Omdanningsbergartane si historie er knytta til fjellkjededanningar. Når store jordplater støyter mot kvarandre, vert bergartar i jordskorpa pressa saman under høgt trykk og temperatur – og bergartane vert omdanna, heilt eller delvis. Under denne forvandlinga vil enkelte bergartar bli totalt forandra, og ugjenkjennelege frå slik dei ein gong såg ut - medan andre overlever og er lettare å kjenn att. Samanpressinga kan føra til at nokre bergartar blir svært skifrige, og svært ulike dei bergartane dei var opphaveleg. Mesteparten av gneisane på Folgefonnhalvøya er omdanna granittar. Maksimal utgreiing av isbrear i kvartærtida. Massiv is, fleire kilometer tjukk i nord og sør, og mindre brear i fjellområde som Alpane, Himalaya og Andesfjell. Ill: Ron Blakey Nokre milepålar i Jorda si historie: 4600: 3800: 3690: 3400: 2500: 2400: 1700: 1500: 1000: 950: 635: 542: 460: 444: 420: 400: 380: 251: 160: 146: 125: 65: 7,0: 4,4: 2,5: 1,7: 0,800: 0,350: 0,200: 0,100: 10.000: Jorda vert til av støv, gass og ispartiklar som låg i ei tåke rundt sola Eldste synlege spor av liv: cyanobakteriar og stromatolittar, levde i havet (DNA) Eldste bergart i Noreg, påvist ved datering av zirkonkrystallar i gneis, Pasvik Finnmark Cyanobakteriar dannar oksygen ved fotosyntese Oksygen har oksydert jern og andre grunnstoff i havet (BIF) Fritt oksygen i atmosfæren Eldste bergart på Folgefonnhalvøya - Migmatittgneis Agakvartsitt, kleberstein, konglomerat Jondal Dei fyrste fleircella organismane dukkar opp i avsetningar Magma trengjer inn i grunnfjellet. Melderskingranitt, Ulvanosigranitt, Kulegabro Mange spor etter nedisingar. Jorda frys til Den kambriske livseksplosjonen. Livet utviklar seg. Trilobittane kjem: over 17.000 artar Marmor Varaldsøya Halvparten av alle livsformene døyr ut Plantane går på land - Cooksonia Nordamerikansk og Baltisk plate kolliderer. Den Kaledonske fjellkjeda Eldste plantefossil i Noreg. Jorda blir måla grøn 96 % av alle artar døyr ut. Trias: dinosaurane erobrar landjorda. Dei første pattedyra Jura: starten på oljeeventyret. Tropisk klima over heile Jorda. Organisk materiale i mudder på havbotnen i store mengder, materiale som med tida vert omdanna til olje og gass Ein viktig stein i mennesket si historie blir danna: FLINT Blomsterplantane vert utvikla Yucatankrateret 180 km. Dinosaurane døyr ut. Pattedyra tek over Apane og mennesket: Raske klimaendringar. Menneskeapane prøver med oppreist gange Australopithecus (søraper) i Kenya, eit tidleg steg på vegen mot moderne menneske Kvartær. Omlag 40 nedisingar. Restar etter Homo habilis (urmenneske) i Tanzania Homo erectus blir den første som vandrar ut av Afrika Homo heidelbergensis, stamart til både neandertalmennesket og H. sapiens (oss) Neandertalarane dukkar opp i Europa, overlever til 24 000 år før no Homo sapiens dukkar opp i Afrika. Homo sapiens vandrar frå Afrika til andre verdsdelar Menneska koloniserer kysten av Noreg Some mile stones in the history of the Earth 4600: 3800: 3690: 3400: 2500: 2400: 1700: 1500: 1000: 950: 635: 542: 460: 444: 420: 400: 380: 251: 160: 146: 125: 65: 7,0: 4,4: 2,5: 1,7: 0,800: 0,350: 0,200: 0,100: 10.000: The Earth forms from a cloud of dust, gas and ice particles in space around the Sun Oldest visible signs of life - cyanobacteria and stromatoliths in the ocean (DNA) Oldest rock in Norway - Gneiss at Passvik in Finnmark Cyanobakteria produce oxygen by photosynthesis Oxygen rusts iron and other elements in the ocean (BIF) Free oxygen in the atmosphere Oldest rock in Folgefonn Peninsula - Migmatitic gneiss Aga quartzite, soapestone and conglomerate in Jondal Emergence of multicellular organisms Magma penetrates basement rock. Melderskin granite, Ulvanosi granite, Orbicular gabro Many signs of ice ages. The Earth freezes Cambrian explosion of life-forms. Arrival of trilobites (17000 species) Marble on Varaldsøya Half of all life-forms on Earth die out Plants move ashore - emergence of Cooksonia, primitive land plants North Amerikan and Baltic tectonic plates colide. Caledonian range emerges Oldest Norwegian fossile plant. Earth turns green 96 % of all marine species and 83 % of all terrestrial species die out. Dinosaurs conquer the landmasses. First mammals appear The origins of our oil and gas. Tropical climate over the whole Earth. First birds Flint, an important stone in human history appears Emergence of flowering plants Yuactan crater, diameter 180 km. Dinosaurs die out and mammals take over Apes and Man. Rapid changes in the climate. Humanoid apes attempt upright gait Australopithecus (southern ape) in Kenya, and early step on the way to modern Man Quaternary period: signs of about 40 ice ages. Homo habilis (Our direct ancestor) Tanzania Homo erectus, the first men to leave Africa Homo heidelbergensis, the ancester of the Neanderthals and H. sapiens (us) Neanderthals appear in Europe, and survive until about 24000 yers ago Homo sapiens appears in Africa Homo sapiens emigrates from Africa to other parts of the world Human beeings colonise the coast of Norway Botaniske smakebitar frå høgfjellet Nokre planter har spesialisert seg på å overleva under dei ekstreme tilhøva i høgfjellet. Dei har gjennom millionar av år utvikla tilpassingar til korte vekstsesongar, mykje snødekke, knappe næringsresursar, låge temperaturar og opne plassar med mykje ljos. Slike tilpassingar har også ein pris, og mange av desse plantene er så spesialiserte at dei ikkje overlever i konkurransen med andre planter som har tilpassa seg miljøtilhøva i låglandet. Dette er ei spennande utfordring når ein skal prøva å få desse spesialistane til å trivast i Steinparken. Føremålet med Fjellhagen er å visa fram nokre av dei fine høgfjellsplantene som veks i og rundt Folgefonna nasjonalpark. Her kan du etterkvart sjå eit utval av ville planter frå nasjonalparken og nærområda og læra litt om særtrekka og kva krav desse plantene stiller til biotopen sin. Fjellhagen er utforma i samarbeid med Geir Flatabø, Harry Dijkstra og Hjeltnes gartnarskule i Ulvik og botanikar Bjørn Moe Universitetet i Bergen. Fjellhagen vil bli utvikla steg for steg og vil vera i stadig endring. Norsk malurt I vernemotivet for Folgefonna Nasjonalpark er det særleg lagt vekt på å: • Ta vare på eit verdfullt natur- og kulturlandskap • Sikra verdfulle vassdrag, mellom anna fleire som også er verna mot kraftutbygging • Ta vare på dei områda på Folgefonna som framleis er urørde av større tekniske inngrep, mellom anna eit av dei tre attverande villmarksprega områda i fylket. • Verna om kulturminne og kulturmiljø Fjellsmelle Issoleie Bergfrue Kor mange av plantene i Steinparken har du sett? Brearve Fjelljamne Fjelltjæreblom Reinrose Fjellsyre Fjellveronika Rosenrot Søterot Stjernesildre Gulsildre Musøyra Amerikamjølke (Epilobium ciliatum) Apal – aroma (Malus «Aroma») Ask (Fraxinus excelsior) Beitesvæve (Hieracium cf vulgatum coll) Bergflette (Hedera helix cultivar) Blåklokke (Campanula rotundifolia) Blåknapp (Succisa pratensis) Blåkoll (Prunella vulgaris) Bringebær (Rubus idaeus) Brunrot (Scrophularia nodosa) Bråtestorr (Carex pilulifera) Byhøymol (Rumex obtusifolius) Bøk (Fagus sylvatica) Dielsmispel (Cotoneaster dielsianus) Edelgran (Abies alba) Einer (Juniperus communis) Engfrytle (Luzula multiflora) Engkvein (Agrostis tenuis) Englodnegras (Holcus lanatus) Engrapp (Poa pratensis) Engsmelle (Silene vulgaris) Engsyre (Rumex acetosa) Firkantperikum (Hypericummaculatum) Fjellmarikåpe (Alchemilla alpina) Fjørnellik (Diantus plumarius) Furu (Pinus sylvestris) Følblom (Leontodon autumnalis) Gaukesyre (Oxalis acetosa) Gjætartaske (Capsella bursa-pastoris) Glansmarikåpe (Alchemilla micans) Glattmarikåpe (Alchemilla glabra) Gråor (Alnus incana) Gulaks (Antoxanthum odoratum) Gullris (Solidago virgaurea) Gyvel (Cytisus scoparius) Hagerips (Ribes rubrum) Haremat (Lapsana communis) Harestorr (Carex leporine) Hassel (Corylus avellana) Haustberberis (Berberis thunbergii) Hegg (Prunus padus) Hengebjørk (Betula verrucosa) Hengeving (Phegopteris connectilis) Hundegras (Dactylis glomerata) Hønsegras (Polygonum maculosum) Jordbær (Fragaria vesca) Jordnot (Conopodium majus) Kattefot (Antennaria dioica) Klunger (Rosa sp) Knappsiv (Juncus conglomeratus) Kratthumleblom (Geum urbanum) Krattlodnegras (Holcus mollis) Krattmjølke (Epilobium montanum) Krossknapp (Glechoma hederacea) Krushøymol (Rumex crispus) Krypsoleie (Ranunculus repens) Kvassdå (Galeopsis tetrahit) Kvitkløver (Trifolium repens) Kystgriseøyre (Hypochoeris radicata) Kystmaure (Galium saxatilis) Legeveronika (Veronica officinalis) Lerk (Larix decidua) Linbendel (Spergula arvensis) Lind (Tilia cordata) Lundrapp (Poa nemoralis) Lyssiv (Juncus effusus) Markrapp (Poa trivialis) Myrtistel (Cirsium palus Ormetelg (Dryopteris filix-mas) Platanlønn (Acer pseudoplatanus) Plomme (Prunus domestica) Pære (Pyrus «Anna») Pære (Pyrus «Ingeborg») Raigras (Lolium perenne) Raud jonsokblom (Silene dioica) Raudkløver (Trifolium arvensis) Raudsvingel (Festuca rubra) Revebjølle (Digitalis purpurea) Rogn (Sorbus aucuparia) Rosenrot (Rhodiloa rosea) Rukkebønnbær (Rubus cf scissus) Røsslyng (Calluna vulgaris) Sauetelg (Dryopteris expansa) Selje (Salix caprea) Sisselrot (Polypodium vulgare) Skjermsvæve (Hieracium cf umbellatum coll) Skogburkne (Athyrium filix-femina) Skogrøyrkvein (Calamagrostis phragmitoides) Skogskjegg (Aruncus dioicus) Skogstjerne (Trientalis europaea) Skogstjerneblom (Stellaria nemorum) Sløke (Angelica archangelica) Smalkjempe (Plantago lanceolata) Smyle (Avenella flexuosa) Småengkall (Rhinanthus minor) Småmarimjelle (Melampyrum sylvaticum) Småsyre (Rumex acetocella) Spisslønn (Acer platanoides) Stankstorkenebb (Geranium robertianum) Storfrytle (Luzula sylvatica) Strandrøyr (Phalaris arundinacea) Svarthyll (Sambucus nigra) Svartor (Alnus glutinosa) Sverdlilje (Iris pseudacorus) Sølvbunke (Deschampsia caespitosa) Tepperot (Potentilla erecta) Timotei (Phleum pretense) Tiriltunge (Lotuscorniculatus) Tunarve (Sagina procumbens) Tunbalderbrå (Lepidotheca suaveolens) Tunrapp (Poa annua) Tveskjeggveronika (Veronica chamaedrys) Ugrasløvetann (Taraxacum officinale coll) Vanleg arve (Cerastium vulgare) Vendelrot (Valeriana sambucifolia Åkerminneblom (Myosotis arvensis) Ved Botnatjødno Raudsildre Geostien til Botnabreo i Mauranger Vegen frå Nordrepollen oppover forbi Godalen og Markjelke og stien vidare til Botnabreo er i ferd med å bli eit mykje brukt turområde. Med dei nye samferdsleprosjekta blir Mauranger eit knutepunkt. Dalføret oppover frå Nordrepollen er dramatisk og spektakulert. Dette er eit lett tilgjengeleg område der du kan sjå korleis landskapet er forma av naturkreftene, av brear og rennande vatn. Her kan du bli kjent med mange ulike bergarter og mineralar, og du kan sjå korleis dei vakre fjellplantene gjennom ein lang kamp for å overleva, har tilpassa seg eit barskt miljø med lite næring, mykje snø og ein kort vekstsesong. Her i dette ugjestmilde klimaet har også menneska funne seg ein plass, mat til husdyr og elektrisk energi til eit samfunn som kan synast umetteleg på naturressursar. Og hit søkjer folk langvegsfrå for å trekkja pusten, høyra lyden av ein bekk, for å samla tankane, leggja frå seg ei bør og for å henta krefter. Føremålet med geostien frå Nordrepollen til Botnabreo i Mauranger, er å gje eit lite innblikk i nokre ev dei fantastiske historiane i det naturlege klasserommet. Vo ss Kvanndal Botnen Gråfjellet Manfjellet Holmavatnet 1263 Fitja d alen Fagraseteggi Iendafjellet yt. Ålvik Fykse 7 ØYSTESE Tysse 7 NORHEIMSUND Vikøy 686 Ottanosi A 549 RD Dravladalsvt. 1513 Veranuten len da na it Kv øyre en n vi k fj o Skånevik len Seljestad vik eda Sa nd l da Fjæra 847 Ramanuten n de a fj kr 1207 Dyrskardvt. Vaula øv Sandvt. Kyrkjenuten 1136 1436 Helgedalsnuten Reinsnuten Øyno Histeinsnuten Sauanuten Møssegrebuten Teigland Steinavatnet Bordalsnuten E134 Markhus 1612 Tinden ned Sandvt. Grønaheinuten Berdalsvt. 520 1294 Kyrping Svartavt. 48 48 ord St a et atn lsv Slettedalsvt. Kvar dag heile sommaren, elles i året etter avtale. Shown daily during summer, the rest of the year on request. Foto: J. D. Griggs, U. S. Geological Survey 1527 Slettedalshytta 1025 h sta aug va esu ng n er d, ne rd or fj o r d e n t re Ma Åkra Baugstrandsfjellet en Solfonn FRAMSYNING tia S kå Vågsfjell Matre Skarsfjellet Løyning Grostølsnuten 1327 Matresdalen Mjelkevik Fjelberg Sydnes Utåker en Jøsendal E134 kris eg Skare 1152 Eikemo Mosnes Slåttestølen Reinsnos Reinsnosvt. n nele , tun oslo d d a ls n R ør nsa Tveitedalen Gravdal 48 Halsnøy Alvaldsnuten Fjellhaugen Ytre Matre Holmedal 1355 Vassvik Vintertun Svartenut Vik Sunde Krossfonnuten E134 13 Hillarsfj. I. Matre Opstveit Skorafjell Hildal Sør n Kvannbakkenuten 1302 1247 Ulvanosa Blådalsvt. Midtbotnvt. Blådalshorga a l en td bus ale 1522 Skorfestenuten Møsevatnet Hildalsvt. Å ke d Sandvin Sauanuten 1102 1011 kle My 1200 Eidsvik ODDA Rossnos 1407 Sandvinlen vatnet eda set Sjau Strand Jordal F O LG E F O N N A Svartavt. Vardafjell Duration: 20 minutt Manuscript and direction: Randi Storaas Camera: Jan Rabben Music and sound: Knut Halmrast ale Fonnatoppen 1408 Landa Us Mjelkhaug Sæbøvik Ruklenuten 13 Dimmelsvik Solfjellet Handaland 1381 1662 Buerdalen Blåhatten Bjørndalstindane Seimsfoss 48 Englafjell Ranavik 1467 Møyfallsnuten 13 Buer Murabotn Lengd: 20 minutt Manus og regi: Randi Storaas Prosjektfotograf: Jan Rabben Musikk og lyd: Knut Halmrast The programme tells the fascinating story of how the Folgefonn Peninsula was formed. It tell of how continents collided, building up towering mountain ranges – and then wearing them down – through tens of millions of years. It tells of the power of running water and of around 40 ice ages, which shaped the extraordinary fjord and mountain landscape of the peninsula. We humans have only been present for the past 10 000 years, a brief moment of the peninsula’s geological saga. The programme explains how geology determines where people live and what they live from by the fjords. sd Rosendal Snilstveitøy Bjelland Tyssedal Eitrheim Programmet ”Drama i berg” fortel den fascinerande soga om korleis Folgefonnhalvøya vart til. Det fortel om kollisjonar mellom kontinent der kjempehøge fjellkjeder blei bygde opp – og sidan slitne ned - gjennom titals millionar av år. Det fortel om krafta i rennande vatn og om rundt 40 istider, som tok tak i dalføra kring halvøya og grov ut det spesielle fjord- og fjellandskapet. Me menneske har vore med berre ein ørliten augneblink i den geologiske soga, her på halvøya dei siste 10 000 åra. Programmet fortel om korleis geologien ligg bak og styrer kvar me bur og kva me lever av her ved fjordane. Mo 1426 en Herøysund husnes nel 1296 Melderskin Uskedalen Seløy n rd Skorpo Ånuglo tun en Onarheim fj o dale sdal e dal ndet K n vin r he s ad Ringedalsvatnet 1638 Løfallstrand Ølve Skjeggedal Ædna fonn THE DRAMA OF THE MOUNTAINS 551 Kvitebergsvt. hovland Vik Gygrastolen Folg e Tokheim Svartavasshorga 1339 n Nordlifjellet Myrdalsvt. 49 berg Årsnes 551 Mysevt. g a n SuNdal M a u r 551 Heimadalsberget 550 1573 Gjerde o Fure Lukksu TYSNES en Varaldsøy Gjermundshamn Håvikavt. rd fj o l d a Ænes fj er husdalen Si Ænes Lygrepollen Hesvik d Bon fjo rd en Hatlrstrand Nordtveit Humlevik Varaldsøy rd Årsand Øy na 48 49 Blå Gravdal Øvre Bersåvt. SkjeLdås Åse Strandvik Bjørnafjorden Skjenafjell 13 Eikhamrane 1635 len Flatebø Dalafjell Store Vendevt. Espe 1644 FOLGEFONNA rda HA Dumben Mundheim Røvelseggi Børve bleie Rjuven Folgefonn Sommarskisenter Juklavatnet 1271 Nå Revavt. e Fag 48 G Hammaren el unn Sævareid N Gråheivarden gt t 49 Torsnesvt. nla Pla Henangervt. Håvik E Kråkevik alen ged Lan Oma Skogseidvt. DRAGeid Vikan N R D ETorsnes O R FJ al nnd Kva Berge 807 egga 13 rogdo Flatabø Lofthus Ullensvang Aga Jonstein Storafjell Velure Aganuten 1344 JondalDigreBrekke Ljones Daurmåls48 Tostølvt. Samladalen DRAMA I BERG Ernes Krossdalen Strandebarm Gjønavt. KINSARVIK 550 1268 solenes espeland Tørvikbygd Fosse Ystanes Gråfjellet Svåsand 1046 976 Eikelandsåsen Kumlevt. 550 Spongatjornet Trones grimo 550 Herand Vesoldo Botnavatnet e l a n d s fj . a fj Samlen Kvamsøy Aksnes 1299 Tveitakvitingen holmefjord Eik 49 ml Lote en alen nan ger Modal Sa re d or alsd fj o r den Tokagjel K VA M SKOGEN Sam Kart Folgefonnhalvøya. Geostien Steinparken Ind Røyrli BERGEN Utne Ålvik 1037 Myklavatnet 7 1241 7 S Ø R F J O R D E N Trengereid Oksen Beggevik Bjørsegrøvatnet und Fykses 853 Hild S ø r fj o r d e n Folgefonna informasjonssenter Rosendal Foto: J. D. Griggs, U. S. (+47) 53 48 42 80 www.folgefonna.info Kvitveis, Steinparken Duskull, Jukla ENGLISH The bedrock ground of the Folgefonna peninsula displays a fascinating geological diversity. This variety has played an important role in the shaping of the landscape, mountains, fjords, valleys, lakes, rivers and waterfalls, and thus influenced life itself, the ways of making a living, and the cultural history of the area. The Stone Park tells the story of the geology in and around the Folgefonna National Park. Financial support has been received from Hordaland County Community, Kvinnherad Community, The Directorate of Nature Management, the National Health Association and private sources. GERMAN Die Gesteinsformationen auf der Folgefonn Halbinsel zeigen eine grosse geologische Vielfalt. Diese Vielfalt hat bedeutende Einwirkungen auf die Entstehung der Landschaft Berge und Fjorde, Täler, Seen, Flüsse und Wasserfälle und damit auch auf das Leben, die Handelswege und die Kulturgeschichte der Umgebung gehabt. Der Steinpark erzählt somit die Geschichte der Geologie in und um den Folgefonn Nationalpark. Der Park wurde realisiert mit Hilfe von Mitteln der Hordaland Fylkeskommune, der Kvinnherad Kommune,, des Direktorates für Naturverwaltung, des Landesverbandes für Volksgesundheit und durch private Spenden. Bård Breivik er ein av Noregs internasjonale og mest markante biletkunstnarar. Han er oppteken av handverkstradisjonar og har gjennom åra, og etter flere reiser verda rundt, studert og brukt ulike handverksteknikkar i arbeida sine. Han har om lag 70 utstillingar over heile verda bak seg. Han bur og arbeider i Oslo, Sibbhult i Sverige, New York og i Xiamen i Kina. Portalen i Steinparken er laga av Bård Breivik. Steinhoggaren Rolf Karlsen har mange store prosjekt bak seg, fleire av dei handlar om stein og vatn. Han har mellom anna utsmykkingar på Lillehammer, i Oslo og Gøteborg. Han har samarbeida med Bård Breivik gjennom ei årrekkje, mellom anna omTusenårsstaden Gulating og Steinparken i Rosendal. Samarbeider og med kunstnarane Dag Birkeland og Kristian Blystad. KVINNHERAD KOMMUNE Folgefonna Informasjonssenter Tlf 53 48 31 00/53 48 42 80 Øystein Skaala, Bjørn Moe, Øystein J. Jansen, Jan Rabben, Haakon Fossen, Geir Flatabø, Torgeir T. Garmo. Foto: Helen Petersen, Jan Rabben, Bjørn Moe, Svein I. Opdal, Øystein Skaala Kart: Adachi RosendalStiftinga 2012 Postboks 190, N-5486 Rosendal Tlf 53 48 42 85, 53 48 15 90 www.rosendalstiftinga.no [email protected]
© Copyright 2024