SOMMARKURS I TRESKJERING MED ROLF TARALDSET ER DU INTERESSERT I TRESKJERING ER DETTE KURSET FOR DEG! VELKOMMEN TIL DEI TRADISJONELLE SOMMARKURSA I TRESKJERING I HORNINDAL Kurset høver godt om du er nybegynnar eller vidarekomen som treng faglig påfyll og inspirasjon for vidareutvikling. Kursdeltakarane får for det meste individuell undervisning etter ynskje og behov, i tillegg til fellesundervisning. Kurset tek for seg mange av triksa for effektivt å kunne meistre teknikkane. Forståing av logikk, linjeføring og spenst i djupta er vesentlege delar av undervisninga. På kursa vert det lagt vekt på akantus, men og andre stilartar om ynskjeleg. Det er og høve til å prøve seg på biletskjering (relieff). Det vert også vist slipeteknikk og kor viktig det er å ha rett form på slipefasen for å lettare få full kontroll ved føring av jernet. Treskjering er eit handverk med lange tradisjonar i Hornindal og mange av kursdeltakarane kjem att år etter år. Kvart kurs har åtte studieplassar som vert fortløpande oppfylt etter kvart som påmeldingane kjem inn. KURSSTADEN HORNINDAL Kursstaden ligg vakkert til ved Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø. Hornindal byr på gode moglegheiter for fritidsaktivitetar, inkludert korte og lange fjellturar, fisking og Anders Svor Museet. Hornindal ligg sentralt til på nordvestlandet med kort veg til kjente reisemål som Stryn og Briksdalsbreen, Geiranger, Kannesteinen og Runde, mm. KVALIFIKASJONAR Ingen krav til forkunnskapar. PÅ KURSA VERT DET GJENNOMGANG AV: Sliping av treskjerarjern, grovsliping, rett form, finsliping og polering Val av emne Påteikning mønster Nedbotning Gjennomskurd, saging med Hegner kontursag. Bruk av jern‐ og klubbeteknikk Motved og medved Grovskjering og finskjering Forståing av ornamentikk, bevegelse og linjeføring. Bakskjering Skjering av barokk og akantus, evt. andre stilartar Høve til relieff skjering med perspektivlære Individuell undervisning etter ynskje og behov LÆRAR Rolf Taraldset, biletskjerar og treskjerarmeister Telefon: 57 87 91 86 / 908 61 443 [email protected] / www.treskjering.no Rolf har halde mange kurs både i inn‐ og utland. Har du faglege spørsmål, ta kontakt med læraren. TIDSPUNKT FOR KURSA ER VEKE 25, 26 OG 27 Det vert gjennomført tre kurs, der kvart kurs går over fem dagar frå måndag til fredag. Kurs I: 16. til 20. juni 2014 Kurs II: 23. til 27. juni 2014 Kurs III: 30. juni til 4. juli 2014 KURSAVGIFT Kursavgift eitt kurs kr. 3.650,‐ Kursavgift to kurs kr. 6.900,‐ Kursmateriell kjem i tillegg OVERNATTING Huset Vårt – Gjestehus og aktivitetssenter m/overnatting Fullt utstyrt for sjølvhushald Tlf. 57 87 94 82 / 906 76 845 www.husetvart.no / [email protected] Raftevolds Hotell – Overnatting med frukost Tlf. 57 87 96 05 www.raftevold.no / [email protected] Ved tinging av rom på hotellet vis til sommarkurs i treskjering. Knausen Hyttegrend – Rom/Leiligheiter/Høgstandardhytter Fullt utstyrt for sjølvhushald. Tlf. 57 87 96 12 / 480 42 750 www.knausenhyttegrend.no / [email protected] Grodås Camping – Hytter og camping Tlf. 57 87 96 86 PÅMELDING ……………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………. Namn: _______________________________________________________ Adresse: _______________ Postnr.: _________ Stad: _________________ Tlf:____________ E‐post: ________________________ Alder: __________ Primært ønskje om kurs nr.: _________ Dato: _______ Alternativ: _______ Dato: _____________Underskrift: ________________ Påmelding per e‐post til [email protected] eller per post til Rolf Taraldset, Taraldset, 6763 HORNINDAL Påmeldinga kan også ringast inn per telefon 908 61 443 / 57 87 91 86.
© Copyright 2024