SAUSOKSSMEDEN PÅ VÅGBØEN

23
SAUSOKSSMEDEN PÅ VÅGBØEN
Av Helge Husby
Dette fotoet frå stua på Vollan er teke i september 1913, ifølgje kalenderen på veggen. Den
unge jenta er Elisabet Storset f. 1903, frå Innistua, Storset. Ho var av og til telefonpassar på
Vollå, for det kunne vere folk som ringte dit for å spørre om nokon kunne gå med telefonbod
i grenda. Tore og Ragnhild sitt ved det finpynta bordet. Biletet oppe til venstre er av bror til
Ragnhild, Erik Jonson Storset. Biletet til høgre er av søstra, Mali Storset, f. 1859. Ho reiste til
Chicago i Amerika, vart kjent som Mollie Storseth og testamenterte «Mollie Storseths legat»
for m.a. kvinnegjerd innan handverk. Ho døydde ugift i USA i 1926.
Blomsteren på det fine, heimlaga stativet ved vinduet ser ut til å vere den samme som står i
stua i dag! Truleg kan den gamle blomsteren ha vore delt opp og vidareført. Termometeret i
taket kan vere hengt opp for fotograferinga, eit statussymbol som måtte vere med.
Eit unikt foto
Eg arbeidde med innsamling av gamle foto i Aure kommune da det
dukka opp ei unik negativglasplate, som etter digitalisering viste eit
par med ei lita jente sittande i det som såg ut som ei storgardsstue. Det
var store familiebilete på veggane, fint danderte blomstrar - og ein stor
24
Hendt og hender 2012
telefon på veggen. Da eg zooma inn på kalenderen på veggen, viste
den september og året 1913. Ingen kjente att folket, stua eller bileta på
veggen, og det unike fotoet vart eit mysterium. Denne negativen var i
glasplatesamlinga etter fotografen Hans Ormseth.
I fotoarkivet til Tingvoll kommune
Nokre år seinare gjekk eg gjennom fotoarkivet til Tingvoll kommune,
og der dukka samme fotoet opp, utlånt av Liv Mæle på Vågbøen. Det
stod Tore Ormseth, sokssmed - og fotograf Hans Ormseth, Aure. Kva
gjorde Hans Ormseth på Vågbøen? Hans hadde Ormseth-namnet frå
garden Ormset i Aure og Tore frå Ormset i Tingvoll. Eg skulle seinare
finne ut at dei hadde i alle fall felles interesse for kristeleg arbeid, som
truleg hadde ført desse to sammen - sausokssmeden og fotografen.
Sausoks laga av Tore Ormseth
«T. Ormseth»
Eg fatta òg interesse for det Hans
Hyldbakk skreiv om denne svært
dyktige sokssmeden.
Da eg fann ei sausoks med «T.
Ormseth» stempla inn i jarnet,
vart eg ennå meir nysgjerrig.