Brukarmanual til lærling i Olkweb

Prosedyre bruk av Olkweb for lærling.
Om Olkweb.
OLKWEB er en nettbasert oppfølgingsplattform for lærlingar, opplæringsbedrifter og
opplæringskontor med fokus på lærlingen. Programmet er levert av Innit AS.
I Olkweb skal all dokumentasjon om lærlingen lagrast, dette gjelder alle papir lærlingen har
brukt til og søke læreplass, lærekontrakt, arbeidsavtale, helseattest og anne relevant
informasjon. Desse papira blir normalt lagt inn av opplæringskontoret.
Inn-logging.
Bruker namn i Olkweb er e-postadressa. For og logge inn må Opplæringskonoret i Austevoll
først registrere deg i Olkweb. Dette er utført når lærlingen byrjar i stillinga. Adresse for innlogging er: https://www.olkweb.no/okaustevoll
På denne sida tastar du inn brukar namnet og vel så gløymt passord, du får då val mellom og
sende passord til mobil (kr 2.-) eller til e-post. Du får då passord til og logge inn med,
passordet kan så endrast på under fana, din side, ved og klikke på endre passord.
Oppstartsrapport og Olkweb.
Du skal straks du er komme om bord i samarbeid med opplærings ansvarleg, fylle ut ein
oppstartsrapport, her får Opplæringskonoret i Austevoll den informasjonen dei treng til
utfylling av Olkweb.
Sida du kjem inn på etter inn-logging har 4 faner: Dashbord, Din side, Ressurssenter, og
Aktivitetar.
Under fana Dashbord kjem du inn på logg der læreplanen din ligg. Her fin du kompetanse
mål med delmål som lærlingen skal dokumentera etter kvart som læring er blitt
gjennomført. All dokumentasjon som lærlingen skriv i loggen må godkjennast av
opplæringsansvarleg.
Opplæringskonoret i Austevoll tilrår lærlingen til og straks gå i gang med dette arbeidet, og
særleg det som omhandlar Hovedområde 1 sikkerheit. Ha faste rutinar med loggen slik at
det ikkje blir skippertak på slutten og ein lærer litt kvar veke.
Det skal gjennomførast 4 halvårsrapportar med deloppgåver, desse blir lagt inn av
opplæringsansvarleg. Gjer desse oppgåvene nøyaktig og med god dokumentasjon, som
læring til fagprøva.
Olkweb er under utvikling og det vil komme ein ny versjon som skal være utført seinast
31.12.2015.