hus og hjem foto: jan m. lillebø e i e n d o m s m a g a s i n e t Tyssedal feirar fortida bilag til bergens tidende, NR. 193 fredag 20. juli 2012 hus og hjem | Bergens Tidende fredag 20. juli 2012 ss Ty Tyssedal Sørfj orden o 2 Odda © Kartagena / [email protected] Fabrikkbyane Industristadene er urbane holmar i det vestlandske bygdehavet. På kort tid vaks dei fram, planlagde etter si tids byplanideal, med eit bygningsmiljø som er annleis enn i bygdene omkring. Bli med på vår reise til åtte vestlandske fabrikkbyar, frå Svelgen i nord, til Odda i sør. STONGFJORDEN 22. juni HØYANGER 29. juni SVELGEN 6. juli ÅRDAL 13. juli TYSSEDAL 20.juli ODDA 27. juli ÅLVIK 3. august YTRE ARNA 10. august Det er den same historia som går att på desse stadene som vaks fram i tida etter år 1900: Industrireisarar finn ein foss inst i ein fjord. Bønder sel fallrettar, gard og grunn. Kraftstasjonen vert bygd for å forsyna ein fabrikk som skal produsera varer verda har bruk for ved inngangen til ei ny og industrialisert tidsalder. Og industribyggjarane forstår, at skal dei klara å byggja opp ein stabil arbeidsstokk på desse avsidesliggjande stadene, må dei lokka med meir enn løn i lomma. Dei innser at det må byggjast attraktive samfunn med gode familiehusvære for arbeidarar, funksjonærar og direktørar. Og alt må leggjast til rette for at dei alle får dekka sine ulike praktiske og sosiale behov. Arkitektane som får i oppgåve å planleggja dei nye tettstadene, er velutdanna og oppdaterte og inspirerte av rådande europeiske trendar innan arkitektur og byutvikling. Dei lagar byplanar med britiske hagebyar som ideal, dei planlegg grøne byar med parkar og allear og bustadhus med hage. Industrilandskapet i fabrikkbyane har endra seg. Industrieigarar har kome og gått. Fabrikkbyane har etter tur opplevd dramatiske omveltingar. Produksjonen har tilpassa seg nye tider. Rasjonalisering og effektivisering har redusert arbeidsstokk og folketal. Nokre bygningar og bygningsmiljø som var sentrale i dei nye fabrikkbyane, er borte. Men i hovudsak er det bymiljøet som arkitektane planla tidleg på 1900talet, intakt. Byane fabrikkherrane bygde, eigde og styrde er i dag på private hender. Og mange av dei nye eigarane tar vel vare på industriarven. «« FRAMSIDA: Sjuandeklassen ved Tyssedal skule har avslutningsfest i hagen til den gamle direktørbustaden. Frå venstre: Håvard Rognan, Bjørn Magne Knudsen Bakke, Elise Andersson, Rebekka Davidsen, Bernhard Wollertsen Dahl, lærar Kari Lothe, huseigar og mor Beate Weum, Magnus Weum Hauge, Martin Espe Jensson og assistent Nina Fedje. Medan Odda riv nokre av sine spektakulære industri-landemerke, er heilskapen teken vare på i Tyssedal. TYSSEDAL-IDYLL: Her budde første direktøren ved aluminiumsfabrikken. Redda industriarven – LUKKA VAR at så mange såg verdien av å ta vare på denne heilskapen, og at Odda kommune og så mange andre hadde vilje til å løfta ilag, seier Randi Bårtvedt. Ho var sentral då Tyssedal kraftanlegg vart restaurert for nær 50 millionar kroner. Eigaren Tyssefaldene A/S, Hordaland Fylkeskommune, Odda kommune, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) m.fl. var med på å betala rekninga. Ikkje berre vart det renoverte kraftpalasset ved fjorden freda av Riksantikvaren i år 2000. Heile kraftanlegget med alle sine attraksjonar er sikra vern for framtida: M.a. den 529 meter lange demningen i Skjeggedal (som er bygd av hundre tusen handhogne granittblokker), bygningane på Lilletopp (der damvaktaren heldt til), og røyrgata som går derifrå og lukt utføre til kraftstasjonen. – Mange lurte på kva vi ville med røyrgata. No er ho blitt både historisk attraksjon og populær opplevingsarena med klatrerute langs røyra opp til Lilletopp, seier Randi Bårtvedt. Ho er direktør på NVIM som leiger og forvaltar industriminnet i Tyssedal. Museet sin administasjon held til på kaien, i det tidlegare administrasjonsbygget KVAR SI GATE: Langs Skjeggedalsvegen ligg arbeidarstrøket Kvernhusteigen. Høgare oppe, på finaste tomta, teikna arkitekt Paul Lambach nytt direktøranlegg i 1925, med bustad, gartnarbolig og tennisbane. Lambach var også arkitekt for musikkpaviljongen som ligg i ein liten park ved skulen. til Tyssefaldene. Skuleelevar, turistar og andre kjem hit for å oppleva industrieventyret som starta her inst i Sørfjorden i 1906. Krafta i Tyssedal vart bygd ut for å skaffa straum til karbidfabrikken som starta opp i Odda to år seinare. Seinare kom aluminiumsfabrikken i Tyssedal. RANDI BÅRTVEDT LEIA Tyssedalsprosjektet som la grunnlaget for fredinga, og som skapte forståing for at også andre viktige bygningar på industristaden måtte takast vare på. Utan denne forståinga ville halve Tveitahaugen Hageby vore jamna med jorda, og staselege direktørboligar ville vore borte. – Husa oppe på Lilletopp skulle sprengjast vekk, røyrgata skulle rivast og kraftstasjonen skulle bli hall for fiskeoppdrett, fortel Randi Bårtvedt. – Det var direktør Robert Hermansen ved Odda Smelteverk som fann alternativet for fiskeoppdrettet. Han føreslo å laga ein ny fjellhall. På den måten fekk vi både i pose og sekk: Fisk i fjellet og museum i stasjonen, seier Bårtvedt. DET VAR INDUSTRIBYGGJAREN Sam Eyde som sette det heile i gang i Tyssedal. Med utdanning og inspirasjon frå Tyskland starta han storstilt industribygging her i landet, først i Notodden, på Rjukan og i Tyssedal. Hagebyen vart sett på som den ideelle bustadforma for arbeidarane. Eyde hadde tru på at gode bustader ville skaffa stabil arbeidskraft. Tyssedal fekk Tveitahaugen hageby, planlagd av arkitektane Morgenstierne & Eide, med hus teikna av Oscar Hoff, som omlag samstundes planla Ullevål hageby i Oslo. Husa i desse to hagebyane har mange felles arkitektoniske trekk. Men medan dei mange fleire arbeidarbustadane på Ullevål har føreteke ei klassereise, og blitt blant dei mest attraktive i hovudstaden, slit Tveitahaugen. Riksantikvaren og Odda kommune samarbeidde om ei større renovering av hagebyen på 90-talet. No er det trong for eit nytt skippertak i deler av området. Manglande vedlikehald pregar i dag også Slottet, det store fleirfamiliehuset | Bergens Tidende fredag 20. juli 2012 hus og hjem BYGGJER NETTVERK: Direktøren ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM), Randi Bårtvedt, er oppteken av å setja industrihistoria i Odda og Tyssedal inn i ein større samanheng. Ho er glad for at Tyssedal er blitt norsk knutepunkt på den europeiske industriarv-ruta. No skal også fleire andre industristader på Vestlandet knytast til denne ruta og tilhøva skal leggjast til rette for industriarvturisten. LANDEMERKE: Tyssedal har mange store, særprega bygningar frå første industritida. Raudmåla Tyssedal Hotel av Victor Nordan og Festiviteten av Morgenstierne & Eide ligg i skråningen oppom ilmenittsmelteverket. Til venstre tak og tårn på det gamle administrasjonsbygget til Tyssefaldene. TVEITAHAUGEN: Ein av landets første hagebyar blei bygd her i Tyssedal. Det er kontinental stil over dei tolv murhusa med i alt 70 leiligheiter. Husa blei bygde med høg standard, alle dei som flytta inn frå 1916 hadde vassklosett, innlagd straum og eigen hage. I dag er deler av området dårleg vedlikehalde. TYSSEDAL SKULE: Rådmannen i Odda har føreslege å leggja ned skulen som siste året hadde 59 elevar. Bygningen er teikna av Torgeir Alvsaker. ved riksvegen som var eit av dei første permanente bustadbygga til Tyssefaldene. Men det er likevel, store, særprega og godt vedlikehaldne bygningar og bygningsmiljø frå den første industritida som er Tyssedal sitt varemerke i dag: Kraftstasjonen, administrasjonsbygget som museet har overteke, forsamlingshuset Festiviteten, Tyssedal hotell og ikkje minst skulen som ligg som eit lite slott på eit av platåa oppom riksvegen. I skulen sitt nabolag er musikkpaviljongen og fleire bustadhus som blei bygde for leiinga ved Tyssefaldene. BAK KRAFTSTASJONEN av Thorvald Astrup og Victor Nor- dan ligg dei to modernistiske trafostasjonane til arkitekt Geir Grung, og like ved ei rekkje med fine maskinistboligar. Høgare oppe i lia går Mjøstølsvegen med påkosta bustader bygde for direktørar og funksjonærar ved DNN Aluminium, teikna av bergensarkitekten Paul Lambach. Han teikna også firemannsbustader i Kvernhusteigen, eit arbeidarstrøk som også understrekar særpreget i fabrikkbyen. Tidleg på 1950-talet flytta dei første sjølvbyggjarane inn i eigne hus i Tyssedal. Etter den tid vart busetnaden utvida oppover i lia langs vegen til Skjeggedal. Den arkitektoniske utviklinga og den generelle norske velstandsveksten kan lesast frå sving til sving oppover. Dei nyaste og største husa ligg øvst. Men etter år 2000 er det ikkje bygd nye bustadhus i Tyssedal. Utan fylkeskonservatoren i Hordaland og direktøren ved NVIM sin innsats for industriarven, hadde det neppe blitt nokon UNESCO-nominasjon på Odda og Tyssedal ilag med Rjukan og Notodden. No håpar Randi Bårtvedt at søknaden ikkje vert svekka av at kalkomnane i Odda kan bli rivne med velsigning frå Riksantikvaren. Eva Røyrane Jan M. Lillebø (foto) [email protected] Eva Røyrane har skrive boka «Fabrikkbyane i Hardanger - Husa i industrilandskapet» som kom ut på forlaget Nord 4 i 2011. 3
© Copyright 2024