HYEN - Kyrkja i Gloppen

NR. 3 - mai 2013 - ÅRGANG 43
Kyrkjeblad
FOR
GLOPPEN
Les om
Skattejakt i Hyen
Kyrkjegang på
Gran Canaria
Bedehusjubileum
MESSIAS i
Vereids-kyrkja
Forseinka
jubileumsbok
Møt fotograf
Ronny Solheim
Møt spaltist
Jorunn Eikenes
Drama
1953
på Solheim
www.gloppen.kyrkja.no
2
Vi møtest i kyrkja
Kyrkja i Gloppen
VEREIDE SOKN
Leiar i soknerådet: Elin Villung,
[email protected]
tlf 57 86 64 84 / 977 16 902
Kyrkjetenar: Benny Aasen, tlf 950 22 917
BREIM SOKN
Leiar i soknerådet:
Aksel Rygg, tlf. 57 86 75 62 / 412 20 458
[email protected]
Kyrkjetenar: Ingvild Reed. tlf 412 40 309
GIMMESTAD SOKN
Leiar i soknerådet:
Aase Ryssdal Sæther, tlf 57 86 50 51 /
911 07 329 [email protected]
Kyrkjetenar: Benny Asen, tlf 950 22 917.
HYEN SOKN
Leiar i soknerådet: Liv Øygard Solheim,
tlf. 57 86 96 59 / 958 61820.
[email protected]
Kyrkjetenar: Ola Jan Birkeland,
tlf. 57 86 98 32 / 975 91 747
Sokneprest i Vereide og Hyen
Olaf Sigurd Gundersen,
Tlf. 57 86 93 85 / 951 36 059.
Tlf. 57 86 96 93. [email protected]
Fungerande sokneprest
i Breim og Gimmestad
Asbjørn Gjengedal, tlf 57 86 66 78/ 901 73 632 [email protected]
Kyrkjeverje: Kurt Djupvik
Kontor i Sandane kyrkje Tlf. kontor:
57 86 56 16 Mobil: 902 06 828.
Fax 57 86 56 47 [email protected]
Diakonimedarbeidar i Gloppen:
Britt Randi Heggheim.
Kontor i Sandane kyrkje
tlf: 90847592. [email protected]
Kantor: Anders Rinde,
tlf. 57 86 71 44 / 997 20 238.
[email protected]
Vereide kyrkje, tlf. 57 86 93 06.
Gravar/ kyrkjegardsarbeidar:
Ivar Hjelle, tlf. 57 86 58 59 / 970 76 668.
Kyrkjekontoret i Sandane kyrkje:
Tlf. 57 86 56 16.
Opningstid: Tysdag - onsdag - torsdag.
Alle dagar kl. 10.00–14.00.
Elles etter nærare avtale.
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
09.05
Kr. himmelfartsdag
Joh 17,1-5
11.00 Breim
11.00 Hyen
Konfirmasjonsgudst., Asbjørn Gjengedal, Offer til Kyrkjelydsarbeidet
Konfirmasjonsgudst., Olaf Sig Gundersen, Offer til Kyrkjelydsarbeidet
12.05
s før pinse
Joh 16,12-14
10.30 Vereide
11.00 Vereide
Lovsongstund,
Høgmesse, Olaf Sig Gundersen, Nattverd, ofring til Blå
Kors
17.05
Luk 17,11-19
10.15 Hyen
Festgudsteneste, Olaf Sig Gundersen, Offer til Nytt høgtalaranlegg
Festgudsteneste, Asbjørn Gjengedal, Offer til Redd Barna
Festgudsteneste, Olaf Sig Gundersen, Offer til KFUK/KFUM
speidarane
Festgudsteneste, Olaf Sig Gundersen
11.00 Breim
12.00 Vereide
15.00 Gamle
Gimmestad
19.05
Pinsedag
Joh 14,23-29
10.00 Vereide
12.00 Vereide
11.00 Breim
11.00 Gimmestad
Fredly kyrkjegard.
Kronerullinga går mot slutten og
over 370 personar har gjeve meir
enn kr 190 000,- Tusen takk til alle
som har vore med og hjelpt til slik at
kyrkjegarden vert oppussa. Så snart
telen er vekk skal vi sette opp gjerde og
plante ein fin grøn hekk.
11.00 Hyen
Høgmesse, Asbjørn Gjengedal, Nattverd, Offer til Diakoniarbeidet
26.05
Treeiningssøndag
Luk 24,45-48
11.00 Vereide
Familiegudsteneste, Olaf Sig Gundersen, Song av Sandane
soul children
Gudsteneste, Sigurd Vengen, Nattverd, Offer til KFUK/
KFUM Sogn og Fj.
27.05
måndag
20.00 Vereide
Boklansering, Vereide kyrkje. Kyrkjestad og kristenliv
gjennom 850 år.
29.05
onsdag
19.30 Vereide
20.00 Vereide
Opa kyrkje
Vesper etter gregoriansk tradisjon
31.05
fredag
20.00 Vereide
Konsert, Per Kristian Skalstad, Nora Taksdal, Audun Sandvik, Ann-Margrit Silfverhielm
01.06
laurdag
17.30 Vereide
Konsert, Forfattar og arkeolog Alf Tore Hommedal fortel
om Vereide kyrkje
02.06
2. s i treeining
Joh 3,1-13
11.00 Vereide
Festgudsteneste, Biskop Halvor Nordhaug, Offer til Kyrkjelydsarbeidet
09.06
3. s i treeining
Mark.10,13-16
11.00 Gimmestad
15.00 Breim
Gudsteneste, Olaf Sig Gundersen, Nattverd, Offer til Blå
Kors
Gudsteneste, Asbjørn Gjengedal, Offer til Diakoniarbeidet
16.06
4. s i treeining
Matt 9,35-38
11.00 Hyen
15.00 Sandane
Gudsteneste, Olaf Sig Gundersen, Offer til IKO
Gudsteneste, Olaf Sig Gundersen, Offer til Diakoniarbeidet
23.06
5 s i treeining
Matt 18,12-18
11.00 Breim
20.00 Gamle Gimmestad
Gudsteneste, Sigurd Vengen, Offer til Nesholmen
Gudsteneste, Sigurd Vengen, Nattverd
30.06
Aposteldagen
Mark 3,13-19
11.00 Vereide
Gudsteneste, Asbjørn Gjengedal, Nattverd
07.07
7. s i treeining
Mark 5,25-34
11.00 Selje kloster Seljumannamesse, Biskop Helga Haugland Byfuglien
Kontorstaden for desse nye
medarbeidarane vert i Sandane
kyrkje. Vi ønskjer dei velkomne i
kyrkjearbeidslaget! Så får vi ta vel imot
dei nye arbeidarane og ta dei med i
bønene våre.
Personalet.
Jofrid Devik Aurlien er tilsett som
Barne- og Ungdomsarbeidar i ei 75 %
prosjektstilling i eitt år. Ho tek til i
august 2013.
Mariel Eikeset Koren
Konfirmasjonsgudst., Olaf Sig Gundersen, Offer til Kyrkjelydsarbeidet
Konfirmasjonsgudst., Olaf Sig Gundersen, Offer til Kyrkjelydsarbeidet
Høgmesse, Sigurd Vengen, Offer til Menighetsfakultetet
Konfirmasjonsgudst., Asbjørn Gjengedal, Offer til Kyrkjelydsarbeidet
20.05
2. pinsedag
Joh 14,23-29
11.00 Breim
Nytt frå kyrkjeverja.
Jofrid Devik Aurlien
Mariel Eikeset Koren er tilsett som
organist i 50 % stilling og 50 %
stilling som trusopplærar. Ho kjem i
august 2014. Vi kjem tilbake med ein
presentasjon seinare.
NYTT OM JUBILEET
Jubileumsboka om Vereide kyrkje vert
diverre ikkje klar til jubileet. Boka vil
kome til hausten, men vi vil lage eit
prøvetrykk som skal bli klart til jubileet,
og arrangementet som er planlagt til
måndag 27. mai, vil gå som planlagt, med
fyldig orientering om jubileumsboka.
NB: I forrige nummer av kyrkjebladet
sneik det seg inn ein feil i presentasjonen
av jubileumsprogrammet. I omtala
av festmiddagen søndag 2. juni, er
kyrkjeverja oppført med feil epostadresse. Dei som har prøvt å melde seg
på middagen til den adressa, har truleg
fått påmeldinga i retur. Rett adresse er:
[email protected]
Raus gåve til Breim
Kyrkje
Altså: Prøv igjen med rett adresse.
Breim Sokneråd har moteke kr. 20 000,frå Reidar Seime Tveiten, busett i Veggli
i Buskerud. Reidar ættar frå Breim;
han er son til Olav M. Seime (f.1904,
d.1975, gravlagd i Breim).
Endra dato for
konfirmantjubileet i
Hyen.
Breim Sokneråd takkar hjarteleg for
gåva, som vil verte nytta til ny tilkomst
til kyrkja for rørslehemma.
I siste nummer skreiv vi at Hyen truleg
skulle ha konfirmantjubileum 14-15.
september. Dette er seinare endra til
12.-13. oktober; datoane for dei andre
sokna blir som det sto. Invitasjonar kjem
seinare!
Kyrkjeblad for Gloppen
Utgjeve av sokneråda i Vereide, Breim, Gimmstad
og Hyen.
Kjem ut minst 7 gonger i året på Sandane.
Betaling etter ønske. Bankgiro 3705 04 71307
Grafisk design: Heinz Aemmer, Deknepollen
Trykk: Druka, Klaipeda
Rekneskap: Inger Almenning, Sandane
Tlf. 99 16 40 89
Distribusjonsansvarleg: Oddbjørn Almenning
Tlf. 94 27 89 52
Redaktør: Oddvar Almenning
Tlf. 57 86 94 24 / 400 04 377
Epost: [email protected]
Redaksjonsnemnd:
Olaf Sigurd Gundersen, sokneprest
Tlf. 57 86 93 85 / 951 36 059
Epost: [email protected]
Einar Gimmestad, Gimmestad sokn
Tlf. 57 86 77 56 / 992 54 493
Epost: [email protected]
Anders Rinde, administrasjonen
Tlf. 57 86 93 06 / 997 20 238
Epost: [email protected]
Aslaug Heimset Larsen, Hyen sokn
Tlf. 57 86 98 67 / 995 24 502
Epost: [email protected]
Harald Aske, Vereide sokn
Tlf. 57 86 57 30 / 970 24 915
Epost: [email protected]
Aase Ryssdal Sæther, korrekturlesar
Tlf. 57 86 50 51 / 911 07 329
Epost: [email protected]
Jostein Flølo, Breim sokn
Tlf. 57 86 81 72 / 909 46 703 / 941 92 515
Epost: [email protected]
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
3
Prestebustad eller kyrkjelyd?
Av Oddvar Almenning
Ver alltid glade! Ver godhjarta !
Av Liv Øygard Solheim
Paulus har eit dramatisk liv bak seg. No set han i
fengsel og skriv brev til venene i Filippi.
Han skriv om gleda og om si livserfaring:
Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg
seie : Gled dykk! Lat alle menneske få merke kor
godhjarta de er. Herren er nær.
Alt som er sant, alt som er gjævt, alt som er rett, alt
som er reint, alt som er verdt å elske og akta, all
god gjerning og alt som rosverdig er, legg vinn på
det.
Paulus kunne glede seg under alle forhold. Kvar
henta han gleda frå? Eg trur han hadde lært å takke.
Takke for kyrkjelydane, takke for vener, men mest
av alt : Takke fordi han hadde fått teke imot Jesus.
Han opplevde at Jesus var med han både i med- og
motgang. Jesus gav han styrke og frimod. Det var så
uendeleg mykje å takke for.
Alt det gode, det beste de veit om, gi det rom!
Paulus skjønte kor viktig det var å ha kontroll på
kva vi slepp inn i våre tankar og sinn. Alt som finst
der set sine spor i livet vårt. Heile vår livskvalitet
heng saman med kva vi fyller tanke og sinn med.
Tankane mine går til barndomen. Far min hadde
ein god kamerat. Dei var jamgamle og nære naboar
Far vart bonde, kameraten vart prest. Når presten
besøkte slekta heime, kom han alltid innom til far.
Presten spreidde alltid glede omkring seg. Eg undra
meg ofte over kvifor han alltid var så glad, for han
opplevde mykje motgang i livet.Siste gongen eg
møtte han var i kyrkja heime. Han måtte ha hjelp
for å kome på preikestolen. Preiketeksten var Fil
4,4-5. Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil
eg seie : Gled dykk! Lat alle menneske få merke kor
godhjarta de er. Herren er nær.
Preika er gløymd, men den gleda han utstrålte
frå preikestolen blir aldri gløymd. Han hadde fått
oppleve gleda i Herren, ei gåve.frå Gud.
Jesus vil at alle skal få del i denne gleda og han
seier:
Sjå eg står framfor døra og bankar. Om nokon
høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til
han og halda måltid, eg med han og han med meg.
Jesus vil koma inn i ditt hjarte og dele sine gåver
med deg. Du kan opne hjartans dør, vidare enn før,
og be Jesus kome inn. Den gleda du vil oppleve får
vi eit glimt av i Trygve Bjerkrheim sin song:
Det strøymer ei livselv av lukka, av gleda for di eg er til.
Guds bilete fekk eg i gåva og aldri han gløyma meg vil.
Eg lever og alltid får leva ved han som leid døden for meg.
men sprengde dei gravlekkjor svære og opna til livslandet veg.
Ja, Kristus er kjelda den klåre, eit havdjup av fryd og av fred.
Vel blenkjer det stundom ei tåre; men livsvoni alltid meg gled.
Snart gryr det ein æveleg morgon, og då skal eg verta han lik.
Det strøymer ei livselv av lukka. Min Gud eg er endelelaust rik.
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 2, 2013
Sokneprest Olaf Sigurd Gundersen blir pensjonist
frå komande nyttår. Dette er no kunngjort frå
Bjørgvin biskop. Denne leiarartikkelen handlar ikkje
om Gundersen si teneste i Gloppen, og om takk for
innsatsen. Det må ein kome skikkeleg tilbake til når
hausten kjem.
No handlar det om kva som skal skje vidare.
Utlysing og tilsetjing av sokneprest er viktig, og den
som sit i stillinga, gjer viktig arbeid. Det er eit stort
poeng at vi får ein ”skøyt-fri” overgang, der den
nye soknepresten er klar til innsats når den ”gamle”
sluttar. No hastar det med utlysing og tilsetting slik
at ein ny prest kan vere på plass ved nyttår.
Vi har vore trygge på at biskopen ser til at
kyrkjelydane har det bra, men kva er det som skjer
for tida? Harald Forland slutta i oktober 2011, og ny
prest i Breim og Gimmestad er ikkje komen. Det blei
brukt ein uthalingstaktikk som vi ikkje kan godta. I
ventetida blei prestebustaden i Breim først leigd ut,
og så annonsert for sal! Og begge deler skjedde utan
at sokneråd eller kyrkjeverje, eller kommune for den
del, fekk vite noko. På spørsmål om kva som skjer,
får ein svar om at det blir nok færre prestestillingar
i Nordfjord i framtida. Har Bjørgvin ein plan om å
fjerne presten i Breim før den sist tilsette har teke til
i stillinga? Skal det skje bak vår rygg?
Vi ser at kyrkjestatsråden ymtar frampå at så lenge
folk ikkje går meir til kyrkje, må talet prestestillingar
reduserast. Ein merkeleg logikk, synest vi. Er det
berre søndagar mellom kl. 11 og 12 vi har bruk for
prest? Ein kyrkjestatsråd burde vere meir oppteken
av at vi fekk så gode folk som mogeleg inn i alle
prestestillingar! Er det det som er ærendet til
Bjørgvin biskop, å redusere prestetalet etter signal
frå regjeringa?
Kan vi vere trygge for at Bjørgvin biskop og
bispedømeråd tenkjer på kyrkjelydane sitt beste?
Det er ikkje vikar vi treng.
Ein vikar vil, uansett kor dyktig eller triveleg
han er, alltid vere ein ”reserve” som skal halde
nødvendige tenester oppe i ein overgangsperiode. No
har vi hatt månader og år med ”overgangsperiode”
allereide, og treng sårt å få på plass den personen
som skal sitje ved roret, ta i sakene og vere åndeleg
leiar for kyrkjelydane!
Vi kontakta prosten for å spørje om stillinga i
Vereide/Hyen blir utlyst no, og fekk både godt og
dårleg svar. ”Det er ikkje lenger politikk å vente med
utlysing for å spare pengar.” Det er bra. ”Prosten ser
gjerne at det kjem prest i stillinga så raskt som råd”.
Fint! ”Stillinga blir ikkje utlyst no, og saka blir ikkje
proritert framfor andre saker som hastar i prostiet.”
Høgst beklageleg!
Ein telefon til bispedømet stadfester det same: Det
er ingen planer om å lyse ut stillinga på denne sida
av sommaren. Grunnen er enkel, men vanskeleg nok:
Først må Vereide prestegard pussast opp. ”Stillinga
blir ikkje utlyst før vi kan setje ein sikker dato for
ferdig oppjustert prestebustad.” Då kan det bli lenge
å vente! I følgje Opplysningsvesenets Fond vil ei
skikkeleg istandsetting koste tre årsbudsjett. Det
betyr vel ikkje at arbeidet må ta tre år, men det kan
nok hende heile inneverande år er gått før utlysing
kan skje! Dette kan vi ikkje finne oss i!
Vi forventar at prost og biskop tek utgangspunkt i
kyrkjelyden sine behov, og straks gjer sitt beste for
å finne ei anna løysing: Mellombels bustad for ny
sokneprest. På Bjørgvinkontoret tenkjer dei at det
er ei lite ønskjeleg ordning fordi søkjarinteressa blir
svekka og reultatet blir dårlegare for kyrkjelydane.
Vi trur stillinga er attraktiv uansett. I Gloppen er
det godt å bu og arbeide, og kyrkjelydane har gode
medarbeidar-ressursar i det frivillege, sjølv om det
er store manglar på tilsette i ledige stillingar,så vi er
ikkje redde for ikkje å få søkjarar til stillinga, men
den mellombelse bustaden må vere god, tidsmessig
og romsleg!
Gje Vereide og Hyen ny prest så snart som råd!
Skaff bustad og lys ut stillinga!
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 2, 2013
6
Bruk av
LYSGLOBEN
Av Oddvar Almenning
Musikklinjekoret ved Firda vgs gav oss saman med Operakoret og Operaorkesteret ei storfelt oppleving vi seint vil gløyme!
Fantastisk Messiasframføring
Tekst og foto: Harald Aske
Händels ”Messias” er gammal musikk
og vart urframført i Dublin 13. april
1742, men du verda kor ungdommeleg
og forfriskande vi fekk oppleve dette
storverket i Vereide kyrkje 16. mars.
Det var 65 ungdomar frå Firda
Vidaregåande skule som utgjorde
størstedelen av koret, men i tillegg var
Nordfjord Operakor og Operaorkesteret
med på framføringa. Solistane har
tidlegare hatt roller i Opera Nordfjord,
og dirigent var Michael Pavelich.
At så mange unge var med i koret,
sette sitt tydelege preg på konserten.
Sopranane hadde så menn ingen problem
med å ta dei høge tonane. Det var rett
og slett heilt fantastisk å høyre alle dei
unge stemmene! Her har musikklærarane
Solfrid Bjørkum og Hanne Grete Heen
gjort ein glimrande jobb. Unge stemmer,
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
ja, men dei kunne det dei skulle synge
også. Og dette er ikkje lett stoff, det veit
alle som har øvd på og sunge Messias.
Der har vore mange gode solistar som
har sunge Messias i Vereide kyrkje opp
gjennom åra. Slik var det også denne
gongen, men det er koret og det flotte
orkesteret vi vil hugse aller lengst etter
denne opplevinga. For orkesteret spelte
reint og fint og vart stundom sett på
store prøver med det tempoet dirigenten
gav dei. Men dei meistra det godt.
Imponerande.
Og så var det dirigenten. Både koristar
og orkestermedlemmer gav uttrykk for
at han er ein svært inspirernade og god
dirigent. Han var tydeleg i innsatsane
og gav alt når koret skulle løftast til dei
store høgder. Flott levert!
Og verdien i ettertid? Vi som fekk
Dirigenten Michael Pavelich
høyre, har fått endå eit flott korminne å
ta vare på. Dei unge som song, ber med
seg noko viktig som kan gøymast ein
stad i hjartet. ”I know that my Redeemer
liveth” - ”Worthy is the Lamb” ”Hallelujah”.
I alle kyrkjene i Gloppen er det lysglober.
Somme har spurt kva som er tanken med
desse, og korleis dei skal brukast. Her er
nokre opplysningar og enkle tips til praktisk
bruk:
Historisk bakgrunn
Vi protestantar har vore ”redde” for å
bruke ”katolske” ritual. Lystenning ved
helgenstatuer og Maria-alter held vi oss
unna. Men å tenne eit lys som eit synleg
teikn på sorg eller andakt eller eit minne,
er blitt vanleg dei siste åra. Lysglober er
nokså nytt, og det er ei ”nordisk” oppfinning.
Martin Lønnebo er ein kjend svensk biskop
og åndeleg vegleiar. Då Kirkenes Verdensråd
i 1968 hadde møte i Uppsala, hadde den
unge kapellan Lønnebo fått laga ein
lysglobe til domkyrkja. Globen såg ut som
ei kule (globe) og hadde plass til eitt stort
lys og til mange små, og var plassert nær
inngangen. Idéen LYSGLOBE var skapt.
TIL PYNT?
Ein globe er ikkje tenkt som ein dekorativ
kandelaber eller ein stor lysestake, men som
ei hjelp for kvar einskild til bøn, andakt og
ettertanke.
Når folk samlast til kyrkje er Kristuslyset tent.
Det store lyset i midten er eit symbol på
Kristus. Der er alltid smålys å finne for den
som vil stanse.
JORDA
Kula er eit symbol på jorda. Når vi tenner
eit lys, tenker vi på jorda vår, og alle som
bur her. Vi kjenner at vi ikkje er åleine, og vi
hugsar at alle kristne høyrer saman på tvert
av rase og nasjon, uavhengig av politiske
og økonomiske kår. Og songstrofa frå den
kjende kveldssongen ”Den dag du gav oss…
”(NOS 818) kjem ofte i tanken:
Se, over land og hav og øyer en dag går fram
i ubrutt ring, og folkene på rad seg bøyer i
takk for alltid nye ting.
KRISTUS
I sentrum står det tente Kristuslyset. Rundt
”ekvator” er det plass til små lys som kan
tennast med elden i det store. Lyset står
i midten og minner oss om at Jesus er
sentrum i kyrkja og i livet vårt, og han er
her til stades, like nær og verkeleg som det
skinande lyset. Jesus sjølv sa: Eg er lyset for
verda! Lyset frå Jesus set alle menneske i
brann. Såleis kan globen også minne oss om
at vi skal drive misjon.
PLASSERING
Globen skal stå slik at alle lett kan gå til han
utan å vekkje for mykje oppsikt. Difor står
han ofte nær inngangen, men likevel litt til
sides, slik at den som vil stanse, ikkje står i
vegen for andre. I nokre av kyrkjene står
globen framme fordi det er for trangt
ved inngangen.
BØNELYS
Vi tenner eit lite lys i det store, og set det i
staken. Då må vi halde det i ro i flammen ei
lita stund. Det minner oss om at vi må stanse
hos Jesus så han får gje oss kveik! Å tenne et
lys kan vere ei bøn for oss sjølv eller andre,
for nokon vi er glade i eller tenkjer på, ei
takk for lyset frå Jesus, for oss og for heile
verda, til minne om ein vi har mist (sorg-lys),
gode tankar til ein nydøypt (håpslys), eller
det kan vere ein måte å be på når ein ikkje
finn ord eller greier å samle tankane. Om det
ikkje høver å tenne lys med det same ein
kjem til kyrkje, kan ein gjere det i samband
med ofring eller altergang, eller under ein av
salmane.
Når lyset er tent, blir det ståande og minne
alle om at her har nokon bede ei bøn for
einkvan eller sendt ein tanke til Gud. Og i
kyrkjebøna kan presten be for dei som det
er tende lys for i globen.
KVEN KAN BRUKE GLOBEN?
Svaret er enkelt: Alle. Kristus er lyset for
verda. Globen kan brukast av alle. Det finst
ingen ”uverdige”. Det er gratis, slik nåden er
gratis. Kom til kyrkje. Bruk globen.
7
Sist handla det om det
femte bodet med Luthers
forklaring i den vesle
og den store katekisma.
Det gjeld det femte
bodet denne gongen
og, men no skal vi lese
PONTOPPIDAN:
Pontoppidan fekk i 1736 ved kongebrev i
oppdrag å utarbeide ei forklaring til Luthers
vesle katekisme. Året etter kom boka ut,
både i Danmark og Noreg. Pontoppidans
forklaring vert ofte omtala som døme på
dårleg pedagogikk, der born vert øydelagt
av krav til å lære utanboks. Stor var mi
undring då eg fekk tak i eit eksemplar av
boka. Det var interessant lesing, men eg ville
ikkje ha pugga henne.
Det femte bud.
Du skal ikke slå i hjel.
Det er:
Vi skal frykte og elske Gud, ikke ska vår
nestes legeme eller gjøre ham noe ondt;
men hjelpe og stå ham bi i all nød.
190. Hva ondt forbys i det femte bud?
Ethvert mord og manndrap som ikke skjer
etter øvrighetens dom eller befaling, men av
egen hevngjerrighet.
191. Hvor mange slags mord er det?
To slags. Det grove ved virkelig gjerning, og
det subtile eller fine ved hjertets, munnens
ord og ansiktets miner.
192. Hvordan slår en sin neste i hjel ved
gjerning?
1) Enten på én gang ved slag, stikk, skudd,
gift eller lignende.
1. Mos. 9,6. Den som utøser menneskets blod,
ved menneske skal hans blod utløses.
Eller det kan skje:
2) Langsom og hemmelig, ved å påføre
nesten stor hjertesorg eller unndra ham
hans næring.
Sir. 34, 23. Den som borttar næring, han dreper
sin neste, og den som berøver en daglønner sin
lønn, utgyder blod.
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
Faste spaltistar i Kyrkjeblad for Gloppen
8
Redaksjonen har utfordra nokre
profilerte personar til å gje kommentarar
„frå sidelinja“. Følg med og møt
menneske med meiningar og meiningars
mot. Første skribent ut er Jorunn Eikenes.
Frå Soknerådet si postkasse:
Saknar du godt
lesestoff?
Som dei fleste andre
innbyggjarane i
Gloppen har vi to måtar
å nærme oss postkassa
vår på. Den eine måten
brukar vi måndag,
onsdag og fredag, og
den er slik: Tru kva som
står i Firda Tidend i dag då? Den andre
måten brukar vi tysdag, torsdag og laurdag;
han er slik: Tru kva vi finn i dag, når det ikkje
er Firda Tidend?
Men vi som mottek soknerådet sin post
er så heldige at vi kan finne mykje godt
lesestoff også desse andre dagane. Ein av
dei store favorittane for vår eigen del er
magasinet Bud og Hilsen, som vert utgjeve
av Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet.
Bladet kjem 7 gonger i året, og desse
dagane må Firda Tidend orsake oss – det
blir berre ei kjapp gjennomblading av
lokalavisa før vi grev oss ned i alt det
interessante stoffet frå den store verda. I det
siste nummeret kunne vi lese om Kvardag
i Rotterdam, Pasjons-spel på Solkysten,
Ski-VM i Val di Fiemme, intervju med Tor
Åge Bringsværd, mannen som ville bli
sjømannsprest men i staden blei forfattar og mykje anna interessant.
Sidene er full av smånotisar om laust og
fast i inn- og utland, og vi finn alltid ein god
andakt og eit ikkje altfor vanskeleg kryssord
som kan gje oss 3 lodd i premie dersom vi
finn fram til løysingsordet.
Her hos oss blir bladet lese nærmast frå
perm til perm, og vi trur at mange andre
ville finne det interessant også. Det kostar
350 kr i året, og kan tingast med ein epost
til [email protected] eller på
telefon 55 55 22 55. Kvifor ikkje prøve eit
abonnement? Du vil garantert bli glad av å
lese dette positive bladet!
Med helsing
Aase R Sæther
soknerådsleiar i Gimmestad
Jorunn Eikenes er 37 år gammal og bur
på Hestenesøyra saman med mannen,
Lars-Bjarte, og dei to borna deira, Elias
og Olai. Arbeidsplassen er på kontoret på
Nordfjord folkehøgskule, og utdanninga
hennar er sett saman av sosiologi, media
og informasjon.
Seljumannamesse 2013
Årets Seljumannamesse er prega av to ting: Stor konsert-turne i
distriktet i veka før messa, og besøk av den leiande biskopen i kyrkja
vår, biskop Helga Haugland Byfuglien, preses i Bispemøtet.
Konsertar
St. Hallvard-guttene, Salomos Høysangere, Ugler i Moseboken og Drops har
eit stort konsertprogram som går frå tysdag 2. juli til søndag 7. juli.
Tysdag 02.07.13 kl.19.00: Vereide kyrkje. St. Hallvard-guttene, Salomos
Høysangere, Ugler i Moseboken og Drops
Onsdag 03.07.13 kl.19.00: Sandsøy kyrkje. St. Hallvard-guttene.
Torsdag 04.07.13 kl.19.00: Bremanger kyrkje. St. Hallvard-guttene, Salomos
Høysangere, Ugler i Moseboken og Drops
Fredag 05.07.13 kl.19.00: Operahuset Eid. St. Hallvard-guttene, Salomos
Høysangere, Ugler i Moseboken og Drops.
Laurdag 06.07.13 kl.18.00: Selje kyrkje. St. Hallvard-guttene, Salomos
Høysangere, Ugler i Moseboken og Drops.
Søndag 07.07.13 kl.19.00: Åram. Ugler i Moseboken og Drops.
Søndag 07.07.13 kl.19.00: Ervik kyrkje. St. Hallvard-guttene.
Billett får ein kjøpe ved inngangen, men kan også kjøpast på førehand. Coop
Prix Selje står for førehandssalet. Det er også råd å bestille pr e-post: selje@prix.
coop.no. For konsert i Operahuset: http://www.operahuset.no
Pilegrimsvandring på Selja laurdag 6. juli
Pilegrimsvandringa blir i år forenkla til ei vandring på øya. Det er verdt å
merke seg at det blir skipa til spesielle ungdomsvandringar i samband med
Ungdomsåret i Bjørgvin, sjå http://sunnivaleia.no/. Tidsramma er slik: Kl. 09.15:
Båt frå Selje til Bø (austsida av øya), og retur kl. 15.20: Båt frå Bø til Selje (kl.
15.30). Ein kvar tek med seg niste og høveleg turutstyr. Pilegrimsvandringa blir
leia av seniorprest Sigurd Vengen. Pris: kr. 250 (båtreise og deltakarhefte), som
ein betalar til Seljumannamessa, konto nr. 3845.07.12768. Merk innbetalinga
med: Pilegrimsvandring 2013. Påmelding til [email protected] innan
måndag 01.07.13.
Gudstenesta i klosteret søndag 7. juli kl. 11.00
St. Hallvard-guttene deltek også i år ved gudstenesta, leia av sin dirigent Hans
Martin Molvik. Biskop Helga Haugland Byfuglien preikar, og elles deltek prestar
frå Nordfjord og Vanylven. Musikalsk leiar er organist Jon Inge Sigerland, Selje.
Det blir takkoffer og nattverd. Båt går frå Nabben i Selje til Bø, på innsida av
Selja, og med retur etter gudstenesta. NB! Sjå annonse for rutetider og prisar!
Det blir selt billettar på Nabben før båt-avgang.
Seljumannamessa er ei regional samling for Nordfjord og Søre-Sunnmøre, og er
skipa til av Nordfjord prostiråd, sokneråda i Selje og Vanylven sokneråd.
Velkomen til Selja
- der kyrkja i Noreg vart fødd Seljumannamessekomiteen
Vereide kyrkje er eit stillas
AV Jorunn Eikenes
Eg hugsar ikkje heilt kor gammal eg var då vi brått skulle få eit krusifiks på alteret i Vereide
kyrkje. Kanskje 18? Men det eg hugsar er at eg var sint. Eg var sint heilt inn til beinet.
Kvifor skulle vi bruke så mykje pengar på noko slikt?
Sinnet var såpass kraftig at eg sende brev til
komiteen for krusifikset, og sa mi hjartans
meining om å bruke pengar på dette i staden
for på ein ungdomsarbeidar i kyrkjelyden.
(Det brevet fekk eg forresten aldri svar
på, kjære komité). I ettertid kan eg godt
innrømme at både eg og brevet var rikeleg
sinte, sure og indignerte. Men for å vere ærleg
så kjenner eg at det framleis kokar litt når eg
tenkjer på den saka. Og grunnen til det er at
Vereide kyrkje er eit stillas.
Vereide kyrkje er fin med kvitkalka
mur, høgreist klokketårn og eit stort og
flott kyrkjerom. Så kvifor vil eg fornærme
både den eine og den andre med å kalle
850-årsjubilanten for eit stillas?
Jau, det er fordi Vereide kyrkje og alle
andre kyrkjer berre spelar ei birolle. Ein kan
jo lure når diskusjonane går om utsmykking
og arkitektur og verneverdi. Men det har vel
aldri vore tanken at det er kyrkjebygga som
skal spele hovudrolla? Sist eg høyrde etter, så
var det Gud, Jesus og Den Heilage Ande som
delte på den.
Sjølv om kyrkjene har biroller, seier eg ikkje
at den rolla er stakkarsleg. Nei, å vere stillas er
ei heidersoppgåve. Det skal stå der og vere ei
plattform og ei støtte slik at jobben blir gjort.
Og jobben? Det er å vere ein møteplass. Og
Vereide kyrkje har vore nettopp det for meg.
Som lita jente kom eg til gudstenester i
Vereide kyrkje i strikkakjolen min. Eg sat på
fanget til pappa og kjende på dressbuksa
som både klødde og stakk gjennom den
tynne strømpebuksa mi. Vi teikna når
preikene vart for lange, og pappa sukka i lag
med meg når klokka passerte tolv og vi var
leie. Eg åt rosiner og drops - heilt til eska datt
ned og dropsa trilla tre benkerader framover.
Heilt frå eg var lita hugsar eg Harald.
Harald som kvar gong eg møtte han i kyrkja
tok eit fast tak i skuldrane mine, såg meg rett
i auga og sa: ”Hei, så kjekt å sjå deg, Jorunn!”
Dette gjer han forresten endå. Så godt det er
å bli sett og møtt av deg.
Som ungar flest sat eg ofte feil veg i
kyrkjebenken. Såg eg framover såg eg jo
berre eitt fjes, men såg eg bakover var det
mange. Og var eg riktig heldig sat Elin Gro der,
rett bak oss, og blunka til meg. For ei lukke!
I kyrkja er det mange vanskelege både
ord og tonar. Men etterkvart lærte eg
truvedkjenninga, og kjende meg som ein del
av gjengen. Salmane var litt vanskelege, og
eg hugsar endå overraskinga og mitt eige
store glis då vi sang ”Min båt er så liten” i ei
gudsteneste. Tenk at det inni dette huset
også var songar som eg kunne!
Eg må òg innrømme at kyrkja har vore ein
plass å kjede seg skikkeleg. Samla sett er det
mange timar der eg har sett ut i lufta eller
bladd i salmeboka fordi eg ikkje har klart å
henge med på preika. Det rare er at akkurat
då, når orda flagra forbi og mine eigne tankar
dansa, nettopp då var kanskje dei sterkaste
møta mellom Gud og meg i Vereide kyrkje.
Naturlegvis har det òg vore sterke preiker,
der eg har blitt utfordra i både tanke og
gjerning. Og inni meg høyrer eg stadig
Oddlaug si stemme som ber klokkarbøna
så inderleg: ”Herre...eg er komen inn i
dette heilage huset ditt...” Eg hugsar godt
konfirmasjonsdagen der eg trass alt styr
og ståk og tjo og hei og prosesjon og
gratulasjonar kunne kjenne eit møte framme
ved alterringen. Og i seinare tid har eg kjent
stor glede over å få gå saman med borna
mine og mannen min fram til nattverd, og
få brød og vin og velsigning og fredshelsing
saman som familie.
Eg er glad i Vereide kyrkje. Eg likar altertavla
og eg likar båtane. Eg likar dei kvite veggane,
og eg likar generelt både lys og blomster og
kunst. Men når vi no skal feire kyrkja vil ikkje
eg feire altertavla og orgelet og bilda og dei
vonde benkane. Og eg vil slett ikkje feire
krusifikset.
Eg vil feire stillaset. Som har vore ei hjelp
til å byggje trua mi. Eg vil takke for møta med
Gud og menneske i Vereide kyrkje.
www.seljumannamesse.no
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
9
Foto Ingrid Gagnat
10
Natur- og
kulturfotograf
11
Av Olaf Sigurd Gundersen
Ein vesentleg del av jubileumsboka for Vereide kyrkje -850 år, vert bilda. Den hovudansvarlege for dei er
Ronny Solheim. Han er godt kjend for naturbilda sine.
- Du kallar deg gjerne naturfotograf.
Vart du tidleg oppteken av naturen?
- Du veit, eg er oppvaksen på Solheim.
Han sveivar rundt seg med armane. Så
eg forstår han har opplevd å ha natur
rundt seg, både over og under seg og på
alle kantar.
- Jau, eg har alltid likt meg ute i naturen.
Det vart aldri den store rifla, men ein del
småviltjakt. Men eg tykkjer det er minst
like spennande å trykkje av utløysaren
på fotografiapparatet som avtrekkjaren
på geværet.
- Interessa for foto, vakna den tidleg?
- Ho hadde vore der lenge, men først
etter 30-årsdagen min vakna den
for alvor. Då ønskte eg meg ikkje
ting, men pengar, så eg kunne kjøpe
meg eit skikkeleg fotografiapparat.
Det gjekk bra. Eg fekk kjøpt meg
ein fin gebursdagspresang: Digitalt,
speilreflekskamera. Det vart fort
mange bilde. Det vart meir enn ein
vanleg hobby. Men samstundes tok
eg utdanning som førskulelærar og
var fullt oppteken på heimebane. Det
er interessant å ta bilde, men også å
sjå korleis dei kan setjast saman og
redigerast. Det er blitt ein seriøs hobby.
- Og ikkje berre utlegg til utleggs
ervervelse?
- Nei, no finansierar han seg sjølv. Eg
har fått mange spennande oppdrag.
- Eg har sett at søkjer du «Ronny
Solheim» på nettet, så får du mange
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
treff, og får sjå endå fleire fantastiske
bilde.
- Ja, eg brukar nettet ein heil del. Og
eg liker å kommunisere med folk.
Eg er nesten meir oppteken av kva
«hvermannsen» meinar enn kva proffane
seier. Sjølv om eg for det meste er
sjølvlært, veit eg gjerne på førehand kva
dei vil seie.
- På nettet ligg det ute nokre svært
vakre og stemningsfulle naturbilde,
men også meir spektakulære bilde, som
nærkontakt med hoggorm og brudebilde
frå toppen av Ceciliekruna - ?
- Eg har alltid med meg kamera, og
ønskjer å skape mitt særpreg på bilda.
Nokre er arrangerte, men det er ofte
det ein ikkje heilt har planlagt og har
kontroll over, som kan ende opp i dei
beste bilda. Det gjeld å vere der ein er.
- Kunne du tenkje deg å jobbe for ei
avis som fotograf?
- Eg har teke nokre bilde som har gått
vidare til aviser. Men å ta bilde av
bilvrak og gå i detaljar om ei ulukke, vil
eg ikkje. Det vert for meg på ein måte
å sladre. Det hadde vore annleis å ta
bilde i ei krigssone og slik dokumente
overgrep som skjedde.
- Du er mest kjend som naturfotograf,
og no vert du kulturfotograf. Korleis
reagerte du då du fekk spørsmålet om å
jobbe med boka om Vereidskyrkja?
- Eg sa no ja, og vart glad. Men eg hadde
inga aning om kor mykje arbeid det var.
Eg har tidlegare jobba litt hos fotograf
Lyslo og lært mykje der. Men denne
boka har vore ei bratt læringskurve. Det
har vorte mange kyrkjebesøk. Det hadde
gledd - og kanskje gler - besta. Eg har
blitt klar over mange detaljar i og rundt
kyrkja. Og skjønar litt meir av kor stort
og sentralt bygg det må ha vore i bygda
då det vart reist.
- Eg har også fått med meg ein del av
det som skjer inne i kyrkja. Kyrkja
kjenner alle. Men eg håper med bilda
mine at dei kan sjå ting annleis, kanskje
leggje merke til ting dei har sett utan å
ha sett - både i og utanfor kyrkja.
- Eg gled meg til boka kjem ut, og
er ikkje så lite spent. I høve 850-års
feiringa skal eg stille ut nokre av
fotografia mine på galleriet. Det ser eg
fram til med glede. Eg har hatt nokre
mindre utstillingar før. Men å få stille ut
på galleriet i Vereide kyrkje er ei ære og
ein god måte å presenter bilda mine på.
- Det er nok fleire enn du som ser fram
til det. Og så har eg forstått at det går
an å feste ein raud lapp på bilde ein
likar spesielt godt.
- Ja, det er rett. Men det viktigaste for
meg er å få presentere Vereide kyrkje
slik eg ser henne og opplever henne.
Min augestein
Haudelaus svanedans
Kronhjort på vårbeite
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
12
Sandane bedehus
Soul Children song for ei feststemt
forsamling i eit festpynta bedehus.
90 år
Jubileumsglimt
Tekst og foto: Harald Aske
Anne Helene og Hans Thore Løvaas
Bibelundervisning.
Sandane bedehus feira sitt 90-årsjubileum laurdag 6. april 2013. Det
var og bibelundervisning i Sandane
kyrkje torsdag og fredag før jubileet
og gudsteneste søndagen. Tidlegare
misjonær og forkynnar i Normisjon,
Hans Thore Løvaas, heldt bibeltimane.
Kona, Anne Helene Løvaas,var og på
misjonsmarka i Pakistan / Bangladesh for
Santalmisjonen. Seinare har Løvaas m.a.
vore rektor på Gå Ut-senteret i Hurdal.
Løvaas avslutta alle sine taler med
å peike på oppdraget Jesus gav i
Misjonsbodet og fortalde litt om arbeidet
på misjonsmarka.
Torsdag song Frisk Pris fleire fine songar til over 60 frammøtte i Sandane kyrkje.
Dirigenten, Anita Sande, trylla fram vakker klang.
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
Sjølve jubileumsfesten.
Laurdag var Sandane bedehus pynta til
fest, og huset var fylt av unge og gamle,
innbedne gjester frå sokneråd, kyrkje og
kommunen. Trond Haugen på trompet og
Morten Leirgul på piano sette an tonen
i gledefylte tonar før festleiaren, Svein
Ottar Sandal, ønskte alle velkomne og
gav ein kort historikk over Sandane
bedehus.
Sandane Soul Children, der Magnhild
Husevåg er dirigent og Per Ståle Husevåg
er teknikar og tilretteleggar, øver fast
i bedehuskjellaren. Koret overrekte ei
gåve på 1000 kr til Sandane bedehus
som takk for gratis husrom gjennom
mange år.
Temaet for talen på jubileumfesten var
det som står på frontbiletet i bedehuset:
Land, land, land, høyr Herrens ord.
Talaren, Hans Thore Løvaas, fortalde at
det var ingen lysteleg bakgrunn for dette
ordet som vi finn i Jer.22,29, men at vi
i dag må ta det som ei oppfordring til å
ta oss tid til å høyre Guds ord og ta det
til oss.
Etter eit herleg måltid var det tid for
helsingar. Kultursjef Jan Kjetil Øygard
peika på at bygget var i same byggestil
som fleire andre kulturbygg, som t.d.
Vonheim, og han gleda seg over at
stilen var teken vare på. Han overrekte
blomar og ei pengegåve og tok også
fram minne frå søndagsskulen og at
huset hadde vore brukt til gravferder.
Sokneprest Olaf S. Gundersen peika på
det gode og nære tilhøvet det alltid har
vore mellom kyrkja og bedehuset og
overrekte eit flott teppe med motiv frå
Emmausvandrarane. Vikarprest Asbjørn
Gjengedal helsa frå KFUK/KFUM og
overrekte jubileumsboka ”100 år i og
omkring Gimmestad kyrkje”.
Det vanka også takk og gåve til styret
i jubileumsåret: Ingrid Aske (leiar),
Målfrid Nedrebø (nestleiar), Kjellrun
Hovstad (kasserar), Elisabeth Røgeberg,
og Gunhild Aabrekk.
Vara: Heidi Djupvik Råd og Guri
Hoddevik. Husstyret i jubileumsåret
er Ståle Austrheim, Birger Berge og
Magnhild Endal Husevåg.
Morten Leirgul, Trond Haugen og
Thor Olav Heldal framførte eigne
nummer og spelte til allsongane på ein
frisk og god måte.
Jubileet vart avslutta søndag 7.04 med
misjonsgudsteneste i Vereide kyrkje.
Asbjørn Gjengedal var prest og Hans
Thore Løvaas talar. Han tala over teksten
i Joh 20,24-31 der Tomas fekk møte
Jesus etter oppstoda. Tvilaren Tomas var
vel ikkje meir tvilande enn dei andre,
men Jesus inviterte han til både å sjå
og kjenne på såra han bar på og erfare
at han var den oppstadne Jesus Kristus.
Då nattverdbordet var dekka, var det
ein straum av ”emmasuvandrarar” som
søkte hjelp og styrke i dette forunderlege
måltidet.
Gudstenesta vart avslutta på verdig
vis med salmen: Din rikssak, Jesus, vere
skal min største herlighet, og organisten
gav eit fyrverkeri av eit postludium i det
han spelte Arild Sandvold sin ”Toccata”
over same salmen.
Fredag var det Margot Nesgård og Øystein
Eide som stod for dei musikalske innslaga.
Gitaren passa godt til Margot si stemme,
og mange sa: Dette må de gjere oftare.
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
13
14
15
Sandane barnegospel med dirigentane Eldrid Fagerli Susort og Kristine Wergeland Hansen
Trusopplæring
På skattejakt i kyrkja
Samling for 5-åringane i
Sandane kyrkje
Tekst og foto: Anne Berit Selle
Tekst og foto: Harald Aske
Når eit barn vert døypt, tek foreldra
og fadderane på seg eit ansvar for å
følgje dette opp med dåpsopplæring
eller trusopplæring. ”Døype dei og
lære dei”, sa Jesus. Desse to heng nøye
saman. Asbjørn Gjengedal synte fram
ein dåpskjole. - Så liten har du vore at
du fekk plass i ein slik kjole. Nokon bar
deg til døypefonten, og du vart døypt
og velsigna med krossmerket – så du
skal høyre Jesus til. Ungane fekk kome
attåt døypefonten, ta fingrane i vatnet og
teikne krossmerke i ansiktet på seg sjølv.
Det er godt å gjere noko praktisk, kjenne
på og gjere.
Dei vaksne hadde lagt alt vel til rette
for ei fin samling for dei som har fått
4-årsboka tidlegare. Det vart servert både
for kropp og sjel. Med friske tonar frå
Sandane Barnegospel fekk vi oppleve
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
ei grein i Guds rikes arbeid: Å vere med
og synge om Gud og Jesus, ha det fint
saman og attpåtil få dele dette med andre.
Kristine Wergeland Hansen og Eldrid
Fagerli Susort leia desse unge små på ein
inspirerande og livfull måte.
Marit Daviknes og Anne Hugvik
inviterte ungane om bord i ein båt på
Genesaretsjøen. Og ungane kom og
”klatra” over dei store taua og inn i båten.
Men der var ikkje stilt på sjøen denne
gongen heller. Ungane fekk vere med
og lage vind-lydar, og vi såg at Jesus la
seg i bakskoten for å sove. I uveret vart
alle redde, og dei måtte rope på Jesus
om hjelp. Og dei ropa! Og dei ropa! Og
endeleg vakna Jesus og lurte på om dei
var redde. Han fekk sjøen til å vere stille
og lova å vere med dei alle dagar uansett
kva som kom til å skje.
3.klassinganehar fått boka “Skatten i Liljedal” under gudstenesta søndag 3. mars. Frå v: Bjørn Andrè, Morten, Olaf Sigurd Gundersen, Karine,
Matilde, Marit og Benedikte. (Kristoffer var ikkje til stades).
Simon og mamma, Randi-Marie Hoddevik
Ommedal, har teke boka i bruk
Alle fekk god servering. Her ser vi frå v. Erik
Olai R. Listou, Nicolai Hauge Ravnestad og
Olai Eikenes Osland.
Den første helga i mars arrangerte
speidargruppa i Hyen og soknerådet
skattejakt i kyrkja . Dette er ein annan
vri på tårnagenthelg, og det vart ein
kombinasjon av eit speidararrangement
og trusopplæringstiltak frå soknerådet.
Alle 3.klassingane som skulle få bok i
kyrkja var også speidarar. Speidarane frå
4.klasse var også med. Fredag 1. mars
var det samling i kyrkja. Før presten,
Olaf Sigurd Gundersen kom, steikte
vi pinnebrød på bål i fjøra og fekk
betasuppe.
3.klassingane får ei bok som handlar om
jakta på nokre forsvunne kyrkjeskattar.
Kyrkjeskattane var gøymde og måtte
finnast. Presten forklarte kvifor dei er
så dyrebare skattar for oss: Altarbibelen,
nattverdskalk og disk, døypefatet og
altarlysestakane. Det var god og munter
stemning, og presten lova at om dei
alle var flinke til å konsentere seg om
oppgåvene, skulle dei få gifte seg til slutt,
og slik vart det!
Finn vi noko bak her, skal tru?
Nattverdskalk og disk er funnen!
Fredagskvelden i kyrkja vart avslutta med
eit uhøgtideleg og svært lystig “bryllaup”.
Her på veg opp kyrkjegolvet med
provisoriske brudebukettar.
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
Anders Vonheim
16
Ein trufast Herrens
tenar viser veg
Eit 60-årsminne.
Ingen menn i Gloppen i dag er eldre enn
Rasmus Gimmestad – kjend i bygda som
Synnøve-Rasmus. Han er langt inne i sitt
99. år, men tek seg framleis godt fram med
staven i eine handa og si kjære Elisabet ved
armen på hi sida.
Tekst: Martin J. Ommedal.
Og framleis finn Rasmus plassen sin i
kyrkja når klokkene ringjer til gudsteneste i
Gimmestad, klokkene som han sjølv ga lyd
til i mange, mange år som ringjar.
Han er no komen i ein alder der mange
av oss tenkjer at det får greie seg med å
høyre radio-gudstenesta i godstolen, men
Rasmus tenkjer ikkje slik. Nei, til kyrkje må
han, som han har vore van med frå han var
liten gut. Han minnest korleis bestefaren
lagde seg til for å gå til kyrkje, saman med
heile familien. Han heitte også Rasmus,
og hadde sin faste plass attmed stolpen
framme på kara-sida.
Å gå til kyrkje er ingen tvang for Rasmus,
men ein trang. Det er alltid så godt å kome
inn i Gimmestadkyrkja, seier han, og ho
er no bra fin og. Og så kan det slumpe til
at du kan få ta i ei hand og snakke til eit
menneske du ikkje har møtt på ei stund.
Og slik vil han halde fram, så sant han får ha
helsa og levedagane.
For eit førebilete for oss andre!
Tekst Aase R Sæther
Foto Oddvar Almenning
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
Sangen og
navnet er Jesus
Eg heiter Ingrid
Aske og har budd
på Sandane i 38
år. Eg kjem frå
Nordmøre, frå
Tustna, ei naturperle
i havgapet nord for Kristiansund. Far
var organist i kapellet heime då eg vaks
opp, så eg høyrde salmetonane tidleg.
Vi sovna ofte til fars orgelmusikk om
kvelden. Og mor kunne gå og småsynge
Send bud på han når hjelp du trenger
til - Jeg er en seiler på livets hav - Ho
var leiar i sjømannsmisjonsforeininga,
pikeforeningen Havdønn.
Men songane begeistra først då eg
begynte å reise på leir: Bli med, bli med
til livet Se markene er hvite og høsten er så
stor – Gå inn i rekken, gå inn i kampen
nå, i dag når Jesus kaller deg, da svar
han ja, og gå.
Og skulelagstid, musikklag og kor –
heile mitt liv har songen og musikken
følgt meg. Når eg no har takka for meg i
Vereide kyrkjekor, sit utallige strofer og
tonar att etter dei mange åra i koret. Og
eg tenkjer eg er priviligert som har fått
med meg desse gode verdiane.
Det har etter kvart blitt umogleg å
peike på nokon ”yndlingssalme”. Til det
er det alt for mange flotte salmar med
gode tekstar og melodiar, og eg gjer
stadig nye oppdagingar.
Det har aldri vore skrive så mykje fint
som i dag. Dessutan er eg glad i den lyse
klangen i engelsk salmetradisjon som vi
har fått del i.
Anton F W J Prytz var prest i Gloppen
frå 1903 til 1912. -Gloppen er mitt
yndlingstema, skriv sonen Johan Prytz
i boka Min far var prest. -Det er det
vakreste sted i landet og også den beste
kyrkjelyd.
Jacob Aaland skriv om Prytz: Med si
livsfriske tru, sitt djupe skyn på bonden
og bondelivet og si rettslutne framferd,
vann han folket.
Men livet hadde ikkje alltid vore lett.
Det kan vi ane i songen / salmen som
han skreiv. Både orda og tonen fyller
meg med glede –
Jeg går og nynner på en sang,
den letter livets tunge gang.
Jeg går og nevner på et navn,
det stiller dypest hjertesavn.
Kor:
Sangen og navnet er Jesus,
sangen og navnet er Jesus, er Jesus.
Jeg lærte tonen til den sang,
da veien ble meg tung og lang,
og navnet ble min hjerteskatt,
da dagen ble en belgmørk natt.
Og fra den kilde i meg sprang
er hele livet fylt av sang.
Og navnet på min hjertesol
det hviskes ømt fra pol til pol.
Den lille bekk i skogens lund,
den synger med en yndig munn,
og havet med sin orgelklang,
det bruser ut den samme sang.
Og når i vårens fagre tid
jeg hører fuglesangen blid,
den hvisker, triller, jubler ut
en lovsang til min Herre Gud.
O Jesus, du som ble mitt kvad,
takk at du gjorde hjertet glad!
Nå vil jeg bære i min favn
ditt sterke, milde frelsernavn.
Kor:
Sangen og navnet er Jesus – er Jesus.
Og så er eg glad for å sende salmestafettpinnen vidare, til Hyen og Edit Aa.
Vi har hatt ein kald og fin vinter med ”fjellsterk” is på Storefjorden, slik vi som er
komne fram i alderdoms år gjerne minnast at det ofte var. Då var isen ein god ferdaveg
for dei veglause grendene kring vatnet. Det var lett å kome fram, og med hest og slede
kunne ein hente og levere varer til bilveg. Men isen kunne óg vere farleg!
Vinteren 1953 var det óg køyresterk is, mykje brukt av oss som budde på Solheim, for
bilvegen var ikkje komen lenger enn til Hjorteset.
På Vonheim, nest øvste heimen på Solheim, budde Ida. Ho hadde vore enkje i 26 år og
fostra opp 6 born på ein tungdreven jordlapp! Mykje motgang møtte henne. Dei to eldste
gutane døydde av ein smittsam og vondarta kolerine som gjekk i grenda, og 7 år seinare
miste ho mannen! Då sat ho att åleine med 4 born, og tvillingar som enno ikkje var fødde.
Livet var tungt og framtida ikkje lys.
Men med eit utruleg livsmot kjempa dei seg fram, borna vaks til og kom ut i arbeidslivet.
Anders, den eine av tvillingane, var no 26 år og ein dugande arbeidskar. Han var i full gang
med oppussing av huset og andre ting, så no var det lyse voner på Vonheim.
Om kvelden 26. februar kom det melding om at Anders, som ei tid hadde arbeid i skogen
litt utanfor Vassenden, ikkje var komen heim til vanleg tid, så det måtte ha hendt noko gale.
Nokre karar tok ut for å leite. Utstyrte med lykter, tau, kjelke og skeiser rende vi ned
til Vassendeholmen og gjekk i land der. Mildver med regn, veksande elver og vatn gjorde
isen utrygg nær utløpet av elva, så vi gjekk stranda det siste stykket til Vassenden. Det var
fotspor i snøen, men det kunne vere etter andre enn Anders, så vi måtte på arbeidsstaden og
leite. Der gjekk vi og ropte Anders, men ikkje svar! Vi fann reiskapane hans pent lagde til
rette under ein stein, og forstod at han hadde teke på heimveg. Vi ottast det verste.
Tilbake på Vassenden såg vi skeisespor i den mjuke isen og kunne med lommelykt
fylgje spora til ope vatn. No var det ikkje tvil om kva som hadde hendt. Mellom holmen og
land er det ikkje djupt, og straum frå veksande elv hadde tært på isen, så sjølv om Anders
kanskje hadde prøvd den om morgonen, var den ikkje sterk nok då han kom tilbake.
Vi kunne ikkje gjere meir i mørke kvelden og måtte berre reise heim att med ein
umenneskeleg tung bodskap til henne som sat åleine på Vonheim. Ho hadde sett lysa då
vi kom, og teke vegen ned til barndomsheimen sin på Instebakken. Ho fortel sjølv:”Då eg
fekk vite kva som hadde hendt, slo eg i veggen og ropte over meg: Gud, du slo for hardt!”
Ho ville ikkje ha fylgje heim, men vere åleine på Vonheim denne natta. ”Ein Jakobskamp
som aldri vert gløymd”, skriv ho.
Morgonen etter reiste vi ned att til Holmen. No hadde vi slede, båt og anna utstyr med.
Det gjekk lett å finne Anders og få han opp i båten. Han heldt piggstaven med hendene litt
frå kvarandre, slik som vi ofte gjorde når vi rende på skeiser og hadde stav med. Korleis
kampen var då han gjekk gjennom isen, er det ingen som veit.
På Solheim stod Ida ved nausta då vi kom til lands med Anders. Fortvilinga var stor!
Nikolai, tvillingbror til Anders, var sjuk og arbeidsufør, og no var han som ho hadde så
store voner til, også borte.
Gravferda var i heimen vår, og var ein sterk samling. Det tok til med at Ida låg på kne
ved kista og anklaga Gud for det som hadde hendt, men avslutta med lovprisning: ”Herren
gav, Herren tok, Herrens namn vere lova.” Slik var ho.
Minna om Anders er gode, og tapet var sårt for alle i grenda. Vi hadde så bruk for han.
Men aller sterkast lyser minnet etter Ida. Ei utruleg sterk kvinne som reiste seg gong etter
gong gjennom ufattelege store prøvingar. Ho hadde eit lyst sinn og ei urokkeleg gudstru
som gav henne kraft og livsmot gjennom alt.
ALPHA – KURS I
BREIM
Det har lenge vore snakka om å arrangere
eit nytt Alpha-kurs i Breim. Kva slags kurs er
så dette?
Det er eit kurs for alle som er interessert
i å oppdage kva kristen tru handlar om.
Kurset består av 10 samlingar, ein kveld i
veka. I tillegg blir det ei helga-samling på
Misjonsheimen i Innvik fredag 1. - laurdag
2. nov.
På samlingane skal vi setje fokus på dei
store spørsmåla, slik som «Kva er tru?», Kven
er Gud?», «Kva er meininga med livet?»
Ei samling startar med eit felles måltid der
vi kan prate og hygge oss ilag. Etter maten
blir det undervist i kveldens tema, for
deretter å ha samtale i grupper. Her vil du
bli teken på alvor med dine tankar, idear,
reaksjonar og spørsmål.
Alpha-kurset vert starta opp i midten av
september, og vil vere ferdig i slutten
av november. Fast dag å samlast på vert
torsdagane, og klokkeslett truleg 19.30 til
22.00.
Det er Breim sokneråd som arrangerer
dette Alpha-kurset, og vi håper at mange
vil synest at dette er spennande og
interessant.
Du kan melde deg på til Aksel Rygg,
tlf. 57 86 75 62 / mob 41 22 04 58 eller på
epost: [email protected] innan 31. august.
Breim Sokneråd
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
17
1.og 2 .klasse ved Hyen skule har laga påskebok
18
Kyrkjebladet ut til
folket
Av Oddvar Almenning
No har vi fått til ein avtale med Sandane
Senter om at Kyrkjeblad for Gloppen kan
ligge i rommet ved postboksane så alle får
forsyne seg. Dette er ei god løysing, og vi
legg ut blad så lenge vi har noko att. Om
du vil gje bort eit blad til nokon, kan du
gå og hente det der. Dei som likevel vil ha
bladet i postboksen, må sende namn og
postboksadresse til kasseraren, så ordnar
det seg. Vi var litt usikre på kor mange
som ville nytte høvet og hente seg blad
ved postboksane. No når stoffet til neste
nummer skal vere klart, har om lag 35
personar henta seg eit blad. Det er bra.
Dersom nokre av dei betaler, er det endå
betre!
Innbetalingar til Kyrkjebladet!
No strøymer pengane inn på kontoen.
Som vi har sagt før, er det variasjonar
på kor store summar folk fører over. Det
svingar frå kr.100,- til kr. 1000,-. Takk til
alle! Det kan hende at det blir mykje mas
om pengar i bladet no! Når vi er komne
så langt at vi reknar med at det meste er
kome inn, rapporterer vi kor mykje. Det
brukar å kome litt kvar månad, men mest
etter at det har vore blankett i bladet. Pr 11.
april er det kome inn kr. 129 100,- frå i alt
446 betalande, av desse er 52 utanbygds.
Framleis ventar vi betaling frå fleire! Vi
skal gjere vårt beste for å gje deg valuta
(bladkvalitet) for pengane.
Stort Kyrkjeblad nr. 4
Blad nummer fire blir det siste før
sommarferien, og vi kjem til å dekke
kyrkjejubileet frå a til å.
Påsketreff
19
på Nesholmen 2013
Ånd, Sjel og Kropp er viktig
motto. Det er så kjekt å være
med på trivselstiltak der alle
blir inkluderte og ingen blir
mobba. Nærmare 50 møtte
opp og tok del i program
for Ungdomsåret i Bjørgvin
2013.
Thomas Nordvik (f.v.),
Hanne Marie Etnestad, Eirik
Byrkjelandog Ingeborg
Magerøy har vore leiarar på
mange flotte treff for Sogn
og Fjordane Krins av KFUK
og KFUM
Kristine O
Deltakarane er 13 til 19 år.
Sverre frå Førde og Elling
frå Florø tykker det er gøy å
møte att kjende og treffe nye
unge frå fjern og nær. Dei set
stor pris på både høgtideleg
påskefokus, gudsteneste,
kveldsavslutningar og frie
aktivitetar som ballspel, leik
og brettspel.
Samholdet er så eneståande.
I Nystova finn alle seg rom.
”Hei! Her er ledig, kom
berre inn!” Og så er veret og
naturen så utruleg strålande.
Eva Lill
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
Kristine
August
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
Sportsandakt på Utvikfjellet
Den gamle altertavla
i Hyekyrkja
20
Vil du støtte restaurering?
Tekst og foto: Anne Berit Selle
Oppmerksame kyrkjegjengarar i Hyen
har sikkert sett at måleriet som heng på
eine sideveggen i kyrkja er teke ned. Det
er sendt til konservator Anette Høyer i
Oslo for restaurering. Målinga er svært
oppsprukken, så det er vanskeleg å nyte
motivet utan å bli forstyrra av sprekkene.
Av Breim Sokneråd
Open himmel over salmesongen under sportsandakta på Utvikfjellet skjærtorsdag 28
mars 2013. Presten Asbjørn Gjengedal til høgre. Foto Olav S. Egg
Tekst og foto: Aslaug Heimset Larsen
Påska 2013 var fantastisk. Då viste
naturen og veret seg frå ei utruleg
god side. Skjærtorsdag møtte nesten
70 hyarar opp til gudsteneste i
strålande sol og gnistrande snø.
Terje Holme heldt andakt og leia
tankane våre inn på både jødiske
og kristne påsketradisjonar.Alvhild
Askeland Holme var forsongar
til m.a. salmen Den stunda i
Getsemane godt akkompagnert av
Jon Egil Gjengedal på gitar.
Til slutt spela Bertine Aa blokkfløyte, og
kyrkjelyden kunne nyte termoskaffien og
nista.
Sportsandakt på
Aastøylen
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
Også i år vart det sportsgudsteneste på
Utvikfjellet skjærtorsdag i samband med
Even Hole Cup. Det var mykje folk i
fjellet denne påska, det var det og denne
dagen sjølv om det var litt kald trekk.
I år var det ”gamlepresten i Breim”,
vikarprest Asbjørn Gjengedal som heldt
andakta. Det er flott at idrettslaget og
skisenteret vil samarbeide om dette,
alle tre trekka sto stille denne stunda
og det var verkeleg høgtid når vi fekk
påskebodskapen på fjellet. Gjengedal
kunne minnast at han konfirmerte både
Even Hole og kona Reidun Bergheim,
foreldra til begge klassevinnarane i
konkurransen. Soknerådet vil og takke ei
blåsegruppe frå Breim Skulekorps som
medverka i samlinga. Vi vonar tradisjonen
med denne samlinga vil vedvare også i åra
som kjem.
I eit lite kapell i ein hotellhage feira glopparar Palmesøndag
Kyrkjegang under framande
himmelstøk.
Av Einar Gimmestad
Vi er på Gran Canaria, Kari og eg, i ein
liten fiskarlandsby som heiter Puerto De
Mogan. I turistbrosjyrane står det at det
er ein liten og fredeleg fiskarlandsby.
Det må vere ei stund sidan han var liten
og fredeleg, for no er han fyllt med
vintertrøytte skandinavar.
Vi vandra kring i den vesle byen på leit
etter dei gode vinane, dei beste utestadane
og dei gode fiskerestaurantane som
turistreklamen skrytte av, men lat det vere
sagt med det same: ingen kunne måle seg
med norsk fisk og fiskelefse.
På ein bytur ein kveldstime møtte vi på
to andre frå Gloppen, og vart bedne med
inn på hotellet dei var på for å sjå den
store hotellhagen.
I ein utkant av denne ligg det eit lite
kapell. Det er vel eit av dei minste
kyrkjebygga eg har sett - om lag 50
sitjeplassar, men likevel var der ein
fantastisk akustikk. Ei betre utsmykking
kunne gjeve denne kyrkja eit rikare
innhald, men at ho i det heile var der kunne
sikkert for mange vere det viktigaste.
Eit avbrekk frå det pulserande livet
i den vesle ferie byen tenkte vi var fint.
Det skulle vere gospelgudsteneste på
Palmesøndag, og vi var einige om at dette
måtte vi få med oss. Det er gjerne slik
at sjølv om ein er borte frå sine vanlege
påsketradisjonar, er eit kyrkjebesøk i
slike høgtider ein naturleg del av feiringa,
også når ein er ute.
Der møttest vi då, ei lita gruppe
nordiske turistar, til ei økumenisk
gudsteneste. Teksten på palmesøndag var
som hos oss, og så ei preike for dagen. Eg
sakna dei gode, kjende påske-songane!
Ein del av dei som var på programmet var
kjende songar, men ikkje det vi forbind
med påske. Det var likevel rom for at vi
kunne velje songar, frå eit internasjonalt
hefte, songar som i alle høve vi i Norden
hadde felles.
Så det heile var ei nordisk forbrødring
om eit felles bodskap både i samsong og
tale.
Det gamle måleriet er måla av Karl
Uchermann, og var altertavle i kyrkja då ho
var ny. Karl Uchermann var også arkitekt
for Hyen kyrkje. Han var son til Arnt
Uchermann som var sokneprest i Gloppen
1867-1875, og som var ein av pådrivarane
for at Hyen skulle få si eiga kyrkje .
Kvifor restaurering?
Alle oljemåleri treng restaurering/reinsing
etter ca. 100 år. Dette måleriet er 136 år
gammalt, og har sprukke opp ekstra mykje
fordi det er nytta eit brunt pigment som
ein no veit held seg dårleg. I tillegg har
det skader pga dårleg oppbevaring og
handtering i periodar.
På årsmøte i Hyen kyrkjelyd har den
gamle altertavla vore tema fleire gonger.
Nokre meiner vi bør ta vare på måleriet
for framtida sidan det er ein viktig del av
kyrkja sin historie. Det er også litt spesielt
at det er arkitekten til kyrkja som har måla
det. Andre meiner det er ikkje noko å bruke
ressursar på. Slik er det gjerne med gamle
ting.
Kostnad
Det vil koste mellom 50.000 og 75.000 kr
(inkludert MVA) å restaurere biletet. Vi har
fått 15.000 kr frå Gloppen Sogelag og 4.000
kr frå ofring i kyrkja til dette føremålet. Vi
kjem til å søkje ulike aktuelle stader om
meir midlar, men skal vi få nokon til å støtte
restaureringsprosjektet er det viktig at
bygdefolket også viser interesse.
Synest du det er viktig å bevare den gamle
altertavla? Då er det fint om du vil gi ei
gåve til dette føremålet. Vi er takksame for
både små og store summar. Send pengane
til konto nr. 3710.07.03492 og merk
innbetalinga med «Den gamle altertavla».
Kvar krone hjelper på to måtar: Det blir
pengar til restaurering og det blir lettare
å få støtte frå andre når vi kan vise til at
bygdefolket engasjerer seg.
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
21
Konfirmasjon i
Gloppen 2013
Dåpsborn med fadrar
HAAKON EIMHJELLEN
Nina Bergli Pettersen
Jim Roger Pettersen
Ivar Eidnes
Anna Catrin Eimhjellen Eidnes
Vereide
17. mars 2013.
MATHILDE SKÅDEN
Christian Georg Albertsen
Thea Synnøve Wind
Gunn Bente Skåden
Geir Peder Ueland
22
VEGARD HETLE
Elin Hetle
Joy Hetle
Kai Petter Sårheim
Torbjørn Hasund
Mari Felde Liljedal
31. mars 2013.
JEANETTE SUNDT OLSEN
Ivan Sundt
Torunn Skrunes Sundt
ADVOKATANE
LOTHE, MARDAL &
GJENGEDAL M.N.A.
Boks 138, 6821 Sandane
Tlf. 57 88 44 00
www.gloppenadvokat.no
[email protected]
Prosjekt2:SIDEMAL ODD
11-12-12
11:13
KLE FOR ALLE ALDERSGRUPPER
FRÅ INNERST TIL YTTERST
FOR HAN OG HENNE
Side 6
HYEN
Økonor Gloppen
Telefon: 57 86 86 00 · E-post: [email protected]
Bolset Glass AS
TELEFON 97 03 92 28
Elkjøp Gloppen AS
Rekneskaps kontoret
Gloppen AS
Vereide Blomster
Tannlege Øyvind Seim
Coop Vest SA
Leif Lothe elektriker
Ryssdal Kraft AS
Mardal Rør
Gloppen Kommune
Tystad Blomster
Henden Sport AS
Nordfjord Havbruk AS
Firda Elektro
LEDIG
Gimmestad
3. mars 2013.
EVEN GULE
Bjarte Lofnes Hauge
Børge Knutsen Nordal
Kristianne Gimmestad Gule
Lars Jonas Pedersen
Lise Rønnevig
Marianne Kvame
JAKOB STEINSBØ
VESTERGAARD
Martin Vestergaard
Beate Benestad Vestergaard
Nils Erik Steinsbø
Celine Urdal
MARIELL JAKOBSEN EIDE
Jonas Hjartholm Denk
Per-Erik Hjelle Eide
Mariell Stephanie Evebø
Ronja Adele Eikeset
Kjersti Hjelle Eide
1. april 2013.
ANE JOHANNE MARDAL
Arne Jostein Gimmestad
Jon Otto Mardal
Ivar Mardal
Ann-Christin Gimmestad
MATHEO LINDVIK
Pål Ove Henden
Marita Forsmo
Hanna Kristine Gundersen
Tone Remme
Hyen
3. mars 2013.
HANNAH VÅRDAL
GJENGEDAL
Arne Vårdal
Miriam Vårdal
Kristine Gjersvoll
Cathrine A. Øvretvedt
Anne-Ragnhild Gjengedal
7. april 2013.
IRIS KLAKEGG BAKKETUN
Alex Edvardo Roman Ortiz
Christian Hjelle Løvøy
Edel Janita Slettaøien
Joachim Martinsen
Maria Hauge
Ole Larsson Eide
Breim
31. mars 2013.
JENNY EDVARDA BERGHEIM
FELDE
Kjetil Høgseth Felde
Trude Høgseth Felde
Ingve Bergheim
Marie Høyvik
Eileen Fugelsnes
Eirik Felde Sønstabø
Vereide
Martin Årevik
Kjellaug Devik
Dag Moen
f.11.03.1930
f.16.10.1926
f.23.01.1959
d.12.03.2013
d.14.03.2013
d.28.03.2013
Kirsti Dagmar Støyva
Oddbjørg Aardal
f.23.01.1947
f.03.03.1921
d.25.03.2013
d.08.04.2013
Edit Kjørvik
f.06.03.1932
d.22.03.2013
Gimmestad
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
Anne-Helen Eide
Ann-Helen Birkeland Hetle
Arne Nybø Gangeskar
Eline Fløtre
Jon Åge Strand
Julie Helle Felde
Malin Pettersen Seime
Mari Kandal Ramslien
Merete Merkesdal Hole
Ole-Kristoffer Ellefsplass Sørland
Ole-Preben Fuglestrand
Rasmus Torheim Kvile
Hyen, 9.mai kl.11
Andrine Holme
Astri Marie Rønnekleiv
Jakob Straume
Jon Skamo Hope
Lars Martin Ommedal
Linnea Eimhjellen
Norunn Eimhjellen
Sofie Sæterlid
Gimmestad, 19.mai kl.11
Ariane Arnestad
Bjørnar Eikenes
Dina Rygg Eide
Emilie Ilona Bomban
Hanna Eide
Inge Bjarte Grov Søreide
Jessie-Karin Seim Arnestad
Joya Marie-Anselma Mekke
Maria Eide
Runar Arnestad Hellerud
Vereide, 19.mai kl.10
Aurora Eide
Eirik Hovstad
Helene Vederhus
Hilde-Katrin Kvernevik
Håvard Endal Husevåg
Ingeborg Mardal Dale
Jim-Rudi Aske
Malene Berle Naustdal
Sandra Edith Tenud
Sofie Pernille Hole
Thomas Vereide Almenning
Tormod Aske
Vereide, 19.mai kl.12
JORDFESTE
Breim
Breim, 9.mai kl.11
Daniel Tsehaie Ogbaziom
Eirin Lothe
Ingrid Wendelborg Ose
Jakob Andrè Sæthre Fløtre
Jøran Dahle Mannset
Maria Wendelborg Ose
Marius Moritsgård
Monica Reed Hammersland
Patience Toe
Ragnhild Hafsaas Vereide
Sebastian Heggheim Hestenes
Siri Henden
Thea Marie Jakobsen
Vilde Henriksen Skinlo
Øystein Tennebø Fure
Kyrkjeblad for Gloppen nr. 3, 2013
23
Ensom majestet