4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)

4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM) omfattar røyrleggjarfaget, ventilasjons- og blekkslagarfaget
og taktekkjarfaget. Dette området har fokus på å ha kontroll på tilførsel og bortføring av vatn og
luft. I alle bygg er vi opptekne av eit godt klima. Det får vi mellom anna når vi tettar mot uønskt
inntrenging av vatn, har nok mengder med frisk luft og nødvendig tilgang på reint vatn. Samtidig
må ureina luft og vatn kunne førast kontrollert bort frå opphaldsromma vår. Feil utførte arbeidsoppgåver i KEM-faga kan gi store bygningsskadar og dårleg inneklima. Denne seksjonen tek til
med ein fellesdel om handverktøy og festemiddel, deretter presenterer vi kvart enkelt fag.
Felles for KEM-faga
Faga klima-, energi- og miljøteknikk i bygg- og anleggsteknikk skal
• sikre eit godt innemiljø
• spare energi
• motverke vass-, fukt- og kondensskadar og brannspreiing i bygg
• verne bygningar mot ytre påverknader frå vêr og vind
Handverktøy, festemiddel og materiale
Alle tre faga nyttar tradisjonelle handverktøy som hammar,
handsag, vater, meterstokk, måleband, baufil og ulike typar tenger
og skrutrekkjarar. Dei mest aktuelle elektriske handverktøya i faga
er batteridrill, borhammar, drill for holtaking og vinkelslipar.
I tillegg kjem ulike typar sager.
I KEM-faga nyttar vi vanleg spikar og ulike typar skruar og boltar
i ulike dimensjonar. Nokre av dei festemidla som blir brukte, tek vi
nærmare for oss i omtalen av kvart fag seinare i boka.
Metall- og plastprodukt går oftast igjen av materiala i KEM-faga.
Røyrleggjaren bruker røyr av ulike typar metall, plast, støypejern og
betong. I ventilasjons- og blekkslagarfaget blir det brukt materiale
av ulike metall til dei fleste arbeida, og taktekkjaren bruker somme
gonger metall til takbelegg. Isolasjonsprodukt blir også mykje
brukte i alle tre faga og leverte i ulik form og ulike materiale,
tilpassa det enkelte formålet.
Vi isolerer installasjonane for å
• redusere temperaturendringar
• redusere lydoverføring
• hindre brannspreiing
• hindre kondens
Handverkaren må kjenne til materialeigenskapane. Døme på det er
når vi skal finne ut kva platene til eit tak eller røyra til eit anlegg
veg, eller kor mykje materiala endrar seg når temperaturen endrar
seg.
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
199
Varme arbeid
Arbeid med open flamme er risikofylt, og det er mange reglar vi
må rette oss etter. Varme arbeid er særleg aktuelt i arbeidsoppgåver
i KEM-faga, og det er eit offentleg krav om sertifisering via forsik­
ringsforskriftene. Det er difor på sin plass å sjå litt på nokre av desse
reglane:
1. Med varme arbeid meiner vi alt arbeid som skaper høg
temperatur. I KEM-faga gjeld det arbeid med vinkelslipar,
varmluftspistol, propanbrennar, lodding og boring.
2. Den som gjer slikt arbeid, skal ha sertifikat for varme arbeid.
3. På tak som er tekte tidlegare, er det ikkje lov å bruke open flamme.
4. Det skal minst vere to stk. seks kilos brannsløkkingsapparat av
typen ABC lett tilgjengeleg på arbeidsstaden eller taket.
5. Det skal ikkje vere fleire propanflasker på taket enn den som er
i bruk og ei i reserve. Tomme flasker skal transporterast ned frå
taket med ein gong.
Dokumentasjon for gjennomført opplæring i varme arbeid
200
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
Røyrleggjarfaget
Sentrale arbeidsområde i røyrleggjarfaget er installasjon, modernisering, service og reparasjon av sanitær­
anlegg, varme- og kjøleanlegg, spesielle anlegg for
brannsløkking, trykkluft og gassanlegg.
Vi ser først på noko av det kompetanseplattforma
seier om røyrleggjarfaget.
Dagleg arbeid
• installere vass- og avløpsleidningar i grunnen
• montere leidningsnett for sanitæranlegg
• montere utstyr og armatur i sanitæranlegg
• installere leidningsnett for vassborne varmeanlegg
• montere utstyr og armatur i varmeanlegg
• montere andre anlegg som gass-, sprinklar-, trykkluftog isvassanlegg
• utføre servicearbeid
• sikre helse, miljø og sikkerheit under arbeidet
Krav til kunnskap og ferdigheiter
Røyrleggjaren skal kunne kommunisere med kundar og kollegaer
og kunne planleggje, gjennomføre og vurdere eige arbeid og det
arbeidet andre gjer. Røyrleggjaren skal kunne bruke aktuelle lover
og forskrifter og kunne nytte bedriftsinterne kvalitetssikrings­
manualar og sjekklister knytte til arbeidet. Dessutan skal ein røyrleggjar kunne utføre vernearbeid og sikre nødvendig tryggleik for
seg sjølv og andre i samsvar med gjeldande lover og forskrifter (HMS).
I yrkesutøvinga er teikningsforståing, teknologi, materialbruk og
kvalitetssikring konkretisert. Det er innført sertifikat for særs viktige
arbeidsoperasjonar. Røyrleggjaren skal kunne lære av det daglege
arbeidet og utvikle seg i faget. Ein nyutdanna fagarbeidar i røyr­
leggjarfaget skal kunne ta dei aktuelle arbeidsområda på eit nivå
som svarer til installasjonane i ein einebustad.
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
201
Utvikling av faget og plass i samfunnet
Personleg hygiene kan knytast til sanitæranlegg, og baderommet er
svært viktig for menneskeleg velvære. Reint drikkevatn og reinsing
av avløpsvatn har avgjerande hygienisk verdi og miljøverdi i eit
moderne samfunn. Røyrleggjarfaget omfattar også arbeid med
varmeanlegg som kan knytast både til godt inneklima i bygningar
og til det ytre miljøet med tanke på energiøkonomisering. Det fører
igjen til god økonomi og miljøvinstar. Røyrleggjaren skal kunne
vurdere eige utviklingsbehov og arbeide for ei berekraftig utvikling
av faget og bransjen.
Likskapar og ulikskapar til andre fag
Industrirøyrleggjarfaget er det nærmaste faget. Både indu­stri­røyr­
leggjaren og røyrleggjaren arbeider med anlegg og system som til
ein viss grad overlappar kvarandre. Røyrleggjarfaget kan knytast
til fleire andre fag som arbeider på byggjeplassen og som er med
i byggjeprosessen, og som har felles teikningar og standardar.
Bruken av ulike materiale, som ulike plasttypar, kan knytast til
andre fag som nyttar plastmateriale i arbeidet.
Faget er underlagt lover og forskrifter på tekniske område, tryggingsområde, miljøområde og helsefaglege område. Elles er stoffet i dette
del­kapitlet ein viktig del for å nå kompetansemåla for Vg1 i læreplanen. Dei er sette opp i innleiingskapittelet i denne boka, side 14.
Foto: Comfort
202
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
Arbeidsoppgåver
Røyrleggjaren har mange kjende arbeidsoppgåver i faget sitt.
Arbeid med hovudleidningar i bakken og sanitærarbeid på kjøken,
vaskerom, bad og toalett er kjent for folk flest. Røyrleggjaren
byggjer også varmeanlegg. Varmekjelda kan vere basert på olje,
elektrisitet, fjernvarme, gass, pellets, ulike varmepumper eller
solvarme. Ved sida av å jobbe med sanitæranlegg er varmeanlegg
med vatn (vassboren varme) eitt av viktigaste arbeidsområda.
Ved vassboren varme har vi eit rom med sluk der varmekjelda
er plassert. Der finn vi også ein fordelar og eit fordelarskap med
ventilar for kvar kurs.
Røyrleggjararbeid i grøft
Små energisentralar kan plasserast i vanlege
opphaldsrom.
Les meir om vassboren varme på side 215.
Her ser du botnleidningar for avløp og tilførsel som blir skjulte i betonggolvet.
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
203
Røyr for vassboren golvvarme
I dette delkapitlet har vi lagt vekt på å gjere greie for dei vanlegaste
sanitærinstallasjonane i samband med bygging av ein einebustad.
Vi skal ta for oss vass- og avløpsleidningar frå det kommunale leidningsnettet, som er vanleg i tettbygde område, og borehol/brønnar
og private reinseanlegg i utkantstrøk. Vi skal også sjå på opplegg og
installasjonar inne, inkludert montering av utstyr som blandebatteri,
toalett, dusjutstyr og baderomsinnreiing.
Kommunalt leidningsnett
Med kommunalt leidningsnett meiner vi hovudleidningane som skal
gi vatn og samle kloakk frå alle husstandane og til eit reinseanlegg.
Desse leidningane eig som regel kommunen, men i Noreg finst det
også private hovudleidningsnett.
Verktøy og maskinar
Varmeanlegg
204
Røyrleggjaren har handverktøy som blir brukte i samband med dei
fleste arbeidsoppgåvene. Dei viktigaste er skiftenøkkel, vasspumpetong, røyrtong, skrutrekkjarar, rasp, brotsj, røyrkuttar og bøyetong.
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
Skiftenøklar
Skrutrekkjarar
Vasspumpetenger
Røyrtong
Rasp
PEX-kuttar
Brotsj
Røyrbøygar
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
205
Anboringsutstyr
Innleiingsvis fortalde vi om verktøy som er felles i KEM-faga. Røyrleggjaren har også eigne spesialverktøy. Vi tek til med tilkoplinga til
hovudleidningsnettet, det som blir kalla å anbore, og røyrleggjaren
har spesialutstyr for det. Anboring er krevjande, og i somme
kommunar må ein ha eit spesialkurs (ADK-anlegg, drift og kontroll
av leidningsnett) for å gjere det. ADK-opplæringa gir nødvendig
kompetanse til praktisk utføring av leidningsanlegg i samsvar med
dei krava som lover, forskrifter, normer og standardar set til eit
moderne leidningsanlegg. Somme kommunar har krav til ADKopplæring, medan andre ikkje har det.
Anboringsutstyr
Verktøy til samanføying av koparrøyr
Til samanføying av koparrøyr nyttar røyrleggjaren i hovudsak fem
metodar:
• Kapillarlodding (mjuklodding) anten med propanbrennar eller
elektrisk loddetong
• Sveiselodding (hardlodding) med propan- eller sveiseflamme
og ein spesiell loddetråd
• Presskoplingar med spesialverktøy for å presse røyrdelane fast til røyret
• Skrukoplingar (kompresjons- eller klemringsfittings) monterte
med skiftenøkkel
• Gjenga røyrdelar skrudde saman med røyrtong
Presskoplingsutstyr
Loddeutstyr (gass og elektrisk)
206
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
Verktøy til røyr i røyrleidningar
For å montere røyr i røyrsystem er det utvikla spesialverktøy. Vi har
røyrkuttarar for plastrøyr (PEX-røyr) og spesialverktøy for å lage
koplingar til ulike produsentsystem.
Utblokkingsverktøy
Materiale og bruksområde
Alt materiell skal handterast skånsamt.
Det ein røyrleggjar bruker, er ofte dyrt,
og materiala må takast godt vare på slik at
dei ikkje blir øydelagde eller blir borte frå
byggjeplassen. Når vi får levert materiale
på byggjeplassen, skal vi i første omgang
kontrollere pakksetelen og sjå at han
stemmer med det som er levert. Deretter er
det viktig å nytte ein eigna lagringsstad med
minimal sjanse for at noko skal bli øydelagt
eller stole.
Det er vidare viktig at staden er tørr slik at
emballasjen framleis kan verne vara til ho
skal monterast. Røyr og røyrdelar må ikkje
bli møkete innvendig fordi eit nytt anlegg
skal vere reint før det blir teke i bruk. Alle
røyr skal tettast i endane, og røyrdelar skal
liggje i ei tett øskje. Røyrleggjaren bruker
røyr av mange ulike materiale og dimensjonar. Det finst også ei mengd delar tilpassa
kvar enkelt røyrdimensjon. Kva dimensjon
som skal brukast, er nøye utrekna og kjem
fram av arbeidsteikninga som røyrleggjaren
bruker.
Vassleidning med stoppekran
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
207
Vasstilførsel
Til utvendig vassleidning blir det brukt røyr av plast. Ein utvendig
hovudstoppekran tilpassa vassleidningen blir montert om lag éin
meter på innsida av tomtegrensa. Ein hovudstoppekran med spindel
skal monterast på vassrøyret nede i grøfta. Spindelen går i eit varerøyr
over bakken slik at ventilen lèt seg opne og stengje med spindelen.
Ein hovud­stoppekran er nødvendig dersom vi får skadar eller andre
behov for å arbeide med vassrøyra i huset, og vatnet må stengjast.
Stikkleidningar
Frå det kommunale leidningsnettet og inn til huset blir det brukt
plastrøyr som er laga for å liggje i grøft. For å kople seg til det
kommunale leidningsnettet bruker røyrleggjaren eit greinrøyr og
ein glidemuffe eller eit sadelstykke. Vass- og avløpsleidningar i grøft
mellom hovudleidningsnettet og huset blir kalla stikkleidningar.
Dersom det er retningsendringar på stikkleidningen eller han er over
20 m lang, er det krav til stakekum.
Stikkleidningar
208
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
Sadelstykke
Greinrøyr
Jordingsmuffe
Jordingsmuffa skal monterast på botnleidningen for at vi ikkje skal få
straumstøytar i kontakt med vatnet eller avløpsanlegget når feil
kjem ein på det elektriske anlegget.
Jordingsmuffe
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
209
Botnleidning
Dei vass- og avløpsleidningane som ligg under golvet i bustaden,
er botnleidningen. Her kjem hovudvasstilførselen inn i bustaden
og opp til ein stoppekran. Avløpsvatnet som kjem frå alt sanitær­
utstyret, går også ut av bustaden gjennom botnleidningen.
Botnleidning
Når røyrleggjaren legg botnleidningen, er huset enno ikkje er på
plass. Som regel er berre ringmuren sett opp og fylt med grus. Røyrleggjaren må difor bruke arbeidsteikningane som viser kvar kunden
ønskjer å plassere sanitærutstyret i det ferdige huset. Ut frå måla på
teikninga må røyrleggjaren finne punkta som viser kvar oppstikka
skal liggje. Dersom røyra ligg feil, må golvet piggast opp og røyra
leggjast på nytt.
Botnleidningen omfattar avløpsrøyr i fleire dimensjonar. Det finst
muffer, bend, greinrøyr og overgangar i alle dimensjonar slik at røyrleggjaren kan byggje saman eit leidningsnett som samlar vatn frå alle avløp
og sluk til eitt røyr og ut i hovudleidningen. Til botnleidningar blir det
som regel brukt røyr av plast. Røyr av støypejern kan også nyttast.
MA-røyr (støypejernsrøyr)
Fordelarskap og delar
Røyrdelar i plast
Røyr-i-røyr
210
For å få vatn i alle armaturane må røyrleggjaren installere eit røyr­
anlegg som fordeler vatnet frå vassinntaket og ut til dei romma der
utstyret skal monterast. Vassrøyra skal leggjast vasskadesikkert. Difor
blir det nytta røyr-i-røyrsystem når røyra skal leggjast skjult. Røyr-irøyrsystem har to plastrøyr, eit innerrøyr som er vassførande, og eit
varerøyr som skal verne innerrøyret. Røyra blir trekte i heile lengder frå
eit fordelarskap og fram til ein boks i veggen der vassuttaket skal vere.
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
Det er mange produsentar av røyr-i-røyrsystem, og kvar av dei har
sin eigen måte å lage koplingane på. Med eit røyr-i-røyr-system er
det mogeleg å byte ut det innvendige røyret etter at veggene er
kledde igjen dersom det blir lekkasje på røyret.
Veggboks
Vassrøyr av kopar er også vanleg der røyranlegget ligg ope. Vi får
mange ulike olbogar, bend, T-røyr og overgangar til kopar akkurat
som til plast. Døme på eit ope røyranlegg i ein moderne bustad er
der vi koplar til ein vassvarmar eller når vi monterer eit vaskekar på
ein yttervegg.
Ope anlegg ved vassvarmar
Opne røyrføringar er dei sikraste når det gjeld vasskadar. Til installasjonar i bad kan forkromma koparrøyr brukast.
Alle vassrøyr skal leggjast slik at det ikkje er fare for at vatnet frys.
Vi bør difor unngå røyr i yttervegger. I alle fall må røyra leggjast på
innsida av isolasjonen. Det er viktig å isolere røyra der det kan vere
fare for frost.
Røyrdelar for kapillarrøyr
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
211
Vassvarmaren
Vassvarmaren, også kalla varmtvassberedaren, gjer at vi kan tappe
varmtvatn frå armaturane. Vassvarmaren er å få i mange fasongar
og storleikar og bør plasserast i rom med sluk. Vassvarmaren må
veljast ut frå behovet for varmt vatn, og det er alltid nødvendig å
lese monteringsrettleiinga før vi tek til med monteringa. Beredaren
skal plasserast rett og stødig ved å justere beina på undersida. Frå
tryggingsventilen på vassvarmaren skal det førast ein leidning til
sluk eller avløpsrøyr. Dersom vassvarmaren er plassert i eit rom utan
sluk, bør det monterast ein lekkasjevarslar med magnetventil som
stengjer vatnet dersom det blir lekkasje.
Varmtvassberedar
Festemiddel
Røyrleggjaren nyttar skruar,
boltar, klamrer og oppheng for
å montere røyrleidningar og
utstyr. Det er viktig at røyra blir
i sin opphavlege posisjon slik at
mellom anna fallet på avløpsrøyra ikkje blir endra. Vi skal
her sjå på nokre typar klamrer.
Bøyleklammer
212
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
Klamrer
Klamrer finst i mange variantar tilpassa røyrtype, dimensjon
og bruksområde.
Bøyleklammer og gummifôra klammer bruker vi til montering
av røyrstrekk og opplegg. Bøyleklamrene heng i ein bladskrue
(augebolt) og moderne klamrer skal festast med ein kombiskrue.
Ei sneppklammer gjer at røyra kjem nær veggen.
Gummifôra klammer
Avløpsklammer
Sneppklammer
Samanføyingsmetodar
Samanføyingsmetodane i røyrleggjarfaget er i hovudsak gjenge,
pressdelar, sveising og lodding, klemrings- og kompresjonsfittings,
muffe- og kuplingsskøyting. Til samanføying av avløpsrøyr blir det
brukt muffer. Muffene har pakningar slik at sambandet blir tett.
Nokre plastrøyr kan også sveisast.
Plastmuffer
Kapillarlodding
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
213
Gjenge, sveising og lodding
For å føye saman røyr bruker røyrleggjaren i mange tilfelle gjenge.
Gjengedimensjonane er i tommar, skrive 1» = 25,4 mm. Nye
koparrøyr er for tynne til å kunne gjengast. Difor er det berre
stålrøyr som blir gjenga i dag. Men likevel blir det brukt gjengedelar
i samband med overgang frå røyr til ventilar og liknande.
Gjengeskøytar og delar for kapillarlodd og
kompresjon
Sveisemetodane er først og fremst gassveising med acetylen og
oksygen, elektrisk sveising med elektrode eller TIG-sveising, som
er ein elektrisk sveisemetode med bruk av gass berre som vern av
sveise­badet.
Sveising
214
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
Røyrleggjaren loddar koparrøyr ved hjelp av kapillarlodding (mjuklodding). Då utnyttar ein kapillarkreftene, og det flytande lodde­
tinnet blir soge inn i den tynne opninga mellom koparrøyret og
muffa. Det er viktig å pusse både røyr og røyrdel slik at belegget
som ligg på koparen, blir fjerna. For at tinnet skal få betre feste,
smør vi røyrenden med loddefeitt.
Når du varmar opp koparen, er det temperaturen i koparen som
smeltar tinnet, og ikkje flamma frå propanbrennaren. Utstyr for
kapillarlodding er propanflamme eller elektrisk sveisetong for
kapillar­lodding, pussematte, pussebørste, loddefeitt og loddetinn.
Koparrøyr kan også hardloddast med propanflamme med høg
temperatur og ein spesiell sølvloddetråd.
Vassborne varmeanlegg
I eit vassbore varmeanlegg (tidlegare også kalla sentralvarmeanlegg)
blir det brukt vatn som varmeleiar frå ein sentral til kvart av romma
som skal varmast opp. Fordelen med eit varmeanlegg som bruker
vatn, er at du kan bruke den energikjelda som er best og rimelegast.
Styresmaktene har sagt at minst 40 % av energien vi bruker til
oppvarming av husa våre, skal kunne fornyast. Fossile brennstoff
som olje og gass må vi unngå, likeins elektrisk straum som i staden
for å kunne brukast til oppvarming, skal brukast til drift av
maskinar og utstyr. For å oppfylle dette kravet må vi ha eit opp­­
varmingssystem som kan utnytte fleire ulike energikjelder. Eit slikt
system kan vere eit vassbore varmeanlegg. Vatn blir brukt som berar
av varmen fordi det har stor overføringskapasitet samanlikna med
til dømes luft.
Teknikken er ikkje ny. Dei første vassborne varmeanlegga har ein
funne i oldtidas Romarrike. Moderne sentralvarmeanlegg med
stålrøyr og radiatorar vart installerte i Noreg frå ca. 1850 og heilt
fram til 1980-åra. I moderne bustader blir det no for det meste
brukt plastrøyr (PEX), og golvvarme har teke over mykje for radiatorar. Moderne energisentralar med varmepumper, biobrenselkjelar
og solfangarar har teke over for oljekjelar som var vanlege heilt
fram til våre dagar. Klimakrisa kjem mellom anna av for mykje
karbondioksid, CO2, som blir utvikla når vi bruker fossile brensel
som gass, olje og kol.
Eit moderne varmeanlegg i eit bustadhus omfattar ein varmesentral,
eit ekspansjonskar, ei sirkulasjonspumpe, ventilar, automatikk og
styringssystem, varmegivarar og røyrsystemet.
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
215
Pumpe
Termometer
Utluftar
Varmerøyr
Stengjeventil
Kaldt- og
varmtvassrør
Ekspansjonskar
Tillegg vannbåren varme, Klima-, energi- og miljøteknikkVarmepumpe
Vassvarmar
(Varmtvassberedar)
Pumpe
Oversiktsbilde eller tegning som viser
komponentene
http://ctc.waspx.net/multimedia/archive/Varme
Varmesentralen sørgjer for at energien frå brenselet vi bruker,
boken_NO.pdf
varmar opp vatnet i anlegget. Dei mest brukte energikjeldene er
• varmepumpe,
som hentar
av energien frå fjell, vatn,
Varmesentral
med mesteparten
luft-vann varmepumpe
jord eller luft
• biomasse som ved, flis og pellets
• solvarme, der moderne solfangarar sørgjer for direkte varme
til varmeanlegget
• fjernvarme, der varmen til vatnet blir produsert på ein sentral stad
av søppel, biomasse eller andre energislag for så å bli send ut
i varmeleidningar til undersentralar i bygga
Varmesentralen produserer også varme til forbruksvatnet via ein
spesiell vassvarmar eller varmevekslar.
Døme på varmepumpe i bustadhus
Ekspansjonskaret sørgjer for at vatnet har ein
stad å gjere av seg når det blir varma opp og
utvidar seg. Ved ekspansjonskaret skal det
monterast ein tryggingsventil som sørgjer for
http://www.flamco.se/flamco_se/se/pdf_broch
å opne om
trykket i anlegget blir for høgt.
ures.ContentPar.65861.File.tmp/FlamcoExpans
ionskarl2008.pdf
Ekspansjonskar
Ekspansjonskar
http://www.wilo.se/cps/rde/xbcr/sesv/se_mont_sk_smart.pdf
Sirkulasjonspumpe
216
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
Sirkulasjonspumpa pumpar vatnet rundt i systemet.
Ventilar sørgjer for å stengje av, fordele, lufte ut og regulere vatnet.
Automatikk og styringssystem sørgjer for konstant varme i romma.
Varmegivaren varmar opp rommet via radiatorar eller golvvarme.
Røyrleggjaren legg spesialtilpassa plastrøyr i golvet slik at varmen
fordeler seg over heile golvflata. Eit anna alternativ er radiatorar,
vanlegvis monterte under vindauga fordi eit vindauge slepper
igjennom meir kulde enn ein vegg. Når radiatoren er montert der,
unngår vi kulderas (kald trekk) frå vindauga. Radiatorane kan ha
mange utformingar og vere tilpassa ulike plasseringar.
Sirkulasjonspumpe
Golvvarmesystemet og/eller radiatorane skal dekkje det behovet
rommet har for varme. Det må utrekningar til for å finne ut rett
storleik på varmegivarane.
Golvvarmesystem
Moderne designradiator
Røyrsystemet fraktar vatnet dit det skal:
• torøyrssystem, der anlegget er bygd opp av ein turog returleidning frå kvar radiator
• eittrøyrssystem, der vatnet blir ført frå radiator til radiator
og fordelt med spesielle ventilar
• fordelarsystem, der vatnet blir sendt til spesielle fordelarar
og vidare til radiatorar og golvvarme
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
217
Varmefordelar til golvvarme
Røyra som er brukte, er anten lette stålrøyr, plastrøyr eller komposittrøyr. Dei skal monterast på same måte som for sanitæranlegg.
Alle varmeanlegg må teiknast og reknast ut før dei blir installerte.
Som røyrleggjar må du kunne lese teikningane og forstå korleis
anlegget verkar. Dessutan må du følgje monteringsrettleiingane for
alle komponentane.
Døme på enkle konstruksjonar
Vi skal ta for oss nokre av dei oppgåvene røyrleggjaren får når ein
einebustad skal setjast opp. Først kjem planlegginga av arbeidet, der
vi tek for oss teikninga av botnleidningen for å måle ut kor mange
meter røyr og kva dimensjon vi treng. Vi må også finne ut kva vi
treng av delar.
Undervegs skal røyrleggjaren også føre sjekklister og dokumentere
eige arbeid (jf. læreboka Norsk på byggeplassen – Kort og godt).
Det vil også vere lurt å ta bilete.
På neste side ser du ei teikning av eit lite bad slik at det skal vere
mogeleg å bruke dette dømet som ei praktisk øving i opplæringa.
218
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
2000
2000
Del av fundamentplan med bunnledning. Stiplet linje er merking for
Del
av fundamentplan
med1:50
botnleidning.
delevegg.
Målestokk
Stipla linje er merking for delevegg.
Målestokk 1:50
Legging av botnleidningar
Før vi legg botnleidningen for avløpssystemet, må det målast
nøyaktig på arbeidsteikninga for å finne ut kvar sluk og oppstikk
skal stå. Oppstikk kallar vi den delen av røyret som stikk opp
gjennom golvet etter at det er støypt. Vi set ut eit merke der sluk
og oppstikk kjem, og legg botnleidningen frå stikkleidningen der
han kjem inn i ringmuren.
Plastrøyra må kappast med ei fintanna handsag, og grader inni og
på utsida av røyrenden må fjernast med ei rasp. Røyret skal kappast
10 mm kortare enn tilmålt slik at vi gir rom for ekspansjon. Vi smør
på glidemiddel slik at røyret glir lett inn i botnen på muffa og set eit
merke på røyret i kanten på muffa. Deretter kan vi trekkje røyret
10 mm ut igjen for å gi rom for ekspansjon. Dette skal gjerast på
alle røyrdelar vi monterer på botnleidningen.
Det er ikkje lov å bruke meir enn 45˚ bend på ein botnleidning,
og vi må heile tida kontrollere med vater for å sjå til at avløpsleidningen har minimum fall på 1:60, det vil seie 1 cm på 60 cm. Minste
dimensjon på ein botnleidning for avløpssystem skal vere 75 mm til
eit enkelt utstyr. Er det meir enn eitt utstyr, må vi bruke 110 mm.
Når heile botnleidningen er lagd, må vi kvalitetssikre arbeidet og
kontrollere fall. Vi må også sjå etter at merket vi sette ved dei
aktuelle røyrdelane for å sikre ekspansjon, ikkje har flytta seg, og at
oppstikk og sluk er plasserte med rett mål etter teikninga. Til slutt
må vi sikre botnleidningen slik at han ikkje flyttar seg når vi støyper.
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
219
Det er viktig å kontrollere fallet på
botnleidningen.
Plastrøyr skal kappast med ei fintanna
handsag.
Montering av røyrdel
Vi bruker glidemiddel for å få saman delane i
ein botnleidning.
Ferdig røyrleidning
Montering av vassrøyr og røyr i røyranlegg
Når vi byggjer eit hus på ei støypt plate, er det nødvendig å leggje
vassrøyr i golvet før det blir støypt. Av eit oppleggsskjema kan vi
finne ut kor mange røyr som skal stikke opp av golvet. Det er viktig
at vassrøyra blir så lange at dei når fram til veggboksen, og at dei
ikkje ligg for stramt. Det vil seie at vi må ta omsyn til eventuell
ekspansjon.
Når vi skal leggje røyr i røyrsystem for vasstilførselen saman med
botnleidningen, studerer (les) vi som for avløpssystemet først
teikninga. Her må også oppstikka målast nøyaktig ut og merkjast.
Det er vanleg å setje ned ein bit armeringsjern der oppstikket kjem,
for så å feste vassrøyret til armeringsjernet. Oppstikk med vassrøyr
skal leggjast slik at vi får kaldt vatn på høgre side og varmt vatn på
venstre.
220
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
Oppleggsskjemaet er ei arbeidsteikning som viser den vertikale
føringa av røyra.
2000
2000
Det viser høgda på utstyret (dusjgarnityr, blandebatteri osv.).
Skjemaet viser utstyret frå venstre side og så vidare i rekkjefølgje
med urvisaren rundt i rommet.
Teikninga er i målestokk 1:50.
Del av fundamentplan med bunnog vannrør.
linje og
er
Delledning
av fundamentplan
medStiplet
botnleidning
merking for delevegg. Målestokk 1:50
vassrøyr. Stipla linje er merking for delevegg.
Det er viktig at vi også les oppleggsskjemaet for å få nok røyr over
golvet. Røyret skal gå samanhengande utan skøytar frå koplingsskapet og fram til veggboksen. Når vi bøyer røyra til oppstikket,
må vi passe på at ikkje bøygen blir for brå slik at det blir problem
med å skifte innerrøyret dersom vi får ein eventuell lekkasje. Vi
kostar på oss ca. 20–30 cm ekstra slik at vi er sikre på å få nok røyr.
Vi må merkje vassrøyra i begge endar slik at vi er sikre på kva som
er kva etter at golvet er støypt. Det gjer utstyrsmonteringa mykje
enklare. Vassrøyra skal også klamrast godt slik at dei ikkje flyttar
seg når vi støyper. Når heile botnleidningen er lagd, må vi kvalitetssikre arbeidet og kontrollere at oppstikk er plasserte på rett mål
etter teikninga.
Montering av røyr og boksar i bindingsverk
Når bindingsverk for alle delevegger er sett opp, skal vi montere
røyr, veggboksar og spikarslag for utstyr. Vi tek for oss planteikninga og oppleggsskjemaet for å kunne måle ut og merkje stadene
der spikarslag og veggboksar skal stå. Det må arbeide nøyaktig når
vi skal monterer veggboksar fordi det er viktig å montere dei rett og
med rett avstand.
Vassrøyr støtta opp med armeringsjern
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
221
Når vi har sett opp spikarslag og veggboksar, kan
vi kople røyr i røyrleidningane til veggboksane.
Då må vi først kappe røyret i rett lengd og så
anten bruke utblokkingsverktøyet, om vi bruker
eit system for det, eller stramme godt til, om vi
bruker veggboksar med skrukopling. Som nemnt
er det mange produsentar av røyr-i-røyrsystem.
Her har vi peikt på to alternativ, men i alle tilfelle
er det viktig å vere nøyaktig med koplingane slik
at vi ikkje får lekkasje.
For å få rett plassering av spikarslag for veggboksar bruker vi ein mal.
Alle røyrleidningar skal trykkprøvast før vi kler
veggene igjen. Trykket skal stå på når snikkaren og
andre handverkarar gjer veggene ferdig. Unntaket
er dersom leidningen kan bli utsett for frost i
byggjeperioden. Då må han tømmast etter trykkprøvinga, eller så må prøvinga gjerast med luft.
Fordelarskap
Fordelarskap for røyr i røyranlegg skal også
monterast før veggene blir kledde. Eit fordelar­
skap er laga slik at det passar mellom to standarar
som står med ca. 600 mm avstand. Sjå side 210.
Avløpsleidningen
Avløpsleidningen kan vere av plast eller støypejern. Bruker røyrleggjaren plastrøyr, er det same
skøytemetodar og delar som for botnleidningen.
På avløpssystemet skal det alltid monterast eit
røyr som skal førast heilt opp og over yttertaket
på bustaden. Det kallar vi lufting. Når taket på
bustaden er ferdig tekt, kan vi kople avløpsrøyret
til den gjennomføringa for kloakklufting som
blekkslagaren har montert.
Det siste vi gjer med kloakkluftinga, er å isolere
den delen av røyret som går gjennom den kalde
sona på bygget. Vi isolerer for å unngå kondens
og slik at luftinga ikkje skal fryse igjen når det er
kuldegrader ute. På alle sluk og alt sanitærutstyr
skal det monterast vasslås. Formålet med vasslås
er at vi skal ha vatn ståande i avløpet for at ikkje
lukt og gass skal kome frå avløpsanlegget og inn
i bustaden.
Kloakkutlufting
222
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
Ulike vasslåsprinsipp
Montering av utstyr
Med utstyr som skal monterast, meiner vi blandebatteri, klosett,
servantar, dusjutstyr, badekar og baderomsinnreiingar. Når badet
er ferdig på golv og vegger og kjøkeninnreiinga er montert, kan vi
starte med utstyrsmonteringa. Innleiingsvis er det viktig å kontrollere at utstyret vi har på byggjeplassen, stemmer med bestillinga frå
byggherren.
Før vi skal montere kranar og blandebatteri, må veggboksane til­­
passast tjukna på veggen. Så kan vi montere nippel og rosett på
veggboksane. Nippelen er ein gjenga del som gjer det mogeleg
å kople kranar til veggboksane, medan rosetten er ei rund plate som
skal monterast slik at vi skjuler veggboksen. Det skal vere heilt tett
mellom røyrføring og vegg slik at vatn ikkje trengjer inn i veggen.
Handvask
Oppstikk til avløpsnettet må også tilpassast. Når det er gjort, kan
vi montere servant og klosett. Vi monterer sanitærutstyret eitt og
eitt komplett med batteri, og knyter utstyret til avløpsopplegget.
Vi monterer vasslås på avløpet til kvart sanitærutstyr. Unntaket er
der avløpet frå vaskekaret, servanten og badekaret blir ført til sluk
i same rom.
Boksfres
Frå innvendig stoppekran og til fordelarskap
og vassvarmar bruker vi ofte ope anlegg i
kopar.
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)
223
Å setje på vatnet
Når alt utstyr er kopla og det er klart for å setje på vasstrykket,
skal vi gå ein runde med sjekklista for å forsikre oss om at ingen
ting er gløymt. Deretter set vi på trykket. Det første vi så gjer er
å gå ein ny runde for å kontrollere at ingen koplingar lek. Det er
viktig å halde koplingane under oppsikt ei stund, og vi kan bruke
tida til å montere dusjutstyr, klosettlokk og hengje opp skapet til
innreiinga. Det gjer at vi ikkje forlèt anlegget før vi har hatt sjansen
til å kontrollere koplingane for lekkasje.
NB! Set aldri på vatnet på ein fredag ettermiddag.
435
750
Vasstilførsel
frå teknisk
rom
800 x 800
Dusjutstyr
430
Planteikning for baderom
Arbeidsoppgåver
1. Forklar nokre arbeidsoppgåver røyrleggjaren har, og kva verktøy han bruker.
2. Kva materiale blir brukt i røyrsystemet i ein einebustad?
3. Kva verktøy blir brukt for å føye saman koparrøyr?
4. Kva kallar vi røyra mellom hovudleidning og bygg?
5. Kva er formålet med ei jordingsmuffe?
6. Korleis kan røyrleggjaren finne ut kvar oppstikk i ein botnleidning skal vere?
7. Kva er røyra laga av i skjulte anlegg og i opne anlegg?
8. Nemn namn på tre typar klamrer som røyrleggjaren bruker.
9. Kva samanføyingsmetodar bruker røyrleggjaren?
10. Teikn og forklar korleis røyrleggjaren planlegg å leggje ein botnleidning?
11. Kva skal fallet minimum vere på botnleidningen?
12. Korleis kan røyrleggjaren kvalitetssikre legginga av ein botnleidning?
13. På kva side skal det kalde vatnet vere når vi legg botnleidningen for vasstilførselen?
14. Kva er fordelen med støypejernsrøyr i avløpsleidningen?
15. Kva er formålet med å lufte avløpssystemet?
16. Kvifor isolerer vi luftinga i den kalde sona av bygget?
17. Kva er formålet med vasslås, og kva er ein vassvarmar?
18. Kva skal vi gjere etter å ha sett vasstrykket på anlegget?
224
Yrkeslære n 4 Klima-, energi- og miljøteknikk (KEM)