Hosangerbygda som innovasjonsallmenning - Kom

MELLOM
KULTUR OG NATUR
*
HOSANGERBYGDA
SOM
INNOVASJONSALLMENNING
Prosjektoppgåve i
Samfunnsentreprenørskap
av
Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
DATO
19.04.2012
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 1
1. Innleiing
Hosanger er ei bygd på øya Osterøy som ligg nord-aust for Bergen. Osterøy si kulturhistorie
kan ein følgja langt bakover i tid, sjølv om Osterøy kommune er av relativt ny dato.
Kommunen vart til gjennom ei samanslåing av ulike kommunar som hadde ein del på
fastlandet og ein del på øya. Øy-delane av kommunane Bruvik, Haus, Hosanger og Hamre
vart i 1964 til den nye Osterøy kommune, som omfattar størstedelen av øya Osterøy. Før den
tid var bygda Hosanger kommunesenter i Hosanger kommune. Då var det sjøen som var
hovudsamferdselsåra slik at store delar av det som no er Lindås kommune var før 1964 ein del
av Hosanger kommune. På Osterøy er det mange små bygder, mykje vakker natur, høge fjell
og øya er omkransa av fjordar - «Eit Noreg i miniatyr». Det kom bru til Osterøy i 1997, så
sjøvegen som ferdselsveg har vore svært viktig for ostringane. Osterøy har hatt ein allsidig og
livskraftig småindustri innan mekanisk-, møbel-, garveri-, tekstil- og næringsmiddelindustri.
Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. I landbruket er det sysselsett kring 300
personer og tømmeryrket står framleis høgt i kurs på Osterøy. Møbel- og garveriindustrien er
for det meste borte, men innan mekanisk så er det mange både store og små bedrifter att på
øya.
I Hosanger bur det omlag 250 personar. Hosanger vert også kalla Mjøsdalen etter gardane
Mjøs, som ligg midt i bygda. Bygda ligg rundt ein lun våg kalla Mjøsvågen. Det er fleire
bedrifter i bygda, dei største er Mjøs Metallvarefabrikk og trikotasjebedrifta Norlender som er
gode arbeidsplassar og lokale grasrot bedrifter. I tillegg er det fleire småbedrifter. Ein 5-6
småbruk, der er kyrkje, Montessoriskule og barnehage. Det er òg mange aktive lag og
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 2
organisasjonar, blant anna Mjøsdalen idrettslag, Hosanger helselag, Mjøsdalen ungdomslag,
Osterøy kunstlag og den ideelle organisasjonen Vener av Mjøsvågen. Desse laga er
representert med minst eitt medlem i Mjøsdalen grendaråd. I tillegg er både kyrkja og
Montesorriskulen representert i grendarådet. Grendarådet arbeider med felles oppgåver for
bygda, slik som byggjefelt, badestrand, julegrantenning og det årlege kulturarrangementet
«Mjøsdalsdagane».
1.1. Disposisjon
Me, underteikna, starta fagkurset i samfunnsentreprenørskap med utgangspunkt i å kunna læra
noko som vil byggje vidare på dei ressursane, og det arbeidet som er allereie lagt ned i
Mjøsvågen. For å innhenta kunnskap og verktøy som kan koma bygda Hosanger, og på sikt
kommunen Osterøy, til gode.
Hosanger er inne i eit treårig livOGlyst prosjekt, eit program for lokalsamfunnsutvikling.
Meir om dette under punktet livOGlyst.
Der har det først og fremst vore fokus på naustmiljøet i Mjøsvågen og dei verna sjøhusa der.
Det har vore viktig og utvikla denne ressursen for å skapa gode møteplassar for sosialt liv i
bygda. Dette har så langt vorte ein suksess, med blant anna kunstgalleri, kafè og
treskoverkstad, gode møteplassar for kunst og kultur.
Fokuset vårt no, med ulike hjelpemidlar og verkty frå kurset, vert å heve blikket og
identifisere ubrukte ressursar i bygda vår, identifisere ”frøa” og innta ein verdiskapande
prosess som kan verta eit gode for heile bygda, der me framleis kan skapa ei levande bygd, og
der me legg grunnmurane for vidare samfunnsentreprenørskap.
I denne oppgåva vil me setja Hosanger på kartet – både geografisk og historisk. I oppgåva
vert både Hosanger og Mjøsdalen brukt som navn på bygda. Oppgåvetekst er «Bygda vår som
kreativ allmenning» som det er knytt seks sentrale spørsmål til:
1. Kva er dei materielle og immaterialle ressursane våre?
2. Korleis kan aktørnettverk sjå ut, og kva roller kan dei ulike private og offentlege
3.
4.
5.
6.
aktørane spela?
Korleis arbeide med mobilisering?
Kva verdiar kan/skal me produsere? (økonomiske?, sosiale?, kulturelle?)
Korleis sikra kvaliteten i verdiproduksjonen?
Korleis kan me motverka at satsinga berre vart eit blaff.
Desse spørsmåla vil me drøfta opp mot vårt «prosjekt», tilslutt i oppgåva kjem ei
oppsummering og konklusjon.
1.2. Mjøsvågen si historie
Går me langt attende i tid var det mange små bedrifter og mykje aktivitet i Mjøsvågen. I dei
verna sjøhusa, rundt heile den lune Mjøsvågen, står minna på rekke og rad. Her har det vore
kisteverkstader, smier, treskoverkstad, metallstøyperi, møbelfabrikk og dampskipskai med
restar etter eit meieri. Det har også vore røykeri, skraphandel, fargeri, ullskoproduksjon,
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 3
knottproduksjon, strømpefabrikk og meir til – eit eventyr av tiltakslyst og skaparglede
gjennom generasjonar.
I Mjøsvågen var det i si tid 5 kisteverkstader. Det var kring 1865 at dei tok til med å arbeida
kister som vart leverte til handelshus i Bergen. I byte fekk dei pengar og byvara. Første del av
1900-talet vart det produsert Amerikakufferter der. I kisteverkstadane vart det i tillegg til
kister også arbeidd skrin, skibskister, verktøykister og kuffertar. I ei kassadagbok frå 19041905 finn me òg at det er laga likkister. Tømmeret kom frå Voss og skulle til Bergen, via
Evanger, ut Bolstadfjorde og vidare ut Osterfjorden. Men ikkje alt tømmeret vart fløytt direkte
til Bergen, for ein del tømmer vart brukt langs fjorden. Såleis kjøpte kisteverkstadane i
Mjøsvågen mykje tømmer på slutten av 1880-talet.
Ein kan på eitt vis tenkja seg at «gründarane» i Mjøsvågen på midten av 1800-talet
symboliserer det som seinare vart stor industri. 2O år tilbake i tid var det mange
møbelfabrikkar på øya, og som tidlegare nemnd så står tømmeryrket framleis høgt i kurs.
I samband med kisteproduksjonen så var det fleire smier i Mjøsvågen, her vart det laga
beslag, hengsler, lister og lås til kister og koffertar. Ein av dei som starta opp som smed i
Hosanger på midten av 1800-talet er forløparen til Mjøs Metallvarefabrikk, det som i dag er ei
av dei største metallvarefabrikkane på Osterøy.
For 30 – 40 år sidan låg sentrum i bygda kring dampskipskaia, der låg fleire butikkar, bank,
bibliotek og post. Eit yrande liv og mange offentlege sosiale møteplassar. Gradvis forsvann
desse møteplassane ein etter ein, og for 27 år sidan var òg den siste butikken borte. Posten
forsvann nokre år seinare.
Med det så var alle dei viktige offentlege møteplassane, der folk kunne møtast på tvers av
generasjonane, borte.
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 4
Husa i Mjøsvågen vart verna i 2001, og i 2004 vart den ideelle organisasjonen Vener av
Mjøsvågen etablert. Målet til organisasjonen var å ta vare på dei gamle flotte byggningane og
å formidla den unike kulturhistorien knytt til Mjøsvågen.
Ein av dei tidlegare kisteverkstadane vart til Hosanger Treskofabrikk i 1924. På den tida var
tresko eit vanleg fottøy, og produksjonen held seg heilt fram til midten av 1950-talet. Då tok
andre skotypar over marknaden, og grunnlaget for treskosalet fall bort. Ei god historie knytt
til dette er at på grunn av ei lønskonflikt så gjekk alle arbeidarane heim og kom aldri attende. I
allefall såg det ut som om arbeidarane var gått heim til lunch då restaureringa av
treskoverkstaden tok til. I 2004 vart treskoverk-staden restaurert og produksjonen av tresko
vart tatt oppatt. Gjennom dugnad har både maskiner og bygning fått "nytt liv" etter 50 år utan
drift. Det vert laga tresko for sal i sju ulike storleikar, etter dei opphavlege måla.
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 5
Eldsjelene knytt til Vener av Mjøsvågen har vore primus motor i arbeidet med restaurering av
kulturminne og ivaretaking av tradisjonelt handverk knytt opp mot naustmiljøet og lokale
industritradisjonar. Arbeidet er prisløna. Vener av Mjøsvågen mottok i septembr 2005 Arild
Haaland sin vernepris for arbeidet som er gjort for å ta vare på dei unike bygningane, og som
stimulering til vidare arbeid. Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd trur Mjøsvågen på sikt
vil bli like viktig som Havråtunet:
«Havrå er blant dei viktigaste kulturminna i Noreg. Eg trur Mjøsvågen med
tida vil bli vurdert på same måte, og at ein i framtida vil bli veldig glade
dersom vi tek vare på det no.» Bygdanytt 11. februar 2011.
1.3 Starten på identitetsskapande mobilisering
Sommaren 2005 starta ein lokal kunstnar og eldsjel opp med kunstgalleri i ein av
kisteverkstadane i Mjøsvågen – Galleri Mjøsvågen. I tillegg til dette fekk ho òg med seg ein
del kunstnarar til å vera med på eit markakunst-prosjekt ute i naturen i Kossdalen. Kossdalen,
som me vil koma attende til i oppgåva, er ein vakker dal på nokre kilometer og som ein kan
gå frå Mjøsvågen. Markakunst-prosjektet viste seg å vera ganske unikt her i Hordaland og
fekk difor ein del omtale i lokalavisene. Dette førte til at både bygdefolk og tilreisande kom
for å ta turen i Kossdalen.
Året etter startar eit par damer opp med kafè i Mjøsvågen. Målet med å starta opp med kafeen
var å skapa ein god sosial møteplass, noko bygda trengde sårt. Det å vera menneske er å vera
sosial, og det sosiale sin plass i kvardagslivet vårt får stor betydning for oss.
1.4. livOGlyst.
I 2008 søkte Vener av Mjøsvågen om opptak i livOGlyst program for lokal utvikling i
Hordaland for å vidareutvikla dei viktige møteplassane som no var etablert. På grunn av
sentralisering og nye samfunnsstrukturar har små bygder mista viktige møteplassar. Me ser at
mange nærbutikkar er lagt ned, fleire ungdomslag slit med rekruttering og aktivitetstilbod. Då
vert det svært viktig å etablera nye møteplassar i lokalsamfunnet der folk kan møtast på tvers
av generasjonar, møteplassar som skaper trivsel og bulyst. Eit eittårig livOGlystprosjekt vart
invilga og arbeidet kunne starta. I 2010 vart Vener av Mjøsvågen på nytt tatt opp i eit eittårig
livOGlyst-prosjekt, og var då godt i gong med å etablera entreprenørskap, fleire aktivitetar og
nye møteplassar i Mjøsvågen. Prosjektet i Mjøsvågen er eit kulturhistorisk prosjekt, der det er
viktig å ta vare på og formidla den unike kulturhistorien knytt til Mjøsvågen. Samstundes som
husa vert nytta til viktige inkluderande møteplassar for kunst og kultur og entreprenørskap.
Begge eittårs-prosjekta vart kalla livOGlyst i Mjøsvågen. I 2011 søkte Vener av Mjøsvågen på
nytt om eit treårig livOGlyst prosjekt, som òg vart innvilga.
Tida var no komen for ein meir ekspansiv fase i prosjektutviklinga. Dette var no mogleg
mellom anna grunna tilrettelegging av infrastruktur den seinaste tida. Prosjektet vart utvida og
satsinga utover sjølve Mjøsvågen. Prosjektet vart difor kalla livOGlyst i Hosanger, som er eit
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 6
vidare omgrep og dekkjer eit større område. LivOGlyst i Hosanger signaliserer eit større
nedslagsfelt for aktivitetar, samarbeidspartar, deling av røynsler, mobilisering for
nyetablering, trivsel og vekst. Hovudmålet til prosjektet livOGlyst i Hosanger er å fremja
entreprenørskap for sosiale møteplassar, vekst og trivsel for bygda og resten av
Osterøysamfunnet. Dels gjennom det som ein allereie har av tilbod og dels gjennom det
grunnlaget som er for å byggja på. Ein freistar å få til nyetablering av verksemder som tar tak
i sosiale utfordringar og også heilt eller delvis kan leve av verksemda. Ein vil òg freista å
finna innovative løysingar på sosiale utfordringar framfor økonomisk profitt. Suksess vert
målt i sosial verdiskaping og kor stor positiv innverknad verksemda har på folk og samfunn –
både i og utanfor Hosanger. Prosjektet har òg som mål at Hosanger skal verte eit dynamisk
knutepunkt for møte mellom menneske med interesse for kunst og kultur og eit reisemål for
opplevingar.
1.5. Mjøsvågen som identitet og møteplass.
Galleri Mjøsvågen held i dag til i ein gamal kisteverkstad og i ein gamal butikk like ved. Her
vert det stilt ut kunst og handverk av ulike utøvarar, frå vel etablerte til meir uetablerte
kunstnarar. Osterøy kunstlag vart etablert i 2010 og driv no galleriet. Galleriet er opent i
sommarhalvåret.
Gjennom vinterhalvåret har gallerihuset vore nytta til andre aktivitetar, som kreative treff for
kvinner, kunstterapi, kinesologi og coaching. Det har òg vore arrangert kurs og kunst- og
handverksaktivitetar der.
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 7
Frå ei utstillingsopning ved Galleri Mjøsvågen.
I Maskinhuset er Mjøsvågen kafè. Den er open i sommarhalvåret og ein særs viktig stad der
folk treffest for sosialt samvære. I tillegg til matservering vert kafeen også nytta til ulike andre
arrangement som intimkonsertar, foredrag, malekurs, m.m.
Vafflane kan nytast både inne og ute når været er fint.
Etter fleire sesongar med kunst og kultur i Mjøsvågen er Hosanger no sett på kartet, og kjent
for sine aktivitetar både på Osterøy og langt utanfor. I Hosanger vil ein byggja vidare på det
særskilte kulturmiljøet som er der og inkludere folk langt utover det lokale bygdemiljøet i
kreative verksemder. Dette vil skape ringverknadar for heile Osterøy, og også regionalt.
Hosanger har svært mykje å tilby både fastbuande og besøkjande, og ein kan tilby kreative
personar frå nær og fjern eit ope og inkluderande bygdemiljø.
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 8
Pr. i dag kan Hosanger skilta med treskoverkstad, kafé, galleri, galleributikk, Osterøy
kunstlag, kunstterapi, kinesologi, coaching, gullsmed, ”land art” kunstløype, Montessoriskule,
eit særs aktivt helselag og idrettslag. På ein av gardane er eit ysteri under bygging.
Mjøsvågen og Hosanger sin identitet er endra over tid. Dei fleste som besøker bygda vår no
kjem der på gunn av dei sosiale aktivitetane. Dei vil sjå ei kunstutstilling og gå på kafèen vår.
Dei færrast kjenner til husa si opphavelege historie og at Hosanger tildlegare var eit
kommunesenter. Ein «stad», som Mjøsvågen eller Hosanger, vart tradisjonelt oppfatta som ei
geografisk eining som forma menneska som levde der. I dag er det heller fokuset på korleis
menneska skaper stader som meiningsfylte einingar. Torunn Selberg og Hans-Jakob Ågotnes
skriv i ein artikkel om stad og identitet at stad vert forstått som noko meir enn si plassering i
(det abstrakte) rommet, det handlar om dei konkrete tankemessige samanhengar som gjer at
me identifiserar ein lokalitet som ein bestemt stad: Kva forestillinger har me knytt til staden
og korleis gjer me det til ein meningsfull størrelse? Slike forestillingar er ikkje fastlagt ein
gang for alle, men vert skapt og gjenskapt kontinuerlig. Stadidentitet vert difor eit resultat av
stadig pågåande kulturelle prosessar. (Selberg og Ågotnes 2002)
I Mjøsvågen er fleire av aktivitetane /møteplassane tufta på sosialt entreprenørskap. På
Wikipedia vert sosialt entreprenørskap definert som:
«Sosialt entreprenørskap er en form for entreprenørskap som handler om å
bruke virkemidler fra forretningsverdenen for å bidra til å løse problemer
som er knyttet til sosiale og samfunnsmessige forhold. Det legges gjerne til
grunn av motivasjonen for slik virksomhet i hovedsak ikke er profittdrevet.»
(http://no.wikipedia.org/wiki/Sosialt_entrepren%C3%B8rskap)
Både kafèen og galleriet er kun opne i sumarsesongen og hovudformålet her er å skapa sosiale
møteplassar som bygda treng. Vår oppleving av ein stad vert forma gjennom samhandling
med andre, me får eit nært forhold til mennesker og stader. Som sosialt vesen treng me difor
møteplassar for å fungera.
2. Samfunnsentreprenørskap – ide og sentrale spørsmål.
I denne delen tek me for oss dei sentrale spørsmåla oppgåva stiller. Kva er unikt i Hosanger
og som me kan byggja vidare på for ny samfunnsutvikling i framtida? Korleis kan me bruka
historie og ressursar til å utvikle nye møteplassar, (identitet) og nye arbeidsplassar?
2.1 Kva er samfunnsentreprenørskap?
På Hordaland Fylkeskommune sine nettsider Kom-an.no finn me denne definisjonen på
samfunnsentreprenørskap:
«Samfunnsentreprenørar er offentlege og private initiativtakarar som
utvikler prosjekt av samfunnsnyttig karakter i lag med andre. Ein
samfunnsentreprenør tek initiativ til kreative møte, nye prosjekt og tiltak.
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 9
Han eller ho fangar opp impulsar i regionen, mobiliserer lokalsamfunnet og
set aktuelle problemstillingar på dagsorden. Slik initierer ein debattar som
ikkje lét seg avgrense til kommunal politikk åleine, og som samtidig ikkje er
nasjonal i karakter.
Som samfunnsentreprenør står du fram som ein attraktiv
samarbeidspartnar i utviklingsarbeid i kraft av kunnskap og interesse. Du
er ein arena- og nettverks-byggjar og sørgjer for at ressursane vert retta inn
mot viktige utmaningar og moglegheiter, som kjem fleir enn deg sjølv til
gode».
(http://kom-an.no/index.php?option=com_content&view=article&id=301&Itemid=400)
Gry Agnete Alsos refererer til Zahra sin definisjn på samfunnsentreprenørskap:
«Samfunnsentreprenørskap omfatter aktiviteter og prosesser som
gjennomføres for å finne, definere og utnytte muligheter til å øke sosial velferd
ved å skape nye orgaisasjoner eller ved å drive eksisterende organisasjoner på
en innovativ måte» (Alsos 2011).
På bakgrunn av punkta ovanfor meiner me at på Hosanger har dei lange tradisjonar for
samfunnsentreprenørskap, og nedanfor vil me gje nokre eksempel på det.
Det første eksemplet er om skulenedlegginga. Etter at det meste av offentlege møteplassar i
Hosanger var vekke vart skulen no ein særs viktig møteplass. På skulen dreiv dei med såkalla
PSK-arbeid (Praktisk Sosialt og Kulturelt), der elevane hjelpte dei eldre i bygda med blant
anna å måka snø, bera ved, pluss andre mindre tenester. Bygda sitt idrettslag, som har stor
aktivitet, brukte både skuleplassen og gymsalen. Så då kommunestyret i 1996 vedtok å leggja
ned fleire skular på Osterøy, blant anna den på Hosanger vart det ramaskrik. At skulane skulle
leggjast ned ville korkje foreldre eller andre i bygda godta. Dei nekta å senda borna sine til
nabobygda, og med rektor og foreldra i spissen starta dei kampen for å behalda skulen. Skulen
var ein stad der viktige høgtider vart markerte og elles ein arena for andre bygdearrangement.
Den var difor ein svært viktig offentleg møteplass som inkluderte alle generasjonane i bygda.
Dei fleste foreldra var med på kampen og då skulen vart nedlagt starta foreldra med å
undervisa borna sine sjølve. Politikarane i kommunen fekk ikkje fornya tillit, og eit nytt
kommunestyre bestemte seg for å likevel oppretthalda skulane. Men etter litt att og fram, vart
skulane nedlagde og då vart det etablert ein Montessoriskule i Hosanger. Den er no den
einaste i sitt slag på Osterøy og det viser seg at denne skulen er svært populær, hit kjem det
mange born frå andre bygder òg. I dette eksemplet var det foreldra og ikkje minst rektor ved
skulen som var eldsjelene og pådrivarane. I denne skulekampen var det fleire viktige moment;
det eine var omsynet til borna, dei fleste foreldra ville ikkje senda borna sine med buss på
smale, farlege vegar. Men eit anna, og ikkje minst like viktige momentet, var at skulen alltid
hadde fungert som ein særs viktig sosial arena. Og dessutan så kan ein ikkje håpa på tilflytting
til ei bygd utan skule eller andre sosiale møteplassar.
Det andre eksemplet me vil syna er Hosangerheimen, eller «gamleheimen», som den òg vart
kalla. Hosangerheimen vart nedlagt då det nye Osterøytunet vart opna og teke i bruk.
Helselaget hadde vore nedlagt i mange år, men eit par eldsjeler fekk skipa Hosanger Helselag
på nytt for å kunna eiga, byggja om og driva tidlegare Hosangerheimen som eldrebustader.
Helselaget fekk nemleg i 2005 kjøpa sjukeheimen for 1,- kr. av Osterøy kommune.
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 10
Bygdefolket la deretter ned ein enorm dugnadsinnsats slik at Hosangerheimen vart ombygd til
15 eldrebustader og ein hybel. Hosangerheimen er bygd slik at det òg er eit fellesrom, som
kan nyttast til møte og festlege lag, dette kan også leigast av folk som ikkje bur der. Her vert
det i tillegg arrangert småbarnstreff ein gong i veka. Det siste nye er at Helselaget har søkt og blitt tildelt - pengar til eit trimmrom. Dette er eit svær vellukka prosjekt og ein vinn-vinn
situasjon for både Helselaget og kommunen. Helselaget har i tillegg vorte entreprenørar og
tener pengar på å leiga ut, medan Osterøy kommune får disponera fleire av leiligheitene og får
inntekter av det. Det var nokre eldsjeler som sette i gong prosessen og mobiliserte til ein
enorm dugnadsinnsats. Noko som igjen skaper samhald i bygda, og nærheit og eigarskap til
staden ein bur.
Alsos seier at på same måte som entreprenørar i næringslivet bidreg til å skapa økonomiske
verdiar, skaper samfunnsentreprenørar eller eldsjeler samfunnsmessige verdiar. Dei fokuserar
på fellesgoder og søkjer å skapa økonomiske, sosiale og/eller miljømessige verdiar for
samfunnet. Samfunnsentreprenørskap kan dermed bidra til å endra samfunnet, sjølv om det
kanskje har begrensa økonomiske konsekvensar (Alsos 2011).
2.2. Kva er dei materielle og immaterialle ressursarane våre
i Hosanger?
Det er to typer ressursar – materielle og immaterielle. Materielle ressursar er verdier i form av
materielle eigendeler. Døme på det kan vera olje, bygningsmasse, skog og natur. Immaterielle
ressursar er ikkje-fysiske verdiar, og døme på det kan vera folkediktning, språk, ritual, sosiale
skikker og kunnskap.
Rhys Evans har utvikla ´5 capitals Model´ for berekraftig utvikling i lokalsamfunn.
Her snakkar han om fem typer verdibasert ressursutvikling. Desse er:
·
Naturkapital - som er naturen rundt oss som skog, landskap, vatn, jord, mineraler,
karakteristikk i landskapet.
·
Menneskelig kapital – I form av arbeidsplassar, kunnskapsbasert, utdanning og
opplering, helse og velvere.
·
Sosial kapital - som forståelse for samfunnet, ressurspersonar, personar med interesse
i/for, (interessenter), lederskap.
·
Produsert kapital - eksempelvis arkiologi, bygningar og bygd arv, transport og
infrastruktur, trafikk og tilgjengelighet, produksjon og bruk av energi, IT og
kommunikasjon.
·
Økonomisk kapital - dette kan vere tilskot som for eksempel Liv og Lyst, eller andre
tilskot til fornying av bygda. Tildelte pengar fra kommunen, legater og andre.
Dette kan vere med å vise verdien i det dei forskjellige aktørane fører inn i prosjektet, så alle
føler seg likeverdige i eigarskapet av godene.
Her er ei liste over ein del av dei materielle ressursane som er i bygda vår og som delvis er
tekne i bruk, men som framleis har stort potensiale for vidareutvikling.
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 11
Det verna naustmiljøet i Mjøsvågen. Fleire av husa er allereie tekne i bruk , men der er
framleis fleire bygningar som kan brukast. Spesielt eit flott gamalt murhus som det er knytt
mange aktivitetar og historiar til. Naustemiljøet har fått liv i bygda på ein ny måte, samt at det
vert ei opning for å invitera folk inn til bygda.
Dampskipskaia ligg midt i Mjøsvågen og me er mange i bygda som drøymer om å få rusta
kaia opp att. Me drøymer òg om å få bygd eit nytt hus på grunnane etter det gamle meieriet,
med innlagt vatn, straum og toalett slik at me blant anna kan ta imot båtturistar.
Her er den gamle veteranbåten D/S Oster på besøk i Mjøsvågen
Kyrkja ligg sentrealt i bygda, og er ein god ressurs som konsert lokale/ kulturhus. Bjørn
Eidsvåg, Sigvart Dagsland og Herborg Kråkevik er blant artistane som har hatt konsertar der.
Og til sumaren skal kyrkja vera utstillinglokale for tekstilkunstnaren Borgny Svalastog.
Mellom Mjøsvågen og kyrkja ligg badestranda, som vart laga på dugnad på byrjinga av 1990talet. Badestranda er eit naturleg knutepunkt og samlingsstad sumarhalvårdet. Stranda treng
opprusting, og det er søkt om midlar for å lage eit sikrare og finare område som òg kan nyttast
med rullestol og barnevogn. På Osterøy har denne badestranda vore kjend som ei av dei
finaste strendene på øya.
Nordaust for kyrkja ligg «Prestamyra», i fleire generasjonar har denne staden vore nytta som
«fotballbane» i sumarhalvåret, og slik vore ein viktig møteplass for born og ungdom. I over
30 år har det vore ytra ynskje om ballbinge her.
Ungdomshuset som er heile bygda sin ressurs. Fyrste etasjen er nyopppussa og klar til alt frå
pubkveld til barnebesøk. Huset er også ein ressurs for skulen, som nyttar dette til gymsal.
Montessoriskulen og Hosangerheimen som er nevnt ovanfor.
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 12
Fjella ovanfor bygda, Åsheimveten og Tveitafjellet, her er flott natur og utsikt og mykje
brukte turløyper.
Dei ressursane me derimot har valt som eit prosjekt innan samfunnsentreprenørskap er knytt
til den vakre Kossdalen med sin magi, dramatikk, historier og segn. Dei immaterielle
ressursane me vil bruke er dei historiane som er knytt til desse materielle ressursane.
2.3. Ide – prosjekt for samfunnsentreprenørskap
Grunnen til at me har gjort dette valet er at me som livOGlystprosjekt fekk tilbod om eit
kompetansetiltak gjennom Hordaland fylkeskommune. I regi av Scandinavian Surface deltok
me på kurset «Design i identitetsbygging og prosjektutvikling».
Ved hjelp av Scandinavian Surface, synte dei oss potensialet som ligg i den vakre og
dramatiske Kossdalen, med alle sine tilhøyrande segn og historiar. Me ser for oss at
Kossdalen og Dampskipskaia skal verta nye trekkplaster for bygda og tilreisande.
Kossdalsvegen var hovudsambandet mellom Hosanger og bygdene lenger inne på Osterøy, og
kyrkjeveg for fleire gardar til Hosanger kyrkje, den tida Hosanger var eigen kommune. Innst i
Kossdalen, ved enden av det store mørke Kossdalsvatnet, går vegen opp ei bratt ur med 17
krappe hårnålsvingar, kalla Kossdalssvingane. Det er 300 m å gå til svingane frå Svenheim,
og ca 2 km å gå gjennom Kossdalen frå Hosanger. Vegen mellom Hosanger og bygda
Svenheim, som går opp gjennom det bratte Kossdalsskaret, er med sine mange slyngar og
kraftige stigning eit særmerkt kulturminne frå vegbygginga på Vestlandet i 1880-åra. Dette
var i si tid Nord-Europas brattaste riksveg med ei stigning på 27%, mot 20% i
Stalheimskleivane.
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 13
http://www.bygdanytt.no/turtips/article886524.ece
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 14
Kossdalen er generelt mykje brukt som tur og rekreasjonsområde og er ein svært attraktiv
plass for turgåarar, treningsfolk og turistar. Den er òg godt tilgjengeleg for både sykkel og
barnevogner. Vegen er gruslagt og lett tilgjengeleg også for rørslehemma.
Kossdalsvegen sett nedanfrå
Kossdalsvegen sett frå toppen med utsikt
over Kossdalsvatnet.
Me tenkjer at i Kossdalen er det potensiale for mykje som kan utviklast. Det er få, eller ingen
stader, innover i Kossdalen der ein kan slå seg ned på ein benk for å eta nista si eller drikka
kaffien sin. Så me ser for oss ei mobilisering til ein dugnad i bygda, der det skal lagast fleire
rasteplassar innover i dalen, og sjølvsagt ein rasteplass på toppen av svingane. Det skal vera
grindabygg med bord, benker og ei lita grue, og slik skapa nye møteplassar, der ein kan
treffast heile året. Med Kossdalen og Kossdalssvingane som trekkplaster kan Mjøsvågen og
Hosanger verta aktiv som ein del av ein større tanke.
Området kan også utnyttast kommersielt av lokale akørar ved at ein blant anna kan få kjøpa
Kossdalssmykke, Kossdalsost, Kossdalsgensar. Me kan arrangere Kossdalsmarsjen,
Kossdalsrittet (sykkel) og Kossdalsløpet. Idrettslaget har allereie eit arrangement dei kallar
«Kossdalsvingane opp» ein gong i året.
Sykkelutleige vert òg nødvendig. Me opplever at det kjem besøkjande til Mjøsvågen som
gjerne skulle sett Marka-kunsten i Kossdalen. Men sidan det er eit stykke innover så blir det
ikkje tid til å ta turen.
Den viktigaste immaterielle ressursen i Kossdalen er segnet om brudefølget som gjekk
gjennom isen på Kossdalsvatnet. Eit brudefølge frå garden Svenheim var anten på veg til
kyrkja på Hosanger eller så var dei på veg heimatt, dette var på vinterstid, og alle gjekk
gjennom isen og drukna. Somme tider den dag i dag skal ein kunna skimta brudekrona i det
djupe Kossdalsvatnet.
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 15
Brudekrona vart laga første gongen det vart arrangert Marka-kunst i Kossdalen.
Men det er også ei historie om eit varp, om å kasta ein stein på ei steinhylle i ein av svingane,
og vart steinen liggande så kunne ein ynskja seg lukke på vegen.
Ved bruk av interpretasjon kan me kommunisera historiane knytt til Kossdalen. I følge EliGrete Høyvik (2004) så handlar interpretasjon om spesielle stader – ein bygning, eit landskap,
noko frå folkelivet, ei bygd, ein gjenstand eller ei samling, ein industri, ei historisk hending
eller periode, ein aktivitet. Interpretasjon er ei blanding av kommunikasjonsprinsipp frå
mange profesjonar. Vidare gjev ho ulike døme på former for kva interpretasjon kan vera:
•
Turar med støtte: Guida turar, interpretive stiar, brosjyrer skilt.
•
Presentasjonar: -lysbildeshow eller andre visuelle medium, teater og dokketeater,
interpretive filmar, utstillingar, historiske rollespel (levande historie),
historieforteljing, demonstrasjonar.
•
Erfaring: Delakande verkstad, leikar, fysiske aktivitetar og opplevingar som
appellerer til kjenslene våre.
Me vil setja opp skilt innetter vegen, som kan fortelja sagna og historiane. Ein kreativ lokal
aktør kan heilt sikkert utvikla dette til eit kommersielt konsept òg.
Interpretasjonsplanlegging kan vera ein nyttig reiskap for å bli medvitne om kva og korleis vi
skal syne fram natur- og kulturarven i kommunar og lokalsamfunn.
Høyvik seier at lokalsamfunn som skal utvikle sin eigenart og lokale profil, bør ta
utgangspunkt i det autentiske og ekte i kultur/ historie eller natur/klima – det som gir «a sence
of place» både til den besøkjande og innbyggarane (Høyvik 2004).
Det har i fleire år vore laga ei MARKA-kunst løype innover i Kossdalen. Markakunsten er
inspirert av kunstforma Land Art, som består av kunstinstallasjonar laga av forgjengelege
naturmateriale. Nokre av verka vert ståande i fleire år, medan andre har relativt kort levetid.
Det nedbrytelege er ein viktig del av konseptet. MARKA-kunst løypa går frå Mjøsvågen og
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 16
innover Kossdalen. Etter at MARKA-kunstløypa vart opna for første gong i 2005, har det
vore ein større pågang av folk, særleg i sommarhalvåret. Det kjem folk frå heile Osterøy og
kringliggjande kommunar og turistar til Kossdalen for å nyte både natur og kunst. Tema for
den første Markakunst-løype var nettopp segnet om brudefølget.
Den lokale kunstnaren som sette i gong med dette prosjektet minnar om den nyskapren
Lønning omtaler boka si «Kva er nyskaping?». Lønning seier:
«Nyskaparen skaper seg sjølv, han eller ho gjer verda til si, han eller ho
skaper nye analogiar og forteljingar om det å vera lokale menneske i ei
global tid – kulturelle, sosiale og materielle forteljingar. Han eller ho leikar
med det lokale ressursgrunnlaget og byggjer framtid med basis i dette. Han
eller ho byggjer staden og identiteten på nytt» (Lønning 2010).
Marka-kunst instalasjon ved Kossdalsvatnet.
2.4. Korleis kan aktørnettverk sjå ut, kva rolle kan dei ulike private
og offentlege aktørane spela?
Aktørnettverket i vårt tillfelle vil først og fremst vera eldsjeler, grendarådet og grunneigarane i
Kossdalen. Me tenkjer Grendarådet, som representerer alle lag og organisasjonar i bygda, må
stå for organisering og mobilisering til dugnad.
Lønning seier at skal me få til dei verdiskapande prosessane må lokalbefolkninga delta; lokal
aktivitet må kanaliserast/styrast – forvaltast – i ei bestemt felles retning og mot eit felles mål.
Kapitalforvaltning handlar om å kanalisera og styra ressursar for å skapa vekst (Lønning
2012).
Eldsjela er den som startar prosessane:
«Eldsjela er den som gjer meir enn forventa. Medan andre utfører dugnad på
tilmålt tid, har eldsjela dette ekstra drivet. Det verkar som om han/ho finn
personleg glede og motivasjon i å halda på» (Lønning 2012).
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 17
Lønning meiner at eldsjela er eit av dei aller fremste døma me har på genuin innleving, og at
nyskapande handling kjem som eit resultat av personleg nærleik og ei direktefølt kjensle av at
det ein gjer, gjev meining.
Ved å byggja på fellesskapet og mobilisera folk kan samfunnsentreprenørane bruka den sosial
kapitalen i lokalsamfunnet, i tillegg får dei tilgang på finansiell kapital og andre ressursar. For
å kunna mobilisera folk på denne måten må folk ha tillit til eldsjelene som går i bresjen for
utviklinga, dei må ha tiltru til prosessane som skal gjennomførast (Alsos 2010).
Private aktørar vil vera dei store bedriftene i bygda og dei vil kanskje bidra med litt penger.
Osterøy kommune, som offentleg aktør, vil nok stilla med ressursar, men ikkje i form av så
mykje penger.
2.5. Korleis arbeida med mobilisering?
Hosanger har rike tradisjonar for samhald, identitetskaping, dugnadsånd, lokal kultur, hardt
arbeid og entreprenørskap. Bygda Hosanger er ei ressurssterk bygd, og innbyggarane har
alltid stått saman i «motvind», som ved skulenedlegginga, eller andre saker som har vore særs
viktig for felleskapet.
Mobilisering må skje gjennom motivering og samhald. I starten er det viktig å ta seg tida til å
snakke med enkeltpersonar, slik kan kanskje mobiliseringa skje lettare etterkvart. Ei
utfordring ligg i at alle har det så travelt. Det er fleire som seier dei er med hvis nokon andre
setter igang og tilrettelegg. Det kan vere lurt å identifisere kva den enkelte ynskjer å gjera av
dugnadsarbeid, at ein kan få gjera det ein er god på.
I fylgje Barstad (2012) kan aktivisering til handling for å fremma eigne/felles interesser
stimulerast ved å styrka felles oppfatningar om utviklingtrekk og utfordringar og om korleis
ein kan arbeide for å nå felles mål. Det å skape kunnskap og oppslutnad om eigne ressursar
vert såleis viktig i mobiliseringsarbeidet.
Den største utfordringa i dag, slik me ser det, er at sjølv om det er aktivitetar i laga i bygda, er
det lite kommunikasjon mellom dei ulike laga. Årsaka kan vera mangel på gode møteplassar
heile året. Kafè og galleri i Mjøsvågen er berre opent i sumarhalvåret. Grendarådet, som har
lagt i dvale det siste året, skal no re-definera seg sjølv, og sine oppgåver. I dette høve er denne
oppgåva mitt i blinken, då me ser for oss
grendarådet som motivasjon- og
mobiliseringsorgan, utelukkande for bygda sitt beste.
2.6 Kva verdiar kan/skal me produsera - økonomiske?, sosiale?, kulturelle?
Me kjem først og fremst til å produsera dei sosiale og kulturelle verdiane. Men som tidlegare
nemnt så ligg det til rette for å produsere økonomike verdiar.
Dag Jørund Lønning har laga ein modell som syner korleis ei bygd/stad kan vera som kreativ
allmenning. Der “frøet” er fellesgoder i ressursgrunnlaget vårt, og omgjort til “frukt” gjev
privat gode/ individuell bruk av fellesgode. Den ser slik ut:
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 18
(Individuell bruk av
fellesgode)
Privat gode
(frukt)
Ny fellesverdi gjennom
positiv tilbakemelding frå
marknaden,
Fellesgode i
ressursgrunnlag
(frøet)
Positive erfaringar gjev
auka motivasjon for å
delta i det kollektive>
Lokal foredling:
Varer
Tenester
Opplevingar
Privatbruk av kollektive
symbol
Opplevd identitet
Allmenning:
BILETE
AV
BYGDA/ STADEN
Historiar om region,
landskap og naturgrunnlag
Næringshistorie
Kulturarv og kulturhistorie
Folkekultur og folkeliv
Myte- og segnmateriellet
Naturopplevingar
Lokal naturbruk og –
kunnskap
Innarbeid tradisjon for sosial
inkludering
Dugnadsånd
Marknadsverdi
= produkt + historie
(historia er formidla verdi
av fellesgoda)
Omsetjing til privat verdi
gjennom
< engasjement, leik og
nyskaping
Bygda som kreativ allmenning
Definisjon på allmenning her er fellesgoder for alle og som kan brukast av alle. Kreative
allmenningar er eit nettverk der individuelle nodar aktivt brukar det lokale ressursgrunnlaget i
tråd med eigne ynskje, interesser og verdiar. Engasjement vert oppmoda, det same vert den
frie leiken med ressursane (Lønning 2012).
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 19
Dersom me brukar modellen til Dag Jørund Lønning så kan me tenkja oss det slik:
Kossdalen og Kossdalssvingane som
kreativ allmenning.
2.7. Korleis sikra kvaliteten i verdiproduksjonen?
Bilete av staden og det spesielle ved staden er kan hende den viktigaste ressurs ein har for
vidare utvikling. [ ] Positive assosiasjonar rundt staden må skapast eller eventuelt utnyttast i
vidare marknadsføring både internt og eksternt for å få denne typen kumulativ vekst, som
kulturøkonomien forfektar, i gong seier Lønning (2003). Den kulturøkonomiske tenkjemåten
dreier seg om å kunna nytta dette lokale ressurstilfanget på nye og tidsretta måtar, både i høve
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 20
produksjonsutvikling, men også, ikkje minst, for å kunna skapa ny interesse for og identitet til
staden.
Ved å inkludera og invitera så mange som mogeleg til prosessane. Invitera til involvering frå
fleire hald. Det er viktig å skape tillit, og at kvar enkelt får gjera det dei er gode på. Finna
noko alle kan stå saman om og føler eigarskap til -- identifisere ‘frøet’. Motivere folk til å
skapa si eiga verd og slik vera med å skapa den bygda ein sjølv har lyst å bu i.
Kulturøkonomi er difor å ta utgangspunkt i sitt eige, det ein har og kan som ingen andre har
og kan. Kulturomgrepet er i denne samanhengen på eit vis knytt til eit territorium: lokalt,
regionalt, og eventuelt nasjonalt. Det spesielle med kulturøkonomien er at dette stadlege
identitetsfokuset heng tett saman med økonomisk utvikling. Nyare forsking syner klare
samband mellom lokal kultur/identitet og økonomisk utvikling. Ein sterk lokal identitet
medfører både aukande vilje og evne til å nytta og å sjå med nye auge på lokale ressursar i
økonomisk utvikling (Lønning 2003).
Frå opninga av Marka-kunst løypa 2011.
2.8. Korleis kan me motverka at satsinga berre vart eit blaff?
Målet med dugnad er å samla bygda, og ved å fokusere på dei positive endringane som skjer
ved at ein er med på skapa noko varigt vil kunna føra til vidare motivasjon og ein form for
eigarskap for dei involverte.
Det er viktig å ha eit sterkt og funksonelt Grendaråd, der fokuset er å arbeide for bygda sitt
beste.
Me meiner at ein dugnad, som har som mål å skapa felles rom og møteplassar, og som
involverer alle vil vera ein bra start for vidare kreativt arbeid. Det vil òg vera til det beste for
alle i bygda. Med Hosanger og Kossdaen som kreative allmenningar så er det i fylgje Lønning
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 21
ein arena der mennesket på same tid er både individ med full fridom og medlem av ein lokal
fellesskap. Så lenge basis for den individuelle ressursbruken er lokale fellesgode, vil ein kvar
privat bruk vera med og byggja vidare på ressurstilfanget (2012).
Dag Jørund Lønning har kome fram til at det berre fins ein måte bygda og småstaden kan
lukkast som attraktiv og spennande leve- og utviklingsrom i urban samtid, og dette handlar
nettopp om å setja seg sjølv i førarsetet og ta over verdistyringa (Lønning 2012). Me set i
førarsetet med Hosanger si historie som ryggstøtte, og framtidas potensiale og visjon i
blikkfang! Veien vert til etterkvart, men det som er klart er at sola stig i horisonten!
3. Oppsummering og konklusjon:
I denne oppgåva skulle me sjå på bygda vår som innovativ allmenning, me skulle peika på
kva me har av materielle og immaterialle ressursar som kan utviklast vidare. Me valgte å sjå
nærmare på korleis me kan utvikla ressursane knytt til Kossdalen og Kossdalssvingane. Me
har vidare - ved hjelp av ulike teoriar frå kurset i samfunnsentreprenørskap, drøfta spørsmål
som aktørnettverk, mobilisering og verdiproduksjon knytt til prosjektet vårt. For å
gjennomføra prosjektet i Kossdalen og motverka at satsinga berre vert eit blaff, så meiner me
at dei to viktigaste føresetningane er eit sterk Grendaråd, som kan stå for mobiliseringa av alle
lag og organisasjonar og pengar. Ved å laga gode møteplassar i Kossdalen, i form av benkar
og bord og evt. grindabygg, så trur me at dette området vil verta eit mykje meir nytta
turområde året rundt. Ved å leige ut sykklar i sommarsesongen kan fleir ogå vitja
Markakunst-løypa. På sikt tenkjer me at dette prosjektet også kan verta ein del av ei
merkevarebygging; med ein gullsmed, eit ysteri og Norlender trikotasjebedrift i bygda så kan
det produserast smykke, ost og gensarar med Kossdalssvingane på.
Som tidlegare nemnd i oppgåva er det mange ressursar å ta tak i på Hosanger. Men ved å
starta med Kossdalen og Kossdalssvingane som integrering-, inkludering og grunnsteinsprosjekt, så er dette overkomeleg og med suksess i dette prosjektet kan me byggja vidare for å
jobba blant anna med Dampskipskaien, Murhuset og andre spanande prosjekt.
For å mobilisera trengs det ei eldsjel, og klarar du som eldsjel først å få med deg ein til så
kjem det ofte fleire etter. Ein må våga å først dansa litt åleine for å mobilsera dei som sit på
gjerdet, sjå http://www.youtube.com/watch?v=fW8amMCVAJQ
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 22
Litteraturliste:
Alsos, Gry Agnete 2011: Ildsjeler og samfunnsentreprenørskap. Innovative Bygdmiljø.
Bergen: Fagboklaget.
Høyvik, Eli-Grete 2004: Interpretasjonsplanlegging – om å foredle skattane i Bygde-Noreg. I
Roar Amdam og Oddbjørn Bukve (red): Det regionalpolitiske regimeskiftet – tilfellet Noreg.
Tapir akademisk forlag.
Lønning, Dag Jørund 2003: Den Norske Bygda og Den Store Verda. Om lokal utvikling i ei
global tid. Bø: Telemarksforskning.
Lønning, Dag Jørund 2010: Kva er nyskaping? Om fridom, skaparglede, framtid og
fellesskap. Ål: Boksmia forlag
Lønning, Dag Jørund, Johan Barstad og Rhys Evans 2012: Tilflyttarar til utkant-Noreg?
Tilflyttingsbygda Finnøy viser veg. HLB Rapport.
Selberg, Torunn og Hans-Jakob Ågotnes 2002: Redaksjonelt i Tidsskrift for kulturforskning
nr. 3-4. Oslo: Novus forlag.
Kossdalsbrosjyra utgitt av Statensvegvesen og Osterøy kommune.
Turkart over Kossdalen er henta frå Bygdnytt http://www.bygdanytt.no/turtips/article886524.ece
Bileta er henta frå Tom Skauge, Cathrine Bysheim og elles lasta ned frå internettsidene:
http://www.google.no/search?
q=hosanger&hl=no&prmd=imvns&tbm=isch&tbo=u&source=univ&sa=X&ei=BTuQT9HZE87P4QTkou2CBA
&sqi=2&ved=0CEAQsAQ&biw=1093&bih=538&sei=FjuQT--dOcf34QT1p7mIBA
Mellom Kultur og Natur – Hosangerbygda som innovasjonsallmenning
Prosjektoppgåve i Samfunnsentreprenørskap av Åse Nilssen og Cathrine Bysheim
side 23