Kyrkjenytt nr 6 - Voss kyrkjelege fellesråd

for Vossabygdene
Ny salmebok
Kyrkjelydane kan ta i bruk
ei ny salmebok frå 1. sundag
i advent. Soknemøta avgjer
om så skal skje. N13 inneheld
899 salmenummer, mykje frå
salmeboka vi har no, men også
240 nye salmar, mange av dei
nyskrivne. Les meir og sjå døme
på ein ny salme på side 4.
T-dagar
Det har alt vore mange
T-dagar i haust – og
fleire kjem. På sidene
5-7 kan du lesa om og
sjå bilete frå T6 og T9
på Evanger, Voss og
Vossestrand.
Nr 6 - 2013, 72. årg.
Sorggruppe
«Det er ikkje sant at tida lækjer
alle sår». I haust vil det verta
starta opp sorggruppe på Voss
som eit tilbod til etterlatne i
Voss, og nabokommunane. Prest
og diakon tek imot menneske i
sorg til samtalar.
Les meir side 9.
KYRKJA I VOSS
TANKAR
2
977 74 489
408 53 537
474 62 435
474 62 435
952 62 026
995 18 194
952 62 025
478 49 134
404 40 461
952 62 084
980 64 594
414 75 383
915 98 410
414 68 733
996 00 940
Prestetenesta:
Sokneprestkontoret på Voss
56 51 96 68
Uttrågata 5, kontortid mån-fre 9-11,
eller etter avtale
Sokneprestkontoret på Vossestrand
Oppheimstunet 76
56 52 24 73
Prost i Hardanger og Voss Arild Hellesøy
906 99 533
[email protected]
Sokneprest Voss/Evanger Ivar Molde
993 53 145
e-post: [email protected]
Sokneprest Oppheim/Vinje John Ove Thaule
e-post: [email protected]
952 62 085
Kapellan Kjersti Brakestad Boge
952 62 022
e-post: [email protected]
Prostiprest i Hardanger/Voss Magnar Haaland
415 46 366
e-post: [email protected]
Soknerådsleiarar
Evanger, Anny Karin Forthun
Voss, Britt Trefall Hernes
Raundalen, Nanna Nordahl
Oppheim, Leif Inge Hauge
Vinje, Aud Walaker Hutchinson
481 36 520
905 89 500
917 58 826
959 10 536
907 54 840
Kyrkjelyden si besøksteneste
Er du mykje åleine?
Kjem du deg lite ut?
Slit du med sjukdom og treng nokon å
kunne snakke med?
Då kan kanskje ein besøkjar kome innom deg, ein som
har tid til ein god prat, og har teieplikt.
Ein besøkjar kan være med å gjere ein forskjell i
kvardagen!
Ta kontakt med:
Kyrkjekontoret på Voss
v/Diakon Sigrid D.Mala.
tlf. 47 84 91 34
Kyrkjenytt
Framsida:
T3 - Undretur i Vangskyrkja.
Kapellan Kjersti Brakestad
Boge lærer 3-åringane om
dåp. Foto: Tone Brekke
(Vi tek gjerne imot gode
framsidemotiv frå andre.)
Utgjeve av: Voss Kyrkjelege
Fellesråd saman med
Evanger, Voss, Raundalen,
Oppheim og Vinje sokneråd.
Besøksadresse:
Magasinvegen 35,
Tvildemoen
Postadresse Pb. 562,
5703 Voss
E-post: kyrkjebladet@voss.
kyrkja.no
Kontonr: 3480.30.56775
Telefon (red.) 915 98 410
Redaksjonsnemnd:
Brit Furre, Aud Wallaker
Hutchingson, John Ove
Thaule og Arne Mosefinn
(red.)
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13
Kyrkja si
besøksteneste
i Voss
kommune
Grafisk utforming:
Åslaug Styve Mjånes
Trykk: v/ Voss Prenteverk
Opplag: 6000 eksemplar
Neste nummer vert
Jolekveld i kyrkjelyden.
Det kjem ut i veke 48. Frist
for levering av stoff til
redaksjonen er 22. oktober.
Sauen som gjekk seg vill
Av Knut Farestveit
I landet vårt er me så heldige at
me har fire svært så ulike årstider.
Alle årstidene har sin sjarm, og det
er viktig å sjå det som er positivt i
kvar årstid. Det kan vera lett å tenkja
på hausten som noko vemodig.
Sommaren med varme og solfylte
dagar er slutt, og ferien er
over. På den andre sida slår
dei vakre fargane i naturen
til for fullt, og den klare
haustlufta gjer fjellturane
finare enn elles i året.
Andakten
Kyrkjeverje Hans Soldal
e-post: [email protected]
Ass. kyrkjeverje Åslaug Styve Mjånes
e-post: [email protected]
Sekretær Idunn Holen
e-post: [email protected]
Sekretær Lene K.P.W. Brunborg epost: [email protected]
Trusopplæringsmedarbeidar Tone Brekke
e-post: [email protected]
Kyrkjelydspedagog Camilla V. Sønnesyn
epost: [email protected]
Kateket Rønnaug Eng Skjeldal
e-post: [email protected]
Ungdomsdiakon Sigrid Djukastein Mala
e-post: [email protected]
Kantor Magnus Kløften
e-post: [email protected]
Organist Frode Vik
Organist Ellen Marie Selland Geithung
Kyrkjetenar, (Voss) Thomas Velsvik
Kyrkjetenar (Evan./Bolst.) Arne Mosefinn
Kyrkjetenar (Vossestrand) Johannes Løen
Gravar Vidar Bryn
Gå i fred!
Når dagen er lys, er Gud med deg.
Når dagen er mørk, er han også der.
Han gir deg en himmelsk berøring.
Han elsker deg slik som du er.
Gå i fred!
Ragnhild Bakke Waale
For dei av oss som driv med
sauehald, vert det mange fine
fjellturar i sanketida.
I oktober manglar mange
bønder gjerne ein eller nokre få sauer,
noko som fører til mykje ekstra
leiting. Det er svært tilfredsstillande
når alle dyra er komne heim.
På Jesus si tid var folk vel kjend med
sauer, og at dei måtte passast på heile
året på grunn av rovdyr og andre
farar. Når Jesus hadde noko viktig
han ville læra læresveinane og andre
han var saman med, fortalde han
gjerne ei likning med tema som folk
kjende seg att i. Slik var det også når
han fortalde likninga om sauen som
gjekk seg vill. Her var bodskapen
hans at me er verdifulle for Gud, så
verdifulle at han har ingen å missa.
Difor leitar han etter oss når me rotar
oss bort, og prøver å få oss på den
vegen som fører til han.
I Lukas-evangeliet står det:
"Kva meiner de? Om ein mann har
hundre sauer og ein av dei går seg
vill, let han ikkje då dei nittini vera
att i fjellet og går av stad og leitar
etter den som er komen på avvegar?
Sanneleg, eg seier dykk: Skulle han
finna sauen, då gler han seg meir
over denne eine enn over dei nittini
som ikkje gjekk seg vill. Slik vil heller
ikkje Far dykkar i himmelen at ein
einaste av desse små skal gå tapt".
Gamle salmar som inspirasjon
Ei betraktning av Brit Furre
Første søndag i advent tek
kyrkjelyden på Voss i bruk den nye
salmeboka. I den samanheng er
mine tankar bakover i tid, og ser
på korleis det vert «kosta støv av»
gamle skattar. Mange nolevande
komponistar og tekstskrivarar har
late seg inspirera av gamle forfattarar.
Den norske litteraturhistoria er nokså
tynn frå 1000 talet til 17-1800 talet.
Landet var prega av at me var eit
lydrike under Danmark. Men
me hadde eigne salmediktarar
på 1600 talet. Me kan nemna
Petter Dass og Dorthe
Engelbretsdotter. Det er jo litt
spesielt at ei dame frå Bergen
har fått plass mellom alle
mennene, som skreiv salmar
i Norden, på den tida. Petter
Dass er kjent og kjær, kanskje
mest i Nord-Noreg. Ole
Bremnes har tatt Petter Dass
fram og gjort stas på han.
Mine tankar om...
Kyrkjekontoret,
Kontortid: mån-fre kl 9 - 15
Magasinvegen 35, pb 562, 5703 Voss
Telefon 56 52 38 80, Fax: 56 52 38 81
www.voss.kyrkja.no, [email protected]
kto.nr. 3480.16.45293
Ole Paus har tatt for seg
ein salme av den danske
salmediktaren Hans Adolph
Brorson, og brukt den når
han forma sin etter kvart så
kjente song: Det begynner å
bli et liv dette her. Teksten til Ole
Paus begynner og vert avslutta med
teksten til Brorson. Brorson skriv
om Jesus som ofrar alt, som vert pint
og plaga på jorda, og gir livet sitt
for menneska. Ole Paus presenterer
mennesket nokså usminka, og
skildrar vegen fram til Gud. Dei
eksistensielle problemstillingane
er dei same, uansett hundreår. Me
tek med versa til Paus, og eitt av
Brorson.
Hvem kommer til meg når andre går
bort?
Hvem blir igjen?
Hvem våger se bak alt jeg har gjort
og likevel kalle seg venn?
Hvem orker se meg som den jeg er
Og elske meg som en sønn?
Det begynner å bli et liv dette her,
Det begynner å ligne en bønn.
Hva var løgn, hva var sant,
hvem kan gi svar?
Jeg ble en tyv, jeg tok det jeg fant
Og gikk før de så hvem jeg var.
Jeg gjemte det jeg stjal
i hjertets svarteste, dypeste brønn.
Det begynner å bli et liv dette her,
Det begynner å ligne en bønn.
Hvem venter på meg, hvem viser vei
Hvem skal gjøre meg hel?
Alt jeg flyktet fra hjemsøker meg
som en hjemlengsel i min sjel.
Jeg ser hver tåre, hvert blikk, hvert
smil,
hver latter, hvert rop og hvert stønn.
Det begynner å bli et liv dette her
Det begynner å ligne en bønn.
Hvem vil ta meg inn til seg
når det blir kaldt?
Hvem vil si du er av meg,
jeg elsker din sjel gjennom alt
Hvem orker se meg som den jeg er
og elske deg som en sønn?
Det begynner å ligne et liv dette her,
Det begynner å bli en bønn.
Uskyldig Lam, så ynkelig,
Du ofres hen.
Din kjærlighet har bundet dig
At få oss løst igjen.
Du led og slet vårt fengsels bånd
Med naglet fot og hånd.
Du gikk som en løve av din grav,
Vår død du plyndret av
Ole Paus/ Hans Adolph. Brorson
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13
3
AKTUELT
TRUSOPPLÆRING
Innføring av Norsk salmebok 2013
av Ivar Molde
Fyrste sundag i adventstida,
1. desember 2013, kan Norsk
salmebok 2013 (N13) takast
i bruk i kyrkjelydar der
soknemøte har gjort vedtak
om det. I fylgje kyrkjelova
§ 11 er det soknemøtet som
avgjer om kyrkjelyden skal
ta i bruk ny salmebok og frå
kva tidspunkt.
4
Den noverande Norsk Salmebok
kom i 1984-85. Nynorsk- og
bokmålskyrkjelydar fekk då ei
felles salmebok. Før den tid var
det Nynorsk Salmebok resp.
Landstads reviderte. I 2004 vart
det sett i gang eit arbeid med å
gje kyrkja ei ny salmebok. Etter
fire år kom framlegget Salmebok
2008. Ut frå høyring og røynsler
har det så vore arbeidd vidare med
prosjektet. I april 2012 vart ny
salmebok av Kyrkjemøtet endeleg
vedteken og autorisert til bruk.
Norsk Salmebok ligg føre i eitt
samla bind og med i alt 899
salmenummer. Formatet er det
same som før. Nær 70 % av
salmane frå Norsk Salmebok er
førde vidare, tilsvarande knappe
50% frå Salmer 1997. Frå
Salmebok 2008 pluss anna stoff
er i alt 240 nye salmar komne
inn. Mange av desse er nyskrivne,
men nokre kan vera kjende frå
før. Prosentfordeling bokmål nynorsk er nokså nær den same
som i noverande Norsk Salmebok:
d.v.s. 60 - 40.
Med innføring av ny salmebok
vil det heilt naturleg vera salmar
nokon vil sakna. Dei mest kjende
og mest brukte av dei «gamle» er
likevel framleis med. Så er nytt
stoff kome til, salmar som i større
grad speglar notida. Og sjølvsagt:
med ein heil del nytt melodi-
materiale. Nye tekstar og ikkje
minst melodiar vil måtta øvast inn
litt etter litt. Kvar kyrkjelyd har
fridom til å gjera dette etter sin
eigen plan, i eit samarbeid mellom
sokneråd, kyrkjemusikarar og
prestar – og der heile kyrkjelyden
kan ha høve til å gje innspel.
Soknemøte skal gjera vedtak om
Ny salmebok skal takast i bruk
i sokna. Evanger sa ja til dette
22. september. Raundalen sa ja
29. september. Oppheim skal ha
soknemøte 20. oktober, Vinje 27.
oktober og Voss 6. oktober.
Ein ny song frå Norsk
salmebok 2013
henta frå www.kirken.no
Alt det minste som Gud skapte
(nr. 787)
Denne songen handlar om eit
bittelite frø som kan vekse til
noko stort. Slike under lèt Gud
skje i skaparverket. Det blir ikkje
sagt eit ord i songen om at den
handlar om små barn eller ei lita
tru eller Guds rike. Men dei som
har høyrt kva Jesus seier om
sennepsfrøet, skjønar at teksten
kanskje ikkje berre har med frø å
gjere:
«Kva skal vi samanlikna Guds
rike med? Kva likning skal vi
bruka? Det er som sennepsfrøet.
Når det blir sådd, er det mindre
enn noko anna frø på jorda. Men
når det er sådd, skyt det opp og
blir større enn alle hagevokstrar
og får så store greiner at fuglane
under himmelen kan byggja reir i
skuggen av det.»
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13
Geir Hegerstrøm har skrive denne
songen som har fått plass i den
nye salmeboka. Han kjem frå Oslo
og er komponist, tekstforfattar,
artist – og kateket. Han er særlig
kjend for mange songar og
musikalar for barn og unge, men
har skrive musikk i ulike sjangrar.
«Alt det minste som Gud skapte»
(eller «Bittelite frø») blir mange
stader nytta i trusopplæringa.
Heilt fyrsteklasses!
Førsteklassingane er heilt førsteklasses når
dei kjem i kyrkja for å vera med på T6. Så
har dei med seg kjeledyret sitt og ein eller
to forelder. I kyrkja blir dei møtt og teke
vare på av englevakter. Litt sjenerte til å
byrja med, men det går fort over. Ein bolle
og saft i starten. Så får dei høyra forteljinga
om Sakkeus, fortalt av dokke-Lisa. Men
dei får ikkje berre høyra forteljinga, dei
må også vera med og dramatisera den.
Sakkeus kliv opp på preikestolen for å få
sjå Jesus betre, men Jesus ropar han ned
for at dei to skal vera saman.
5
1) Alt det minste som Gud skapte:
små, små frø du knapt kan sjå.
Dei er viktigast i verda.
Sjå på kva som hender då:
Omkved:
når eit bitte-bitte-bitte-lite frø,
når eit bitte-bitte-bitte-lite frø,
når eit bitte-bitte-bitte-lite frø blir
lagt i jorda
2) Alt blir til av veldig lite.
I små frø som ingen ser,
finst det merkelege krefter.
Ingen skjønar kva som skjer:
Omkved
3) Alt det store her i verda.
det var ein gong veldig smått.
Ved Guds hemmelege under
blir det noko stort og flott:
Omkved
Bilete:
Øverst: Dokke-Lisa fortel
historia om Sakkeus for
6åringane på Evanger
Over t.v.: Kateket Rønnaug
teiknar krossen på handa med
dåpsvatn
(foto frå Evanger: Åslaug
Styve Mjånes)
Over t.h.: Sakkeus, du må
koma ned!
T.h.: 6åringane samla på
alterringen i Vangskyrkja
(foto frå Voss: Rønnaug
Skjeldal og Camilla V.
Sønnesyn )
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13
TRUSOPPLÆRING
TRUSOPPLÆRING
T9 og 10 på Evanger
Då T9 fekk oppleva «sælehus»!
Evanger sokn hadde tur til Raustølen sundag 8. september. T9 og 10
var med på turen. Dei øvde inn og framførde eit spel om Heilag Olav.
Til høgre:Undervegs på turen fekk dei i oppgåve å henta ned ein pakke frå toppen av eit tre.
Det var ikkje så lett, men til slutt klatra Mathias opp, og då bøygde treet seg langt nok ned.
Rett under: Dramatisering av soga om Heilag Olav
Under: Kongen er død, men kvifor er dei så glade?
(foto: Arne Mosefinn og Åslaug Styve Mjånes)
Tekst og foto: J.O.Thaule
Dei siste åra har 9åringane
som sitt trusopplæringstiltak
opplevd «pilegrimsvandring»
som råma for å læra om
korleis kristentrua kom til
Noreg. På Vossestrand har ein
gått den gamle Kongevegen
mellom Oppheim og Vinje.
Ein har høyrt om Heilag Olav
og pilegrimstradisjonane til
Nidaros.
Korleis var det i gamal tid når
pilegrimar var våte, trøytte og
trengde tak over hovudet? Jau,
det var herberge for vegfarande
kalla «sælehus». Namnet kom
av å gjera «sælebot», gjera ei
velgjerning, for dei vegfarande.
Dette fekk årets 9åringar oppleva
på ein nær og sterk måte: På
Øvre Vinje stod Ivar Husdal og
bad heile fylgjet inn i årestova si
frå 1600-talet. Her brann elden
på åren. Varmt og godt var det
og lys frå den opne ljoren i taket
og stearinlys langs veggane.
Gro og Ivar baud på saft og
lappar, og Ivar fortalde om sine
pilegrimsvandringar i Noreg og
Spania.
Ein våt dag som vart til ei annleis
og flott oppleving av omsorg og
sælebot!
Laurdag 14.september trossa
20 born og vaksne regnet. Etter
samling i Oppheim kyrkje der
den lokale soknerådsleiaren, Leif
Inge Hauge, var den staselege
kong Olav Haraldson, la ein i
veg. Borna skifta på å leia an med
prosesjonskrossen fyrst.
T9 på Voss
6
7
Laurdag 21. september var det T9 på Voss
– i Prestegardsmoen. Olav den Heilage
(Sigbjørn Sønnesyn) var tilstades og
fortalde om seg sjølv og gav oppgåver til
9åringane.
Bilete:
T.v.:Litt mat må til.
Under t.v.: Det er vanskeleg å gå på slakk line, men
med hjelp frå ein konge går det bra
Over: Kong Olav (Leif Inge Hauge) og pilegrimar (T9) i Oppheim kyrkje.
Under: Koseleg med eld på åren og saft og lappar hjå Gro og Ivar Husdal.
Under t.h.: Ikkje nett vikingskip, men papirbåtar får
gjera nytten på Vangsvatnet
(foto: Camilla V. Sønnesyn)
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13
I SAMTALE MED
I samtale med: Gerd Ohnstad Tønjum
Intervju ved Arne Mosefinn
I sist nr. av Kyrkjenytt vart
hotelleigar Gerd Ohnstad
Tønjum utfordra til å svara
på spørsmåla våre om verdiar,
lokalmiljø og tilhøve til kyrkja.
Ho er ei travel dame, men sette
likevel av tid til dette.
Om verdiar
Kva er viktige verdiar for deg?
Familien er sjølvsagt også viktig for
meg. Eg har mykje glede saman med
mine sju barneborn. Eg synes det
ville vore leit om nokon i familien
ikkje ville døypa borna sine. Eg trur
at dei får med seg noko viktig når dei
blir døypte – som eg kanskje ikkje
kan forklara nærare.
8
Vangskyrkja har vore ein viktig bit
av Fleischer-familien i generasjonar.
Ei tid eigde Fleischer kyrkja. Då
mannen min Olaf døydde vart det
samla inn minnegåve til det nye
orgelet – og hotellet la til noko, slik
at det vart eit stort beløp.
Så har eg eit motto som er kjent for
mange: den største gleda ein kan ha,
er å gjera andre glad.
Om lokalmiljøet
Kva er bra med Voss?
Eg ser at dei som har svara tidlegare
også har nemnt dugnadsinnsatsen.
Likevel vil eg óg ta fram det. Når
eg er ute på tilskipingar får eg
gjerne spørsmålet: Kva er det
med vossingane når dei stiller slik
opp med dugnadsinnsats i alle
arrangement?
Det er også bra at Voss har så mange
tilbod til barn og unge – at dei får
byrja tidleg i lagslivet – sparka
fotball, gå på ski m.m. Eg reiser
mykje saman med barneborna på
fotballkampar. All slik aktivitet er
med å halda dei borte frå å gjera
ugagn.
Noko som kunne bli betre på
Voss?
Eg er veldig redd for at gondolbanen
skal bli lagt ned. Hotellet har mange
gjester som nyttar seg av banen
– det er enkelt for dei å gå opp til
banen. Så eg vonar inderleg at det
kjem ein ny viss den gamle vert lagt
ned. Eg er også sjølvsagt glad for
Vangstunellen, men samstundes redd
for at bilturisten vil køyra forbi Voss
sentrum. Eg ynskjer difor at det
skal koma god informasjon om t.d.
overnattingsstader før dei køyrer inn
i tunellen.
Eit ynskje eg har, er at vossingane
kunne bli meir inkluderande overfor
våre nye landsmenn. Fleire burde få
augene opp for at dei kan inviterast
til å vera med som frivillige på
arrangement.
Om kyrkja sin plass
Kva tenkjer du om kyrkja sin plass
i lokalmiljøet?
Som byggverk er kyrkjene viktige
kulturminne og symbol. Det gjer
meg vondt at ikkje Noreg tek seg
råd til eit betre vedlikehald. Eg
såg til dømes i Praha kor dei stelte
med og heldt vedlike kyrkjene sine.
Det var heilt fantastisk. Eg er ofte
innom kyrkjer og katedralar når eg
er i utlandet: Katedralen
i Milano, San Francescobasilikaen i Assisi,
domkyrkja Santa Maria del
Fiori i Firenze, domkyrkja
i Pisa og San Gimignadokatedralen med freskene frå
Jesu liv.
Gerd Ohnstad Tønjum
Født: 30.08.41
Bustad: Sivlevegen
Familie: Enke, to born, 7
barneborn
Interesser: Fotball saman
med barneborna, skiturar på
fjellet
Favorittmat: No om hausten
er det fårikål
Les: Mest aviser
Det betyr mykje for meg å gå i
barnedåp og konfirmasjon innan
familien. I samveret der kan tankane
falla til ro. Gudstenesta jolaftan er
ein fin start på jolehelga.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13
Sorggruppe for Voss, Ulvik, Granvin og Vaksdal
”Det er ikkje sant at tida lækjer alle sår..”Nokon sår må me bera med oss
gjennom livet, år etter år. Eit
arr som ber vitnemål om levd
liv, og som blir ein del av vår
historie og kven me er. Sorg er
ein naturleg og sunn reaksjon
på eit tap av nokon du er glad
i. Sorg kan gje uvante og sterke
reaksjonar, og vert uttrykt ulikt
frå menneske til menneske.
Ei tid etter tapet vil dei fleste oppleva
at det er godt å treffa andre som har
vore gjennom noko av det same. Ein
viktig del av sorgarbeidet er å halda
biletet av den ein har mista, levande.
Nokon synes det er best å snakka
med familie og vener, nokon å
snakke med andre utanfor, som deler
nokon av dei same erfaringane.
Det var også litt spesielt for meg å
oppleva «Flåm kyrkje» i USA, sidan
eg er frå Aurland kommune.
Kven vil du utfordra til ein
samtale i neste nummer (red.anm.
neste ordinære nummer, som kjem
ut i februar)?
Eg utfordrar den nye
redaktøren i «Hordaland» Elin
Madsen.
Kva betyr kyrkja i ditt liv?
Kyrkja er ein god plass å
ha når ein treng henne. Eg
opplevde å få god støtte frå
kyrkja når eg mista Olaf.
Men ikkje berre i tida rundt
bisetjinga. Også etterpå
fekk eg mykje trøyst og
omtanke – eg fekk til og
med klem av prestane.
AKTUELT
Gerd saman med alle sju barneborna. Foto: Senderud
Kva er ei sorggruppe?
Ei sorggruppe er ei samtalegruppe
med 4-8 deltakarar som kjem saman
for å dela erfaringar og opplevingar
etter å ha mist ein av sine næraste.
Sorggruppa skal vera eit trygt
fellesskap der ein kan setja ord på dei
kjensler, tankar og reaksjonar sorga
fører med seg.
Slik får ein hjelp,- og slik gir ein
andre hjelp. Kvar enkelt avgjer kva
ein vil seia og kor mykje. I samtalane
tek me opp ulike tema knytt til sorg.
Gruppa vert leia av prest og diakon,
som sjølve har erfaring med sorg
og sorgarbeid. Gruppeleiarane og
medlemene i gruppa har teieplikt.
Alle får ein individuell samtale
før oppstart i gruppa.
Prest og diakon tek i mot menneske
i sorg til individuelle samtalar.
Tilbodet om sorggruppe er gratis,
og er ikkje eit terapitilbod, men ei
samtalegruppe.
Med dette som bakgrunn startar me
opp ei sorggruppe i haust på Voss,
som er eit tilbod for etterlatne i Voss,
Ulvik, Granvin og Vaksdal.
Dersom du/de ynskjer å delta i
sorggruppe eller ynskjer meir
informasjon om tilbodet kan du ta
kontakt med:
Diakon Sigrid Djukastein Mala,
Tlf. 47 849 134
epost: [email protected]
Sokneprest i Ulvik og Granvin,
Ivar Bu Larsen, Tlf. 97 709 377
epost: [email protected]
HAUSTKONSERTAR
Av Magnus Kløften, kantor
EVANGER KYRKJE 10.11.
KL. 1900
SALMEKVELD I
VANGSKYRKJA MED TEMA:
SALMEDIKTAR ANDERS
HOVDEN
I mørketida er det fint å kunne sjå
fram til gode og positive opplevingar.
Ei slik oppleving kan ein få i Evanger
kyrkje sundag 10. november kl.
1900. Her vert det ei rekke aktørar
som serverar vakre, vare, mektige
og brusande tonar. Aktørane som tek
del denne kvelden, er Hege Eide Vik,
sopran i frå Vaksdal, Frode Raymond
Vik, organist. Ei messinggruppe med
musikarar og solistar frå Evanger
Musikklag kjem óg. I tillegg til dei
alt nemnde, kjem folkemusikaren
Arne Anderdal (fele), samt musikar
og songar Olav Undeland. Det
er duka for ei variert og god
musikkoppleving i kyrkja på Evanger
denne kvelden. Sett av datoen, kom
innom kyrkja, og opplev ein litt
lysare og varmare novemberkveld
denne dagen. Det er fritt tilgjenge.
Ved utgangen vert det teke opp
kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid i
Evanger sokn. Arrangør er Evanger
sokneråd.
Onsdag 13. november er folk
velkomne til føredrag, musikalsk
samspel og allsong i Vangskyrkja.
Temaet denne kvelden er salmar
skrive av salmediktar Anders
Hovden. Det er i år 70 år sidan han
døydde (1943). Han er representert i
Norsk Salmebok med heile 22 eigne
salmetekstar og 15 oversetjingar.
Forfattaren er ein av dei mest
profilerte salmediktarane våre når
det kjem til bruk av nynorske tekstar.
Me har fått med oss Hermund
Slaattelid, som skal ta oss gjennom
forfattaren sin livsgjerning ved ein
munnleg presentasjon. Songarar
frå Voss og omland kantori i lag
med kantor Magnus Kløften tek del
i salmekvelden med musikk- og
songeksempel. Salmekvelden er eit
samarbeidsarrangement mellom Voss
kyrkjeakademi og Voss sokneråd.
Det er fritt tilgjenge, med kollekt til
dekning av utgifter ved utgangen.
Arrangementet startar klokka 1930.
KONSERT MED SUPERGRUPPO
MÅNDAG 28.10. KL. 1800
Me gjentek suksessen frå i fjor,
og presenterer «Supergruppo»
frå kulturskulen her i Voss i fri
utfolding i Vangskyrkja denne
ettermiddagen. Som i fjor har me óg
i år den gleda å ha med oss songar
Kari Finne Sognnæs på laget. Kan
hende vert det óg andre utøvarar på
scenen denne dagen, så ver budde
på overraskingar! Magnus Kløften
vil ta del som akkompagnatør.
«Supergruppo» vert leia av Solfrid
Himle. Arrangementet er eit
samarbeid mellom Voss kulturskule
og Voss sokneråd. Det vil vera fritt
tilgjenge, med moglegheit til å gje
ei gåve til dekning av utgifter ved
utgangen. Ver velkomen til ein
sprudlande konsert!
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13
9
Kyrkjelege handlingar
- satsar på Vestlandet
10
Korleis har du det…
EIGENTLEG?
Krisetelefon 815 33 300
SOS-Melding: www.kirkens-sos.no
EIT MENNESKE Å SNAKKE MED
NÅR LIVET ER SOM VERST
Døypte:
Vigde:
Voss gutar:
25.08.Arian Reime Hauge
Even Draugsvoll Kvåle
Emilian Alexander Gårdsvoll
22.09.Eirik Tveit Brunborg
Trym Strømmen Een
Erlend Gangdal Selje
Voss:
03.08.Karoline Sofie Gjerde og Bjørnar Stensletten
Eik
Kjersti Vestrheim og Håkon Helland
10.08.Ragnhild Vaksdal og Ørjan Låstad
17.08.Kristine Hårklau og Kim Rune Kjørlaug
Lyngved
Kjersti Soldal og Lee Meredith
07.09.Aud Reime og Trond Arne Myklebust
Voss jenter:
25.08.Malin Rodrigues Haukås
Alma Bryn Kvist
Nora Hansen
Ava Bryn Støle
Johanna Meeg Farestveit
01.09.Gyda Moreira dos Santos Flatabø
08.09.Savannah Christina Gunneth Svartveit
Jønsson (døypt i Vestnes, Romsdal)
15.09.Victoria Kaland
Anea Teigen Øvsthus
Sara Rolland Øystese
Ingrid Nesheim-Hovda
22.09.Ingvild Dugstad
Maylen Gjerme
Heidi Norekvål Anthun
Maria Wolska Sæve
Døde:
Voss menn:
18.08.Jakob Brekke, f. 1943
14.09.Bjarne Lirhus, f. 1929
24.09.Steffen Elvebakk, f. 1933
Evanger:
15.09.Henry Sivertsen Bolstad (døypt i Bolstadøyri
bedehus)
Voss kvinner:
15.08.Torhild Marie Prestegård, f. 1947
19.08.Marit Follo Sævig, f. 1954
29.08.Anne Marie Kvåle, f. 1943
31.08.Olaug Bø, f. 1940
24.09.Valborg Stavenes, f. 1922
25.09.Bjørg Kinne, f. 1950
26.09. Astrid Mandelid, f. 1930
29.09: Guro Bryn Rogne f. 1926
29.09: Helga Øvsthus f. 1915
30.09: Brita Tverberg f. 1919.
Oppheim:
15.09 Joar Hirth Kvamme
Evanger:
09.09.Hilmar Ingolf Svanga, f. 1938
Vinje
06.10 Simen Høyum
Selskap i konsernet
HMV Voss AS
ALT I FØRARKORT
www.hagatrafikk.no
9100 3101
[email protected]
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13
11
DET HENDER
Gudstenesteliste:
C-BLAD
Fulldistribusjon
Kyrkjenytt for
Vossabygdene,
pb 562, 5703 Voss
Aktivitetskalendar
Vangskyrkja:
20.10. kl. 1100 Gudsteneste med babysong v/Boge
m.fl. Dåp. Offer til TV-aksjonen.
27.10. kl. 1100 Bots- og bønedag v/Boge.
Skriftemål. Deltaking frå Osafestivalen.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
03.11. kl. 1100 Helgemesse v/Molde. Nattverd.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
07.11. kl. 1930 Ung Messe v/Skjeldal og Boge.
10.11. kl. 1100 Høgmesse på sundag for dei
forfylgde v/Hellesøy. Dåp.
Offer til Stefanusalliansen.
17.11. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Offer til The Happy Home (utdanning for
fattige born i India)
24.11. kl. 1100 Tomasmesse v/Boge. Nattverd.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Evanger kyrkje:
03.11. kl. 1100 Helgemesse v/Boge. Skriftemål.
Offer til Blå Kors.
Bolstadøyri kapell:
20.10. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Offer til TV-aksjonen.
17.11. kl. 1500 Gudsteneste v/Molde.
Offer til Stefanusalliansen.
Raundalen kyrkje:
10.11. kl. 1200 Familiegudsteneste v/Boge.
T3-4-5 og Sundagsskulen. Kyrkjekaffi.
Oppheim kyrkje:
20.10. kl. 1930 Gudsteneste v/Thaule. Nattverd.
Offer til TV-aksjonen.
Soknemøte om ny salmebok.
03.11. kl. 1600 Storfamiliegudsteneste v/Thaule. T4
med Barnebibel. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Vinje kyrke:
27.10. kl. 1100 Gudsteneste v/Thaule. Offer til
NMS. Soknemøte om ny salmebok.
10.11. kl. 1100 Gudsteneste på sundag for dei
forfylgde v/Thaule. Nattverd.
Offer til Stefanusalliansen.
24.11. kl. 1130 Storfamiliegudsteneste v/Thaule.
T5. Offer til Familie & Medier.
Jordalen kapell:
20.10. kl. 1100 Gudsteneste v/Thaule.
Offer til TV-aksjonen.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13
LysVaken
Vangskyrkja laurdag 2. november for Voss og
Evanger. Fredag 29. november i Oppheim kyrkje for
Vossestrand. Kl. 1900-2300.
- Jolekrubbeverkstad
Måndag 18. november kl. 1600-1830 for Voss,
tysdag 19. november kl. 1600-1830 for Voss
og Evanger og onsdag 20. november for Voss.
Invitasjon med fordeling vert sendt til dei aktuelle.
Sundag 24. november frå kl. 0900 på Vinje.
- Barnebibel
Sundag 3. november kl. 1600 i Oppheim kyrkje.
- Undretur
Sundag 3. november kl. 1500 i Oppheim kyrkje.
-
-
Sundag 10. november i Raundalen kyrkje.
MiniSin
Midi
Adventskonsert sundag 1. desember kl. 1800 i
Vangskyrkja.
Lysmesse
med konfirmantar sundag 1. desember kl. 1930 i
Evanger kyrkje og Oppheim kyrkje.
Sundag 8. desember kl. 1930 i Vangskyrkja.
- DAGANE
Kyrkja i Voss
www.voss.kyrkja.no