Klikk her for å sjå dokumentet.

Organisasjonar/prosjekt som arbeider med sentrumsutvikling
Møte 13.11.2012
Til stades:
Frå Voss sentrum: Sigbjørn Styve, Arne Moe og Thomas
Frå Næringsforum: Nils Akselberg og Anne Grethe Bakke
Bakgrunn for møtet:
Møte var på initiativ frå næringslivsrepresentantar i Kontaktforum. I dette fora er det viktig
å representere bredde i næringslivet. Når det gjeld sentrumssaker er det viktig å ha
innspel frå Voss sentrum organisasjonen. Det er for tida fleire organisasjonar/prosjekt som
arbeider med sentrumsutvikling, og det er derfor viktig å få ein felles oversikt. Dette
dokumentet vert lagt ut på bransjenett på www.visitvoss.no
Oversikt over organisasjonar/prosjekt som arbeider med sentrumsutvikling:
Voss Sentrum – medlemsorg
(40 bedrifter) som har som formål å samordna
marknadsføringa av Voss Sentrum. Området strekkjer seg frå Svartenakken til Langebrua.
Foreningen har ikkje økonomisk overskot som mål, men å medverka til at medlemene
marknadsfører Voss sentrum som handelsplass og møtestad.
Arbeidsgruppe for sentrumsutvikling under Voss sentrum: Thomas Bøe, Terje Eide, Julie
Kvarekvål, Egil Mørkve og Bjørn Christensen (konsulent).
Framdrift : Arbeider med ein tiltaksplan for sentrumsutvikling (fast møtedag kvar torsdag i
gruppa).
Prosjekt Vintergate: Dette har vore eige prosjekt, men går inn i arbeidsgruppa for
sentrumsutvikling. «If you want to be a winterdestination, you have to look like it».
Prosjekt Jolatog: Er nå etablert som eit samarbeid mellom Amfi, Voss sentrum, avisa
Hordaland og Festival Voss. Dette prosjektet vil vere eit separat prosjekt i forhold til
arbeidsgruppa.
Huseigarlaget – interesseorganisasjon for huseigarane i Voss sentrum
Festival Voss - er skipa for å auka fokuset på festivalar og arrangement på Voss.
Målet er å utvikla nye aktivitetar på Voss samt gjera det enklare for festivalar og
arrangørar å samarbeida på tvers av arrangementa.
Kle bygda til fest :
Ansvar for skilting i sentrum (Vangsgata og Uttrågata) i samarbeid med arrangør under
store arrangement.
Utvikling av sentrumstilbod under dei store arrangementa:
FV samarbeider med Voss sentrum, Amfi og avisa Hordaland om å utvide
sentrumstilbodet under Vossa Jazz, Sommarfest, VossUp dagen og Joletoget.
Destinasjon Voss –
har som hovudoppgåve å utvikle og marknadsføre Voss som
reisemål. Eit sterkt sentrum er ein viktig del av reiselivstilbodet for ein destinasjon, derfor
har DV eit engasjement innan sentrumsutvikling.
Skiltprosjektet/utsmykking:
Eit prosjekt for å fokusere på Voss sentrum når tunnelen kjem. Her er eit forprosjekt
finansiert i eit samarbeid mellom Destinasjon Voss/Voss kommune og Statens Vegvesen.
Per Finne er engasjert til å kome med skisser til utsmykking ved innkjøyring til sentrum og
ha fagleg ansvar for eit ope idémøte.
Arbeidsgruppe:
Voss kommune v/Torbjørg Austrud, Statens Vegvesen v/Carl Erik Nielsen og næringslivet
representert v/Anne Grethe Bakke og Sigbjørn Slåtten.
Referansegruppe:
Arne Moen, Anne Marie Opheim, Erik Fleischer Tønjum, Frode Solbakk, og Sveinung
Rieber, i tillegg til Sigbjørn Slåtten og Anne Grethe Bakke
Voss kommune –
Knutepunkt Voss stasjon – prosjekt i samarbeid med Rom eigedom, Jernbaneverket, NSB,
Statnes Vegvesen og Hordaland fylkeskommune.
Strandplanen - her er det fleire prosjekt, eit av dei er utvikling av eit areal for aktivitet i
samarbeid med lokale organisasjonar. Arbeidsgruppa har representantar frå
Skateklubben, Freestyleklubben, klatreklubben, sykkelklubben, Ekstremsportveko og
Destinasjon Voss.
Statens Vegvesen -
Frå veg til gate – opprusting etter vegomlegging (14 mill).
Arbeidsgruppe med representantar frå Statens Vegvesen v/Sigmund Gjernes (leiar for
gruppa) og Hilde Gunn Stenseth og Voss kommune ved Kjersti Næss m.fl.
Kontaktforum – næringsliv/Voss kommune
Litt historikk:
1.
Bakgrunn1
Den 26 mai 2010 var det eit møte mellom lokalt næringsliv og kommunen som munna ut i ein konklusjon om ynskje om oppretting av
eit kontaktforum næringsliv.-kommune. Referat fra møtet er vedlagt. Formannskapet gav i juni 2010 administrasjonen i oppgåve å
lage eit notat som skisserer formål for eit slikt forum. I tillegg er det skissert struktur- og organisering av kontaktforumet.
2.
Formål
Målsetting :
- sikre god gjensidig informasjon om generelle rammevilkår og næringspolitiske utfordringar
- drøfting av meir akutte utfordringar og moglegheiter.
Kontaktforumet er eit diskusjonsforum utan avgjerdsmynde og er difor ikkje eit utval etter kommunelova.
Det er minimum 3 møter i Kontaktforum kvart år. Frå kommunen deltek: Ordførar, 1
medlem frå formannskapet, 2 medlemer frå nærings- og tiltaksutvalet og 1 medlem frå
miljø og kulturutvalet.
Frå administrasjonen deltek rådmannen og andre aktuelle kommunalsjefar/
tenestemenn.
1
Notat frå Voss kommune 2010
2
Næringslivet deltek med ei gruppe utpeika av næringslivet sjølve (denne gruppa vart
etablert i samband med at Destinasjon Voss sette næringspolitikk på dagsorden da
eigedomsskatten vart auka). Gruppa består av Arild Rogde, Steinar Hjørnevik, Nils
Akselberg og Anne Grethe Bakke.
Det er nytt møte i Kontaktforum 03.12.12
Her er det viktig å gje tydelege innspel frå næringslivet på viktige saker. Slike saker kan
vere:
 Vangsgata – kjøyremønster – envegs – gågate eller??
 Uttrågata – her må ein sikre at det vert god trafikkflyt etter at tunnelen har opna.
 Parkering i sentrum. Kan sentrum gje eit tydeleg innspel på behov for utbygging
av Hestavangen eller Skulehaugen, eller andre tydelege innspel? Kva må
prioriterast?
 Varme på fortau langs Vangsgata (er dette prosjektet lagt dødt frå alle partar,
eller bør prosjektet inn i tiltaksplanen til Voss Sentrum?)
 Er det nokon strategi for å sjå på totalsamansetning av butikkane i sentrum – sjå
sentrum som ein god miks av tilbod?
 Mange bygg skifta eigar – kva planar har dei enkelte gårdseigarar? Jobbar kvar
gårdseigar isolert med sine planar er det ikkje sikkert totalpakka vert god.
Samarbeid på tvers av eigedomar må nok til skal Sentrum lukkast.
 Lyskrysset – skulle vore ein gjennomgang av korleis trafikkmønsteret bør være der
lyskrysset er i dag. Kan området forbetrast for handlande? Rundkjøring?
 Inkludere Voss vest og utviklinga der i totalpakka Sentrum?
Ref.
Anne Grethe
3