PROSJEKT: VOSS SENTRUM – SYNLEGHEIT FRÅ

PROSJEKT: VOSS SENTRUM – SYNLEGHEIT FRÅ HOVUDVEGEN NÅR TUNNELEN KJEM
Tunnelen bak Vangen vil fjerne trafikk frå sentrumsgatene. Dette er i all hovudsak ein
fordel, spesielt med omsyn til tungtrafikk. Samtidig er det ei utfordring å få den trafikken
ein ynskjer frå hovudvegen til sentrum. Synlegheit og skilting er tema både næringsliv og
kommune er oppteken av og Kontaktforum har drøfta saka på fleire møter og har gitt
mandat til eigen Arbeidsgruppe å ha 100% fokus på skilt til Voss når nyvegen opnar i
2013.
Arbeidsgruppe
Arbeidsgruppa består av Voss kommune v/Torbjørg Austrud, Statens Vegvesen v/Carl Erik
Nielsen og næringslivet representert v/Anne Grethe Bakke og Sigbjørn Slåtten.
Referansegruppe
På eit ope møte den 14.06.2012, der næringslivet var invitert, fekk me på plass slik
referansegruppe:
Arne Moen, Anne Marie Opheim, Erik Fleischer Tønjum, Frode Solbakk og Sveinung Rieber.
I tillegg vert Torgunn Hegland frå Festival Voss invitert inn i gruppa på vegne av prosjektet
Kle bygda til fest.
Andre sentrumstiltak som går parallelt
•
•
•
•
Strandsone utvikling
Voss stasjon som knutepunkt
Frå veg til gate – Statens Vegvesen og opprusting etter vegomlegging (14 mill)
Parkering i sentrum som reguleringsmynde har Voss kommune eit engasjement, i
tillegg til å vere eigar av Voss Parkering.
Viktige innspel frå møte i arbeidsgruppe og referansegruppe
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Viktig også å påpeke behovet for å vidareutvikle gode tilbod i sentrum – viktig
som attraksjonskraft (her er ansvaret på næringslivet sjølv)
Opplysningstavle er ikkje aktuelt (der ein må køyre av vegen for å lese info), men
opplysningsskilt
Interessant å sjå nærare på digitale løysingar, både skiltinfo og bruk av
smarttelefon og eigen VOSSAapplikasjon
Dette må være den «offisielle» skiltgruppa og andre initiativ må kanaliserast hit
Ynskjeleg med like portalar både frå Bergen, Sogn og Hardanger
Bruk VOSSAdesign som utgangspunkt både for skilt og utsmykking
Namn på skilt: VOSS (ikkje Vossevangen eller Voss sentrum)
Idé: Få på plass ein kreativ prosess med designarar/kunstnarar til
utsmykkingsarbeid
Monument innan ekstremsport eller aktive naturopplevingar (bruke det som skiljar
Voss frå andre)
•
•
•
•
VOSS – bygd for sterke opplevingar og VOSS – more intense (viktig å nå
utanlandske forbipasserande også)
Voss – the adventure capital in Norway
Arbeidet må skje i tett samhandling med Statens Vegvesen
Bygge opp ein forventning om Voss på vegen – eit slags system for nedtelling –
«ready to jump» «klar til exit som en basehoppar….»
Gjennom ein prosess i arbeidsgruppe og referansegruppe ser ein to ulike alternativ:
A.
B.
Eit skiltprosjekt med bruk av digital teknologi – frå hovudveg til attraksjon
Eit utsmykkingsprosjekt
Statens Vegvesen har klare reglar for skilting. Digitale skilt langs europa- og riksveg skal
styrast av Statens Vegvesen og kun gjelde trafikkinformasjon. Eit utsmykkingsprosjekt
med utgangspunkt i VOSSAdesign vert satsingsområde. Arbeidsgruppa arbeider også
tett på Statens Vegvesen når det gjeld skiltplanen deira for Voss sentrum.
Hovudprosjekt/forprosjekt
Hovudprosjektet VOSS SENTRUM – SYNLEGHEIT FRÅ HOVUDVEGEN NÅR TUNNELEN KJEM
har som mål og sikre at både dei som ynskjer å køyre til Voss sentrum og dei som meir på
impuls ynskjer ein stopp undervegs, vert nysgjerrige nok til å ta turen innom.
For å definere eit hovudprosjekt er det viktig å få på plass eit forprosjekt med nødvendig
kompetanse. Etter råd frå Norsk Designråd søkjer arbeidsgruppa å få på plass eit
forprosjekt der ein definerer kva virkemiddel som skal nyttast, på kva slags måte og korleis
ein skal finansiere arbeidet. Arbeidsgruppa ynskjer å engasjere designaren Per Finne i
dette arbeidet. Han har god kjennskap til VOSSAdesignet der han har utarbeida
Brukargaiden saman med grafisk designar Yngve Knausgård. Per Finne er også ein av
Norsk Designråd sine anerkjente designarar.
Oppgåver i forprosjektet:
•
•
•
•
•
Definere klare kriterier for arbeidet slik at utsmykking løyser funksjonar (ikkje
«kunstnerisk fridom» for kunsten si skuld)
Skaffe erfaringar frå andre prosjekt, td Statens Vegvesen sitt arbeid med å
synleggjere Nasjonale turistvegar
Koble lokal eigenart med ekstern kunnskap og erfaring
Gjennomføre ein kreativ prosess lokalt
Definere eit hovudprosjekt
Styrken i dette prosjektet er samhandling mellom private og offentlige interesser. Dette
må også komme til uttrykk i finansieringsplanen. I forprosjektet vil næringslivet bidra med
eige arbeid gjennom møter. I eit hovudprosjekt kan det vere aktuelt å finne private
sponsorar.
2
Budsjett-/finansieringsplan forprosjekt
Budsjett
Designkompetanse
Annen ekstern kompetanse
Prosjektleiing
Eigeninnsats privat
SUM
50.000
20.000
10.000
20.000
100.000
Finansieringsplan
Voss kommune Kraftfondet
Statens Vegvesen
EIgeninnsats
SUM
40.000
40.000
20.000
100.000
Tidsperspektiv
Forprosjektet går frå 01.09 – 31.12.2012. Arbeidsgruppa har ansvar for prosjektleiing.
3