Bilete frå workshop “Mitt blikk - mitt fjell” på Andenes skole. NETTVERKSMØTE FOR KUNSTNARAR I DEN KULTURELLE SKULESEKKEN Invitasjon til nettverksmøte for kunstnarar i Den kulturelle skulesekken Region Vest: Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane Velkommen til nettverksmøte 10. september 2013 i Bergen, Kalfaret Bryggerhus i Bergen, Kalfarveien 76 www.kalfaretbrygghus.no Vi inviterer til seminar og nettverksmøte for å dele erfaringar på tvers av uttrykksformer, få fagleg påfyll, utvide nettverket og bli inspirert. Vi arrangerer ein heil dag i Bergen for kunstnarar som er busette i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Nettverksmøtet er opent for kunstnarar som jobbar med Den kulturelle skulesekken, det er ikkje eit krav at ein turnerer i sitt eige fylke, men ein må ha turnert for DKS dei siste åra, eller skal på turne dette eller neste skuleår. Innhald for dagen, kl 10.00 – 17.00: 12 kunstnarar presenterer prosjekta sine, fylka og kommunane presenterer DKS-modellar i sin region, lærarar og elevar fortel korleis det er å få besøk av DKS, gruppediskusjonar om relevante tema. Det blir høve til å mingle og knytte kontaktar. Det vert servert mat og drikke. Det er gratis å delta på nettverksmøtet. For kunstnarar som er busettE utanfor Bergen er det også mogleg å søkje reisestøtte frå eige fylke. Søknad om reisestøtte må sendast innan 10. august til DKS-kontakten i ditt fylke: Hordaland: [email protected] Rogaland: [email protected] Sogn og Fjordane: [email protected] Bindande påmelding skal sendast [email protected] innan 20. august. For detaljert program sjå denkulturelleskolesekken.no Vennlig hilsen ROGALAND FYLKESKOMMUNE Byrådsavd for kultur, næring, idrett og kirke Byrådsavdeling for barnehage og skole v/ DKS sekretariatet
© Copyright 2024