Les rapporten frå PwC om utvikling av hamnebassenget her!

PwC Consulting
FORSTUDIE
Utvikling av hamnebassenget/
industriområdet Vikane
16. desember 2013
Askvoll Kommune, Askvoll Næringsutvikling
- Rom for eventyr
Forord
Forord
I 2012 utarbeida Omstillingstyret i Askvoll ein næringsplan for kommunen – «Utviklingsplan for Askvoll
Nærings- og Omstillingsarbeid 2013-2016». Dette dokumentet er basert på tidlegare analysar og har hatt brei
medverknad frå næringsliv, velforeiningar og kommunen. I dokumentet er det teke høgde for at styret for
omstilling vurderer at det er behov for ei meir spissa satsing og meir involvering av næringslivet
Askvoll kommune og Askvoll Næringsutvikling har tatt initiativet til å gjennomføre eit forstudie der føremålet
er å avklare marknadsbehov og marknadspotensiale for etablering av ei supplybåthamn i kommunen, samt
moglegheita for annan landbasert verksemd.
PricewaterhouseCoopers AS har gjennomført forstudiet i perioden 15. oktober til 6. desember 2013. Arbeidet er
basert på:


Gjennomgang av relevant dokumentasjon som planverk, rapportar, analysar, studiar, mm
Intervju med relevante ressurspersonar lokalt og regionalt
Førde 16. desember 2013
Kjetil Myrland
Partner, PwC
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
2
Forord
Disclaimer
Denne rapporten er utarbeida for Askvoll Kommune og Askvoll Næringsutvikling med formål å avklare om det
er eit potensiale for å etablere supplyhamn i Askvoll Kommune, samt annan landbasert verksemd.
Prosjektarbeidet er gjennomført i samsvar med engasjementsbrev datert 17. september 2013.
Våre vurderingar byggjer på faktainformasjon som har kome fram gjennom dokumentstudiar og intervju med
ulike selskap og personar. PricewaterhouseCoopers (PwC) har kvalitetssikra innspela, men det er ikkje føretatt
grundig sjølvstendig verifisering av informasjonen som har kome fram.
Askvoll Kommune og Askvoll Næringsutvikling har rett til å nytte denne rapporten fritt, i samsvar med vilkåra
som er vedlagt vårt engasjementsbrev. PwC tek ikkje noko ansvar for eventuelle økonomiske konsekvensar for
Askvoll Kommune eller Askvoll Næringsutvikling eller andre som følgje av at vår rapport eller utkast til rapport
er distribuert, gjengjeven eller på annan måte nytta.
PwC held opphavsrett og alle andre immaterielle rettigheiter til rapporten samt idear, konsept, modellar,
informasjon og know-how som er utvikla i høve vårt arbeid.
Ei kvar handling som gjennomførast på bakgrunn av vår rapport er på eige ansvar.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
3
Innhald
Innhald
1. Samandrag
6
2. Innleiing
7
2.1. Bakgrunn og mandat
7
2.2. Prosjektmål og forankring
7
2.3. Avgrensing
7
3. Metode
8
4. Bakgrunnskunnskap om Askvoll
8
4.1. Kaianlegg i kommunen
9
4.2. Industriområdet Vikane
10
4.3. Industriområdet Vikane – historikk
11
4.4. Industriområdet Vikane – Atløysambandet
12
5. Innleiande vurderingar
13
5.1. Utviklingstrekk i oljeindustrien
13
5.1.1. Ressursar og funn
13
5.1.2 Operatørar og etterspurnad etter tenester
14
5.1.3 Supplyfartøy
15
5.2. Annan landbasert verksemd
16
6. Vurdering kritiske forhold
17
6.1. Landbasert verksemd knytt til supplyhamn / djupvasskai
17
6.1.1. Marknadspotensiale
17
6.1.2. Behov for tilleggstenester
22
6.1.3. Krav til storleik og djupne
22
6.1.4. Miljøomsyn/støy
23
6.1.5. Andre forhold
23
6.2. Alternativ landbasert verksemd
23
6.2.1. Fiskeri-, havbruk-, maritim-industri
23
6.2.2. Landbasert ikkje-maritim industri
25
7. Analyse og konklusjon
27
8. Vegen vidare
29
Vedlegg
30
Vedlegg 1 – Eksisterande næringsliv og utviklingsplanar i Askvoll
30
Vedlegg 2 – Eksisterande og planlagde oljebasar
33
Vedlegg 3 – Organisering av prosjektet
36
Vedlegg 4 – Gjennomføring av prosjektet
37
Innhald
Vedlegg 5 – Intervjuguide og intervjuobjekt
38
Vedlegg 6 – Skriftlege kjelder
39
Samandrag
1. Samandrag
Askvoll kommune og Askvoll Næringsutvikling har tatt initiativet til å gjennomføre eit forstudie der føremålet
er å avklare marknadsbehov og marknadspotensiale for etablering av ei supplybåthamn i kommunen, samt
moglegheita for annan landbasert verksemd. PricewaterhouseCoopers AS har gjennomført forstudiet i perioden
15. oktober til 7. desember 2013.
I forstudiet er det gjennomført kartlegging, analyse og oppsummering med utgangspunkt i følgjande
informasjonsgrunnlag:


Gjennomgang av relevant dokumentasjon som planverk, rapportar, analysar, studiar, mm
Intervju med relevante ressurspersonar lokalt og regionalt
Oppsummeringa frå forstudiet er at det ikkje er grunnlag for å jobbe vidare med etablering av fullskala
sypplybåthamn med det spekteret av tenestar som oljeoperatørar etterspør. Eventuell ny aktivitet på Vikane må
vere eit supplement til det som skjer på Fjord Base og andre oljebaser. Det som er mest aktuelt er
avlastningsområde og då må ein etablere djupvasskai.
Innanfor supply-/djupvasskai er det potensiale for ei djupvasskai då det er mangel på dette mellom Florø og
Mongstad. For supplyrederi er dette interessant både som ventekai, mannskapsbytte og for lagring av utstyr.
Dette vil også gjelde for andre typar fraktefartøy. Dette vil kunne medføre etterspørsel etter andre tenestar som
forsyning, drivstoff, lager, mv. Noko som vil kunne skape aktivitet.
Når det gjeld landbasert aktivitet knytt til maritim industri er det allereie aktørar på Vikane som ynskjer å
etablere tenestar retta mot fritidsbåt marknaden. Dette er ut i frå at dei ser eit potensiale i marknaden. I tillegg
er fleire aktørar innanfor marin industri som vurderer området som aktuelt. Vikane kan være interessant for
desse ut i frå geografisk plassering.
#
1
Anbefalingar / oppfølgingspunkt
Oppsummering styringsgruppemøte 16.12.2013
Utarbeide ein plan for heile området:
 Småbåt/fritidsbåt (lagring, service- og
vedlikehald) i tilknyting til eksisterande
småbåthamn
 Oppdrett/maritim industri – mindre kai utan
stor djupne, men avhengig av areal på land
 Supply-/djupvasskai – solid kai med god
djupne, samt godt laste- og losseområde.
Kommunen bør sikre at områdeplanen legg til rette for langsiktig
utvikling.
2
Avklare tillat forureining, støy, lys, mm.
Kommunen bør avklare rammer for tillat forureining slik at
potensielle aktørar har noko konkret å forholda seg til.
3
Følgje opp konkrete aktørar som kan ha interesse i
å etablere seg på området.
Omstillingsorganisasjonen bør følgje opp aktørar som er
interessert i området. Avhengig av resultatet kan det vere aktuelt
å definere forprosjekt for vidare utvikling og etablering av aktørar
innan marin industri.
4
Avklare kommunalt eigarskap og finansiering.
Kommunen bør avklare kva som er naturleg og mogleg med
omsyn til eigarskap, samt offentlege finansieringsordningar.
Dette bør inngå i marknadsføringa av området.
5
Marknadsføring av området.
Kommunen bør ta initiativ til etablering av eit tiltaksapparat for
å handtere førespurnadar i samband med næringsetablering.
Gruppa bør vere samansett av politikarar, personar frå
administrasjon og næringslivsaktørar.
Avhengig av naudsynt arbeid kan det verte aktuelt å etablere eit
forprosjekt for utvikling av marknadsmateriell, val av kanalar og
gjennomføring av marknadsføring.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
6
Samandrag
2. Innleiing
2.1. Bakgrunn og mandat
Askvoll Kommune er inne i sitt tredje år som omstillingskommune der målsetjinga er å bidra til at det vert
etablert fleire arbeidsplassar, samt å auke tal innbyggarar i kommunen.
I 2012 utarbeida Omstillingstyret i Askvoll ein næringsplan for kommunen – «Utviklingsplan for Askvoll
Nærings- og Omstillingsarbeid 2013-2016». Dette dokumentet er basert på tidlegare analysar og har hatt brei
medverknad frå næringsliv, velforeiningar og kommunen. I dokumentet er det teke høgde for at styret for
omstilling vurderer at det er behov for ei meir spissa satsing og meir involvering av næringslivet.
Det er i dag høg aktivitet i den nordlige Nordsjøen knytt til olje og gass, noko som ein ser att i utviklinga i Flora
kommune. Her er det mål om stor sysselsettingsvekst innan maritime næringar. Ser ein på Askvoll Kommune,
er eit av konkurransefortrinna den gografisk plassering. Askvoll ligg ut mot Nordsjøen, midt i skipsleia nord –
sør, med kort avstand til Bergen, Mongstad, Florø og oljefelta i Nordsjøen.
På bakgrunn av dette har Askvoll Kommune og ANU (Askvoll Næringsutvikling) gjennomført eit forstudie der
føremålet er å avklare marknadsbehov og marknadspotensiale for etablering av ei supplyhamn / djupvasskai i
kommunen, samt moglegheita for annan landbasert verksemd.
2.2. Prosjektmål og forankring
Målet med prosjektet er å avklare om det er potensiale for å etablere ei supplyhamn i Askvoll Kommune, samt
annan landbasert verksemd.
Dette vil danne eit grunnlag for avgjerda av om ein skal arbeide vidare med dette i eit forprosjekt og deretter eit
hovudprosjekt. Dersom ein lukkast vil dette vere med på å realisere målet om å skape 30 nye arbeidsplassar
innan 2016.
2.3. Avgrensing
Forstudiet er avslutta når sluttrapporten er ferdig og handsama av styringsgruppa. Utgangspunktet for
forstudien er ei vurdering av hamnebassenget/industriområdet Vikane ved Askvoll sentrum.
Følgjande innhald er definert i anbodsgrunnlaget til forstudien:







Marknadspotensiale inkl. venta årleg inntekt
Behov for tilleggstenester som vatn, landstraum, mekanisk/ reparasjon, skipshandel
Dagens råmevilkår
Krav til storleik, djupne mv
Miljøomsyn/krav
Venta grad av støy, lys, luftforureining mv..
Andre tilhøve
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
7
Samandrag
3. Metode
Prosjektet har vore organisert etter PLP-metodikken, med ei tydeleg styringsgruppe, ein detaljert aktivitetsplan
og ei tett framdriftsoppfølging. PLP-metodikken er mykje nytta av mellom anna Innovasjon Norge.
For å innhente tilstrekkeleg informasjonsgrunnlag har ein nytta seg av følgjande arbeidsmetodar:


Intervju – sjå vedlegg 2 for intervjuobjekt og -guide
Dokumentstudie – sjå vedlegg 3.
4. Bakgrunnskunnskap om Askvoll
Askvoll Kommune ligg på kysten av Sogn og Fjordane og dekkjer området mellom ytste delane av
Dalsfjorden/Vilnesfjorden og Førdefjorden. Kommunen strekkjer seg frå bygdene på sørsida av Førdefjorden i
aust og til Bulandet i vest. Nabokommunane er Solund og Fjaler i sør, Flora og Naustdal i nord og Førde og
Gaular i aust.
Ved utgangen av 3. kvartal 2013 har kommunen 3029 innbyggjarar (SSB). Dette er noko auke sidan 2010 då ein
akkurat var under 3000 innbyggjarar etter mange år med folketalsnedgang.
Infrastrukturen i Askvoll er prega av at kommunen er ein kyst- og øy kommune, slik at mykje av transporten
historisk sett har skjedd og framleis skjer på sjø. Det er ferjeruter mellom Askvoll - Fure og Eikenes – Dale. I
tillegg går det ferjeruter frå Askvoll til øyane Atløy og Værlandet.
Dalsfjordsambandet som erstattar ferja mellom Eikenes og Dale opnar i desember 2013. Dette vil gjere
kommunikasjonen mellom Askvoll og Dale betre, noko som i enda større grad enn i dag vil gjere desse to
kommunane til ein felles bu- og arbeidsmarknad. Det er i samferdsledebatten gitt uttrykk for at brua i stor grad
også vil gjere Ytre Sunnfjord og Ytre Sogn til ein arbeidsmarknad.
Med bil kjem ein til Askvoll via Førde på riksveg 609 eller via riksveg 57 og bru over Dalsfjorden ved Dale eller
ferje frå Fure. Avstand til E39 (nord/sør) og flyplassen på Bringeland vil bli kortare etter opninga av
Dalsfjordsambandet. Reisetid til Bringeland vil vere om lag 45 minutt.
Askvoll er prega av å vere ein primærnæringskommune, med 14% av befolkninga sysselsett i jordbruk, skogbruk
og fiske, noko som er klart over landsgjennomsnittet. 22% er sysselsett innan helse- og sosialtenester.
I 2012 var det 16 verksemder i Askvoll som nådde omsetning over ti millionar. 12 av desse var knytt til fiskeri.
Seks av desse verksemde dreiv med pelagisk fiske (kystnotrederi), to verksemder med fiskeoppdrett, to
fiskeforedlingsverksemder. Resterande seks verksemder var to fraktebåtrederi og fire selskap i ulike næringar
(industri, entreprenør, verkstad, byggvarefirma). Status i dag er at Askvoll Kommune har eit fortrinn innan
fiske, fiskeindustri og industri.
Informasjonen i dette kapitlet baserar seg i største del på strategisk utviklingsanalyse frå 2009 som ein har
oppdatert for dei områda ein har funne relevant for dette forstudiet, samt utviklingsplan for Askvoll 2013-2016
gjennomført av omstillingstyret i kommunen (2013). Sjå vedlegg 1 for nærare detaljar.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
8
Samandrag
4.1. Kaianlegg i kommunen
Per i dag er det fleire kaier i Askvoll, men berre to av desse er ledige og vurdert eigna til å ta i mot større båtar.
Dette er "gamlekaia"/Sølvberg-kaia i Askvoll sentrum og djupvasskai ved anlegget til Klausen Mekaniske på
Hellestrand.
Sølvberg-kaia ligg midt i skipsleia forbi Askvoll sentrum. Konstruksjonen (betong/fundament) er gamal, og det
er såleis usikkert kor lenge denne kan nyttast. Det er også bustadhus heilt nært inntil kaia, og dette er ikkje
ideelt med tanke ureining av ulik karakter (støy, lys etc.). Kaia til Klausen Mekaniske Verksted AS ligg på eige
anleggsområde skjerma frå busetnad og er i teknisk god stand. Kaifronten her er 30 meter, medan sjøfront på
området er om lag 200 meter. Klausen si kai på Hellestrand i Dalsfjorden ligg ikkje direkte i skipsleia og ein
opplever til tider her utfordrande vind- og straumforhold. Bruken av kaia må også sjåast i samanheng med den
totale utnyttinga av anleggsområdet. Heile Klausen sin næringseigedom er lagt ut for sal.
Ferjekai på Eikenes vil frå midten av desember 2013 bli ledig, men dette er forholdsvis langt inne i Dalsfjorden
og ikkje vurdert som aktuell for vidare vurderingar med tanke på kai for supplyfartøy og eventuelt fraktefartøy
av ulik karakter. I tillegg er det i Askvoll Kommune også mindre kaier, som i Holmedal ved knivfabrikk,
Stongfjorden, Vilnes, Herland, Værlandet og Bulandet. Kaiene på Herland og i Bulandet blir nytta til å ta imot
fisk/skaldyr for vidareforedling. Nærleik til skipsleia er avgjerande for å få tilstrekkeleg med anløp til ei kai.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
9
Samandrag
4.2. Industriområdet Vikane
Kommunesenteret i Askvoll ligg på Askvollhalvøya og er omkransa av hamnebassenget som strekk seg frå
Askvika i aust, Prestøyna i sør, Atløyna i vest og Granesundet mot nord. Industriområdet Vikane (Olsetvikane)
ligg på sørsida av hamnebassenget i eit område utan bustadar. Frå Askvoll sentrum ser ein rett over til
industriområdet.
Den indre skipsleia går nord-sør gjennom hamnebassenget i Askvoll, vest av Prestøyna og gjennom
Granesundet.
Kjelde: www.norgeskart.no
Regulert område er totalt 231 daa inkludert utfylling i sjø, medan regulert område til strandsone er 195 daa. Av
dette eig Askvoll Kommune framleis 188 daa når ein tek med utfylling sjø eller 152 daa til strandsone.
Terrenget på området er lettare kuppert med berg, lyng og spreidd låg lauvskog. Fleire meiner at det truleg er
tilnærma massebalanse i området til å gjennomføre utfylling i sjø i høve til vedteken reguleringsplan. Dette er
ikkje undersøkt nærmare i dette forstudiet. Det er lågt ned på fjell i terreng på land. Djupne i sjø er meir
usikkert då ein ikkje er kjent med pålitelege undersøkingar av havbotnen i nyare tid. Ut i frå sjøkart har
området mot nordvest god djupne, medan det frå kai til Olset Entreprenør AS og austover er grunnare. Dette
kan ein også sjå utifrå innteikna utfyllingsgrad i sjø. Ved bygging av fastlandsforbindelse til Atløy vil det vere
naturleg å kunne nytte seg av overskotsmasse herifrå til utfylling i sjø, men når dette vil skje er usikkert.
Kjelde: Reguleringsplan for industriområdet Olsetvikane
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
10
Samandrag
4.3. Industriområdet Vikane – historikk
Reguleringsplan for industriområdet blei vedteke av Askvoll Kommune 31.1.1985. I 2001 vedtok ein ei endring
som innebar innarbeiding av industrikai mot vest, men føresegnene har vore uendra sidan opprinneleg plan frå
midten av 1980-talet. I føresegnene kjem det fram at før ei utbygging av området skal det føreligge ein
arealdisponering for dei ulike byggjestega. Som døme på planar for området som kan godkjennast er det nemnt
areal for industribygg, inne- og utelager, kontor og administrasjon, kaier, trafikk, isolasjonsbelte og liknande.
Vidare står det at "Innanfor reguleringsområdet skal bygningsrådet godkjenne oppdeling av tomteareal etter
dei ulike behov til dei einskilte bedriftene." Ein slår også fast at området ikkje skal tillatast til oppføring av
bustader med unntak av eventuell "vaktmesterleilegheiter".
Betongentreprenøren Otto Olset var den første verksemda som etablerte seg på området i 1986. Olset
Entreprenør AS har kai for mottak av sand og singel, samt at reserveferjer for Fjord1 i periodar ligg ved denne
kaia. SFE Produksjon AS og Oldbjørn Tangedal fekk utskilt tomter på 1980-talet, Torbjørn Gjørøy i 1999 og
Sunnfjord Miljøverk IKS i 2009. I 2013 har fleire aktørar fått kjøpe parsellar i og rundt småbåthamn i austre del
av industriområdet. Sjå vedlagt oversikt over eigarar på området, inkludert plassering som framgår av eige kart.
Kjelde: Askvoll Kommune
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
11
Samandrag
I tillegg til dei som er nemnt over har det vore ulike aktørar som har vist interesse for området, men som av
ulike årsaker ikkje har realisert sine planar. Dei mest konkrete planane frå interessentar som ikkje har etablert
seg er begge om lag 10 år gamle. Dette gjaldt anlegg for vidareforedling av fisk (lakseslakteri) og mottak og
gjenvinning av fritidsbåtar i plast.
Siste året har det vore større interesse for området og kommunen har seld ut tomter/parsellar i og rundt
småbåthamn mot aust. Dei fleste som har fått kjøpt tomter i 2013 har planar i tilknyting til fritids-/småbåtsegmentet, med naturleg tilhøyrande tenester som lagring, service og vedlikehald. I tillegg har det nyleg vore
interesse for kjøp av areal vest av Torbjørn Gjørøy si tomt med tanke på mogleg etablering av ei større kai.
4.4. Industriområdet Vikane – Atløysambandet
I høve utgreiing av trasear for fastlandssamband for Atløy arbeider Askvoll Kommune med kommunedelplan
for ulike alternative vegløysingar på fastlandet. Trasé vil uansett gå over/under Prestøyna og grense mot
industriområdet Vikane. Det er per i dag tre aktuelle trasear.
Alternativ1: kort bru Prestøyna sør
Alternativ 2: kort bru Prestøyna nord
Alternativ 3: Lang tunnel
Kjelde: Askvoll Kommune
Traseane er ikkje vurdert til å være ei hindring for utvikling av industriområdet. Ved utbygging av sambandet
vil truleg industriområdet bli meir attraktivt for næringsdrivane. Alternativ 1 og 2 med bru vil følgje
eksisterande veg gjennom den austlege delen av området før den skjerer sørover for kryssing av Prestøyna.
Alternativ 3 med lang tunnel vil ha minst påverknad på området med tunnelinnslag mot sør rett etter Olsetbrua
(bru over Askvika).
Det er ikkje gitt politiske føringar for området utover føresegnene i reguleringsplan. Generelt er det frå
kommunen si side eit ynskje når ein sel ut eigedommar at ein har eit heilskapleg bilete av kva verksemd som
skal verte etablert og kva konsekvensar dette har for omgjevnadane.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
12
Samandrag
5. Innleiande vurderingar
5.1. Utviklingstrekk i oljeindustrien
5.1.1. Ressursar og funn
Som bilete til høgre viser er det mykje aktivitet knytt til olje- og
gassverksemd i den nordlige delen av Nordsjøen. Per i dag er det 28
produserande felt, 3 felt som er godkjent for utbygging og 9 framtidige
prosjekt.
Tal frå Oljedirektoratet syner at det framleis er mykje ressursar
tilgjengelig på norsk sokkel. Figuren under til venstre syner at kun 43%
av sannsynlege driveverdige ressursar på norsk sokkel er seld og levert.
Figuren nede til høgre visar at tilsvarande tall for nordlege Nordsjø er
54% (Kilde: Presentasjon frå Oljedirektoratet på Petroleumskonferansen
Vekst i Vest, Florø 25. september 2012). Resterande er enten reserver,
betinga ressursar i felt eller i funn, eller uoppdaga ressursar.
Ifølgje Oljedirektoratet er det fleire utbyggingsplanar for felt og funn i nordlege Nordsjø i tida framover.
Godkjende utbyggingsplanar
Knarr (BG Norge)
Martin Linge (Total E&P)
Valemon (Statoil)
Funn i nordlege Nordsjø
Astero (Statoil)
Beta Brent (Suncore)
Delta (Wintershall)
Grosbeak (Wintershall)
Krafla (Statoil)
Oseberg Delta 2 (Statoil)
Peon (Statoil)
Skarfjell (Wintershall)
Titan (Rwe-DEA)
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
13
Samandrag
I tillegg til felta nemnt over skal Statoil bygge ut Snorre C. Utbyggingsløysing er ikkje vedteke, men saman med
andre funn og leiteaktivitet vil dette være positivt for oljenæringa i Sogn og Fjordane. Det skal borast mange
brønnar, og felt skal byggjast ut og driftast.
5.1.2 Operatørar og etterspurnad etter tenester
Det har vore ei utvikling dei siste åra med at det har komme fleire nye operatørar på norsk sokkel, og
tilsvarande er det mange fleire selskap som har leitelisensar. Nokre av desse selskapa vert omtala som
«oljemyggar». Dette ser ein også på Fjord Base i Florø kor Statoil er den klart største aktøren. I den seinare tid
har selskap som BG og GDF etablert seg på basen, men også mindre selskap har i periodar nytta seg av tenester
frå basen. Eksempel her er Lundin og Wintershall.
Det er venta at i framtida vil både eksisterande og nye aktørar etterspørje både areal og tenester frå
nærliggjande oljebasar og industriområde. Kor mykje areal og type tenestar som blir etterspurd er avhengig av
kor operatørane vel å leggje verksemda si når dei byggjer ut, samt framtidige funn.
Vedlegg 2 syner ein oversikt over dei største industriområde og oljebasane som i dag kan levere tenester til
næringa. I Sogn og Fjordane er Fjord Base i Florø den klart største basen. I nord er den næraste oljebasen av ein
viss størrelse Vestbase i Kristiansund, medan det i sør er Mongstad i Hordaland som er nærast. I Sogn og
Fjordane er det planlagd eit område i Svelgen og ein har opparbeida eit stort område på Lutelandet.
Fjord Base i Florø er i dag navet for petroleumsverksemd
i Sogn og Fjordane. Det representerer eit sterkt miljø
innan oljeindustrien med 55 ulike selskap etablert eller
representert. Over 550 personar har sin arbeidsplass på
basen. Dei dekkjer dei fleste tenestene til drift og
utvikling av olje- og gassfelt i Nordsjøen.
Fjord Base er i dag fullskala forsyningsbase for
plattformane på Snorre A, Snorre B, Visund (Statoil er
operatør) og Gjøa (GDF er operatør), og vil truleg verte
det for Knarr (BG er operatør) når dette feltet kjem i
produksjon i 2014. I tillegg leverar ein tenester til
boreriggar i området. Ein har også leveransar til fleire
andre felt på Tampen. Status i dag er at Statoil har
vedteke å endre sitt seglingsmønster slik det er vist i
illustrasjon under (nytt seglingsmønster til venstre):
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
14
Samandrag
Kjelde: www.statoil.com
Logistikk og forsyningstenester på
ein base består typisk av:
For Fjord Base betyr dette en reduksjon i logistikk- og forsyningstenester.

Oversikten til høgre listar typiske tenester som vert påverka av denne
endringa. Det er kommunisert at endringa vil skje over ein periode og vil
vere fullført i løpet av 2016. I det nye seglingsmønsteret til Statoil skal Fjord
Base berre ha forsyning til Snorre A og Snorre B, samt Visund.






Pakking, merking og
forsendelse
Transport til kai
Lasting og lossing
Drivstoff og smøremiddel
Avfallshandtering
Inne- og utelager
Spedisjon
5.1.3 Supplyfartøy
Supplyrederi leverer tenester som syter for effektiv produksjon i oljebransjen. I dette inngår mellom anna
transport av produksjonsutstyr, utføring av undervassoperasjonar og tauing av oljeriggar. Utviklinga i dei
seinare åra har gått mot at nokre supplyrederi har satsa på seismikkundersøkingar og avanserte operasjonar
knytt til havbotnsinstallasjonar og brønnintervensjonar, medan andre satsar meir på støtteoperasjonar og
tradisjonelle forsyningstenester. Som følgje av dette har det oppstått ei spesialisering hos rederia innanfor
enkelte segment (Norges Rederiforbund 2009).
Innanfor supplybransjen finn ein ulike kategoriar av skipstypar. Hovudsakleg gjeld dette:



PSV (Platform Supply Vessel) er forsyningsfartøy. Arbeidsoppgåvene til eit PSV kan samanliknas med
oppgåvene ein lastebil har på land.
AHTS (Anchor Handling Tug Supply vessel) er ankerhandteringsfartøy og tauing av offshore
plattformar, lekterar og produksjonsmodular/-skip.
Subsea er skip som er designa for å foreta undervassinstallasjonar, samt inspeksjon, reperasjon og
vedlikehald av desse konstruksjonane (Oceaneering.no). Skipa kan også foreta brønnintervensjon, ein
prosess der ein aukar eit oljefelt sin utvinningsfaktor (Statoil.no).
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
15
Samandrag

OCV (Offshore Construction Vessel) kan sjåast på som ein kombinasjon av AHTS og Subsea. I skildring
av marknad og tilbydarar i marknaden blir OCV'ar ofte karakterisert som store AHTS (> 10 000 BHP
(bremsede hestekrefter))
Utviklinga i bransjen dei siste åra har vore at oljeselskapa etterspør større og meir kostnadseffektive skip.
Generelt i bransjen reknar ein PSV-fartøy på over 2000 DWT (dødvekttonn) og AHTS > 10 000 BHP som store
(Farstad 2008).
Supplyrederi tek spesifikke oppdrag for oljeserviceselskap med ulik varigheit. Kontraktane mellom partane er
utforma slik at rettigheiter og plikter vert stadfesta. Generelt skal rederi halde mannskap og vedlikehald av skip,
medan til dømes drivstoff vert dekkja av oljeserviceselskap. Ei tradisjonell inndeling av kontraktane i
supplynæringa er skilje mellom spotmarknaden (< 30 dagar) og periodemarknaden (>30 dagar).
Nordsjøområdet, både i norsk og britisk sektor, er per i dag den einaste marknaden med ein vel fungerande
spotmarknad i tillegg til periodemarknaden. Tidlegare var alle skip i Nordsjøbassenget knytt til
langtidskontraktar, medan ein i dag ser at om lag halvparten av flåten tek kontraktar med lengde på under 30
dagar gjennom spotmarknaden (R.S Platou).
5.2. Annan landbasert verksemd
Dersom ein skal få på plass annan landbasert verksemd er ein avhengig av at det enten er:
1.
Spesielle forhold i området som gjer at det er naturlig å legge verksemd til Vikane. Det kan være
konkrete råvare ressursar eller andre verksemder som etterspør konkrete tenester.
2. Personar eller verksemder med konkrete idear og kompetanse som ynskjer å etablere seg i Vikane.
Dette kan illustrerast godt med forstudien knytt til etablering av pelletsfabrikk på området til Klausen Industri.
Utgangspunktet her var at ein hadde eit ledig areal, gode kaiforhold, tilgang på råvare, samt at det var sentralt i
høve til transport inn og ut av fylket på båt.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
16
Samandrag
6. Vurdering kritiske forhold
6.1. Landbasert verksemd knytt til supplyhamn /
djupvasskai
6.1.1. Marknadspotensiale
Supplerande verksemd - oljeindustri
Det er ikkje vurdert som naturleg å starte verksemd som vert ein konkurrent til oljeretta verksemd som allereie
finnast i Florø, Mongstad, Sløvåg, Skipavika og som er planlagt på Lutelandet. Ein må ikkje "gå eksisterande
aktørar i næringa", men finne ei utnytting av arealet som eventuelt kan supplere og utfylle desse.
Døme på slik supplerande verksemd kan vere at Vikane eventuelt nyttast som avlastningshamn/ -areal for
eksisterande oljebasar. Utviklinga i Florø har den siste tida vore at ein treng meir areal, og ei utviding av basen
er til politisk handsaming. Samtidig er det eit ynskje både frå kommunen og næringsdrivande at dersom Vikane
blir eit avlastningsområde så må det generere aktivitet utover dette. Det er venta at etablering av djupvasskai på
området vil føre til meir aktivitet i form av tilleggstenester (jf avsnitt nedanfor).
Ny verksemd - oljeindustri
Når det gjeld konkret ny verksemd som ikkje finnast på nærliggande lokasjonar/oljebaser så er "Float over
operations" - løfteoperasjoner frå lekter til båt/kai konkret nemnt. Denne typen operasjonar treng rolegare
farvatn enn kva som er tilfelle utanfor Lutelandet. Askvoll hamnebasseng og eventuell kai ved Vikane
industriområde vil vere ei "lun" hamn, men desse operasjonane er også svært plass- og djupnekrevjane. Dette
vil seie minst 300 meter ut frå kai, djupne på 40 meter i området og minimum 35 meter ved kai. Ei kai for slike
operasjonar må også vere 200 meter lang. Desse krava gjer at Askvoll hamnebasseng/ industriområdet Vikane
ikkje er vurdert som eigna for slike løfteoperasjonar.
Eit anna område som er trekt fram som aktuelt er serviceverksemd for Subsea. Dette er mellom anna nemnt på
Petroleumskonferansen Vekst i Vest i Florø hausten 2013. For å lykkes med dette er ein avhengig av at ein
eksisterande aktør vel å etablere seg på området, men fleire er av den oppfatning at eksisterande oljebasar er
meir interessante. Dette heng saman med bredde i tenester som er naudsynt for å levere subsea tenester.
I dei intervjua som er gjennomførte er det ikkje identifisert aktørar innan oljebransjen som har eit naturleg
ynskje om å etablere seg på industriområdet i Vikane.
Djupvasskai
Næringsaktørar innan skipsfart framhevar at for fartøy av ein viss storlik finnes det ikkje hamner i skipsleia
mellom Florø og Mongstad. Einaste kai som vert referert til er Sølvberg-kaia i Askvoll sentrum, men denne
treng opprusting for å tilfredsstille dagens krav. Det er også bustadhus nær denne kaia. I tillegg til denne kaia er
det i Askvoll Kommune kai ved Klausen Mekaniske sitt anlegg på Hellestrand, men utover dette synest det ikkje
å vere eigna kaier innanfor kommunegrensene som kan ta imot større fartøy.
Næringseigedommen til Klausen Mekaniske på Hellestrand er til sals, og ei eventuell utnytting av denne kaia
må sjåast i samanheng med den totale bruken av anlegget/området. Det er gjort ein forstudie på om anlegget
kunne eigna seg til pelletsfabrikk. Pelletsfabrikk er framleis aktuell på området på Hellestrand, men prosjektet
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
17
Samandrag
er foreløpig utsett. Dette i hovudsak fordi denne typen industri er svært arealkrevjande. I forstudien var behovet
estimert til minimum 500 daa inkludert sagbruk, som ein føreset skal vere samlokalisert med pelletsfabrikken.
Fylkeskommunen vurderer ulike alternativ for ei lokalisering i fylket, og Askvoll er framleis aktuell.
I tillegg til usikkerheit knytt til vidare utnytting av området til Klausen, så vil ikkje denne kaia vere direkte i
skipsleia. Det er betydelig trafikk i skipsleia og mange av fartøya er knytt til aktiviteten på sokkelen. Ved Fjord
Base i Florø estimerer ein med om lag 1200 anløp frå supplyfartøy for 2013. I tillegg til Fjord Base har Flora
Hamn per november 2013 registrert 6200 anløp fordelt på Fugleskjærskai og Gunhildvågen. Hurtigruta,
Norlines (container-fartøy) og hutigbåtane til Norled har faste daglege anløp, resterande relaterer seg til
"ventefartøy". I periodar med dårleg ver i Nordsjøen merkar ein stor pågang og i enkelte tilfelle må ein avvise
fartøy. Supplyfartøy vert i desse tilfella henvist til fiskerikai i Kalvåg i Bremanger eller dei vel å gå til Mongstad
eller Bergen. Kor dei vel å gå er også avhengig av om ein er på oppdrag og kvar det er kapasitet.
I intervju er det referert til at behovet for supplyhamn i fleire år har vore nemnt på gasskonferansen i Bergen.
Det er mangel på kaier, og ein meiner vidare at størrelsen ikkje nødvendigvis er avgjerande. Ein kan legge til
rette for å ta imot dei mindre fartøya.
Ei djupvasskai vil også kunne nyttast av ulike fraktebåtar, som grunna storleiken også har få hamner å nytte seg
av. Dette gjeld til dømes mindre gass-/kjemikalietankarar, fiskeforbåtar, sand- og tarefraktbåtar. Desse fartøya
nyttar i stor grad allereie den indre leia gjennom Askvoll hamnebasseng. Utan at ein har konkrete tal på dette er
det estimert at ein fiskeforbåt (EWOS/Artic Group) passerer Askvoll dagleg og at ein gass-/kjemikalietankar
minst annankvar dag. Når det gjeld andre typar fraktebåtar så har desse fleire passeringar i løpet av eit døgn.
Vidare blir det peika på at gruveindustrien i fylket er i vekst. Enkelte ventar at denne næringa på sikt kan overta
for dagens oljeindustri. Per i dag er det to operative gruver i fylket, dette er på Kjelkenes og i Svelgen. I tillegg
har Nordic Mining planar om utvinning av rutil i Vevring. Både Kjelkenes og Svelgen har berre kvart sitt punkt
som er eigna for lasting. Dersom prosjektet i Vevring i Førdefjorden vert realisert, vil regionen truleg ha mangel
på hamnekapasitet for fraktefartøy knytt til denne industrien. Med aukande aktivitet vil ein kunne trenge
hamneområde og kai. Ved å satse på avlastningshamn/liggekai ved kysten vil ein unngå konflikt med
fiskeinteresser inne i fjordane. Nordic Mining er ein interessant aktør som kan kontaktast i høve dette.
Ved bygging av fastlandsforbindelse til Atløy vil området i Vikane ligge attraktivt til med tanke på mottak av
utstyr, modular og tilsvarande for dei utførande entreprenørane. Ei solid kai med løftekapasitet vil såleis vere
gunstig i denne byggjeperioden.
Totalt sett synest det å vere marknadspotensiale for ei djupvasskai som kan nyttast som ei avlastning-, ligge- og
mannskapsskifte kai. Dette gjeld både for supply og andre type båtar.
Kven avgjer kva kai som nyttast?
Innan supplybransjen er det eit tydeleg skilje mellom fartøya som går i spot- og periodemarknaden. Om lag
50% av fartøya i Nordsjøbassenget er i spotmarknaden. Mellom desse kontraktane (off-hire) ligg fartøya til kai,
og sjølv om rederia helst ser at fartøya er på kontrakt i størst mogleg grad så vil ein i spotmarknaden ha opphald
mellom kontraktar. I desse periodane er det viktig med låge driftskostnadar på fartøyet. Mannskapskostnadane
utgjer om lag 70% av totale driftskostnadar, medan andre driftskostnadar inkludert drivstoff utgjer 20% og
administrasjon resterande 10%. Drivstoffkostnaden er forholdsvis låg sidan operatørane normalt sett dekker
dette når ein er på kontrakt. Off-hire (utan kontrakt) må rederia dekke drivstoff sjølve. Ein følgje av dette er at
rederia ynskjer å flytte skipa minst mogleg så lenge dei ikkje er på kontrakt. Å kunne legge til kai nær neste
oppdrag vil såleis vere ein fordel. Per 28. november 2013 er det i Bergen fem AHTS-fartøy og to PSV-fartøy off
hire, som då er ledig for oppdrag.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
18
Samandrag
Kjelde: RS Platou (har til ei kvar tid oversikt over spot- og periodemarknaden for supplyfartøya)
Så lenge eit skip er på kontrakt så er det i stor grad operatør/charter som avgjer kva hamner som vert nytta. I
desse tilfella ligg ofte fartøya ved forsyningsbaser/verft då ein ligg rimeleg her. Ved mannskapsskifte er det
normalt rederiet sjølv som bestemmer hamn.
Bergen vil nok vere ei meir attraktivt "liggehamn" for mannskapet enn til dømes Askvoll som ei følgje av
avstand til familie / vener, samt tilbod av resturantar, kino og anna. Når fartøya ligg off-hire er arbeidsdagen for
mannskapet normalt ferdig klokka 18 eller 19. Det er rederiet som avgjer hamn, og for dei er truleg nærleik til
neste oppdrag, nærleik til flyplass, samt at ein får utført dei tenestene ein ynskjer på plassen meir avgjerande
enn mannskapet sine interesser. Fasilitetane ombord på nye fartøy i dag er som regel svært gode.
Dei ulike typane for- og fraktebåt går også som supplyfartøya i ulik grad på faste kontraktar, og då gjeld same
regelen som for supply. Ved mannskapsskifte avgjer rederiet hamn og dekker kostnad med anløp, medan øvrige
kaianløp i kontraktsperiode i større grad vert styrt av charter. Val av kai vil uansett vere eit samspel mellom
charter og rederi. Som hovudregel vel ein nærmaste kai som tilfredstiller behova då dette som oftast vil vere
gunstigaste løysinga for begge partar.
Kvifor nytte kai mellom Florø og Bergen?
Askvoll sitt fortrinn ligg i den geografiske plasseringa, sentralt plassert på kysten i nærleik til olje- og leitefelta
på sokkelen utanfor og med "lun" hamn i den indre skipsleia. Etter fullførte oppdrag på oljefelta utanfor kysten
eller ved oljebasen i Florø og Mongstad, så vil supplyfartøya gå til Bergen for å legge til kai. Grovt rekna er det
like langt frå Mongstad til Bergen, som frå Mongstad til Askvoll, om lag 40 nautiske mil. Frå Florø til Askvoll er
det om lag 18 nautiske mil.
Per i dag går dei fleste supplyfartøya i ytre leia vest av Atløy, men med dette sparer dei berre nokre få nautiske
mil (truleg i underkant av 5 nautiske mil). Denne leia er meir vêrhard og i vinterhalvåret vel derfor større fartøy
å nytte den indre leia forbi Askvoll. På grunn av at Vikane ligg nære den indre skipsleia vil området også vere
gunstig i høve til andre typar fartøy.
Det er kome innspel på at sidan supplyfartøya går den ytre leia så ville det vore meir naturleg å legge til rette for
ei djupvasskai i Vilnesvika på Atløy i staden for i Vikane ved Askvoll hamnebasseng. Dette området har god
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
19
Samandrag
djupne og ligg nær den ytre leia, men dette er ein vêrhard plass og ein må langt inn i Vilnesvik for å finne ei
hamn som både er "lun" og har tilstrekkeleg areal.
Når Atløysambandet er klart vil ein få berre 10-15 minutt ekstra køyring frå Bringeland til Vilnes, samanlikna
med Askvoll, så reisetid til flyplass vil også her vere under ein time. Om ferjekai til Værlandet blir flytta hit på
sikt vil ein eventuelt kunne opparbeide eit felles djupvasskai-område. Ulike aktørar påpeikar at det ikkje vil vere
avgjerande om ei eventuell djupvasskai ligg på Vilnes eller i Askvoll. Avstanden er ubetydeleg både for
supplyfartøy og generelt for alle typar fartøy når ein kjem nord- eller sørgåande forbi Askvoll.
Artic Group har per i dag kai på Vilnes, gjennom selskapet Atløy Båt og Marina AS. Kaia er på 40 meter med
tilhøyrande anlegg for mottak, service og lagring av fritidsbåtar.
Ei kai i Askvoll vil vere sentralt når det gjeld mannskapsskifte. Det er hurtigbåtforbindelse med Bergen (2,5
timar) og om lag 45 minutt til Bringeland flyplass. Ifølgje lokalt fraktebåtrederi vil dei truleg oftare legge
mannskapsskifte til Askvoll når Dalsfjordbrua står klar og ein får kort veg til Bringeland. Dei fleste ombord har
bustad utanfor fylket og enklaste reisemåte er av denne grunn fly. Supplyrederi framhevar også kort avstand til
flyplass som ein klar fordel. Det viktigaste er god forbindelse med Oslo, samt gjerne Ørsta/Volda på Sunnmøre.
Fleire større supplyrederi held til i Fosnavåg, Ulsteinvik og Ålesund, samt at ein stor del av mannskapet ofte er
lokalt busett. Med Eikesundsambandet er det korte reiseavstandar frå flyplassen Ørsta/Volda og nordover til
denne regionen.
Industriområdet i Vikane er skjerma frå bustadar, men likevel berre fem minutt med bil frå Askvoll sentrum
med ulike naudsynte fasilitetar. For å få supply- og eventuelt fraktefartøy til å nytte kai i Askvoll så må ein
truleg gjere kaia "attraktiv" i tillegg til at ein har alle naudsynte fasilitetar.
Hamna vil bli attraktiv dersom ein klarer å samle fleire aktørar her som kan yte dei tenestene som fartøya
etterspør. Sløvåg er eit døme på hamn/industriområdet som har lukkast med å gjere seg attraktiv. Suksessfaktoren her har vore at ein har hatt konkret fokus og fått samla fleire aktørar som har arbeidd ilag. I tillegg til
aktørane har Innovasjon Norge og Sparebanken Sogn og Fjordane vore med på finansieringa. I Sløvåg har
etablering av utviklingsselskap og næringshage med SIVA vore sentralt. Verksemdene i næringshagen har gått
inn og jobbar med sin kompetanse, noko som har medført positiv utvikling for alle verksemdene som har vore
involvert (Wergeland, Birkeland (Septik24), Byrknes, Braanas, med fleire).
For å lykkast må ein marknadsføre produktet sitt. I gjennomførte intervju vert det påpekt at Askvoll Kommune
ikkje aktivt har marknadsført og synleggjort fordelane knytt til industriområdet. Marknadsføring kan til dømes
gjerast gjennom Maritim Foreining Sogn og Fjordane. Dette er ei interesseforeining for maritime og
offshorerelaterte verksemder i Sogn og Fjordane som i følgje si heimeside har 61 medlemsverksemder som er
lokalisert i 14 av fylket sine 26 kommunar.
Anløpsavgift og kaivederlag
Normalt sett må fartøy betale anløpsavgift/kaivederlag når dei nyttar seg av ei kai. Denne vert berekna på
bakgrunn av fartøyet sin bruttotonnasje (BT). I gjennomførte intervju vert det påpeika at kostnadane ved å
liggje til kai i Florø og Bergen er høge, og supplyrederia har ytra ynskje om fleire alternativ.
I Bergen må ein betale kaivederlag og anløpsavgift basert på storleiken i BT. For fartøy mellom 2 og 10 000 BT
er dette om lag 0,4 kr per BT i kaivederlag og om lag 0,1 kr per BT i anløpsavgift. Med andre ord totalt 0,5 kr
per BT. Dette er fastpris for anløp som er kortare enn 24 timar.
I Alden Hamneområde, som både Florø og Askvoll er ein del av, må fartøya betale anløpsavgift i det dei går inn i
hamneområdet (Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Hyllestad og Naustdal) og legg til kai. Anløpsavgifta er kr
0,39 per BT. Administrasjonen knytt til innkrevjing av avgifta er styrt av Flora Hamn. I Florø administrer Flora
Hamn også kaivederlaget som vert betalt ved dei offentlege kaiene, dette gjeld i hovudsak Fugleskjærskaia og
Gunhildvågen.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
20
Samandrag
BT
0-5 000
5000 – 10000
> 10000
Kaivederlag (kr per BT)
O,54
0,47
0,41
I tillegg kjem konkrete tenestar, noko som gjeld både i Bergen og Florø. Dette er til dømes vatn som vert betalt
per kubikk, passasjeravgift (per passasjer og BT), vareavgift og IPS-avgift.
Vi får opplyst at dei fleste "ventefartøya" i Florø i snitt må betale 2.000-3.000 kr per anløp, men dette varierer
mykje og større supplyfartøy kan betale opp til kr 10.000.
Det skal vere ganske store fartøy før anløpsavgift og kaivederlag åleine vil generere vesentlege inntekter for ei
kai, men i tillegg vil ein kunne ta betalt for andre tenester som vatn, avfallshandtering, transport, vakthald,
straum, med meir. Aktørar vi har vore i kontakt med meiner at ein bør vere varsam med reine anløpsavgifter i
første omgang, då dette potensielt kan føre til færre anløp.
Lagerhald for supplyfartøy
Supplyrederia leiger per i dag ulike områder for lagring av utstyr og reservedelar som ikkje blir nytta på alle
oppdrag. Askvoll si geografiske plassering kan gjere industriområdet i Vikane til ein attraktiv plass for
lagerhald. Ved mobilisering/demobilisering til eit oppdrag treng rederia områder der til dømes A-rammer,
reservedeler i høve ankerhandtering, kablar for kjetting og elektromotorar kan lagrast. A-ramme er ein
samlebetegnelse, men hovudsakleg er det snakk om tre ulike rammer tilknytt supplyfartøy sin aktivitet.
Ei ramme som blir montert på akterdekket i høve løfte-/eller slepeoperasjonar (ankerhandtering rigg, bøyer
etc), ramme som ligg som ein "plog" på havbotnen i høve legging av røyrledningar og ramme for senking av
ROV (fjernstyrt undervassfarkost). Ved mobilisering/demobilisering er ein avhengig av tilstrekkeleg
løftekapasitet. Dette er normalt mobilkran som kan løfte 200-250 tonn. Kai må vere konstruert for å tåle slike
tyngder, samt at ein må ha truck og god mobilitet på området.
Ankerhandteringsfartøy (AHTS) med A-ramme montert på akterdekket (skipsrevyen.no)
I dag leige selskap områder på Sunnmøre, i Bergen og Stavanger. Oljebasane eller den offentlege hamna i
Bergen vert ikkje nytta til lagring av rederia sitt utstyr. På Lutelandet satsar ein på ulike offshore-tenester, men
vi er ikkje kjent med dette som satsningsområdet.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
21
Samandrag
6.1.2. Behov for tilleggstenester
Dersom ein skal lukkast med å få fartøy til å nytte seg av ei avlastningshamn/enkeltståande djupvass kai med
tilhøyrande areal, så må ein byggje opp naudsynte tilleggstenester. Dette gjeld særskilt i forhold til
mannskapsskifte (transport til flyplass), landstraum, vatn og bunkers. Det er 45 min med bil til Bringeland etter
opning av Dalsfjordbrua i desember 2013. Straumledning på 400 Volt ligg gjennom industriområdet per i dag.
Når det gjeld større fartøy så tek ikkje desse landstraum, dei går for eiga maskin/aggregat. Overgang til
landstraum vil vere eit tiltak som både eventuell utbyggjar av kai og rederi kan få støtte til gjennom NOXfondet. Bunkersanlegg må utbyggast i lag med oljeselskap og med faste kontraktar (ferjer, frakt- og
oppdrettsbåtar) då det er svært låge marignar.
Alle anløp av internasjonale fartøy krev IPS-sertifisering av kaia (internasjonale fraktefartøy og supplyfartøy i
Nordsjøbassenget). For å blir IPS-sertifisert må ein gjennomføre ei sårbarheitsvurdering med tanke på type og
tal fartøy kaia er berekna for. Fysisk krevst det sikring av kaia med gjerder og overvaking. Kystverket
gjennomfører IPS-sertifisering etter endeleg godkjenning av sårbarheitsvurdering og fysisk sikring.
Vidare blir det peika på at ei attraktiv hamn bør ha eit visst tilbod av forsyning (varelevering), vedlikehaldstenester, avfallshandtering og nødetatberedskap.
Av varer tenker ein i hovudsak på daglegvarer, apotek, tauverk og eventuelt delar, verktøy og utstyr som til
dømes Tess sel. Per i dag har Askvoll varehandel, apotek og delvis forhandlarar av tauverk og verktøy som kan
serve anløp, men ikkje spesifikk skipshandel av delar og utstyr. Det vil til dømes vere positivt å få inn butikk(ar)
på området. I første rekke gjerne daglegvarebutikk med tanke på proviantering. Med fastlandsforbindelse til
Atløy, så vil Vikane kunne bli ei fordelaktig plassering av butikk.
Vedlikehaldstenester vil vere alt frå verkstad på kai til elektro- og automasjonsingeniørar som kan tilkallast på
kort varsel. Lager og varemottak vil også vere ei føretrekt tilleggsteneste i tilknyting til eventuell djupvasskai.
Alle hamneansvarlege (offentleg eller privat) er pålagt å "sørge for å ha eit tilstrekkeleg tilbod som dekkjer skipa
sine behov for å kunne levere avfall" (Forureiningsforskriften, kap 20). Per i dag er det private aktørar som
handterar dette i fylket, men også interkommunale selskap vil kunne handtere dette på sikt. Det er strenge
restriksjonar knytt til avfall frå skip, og i enkelte høve må avfall rett frå skip til sikra containerar på land grunna
fare for smittespreiing.
Naudsynt beredskap betyr tilgang på lege/ambulanse, brann og politi. Desse tenestene er i dag lokalisert i
Askvoll. På kveld og i helgar er det lege- og politivaktordning saman med tilstøytande kommunar. Ambulanseog brannstasjon har beredskap i Askvoll heile tida.
6.1.3. Krav til storleik og djupne
Krav til storleik og djupne for ei supplyhamn/djupvasskai vil variere basert på kva type fartøy ein vil legge til
rette for. Ein ser av kapittel 5.1.3 at supplyfartøya kan variere mykje i storleik, frå mindre PSV-fartøy til store
ankerhandterings-fartøy (AHTS) eller store subsea-/OCV-fartøy. Grovt sett er supplyfartøy i overkant av 90
meter, og som eit minimumskrav må derfor kaia vere 100 meter lang. Med ei lengde på 150 meter vil ein truleg
få plass til to fartøy og kan i tillegg legge eit fartøy utanpå desse igjen. Når det gjeld djupne så vil 7-8 meter ofte
halde, men Subsea-fartøy som er godt lasta krev i overkant av 9 meter. I tillegg må ein ta høgde for krenging.
Ein bør derfor ha djupne på 10 meter for at ein skal unngå for mykje "trimming" ved lossing og lasting.
Innan frakt er tommelfingerregelen for lengde på kai at ein treng 40 meter for fartøy opptil 100 meter, større
bør ha 60 meter kailengde. Samtidig meiner ein at 12 meter djupne vil vere tilstrekkeleg for å ta til kai dei aller
fleste fartøy, også godt lasta fraktefartøy.
Vidare treng ein gode fortøyningspullertar. Roll on/off rampe kan også vere ein fordel. Ei fullskala
avlastningshamn er blitt opplyst å krevje 150-200 daa med tilstøytande landareal. Dette vil i tilfelle leggje
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
22
Samandrag
beslag på alt av gjenverande industriområde i Vikane. Dersom ein legg til rette for djupvasskai vil ein uansett
måtte ta høgde for noko tilstøytande areal slik at ein får eit godt laste- og losseområdet, samt noko lagerplass
både med og utan tak.
Ein må ha gode køyre- og gangmønster på kaiområdet, med god veg fram til kai. Ein bør ha moglegheit til god
tilkomst med mobilkran. Som skildra over så treng ein ved løfteoperasjonar i høve mobilisering/demobilisering
av A-rammer ei kran som løfter 200-250 tonn. I tillegg kan god løftekapasitet med stasjonære kraner vere ein
avgjerande fasilitet på kaiområdet. Fleire aktørar framhevar løftekapasitet som svært viktig.
Lokalt ynskjer ein at Atløysambandet skal bli realisert så fort som råd. Kommunen arbeider aktivt for å nytte
seg av ferjeavsløysingsmidlar og håpar på ei realisering innan 10 år. Dersom ein vel bruløysing så blir det mest
truleg 35 meter seglingshøgde. Dei fleste fartøy vil då greitt gå under denne, det vil uansett vere tilkomst til
Askvoll hamnebasseng på nordsida av Atløy via Granesundet for større fartøy.
6.1.4. Miljøomsyn/støy
Industriområdet Vikane er regulert til industriføremål og med dette som utgangspunkt vil ein måtte tåle noko
form for miljøpåverknad. Ved etablering av kai vil ein få forureining i form av lyd, eksos og lys. Lys vil truleg
vere det som påverkar innbyggjarane i Askvoll mest. Ein vil truleg også oppleve noko forureining av sjøen i form
av mindre oljeutslepp. Kommunen er pålagt å utarbeide ein ROS-analyse (risiko og sårbarheitsanalyse), og må
her vurdere om oljevernberedskap skal vere ein del av tiltaka. I dag er det oljevernberedskap i Florø og Solund.
I dette forstudiet går vi ikkje nærmare inn på desse kriteria, men som ei anbefaling så bør kommunen utarbeide
retningslinjer for kor mykje forureining som vert tillat på industriområdet, slik at rammene er klare for
potensielle næringsdrivande som ynskjer å etablere seg. Næringsdrivande må i tillegg til plan for arealdisponering, vise til kva konsekvensar verksemda vil få for dei ulike faktorane som til dømes lyd, lys og annan
forureining. Dette blir så førande/avgjerande for om ein kan tillate denne typen verksemd på området.
6.1.5. Andre forhold
Frå kommunen si side synest det aktuelt å både selje areal og vere medeigar i eventuelle prosjekt.
Næringsaktørar som er intervjua i forstudiet har ulike synspunkt knytt til eit eventuelt kommunalt eigarskap.
Enkelte meiner at kommunen bør vere deleigar i ei eventuell djupvasskai. Dette for å halde kontroll med
aktiviteten på området med referanse til Alexela-ulykka i Sløvåg. Andre meiner at det ikkje er kommunen som
er ansvarleg for utbygging. Kommunen må heller vere støttande og bistå der dei har sin kompetanse.
Ein aktør ser på området som interessant og er positiv til å vere med på å finansiere utbygging av djupvasskai
dersom det er konkrete planar med potensiale.
6.2. Alternativ landbasert verksemd
Som skildra i kapittel 5.2 så må det enten vere spesielle forhold i området som gjer at det er naturlig å legge
verksemd til Vikane, eller så må det vere personar eller selskap med konkrete idear og kompetanse som gjer at
ein ynskjer å etablere seg på Vikane.
6.2.1. Fiskeri-, havbruk-, maritim-industri
Fleirtalet av aktørane som er intervjua meiner at når det gjeld alternativ landbasert verksemd så er det naturleg
å leggje til rette for industri i tilknyting til fiskeri-, havbruk- og maritim industri. Askvoll er ein kystkommune
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
23
Samandrag
med ein solid pelagisk kystnotflåte, fleire oppdrettarar og oppdrettrelaterte aktørar med høg kompetanse. Ein
annan fordel med aktørane i desse næringane er at dei er relativt kapitalsterke. Askvoll Kommune har vedteke i
sin utviklingsplan for perioden 2013-2016 at ein skal arbeide for vekst i eksisterande verksemder innan sjømat.
Lakseslakteri
Det har tidlegare vore interesse for området som areal for bygging av større lakseslakteri. Dette vart i staden
lokalisert til Florø. I ettertid har det skjedd ei kraftig strukturering i bransjen. Slakteriet AS har større
lakseslakteri i Florø og Gulen, meda Firda Seafood har eit stort slakteri i Gulen. Basert på intervju er det ut frå
ei marknadsvurdering ikkje vurdert som aktuelt med plassering av nytt anlegg på industriområdet i Vikane.
Akvakultur på land
Fleire former for akvakultur på land er nemnd som aktuelle for Vikane, og det første er tradisjonelt
smoltanlegg. Kritisk faktor er tilstrekkeleg tilgang på ferskvatn. 0,8 liter per dag per kilo fisk er referert til som
ein tommelfingerregel. Marine Harvest sitt planlagde smoltanlegg i Stongfjorden for 7,5 millionar ørret/laks vil
med snittvekt på 100 gram ha eit dagleg behov på 600 000 liter ferskvatn. I høve prosessen knytt til
smoltanlegget i Stongfjorden kjenner kommunen godt til dei kritiske elementa som tilgang på vatn, utslepp etc.
ved eventuell etablering av smoltanlegg.
Oppdrettsbransjen er stadig i utvikling og fleire aktørar arbeider for tida med å utvikle effektive lukka anlegg.
Ein kan ha landbaserte lukka anlegg eller lukka anlegg som flyt i sjøen. Driftskostnadane er lågast i sjø, men
risikoen for skade på anlegg er derimot større. Basert på kjennskap til næringa og intervju i dette forstudiet så
er driftskostnadane for landbaserte lukka anlegg vurdert å vere 7-8 kr høgare enn ved dagens opne anlegg i sjø.
Driftskostnaden per kilo slaktemoden laks ligg i dag mellom 20 og 25 kr, medan salsprisen i stor grad varierar.
Frå 2010 til og med veke 48 i 2013 har snittprisen for laks (3-6 kilo) vore 33,5 kr (fishpool.eu).
Eit lukka anlegg på land er plasskrevjande, og industriområdet i Vikane vil ha utfordringar med omsyn til nok
areal. Eit slikt anlegg krev også god tilgang på sjøvatn, noko som ikkje bør vere eit problem da det er gode
straumforhold i Askvoll. Ulike prosjekt er også på gang av større aktørar som vil utvikle "supersmolt". Dette
betyr oppdrett av laks i tette anlegg fram til 1 kg. På denne måten unngår ein lus og rømming i den tidlege fasen.
Eventuell avfallshandtering frå oppdrettsanlegg er nemnt som aktuell aktivitet på området. Per 1000 kilo laks
blir det produsert 300 kilo avfall. I dag går dette i sjøen, men truleg vil det kome krav til ei form for oppsamling
av dette avfallet. Avfallet er næringsrikt og ved kompostering kan ein tenke seg at ein utnytter det som
jordbruksgjødsel. Teknologien for dette er foreløpig ikkje fullt utvikla og ei utnytting av avfallet vil først vere
aktuelt om det kjem lovkrav om oppsamling og handtering av oppdrettsavfallet.
Lagerhald oppdrettsnæringa/nøter kystnotflåten
Aktørar innan fiskeoppdrett kan ha interesse i moglegheit for lossing og oppbevaring av diverse utstyr og nøter.
Ein konkret aktør er interessert i lagerhald og det er grunn til å tru at dette også kan gjelde fleire. Til dette treng
ein ei enkel kai og lagerkapasitet. Ein er også avhengig av tilknytt infrastruktur og underleverandørarar. Mykje
av dette er på plass i dag i form av lokale elektrikarar og transportørar som kan ta ulike oppdrag. Det er vanleg
praksis at oppdrettarane leiger areal til lagerhald.
Innan pelagisk fiske er det vanleg å leige lagerplass for nøtene. Selstad er lokal aktør, lokalisert i Måløy og
Solund. I tillegg til utstyr for oppdrettsnæringa så kan industriområdet i Vikane også eigne seg for lagring og
vedlikehald av snurpenøter. Værlandet Fiskeredskap AS på Værlandet produserer, har service og lagring av
garn, men det er ingen aktørar i Askvoll som driv med lager og vedlikehald av nøter.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
24
Samandrag
Mottak for pelagisk fisk – Nergård-konsernet
Nergård-konsernet med lokal eigar (Arne Stang, 25%) ser etter område for ein fabrikk på Vestlandet for
pelagisk fisk. Selskapet ynskjer tilgang på nordsjøsild og meir makrell. Selskapet ser etter både moglegheit for å
kjøpe eller bygge eit anlegg mellom Ålesund og Bergen. Tommy Torvanger (CFO) bekreftar at dei er på utkikk
etter anlegg og område for mottak av pelagisk fisk. Dei treng 2-3000 kvadratmeter, samt 100 meter kai slik at
to ringnot-fartøy kan ligge der samtidig i høve levering.
Nergård-konsernet har tidlegare vore i kontakt med Britt Hansen i Askvoll kommune, og er kjend med
industriområdet Vikane. Dei hallar derimot i retning av eit areal dei er tilbydd i Måløy-området, dette grunna
eksisterande opparbeidd område med kai. Ein oppstart her kan eventuelt skje raskt. Største fordelen for Askvoll
som lokalitet samanlikna med Måløy er langt kortare reiseavstand til flyplass. Framleis er det ikkje gjort noko
vedtak i saka og verksemda er interessert i oppfølging frå Askvoll Kommune.
Montering av plastmerder for Aqualine
Aqualine er ein av fleire produsentar av plastmerder for oppdrettsbransjen. Industriområdet i Vikane kan vere
eit ideelt områder for aktørar som set saman desse plastmerdene. Til dette treng ein om lag 100x100 meter på
land, med grense på 100 meter mot sjø. Ein treng
ikkje kai til dette arbeidet, men noko lagerbygningar
i samband med arbeidet vil vere naudsynt.
Den største fordelen til industriområdet Vikane er
geografisk plassering ved kysten, noko som betyr
kort slepetid.
Ein vil kunne bruke Marint Vekstforum til
marknadsføring og lokale aktørar som til dømes
Hellenes har erfaring med denne marknaden.
Montering av plastmerder - Aqualine
6.2.2. Landbasert ikkje-maritim industri
Lager og service fritidsbåtar
Delar av industriområdet er kjøpt med tanke fritidsbåt segmentet. Dette i samanheng med interesse frå folk i
Gaular og Høyanger med ønskje om båtplass om sommar, samt lagring og service på same plass i
vinterhalvåret.
Fengsel
Det er kjent at det er mangel på fengsel i Noreg og ein har lange soningskøar. Ein er usikker på om kommunen
sjølv eventuelt kan initiere dette eller om det blir styrt frå sentralt hald, men dette er eit konkret døme på ny
verksemd som det er behov for. Dette vil kunne gje arbeidsplassar til kommunen.
Kontor- og administrasjonsbygg
Per i dag er det tilfredstillande tilgang på kontorlokalar i Askvoll, men administrasjonsbygg teknisk etat og
vaktmester- og brannvernsteneste ser ein føre seg å flytte over på industriområdet. Dette synest ikkje å vere til
hinder for utvikling av området.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
25
Samandrag
Pelletsfabrikk
Fylkeskommunen leiter som kjent etter areal for lokalisering av pelletsfabrikk med tilhøyrande sagbruk.
Grunna det store arealbehovet til eit slikt anlegg, synest ikkje Vikane å vere aktuelt for denne type verksemd.
Transport frå land til sjø
Dalsfjordbrua vil betre infrastrukturen til og frå Askvoll, men framleis er næring som krev logistikk utover
sjøtransport krevjande. For å få god kopling mot E39 må stykkje på RV 57 aust for Dale utbetrast. Rapporten
"Utviklingsanalyse for petroleumsvirksomhet" (Agenda Kaupang, januar 2013) trekkjer fram infrastruktur på
kysten som avgjerande for næringsutvikling. Det vil alltid vere noko behov for transport på land.
Det er mange som peikar på at ein på sikt ynskjer å flytte meir av dagens transport frå land til sjø. I dag skjer
mykje langtransport med vogntog som følgje av få hamner langs kysten. Norlines og NCL har stopp i Florø. Eit
mogleg stopp i Askvoll vil kunne avlasta dagens vegnett, og til tross for av at ein ikkje har tofeltsveg heilt til E39
er det naturleg å følgje opp dette vidare.
Når det gjeld utskiping av avfall så er det per i dag utfordrande å sjå marknaden for transport av avfall på sjø.
Dette på grunn av god tilgang på returtransport ut av fylket, samt få forbrenningsanlegg ved kai som kan ta i
mot avfallet.
Resirkulering av båtplast
Tidlegare har det vore arbeidd med prosjekt knytt til resirkulering av båtplast frå fritidsbåtar, og da med tanke
om etablering i Vikane. I dag er det ikkje ei ordning for mottak og resirkulering av båtskrog. Konklusjonen frå
arbeidet i dette prosjektet er at ein er avhengig av politiske gjennomføring av vedtak på området.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
26
Samandrag
7. Analyse og konklusjon
SWOT-analysen visar interne styrker og svakheiter og eksterne moglegheiter og truslar basert på informasjonen
som er kartlagt og analysert i forstudiet.
INTERNE
Styrker (Strength):
Geografisk plassering (midt i indre skipslei, lun
hamn, nær oljeaktivitet)
Kort reisetid til flyplass og Bergen med båt
Nær sentrum med naudsynte fasilitetar
EKSTERNE
Moglegheiter (Opportunity):
- Mangel på djupsvasskaier
- Behov for lager (oppdrett,
mobilisering/demobilisering supplyfartøy)
- Nergård-konsernet leitar etter anlegg/område for
mottak av pelagisk fisk
Svakheiter (Weakness):
Området er ikkje opparbeida, kostbart å planere
og etablere djupvasskai
Areal avgrensar kva type verksemder som kan
etablere seg
Lite underliggande industri i Askvoll som kan
serve maritim- og oljeservicenæring
Truslar (Threat):
Konkurranse frå område som er tilrettelagt
Manglar tung industriell aktør i kommunen
Rammevilkår: Statoil si nedskalering ved basen i
Florø.
Askvoll hamnebasseng og det tilstøytande industriområdet Vikane sitt klare fortrinn er geografisk plassering.
Dette gjeld spesielt i forhold til næringane oljeindustri, supply, fiskeri og havbruk, samt maritim industri.
Nokre av dei potensielle næringsaktivitetane på industriområdet Vikane kan også leggast til Klausen Mekaniske
AS sitt anlegg på Hellestrand. Dette anlegget er opparbeida med asfaltert område, større lagerhallar og
djupvasskai på om lag 30 meter med stasjonær kran på 50 tonn. Dette er imidlertid eit privat område og
dersom aktuelt må potensielle aktørar forhandle med Klausen Mekaniske AS.
Supply-/ djupvasskai
Potensialet for landbasert verksemd knytt til oljeindustrien synest å vere som avlastningsområde for
eksisterande oljebasar. Å legge til rette for ei supplybåthamn med bredt spekter av tenestar som ei ser på
oljebasar i dag er mindre sannsynleg. Vikane må finne eit område som er komplementært til det som allereie er
på plass på Fjord Base og tenkt på Lutelandet. Det som er mest aktuelt vil være avlastningsområde og då må ein
uansett etablere ei djupvasskai.
Mangelen på uavhengige djupvasskaier mellom Florø og Bergen er eit potensiale for Vikane. Dette gjeld både i
forhold til supplyfartøy og ulike fraktefartøy. Behovet som er komme fram i intervjua er liggekai, kai for
mannskapsbyte og lagringsareal for supplyrederi. Dette heng saman med sentral plassering på kysten med kort
reisetid til flyplass. Parallelt med etablering av djupvasskai vil ein måtte byggje opp tilleggstenester og såleis vil
aktiviteten på området kunne auke etter kvart som ein får anløp og nye tenester blir etterspurde.
Det er vurdert som lite sannsynleg at ein tung industriell aktør innafor oljebransjen vil ynskje heile området for
etablering av verksemd. Å etablere klynger av mindre næringsdrivane på området synest heller å vere meir
realistisk og noko ein har lukkast med til dømes i Sløvåg. Ein konkret aktør er interessert i å delta i finansiering
av utbygging av djupvasskai, men det må da føreligge konkrete planar.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
27
Samandrag
Landbasert aktivitet knytt til maritim industri
Det mest konkrete frå gjennomførte intervju er at Nergård-konsernet leitar etter eit område å etablere seg på
anten ved å kjøpe eller bygge. Anlegget må liggje mellom Ålesund og Bergen. Dette må følgjast opp av
kommunen. Både Vikane og Klausen sitt område kan være aktuelt.
Dersom ein ikkje lukkast å få Nergård-konsernet til å etablere seg på området, synest næringsaktivitet knytt til
oppdrettsnæringa å vere mest aktuell. Tradisjonelt smoltanlegg er nok ikkje aktuelt grunna manglande tilgang
på ferskvatn. Lukka oppdrettsanlegg på land kan være aktuelt på sikt.
Den aktiviteten som truleg krev minst investeringar er service- og lagerhald for utstyr og nøter til oppdrettsnæringa og kystnotflåten, samt montering av plastmerder. Det er interesse for dette blant aktørar innan
oppdrettsnæringa, men om dette er tilsvarande hos kystnotflåten er meir usikkert. Når det gjeld montering av
plastmerder har lokale aktørarar erfaring med dette og meiner at Vikane er ein egna stad.
Landbasert ikkje maritim industri
Arbeid med å etablere godshamn for å få meir transport frå land til havs synest å vere eit prosjekt som bør ha
ein lengre tidshorisont. Dette heng saman med infrastrukturen på land frå Askvoll som vil kunne være
utfordrande for større tung transport.
Tilsvarande er det ein lengre tidshorisont på etablering av anlegg for resirkulering av båtplast. Dette har det
vært arbeidd med tidlegare og erfaringa er at det krev ei regulering av dette for å få ein marknad. Ein er derfor
avhengig av aktørar som ynskjer å gjennomføre eit slikt prosjekt, noko som ikkje er identifisert i forstudiet.
Gjennom intervju har ideen om å etablere eit fengsel komme opp. Dette er fordi det er lange soningskøar i dag
som følgje av mangel på plasser. Det er naturleg å gjere ei vidare oppfølging av dette.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
28
Samandrag
8. Vegen vidare
Intervju og gjennomgang av tidligare analyser indikerer at det er behov for å:
1.
Utarbeide ein overordna plan for området med klyngetankegang basert på type verksemd. Dette kan
typisk vere ei tredeling av området:
a.
Småbåt/fritidsbåt (lagring, service- og vedlikehald) i tilknyting til eksisterande småbåthamn
b. Oppdrett/maritim industri – mindre kai utan stor djupne, men avhengig av areal på land
c.
Supply-/djupvasskai – solid kai med god djupne, samt godt laste- og losseområde.
Innanfor desse områda så definerer ein kva type verksemd som ein ser føre seg.
2. Avklare tillat forureining, støy, lys med vidare innanfor kvar klynge. Dette vil gjere det lettare å
marknadsføre området og ein kortare avgjersleprosess for potensielle aktørar i forhold til å etablere seg.
3. Følgje opp dei konkrete aktørane som er nemnt i forstudiet og som kan ha interesse i området:
a.
Nergård – konsernet
b. Selstad, Hellenes og produsentar av oppdrettsmerder som Aqualine i forhold til landbasert
maritim industri.
c.
Artic Shipping i forhold til i djupvasskai.
4. Avklare kommunalt eigarskap og finansiering.
5. Marknadsføring av området.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
29
Samandrag
Vedlegg
Vedlegg 1 – Eksisterande næringsliv og utviklingsplanar i
Askvoll
Eksisterande næringsliv
På heimesida til Askvoll Kommune blir Askvoll skildra som eit knytepunkt mellom land og sjø på kysten av
Sogn og Fjordane. Dette vert også spegla i det eksisterande næringslivet i kommunen.
Askvoll er prega av å vere ein primærnæringskommune, med 14% av befolkninga sysselsett i jordbruk, skogbruk
og fiske, noko som er klart over landsgjennomsnittet. 22% er sysselsatt innan helse- og sosialtenester. Ved
inngangen til 2013 er det klart fleire busett i kommunen enn det er sysselsette med arbeidsstad her. Totalt er
det 1490 sysselsette med bustad i kommunen, medan næringslivet berre sysselset 1126. Figuren under
illustrerer prosentvis fordeling innan ulike næringar for dei sysselsette med bustad i Askvoll per 2012.
3%
86-88 Helse- og
sosialtjenester
5%
7%
22%
01-03 Jordbruk, skogbruk
og fiske
45-47 Varehandel,
motorvognreparasjoner
8%
49-53 Transport og lagring
8%
14%
9%
11%
10-33 Industri
85 Undervisning
Kjelde: ssb.no
Primærnæringane: Denne næringa omfattar fiske, jordbruk og skogbruk og er ein betydeleg næringsaktør i
kommunen. Medan aktørane innan landbruk gjerne har næringa i kombinasjon med reiseliv, småkraft eller
anna løna arbeid, har fiskeriflåten (hovudsakleg kystnotflåte) med base i kommunen spesialisert seg og nådd
god lønnsemd for sine rederi og tilsette.
Fiskeri/havbruksnæring: Denne næringa blir definert som industriverksemder som arbeidar med oppdrett og
vidareforedling av fisk og sjømat. Dette er også ei betydeleg næring i kommunen, særleg på Værlandet og
Bulandet. I tillegg er der verksemder innan havbruk i Førdefjorden.
Industri: Fleire verksemder i Askvoll Kommune har satsingar som gjeld industriproduksjon. Historisk har
kommunen hatt fleire større industribedrifter, men tradisjonell plate- og sveiseindustri både på Hellestrand og i
Stongfjorden er fasa ut.
Små og mellomstore bedrifter (SMB): Teneste- og vareproduserande verksemder, handel og reiseliv. Tal tilsette
i kvar verksemd varierer frå 1 til vel 30.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
30
Samandrag
I 2012 var det 16 verksemder i Askvoll som nådde omsetning over ti millionar. 12 av desse var knytt til fiskeri.
Seks av desse verksemde driv med pelagisk fiske (kystnotrederi), to verksemder med fiskeoppdrett og to
fiskeforedlingsverksemder. Resterande seks verksemder var to fraktebåtrederi og fire selskap i ulike næringar
(industri, entreprenør, verkstad, byggvarefirma).
Næringskompetanse/teknologi
Status i dag er at Askvoll Kommune har eit fortrinn innan fiske, fiskeindustri og industri. Årsaka til dette er at
kommunen har lang tradisjon innan desse næringane med mange flinke tilsette som kan mykje om den næringa
dei arbeider i. Strategisk utviklingsanalyse frå 2009 uttrykkjer likevel bekymra for utviklinga vidare framover.
Årsaka til dette er at fleire av nøkkelmedarbeidarane i verksemdene innan desse næringane nærmar seg
pensjonsalder.
For dei andre næringane vurderer ein i analysen frå 2009 at tilgangen på kompetanse som nøytral til svak. I dei
fleste verksemdene har medarbeidarane lang erfaring og høg kompetanse innan sine fagfelt. Utfordringa er at
desse næringane i framtida vil krev høgare formell kompetanse. Askvoll Kommune har innbyggarar med eit
lågare utdanningsnivå enn landsgjennomsnittet. Samstundes viser historisk folketalsutviklinga at få flyttar til
kommunen. Skal desse næringane klare seg godt i framtida er ein avhengig av at t.d. ungdommen som reiser ut
for å ta seg utdanning kjem heim for å arbeide i desse næringane.
Lokal kapitaltilgang
Det er fleire kjelder til kapital for næringslivet. Ei naturleg inndeling kan vere:
-
Bedriftene går med overskot
Bedriftene får tilført eigenkapital gjennom innskot frå investorar
Bedriftene får tilført framandkapital frå finansinstitusjonar
Ved uttrekk på verksemder i Askvoll (AS og ANS), så syner denne eit samla resultat før skatt på 54,5 millioner
kroner for 2012. Det vil seie at totalt sett går næringslivet i kommunen med overskot. Vi kan likevel ikkje seie at
det er meir lønsamt enn i andre kommunar / regionar. I utviklingsanalyse frå 2009 blir denne kjelda til kapital
vurdert som nøytral, dette vil truleg også vere tilfellet framleis.
Det er lite tradisjon for at investorar skyt inn kapital i bedriftene i kommunen. Dette er difor per i dag ikkje
noko viktig finansieringskjelde for det lokale næringslivet.
Sparebanken Sogn og Fjordane har eigen avdeling i kommunen, og er av fleire nemnt som den viktigaste
enkeltståande finansieringskjelda utanom Innovasjon Norge og midlar i høve omstillingsarbeidet i kommunen.
Finansnæringa har vore gjennom ein periode med vanskelege tider og tap på utlån, dei har også fått strengare
krav til eigenkapitalandel. Dette har ført til ei generell tilstramming av kapitaltilgangen i heile landet. Bankane
set generelt strengare krav til lønsemd og tryggleik i dei prosjekta som dei involverer seg i. Ein har ikkje
grunnlag for å hevde at næringslivet i Askvoll har større vanskar med kapitaltilgang enn næringslivet i andre
regionar det er naturleg å samanlikne seg med.
Strengare krav er ikkje nødvendigvis berre negativt for bedriftene. At banken stiller krav fører til ei
profesjonalisering av næringslivet gjennom at verksemdene sjølve må tenke betre gjennom nye prosjekt. Dette
vil på sikt bidra til høgre kompetanse, betre lønsemd og auka moglegheiter for at ein lukkast med
omstillingsarbeidet.
Tiltak under arbeid og under planlegging
På Lutelandet i ytre Fjaler er det i gang ei omfattande industriutbygging, med mellom anna vindmøllepark og
leveransar til offshoreindustrien. Dette prosjektet vil kunne gje arbeidsplassar også til Askvoll Kommune.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
31
Samandrag
Dalsfjordsambandet er også eit viktig tiltak. Brusambandet vil gje større marknad for ei rekkje verksemder. I
tillegg vil brua medføre at Askvoll Kommune vert langt betre integrert med fleire av dei andre HAFS
kommunane.
Fastlandssamband for Atløy er under utgreiing. Dette vil medføre betre kommunikasjon innad i kommunen,
kortare reisetid og større fleksibilitet for bebuarar og bedrifter. Som delar av planane med fastlandsforbindelse
for Atløy vil ein flytta ferjekai for sambandet Askvoll-Værlandet til Vilnes på Atløy. Dette vil redusere reisetida
ut til øyane Værlandet og Bulandet. Om desse utbyggingane blir utført i eitt eller to byggjesteg er framleis ikkje
avklart.
Utviklingsplanar
I utviklingsplan 2013-2016 skriv ein at det er viktig å arbeide for å skape fleire arbeidsplass. Dette for å snu svak
tilbakegang i sysselsetjinga i siste tiårsperiode, samt at kommunen har ei perifer plassering i forhold til store
arbeidsmarkander.
Vidare framhevar ein konkurransefortrinn og utviklingsmoglegheiter i næringslivet. Sjømatnæringane i fiske,
fiskeindustri og havbruk er viktige næringar i kommunen med konkurransekraft gjennom auka etterspurnad og
tradisjon. Næringa har effektivisert, tener pengar og representerer viktige utviklingsmogelegheier i kommunen.
Industrien har vore viktig for kommunen, men mange bedrifter er lagt ned. Likevel har ein i nokre bedrifter
framleis høg kompetanse. Handel- og tenestetilbodet i kommunen er forholdsvis stort, men det er sårbart då
det i all hovudsak er retta mot lokalmarknaden.
Prioriterte innsatsområder i utviklingsplanen er som følgjer;
1.
Vekst i eksisterande bedrifter
− SMB-utvikling
− Vekst i sjømatnæringa
2. Vekst i besøksbedrifter
3. Gründersatsing
4. Utvikle/styrke næringsklynger og/eller samarbeidsnettverk
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
32
Samandrag
Vedlegg 2 – Eksisterande og planlagde oljebasar
Kartet under viser ei oversikt over eksisterande og planlagde oljebaser i Sogn og Fjordane og nabofylka.
Trollebø (Måløy)
Svelgen (planlagt)
Fjord Base (Florø)
Askvoll
Lutelandet (Fjaler)
Sløvåg (Gulen)
Skipavika (Gulen)
Monstad (Hordaland)
CCB – Ågotnes og Kollsnes (Hordaland)
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
33
Samandrag
Fjord Base - Florø
• Operatørar etablert på Fjord Base er Statoil , GDF
Suez og BG.
• Type verksemd:
1. Logistikk og forsyning, hovudsakleg forsyning
til plattformene Snorre, Visund og Gjøa, samt
forventar at det blir på Knarrfeltet.
2. Logistikk senter for rør til norsk sokkel
3. Subsea
• 550 tilsette fordelt på meir enn 50 selskap.
• Fasilitetar: 700 mål, 9000m2 kontor, 28.000 m2
lager/verkstad og 359 m djupvasskei.
Svelgen (planlagt)
• Under planlegging av selskapet Nordgulen AS
• Base for offshoreoppdrag på Holmaneset sju
kilometer vest av Svelgen
• Fasilitetar: Planlagt areal er 600 daa.
Lutelandet
• Planlagt aktivitet er
1. Riving og demontering av installasjonar
offshore
2. Service, modifikasjonar og vedlikehald av store
offshoreinstallasjonar som riggar og skip
3. Tenestar knytt til offshore vindkraft.
• Energipark: vindpark på 50MW (dekker behovet til
7500 familiar)
• Fasilitetar: Planert areal er 350 daa og djupvasskai på
60 meter.
Skipavika Næringspark (under etablering)
• Avslastningshamn i Fensfjorden
• Vedlikehald av offshoreinstallasjonar
• Inngått avtale på sal av steinmasse (dekke til
oljeledningar offshore)
• Fasilitetar: 400 daa under utbygging og 1,3 km
strandlinje.
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
34
Samandrag
Sløvåg – Gulen Industrihamn
• Industrihamn med sementvareproduksjon og
behandlingsanlegg for oljehaldig avfall.
• Steinknuseri.
• Lagringsanlegg for radioaktivt avfall.
• Fasilitetar: 6 kaier med totalt om lag 1500 anløp i året
Mongstadbase
• Base ved oljeraffineriet på Mongstad. Landets største
og forsyner rundt 20 installasjoner for Statoil.
• Heile spekterert av tenester: tekniske tenester,
inspeksjon, vedlikehald, undervasstenester, spoling av
wire mv.
• Fasilitetar: Areal 760 daa, tilrettelagt 400 daa og 750
meter djupvasskaier.
CCB – Ågotnes og Kollsnes
• Service og forsyning, teknisk vedlikehald og
hamnedrift.
-
CCB Ågotnes er hovudbase for
forsyningsaktivitetane til petroleumsfelta i
Tampen-området i Nordsjøen (Statfjord,
Gullfaks, Veslefrikk, Troll, Huldra og
Kvitebjørn).
-
Fasilitetar: Areal 650 daa, 1000 m kaier
• CCB Kollsnes er avlastningsbase ca 10 nm nord for
CCB Ågotnes
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
35
Samandrag
Vedlegg 3 – Organisering av prosjektet
Prosjektet har vore organisert i samsvar med PLP-metodikken til Innovasjon Norge, der prosjekteigar vel
prosjektansvarleg og styringsgruppe. Prosjektansvarlig har valt representantar til styringsgruppa.
Styringsgruppa møttes ved prosjektstart og godkjende prosjektmandatet. Deltakarane i styringsgruppa har også
bidrege i prosjektarbeidet og kvalitetssikra sluttrapporten.
Prosjektet har vore leia av Øystein Helleseth frå PwC. Sentrale ressursar har vore Tor Einar Erikstad og Kjetil
Myrland. Sistnemnde har vore oppdragsansvarleg partner og har kvalitetssikra PwC sitt prosjektarbeid.
Figuren nedanfor syner prosjektorganiseringa:
Prosjekteigar
Askvoll Kommune
Prosjektansvarleg
Britt Hansen
(prosjektleiar omstilling)
Styringsgruppe
-Synne L. Alsaker (Sunnfjord Geosenter)
-Eivind Aarseth (Sub Aqua Tec)
-Rune Førde (Artic Group)
-Roy Sævik (Stongfjorden Vekst)
-Terje Bjaanes (Automarin)
-Helge Follevåg (Askvoll Kommune)
Prosjektleiar
Øystein Helleseth (PwC)
Prosjektgruppe
PwC:
Kjetil Myrland, Øystein Helleseth, Tor Einar
Erikstad
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
36
Samandrag
Vedlegg 4 – Gjennomføring av prosjektet
Nedenfor er ein overordna oversikt over gjennomføringa av prosjektet, inkludert tidsplan:
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
37
Samandrag
Vedlegg 5 – Intervjuguide og intervjuobjekt
Generelle spørsmål:
•
Kva type industri/verksemd meiner du det er riktig å legge til rette for på industriområdet Vikane?
•
Kva potensielle aktørar kan vere aktuelle for eventuell landbasert industri?
Oljerelatert aktivitet:
•
Kva behov vil der vere for landbaserte tenester tilknytta oljeindustrien i dei komande åra?
•
Kva vil dei største konkurransefortrinna vere for Askvoll med tanke på ei mogeleg etablering av
supplyhamn/djupvasskai?
•
Kva må vere på plass av infrastruktur for at ein skal kunne etablere ei supplyhamn/djupvasskai?
•
Kva aktørar/leverandørene til oljeindustrien kan vere aktuelle for ei eventuell landbasert etablering i
Askvoll?
Personar som har vore intervjua i forstudiet
Ordførar Askvoll – Frida Melvær
Lutelandet Utvikling v/Stein Arne Ottesen
Rådmann Askvoll – Håkon Loftheim
Klausen Mekaniske v/Arne Klausen
Bygg- og eigedomssjef Askvoll – Helge Follevåg
Walter Gundersen
Gulen Industrihamn v/Torhild Torsvik Størkersen
Bjørn Arne Mjåseth
Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/Audun Sunde
(seniorkonulent olje)
Stongfjorden Vekst v/Roy Sævik
Maritim Forening v/ Stein Kvalsund
Sub Aqua Tec v/Eivind Aarseth
Florø Hamn/Alden Hamneområde v/Erik Svendsen
Olset Entreprenør v/Ole Kristian Olset
Sunnfjord Miljøstasjon – SUM v/Håkon Grepstad
Lutelandet Offshore v/Tor Gjertsen
Bontveit Rederi v/Åge Bontveit
Artic Group v/Ove Vilnes og Rune Førde
Automarin v/Terje Bjaanes
Sunnfjord Geosenter v/Synne og Einar Alsaker
Olympic Shipping v/Bjørn Kvalsund
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
38
Samandrag
Vedlegg 6 – Skriftlege kjelder

Agenda Kaupang (2013), Sogn og Fjordane mot 2030 – Utviklingsanalyse for petroleumsvirksomhet.

Blomgren, Atle, Quale, Christian, Bayer, Stian Brosvik, Nyvold, Carl Erik, Steffensen, Tom, Tovmo, Per,
Nyhus, Ole Henning, Fjose, Sveinung, Wifstad, Kristina, Arnesen, Tor og Hagen, Svein Erik (2013),
Industribyggerne: Norsk olje- og gassnæring ut med havet og mellom bakkar og berg, Rapport IRIS –
2013/031

Eika, Torbjørn, Prestmo, Joakim og Tveter, Eivind (2010), Etterspørselen fra petroleumsvirksomheten –
Betydningen for produksjon og sysselsetting i Norge, Økonomiske analyser 3/2010

Sunnfjord 2020, Flora kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune (2010), Jordbærfeltet – Regionalt
bidrag til arbeid med lokaliseringsstudie

Askvoll Kommune (2009), Strategisk utviklingsanalyse

Askvoll Kommune (2013), Utviklingsplan for Askvoll – Nærings- og omstillingsarbeid 2013-2016

Norges Rederiforbund (2009), NRs Medlemsundersøkelse 2009

RS Platou (2013), The Platou Report 2013 – The offshore support vessel market, The offshore construction
vessel market

Farstad Shipping ASA (2008) – Årsrapport

Internettsider
o
www.lovdata.no
o
www.skipsrevyen.no
o
www.aqualine.no
o
www.fishpool.eu/spot
o
www.statoil.no
o
www.oceneering.no
o
www.platou.com
o
www.florahamn.no
o
www.bergenhavn.no
o
www.proff.no
o
www.ssb.no
o
www.norgeskart.no
o
www.npd.no
FORSTUDIE - Utvikling av hamnebassenget/ industriområdet Vikane
PwC
39