Ideelle aktører Nationen.pdf

Nyheter · eU
✱ Eu-rEgElVErk Om OffENTlEgE INNkjøP
fOTO: NTb sCANPIx
Notert
fly
Børge Brende
bakerst i køen
✱✱Utenriksminister Børge
Brendes (H) fly ble omdirigert
gjentatte ganger på vei til Colombias hovedstad Bogota og
havnet bakerst i køen da det
omsider fikk lande, skriver
Stavanger Aftenblad. Utenriksministeren ankom Bogota
to timer forsinket, og han rakk
flyet som skulle ta ham videre
til Brasil.
©NTB
Ideelle aktørar ber
regjeringa ta grep
Eit EU-direktiv hindrar skjerming av
ideelle aktørar i anbodskonkurransar
innan helse- og omsorg. Frivillige aktørar fryktar dei vert utkonkurrerte.
Frå 1. januar 2016 må Noreg likebehandle ideelle aktørar i
helse- og omsorgssektoren med
kommersielle aktørar når det offentlege kjøpar inn helse- og sosialtenester til ein verdi på over 750
000 euro. Det er følgjene av det
reviderte EU-direktivet om offentlege innkjøp, som nyleg vart
vedteke av EU-rådet.
ulykkE
Jente sparket i
hodet av hest
✱✱Ei jente på sju år ble i går
sparket i hodet av en hest i
Tjodalyng i Larvik kommune.
Ifølge opplysninger fra personer på stedet skulle jenta mate
hestene da ulykken skjedde.
Den ene hesten ble ivrig og
sparket jenta i bakhodet, melder politiet i Vestfold. Jenta
ble fløyet til Ullevål sykehus.
©NTB
brANN
Fiskebåt begynte å
brenne i Troms
✱✱En fiskebåt med to personer
om bord begynte i går å brenne
nordvest for Vannøya i Troms.
Brannen ble slukket. Flere båter kom til for å bistå fiskerne,
og både redningsskøyta Oscar
Tybring IV og et Sea Kingredningshelikopter rykket ut.
©NTB
Helseminister Bent Høie (H)
stadfestar i eit brev til helse- og
omsorgskomiteen på Stortinget
at Noreg frå 2016 ikkje lenger kan
vidareføre unntaket om å skjerme
ideelle aktørar i anbodskonkurransar. Unntaket er praktisert
sidan 2011, som følgje av ein samarbeidsavtale mellom førre regjering og ideell sektor.
Frivillige aktørar i Noreg
fryktar dei kjem til å verte utkonkurrerte av kommersielle aktørar,
dersom regjeringa ikkje tek tak.
– Må vi konkurrere med kommersielle aktørar i open marknad, kjem vi til å tape mange av
desse konkurransane på grunn av
pensjonskostnadene vi har.
Det seier Mette Kalve, koordinator i Ideelt nettverk. Nettverket samlar ideelle aktørar på
helse- og sosialområdet, som
Frelsesarmeen, Blå Kors, Kirkens
Bymisjon og utviklingsselskapet for institusjonane til Norske
Kvinners Sanitetsforening.
– Går å løyse politisk
Kalve ber regjeringa finne ei løysing for å vidareføre samarbeidet
Endring: Helseminister Bent Høie
(H) stadfestar at Noreg frå 2016
ikkje lenger kan vidareføre unntaket om å skjerme ideelle aktørar i
anbodskonkurransar.
fOTO: NTb sCANPIx
ForsVInnInG
«Eg fryktar frivillige
aktørar kan forsvinne
innan helse- og
sosialtenester».
mETTE kAlVE
kOOrdINATOr I IdEElT NETTVErk
med ideelle organisasjonar, eller
la vere å innføre EU-direktivet.
– Eg fryktar frivillige aktørar
kan forsvinne innan helse- og sosialtenester om ikkje, seier ho.
Kalve har støtte frå generalsekretær Birgitte Brekke i Frivillighet Norge, som har over 280 medlemsorganisasjonar landet rundt.
– Før unntaket for ideell sektor
vart teke i bruk, såg vi eskalerande institusjonsdød, seier ho.
Brekke meiner det går å finne
politiske løysingar som sikrar gode vilkår for ideelle aktørar.
– Utfordringa handlar ikkje
om juss, det handlar om politikk,
seier ho og syner til at EU-land
som Skottland allereie har respondert på direktivet med å leggje om den nasjonale innkjøpspolitikken for å sikre at ideelle
organisasjonar kan vere ein del
av den offentlege velferdsproduksjonen i landet.
– Det vi saknar hjå regjeringa
er politisk vilje til å seie at dei ønskjer å vidareføre ein innkjøpspolitikk som gjer at ideelle organisasjonar kan vere ein velferdsprodusent, seier ho.
Ho syner til at Frivillighet Norge i november sende brev til den
nye regjeringa og bad om eit snarleg møte for å halde fram samarbeidet om leveransar av helse- og
sosialtenester, men at regjeringa
ikkje har latt høyre frå seg.
– Vil ha dialog
Statssekretær Eirik Lae Solberg
i Næringsdepartementet skriv i
e-post til Nationen at regjeringa
arbeider med å få på plass ein ny
og utvida samarbeidsavtale med
ideell sektor om leveranse av
helse- og sosialtenester, og vil ta
kontakt med dei ideelle aktørane.
– Regjeringa er godt kjent med
Fakta
EU-reglar om offentlege
innkjøp
✱✱EU-rådet vedtok førre veke ei
endring av direktivet om offentlege
innkjøp, som skal gjelde frå 1. 1. 2016.
✱✱revideringa inneber at Noreg
ikkje lenger kan vidareføre unntaket
om å skjerme ideelle aktørar i anbodskonkurransar, som er praktisert
sidan 2011.
✱✱EU-reglane gjeld for kjøp av tenester over det som svarar til rundt
6,2 millionar norske kroner.
✱✱regjeringa har ifølgje klassekampen gjort det klart at ho ikkje ønskjer
å reservere seg mot Eu-direktivet.
samarbeidspartiet krf har på si
side trua med å krevje reservasjon,
dersom Eu-direktivet øydelegg for
ideell sektor.
✱✱Næringsdepartementet har
ikkje oversikt over kor mange ideelle
organisasjonar som får oppdrag etter
det norske unntaket i dag.
at fleire av dei ideelle organisasjonane har særlege utfordringar
knytt til høge pensjonskostnader.
Vi vil sjå nærare på kva handlingsrom vi har til å kompensere
for nokre av desse kostnadene
innanfor rammene av regelverka
om offentlege anskaffelsar og offentleg støtte, skriv han.
Det svaret roar ikkje Kalve.
– Verken den førre eller den
noverande regjeringa har vore
gode til å sjå kva handlingsrom vi
faktisk har i gjeldande regelverk.
Dei praktiserer lovverka relativt
strengt jamført med andre land.
Difor er eg uviss på kva det svaret
betyr i praksis, seier ho.
Eva aalBErg UNDHEiM
[email protected]
nationen.no · Følg disse sakene i dag
Tur til Brussel
Befolkningsutvikling
Gamle dager
Samling: Statssekretærer og politiske rådgivere samles i
Brussel for å diskutere den politiske utviklingen i Europa og
samarbeidet med EU.
fOTO: EVA AAlbErg uNdhEIm
Folketall: Statistisk sentralbyrå legger fram tall for folkemengde og kvartalsvise befolkningsendringer i fjerde kvartal 2013.
fOTO: COlOurbOx
Historiske bilder: Her finner du foto fra hele landet. Bildene
er et samarbeid mellom Nationen og Digitalt Museum.
fOTO: dIgITAlT musEum
✱✱Mest lest på nationen.no: 1. bjørke viste odelsjenta rundt på garden på Voss 2. bønder mener nye erstatningsregler undergraver dom 3. Partiet for mer byråkrati og styring
6
NATIONEN · TOrsdAg 20. fEbruAr 2014