ÅRSMELDING 2012 - Hardanger og Voss Museum

ÅRSMELDING
Hardanger og Voss museum
2012
2011
HARDANGER OG VOSS MUSEUM
Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum som omfattar to folkemuseum,
eit av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunsthus for moderne visuell kunst og
kammermusikk, eit freda mellomaldertun av nasjonal verdi og eit nasjonalt fartøyvernsenter. Fram til 2013 har museet også drive ein offentleg godkjend barnevernsinstitusjon.
Museet er regionsmuseum for hardangerkommunane og Voss kommune.
Forretningsadresse er Utne.
FØREMÅL
Museet skal driva innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturuttrykk frå
fortid og samtid. Gjennom dokumentasjon av variasjon og fellestrekk skal museet vera
med å synleggjera Hardanger og Voss lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Med utgangspunkt i rolla som samfunnsminne skal museet vera ein open møtestad der publikum kan
studera, oppleva og finna utfordringar. Museet yt fagleg hjelp i museums- og kulturminnespørsmål til kommunar og frivillige i regionen. Hardanger og Voss museum skal
driva eit nasjonalt senter for fartøyvern.
ORGANISASJON
Styret
Eva von Hirsch har vore styreleiar. Styret hadde 8 styremøte og
handsama 48 saker i 2012. Styret hadde fylgjande samansetning:
Styremedlem
Eva von Hirsch
Bjørn Christensen
Knut Nes
Astrid Farestveit Selsvold
Jan Gunnar Strand
Torleif Ljones
Beate Gauden
Anne Lise Brask Eriksen
Heidi Richardson
Anders Geertsen
2
Oppnemnt av
Kvam bm/ Ingebrigt Vik museum
Voss folkemuseum
Hardanger folkemuseum
Hordaland fylkeskommune
Agatunet/Granvin bygdemuseum
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger fartøyvernsenter
Dei tilsette
Dei tilsette
Dei tilsette
Styret i Hardanger og Voss museum
Rådet
Rådet har hatt eitt møte. Ordførar Solfrid Borge er rådsleiar.
Rådsmedlem
Anved Johan Tveit
Ingebjørg Winjum
Jon Larsgard
Asbjørn Tolo
John Opdal
Solfrid Borge
Hans Petter Thorbjørnsen
Hans Petter Ringkjøb
Rigmor Skeie Petersen
Astrid Soldal Lirhus
Erling Aga
Lars Brekke
Sjur K. Jaastad
Martha Rykkje
Martin Vik
Dagfinn Vik
Iril Schau Johansen
Ågot Valle
Arne Julsrud Berg
Oppnemnt av
Ordførar i Eidfjord
Ordførar i Granvin
Ordførar i Jondal
Ordførar i Kvam
Ordførar i Odda
Ordførar i Ullensvang
Ordførar i Ulvik
Ordførar på Voss
Voss folkemuseum
Voss folkemuseum
Agatunet
Granvin bygdemuseum
Hardanger folkemuseum
Hardanger folkemuseum
Ingebrigt Vik Museum
Kvam bygdemuseum
Hordaland fylkeskommune/Kabuso
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger fartøyvernsenter
Personale
I 2012 har det vore utført 65 årsverk totalt. 163 personar tok imot løn frå Hardanger og
Voss museum. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn, men dei er ulikt fordelt
mellom yrkesgruppene. Kvinnene i museet er tilsett i akademiske og merkantile stillingar,
medan det berre er tilsett ein kvinneleg handverkar. Direktøren og fem av i alt åtte
avdelingsleiarar er kvinner, medan det er fem kvinner i styret. Det var tilsett ny leiar på Voss
folkemuseum og me fekk ny Økonomi- og administrasjonssjef. Det har vore halde bedriftsintern leiaropplæring over fire dagar. Hardanger og Voss museum diskriminerer ikkje
tilsette eller besøkande i høve alder, kjønn, funksjonshemming, truvedkjenning, kulturell
bakgrunn eller seksuell orientering.
Dei tilsette på Hardanger folkemuseum tok ut 100års gåva frå museumssenteret i Hordaland: «ein
drømmedag på Salhus».
3
Helse, miljø og tryggleik
Museet si HMT målsetting er at museet skal ha eit helsefremmande og inkluderande
arbeidsmiljø der ingen blir skada eller sjuke som følgje av arbeid eller arbeidsmiljø.
HVM er ei IA-verksemd og medlem av bedriftshelsetenesta Grend. Museet er delt i to
verneområde med eigne verneombod men felles AMU (arbeidsmiljøutval). AMU hadde
fire møte og handsama 31 saker i 2012. I høve nedlegging av ungdomsavdelinga ved Hardanger Fartøyvernsenter vart det gjort risikovurdering av det psykososiale arbeidsmiljøet.
Det har vore to mindre kuttskadar med konsultasjon av lege og ei ulukke på Hardanger
fartøyvernsenter. Ein handverkar fall ned frå eit stilas. Ulukka blei handtert etter gjeldane
interne prosedyrar der beredskapsplan blei sett i verk og politi og arbeidstilsyn blei varsla.
Sjukefråværet har gått noko opp frå 5,7 til 6,1 %. Det er langtidsfråveret som sterkast
påverkar sjukefråversprosenten. Hardanger og Voss museum har ikkje skada eller påverka
det ytre miljøet negativt i 2012.
Alle tiltak og planar blir vurdert ut frå prinsippet om universell utforming.
Miljøfyrtårn
Museet sitt mål er å vera eit miljøvenleg museum, og me er godkjent som miljøfyrtårnverksmed. For å driva fram dette arbeidet er det utpeika ein miljøfyrtårnleiar og AMU
følgjer opp miljøfyrtårnarbeidet på alle AMU-møte. I tillegg til registrering av energibruk,
forbruksvarer og flyreiser, er det eit større fokus på enøktiltak basert på gjennomført enøkanalyse. Som del av sertifiseringa har me forplikta oss til å kjeldesortera avfall, og få ned
energiforbruket generelt, men særleg knytt til driftsbygningane våre. Energiforbruket gjekk
dessverre opp siste del av 2012. Dette skuldast først og fremst nokre store straumkrevjande
prosjekt ved Hardanger fartøyvernsenter.
Økonomi
2012 har vore eit vanskeleg år for Hardanger og Voss museum av di me har hatt svært lågt
belegg på ungdomsavdelinga. Bufetat betalar berre for dei plassane dei til ei kvar tid nyttar,
medan me som leverandør må stilla lokaler og bemanning for fullt belegg. Det fører med
seg at denne verksemda er svært risikoutsett. Frå og med august har me berre hatt to av
sju plassar fylt opp. Me såg oss nøydd til å permittera tilsette og innføra sparetiltak, likevel
gjekk ungdomsavdelinga med eit underskot på 2,3 millionar kroner i 2012. I tillegg er
avdelinga belasta med 1,2 millionar kroner i avsetjing til restrukturering. Samla underskot
for barnevernsavdelinga i 2012 er såleis på 3,5 millionar kroner. I september 2012 fekk
museet beskjed om at Bufetat ikkje lenger såg behov for det tilbodet vår barnevernsinstitusjon har gjeve vanskelegstilt ungdom i over 20 år. I styremøte 3.12.12 vedtok derfor
styret i museet å leggja ned denne delen av verksemda.
Fram til no har ungdomsavdelinga stått for nær 40 % av eigeninntektene til museet og 20
% av den totale omsetninga. Avdelinga har hatt eit budsjett på nær 13 millionar kroner,
4
Det blei servert god mat på Mathilde, med kokk Elke Stangeland.
5
og bidrege til fellesskapet med 2,5 millionar kroner. Etter nedlegginga må Hardanger
fartøyvernsenter sin administrasjon kutta dei faste driftsutgiftene tilsvarande denne summen. Ressursane til og organiseringa av dei administrative oppgåvene i Hardanger og Voss
museum, har vore basert på inntekter frå alle avdelingane inklusive barnevernsavdelinga.
Konsekvensane av nedlegginga er derfor store for heile verksemda. I tillegg til å måtte sei
opp alle dei tilsette ved barnevernsavdelinga (11 årsverk) har me måtte redusera museumsverksemda og administrasjonen med til saman 3 årsverk. Me står no igjen med ein svært
spinkel administrativ støttefunksjon noko som vil påverka alle deler av den museums- og
kulturminnefaglege delen av verksemda vår.
Løn- og personalkostnadane ved museet utgjer 69 % av dei totale driftskostnadane og
auka monaleg etter lønnsoppgjeret i 2012. Verknadane av lønnsauken på pensjonspremien
er merkbar, og dette er utfordrande for museet. Pensjonspremien auka med 40 % frå 2011 Nesheimstunet på Voss.
til 2012. Museumsavdelingane som har avgrensa tilgang til eigeninntening, merkar denne
utviklinga, og me måtte til dømes skjera ned på bemanninga på Hardanger folkemuseum
med ei 50 % handverkarstilling for å dekka pensjonspliktene der.
På den positive sida har det vore god inntening ved fleire av verkstadane. Både på fartøyvernavdelinga og på reiparbana har det vore god produksjon dette året. Årsresultatet vart
betre enn frykta og underskotet er redusert til vel 1 million kroner.
Rekneskapen er utarbeidd med føresetnad om fortsatt drift og styret finn at føresetnadene
er til stades.
Draken Harald Hårfagre.
Frå riksantikvarens rundreise i Hardanger og Voss.
6
Fornying, mangfald og internasjonalt arbeid
Hardanger og Voss museum arbeider med utvikling og fornying på fleire områder. På det
administrative feltet blir det no jobba systematisk med effektivisering av arbeidsprosessar.
I 2012 har elles dei største satsingane vore knytt til hardingfela, turisme og kunst.
Me arbeider for å trekkje til oss nytt publikum og for å driva brei formidling. I 2012 har
me hatt eit prosjekt med den kulturelle spaserstokken der me har besøkt aldersheimar
med eit historisk bildespel og forteljingar. Gjennom det nystarta folkemusikkscena på Utne
der ein satsar på solokonsertar med sosial samvær i etterkant, har nye brukargrupper søkt
til museet. Hardangerjakta Mathilde segler 8 veker i året med museumsopplegg og
besøkjer hamner rundt om i heile Hordaland. På denne måten kjem me ut til eit publikum
som elles sjeldan besøkjer museet. Me hadde også eit lite, men spannande prosjekt der to
elevar frå vaksenopplæringa laga ei fotoutstilling om eldhus som blei vist på Hardanger
folkemuseum.
I sommar tok me opp igjen arbeidet med kulturutveksling på det maritime feltet med
Maritim museum of Gdansk, og søkte Eøs-midlar til eit større samarbeidsprosjekt. Også
i år hadde me volontør på Mathilde. Ei ung jente frå England var om bord både i seglingssesongen og under vedlikehaldsarbeidet på hausten. Me har no fått godkjenning for inntil
4 volontørar i heile Hardanger og Voss museum.
Hausten 2012 inngjekk me samarbeidsavtale med firmaet Bygdagnist. Dei skal på oppdrag
frå oss drive Kvam bygdemuseum på Storeteigen og har formulert fylgjande mål for verksemnda:
Gje bygdamuseet attende til bygdefolket gjennom kreativ og moderne drift. Metodikken er å skapa
lokalt engasjement gjennom inkluderande aktivitetar, involvering av lokalsamfunnet og gjestfritt vertskap.
Storeteigen skal gnistra!
Brannøving i Agatunet.
7
MUSEUMSFAGLEG
Forvalting
Hardanger og Voss museum si samling inneheld både materiell og immateriell kulturarv.
Det materielle kulturmateriale blir forvalta gjennom innsamling, registrering, konser vering/restaurering av gjenstandar. Museet har ein samlingsplan der eit av hovudmåla er
å få digitalisert og publisert materiale gjennom Primus og digitaltmuseum. Det har vore
arbeid mykje med dette i 2012. Museet har ansvar for vel 137 historiske bygningar og 4
større fartøy. Desse treng eit kontinuerleg vedlikehald. Gjennom dette arbeidet tek me vare
på både handverkskunnskapen og gjenstandane. Me har fått støtte både frå Hordaland
fylkeskommune og riksantikvaren til dette. Eit av prosjekta har vore ein større jobb på
Kalandsbua på Utne der alt arbeidet er gjort prosessuelt, frå golvbord i sjølvlaga skåtbenk,
blyglasvindauge med initialar og brannmur med hestehår. Sjølv om museet har eit etterslep
på vedlikehald er styret godt nøgd med det arbeidet som blir gjort med det jamne vedlikehaldet. Dette arbeidet har fram til no hindra store øydeleggingar på bygningsmassen. Men
museet merkar tydeleg klimaendringane dei siste åra og forfallet og råteskadane på dei
gamle bygga aukar. Det er ei utfordring å få nok vedlikehaldsmidlar til den delen av den
kulturhistoriske bygningsmassen som ikkje har rett på støtte frå vernemyndigheitene. I
Agatunet held me fram med brannsprinkling.
Frå dendrokronologiprosjektet i Agatunet.
8
Knut Hamre.
Repslagarane på utdrivarbane i Älvängen i Sverige.
På grunn forventa auka trafikkmengde etter opning av Hardangerbrua i 2013, har me sett
behov for å sikre samlinga på Bu betre. Me har flytta store deler av samlinga til Museumssenteret i Hordaland. Det har vore planlagt eit nytt visningssenter i samarbeid med museet
på Buplatået, men desse planane er førebels lagt på is på grunn av manglande lokalt
engasjement og nedjusterte trafikktal for brua.
Det er starta eit samtidsdokumentasjonsprosjekt på folkemusikk. Fyrste trinn er å spela
inn heile repertoaret til Knut Hamre som utgjer vel 400 slåttar. Dette arbeidet starta opp
i 2012, og kjem til å halda fram i 2013.
På fartøya er vedlikehaldsbehovet stort. I tillegg til raskt forfall må denne delen av samlinga
godkjennast av sjøfartsmyndigheitene for å kunne bli tatt i bruk. Me har seglingsløyv på
tre av dei fire fartøya, og vil oppdatera på det siste når reparasjonane er ferdige. På
reiparbana har me hatt store prosjekt i 2012. Me har produsert rigg til begge vikingeskipa
draken Harald Hårfagre og Saga Oseberg. Reipslagaren har vore i lengre periodar i Sverige
for å slå tau av store dimensjonar der det er ein intakt utdrivarbane. Utdriverteknologien
er ein viktig del av reipslagarhistoria som me har vanskar for å forvalta i Noreg i dag på
grunn av manglande produksjonsutstyr.
Frå restaurering av Skjykkja på Jåstad.
Forsking
Hardanger og Voss museum vedtok forskingsplanen sin i 2011. Planen syner at museet
har forskingssatsingar innafor ei rekkje viktige tema. Spesielt sentralt står dokumentasjon
og kunnskapsutvikling innan handlingsboren kunnskap og immateriell kulturarv. Dette
gjeld innafor maritime handverksfag, bygningsvern, hardingfelekunst og handlingsboren
kunnskap knytt til drakt og tekstiltradisjonar.
Det har vore stor aktivitet i 2012. Me har halde fram på dei to prosjekta Fartøyvern på
museum og Hardangerbrua allereie på museum. Etter fleire års dokumentasjonsinnsamling blant gamle småbåtbyggjarar i Hardanger har me i 2012 starta arbeide med
analyse og systematisering av materialet. Dette skal munna ut i ei bok og utstilling om
tema.
Prosjekta knytt til rekonstruksjonar av vikingskipa har ført til mykje praktisk forsking knytt
til styrke og kvalitet i historisk tauverk av ulikt materiale. Praktisk forsking er også utført
gjennom eit dendrokronologiprosjekt i Agatunet. Prosjektet blei gjennomført som kurs
der fleire interessentar deltok og fleire hus blei undersøkt.
Me har gitt ut det årlege tidsskriftet Fartøyvern der både eigne tilsette og eksterne
skribentar bidreg med artiklar. I samarbeid med Voss sogelag gjev me ut den lokalhistoriske
boka Gamalt frå Voss. Me hadde også ein artikkel i årboka til Hardanger historielag.
Denne omhandla kampen om Hardangerbrua. I samband med utstillinga Kvinnehovudband til ugifte kvinner er det gjort mykje materialinnsamling på Voss og utprøving av ulike
teknikkar. Materialet er samla og trykt i eit eige hefte.
Hardanger og Voss museum deler ut eit årleg studentstipend til studentar som arbeider
med relevante tema for museet. I 2012 gjekk det til historiestudenten Astrid Sekse som
skriv mastergrad om Spenningstilhøve mellom allmoge og bygdeelite i Indre Hardanger
på 1800-talet.
9
Formidling
Avdelingane i Hardanger og Voss museum har tydelege faglege ansvarsfordelingar og det
museumsfageleg arbeidet konsentrerer seg rundt dei ulike prioriterte områda. Både
samlingane, forskingsprosjekt, undervisningsopplegg og anna formidling byggjer opp rundt
desse satsingane. På folkemusea er det ei satsing på bunad og tekstil, hardingfele/folkemusikk og bygningsvern, på Hardanger fartøyvernsenter er fokuset den maritime kulturarven og kunsthuset Kabuso formidlar kunst og musikk på høgt internasjonalt nivå. Det
er eit stor produksjon av utstillingar, konsertar, arrangement og anna formidling ved
museet.
I 2012 vart det opna 9 kulturhistoriske utstillingar og 14 kunstutstillingar. Hovudutstillingane dette året har vore med Bragd i samarbeid med vevar Kristi Skintveit, den eigenproduserte utstillinga om Jentehovudband og to utstillingar med fotografi av Anders P.
Wallevik. Utstillingane på kunstfeltet er omtalt i ege kapittel. Det blir produsert under Gode motiv er lett å finne på Mathilde.
visningsopplegg for skuleelevar til dei fleste utstillingane våre.
Det har vore prøvd ut nye samarbeidsformer med skulane dette året, og nye faste undervisningsopplegg er utvikla, mellom anne eit opplegg med tittel Kva er eit museum? som
tek elevane inn i kjerneverksemda til museet. På Kvam bygdemuseum hadde me dette året
Lars Utne 150 år. Jubileumsutstilling på Hardanger
folkemuseum.
Kurs i Hardangersaum samla deltakarar av fleire
nasjonalitetar.
10
eit undervisningsopplegg der målet var å gjera elevane meir medvetne om ressursbruk og
endring av dei materielle levekåra over tid. Eit anna samarbeid som særleg bør nemnst er
forskingsprosjektet om ferjeminne. Hauso og Brakanes skule deltok i innsamlinga av
materiale til prosjektet Hardangerbrua allereie på museum. Elevane samla inn ferjeminne
frå sitt nærmiljø og presenterte det for eit publikum i museet.
På den digitale fronten har me produsert to digitale forteljingar om ferjehistorier, og me
held fram med prosjektet om Gamle Vangen som 3D forteljing. Sjølv om museet har ny
og god nettside, er det på facebooksidene den mest dynamiske digitale formidlinga skjer.
Facebooksidene til museet blir brukt både til informasjon om aktivitet, men også til
statusoppdateringar og dialog med publikum.
KUNST
Kunsthuset Kabuso er Hordaland fylke sin tusenårsstad og skal arrangera utstillingar og
konserter på eit høgt faglig nivå. Kunsthuset rettar seg mot eit breitt nasjonalt kunstinteressert publikum, og utfordrar samtidig det lokale publikummet med nye/moderne
utstillingar. I 2012 gjennomførte Kabuso seks hovudutstillingar og fire foajéutstillingar.
Året starta med Bill Viola, antakeleg verdas mest profilerte videokunstnar etterfylgt av
Vestlandsutstillinga. I den eigenproduserte utstillinga med Ingebrikt Vik viste me teikningar
og skisser av kunstnaren. Ludvik Eikaas var sommarutstillinga på Kabuso. Tilbakemeldingane frå publikum var gode, men besøket var betydeleg under det me venta til å
vera ei sommarutstilling. Frå Nasjonalmuseet opna me hausten med ei utstilling med Kurt
Johannessen. Formidlingsmessig fungerte utstillinga sers godt, særleg til dei yngre årsklas-
Utandørs danseførestilling på Stronde.
Opning av utstillinga Voss kunstlag 60 år.
11
EG piano comp i Kabuso.
Performance med Kurs Johannessen i Kabuso.
12
sane ettersom den var leikande i karakter. Prosjektet vart avslutta med ein performance
av Kurt, som blei ei spanande hending og som ga publikum ei magisk oppleving. Året vart
avslutta med ei utstilling av Amaldus Nilsen, som var basert på vestnorske landskap. I
tillegg har vi vist ein film av Tone Klev Furnes, som også har kuratert utstillinga. Kombinasjonen av film og bildekunst har vore vellukka. Kabuso sitt konsertprogram er eit viktig
bidrag til Kvam herad sitt musikalske miljø og publikum generelt. Samarbeidet med
Hardingtonar er godt, og vi har vore i dialog om langsiktig planlegging.
FARTØYVERN
Istandsetting av KNM Hitra på Haakonsvern.
Året vart mellom anna prega av at dei tre nasjonale fartøyvernsentra hadde lite oppdragsvolum som var finansiert av Riksantikvaren. Det har vore jobba aktivt opp mot sentral forvalting og politisk myndighet for å sikra stabil oppdragsmengde og ein betre
forvaltingssituasjon for fartøyvernsentra.
Dette året har vi hatt større istandsettingsoppdrag på ti verna eller freda fartøy, i tillegg til
arbeid utført på eigne fartøy. Me har også hatt større oppdrag på tre ikkje-verna fartøy.
Dei største oppdraga har vore utført på KNM Hitra, D/S Stord 1, M/S Fæmund II, M/S
Trysilknut, M/S Arnafjord, M/S Albatross og fullriggeren Sørlandet.
Fartøyvernsentra mottek årleg tilskot frå Riksantikvaren til fellestenester. Desse er nærare
definert i Nasjonal verneplan for fartøy og i årlege tildelingsbrev. I år har sentra i fellesskap
jobba med mellom anna mal for dokumentasjon, forvaltningsplan for freda fartøy, tilstandsvurdering, delebanken, faktaark, sikkerheitssystem og kurs/seminar. Det blir forventa at me driv rådgjeving opp mot verneprosjekt, og dette blir utført i mange Fartøyvernsenteret sende 4 båtbyggjarar til Istanbul
for å leggje dekk på Skoleskipet Sørlandet.
samanhengar. I år har me gjort ei synfaring på Statsraad Lehmkuhl, Fullriggeren Sørlandet,
Nytt kjølemne på Gjøa.
Reparasjon av rekka på fiskekutter Alia i Troms.
13
Gamle Stoksundferja, Hardangerjakta Gjøa og ti andre fartøy. 16 rapportar er gjort ferdige
i 2012, 13 av desse går inn i rapportserien. Dette året har me vore med og halde fem
eksterne kurs. Ved Hardanger fartøyvernsenter har det vore arrangert to kurs/seminar retta
mot handverkarar innan tradisjonshandverk og kulturminnevern.
BARNEVERN
Det at museet driv ein barnevernsinstitusjon må forståast i lys av historia. Hardanger
fartøyvernsenter starta som eit prosjekt for å hjelpa vanskelegstilt ungdom, og har sidan
drive sosialpedagogisk arbeid. Etter kvart har både fartøyvernarbeidet og ungdomsarbeidet
blitt profesjonalisert på kvar sin kant, og me har tilpassa barnevernsarbeidet nye krav, godkjenningar og nye avtaleverk. Dei siste åra har me drive med grunnlag i ei rammavtale med
Bufdir for sju institusjonsplasseringar. Dei siste åra har institusjonen slite med dårleg
belegg, og halvegs ut i 2012 vart det heilt stopp med plasseringane. Styret i Hardanger og
Voss museum sende eit brev til Bufdir i september 2012 der dei ba om ei vurdering av den
rolla Hardanger fartøyvernsenter som barnevernsinstitusjon skulle ha i norsk barnevern. I
brev av 28.9.12 fekk me fylgjande svar frå direktoratet:
Tenestene Bufetat skal tilby brukarane er i endring. Ein skal i større grad nytte
seg av fosterheimar og tiltak i heimen, og plassering i institusjon skal nyttast i
mindre grad. Dette inneber at færre av dei ungdommane som treng eit tilbod
i institusjon har eit problemomfang som tilseier at det er høveleg med eit
familiebasert institusjonstilbod, slik Hardanger fartøyvernsenter tilbyr. Med
bakgrunn i dette, finn ikkje Bufetat det forsvarleg å inngå forpliktande avtaler
om å nytte seg av institusjonstilbodet til Hardanger fartøyvernsenter.
Det blei etter dette jobba med å sjekka ut alternative driftsgrunnlag, men styret fant det
ikkje forsvarleg å gå vidare på dette arbeidet med tanke på resten av verksemda, og valde
derfor å avvikla barnvernsinstitusjonen.
SÆRLEGE PROSJEKT
Hardingfelesenteret
Forprosjektet har vore gjennomført i løpet av året og endeleg rapport blir levert 1.2.13.
Styringsgruppa som har bestått av representantar frå Hardanger og Voss museum, Ole
Bull akademiet, Hardangerrådet, Arne Bjørndals samling og Hordaland fylkeskommune,
vil tilrå at ein arbeider fram eit hardingfelesenter som skal arbeida med hardingfeletradisjonen som heilskap. I dette ligg instrument og instrumentmakinga, spel, dans og
samanhengen mellom desse. Senteret skal oppretthalda, styrkja og koordinera det som
finst av brukarstyrte arenaer. Styringsgruppa meiner vidare at eit hardingfelesenter skal
initiera auka kunnskapsproduksjon, stimulera gode prosjekt og ikkje minst formidla og
14
DS Granvin på Den kulturelle fjorden.
gjera tilgjengeleg dei kunstnarlege produkta og kunnskapen som vert produsert. Det vert
sentralt å utarbeida og drifta ei nettside. Ein del av arbeidet med forprosjektet har vore å
jobba fram gode samarbeidsformer med hardingfelemiljøet i Telemark.
Forprosjektet ”Hardanger - den kulturelle fjorden”
Eit av Hardanger og Voss museum sine mål er å vera ein aktiv aktør innan reiseliv og
kulturbasert næringsutvikling. Museet har som ledd i dette etablert reiselivsprosjektet
”Hardanger – den kulturelle fjorden”. Me har samarbeida med NCE –Tourism Fjord
Norway om å profilera kultur som ein viktigare del av reiselivet. Dette har gitt grunnlag
for etableringa av prosjektet og finansieringa av det. Visjonen til prosjektet er å styrka
reiselivet og Hardanger si konkurransekraft overfor internasjonale og nasjonale reisande.
Produktutviklinga skal ha fokus på opplevingar der kjernen er natur, fjord, historie og
kultur. Forprosjektet hadde ei økonomisk ramme på nær 800 000 kroner, og blei finansiert
av Hardanger og Voss museum, Hordaland fylkeskommune, Hardangerrådet og Innovasjon Norge. Prosjektet gjennomførte ein svært vellukka pilotperiode på seks dagar med
drift av veteranbåten MS Granvin i både Samlafjorden og i Sørfjorden. Det blei gjennomført ei marknadsundersøking som viste at etterspurnaden etter turar på fjorden var rangert
høgast blant turistar i dei norske fjordane.
Forprosjektet la grunnlag for å utarbeida søknad om eit treårig hovudprosjekt med årleg
ramme på kr 1,3 millionar kroner. Ved årsslutt er finansieringsarbeidet endå ikkje avklart.
15
James Turell «skyspace»
I 2012 skreiv Hardanger og Voss museum ein avtale med den amerikanske kunstnaren
James Turrell om kjøp av kunstverket Skyspace. Skyspace er ein kombinasjon av skulptur
og arkitektur, og skal plasserast i nærleiken av Kabuso. Kunstnaren har vore på vitjing ved
museet og tomt er vald ut. Styret har gjeve dei nødvendige garantiar for finansieringa og
prosjektet vert etter planen ferdig hausten 2013.
Herand aktiesagbrug
Hardanger og Voss museum har inngått ein intensjonsavtale med Stiftinga Herand aktiesagbruk om å drifta oppgangssaga. Føresetnaden for driftsovertaking er at det offentlege
sikrar ei naudsynt grunnfinansiering. Museet står i dag for drift, men det er Stiftinga
James Turell på besøk i Øystese.
Herand aktiesagbruk som står ansvarleg. Den tilsette sagføraren sa opp stillinga si vinteren
2012, og ein av båtbyggjarane ved fartøyvernavdelinga sa seg villig til å gå inn som sagførar. Han fekk naudsynt opplæring og var i praksis ved saga frå starten av mai og til ferien.
Ved årsskiftet har ein ikkje funne ei løysing for ein permanent sagførarstilling. Hordaland
fylkeskommune understrekar at den immaterielle sida ved oppgangssaga i Herand er svært
viktig.
I 2012 har vi hatt eit spennande prosjekt med å lage nytt vasshjul til oppgangssaga i
Herand. Oppdraget vart ikkje heilt ferdig til årsskiftet, men det er venta montering i januar
om veret tillèt det.
Nytt vasshjul til saga i Herand.
16
Over bekken- utviklingsprosjekt for Hardanger fartøyvernsenter
Utviklingsprosjektet er etablert som følgje av Kvam herad si regulering av nabotomta (ICAtomta) til utviklingsareal for fartøyvernsenteret (2006). Prosjektet har som mål å synleggjera senteret sine utviklingsplanar og skaffa finansiering for desse. Prosjektet har sikra
kommunal medverknad med vedtak om innløysing av ICA-tomta til vel 12 millionar kroner
i 2015. Sjøsida av tomta inngår i den nye kommunale strandvegen mellom sentrum og
fartøyvernsenteret der første byggetrinn blei gjennomført i 2012. I desember vedtok
heradet å gjennomføre siste byggetrinn med ferdigstilling til sommaren 2013. Diverre klarte
ikkje Hardanger og Voss museum å skaffa tilstrekkeleg finansiering til den prosjekterte
ferjestøa for MF Folgefonn I som var planlagt utført samstundes med strandvegen. Strandvegen er likevel anlagt med tanke på ferjestøa som må reprosjekterast til ein enklare
standard. Det skisserte publikumsbygget på tomta vil også bli endra og tilpassa eit tidsbilde som harmonerer betre med MF Folgefonn I.
May Helen Bleie var årets ungdomsutstillar i
Agatunet.
17
FRIVILLIG ARBEID
Det er fleire frivillige grupper som arbeider for ulike deler av verksemda ved Hardanger og
Voss museum. Heile Granvin bygdemuseum blir drive av venelaget i samarbeid med
Granvin kommune. Dei har stått for fleire konsertar i samarbeid med kulturskulen, skulevitjingar og andre arrangement. Granvin landbruksdag blei arrangert i tunet, og nær 400
menneske vitja museet denne dagen. Skredhaugens vener er eit av dei andre aktive laga.
Dei arrangerte fleire tilstellingar gjennom sesongen og tek eit stort ansvar på Skredhaugen.
I Agatunet er det fleire grupper i arbeid. Kunstgruppa arrangerer den årlege sommarutstillingar. Lars Korff Lofthus, Leander Djønne, Felieke van der Leest, Linda Mowinckel
Nielsen og Rudolf Kraft var hovudutstillarar i 2012. Venelaget i Agatunet er etablert, og
bidrog til fleire arrangement. MF Folgefonn 1 har også eit eige venelag som deltok i noko
av arbeidet på fartøyet. På Storeteigen er eit venelag under etablering. Også fleire bygdekvinnelag, kvinnegrupper og sanitetslag er med på aktivitetar i musea.
Venene til Hardanger og Voss museum gjer ein stor og viktig jobb for museet, og me er
svært takksamme for dette engasjementet. Me vonar å utvikla dette vidare i åra som kjem.
Vennelaga gjer ein stor innsats for Hardanger og
Voss museum og dei lokale bygdemusea.
Her frå Storeteigen i Kvam.
18
HARDANGER OG VOSS MUSEUM
Resultatrekneskap
Periode: 1. januar - 31. desember
Beløp i TNOK
Driftsinntekter
Salgsinntekter
Tilskot
Sum driftsinntekter
Driftskostnader
Varekostnader
Personalkostnader
Av- og nedskrivninger
Andre driftskostnader
Sum driftskostnader
Driftsresultat
Finanspostar
Andre finansinntekter
Andre finanskostnader
Resultat av finanspostar
Årsresultat
Note
2012
2011
2
28 025
24 973
52 997
27 994
27 252
55 246
3
4
10
2 264
36 314
201
15 319
54 097
2 214
33 470
186
17 810
53 681
-1 100
1 565
440
153
287
279
200
79
-813
1 645
19
HARDANGER OG VOSS MUSEUM
Balanse
Beløp i TNOK
EIGENDELER
Anleggsmidlar
Eigedom
Inventar, maskiner og utstyr
Transportmidlar
Sum varige anleggsmidlar
Finansielle anleggsmidlar
Premiefond pensjon
Sum finansielle anleggsmidlar
Omløpsmidlar
Varer
Kundefordringar
Andre fordringar
Bankinnskot, kontantar og liknande
Sum omløpsmidlar
SUM EIGENDELAR
20
Note
31.12.12
31.12.11
937
444
475
1 856
915
447
594
1 955
5
3 956
5 812
3 528
5 483
6
7
7
8
2 337
3 331
1 176
8 219
15 063
20 875
1 647
4 254
504
6 042
12 446
17 929
4
GJELD OG EIGENKAPITAL
Eigenkapital
Innskutt eigenkapital
Grunnkapital
Opptent eigenkapital
Anna eigenkapital
Sum eigenkapital
Langsiktig gjeld
Pensjonsforplikting
Lån i bank
Restruktureringsforpliktelse 1
Sum langsiktig gjeld
Kortsiktig gjeld
Leverandørgjeld
Skuldige offentlege avgifter
Skuldige feriepengar
Forskotsbetalingar
Anna kortsiktig gjeld
Sum kortsiktig gjeld
Sum gjeld
SUM EIGENKAPITAL OG GJELD
Note
9
5
10
1
12
11
31.12.12
31.12.11
229
229
4 948
5 176 5
5 761
990
315
295
200
810
315
494
0
809
1 302
2 380
3 015
5 931
2 260
14 889
15 699
20 875
1 519
2 144
2 814
4 126
529
11 131
11 940
17 929
21
NOTAR TIL REKNESKAPEN FOR 2012
Note 1 - Rekneskapsprinsipp
Årsrekneskapet er sett opp i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk for små føretak under føresetnad om vidare drift.
Inntekter
Inntektene er resultatført når dei er opptent, det vil sei på leveringstidspunktet. Eventuelle rabattar er trekt frå.
Bruk av estimat og skjønn
Ved utarbeiding av årsrekneskapen har det vore brukt estimater og føresetnader som har påverka eigedelar, gjeld, inntekter, kostnader
og opplysing om potensielle forpliktelser. Framtidige hendelsar kan medføre at estimata endrar seg. Endringane vil bli rekneskapsført
når det ligg føre grunnlag for å fastsette nye estimat.
Klassifisering
Eigendelar til varig eige eller bruk og krav med forfall seinare enn eit år frå utgang av rekneskapsåret er oppført som anleggsmidlar. Andre
eigendelar er klassifisert som omløpsmidlar, vurdert til det lågaste av kostpris og verkeleg verdi. Gjeld som forfell til betaling seinare enn
eit år etter balansedagen er klassifisert som langsiktig gjeld. Anna gjeld er klassifisert som kortsiktig. Neste års avdrag er likevel bokført
som langsiktig gjeld.
Varige driftsmidlar
Varige driftsmidlar er ført opp i balansen til historisk anskaffelseskost fråtrekt lineære avskrivingar basert på ei bedriftsøkonomisk vurdering
av driftsmidlane si økonomiske og tekniske levetid. Det vert føreteke nedskriving til verkeleg verdi dersom eit eventuelt verdifall ikkje forventas å vera forbigåande.
Varelager
Varelager er vurdert til det lågaste av anskaffelseskost og antatt salspris etter frådrag for salskostnadar. Eigenproduserte varer er verdsett
til full tilvirkingskost. Det er gjort frådrag for eventuell ukurans.
Fordringar
Kundefordringar og andre fordringar er oppført i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap vert
gjort på grunnlag av individuelle vurderingar av dei enkelte fordringane. I tillegg vert det gjort uspesifiert avsetning for å dekka antatt tap
på kundefordringar.
Pensjonar
Pensjonskostnader er bokført i samsvar med betalt premie og til gode på premiefond.
Restrukturering
Restrukturering er definert som eit planlagt program som i vesentleg grad endrar omfan-get av verksemda eller måten verksemda vert
driven på. Avsetningar til restrukturering vert kostnadsført når programmet er beslutta og gjort kjend, og kostnadene er identifiserbare,
kvantifiserbare og ikkje vert dekka av tilhøyrande inn-tekter. Restruktureringskostnadene inneheld både kostnader til personaltiltak og til
fristilte lokaler.
22
Skattar
Føretaket driv ikkje skattepliktig verksemd.
Offentlege tilskot
Føretaket mottek driftstilskot frå det offentlege. Tilskota vert inntektsført i samsvar med løyvingane. Mottekne tilskot som ikkje er brukt
ved årsskiftet vert avsett på konto for forskotsbetalte tilskot.
Einingar
Per 31. desember er Hardanger og Voss museum samansett av følgjande einingar: Hardanger Fartøyvernsenter, Hardanger Folkemuseum,
Agatunet, Voss Folkemuseum og Kunsthuset Kabuso. I avdelinga Kunsthuset Kabuso inngår drift av Ingebrigt Vik Museet og Kvam
Bygdetun.
Tilskot frå Kulturdepartementet og Hordaland fylkeskommune til Granvin Bygdemuseum, har også gått gjennom Hardanger og Voss
museum i 2012.
Note 2 Tilskot
2012
Beløp i TNOK
Statlege tilskot
Fylkeskommunale tilskot
Kommunale tilskot
Riksantikvaren
Andre tilskot
Sum tilskot
Beløp
8 339
11 525
1 565
2 521
1 023
24 973
2011
Prosent
33 %
46 %
6%
10 %
4%
100 %
Beløp
8 938
11 362
1 627
4 183
1 142
27 252
Prosent
33 %
42 %
6%
15 %
4%
100 %
Tilskota består av ordinære driftstilskot, prosjekttilskot, lærlingetilskot og anna.
Note 3 Lønnskostnader og andre godtgjersler
Beløp i TNOK
Løn og honorar
Arbeidsgjevaravgift
Pensjonskostnader
Andre ytelsar
Sum lønnskostnader
Gjennomsnittleg antal tilsette1)
Gjennomsnittleg antal årsverk1)
Antal faste tilsette 31.12
Antal faste årsverk 31.12
1)
2012
28 224
3 775
3 753
562
36 314
2011
26 858
3 378
2 686
549
33 470
80
62
69
59
90
65
69
58
I gjennomsnittstala inngår fast tilsette samt sesongpersonale
23
Det er i 2012 utbetalt kroner 661.672 til dagleg leiar. Av dette gjeld fordel fri telefon kroner 6.000.
Dagleg leiar inngår i stiftinga si kollektive pensjonsordning.
Det er utbetalt kroner 186.650 i styrehonorar til stiftinga Hardanger og Voss museum sitt styre.
Honorar til revisor
Kostnadsført honorar til revisor er fordelt på følgjande tenester:
Beløp i TNOK
2012
2011
Lovpålagt revisjon
103
98
Andre attestasjonstenester
15
22
Andre tenester utenfor revisjon
28
Sum honorar
146
120
Honoraret inkluderer i tillegg til revisjon av stiftinga Hardanger og Voss museum, revisjon av eigarselskapa
Stiftinga Hardanger Fartøyvernsenter, Stiftinga Agatunet og Voss folkemuseum.
Note 4 Varige driftsmidlar
Inventar og
Beløp i TNOK
utstyr
Kostpris per 1.1
853
Tilgang
52
Kostpris per 31.12.
904
Akkumulerte avskrivingar
406
Årets avskriving1.1
55
Akkumulert avskriving
460
Bokført verdi 31.12
444
Avskrivingstid 31.12
4 - 7 år
Avskrivingsprosent
15 – 25 %
Avskrivingplan
Lineær
Transportmidlar
895
895
301
119
419
475
5 år
20 %
Lineær
Eigedom
Sum
941
50
991
27
27
54
937
20 - 30 år
3-5%
Lineær
2 689
102
2 790
733
201
934
1 857
Note 5 Pensjonsmidlar/-forpliktelse
Hardanger og Voss museum har pensjonsordningar som omfattar alle tilsette. Pensjonsordninga er organisert gjennom ei kollektiv
pensjonsforsikring. Ordninga gir rett til ein framtidig definert ytelse. Disse er i hovedsak avhengig av antall opptjeningsår, lønnsnivå ved
oppnådd pensjonsalder og størrelsen på ytelsen frå folketrygda. Forpliktelsane er dekka gjennom et forsikringsselskap. Årleg pensjonspremie vert rekna som årets pensjonskostnad.
Som følge av overgang til ny AFP i privat sektor av 23.03.2010 er det avsett for underdekning i den gamle AFPordninga.
Underdekninga skal dekkas inn via framtidige premiar og eigenandeler i perioden 2013 – 2015.
Pensjonsforpliktelsen vert vurdert årleg. Beløpet per tilsett er estimert til NOK 4.500 i samsvar med anbefalingar frå Den norske Revisorforening.
24
Beløp i TNOK
Pensjonsmidlar 1.1
Korreksjon IB
Innbetalt i løpet av året
Renteinntekter
Pensjonsmidlar per 31.12
Pensjonsforpliktelse 1.1
Innbetalt i løpet av året
Pensjonsforpliktelse per 31.12
2012
3 528
8
324
96
3 956
315
2011
3 133
326
69
3 528
315
315
315
2012
1 306
223
807
2 337
2011
965
60
621
1 647
Note 6 Varer
Beløp i TNOK
Materiellager (råvarer)
Ferdigvarer
Varer for vidaresalg
Balanse 31.12
Råvarelageret består av innsatsvarer til nybygging, reparasjon og vedlikehald av fartøy.
Ferdigvarelageret består av robåtar av typen Æring, Strandebarmer færing og Hardanger færing.
Varer for vidaresalg består av kunstgjenstander, bøker og anna som er til salgs i museumsbutikkane.
Note 7 Kundefordringar
Stiftinga sine kundefordringar er vurdert til pålydande, redusert med avsetning for tap på krav med TNOK 57.
Tilsvarande avsetning i fjor var TNOK 50. Alle kundefordringane forfell innan eitt år.
Stiftinga har andre fordringar på:
Namn
Hardangerrådet
Hordaland Fylkeskommune
Kvam Næringsråd
Fjord Tours
NCE
Forskotsbetalingar
Andre fordringar1)
1)
TNOK
116
141
585
25
25
236
48
Andre fordringar består av enkeltbeløp mindre enn TNOK 20. Ingen av dei nevnte fordringane forfell seinere enn eitt år.
25
Note 8 Bundne midlar
I bankinnskot inngår bundne skattetrekksmidlar med kroner 1.191.896.
Note 9 Eigenkapital
Beløp i TNOK
Eigenkapital
Årets resultat
Eigenkapital 31.12.2012
Innskutt EK
Restrukturering
1.1 229
229
Opptent EK
Pensjon
5 761
-813
4 948
Sum
5 990
-813
5 176
Grunnkapitalen er skutt inn av kommunane i Hardanger og Voss. Stiftinga Hardanger og Voss museum er ei sjølveigande stifting.
Note 10 Langsiktig gjeld/pantstillingar og garantiar
Av selskapet si gjeld er 295 tusen kroner sikra med pant/realkausjon i eigedom tilhøyrande eigarselskapet Hardanger Folkemuseum. 126
tusen kroner av stiftinga si gjeld forfell meir enn fem år etter rekneskapsåret sin slutt. Kassekreditt pålydande 1,2 millionar kroner er sikra
med pant i eigedom tilhøyrande eigarselskapet Hardanger Fartøyvernsenter.
Note 11 Restruktureringsforpliktelse
Avsatt i løpet av året
Balanse 31.12
Kortsiktig del av avsetninga
Langsiktig del av avsetninga
Restrukturering
1 000
1 000
1 000
Pensjon
200
200
Sum
1 200
1 200
200
Styret i Hardanger og Voss museum vedtok 3.12.2012 å avvikle barnevernsarbeidet ved Hardanger Fartøyvernsenter. I balansen er det
avsatt for forpliktelser til dekning av framtidige utgifter. Avsetninga skal dekke netto driftsutgifter i 2013 samt framtidig G-regulering av
pensjon.
Note 12 Forskotsbetalingar
Forskotsbetalte tilskot
Forskot frå kundar
Balanse 31.12
2012
5 831
100
5 931
2011
3 986
140
4 126
Forskotsbetalte tilskot består av driftstilskot og prosjekttilskot frå offentlege og private samarbeidspartnere.
26
Revisors beretning
27
Ved Hardanger folkemuseum kan ein oppleva hardangerkulturen i eit naturskjønt kulturlandskap.
Museet har temautstillingar knytta til folkemusikk, drakt og hardangersaum, samt skiftande utstillingar
heile året. I museumstunet finn ein bygningar frå perioden 1200 - 1900 talet. Kafe og servering.
Agatunet er eit freda vestlanske klyngetun. Den unike Lagmannsstova frå 1250 er ein av dei eldste og
best bevarte profande trebygningane i Norge. Agatunet har utstillingar, omvisingar og konsertar heile
sommaren. Kafe og servering.
Ingebrigt Vik Museum inneheld mest alle arbeida etter bilethoggaren Vik (1867 - 1927). Han er rekna
som ein av dei største bilethoggarane i norsk historie. Samlinga etter Vik er utstilt i ein særmerkt og
intim bygning, samt i parken utanfor. Visning av filmen og Ingebrigt Vik i Kabuso
Voss folkemuseum, Mølstertunet, ligg høgt og fritt på ei slette hundreogsytti meter over Vossevangen.
Mølstertunet er eit autentisk tun, der ingen av husa er flytta til eller frå. Museet har også rike samlingar
av eldre bruksting og prynadsting.
På Hardanger fartøyvernsenter kan du sjå båtbyggjarar, skipssmed og reipslagar utføra gamalt handverk.
Du kan og ro ein tur på fjorden, slå ditt eige tau, og byggja ein leikebåt. I aktivitets løypa kan du utfordra
og utvida dei maritime kunnskapane dine. Kafeen, biletspela og utstillingane er ope dagleg i sesongen.
Kabuso byd på skiftande kunstutstillingar innanfor eit vidt spekter av sjangrar. Konsertar og andre
arrangement gjennom heile året, loklisert i ein vakker kammermusikksal med framifrå akustikk. Kafeen har
enkel servering og flott utstikt mot fjorden. Ein vakker park bind Kabuso saman med Ingebrigt Vik Museum.
Granvin bygdetun omfattar 6 bygningar; m.a. Hovenstova og ei særprega årestove. Ved badeplassen
på Eide ligg eit gamalt naust som og høyrer til tunet. Her finn ein m.a ei omfattande museumssamling
med gjenstander samla inn lokalt, mellom anna samlinga etter botanikaren Johan Havaas. I Løflotstova
er premiesamlinga etter spelemannen Anders Kjerland utstillt.
Kvam bygdemuseum ligg på Lundanes i Øystese, og er ein idyllisk stad med gamle klyngetun, smale
vegar og nydeleg utsyn over fjorden og Folgefonna. Borgstova i Vikøy prestegard er ei omlag 400 år
gamal røykstove med interiør frå 1800-talet.
Postadresse: 5778 Utne, Telefon: 40 43 41 00
E-post: [email protected]
www.hardangerogvossmuseum.no