Her - Vest-Telemark museum

1
Eldrid Robberstad – ein nyskapar
av gamle bunadstradisjonar
av Gunhild Berntsen
Eldrid Robberstad var født Fjalestad 28/05-1898 i Fyresdal. Faren heitte Talleiv
Kjetilson Fjalestad og var frå Nissedal. Mora heitte Gunhild Talleivsdotter, født
Væting frå Fyresdal.
Dei budde nokre år på Sitje i Fyresdal, men flytta i 1905 til garden Haukom i
Kviteseid. Eldrid gjekk alle skuleåra sine i Kviteseid og vart konfirmera i
Kviteseid gamle kyrkje 13/10-1912. Då bar ho ei drakt ho hadde sauma sjølv. Det
blei sagt at ho tidleg interessera seg for bunadssaum og i tillegg hadde god
opplæring heimanfra.
Ho gjekk eit år på folkehøgskolen på Utsond (nå Kvitsund) der Jakob
Naadland var styrar.
Til Industriskulen i Oslo kom Eldrid i 1916. Der gjekk ho to kurs, og avslutta
med den beste eksamen som til då hadde vore teken på den skulen. Eit
elevarbeid ho gjorde, var ein kjole av ufarga ull med innvoven kulørt bord, ca
20 cm breid. Denne var med på utstillinga, og dronning Maud som såg
utstillinga, syntest svært godt om kjolen! I denne skuletida tok ho på seg å
saume prydsaum for Husfliden. Etterpå fekk ho fast arbeid her. Mellom anna
tok dei på denne tida opp att arbeidet med den gamle kvitsaumen.
Seinare heldt ho vevskole i Hallingdal, fyrst i Kvisle og så i Gol. I 1921 vart det
halde husflidsutstilling i Nesbyen. Der fekk ho gullmedalje for arbeidet sitt.
I åra 1921 til 1928 var ho lærar i “kvinneleg handgjerning” på Buskerud
folkehøgskole i Eiker.
I 1928 gifte Eldrid Fjalestad seg med Knut Robberstad, og dei busette seg i
Oslo. Dei fekk tre born, Liv (f. 1929), Magnus (f. 1932) og Torleiv (f. 1936). Då
borna voks til, tok ho fatt på den særlige oppgave Husfliden ved Anette
Schirmer hadde pålagt ho. Det var å reindyrke Vest-Telemark bunaden. Med
det meinte dei å taka bunaden ut av “stilrøra” og taka opp meir av det gamle,
i former, fargar og alt.
2
Eldrid på Ål, 1921. Foto: Sigve Tveito
3
I 1951 vart Eldrid vald inn i styret for Heimen, husflidsutsalet til Bondeungdomslaget i Oslo. Her fekk ho høve til å arbeide vidare med bunadsarbeidet.
Ho heldt seg bare til Vest-Telemark bunaden og blanda seg ikkje inn i arbeidet
med bunader frå andre landsdelar. Ho hadde sin kunnskap til bunadsarbeidet
tufta på kunnskapen til å spinne, plantefarga, veva og saume alt sjølv.
Ho leita opp slikt som var teke vare på i Vest-Telemark. Ho var ikke gamal då
ho for til Øverland i Seljord og fekk teikna av rosesaumen på det vidgjetne
bunadsforkledet der. Ho studera vevnader og saum på Husfliden og på Norsk
Folkemuseum. Ho studera i Nordiska Museum, særleg klede som hadde kome
frå Telemark.
Fyrst laga Eldrid ein “reindyrka” bunad til seg sjølv. Ho spann spelsaugarn,
plantefarga, vov og sauma. Så laga ho 3 modellar for Heimen, i 1953, 1955 og
1958. I samband med dette arbeidet, skreiv ho ei stutt, men innhaldsrik
utgreiing om kvinne- bunaden frå Vest-Telemark. Ho vart utgjeven med
teikningar av Ole Ekornes.
Det ho tok opp i sine reindyrka bunader var alt saman slikt som hadde vore i
bruk i bygdene her i tida 1750 - 1850. Det var blømingstida, sa ho.
Etter Eldrid Robberstad sitt syn, var spelsaugarn det beste å veva bunadstøy
av, for det hadde eit finare fall og det stod betre. Heimen tok seg av det
industrielle med vevinga av bunadstøyet, og fortsatt er det Heimen som
produserer og sel Eldrid sine modellar.
Dei kvinnebunadene vi ser her på utstillinga, er frå ca 1950. Fram mot 1820 var
felte stakkar vanlig, og livet var kortare. Då den felte stakken gjekk or bruk,
kom dei rynka stakkane som blir bruka i dag. Livet vart også lengre. I 1830 åra
hadde dei fleste livet litt ovanfor livlinja. Stakken kunne ha ein snarkant nedst,
og ovanfor denne ein brodera kant.
Broderte forkle vart bruka, allereie til fellestakken. Framover mot 1850 vart
forklebordane reine kunstverka. Brodergarnet som vart bruka, var innført. Det
var mest hardt og blankt karda kamelhårsgarn.
4
Eldrid i 1943. Foto frå familien
5
Så sette ho opp rettleiing for saum av bunadsskjorte etter gamle mønster.
Linskautet som hadde vore ute av bruk i over 100 år, tok ho også fram att. Det
som hadde vore nytta nå, var det svarte tulleplagget. Linskautet er godt
utgreidd med bilde og arbeidsrettleiing i skriftet “Skaut og skjortur frå
Telemark.” (Oslo 1970 Noregs Boklag).
Ho laga og modellar og rettleiing om bunadtrøya og bunadkåpa. Ho gav
rettleiing om belte, lomme, sokker, sko og bunadssylv.
Etter dette tok ho for seg mannsbunaden frå Vest-Telemark og gjorde det
same med denne. Ho skreiv utgreiing og sette opp mønster for slik bunad.
Ho tok her utgangspunkt i ein bunad som var i bruk i første halvdel av 1800
talet. Buksa som er av handvove vadmel og er ei klaffebukse, er pynta i sidesaumane. Trøya er hoftelang i ufarga vadmel. I ryggen er ho innsvinga og isydd
to kilar. Ho har oppstående krage som er kanta med raudt. Framstykket er
pryda med kantar og smale raude snarkantar utanfor. Vesten er i blått
toskafta ulltøy, har oppstående krage og raude slag. Framstykket er pryda
med ullsaum, og det er broderi på slaga. Vesten er enkeltspent. Skjorta er
sydd i heimvove og heimspunne lin. Ho har isett skulderstykke med rynka hals.
Det er uttrekkssaum på krage og mansjetter.
Eldrid Robberstad bruka mykje av livet sitt til arbeidet med Vest-Telemark
bunaden. Endå så mykje arbeid det var med med å laga modellane og
rettleiingane, var det endå meir tidkrevjande å finne ut kva som hadde rot i
ekte tradisjon og som ho meinte var vakkert.
I tillegg til arbeidet med bunader arbeidde ho også i stor grad med veving,
etter mønster ho laga sjølv. Det er gardiner, putetrekk, tepper, møbelstoff og
tøy til klær. Klærne sauma ho sjølv. Alterduken i Kviteseid nye kyrkje, er det
Eldrid som har sauma og gjeve.
Eldrid Robberstad døydde brått 8. mai 1971, då ho stelte seg i stand for å reise
i bryllupet til Liv Nørstrud i Kviteseid, som var systerdotter hennar.
Eit uvanlig dyktig menneske gjekk bort den dagen, og vi vil med denne
utstillinga heidre Eldrid og hennar arbeide med bunaden i Vest-Telemark.
6
Eldrid i veven. Foto frå familien
Kjelder:
Knut Robberstad: “Um Eldrid Robberstad og hennar verk.”
Thorbjørg Hjelmen Ugland: “Eit knippe av Noregs bunader.”
Dette heftet er utgjeven av Vest-Telemark Museum i samband med utstillinga
om Eldrid Robberstad ved Kviteseid Bygdetun, 2013.
7
8