Månadsbrev for Tyrihans JANUAR 2017 KVA HAR VI GJORT I DESEMBER MÅNAD: No nermar vi oss slutten av året. I desember har vi prøvd å roe ned og kose oss med førjulsaktivitetar. I slutten av november starta vi med å øve på julesanger til lysfesten den 1. desember. Barna var ivrige og lærte sangane fort. Det var kjempe kjekt at så mange hadde anledning til å vera med på lysfesten 1. desember. Barna hadde gleda seg til å synge og kose seg med «nissegraut» med familien. Det var og stor stas å pynte lyslykta si. Vi har hatt tilbud om ein del formings aktiviteter og laga julepynt. Her har mange av barna vore ivrige og arbeida flittig med sine ting. Vi har og fått laga to julegåver som dei har pakka inn og lage eigne til og fra lapper på . Dette ar stas. I adventsamlinga har vi fått høyre om Olav og bestefar og alt dei har gjort før jul. Dei har vore og sett på julegrantenninga, dei har baka saman med bestemor, dei har henta julatre i skogen og mykje anna kjekt. Barna har då fått trekke i kalendaren kvar sin gong. Det som har vore i pakkane er ting til fortellinga om Olav og bestefar. Vi har og telt ned på dagane med å farge nisseskjegget til nissen ein rød sirkel for kvar dag. Vi takker og for alle foreldre og sysken som var med på julefrukosten. Barna snakka om det resten av dagen at dykk foreldre hadde vore med å ete frukost i barnehagen. KVA SKAL SKJE I JANUAR: I januar vil vi har tema om årstida vinter og kva som skjer ute då. Vi vil og arbeide med eventyret skinnvotten. Her vil vi lese, fortelje, leike og dramatisere det gjennom månaden. Vi vil og fortsetje å ha fokus på venskap og korleis vi er saman med kvarandre. Vi stater med å gå turar igjen på mandagane og fredagane framover. Viktig informasjon: Siv Heidi skal ha permisjon for å studere fullt fram til nytt barnehageår. Vi vil takke for godt samarbeid og alt det kjekke vi har fått gjort saman med Siv Heidi i haust. Lykke til med studiene. Det har vore nokre interne endringar i personalet i barnehagen. Det vil frå januar vera Laila som er pedagogisk leiar i full stilling på Tyrihans. Mari skal vera på Tyrihans og Eldrid blir på avdelinga. I tillegg vil vi ha Maiken på mandag og Anne på fredag når ho ikkje er på Universitetet. Bodil skal vera på Askeladden og Bukkane Bruse framover. NB! PLANLEGGINGSDAG MANDAG 2. JANUAR, BARNEHAGEN ER STENGT. Helsing Mari, Anne, Eldrid og Laila
© Copyright 2024