Møtebok for Sauherad og Nes sokneråd Møtedato: Møtetid: Møtestad: 04.02.2015 kl. 19:00 Nes menighetshus Til stades: Leif Raustøl, Anlaug Jorunn Bergan, Halvor Sunde, Tom Arne Møllerbråten, Torunn Hesthag, Arne Torgeir Ripegutu, Dag Gjermund Roheim, Jarl Olav Rugtveit, Brit-Vera Lie, Margrete Nitter Gundersen. Meldt forfall: Ingebjørg Kaljord Svalebjørg Saker Sak 000020 Orientering om tilstansvurderinga av kalkmaleria i Nes Kyrkjeverja orienterte om dialogen med riksantikvaren og NIKU om økonomisk støtte og praktisk gjennomføring av rehabilitering av kalkmåleria i Nes.. Sak 000020 Diverse orienteringar På personalsida så starta Elisabeth Sandvand Aase opp som trusopplærar 1. februar. Sak 001/15 Soknerådsvalet 2015 - oppnemning av nominasjonskomité I september er det val til nytt sokneråd i Sauherad og Nes. Det er også val til nytt bispedømeråd i Agder og Telemark. Val til desse kyrkjelege organa blir halde på same tid og (tilnærma) same stad som kommune- og fylkestingsvalet i september 2015. Kyrkjerådet har utgitt ei valhåndbok som inneheld mykje informasjon om valet. Her er nokre viktige utdrag av boka: Viktige datoar: 1 Nominasjonsfasen Motivasjons- og valfasen Resultatfasen januar Soknerådet startar sitt arbeid som valstyre 1. mars Frist for oppnemning av nominasjonskomité 1. mai Frist for kanidatslister til soknerådsval (nominasjonskomitéens liste og evt. alternative lister) 1.-8. juni Frist for evt. supplerende nominasjon til soknerådsvalget 8. juni Kandidatlister til soknerådsvalget blir kunngjort 10. august Valgkortet er sendt ut til alle røysteføre medlemmar 10. aug – 11. sep Førehandsrøysting 13.-14. september Valdagar 16. september Frist for registrering i valmodulen og opptelling. Om førebuingar til valget: «Valgstyret skal oppnevne en nominasjonskomité på minimum 3 medl. som står for arbeidet med å skafef kandidatyer til soknerådet…Det er ønskelig med en bredt sammensatt komité mht geografi, alder, grupperinger i menigheten osv…Det kan også være en fordel at en fra det sittende soknerådet er med, f.eks en som ikke ønsker å ta gjenvalg. Det er ikke noe til hinder for at medl. av nominasjonskomitéen eller forslagsstillere kan stille som kandidater på listen. » «Det bør utarbeides en lokal informasjonsplan for Kirkevalget som bør være ferdig før midten av mars 2015. Valgstyret bør finne en som kan være informasjonsansvarlig.» (pkt 2.1.2 s 54 i valhandboka) Om gjennomføringa av valget: Det skal veljast 8 medlemar til soknerådet, som har ei funksjonstid på 4 år (frå 1.12.2015). Alle medlemar ar over 15 år (dvs dei som er døpt og som er fødd i år 2000 eller seinare) har røysterett. Valgstyre (dvs soknerådet) har det overordna ansvaret for at valget gjennomførast iht reglane, og leiar gjennomføringa av valget. Der det er fleire valglokale i soknet skal eitt stemmestyre ha ansvaret for gjennomføringa av valget i sitt valglokale. Praktisk gjennomføring i Sauherad tenker kyrkjeverja seg slik: tilbod om førehandsrøysting på Sagavoll (i slutten av august - frist 1. sep) førehandsrøystingar på kyrkjekontoret, og med ein avtalt dag på institusjonane på Gvarv høve til å førehandsrøyste i samband med eit par gudstenester valglokale på kommunehuset søndag 13. sept. valglokale på Hørte, Gvarv, Akkerhaugen, Nordagutu og Hjuksebø, mandag 14. sept Forslag til vedtak: Soknerådet utnemnar denne nominasjonskomitéen til soknerådsvalet 2015: Rollef Bergan (40), Gvarv Liv Ingeborg Schia (66) Akkerhaugen Sigrid Dahl (38) Klevar Ole Arnfinn Hagen (51) Hjuksebø NN frå soknerådet +? Soknerådet utnemnar NN til informasjonsansvarleg Møtebehandling: Det blei ikkje vedteke å utnemne nokon informasjonsansvarleg i denne omgang Vedtak: Soknerådet utnemnar denne nominasjonskomitéen til soknerådsvalet 2015: Rollef Bergan (40), Gvarv Liv Ingeborg Schia (66) Akkerhaugen Sigrid Dahl (38) Klevar Ole Arnfinn Hagen (51) Hjuksebø Dag Gjermund Roheim (53) Hørte Arne Torgeir Ripegutu (70) Nordagutu Sak 002/15 Soknemøte 2015 Menighetens årsmøte (soknemøte) skal haldast på Nes menighetshus, torsdag 12. mars. Ein fast post på dette møtet er framleggjing av årsmelding og rekneskap for 2014. Kva andre saker skal vi ta opp? Kyrkjeverja har invitert ei frå Riksantikvaren til å kome og orientere om kalkmaleria i Nes. Her avventar vi svar. Forslag til vedtak: Møtebehandling: Vedtak: Soknerådet ønsker å invitere repr fra alle aktivitetene som drives i menigheten vår til årsmøte/soknemøte på Nes Menighetshus torsdag 12. mars kl 19.00. Vi ønsker her å presentere arbeidet som drives slik at menigheten kan få både høre kort om hva dere gjør og hvem de er. Program for kvelden: 1. Årsmelding 2. Hvordan står det til med kirkene våre? Kveldsmat/Kaffe 3. Andakt 4. Hva gjør vi i menigheten vår? 5. Sofasamtale med staben om menighetsarbeid. Sak 003/15 Julegudstenester 2015 Som statistikken viser så har talet på frammøtte på dei to julegudstenestene i Sauherad kirke vore såpass lågt dei siste åra at det er grunn til å spørje seg om vi skal redusere frå to til éi gudsteneste på julaftan. Det har vore to gudstenester i kvar kyrkje, kl 1430 og 16 på julaftan dei siste åra. I 2011 var det planlagt berre éi gudsteneste i Sauherad og to i Nes, men sidan dette blei bytta om i juleutgåva til Helsing, blei det bestemt å gjennomføre to gudstenester i kvar kyrkje. Dei siste åra har derimot talet på frammøtte vor slik at dei kan få plass på éi gudsteneste. Det vil også vere ressursbesparande ved å kutte den eine gudstenesta, sidan vi må leige inn ekstra organist og fleire musikarar. På den andre sida vil nokre sikkert reagere dersom «deira gudsteneste» blir kutta ut eller tidspunktet blir flytta på. Frammøte på julftan er svingande og uforutsigbart og kyrkjene våre er små, slik at det er litt risikabelt å gjere endringar på ein så tradisjonsbunden dag sum julaftan. Kyrkjeverja vil likevel tilrå å ha berre ei gudsteneste i Sauherad kirke på julaftan i 2015. I Nes bør vi halde fram med to. Forslag til vedtak: Det blir éi gudsteneste i Sauherad kirke på julaftan 2015. Møtebehandling: Vedtak: Det blir éi gudsteneste i Sauherad kirke på julaftan 2015. Sak 004/15 Innsetting av Anne-Inger Lunne som ny sokneprest På gudstenesta i Sauherad kirke 1. mars 2015 skal Anne-Inger Lunner insetjast som ny sokneprest i Sauherad og Nes. Staben er godt i gang med planlegginga av gudsteneta. Soknerådet inviterast til å ta del i planlegging av gudstenesta og å ta ansvar for festen på Nes menighetshus etterpå. Forslag til vedtak: Møtebehandling: Vedtak: Soknerådsleiar set opp ei liste med arbeids- og ansvarsfordeling Sak 005/15 Annonse i bladet FOKUS - fagblad for politiets kriminlaitetsforebyggende fo Vi har blitt kontakta av ein representant for PKF, med spørsmål om Sauherad og Nes sokn kan vere med på ei annonse i deira fagblad «FOKUS», som skal distribuerast i heile Telemark i mars. PKF prsenterer seg slik på heimesida si: Kort orientering om PKF Politiets Kriminalitetsforebyggende Forum (PKF) er en interesseorganisasjon grunnlagt hovedsakelig av politifolk, og medlemmene består stort sett av personell fra politiet. PKF er en frittstående organisasjon (en NGO), og ikke en del av politiets organisasjon. PKF har også medlemmer fra kommuner hovedsaklig fra SLT-ordningen (Samordning av Lokale kriminalitetsforebyggende Tiltak), samt blant andre noen fra Stortingets sikkerhetsavdeling, departementer og direktorater. Vi utgir et fagblad, FOKUS, fire ganger i året og drifter nettsidene www.pkforum.no og www.wikiprevent.no . Vi moderer også våre egne sider på FaceBook og Twitter. I tillegg er vår største aktivitet PKFkonferansen, som er Norges største årlige konferanse for kriminalitetsforebyggere. Denne konferansen arrangeres i mars hvert år på Gardermoen. Foruten egenintitierte inntekter for å drifte PKF, mottas en begrenset økonomisk støtte fra Politidirektoratet. Til oss skriv dei dette i ein e-post der det tilbyr ei annonse i bladet, til hhv 2.100 kr eller 1.500 kr: Viser til telefonsamtale vedrørende støtte annonse i fagbladet FOKUS. Sender som avtalt en mail. Jeg har holdt av en plass til dere. Utgivelsen i mars 2015 skal ut til Telemark / Sauherad. Bladet går ut til husstander, skoler, offentlig etater og selvsagt næringslivet. Politiets Kriminalitetsforebyggende Forum (PKF) er tverrfaglig, bestående av ansatte i politi- og lensmannsetaten og forskjellige kommunale etater. Arbeidet er knyttet til kriminalitesforebyggende innsats i forhold til barn og unge. Målet er bedre oppvekstvilkår og et tryggere samfunn. Livsnerven i dette dugnadsarbeidet er fagbladet FOKUS, som utgis kvartalsvis i mars, juni, september og desember 2015. Jeg vedlegger en presentasjon av våre annonsestørrelser og priser. Vi håper i denne sammenheng at Sauherad og Nes Sokn ser positivt på denne samfunnsnyttige innsatsen, og at dere har anledning til å profilere dere på annonseplass i FOKUS. Kyrkjeverja si vurdering Vi bør generelt vere varsame med å bruke våre pengar til å støtte anna type arbeid, utanom det vi samlar inn gjennom offer på gudstenestene. Samstundes bør også kyrkja vere synleg i samfunnet – i livet utanfor kyrkje og kyrkjelyden. I dette høvet skal det fulldistribuerast eit blad i heile Telemark, og det skal særleg rette seg mot ungdom og rus. Spørsmålet er om vi som lokal kyrkje skal støtte dette – like mykje ved å markere støtte gjennom ei annonse, som det økonomiske Kyrkjeverja meiner at kyrkja her kan og bør vise støtte, men at det einskilde sokn i denne samanhengen ikkje er så interessant. Eg har difor foreslått at vi i prostiet kan gå inn med ei litt større annonse, og så kan dei sokne/fellesråda som vil vere med på det, betale ein del av annonsa. Forslag til vedtak: Soknerådet stiller seg positive til å bruke 1.500 kr på ei støtteannonse i bladet FOKUS. Møtebehandling: Vedtak: Soknerådet stiller seg positive til å bruke 1.500 kr på ei støtteannonse i bladet FOKUS. For Sauherad og Nes sokneråd Trond M Haugen kyrkjeverje
© Copyright 2024