Møtebok for Sauherad og Nes sokneråd

Møtebok for Sauherad og Nes sokneråd
Møtedato:
Møtetid:
Møtestad:
21.11.2013
kl. 18:00
Nes menighetshus
Tilstades:
Bente Irene Vogsland, Berit Bjørnerud, Torunn Hesthag, Tom Arne Møllerbråten, Arne Torgeir Ripegutu,
Dag Gjermund Roheim, Margrete Nitter Gundersen, Jarl Olav Rugtveit, Brit-Vera Lie, Anlaug Jorunn
Bergan.
Meldt forfall:
Hans Sundsvalen, Elin Kamilla Omholt McGowan, Ingebjørg Kaljord Svalebjørg.
Saker
Sak 000020 Orientering frå soknepresten
Orientering om at soknepresten har sagt opp si stilling og kva som vil og bør skje framover som følgje av
dette
Sak 000021 Orentering frå kyrkjeverja
Det vil bli gitt ei kort orientering om desse sakene:
- prosessen med tilsetjing av sy organist og trusopplærar
- stabssamling på Natadal 11.11.
- oppstart av arbeid med å lage ein verneplan for kyrkjegardane
- referat frå befaring med Riksantikvar og KA i kyrkjene 18.11
- planlagt møte 2. des med andre trussamfunn om gravferdsforvaltning (jfr Gravferdslova § 23)
Sak 052/13 Fordeling av funksjonar og plassering av representantar i underutval
Soknerådet skal for resten av si funksjonstid (dvs fram til nytt val i 2015) fylle flg postar:
Leiar, nestleiar (veljast for eitt år), to (2) representantar til driftsutval (DU), to (2) repr i tilsettingsutval –
i tillegg til leiar/nestleiar, ein (1) repr i partsamansett utval - i tillegg til leiar + nestleiar. Vidare ein
representantar i underutval/styre som; gudstenesteutval, trusopplæringsutval, misjonsutval,
arrangemenetskomité, Viljandikomité, pilegrimskomité, styret for Nes menighetshus
Forslag til vedtak:
Møtebehandling:
Vedtak:
Soknerådet blir konstituert slik for 2014:
Leiar
Tom Arne Møllerbråten
Nestleiar
Lillil Bergan
Driftsutval
Tom Arne Møllerbråten, Lillil Bergan, Arne Torgeir Ripegutu og Dag
Gjermund Roheim
Tilsettingsutval
Tom Arne Møllerbråten, Jarl Olav Ripegutu og Torunn Hesthag
Partsamansett utval
Tom Arne Møllerbråten, Lillil Bergan og Dag Gj. Roheim (+ to tilsette)
Gudstenesteutv
Brit-Vera Lie, Bente Vogsland (+ sokneprest, organist m.fl)
Trusopplæringsutv
Lillil Bergan, Torunn Hesthag, Edit Norheim (+ trusopplærar m.fl)
Misjonsutval
Arne Torgeir Ripegutu m.fl
Arrangementsutv
(Brit-Vera vil legge fram eit forslag på samlinga i januar)
Viljandikomité
Jarl Olav Ripegutu, Torunn Hesthag
Pilegrimskomité
Ingebjørg Kaljord Svalebjørg (+ diakon m.fl)
Styret for Nes
Margrete N. Gundersen
menighetshus
Kulturutval
Ingebjørg Kaljord Svalebjørg (+ organist m.fl)
Sak 053/13 Offerliste 2014
I eit samarbeid mellom stab og råd er det sett opp eit forslag til offer i 2014, som soknerådet inviterast til å
støtte.
Forslag til vedtak:
Soknerådet vedtek den framlagte offerlista for 2014.
Møtebehandling:
Vedtak:
Soknerådet vedtek den framlagte offerlista for 2014.
Sak 054/13 Gudtenesteplan 2014
Staben har utarbeidd ein gudstenesteplan for 2014 der vi ber om innspel frå soknerådet på nokre spørsmål:
1. Skal avskjegdsgudstenesten til Berit den 9.februar vere i Nes (som planlagt) eller skal den flyttast til
Sauherad pga plassen? Til orientering var innvielsesgudstenesta i Sauherad (i september 2002).
2. Skal me markere Grunnlovsjubileet på gudst. i Sauherad den 9.mars? Saude kirke vart bruka som
valgkyrkje i 1814, og datoen var 4. mars. «På landet holdt hvert prestegjeld valgmannsvalg i
kirkene. Deretter møttes valgmennene innen hvert fylke (amt) til en egen samling, der de valgte
representanter til Eidsvoll seg imellom» (kilde: Riksarkivet).
Datoen 9. mars vil vere nærare 200-årsdagen for valget enn den 23.februar, som er den nasjonale
markeringsdagen. Og skal me gjere litt meir ut av ein slik gudstenste, sidan vi har bestilt både kopi
av fullmakta frå 1814 (vedlagt) og skilt til å henge opp i kyrkja?
3. Skal me gå for 4 felles gudstenester med Bø i juli 2014, med gudstenester i hhv Nes (6. juli), Hørte
Dampfarveri (13.juli), Bø (20. juli) og Tinghaug (27. juli)?
Det mest problematiske med eit slikt opplegg er at det gir avgrensa mulighetar for dåp i juli. Vår
erfaring viser at kyrkja (dvs Sauherad eller Nes) er viktig når det gjeld dåpshandlinga. Men dei siste
7 åra har det berre vore 2 dåpar i Sauherad og 7 i Nes – til saman i juli månad, så kyrkjeverja vil tilrå
eit slikt opplegg som her er skissert.
4. Vi har også lagt opp til ei gudsteneste utanfor soknet, nærare bestemt på Jønnbu Fjellkyrkje den 26.
oktober. Dette tenker vi som ein «menighetsddag» eller «mini-menighetsweekend», sidan det er
mange år sidan vi sist arrangerte menighetsweekend.
Forslag til vedtak:
Soknerådet stør dei framlagte forslaga, og meiner at avslutningsgudstenesta til Berit Bjørnerud skal haldast i
……
Møtebehandling:
Vedtak:
Soknerådet stør dei framlagte forslaga, og meiner at avslutningsgudstenesta til Berit Bjørnerud skal haldast i
Sauherad kirke, søndag 9. februar kl 11.
Sak 055/13 Møter og arrangement våren 2014
Når oppgåvene til soknerådet no er fordelt på fleire utval under soknerådet (jfr sak 47/13og 52/13), så kan
talet og frekvensen på utvalsmøter reduserast noko. Iht til det vedtekne delegasjonsreglementet skal no
soknerådet handsame saker omhandla i kyrkjelova § 9 Menighetsrådets oppgaver, medan driftsutvalet skal
handsame saker tillagt fellesrådet (§ 14).
Kor ofte ein skal og bør ha møter kan vere vanskeleg å seie noko klart om. Men som eit utgangspunkt
foreslår kyrkjeverja å ha 6 soknerådsmøter i året og 6 møter i driftsutvalet,
Forslag til vedtak:
Møtebehandling:
Vedtak:
Flg møteplan for 1. halvår 2014 blei samrøystes vedteke:
Jan
Onsdag 15. kl 18
Lørdag 25
Søndag 26. kl 17
Torsdag 30.
Sokneråd
Strategidag for sokneråd og stab
G-17
Menighetens småsamling
Feb
Torsdag 6. kl19
Søndag 9. kl 11
Onsdag 12.
Onsdag 26. kl 18
Torsdag 27.
Bibeltime Nes; tema «Eg trudde jeg kjente han»
Avskjedsgudstjeneste for Berit (i Sauherad) m/kirkekaffe på NMH
DU
Sokneråd
Menighetens småsamling
Mars
Torsdag 6.
Onsdag 12.
Onsdag 19.
Torsdag 27.
kl 19
Bibeltime Sunds
Menighetsmøte
DU
Menighetens småsamling
April
Torsdag 10.
Onsdag 23.
Torsdag 24.
kl 19
kl 18
Bibeltime Nes
Sokneråd
Menighetens småsamling
Mai
Onsdag 21.
DU
Juni
Onsdag 11. kl 18
Sokneråd
Sak 056/13 Plassering av kyrkjekontoret
I mai 2013 (sak 021/13) drøfta soknerådet framtidig plassering av kyrkjekontoret i Sauherad, og det blei fatta
flg vedtak:
«Soknerådet ynskjer at kyrkjekontoret kan flytte inn i tenelege lokaler, og ber kyrkjeverja utgreie ulike
alternativ, m.a. Nes menighetshus og Sauherad prestegard.»
Sidan dette vedtaket blei gjort har det ikkje skjedd så veldig mykje i denne saka. Mykje av årsaka til det er at
kommunen har ein omfattande kabal å leggje når det gjeld eigedomar og brukarar/leigetakarar. Etter at 3
skular blei lagt ned i sommar, og arbeidet med bygging av nye barnehagar er i gang, har kommunen mange
ledige lokalar, som anten må avhendast eller takast i bruk av andre. I tillegg har kommunen ansvar for å
skaffe lokaler til dei som i dag er på den gamle bygdeheimen på Gvarv, som kommunen no prøver å selje.
Sett i ein slik samanheng er kyrkjekontoret med sine 4-5 kontorplassar ei lita brikke i eit større puslespel.
Dersom kyrkja har ei relativt passiv rolle og overlet til kommunen å skaffe oss kontor («utrdede» som det
står i kyrkjelova § 15 om kommunens økonomiske ansvar), så kan det i teorien bli kvar som helst i Sauherad
kommune. Kommunen vil gå for ei løysing som gir den beste totaløkonomien for dei.
Som eit sjølvstendig organ har soknerådet den fridomen at vi på eiga hand kan skaffe oss kontorlokale.
Spørsmålet er om vi får omgjort dagens leigepris på kommunehuset til «friske pengar» dersom vi vel å gå ut
på marknaden å leige kontor. Viss ikkje må vi bruke av den økonomiske ramme vi har – om det skulle bli
aktuelt.
Kyrkjeverja har vurdert om prestegarden kan vere ei aktuell lokalisering. Med nærleiken til Sauherad kyrkje
ville det vore eit bra alternativ, og ein ville da også fått bruka bygningen til noko nyttig framfor at den skal
stå tom, slik den gjer akkurat no. .
Men prestegarden (som er frå 1650-talet) er freda, og det er dermed ikkje mogleg å gjere bygningsmessige
endringar for å lage moderne og funksjonelle kontor. Vidare er det lite truleg at prestegarden i Sauherad blir
teke ut av lista over dei prestegjelda som har buplikt, og da må vi flytte kontoret dersom det kjem ein ny
sokneprest til bygda. Det siste har jo blitt meir aktuelt no når soknepreststillinga i Sauherad har blitt ledig. På
denne bakgrunn er ikkje prestegarden aktuell som eit framtidig kyrkjekontor.
Staben har eit klart ynskje om å flytte til Nes menighetshus (sjå vedlagte uttale frå Ivar), og det bør etter
kyrkjeverja si vurdering jobbast aktivt for å få til ei slik løysing.
Forslag til vedtak:
Soknerådet ynskjer at kyrkjekontoret kan flytte til tenelege lokaler på Nes menighetshus, og ber styret for
menighetshuset, saman med staben, jobbe aktivt for dette..
Møtebehandling:
Vedtak:
Soknerådet ynskjer at kyrkjekontoret kan flytte til tenelege lokaler på Nes menighetshus, og ber styret for
menighetshuset, saman med staben, jobbe aktivt for dette..
Sak 057/13 Sitteputer i Sahuerad kirke - oppfølgingsvedtak
Soknerådet gjorde flg vedtak da spøsmålet om puter i Sauherad krk var oppe i aprilmøtet 2013 (sak 015/13);
Soknerådet nedsetter en komité som får i oppgåve å skaffe midlar og velje ut materiale til sitteputene.
Komitéen består av Ivar Solbu, Ingebjørg Kaljord Svalebjørg og Tove Søndergaard. AU får fullmakt til å
sette putene i bestilling når det vurderer det som økonomisk forsvarlig.
Forslag til vedtak:
Møtebehandling:
Vedtak:
Soknerådet ber kyrkjeverja utarbeide ein framdriftsplan og forslag til finansiering, slik at menigheten kan få
benkeputer å sitte på i Sauherad kyrkje.
For Sauherad og Nes sokneråd
Trond M Haugen
Kyrkjeverge