SKOLEMATERIELL BRAND BAKGRUNNSINFORMASJON • RESYMÉ AV STYKKET • INTERVJU • UTDRAG FRÅ MANUS • ARBEIDSOPPGÅVER INNHALD HAMLET INTRODUKSJON Ein vegvisar inn i framsyninga | 3 Introduksjon til Ibsens liv og verk | 5 Handlinga i korte trekk | 7 Karakterane/rollene | 10 INTERVJU Sanningssøkjaren – ein samtale mellom regissør Kjetil Bang Hansen, skodespelar Svein Tindberg og dramaturg Carl Morten Amundsen | 13 ARBEIDSOPPGÅVER OG BAKGRUNNSINFORMASJON 1. Bakgrunnsinformasjon, nokre historiske glimt | 16 2. Ein introduksjon til oppgåvene | 21 OPPGÅVER KNYTTE TIL LÆREPLANAR I FAG 1. Norsk: Munnlege, skriftlege og samansette tekstar, Språk og kultur | 21 2. Drama/Teater: Teaterproduksjon, Teater i perspektiv | 25 3. Formgjeving: Scenografi og kostyme | 24 4. Psykologi: Sosialpsykologi, Kommunikasjon, Samfunnsfag: Individ og samfunn, Kultur | 26 5. Historie: Samfunn og menneske i tid, Historieforståing | 26 6. Religion og livssyn | 27 UTDRAG FRÅ MANUS: TEKSTVEDLEGG | 27 KJELDER | 59 2 INTRODUKSJON Ein vegvisar inn i framsyninga Brand har fått mange merkelappar opp gjennom dei siste hundre åra: heroisk, tragisk, komisk/satirisk, rein natur, idealistisk, fundamentalistisk, svak mann som vil vere sterk, og den amerikanske litteraturprofessoren og kritikaren Harold Bloom kallar han beint fram eit troll! Ein kan ikkje unngå å undre seg over kven som har rett, eller om nokon har rett i det heile teke. Forfattaren sjølv, Henrik Ibsen, skreiv i eit brev til den danske journalisten Peter Hansen 28. oktober 1870: «Brand er mig selv i mine bedste øjeblikke» Då blir ein kan hende endå meir nyfiken. For kva kan det då vere Brand står for? Kan den utsegna gi oss ei forståing av mannen og verket Brand? Ver velkomen til Det Norske Teatret, for å sjå kva du opplever og finn ut gjennom denne framsyninga, ver velkomen til å utforske gjennom tekst og oppgåver, om du ikkje kan møte oss her på huset. Oppføringane har vore mange og ulike, verda over sidan verket kom ut i 1866, sjølv om det frå Ibsen si side var tenkt som eit lesedrama og ikkje meint for scena. Slik gjekk det ikkje, som vi veit. Alt i 1928 ønskte Det Norske Teatret å setje opp Ibsen. Den gong vart dei 100 åra som hadde gått sidan Ibsen vart fødd, feira. Men ikkje før i 1948 vart Ibsen for første gong omsett til og spela på nynorsk. Brand vart første gong spela på Det Norske Teatret i 1973, ved teatrets 60 års jubileum, då teatret heldt til i Stortingsgata 16 i Oslo. Den gongen var det med Svein Erik Brodal som Brand, Liv Ullmann og Ragnhild Hilt alternerte i rolla som Agnes, og regien var ved Bjørn Endreson. Denne gongen er det regissør Kjetil Bang Hansen som har gjeve Brand scenisk liv saman med det kunstnarlege ensemblet, der hovudrolla Brand er spela av Svein Tindberg, Agnes av Agnes Kittelsen, og Mads Ousdal spelar målaren Einar. Kvar tid og kvar regissør har si tolking av eit drama. Somme seier at alt ligg i teksten, men teksten skal tolkast, og der ligg utfordringa og det spanande: Kva vel regissør og skodespelarar å legge vekt på no? Ser dei noko nytt? Kjenner vi 3 BRAND INTRODUKSJON oss att? Når det gjeld Brand, ville det ta meir enn 5 timar om ein skulle framføre heile teksten, så her er det og spørsmål om kva som er med og kva ein vel bort. Kjetil Bang Hansen har tatt sine val, ensemblet òg. Det er 40 år sidan det var «Brand-feber» på Det norske teatret. Fredag 16. februar 1973 var det førehandstinga 15000 billettar, noko som representerte 40 fulle hus! Aftenposten melde at det var «rene Bør-Børson stemning på teateret, og det er ikke vanlig at et stykke av Brands karakter skaper så stor interesse og forventning allerede før premieren». Det ligg vel i utsegna «et stykke av Brands karakter» at ein har visse forventningar til korleis Brand skal framstå. Og han framstår, i følgje denne kritikaren som «ingen from prest som teppet går opp for, men den skremmende refseren som ikke beveger seg på jorden, men oppe under skyene». I siste akt ser kritikaren det slik at «refseren roper desperat på sin frelser, han har ikke hatt bruk for ham før. Men i denne forestillingen får han ikke noe svar fra himmlenes deus caritatis. Barmhjertighetens gud tier!» 1 2015 er det ein ny samfunnssituasjon, ei anna verd enn for 40 år sidan. I denne rike og mangslungne teksten – og med teatret sine eigne kunstnarlege uttrykksformer til å framstille sider av menneskeleg eksistens og sameksistens, kven og kva møter oss? Svein Tindberg synest for sin del at det ville vere «temmeleg uinteressant om det kom inn ein mann på scena som frå første stund er nett så ufyseleg som alle i salen har forestilt seg på førehand». Så igjen: Kven og kva møter deg når du går gjennom denne portalen som fører deg inn i Ibsens univers, og kanskje vår eiga samtid? Vel møtt til undring, oppleving, refleksjon og diskusjon! Fagleg arbeid med tekst og/eller framsyning Det pedagogiske materiellet i dette heftet er meint som inspirasjon til arbeid med tekst og teater, innhald og form i mange perspektiv, fleire fag og emne. Vi har som før valt ein brei innfallsvinkel og peika på fleire fag og kompetansemål som vi ser kan finne samklang med Brand: norsk, drama og teaterfag, formgjeving med scenografi og kostyme, psykologi, samfunnsfag, historie. Så overlet vi til dei enkelte brukargruppene å finne den fordjupinga som for dei synest mest spanande, interessant eller utfordrande; anten innanfor eige fagfelt, eller sett i eit tverrfagleg perspektiv. Vi vonar du kan du finne område her som treffer ditt fag med noko som kan gi ein ekstra dimensjon inn mot bestemte faglege kompetansemål. I materiellet får de mellom anna oversikt over innhaldet i skodespelet, karakterar, ein artikkel der du møter Svein Tindberg og Kjetil Bang Hansen i samtale med dramaturg Carl Morten Amundsen. Ikkje alle har høve til å vitje oss her på teatret, men vi vonar likevel å kunne inspirere til refleksjon og arbeid med tema som er aktuelle i ulike faglege perspektiv. Vi høyrer gjerne frå brukarar av det pedagogiske materiellet, og tek med glede i mot kommentarar, innspel og eventuelle ønskje for seinare opplegg knytte til andre framsyningar. Vi vonar stoffet blir til glede og nytte! Med vennleg helsing Solhild Linge og Ylva Catodotter Fyllingsnes 4 BRAND INTRODUKSJON Introduksjon til Ibsens liv og verk Henrik Ibsen (1828–1906) er fødd og oppvaksen i Skien. Han flytta til Grimstad i 1844 for å byrje som apotekarlærling. Ibsen debuterte med Catilina, eit historisk drama, i 1850. Det dramatiske diktet Brand kom ut i 1866, og året etter kom Peer Gynt. Han reiste frå Norge i 1864 og busette seg først i Roma. Med det starta ein periode på heile 27 år i utlandet. I løpet av den tida budde han i Roma (1864–1868), Dresden (1868-1875), München (1875–1878), Roma (1878–1885) og München (1885–1891). Det var altså under det første Roma-opphaldet at han skreiv dei store idédramaa sine, Brand og Peer Gynt (1867). Nemninga idédrama har desse skodespela fått fordi dei nettopp tar for seg dei store spørsmåla og ideane om mennesket sin relasjon til tru og kjærleik, liv og død, det som gjeld livet vi lever, og korleis vi lever det. Begge skodespela vart ein suksess. Etter dette fikk han diktargasje av Stortinget, det hadde tidlegare ikkje blitt innvilga. Etter Peer Gynt skreiv Ibsen samtidsdrama. Dei blir rekna blant verdas mest sentrale scenelitteratur. Mange av skodespela hans blei til i Italia. Det er eit faktum at Henrik Ibsen er eitt av dei største namna i verdslitteraturen. Han blir rekna som det moderne dramaets far, det moderne realistiske dramaet. At han framleis er så viktig og populær, har både med tematikken, rollefigurane og det dramatekniske å gjere. Han var i sterk opposisjon til det overflatiske og løgnaktige i det borgarlege livet, noko vi møter i mange av skodespela hans. Han tok opp sentrale og til dels brennbare tema i samtida, tema vi her i Noreg, og mange 5 BRAND INTRODUKSJON BRAND andre land i verda kjenner att også i dag; til dømes kvinna si stilling i ekteskap og i samfunn, hykleri, maktmisbruk i næringsliv, politikk, kyrkje og media, tilhøvet mellom sant og usant, rett og urett, fridom og plikt, minoritet og majoritet, miljøvern versus økonomiske interesser, incest, og til og med dødshjelp .Ofte kjem det til ein konflikt mellom samfunnsmessige og eksistensielle spørsmål for ein eller fleire av rollefigurane i skodespela hans. Dette er tema som har hatt og framleis har ein sterk appell og gjer at stykka hans blir spela i stadig nye land. Ibsen var også reint dramateknisk ein dyktig og smart forfattar, mellom anna kjend for å nytte særs godt og naturleg den retrospektive teknikken i dramaturgien. Det vil seie ein teknikk der fortida kjem naturleg fram gjennom samtalar i stykka si notid. Desse fortidige handlingane er uløyseleg knytte til den notidige handlinga, påverkar denne i stor grad og driv den notidige handlinga framover. Henrik Ibsen presenterer problemet, intrigen, og gjev eit klårt bilete av konflikten som utspelar seg, men han tek ikkje sjølv stilling til det som skjer – eller kjem med løysinga. Det er vi som lesarar, eller som tilskodarar i teatret, som må finne svaret eller løyse gåta. « Jeg spørger kun, mit kald er ej at svare», sa han sjølv. Henrik Ibsen skreiv og lyrikk. Digte frå 1871 er den einaste diktsamlinga han gav ut. I 1891 kom han tilbake til Noreg og slo seg ned i Kristiania. Der budde han til han døydde i 1906. Bibliografi: • Catilina 1850 • Kjæmpehøien 1850 • Sancthansnatten 1852 • Fru Inger til Østeraad 1857 • Gildet på Solhoug 1856 • Olaf Liljekrans 1856 • Hærmændene på Helgeland 1858 • Paa Vidderne 1859 • I billedgalleriet 1859 • Terje Vigen 1861 • Kjærlighedens Komedie 1862 • Kongsemnerne 1863 • En bror i nød 1863 • Brand 1866 • Peer Gynt 1867 • De unges Forbund 1869 6 • • • • • • • • • • • • • • • Ballongbrev til en svensk dame 1870 Digte 1871 Kejser og galilæer 1873 Samfundets støtter 1877 Et dukkehjem 1879 Gengangere 1881 En folkefiende 1882 Vildanden 1884 Rosmersholm 1886 Fruen fra havet 1888 Hedda Gabler 1890 Bygmester Solness 1892 Lille Eyolf 1894 John Gabriel Borkman 1896 Når vi døde vågner 1899 INTRODUKSJON BRAND «Ver ikkje eitt i dag, i går, og noko anna om eit år. Ver fullt og heilt den mann du er og ikkje delt i all di ferd.» Handlinga i korte trekk Personane i Brand, gjengitt her etter Hundreårsutgåva av Ibsens samla verk, bind V. Brand, av Henrik Ibsen. Omsett til nynorsk av Edvard Hoem Omarbeiding Kjetil Bang-Hansen. Det Norske teatret, 3. januar 2015 PERSONENE I BRAND Brand. Hans Moder. Ejnar, en Maler. Agnes. Fogden. Doktoren. Provsten. Klokkeren. Skolemesteren. Gerd. En Bonde. Hans halvvoxne Søn. En anden Bonde. En Kvinde. En anden Kvinde. En Skriverkarl. Prester og Embedsmænd. Almue, Mænd, Kvinder og Børn. 7 Fristeren i Ødemarken. De usynliges Kor. En Røst. (Handlingen foregår i vor tid, dels i, dels omkring, en fjordbygd på vestkysten av Norge) DEI HANDLANDE: Brand Mor hans Einar Agnes Futen Dokteren Prosten Gerd Kvinna Koret INTRODUKSJON Kort resymé, av den reint ytre handlinga: Om presten Brand: Brand er ein ung prest med ein sterk kallstanke. Han meiner at dei kristne inngår for mange kompromiss, han sjølv krev at tru og liv må henge saman utan kompromiss. Viljen må vere ubøyeleg og sterk, og vere det som ber eit menneske opp og fram. Det er som ein gjenklang frå Catilina, der opningsreplikken er: «Jeg maa, jeg maa, saa byder mig en Stemme, i Sjælens Dyb, og jeg vil følge den.» Når skodespelet byrjar, er Brand på veg over fjellet og møter ein tidlegare skulekamerat, Einar, som er blitt målar, og jenta hans, Agnes, som han er trulova med. Dei er svært lykkelege, dansar og ler, tøyser og tullar, men Brand gjev uttrykk for at dei har ei for overflatisk haldning til livet. Han møter så ei galen taterjente, Gerd, som fortel at det er ein hauk som heile tida er etter henne oppe i fjellet, der ho held seg. Ho prøver å få Brand med seg til ei «iskyrkje» oppe i fjellet, men Brand vil ned til bygda ved fjorden, den gamle heimstaden sin. I bygda står det ikkje så godt til, det er svolt og dårlege tider. Dette ser Brand som Guds straffedom over bygdefolket, fordi dei ikkje er sterke nok i trua. I ein frykteleg storm er han den einaste som vågar å dra ut på fjorden i båt for å nå fram til ein døyande mann som sårt treng til skriftemål. Agnes og Einar er og komne ned til bygda og skal reise bort saman, men Agnes blir så sterkt gripen av Brand sin veremåte, hans mot og vilje til handling, at ho går frå Einar og fylgjer Brand i båten. Dei to gifter seg seinare og får ein son, Alf. Brand blir prest i heimbygda, han har ein konflikt med mor si som skriv seg frå barndomen, og når ho ligg for døden, nektar han å dra til henne og gi henne nattverd, dersom ho ikkje gir frå seg alt det jordiske ho eig. Mora nektar å gi frå seg alt, slik han krev, og ho døyr utan forsoning og utan at sonen er til stades. Vesleguten Alf blir sjuk, og doktoren meiner Alf vil døy om dei ikkje flyttar til ein stad med betre klima. Her er for kaldt og rått. Brand slit med dette, fordi han ser det som ei freisting til å gi opp kallet sitt. Han får Agnes til å gå med på at dei skal bli. Alf døyr, og etter å ha blitt pressa av Brand til å gi bort alle dei små kleda ho har etter vesle Alf, til ei fattig taterkvinne som og har eit barn som frys, døyr også Agnes. Brand har fått ein sterk posisjon hos bygdefolket, og han byggjer ei ny, storslagen kyrkje i bygda. Men den dagen kyrkja skal innviast, går det opp for han at det ikkje er her, i dette store, overdådige kyrkjebygget dei skal søkje Gud, så han får heile kyrkjelyden med seg opp i fjellet for å finne Gud der ute i det fri. Det blir uver og tåke, og folk blir redde, sinte og misser modet. Dei snur seg mot Brand, forlet han og finn vegen attende til bygda. Brand gir seg ikkje, han vandrar åleine vidare innover i fjellet for å søkje Gud. I eit syn, eller nærast i uvit, synest han å møte den døde Agnes, som ber han halde opp med dette ufråvikelege kravet sitt «inkje eller alt», men han står fast ved si overtyding – det er inkje eller alt som gjeld for han. Og han vandrar vidare på leiting for å finne si kyrkje og møte sin Gud der ute. Så møter han på nytt der oppe i fjellet den galne taterjenta Gerd, som trur Brand er sjølvaste Kristus . Gerd går rundt med gevær, fordi ho vil skyte hauken som ho meiner trugar henne. Ho seier ho ser han, skyt eit skot mot der ho meiner han sit. Skotet løyser ut eit stort snøskred som velter over dei begge. 8 BRAND INTRODUKSJON Og ei røyst høyrest, som seier: Han er Deus Caritatis / Han er kjærleikens gud. Den første utforminga av Brand var som eit dikt i episk / forteljande form. Det var til å byrje med knytt til ei storpolitisk hending, den dansk-tyske krigen om Slesvig–Holstein. Ibsen var rasande over at Noreg ikkje støtta danskane. Frå denne tida skreiv han og diktet « En Broder i Nød». Framferda til dei tyske soldatane, som han observerte på ei reise gjennom Berlin på veg til Italia, tente elden i han og han skreiv seinare i eit brev til Peter Hansen at då «begyndte Brand at vokse som et Foster indeni mig». Ibsen arbeidde intenst med diktet fram mot sommaren 1865, blei ikkje nøgd og la stoffet til side, men det ville ikkje sleppe taket i han. Han endra det frå å ha ein politisk undertone, til å få ein religiøs overtone. Og det blei til drama. I eit brev til Bjørnstjerne Bjørnson 12. september 1865, skildrar Ibsen prosessen med dramaet og korleis inspirasjonen og arbeidet endeleg losna for han, slik : «Saa gik jeg en Dag i Peterskirken – jeg var et Erinde i Rom – og der gik det med engang op for mig en stærk og klar Form for hvad jeg havde at sige. – Nu har jeg kastet overbord hvad jeg i et Aar har pint mig med uden at komme nogen Vej, og i Midten af Juli begyndte jeg paa noget nyt, der gik frem saaledes, som endnu aldrig noget er gaaet frem for mig. Nyt er det i den Forstand at jeg da begynte at skrive, men Stoffet og Stemningen har hvilet som en Mare over mig ligesiden de mange uhyggelige Begivenheder hjemme bragte mig til at se ind i mig selv og vort Liv der, og tænke over Ting, som før havde strøget mig løseligt forbi og som jeg ialfald ikke havde havt noget Alvor for. Det er et dramatisk Digt, Stof fra Nutiden, alvorligt Indhold, 5 Akter paa rimede Vers (ikke nogen «Kjærlighedens Komedie»). 4de Akt er nu snart færdig og 5te føler jeg at jeg kan skrive paa 8 Dage; jeg arbejder baade Formiddag og Eftermiddag hvilket jeg før aldrig har kunnet. Herude er velsignet fredeligt, ingen Bekjendtskaber, jeg læser ikke andet end Bibelen, – den er kraftig og stærk!» Heile dramaet blei så fullført på litt over fire månader. Siste akt var ferdig i midten av oktober 1865 og Ibsen sende siste rest av det reinskrivne manuset til den nye forleggjaren sin, Frederik Hegel i København, i midten av november. Brand kom ut 16. mars 1866 i København. Førsteopplaget var på 1275 eksemplar. Før utgangen av året, var boka trykt i ikkje mindre enn tre nye opplag. 9 BRAND INTRODUKSJON BRAND Karakterane Brand Svein Tindberg Mora Britt Langlie Agnes Agnes Kittelsen Einar Mads Ousdal Futen Jon Bleiklie Devik Prosten Per Schaanning Doktoren Paul-Ottar Haga Kvinna Ingunn Beate Øyen Taterkvinna Iren Reppen Korleiar Svein Roger Karlsen 1. korist Espen Løvås 2. korist Øyvin Berven 3. korist Morten Svartveit 4. korist Grethe Ryen 5. korist Hilde Olausson Ingvild Holthe Bygdnes Språk: Nynorsk med eigen klangbotn Regissør Kjetil Bang-Hansen Scenograf og kostymedesignar John-Kristian Alsaker Lysdesignar Torkel Skjærven Komponist Håkon Berge Lyddesignar Jostein Reistad Dramaturg Carl Morten Amundsen Inspisient Per Berg-Nilsen Sufflør Sissel Lillo-Stenberg Rekvisitør Helge Fykse Scenemeister Stian Næss Lysmeister Rune Aspeggen Maskør Marit Framstad Videoteknikar Raymond Stubberud Kostymekoordinator Line Antonsen 10 INTRODUKSJON På leiting i ordet Slik undrast og spør vi i modlause stunder. Men hugse det bør vi: Eit ord er eit under. Det er diktaren Tor Jonsson som undrast etter å ha slått fast at det lite nyttar å skape venleik i verda, « …når Ordet lyt tapa/for svolten og sverda.» Det var nok nærlesinga av ulike tekstar, både med religiøse og andre eksistensielle tema, som førte skodespelaren Svein Tindberg og instruktøren Ketil Bang Hansen saman til eit årelangt samarbeid og vennskap på og utafor scenen. Dei har begge uttrykt ei redsle for at teatret skal bevege seg bort frå ordet, og har saman leita etter stoff i det overskridande framhaldet av ordet, det kunstnarlege kraftfeltet rundt ordet, søkt mot det religiøse og det mystiske om ein vil. Tre produksjonar på Det Norske Teatret i 1990-åra er den eine enden av ein raud tråd og seinare har det nøsta på seg. Det begynte med Ordet, det mest kjende stykket til den danske presten og dramatikaren og motstandsmannen Kaj Munk, som vart myrda av tyskarane i 1944. Munk var ein av dei mest omtalte, diskuterte og spelte dramatikarane i Skandinavia på 1930 og 40-talet. Ikkje mindre enn sju av stykka hans vart sette opp på Det Norske Teatret i denne perioden, mirakelstykket Ordet var det første, i 1933. Den same sesongen raste diskusjonen om Marc Connellys Guds grøne enger på Nationaltheatret, der Gud vart framstilt som ein farga person, og Arnulf Øverland heldt sitt kjende føredrag «Kristendommen – den tiende landeplage» i Studentersamfunnet, der Gud vart utstyrt med både tarmkanal og kjønnsorgan. 11 BRAND INTRODUKSJON Ordet handlar om trua på underet. Johannes, den eine sonen til den Grundtvigianske storbonden Morten Borgen, er galen og trur han er Jesus. I slutten av stykket kan det likevel sjå ut som han gjer eit under, han vekker opp kona til den eldste bror sin og dei religiøse motsetningane i stykket blir forsona med denne sterke hendinga. I Kjetil Bang Hansens regi av stykket i 1991, spelte Svein Tindberg Johannes, sliten mellom tvil og tru, men med overtyding nok til å be om eit mirakel. Svein Tindberg refererer gjerne ei historie etter Kaj Munk om korleis stykket vart til. Han hadde forretta ei gravferd over kona til ein nær venn, snakka direkte til han om trøysta i Gud og at han fekk møta henne att i himmelen. Men han merka at det gjorde lite inntrykk. «Det er kroppen hennar eg lengtar etter», sa vennen, «Da gjekk eg heim og skreiv Ordet», sa Munk. Liknande tema som i Ordet tar den franske mystikaren Paul Claudel opp i det kjende stykket Bodskapen til Maria, omsett av Halldis Moren Vesaas. Da stykket vart sett opp på Scene 2 i 1993, spelte Svein Tindberg den spedalske kyrkjebyggaren Pierre de Craon, som blir brukt i ein strid mellom to systrer, den audmjuke Violaine og den meir driftsstyrte Mara. Stykket endar også her med eit under, barnet til Mara blir vekt til live ved det spedalske brystet til systera. I 1995 bestemte så dei to teatervennene seg for å gå rett på sak, det vil seia til sjølve grunnteksten utan rammeforteljing og episke omvegar. Dette vart opptakten til ein av dei mest særeigne produksjonar i nyare norsk teaterhistorie, nemleg monologen Evangeliet etter Markus. Det begynte med eit spørsmål om å få gjera tre matinear med det uavkorta evangeliet, det enda med billettkøar rundt kvartalet, flytting til Victoria Teater på Karl Johan, gjestespel landet rundt, meir enn 230 framsyningar for rundt 76 000 tilskodarar. Ikkje eit ord vart stroke ikkje eit ord lagt til, det var Markus Evangeliet slik ein kan lesa det i Bibelen, det var nok av dei som sat med boka på fanget for å sjekka at det ikkje vart juksa. Eg hadde sjølv glede av å ta imot ein telefon frå ein kollega på Dramaten i Stockholm som bad om manus til stykket. Eit høve til å hovere over svenskar lar ein ikkje gå frå seg, så eg spurde om ikkje Sveriges kongelege hovudscene hadde ein Bibel ståande ein stad. »Det var ein mann og ein tekst og eit mørkt rom. Ordet blei kjøt og tok bustad på Scene 2. Og kritikarane kjende det som dei hadde vore vitne til eit mirakel», skriv Alfred Fidjestøl i teaterhistoria Trass alt. Han refererer vidare til idehistorikaren Eivind Tjønneland som omtalte den generelle nyorienteringa mot religion i 1990-åra som …» ein lemmenmarsj mot Gud». Dette var ein marsj som Det Norske Teatret hadde stor glede av i fleire sesongar etterpå, siste framsyninga vart spelt i Jerusalem. Ved tusenårsskiftet gjorde så parhestane den naturlege oppfølgjaren, som det heiter i serieverda, Apostlenes gjerninger, eit utval av historiene stila som brev til Teofilus om korleis kristendomen breidde seg i tida etter Jesu himmelfart. Forma på stykket var også denne gongen forteljeteater, spelt i ein sjølvstendig produksjon på Filmteatret, den gamle scenen til DNT, i repertoar med filmen Stage Story, også denne turnerte, til saman 76 000 tilskodarar og siste framsyning på øya Samos i Egeerhavet arrangert av eit reiseselskap i apostelen Paulus sine fotspor. 9. september 2011 stod Svein Tindberg igjen åleine på scenen i eit sjølvskrive brubyggingsprosjekt, ei Oskeladdvandring i dei tre verdsreligionane som alle har Abraham som stamfar, ei blanding av personlege aha-opplevingar, pilegrimsreiser 12 BRAND INTERVJU BRAND og skriftstader, Abrahams barn. Først ville ein prøve seg fram med 10 framsyningar på vår minste scene, det enda med fulle hus på Hovudscenen, strålande kritikkar, Heddapris, 86 329 tilskodarar, 242 framsyningar, dei siste for den norske turistkolonien på den tradisjonstyngde spanske solkysten. Og no har dei to herrane gjeve seg i kast med Ibsens Brand, denne uutgrundelege og motsetningsfylte trusberserken som har blitt utsett for så mange og heilt ulike tolkingar sidan dette lesestykket kom ut i 1866. Og da er det vel like greitt å la hovudrolle og regissør få direkte tilgang til ordet: Det byrja med ordet Kjetil Bang-Hansen og Svein Tindberg snakkar om samarbeidet dei har hatt sidan Ordet av Kaj Munk i 1991. Av Carl Morten Amundsen – Vi har vel følt at ordet har fått mindre plass i teatret, og vi har kjent eit ansvar for ordet, seier regissøren. Og så har vi vore opptatt av erkjenningsdramaet eller tankedramaet. Vi har søkt noko som har rørt oss personleg. – Eg har alltid hatt kjensla av at kunsten og religionen handlar om den same lengten, jakta på ein djupare meininga og samanhengen, tilføyer Tindberg. Kanskje er det noko brandsk i det, ein lengt etter reinheit, etter heilskap. Eg og du har nokre gongar valt å gå saman ut på ei lita øy og undersøke noko vi lurer på. Der orda sluttar, der byrjar teatret. – Vi er jo ekstremt forskjellige, men vi har hatt ei felles interesse for det som ligg på sida av det materielle, på sida av det politiske. Vi har hatt behov for å nærme oss det uforklarlege, det som har med draumar å gjere, det metafysiske eller andelege om du vil. Abrahams barn er kanskje noko anna, meir ei oppdaging av verda, utdjupar Bang-Hansen. Og så har dette med vennskap og tillit å gjere. – Aasmund Olavsson Vinje meinte at Brand var ein komisk figur, han meinte at han umogleg kunne vere alvorleg meint: «Alt skal vere heilt. Det er fælt» Kva tenkjer de om Vinje? – For oss er det litt rart, seier Bang-Hansen. Men Vinje leverer jo eit førsteinntrykk. Han må ha vore blant dei aller første som las verket, og han har sjølvsagt ikkje med seg i lesinga all den ballasta vi har 150 år seinare, etter at stykket har vore med på å forme norsk sjølvmevit og norsk historie. Vi har vanskeleg for å sjå han som ein parodisk fyr. Men det er klart at det går an å spele han slik, dra han så langt ut i vanvit at det ver komisk. Men det er eit dikt dette, og som kjent tenkte ikkje Ibsen heller at det skulle oppførast, og det kom opp på scenen nesten førti år (1904) etter at det blei gjeve ut (1866). Vi ser han som ein overgang til Peer Gynt. Dei to stykka liknar mykje meir på kvarandre enn ein trur. Og dei to hovudpersonane har mykje til felles. Brand vil bli gud og Peer Gynt keisar. Det er same slags hybris. Samtalen kjem inn på den norske oppsetjingstradisjonen. Den aller første Brand var Egil Eide, Nationaltheatrets skodespelar med tilnamnet Kongen. Han var den malmfulle høvdingen, eit heroisk stykke granitt med ei røyst større enn 13 INTERVJU BRAND livet. Han spelte rolla i alle Nationaltheatret sine oppsetjingar fram til 2. verdskrig. Men sjølv om han nok var heroisk og deklamatorisk, så leita også Egil Eide etter det menneskelege ved Brand., og det er vel felles for mange av dei som har hatt rolla. Svein Tindberg synst ikkje det er vanskeleg å forstå kvifor: – Eg for min del, ville syntest det var temmeleg uinteressant om det kom inn ein mann på scenen som frå første stund er nett så ufyseleg som alle i salen har førestilt seg på forhand og som så ikkje endrar seg i det heile. Og det ville vore komplett uinteressant for meg som skodespelar og spilt noko slikt. Det er ikkje min jobb å vise korleis det går. Det skal stykket gjere, og det skal Kjetil gjere, Min jobb går ut på å vise fram Brands prosjekt. Eg veit at mange har ei oppfatning om Brand basert på det dei veit skal skje i stykket, at Alf døyr og at Agnes døyr og at alt endar i galskap på fjellet. Men ein må finne fram til alt det som kompliserer bildet, ikkje forenklar det. Set ein seg ned og les Brand, så finn du fort mange vakre trekk ved idealismen hans. Vi er på jakt etter eit menneske i utvikling, og der resultatet blir annleis enn det som var tanken. Vi lever i ei tid og i eit land der førstesidene på avisene våre har vore vigd til Farmen-Martha og Farmen-Olav Harald. Det at eit menneske då reiser seg og vel å gå ein annan veg, det synest eg er sympatisk. Brand-figuren har fått mange merkelappar opp gjennom dei siste 150 åra: heroisk, tragisk, komisk/satirisk, rein natur, idealistisk, fundamentalistisk, svak mann som vil vere sterk, og Harold Bloom kallar ham eit troll. Svein Tindberg blir engasjert. – Må han vere ein ting då? Oppgåva vår er jo å gjere det samansett. Men alle desse ulike merkelappane seier noko om rikdomen i stoffet. – Vi vel å lese Brand ut frå vår tid samstundes som vi freistar å vise respekt for den tida stykket er skrive og for det diktaren har villa. Kjetil Bang-Hansen held fram. – Det er eit dobbeltperspektiv. Det er klart at det er vanskeleg ikkje å få assosiasjonar til fundamentalistisk religionsutøving når ein arbeider med Brand, og ein kan også spele han slik. Eg synest det er meir fruktbart heller å sjå stykket som ein klassisk tragedie, som rørsle, ei boge. I utgangspunktet har hovudpersonen ein lengt, ein draum om noko og freistar å forfølgje den, og eg blir meir og meir opptatt av Brand som ei erkjenningsreise. Men noko av det vanskelege ved Brand er jo nettopp det at han tilsynelatande er så ferdig, at han alt i starten er låst. Men det finst ein innebygd dialektikk: Han vil så intenst, han vil bryte veg, han vil drøyme og følgje draumen. Samstundes skal han sjå andre, ta ansvar, skape fellesskap. Konflikten i Brand ligg jo nett her. Alle kan jo kjenne seg igjen i ønsket om å vere konsekvent, vere heil i livet, men samstundes lever vi i ein røyndom der det også må vere plass til andre. Det er her Brand sviktar. – Kva er det Brand vil? Svein: Det er akkurat det! For det endrar seg. Det er ikkje ein ting. Brand på side 1 og Brand på side 30 er to ulike menneske. Først skal han ut i den store verda for å forkynne sitt gudssyn, men så går det ikkje mange sidene før han slår fast at vegen går innover. Han har vilje til soning, til offer, til skyld. Det er kanskje ikkje populære tema i vår tid. Brand lengtar etter det oprinnelege, eit fundament, ja ein kan seie at han vil vere fundamentalist i den forstand at det handlar om å finne fram til Guds meining. Og det er jo i utgangspunktet ein god tanke. Men det kan jo også gå så frykteleg gale. – Er Brand i det heile ein kristen? 14 INTERVJU BRAND – Ja, det kan ein godt spørje om, svarar Kjetil Bang-Hansen.. Jesus blir utruleg lite omtalt. Brand vil vere Gud, ikkje Jesus. Elles er dette med viljen òg eit stort paradoks. For det er jo denne viljen som feller Brand. Han er i det heile ein spennande psykologisk rollefigur. Ta relasjonen til Gerd til dømes. Gerd er på same tid både speglinga av Brand og demonen hans. Dei kunne på eit vis vore søsken. Begge er dei farlause, begge har dei ein sterk lengt etter kjærleik. Det er som om Gerd kjem over frå Peer Gynt ein tur. Ho er n jo eit slags troll, ei naturkraft, og ho er også opprøret hans, isolasjonen hans. Brand er i sin tørst etter kjærleik nærast eit dyr. Her og i Peer Gynt er vi langt unna det realistiske teatret . På denne tida ville Ibsen skrive som Goethe, og i Peer Gynt har Ibsen fullt og fullt tatt rolla som eventyrforteljar. Men vi har nettopp fordi Gerd er slik ein Peer Gynt-figur og kome på sporet av andre karakterar i Brand. Futen til dømes. Kanskje han òg kjem frå det same riket? For Futen høyrer jo òg heime i undermedvitet til Brand, og Einar. Det er ikkje tilfeldig at han dukkar opp igjen nett der Brand står på vippen. Sjå på Einar! Sjå korleis du kjem til å bli! Men det er klart, det er vanskeleg dette å skilje mellom det «realistiske» og det meir mytiske og undermedvetne. – Ja, for Brand er ikkje berre ein ting, det er ikkje berre realisme, eller draumspel eller religiøst idédrama, eller ei forteljing om fanatisme. Det er til dømes også masse psykologi. Eg trur ikkje eg har vore borti ei rolle med så mykje psykologisk «mat» for meg som skodespelar. Alle bilda frå oppveksten hans, all einsemda, all kjærleikslengten. Det er ei stor fagleg utfordring desse orda, dei er skrivne med sånt meisterskap. Frykteleg vanskeleg er det, og det er som Ibsen dansar på årene. Når det innimellom lukkast, kjenner ein ei intens lukke, avsluttar Svein Tindberg. 15 HISTORISKE GLIMT Nokre historiske glimt frå mottakinga av Brand Når vi skal få eit perspektiv på kor mangslunge verket er, ser vi det sjølvsagt frå vår eiga tid, men det og interessant, og morosamt, å sjå på kva meldarane meinte om verket i Ibsen si samtid. Her er nokre få døme, med meldingane i utdrag. Vinje startar med litt av ei kraftsalve, og nyttar samstundes høvet til eit lite sleivspark til Bjørnstjerne Bjørnson, Paul Botten-Hansen kjenner korkje lyst eller evne til tyding, men han gjer si plikt, og den danske litteraturkritikaren Georg Brandes ser det storslegne i verket, men peikar samstundes på kva helten manglar for å vere eit sant ideal. «Det var som Skjemt eg tok det; ellers havde eg slengt Brand’en lukt i Elden. Skulde det derimot vera meint i Aalvor, vilde det likefram vera criminelt.» Anmelder: Aasmund Olavsson Vinje Avis: Dølen Utgivelsessted: Kristiania, Norge Publiseringsdato: 8. april 1866 «Eg verdt sjeldan kjeid under Lesnaden af hans Dramaer. Derimot er det eit Pligtarbeid at lesa Bjørnsons. Det maa til, men det gjeng traadt. Den blanke Kniven med den kvasse Odden til Ibsen leikar meir i Hugen min en Smørsmilen til Bjørnson.» Her i Brand overgjeng Ibsen seg sjølv i si Maalkunst. Det er eit spraaklegt og satirisk Meistarverk som nærast kann samanliknas med «the Dunciade of Pope» (Daarediktet). Eg kjenner ikki nokot annat Sidestykke til det af det Slag i nokon annan Literatur. Det er beiskt og bitande og vittigt og poetisk. For rett at njota det glimrande i Brand maa eg derfor taka honom skjemtefullt. Han er for ravende galen, maa vita, til at vera aalvorsam. Alt i første Akt verdt dette klart, daa han Side 28 segjer: Einar. «Og nu skal Slægten skabes om? Brand. Det skal den, du, saa sandt og visst. Jeg ved at jeg til Verden kom, Som Læge for dens Sot og Brist!» Dette maa vera eit Skjemt over unge Folk, som tru at dei kunna omskapa Livet; for den Mannen, som trur slikt er likefram galen. Og det kann vel ingen falla paa at koma med Christus som Prov herimot. Det siter mangein paa Daarehuset, netup fordi han trudde slikt om seg. Det var som Skjemt eg tok det; ellers havde eg slengt Brand’en lukt i Elden. Som Satire over Vilskap i Smak er derimot Diktet stort og gripande. Daa verdt der Samanheng og Styrke i det at han drep si Kone; for det gjerer han om just ikki likefram med Kniven; daa verdt der Meining i det at han kastar Nyklarne til den Kyrkja han sjølv har bygt i Elvi; daa kjem der Meining i hans Taler til Soknefolket 16 BRAND HISTORISKE GLIMT og Futen og andre; daa kjem der Tanke i hans Strid mot «Humanitet» og i Byttingen Gerd, som flyg ikring og skrik som ei Kattugle; daa verdt hans siste Stund i Fjellet og Snjoskrida stor; daa verdt denne Fanatikeren, denne Villstyringen, dette Abstractum, denne «heile» Mannen ein makalaus Spott over Tidens romantiske Smak, over det, som Engelskmanden kallar Sensations-Noveller. Skulde det derimot vera meint i Aalvor, vilde det likefram vera criminelt. Og naar vi sjaa all denne Styggedomen i dette Ljos, so kunna vi med den reinaste Gleden njota Agnes, denne menneskelege Kona til denne Skuggen, denne Møkkurkalven, dette «Abstractet», dette «Begrebet», som tvilar og den Daaren, naar det rett gjelder paa, so han just ingen Mann er til at omskapa Livet; men denne Tvil maa hava ei satirisk Meining og liksom setja den Lesaren paa rett Leid, som kunde taka Mannen aalvorsam. Han er altso til Slutt «halv» han og. TUNGT I TANKEN OG FYLDIGT I FORMEN Anmelder: Paul Botten-Hansen Avis: Illustreret Nyhedsblad Utgivelsessted: Kristiania, Norge Publiseringsdato: 1. april 1866 Brand. Et dramatisk Digt af Henrik Ibsen. Kbh. 1866. 271 S. Gyldendalske Boghandel. Priis 99 ß. Tonen her er ein annan enn hos Vinje, han ser ikkje mykje skjemt i dette verket, men ser det som ei plikt å skrive om det. «Dette Digt, som vor Landsmand Ibsen har forfattet i Rom, hvor han fremdeles opholder sig, hører blandt det Slags Digtninger, der snarere friste til Forsøg paa at tyde Digterens Plan og Øiemed end til at levere nogen Kritik over selve Værket. Naar vi alligevel uden at føle Lyst eller Evner til hint Slags Tydning, ikke kunne forholde os ganske tause, er vor Hensigt nærmest at gjøre vore Læsere opmærksomme paa dette mærkelige Digt og at bibringe et Begreb om dets Retning, for at de selv skulle gjøre sig bekjendt med samme i dets Helhed. – «Brand» – » Interessant er det likevel å sjå kva han tenkjer om det at Brand vert teken av snøskredet, og den soningstanken han ser her. Og er det noko vi kjenner att frå Ibsen si seinare diktning, at det ikkje går så bra med den som svik sin reine og eigentlege kjærleik? «I halv Vanvid, i halv prophetisk Seen styrter han frem og begraves under en Lavine, kun i Nærværelse af Gerd, et dæmonisk, vanvittigt Væsen, der feirer sin Gudstjeneste i Bræens Iiskirke. At Gerd er et Fortvivlelsens Barn af den Huusmandsgut, som Brand’s Moder ved sin Ungdomskjærlighed tilhørte, men som hun af Familiehensyn og Egennytte forskjød, er ingen Tilfældighed, men et forklarende Moment i den tragiske Skjæbne, hvorfor Brand bukker under, idet han saaledes udsoner den Skyld, som hviler over Slægten for hvad den har forbrudt. – Af disse korte Antydninger ville vore Læsere erholde et, ihvorvel ufuldstændigt Begreb om Gangen i Ibsens Digtning. At dvæle ved dens Enkeltheder, tillader hverken Tiden eller Rummet os idag; senere haabe vi dog at kunne gjøre dette. Indtil da maa det kun være os tilladt at udtale den Dom, at Digtet – tungt i Tanken 17 BRAND HISTORISKE GLIMT og fyldigt i Formen – i sin Helhed gjør et mægtigt Indtryk, at det selv med sine Misgreb – og disse ere tildeels af den Beskaffenhed, at enhver kritisk Stymper kan pege paa dem – viser den sande Digter, – en rig og selvstændig Aand, hvis Villiekraft ikke har kunnet stækkes selv ved de haarde Kaar, hvorunder han nu lever og digter.» «Hvad vil en Digter med disse Kræfter ikke kunne frembringe, naar han heelt og fuldt er bleven Herre over sig selv!» Anmelder: Georg Brandes Avis: Dagbladet Utgivelsessted: København, Danmark Publiseringsdato: 23.mai 1866 «Af den norske Digter Henrik Ibsen, hvis udmærkede Drama «Kongs-Æmnerne» langt fra har gjort sin Forfatter saa navnkundig, som han fortjente at være det, er paa den Gyldendalske Boghandels Forlag udkommet «Brand, et Dramatisk Digt». Denne Bog vil ikke lade noen Læser kold; ethvert modtageligt og ukløvet Sind fornemmer, naar Læsningen er endt, et rystende, ja overvældende Indtryk af at have staaet Ansigt til Ansigt med en stærk og indigneret Genius, for hvis gjennemskuende Blik Svagheden tvinges til at slaae sit Øie ned; og hvad der gjør Indtrykket mindre reent, nemlig at denne overlegne Mand ikke i lige Grad 18 BRAND HISTORISKE GLIMT er gjennemsigtig for den Læser, i hvis Øre dens Opraab runger, det gjør det til Gjengjæld kun saa meget mer betagende.» «Hos Ibsen raader den bittre Indignation, hvis tunge Vaaben ikke tillade nogen Fjernkamp, men som gaaer Samtiden ind paa Livet uden Naade. Vanskeligheden her er ikke den, at Poesien har en polemisk Karakter. Det havde den allerede, da den i sin Tid forfægtede sin egen Sag mod en Spidsborgerverdens Prosa; men Ulykken er den, at Poesien nutildage kjæmper i det Religieuses Tjeneste, og tidt som f. Ex. hos denne Digter saa hensynsløst og udelukkende, at den træder fjendlig op mod det hele Fantasiliv, hvis forklarede Billede Poesien er. Men denne Selvmodsigelse kan Digtekunsten ikke rumme. Der indtræder den Krise, som de Nulevende føle, som hverken kunde eller skulde undgaaes, da den ligger i Udviklingens Medfør, men under hvilken mangt et poetisk Geni vil spredes i store, ud fra hinanden faldende Digterevner og under hvilken mangt et Digterværk vil opløse sig i poetiske Elementer, som først i Fremtiden vor egen eller den næste Slægt vil kunne magte og forme til en Poesi af høiere Natur end det foregaaende Tidsrums. Det betydelige Værk vil under saadanne Omstændigheder naturligst og nærmest fremkalde et Beundringsudbrud som dette: «Hvad vil en Digter med disse Kræfter ikke kunne frembringe, naar han heelt og fuldt er bleven Herre over sig selv!» og et saadant udbrud vil sikkert ogsaa hilse det nye norske Digterværk.» I litterære tekstar, og sceniske framføringar, spør vi oss ofte kva motivet for handlingane er. Det gjer også Brandes i høve til Brand som person og «Digtet» som Brandes kallar det. «Hvad mangler da Helten i at være et sandt Ideal? Berettigelse; thi hvor Digteren har villet fremkalde Indtrykket af den, der oprøres for det Meste Læseren. Og hvorledes hedder saa denne Mangel i Æsthetikens Sprog? Der kaldes den Mangel paa Motivering; thi at motivere er æsthetisk at berettige. Det Umotiverende i en Handling, Mangelen på Plan, paa Hensigt og Formaal kan selv være motiveret ved den Handlendes Sindstilstand, og saaledes er det tildeels, hvor Brand i sidste Akt vandrer ud i Landet med den hele Folkeskare efter sig; men langt hyppigere føles den i Digtet som en Ufuldkommenhed.» Paul Botten-Hansen hadde sitt syn på kvifor Brand hamna i iskyrkja, eller skredet. Brandes er noko meir prosaisk: «Det Udviklede maa nu paa ingen Maade forstaaes, som om det Umotiverede i Digtet kom reent uforaarsaget: Det Allermeste har sin dybere Aarsag, sin Hensigtsaarsag i, hvad Grundtanken netop paa dette Punkt kræver og fordrer, og det er da kun den nærmere og faktiske Motivering, som mangler, saaledes ved alt det, der enten kan eller maa forstaaes symbolsk, f. Ex. Ombyggelsen af Kirken. Symboliken er vel heelt igjennem mere dyb end klar, men et saadant Træk, som at Brand til Slutningen havner i Naturens vilde Iiskirke (i hvilken Enhver, der forlader de bestaaende Aandskirker, staaer i saa stor en Fare for at ende), et saa mesterligt Udtryk for en dybsindig Tanke forsoner med megen Uklarhed.» 19 BRAND HISTORISKE GLIMT Førsteoppføring i Noreg Laura Gundersens Aftenunderholdning i Studentersamfundets Theater Fjerde akt av Brand blei framført 14. mai 1867 på Studentersamfundets Theater i Kristiania med Laura Gundersen som Agnes og mannen hennar, Sigvard Gundersen, som Brand. Ho stod for « aftenunderholdning» der. Trass i at Brand var skrive som lesedrama, blei fjerde akt tidleg eit populært scenestykke. J.B. Halvorsen opplyser at fjerde akt blei framført i 1866 «ved nogle private Aftenunderholdninger» i Kristiania «og senere med Aars Mellemrum ved et par Beneficeforestillinger paa Kristiania Theater, altid nærmest for at give Fru Laura Gundersen Lejlighed til at optræde i Agnes’ Rolle». Men aller først framførde ho og andre fjerde akt i Studentersamfundets Theater: Framføringa 14.mai 1867 var del 5 på programposten, som i sin heilskap såg slik ut: Kvartet for Strygeinstrumenter (C-moll) af Rubenstein […] 20 1. I Nøddeskogen, Fortællinger af Bjørnsons Arne, fortælles af Laura Gundersen. 2. En lystig Gesel af Meltzers Smaabilleder fortælles af Hr. Johannes Brun. 3. Andante spinato e Polonaise brilliante af Chopin, udføres af Frk. Erikka Lie. 4. Fjerde Handling af Henr. Ibsens Brand udføres af en Del af Kristiania Theaters Skuespillerpersonale. BRAND ARBEIDSOPPGÅVER Ein introduksjon til oppgåvene Arbeidsoppgåver og tekstutdrag Oppgåvene kan brukast som forarbeid og etterarbeid. Oppgåvene kan vere aktuelle uansett fag og kompetansemål, gjerne på tvers av fag og fagområde, du kan gjere fleire eller nokre få utvalde. Ofte er det kjekt å bli kjend med nokre av rollefigurane før ein ser framsyninga, og få ei aning om moglege konfliktar og relasjonar mellom dei – utan å lese heile stykket eller lange utdrag frå stykket på førehand. Du kan prøve deg på å lage utkast til eigne idear om iscenesetjing. I etterarbeidet er det ofte diskusjons- og refleksjonsoppgaver som høver etter ein har sett oppsetjinga, eller sett seg inn i stykket på annan måte. Men diskusjonar og refleksjonar kan og vere ein god inspirasjon før ein ser ei framsyning. Vi har valt ut nokre fag, men ikkje fagområde og kompetansemål, det reknar vi med kvar enkelt lærar og elevane finn ut av sjølve. Arbeidsoppgåver i eit norskfagleg perspektiv Norskfaget lever i spenningsfeltet mellom det historiske og det samtidige, det nasjonale og det globale. Tekstar kan få ny og uventa tyding når perspektiv blir utvida. Kulturarven er slik sett ein levende tradisjon som blir forandra og skapt på nytt, og norskfaget skal oppmuntre elevane til å bli aktive bidragsytarar i denne prosessen. ( Frå læreplanen) 21 1. Studer tekstutdraga frå Brand a) Diskuter temaet / kva tekstane handlar om. b) Lag ei dramatisering av eitt eller fleire tekstutdrag. c) Sjå på spørsmåla til dei enkelte tekstutdraga, og diskuter dei d) Bruk dramateknikkar som er foreslått til dei enkelte tekstutdraga 2. Kva for ytre og indre konfliktar finn du i personen Brand? I kva grad kan slike konfliktar vere til stades også i dag, men kanskje frå andre perspektiv i vår samtid? I kva grad kan teksten spegle uro i dagens samfunn? 3. Kva var det som gjorde at Ibsen vart kalla det moderne dramaets far? Kan du finne anslag til dette i Brand? 4. Kva synest du dei tre omtalane / kritikkane av Brand legg vekt på? I kva grad fortel det også noko om kritikaren gjennom vurderinga av teksten? 5. Dersom du kjenner andre skodespel av Ibsen, er det trekk ved rollefigurane i Brand du kjenner att i andre roller og andre skodespel? 6. Korleis er sceniske verkemiddel med på å underbyggje temaet (kostyme, rekvisittar, sminke, verbalspråk og kroppsspråk)? Prøv deg fram gjennom dramatisering. 7. Regissøren Kjetil Bang Hansen har omtala Brand og Peer Gynt som portalar inn til Ibsens dikting – i kva grad er du einig i det? 8. Skriv ei teatermelding av framsyninga. BRAND ARBEIDSOPPGÅVER 22 BRAND ARBEIDSOPPGÅVER Arbeidsoppgåver i eit scenografi- og designperspektiv Scenografi og kostyme blir nytta på ulike måtar i arrangement og oppsetjingar. Kunnskap om korleis scenografi og kostyme kommuniserer visuelt, er ein sentral del av den kulturelle kompetansen. (Frå læreplanen) 1. Studer bileta frå scenografien, eller diskuter på bakgrunn av framsyninga: 2. Kva kan grunntanken vere i denne utforminga av teaterrommet? 3. Kvar kan vi plassere utforminga av scenerommet i 2015-framsyninga teaterhistorisk? 4. Korleis verkar scenerommet og kostymer inn på ei framsyning, både generelt – og spesielt i Brand? 5. La oss seie at du fikk i oppdrag å lage kostyme til Brand. Korleis ville du tenkt og gått fram i arbeidet? Sjå tekstutdraga og anna informasjon i dette heftet. 6. Studer Ibsens scenografianvisningar. Lag ei enkel skisse til scenografien frå bygda/ fjorden, fjellet og Brand og Agnes sin heim der oppe. Vel tre fargar og lag ein abstrakt / stilisert komposisjon. Vel deg til dømes tre scener. Om du skal sjå framsyninga, samanlikn dine idear med det du møter i teatret. Eller studer bileta her i heftet og diskuter i kva grad dette samstemmer med di eiga oppfatning om kva scenebiletet kan eller skal spegle. Første akt: Oppe i sneen på fjeldviddene. Tågen ligge tæt og tung; det er regnvejr og halvmørkt. Anden akt: Nede ved fjorden med bratte bergvegge omkring. Den gamle forfaldne kirke ligger på en liden bakke i nærheden. Et uvejr treækker op. Tredje akt: Tre år senere. En liden have ved prestegården. Høj fjeldvæg ovenfor,stengærde omkring. Fjorden ligger trang og lukket i baggrunden. Husdøren går du til haven. Eftermiddag. Brand står på trappen udenfor huset. Agnes sidder på trinnet nedenfor. Fjerde akt: Julaften i prestegården. Det er mørkt i stuen. På bagvæggen en udgangsdør; vindu på den ene side, dør på den anden. Agnes står sørgeklædt ved vinduet og stirrer ud i mørket. Femte akt: Halvandet år senere. Den nye kirke står fuldfærdig og smykket til indvielsen. Elven rinder tæt forbi. Det er tidlig tåget morgen. Klokkeren er i ferd med at hænge kranse op udenfor kirken; lidt efter kommer skolemesteren. 23 BRAND ARBEIDSOPPGÅVER Arbeidsoppgåver i eit teater- og dramaperspektiv Teateret sine uttrykksformer har det til felles at noko formidlast frå ein arena til eit publikum. Formidlinga byggjer på utforsking, utvikling og formgiving. Teater er eit levande kunstverk, der teksten og ideen skapast og skapast om, og får nytt liv i møtet mellom kunstverket og publikum. (Frå læreplanen) Vel eit tekstutdrag frå «Brand»og lag ei eiga dramatisering der du utviklar ein monolog/dialog og formidlar teksten i individuelt skodespelararbeid eller samspel. 1. Presenter eit regikonsept for eitt av tekstutdraga. 2. Korleis ville du arbeide med tekst/undertekst i rolletolkinga av Brand, Agnes, Einar, Gerd, Futen, mor til Brand eller ein av dei andre rollefigurane? 3. Prøv ut ulike undertekstar i tekstutdraga. 4. Lag eit scenografiutkast til ei eller fleire scener, sjå Ibsens scenetilvisingar til arbeidsoppgåver i eit scenografi- og designperspektiv. 5. Skriv ei teatermelding av framsyninga Brand. Arbeidsoppgåver i eit samfunnsperspektiv og i eit historisk perspektiv Menneska er prega av den kulturen dei veks opp i, og dette påverkar haldningar, kunnskapar og handlingar Som reflekterande og handlande individ og fellesskap kan menneska bidra til å forme seg sjølve, og både påverke og bli påverka av omgjevnadene sine.( Frå læreplanen) 24 1. Kva for syn på tilhøvet mellom ulike samfunnsklassar og deira roller, viser seg i framsyninga og i tekstutdraga? I kva grad og på kva måte har dette eventuelt endra seg i vår tid? Er det nokre likskapar? 2. I kva grad kan vi kalle stoffet i Brand samfunnspolitisk – i tilfelle kvifor og korleis? 3. I kva grad er dette eit religiøst drama? Sjå på tekstutdrag i dette heftet, samtalen mellom Tindberg, Bang-Hansen og Amundsen i «Sanningssøkjaren», eller reflekter over og diskuter det som du synest kjem fram i syninga. 4. I kva grad synest du Brand handlar om fundamentalistisk religionsutøving, den gongen, og kanskje no? 5. Bruk tekstar frå vedlegga til å lage dykkar eiga vising som speglar tilsvarande konfliktar i dag. Kravet til det absolutte, kan og vere til inspirasjon. BRAND ARBEIDSOPPGÅVER Arbeidsoppgåver i eit psykologisk perspektiv, i tekstar og/eller framsyning Psykologisk grunnforståelse er sentralt i de fleste samfunnsmessige og mellommenneskelige sammenhenger. (Frå læreplanen) «Med deg drog kjærleiken hit inn, som solklar vårdag i mitt sinn. Den hadde før eg aldri kjent, og far og mor han aldri tent. Eg måtte lengte, måtte sakne, så herda hjartet seg til stein.» (Brand til Agnes) 25 1. I kva grad er Brand si åtferd styrt av emosjonar og personlege behov? Kan du finne konkrete døme i teksten, eller i framsyninga som du kan grunngje synet ditt med? 2. I kva grad kan det vere forsvarsmekanismar og meistringsstrategiar som styrer Brand sine reaksjonar og haldningar? Reflekter, diskuter. 3. Drøfte samanhengar mellom erfaringar i oppveksten og haldningar og verdiar som vaksen. Kan dette ha spela ei rolle i Brand sitt tilfelle? Sjå på Brand sin replikk til Agnes under biletet. 4. Kva er det som etter di meining påverkar kommunikasjonen mellom Brand og dei menneska han møter? Til dømes mellom han og Agnes, han og mora, Brand og Futen? 5. Korleis vil du beskrive Brand sitt sjølvbilete, og korleis vil du grunngje synet ditt? 6. Svein Tindberg seier at Brand er «ein spennande psykologisk rollefigur». Kva kan det vere som gjer at han meiner det? Er du einig / ueinig? BRAND ARBEIDSOPPGÅVER Arbeidsoppgåver i eit religions- og livssynsperspektiv Religionar og livssyn speglar menneske sine djupaste spørsmål og har gjennom historia bidratt til å forme individ, fellesskap og samfunn.( Frå læreplanen) 26 1. Brand som person har fått mange merkelappar opp gjennom tidene. 2. I kva grad oppfattar du Brand som ein kristen, ein forkynnar, ein fundamentalist, eit menneske på leiting, eit menneske med ein livsfjern draum? Og kvifor? 3. Diskuter aktuelle spørsmål som oppstår i møte mellom religion, kultur og samfunn. Korleis kjem dette til uttrykk i Brand? 4. Beskriv og reflektere over hovudtrekk i kristen etikk. I kva grad kjenner du dette att i dramaet, og i personen Brand? 5. Brand gifter seg med Agnes, dei får ein son, Alf. Mor hans kjem til han på vitjing etter han er kommen attende til heimbygda, Einar er ein tidlegare skulekamerat, folket i bygda knyter seg til han. Samstundes går det ikkje så bra med relasjonane mellom Brand og dei rundt han. 6. Reflektere over etiske spørsmål knytte til mellommenneskelege relasjonar, familie og venner, samliv, sett i lys av det personen Brand står for. 7. Drøfte ulike former for religiøs søking i vår tid. Finn du nokre likskapar mellom det du ser i vår tid og den søking Brand gjev uttrykk for? 8. «Guds kjærleik kjenner eg godt til, og den er ikkje veik og mild», seier Brand til Agnes. Kva kan Brand byggje si oppfatning på? BRAND TEKSTUTDRAG Tekstutdrag første handling TEKSTUTDRAG 1 Tusen menneske kryssar scena, fram og tilbake. Berre ein står stille. Brand. Han stirer ei anna lei enn alle dei andre. Mot oss, publikum. Går mot oss. BRAND Kvar skal du? BRAND Fram! BRAND Fram eg må. Eg går ein stor manns bod. BRAND Kva heiter han? BRAND Han heiter Gud. BRAND Hugs at han med flammeriset mannen dreiv frå paradiset! Vegen dit har evig stengsel. BRAND Men han opna for vår lengsel! Menneska forsvinn. Brand er aleine, kjem fram enda nærare publikum. Talar til oss. To tankar fall som gut meg inn min mage fekk ein lattervri Eg tenkte meg ei mørkredd ugle, ein fisk med vasskrekk. Som eg lo or sinnet ville eg dei smugle, men dei hang fast med nebb og klo! Kva kom han av, den lattervri? Det var ei aning om ein splid imellom tingen, slik han er, og tingen, slik han skulle vera, i mellom det å skulle bera, og finne børa altfor svær. Snart kvar ein landsmann, sjuk og frisk, er slik ei ugle, slik ein fisk, Han skulle leva livsens mørker, men det er det som gjer han redd. Han skyr sitt eige stjernekammer, han skrik på luft og dagens flammar! Han går lenger opp i fjellet. Sola bryt gjennom tåka. Det blir klar sommarmorgon. 27 BRAND TEKSTUTDRAG Diskuter: Kva fortel tekstutdraget om Brand sine tankar og kjensler? I kva grad møter vi ein tvilar, ein med klåre meiningar eller ein fanatikar? TEKSTUTDRAG 2 Han (Brand) går lenger opp i fjellet. Sola bryt gjennom tåka. Det blir klar sommarmorgon. Einar og Agnes, blussande og varme, kjem leikande fram over sletta. EINAR Sommarfugl, Agnes! Sommarfugl! AGNES Sommarfugl? EINAR Ja, ein sommarfugl! Agnes, min herlege sommarfugl – AGNES Nei! EINAR Jo! Eg flettar eit garn med masker små, og maskene er mine songar! AGNES Dansar framføre han og smett heile tida frå han. Er eg ein sommarfugl, ung og blank, eg lystig i leiken meg svingar; men fangar du meg under nettets spinn…. AGNES/EINAR så rør ikkje ved mine venger! Han kastar seg leande over henne. Ho prøver halvt å sleppe unna, men han fangar henne, og dei sig ned saman. Så breier ho det store sjalet over dei begge, så dei til slutt ligg på bakken under ei vakker raud og gul sol. Ler og kysser. BRAND Skrik brått ned til dei. Stans, stans! Det er ein avgrunn bak! De er på skavlens hóle tak. EINAR Ser leande opp. D’er inga naud med meg og henne! AGNES Vi har eit liv å leike rundt! EINAR Kom ned til oss! Så skal de høyre kor makelaus han er, vår Gud, som ga meg Agnes som mi brud! Stå’kje slik, som om De fraus! Sjå det! Tin opp! 28 BRAND TEKSTUTDRAG Først er eg målar, skal De vita, Eg kom frå sør, frå fjerne land med målarskrinet på min rygg AGNES Så kongeglad og frisk og trygg, EINAR Just som eg gjennom bygda fór, var ho på gjesting same stad. Da måla eg mitt meisterstykke, Ei rosebluss på hennar kinn, eit augnepar som lyste lykke, eit smil som song i sjela inn – Da strauk den tanken meg forbi at heilt eg hadde gløymt å fri! Hurra, i hast vart fridd og svart, og dermed var det greitt og klart. BRAND Og no går vegen -? EINAR Like fram, til byen. AGNES Der har eg heimen min. EINAR Og så til land langt sør så fort som svaner i det første floget, BRAND Og der EINAR Eit bryllaupsliv i fest og glede ei fager segn, som draumen stor. BRAND Farvel! Vil gå. EINAR Stussar og ser nærare på han. Nei, vent! D’er noko her, som synest kjent Brand! Vel møtt, vel møtt, av hjartans grunn! Sjå på meg! Ja, du er den gamle, som alltid i deg sjølv var nok, den leiken aldri kunne samle i kameratars viltre flokk. BRAND Eg var ein heimlaus mellom dykk. Men deg trur eg, eg hadde kjær. 29 BRAND TEKSTUTDRAG EINAR Heimbygda di? Ja, den er jo her? BRAND Igjennom den no vegen ber. EINAR Igjennom den? Så lenger fram? BRAND Ja langt og fort forbi min heim. EINAR Du er jo prest? BRAND Stiftskapellan. Det skip som ventar på dykk to tar også meg bort herifrå no. EINAR Tenk, Agnes, han skal same veg! BRAND Ja, men eg skal i gravøl, eg. AGNES I gravøl? EINAR Du? Kven skal i grava? BRAND Den Gud som du nyss kalla din. Diskuter: Kva er skilnaden på Einar sin Gud og den Brand har i tankane? Kvifor trur du Brand seier han skal i gravøl til den Gud Einar kallar sin? 30 BRAND TEKSTUTDRAG TEKSTUTDRAG 3 Ein stein blir kasta ovanfrå og rullar nedigjennom lia tett ved han. BRAND Ropar opp. Hei der! Kven kastar stein? I Herrens namn! Gerd, ei femten år gammal jente, spring oppe på bergkammen med stein i nevane. GERD Kven er du? Stå stilt, stå stilt, no flyg han bort! BRAND Kven? GERD Såg du ikkje hauken? BRAND Nei. GERD Med kammen flatt på panna stroken, med rand kring auget, raud og gul? BRAND Kvar skal du? GERD Til kyrkja. BRAND Peikar nedover. Men kyrkja er jo der! GERD Ser hånleg smilande på han og peikar ned. Den der? BRAND Ja visst. Kom med. GERD Nei, den er stygg. BRAND Stygg? Kvifor det? GERD Alt der er smått. På alle vis Mi kyrkje er av snø og is! BRAND Av is og snø? Iskyrkja – GERD Det ser ut som is og fjell, men er no kyrkje likevel. 31 BRAND TEKSTUTDRAG BRAND Gå aldri dit, det er ‘kje trygt! GERD Peikar ned. Gå aldri dit, der er det stygt! BRAND Guds fred med deg. GERD Kom heller med! Der oppe preikar foss og skred! Der preikar vind i jøklars hall, så du blir både heit og kald! Og hauken, han slepp aldri inn, han slår seg ned på Svartetind, og der sit han, det styggetøy som hane på min kyrkjefløy. Kom ikkje nær! Eg kastar stein! Slår du med klo, slår eg med grein! Flyktar oppover fjellet. Diskuter: Kva slags kyrkje og Gudsbilete har Gerd? Kva er meint, trur du, med: «Alt der er smått. På alle vis» Kva kan hauken vere eit bilete på? 32 BRAND TEKSTUTDRAG ANDRE HANDLING Tekstutdrag 4 MOR TIL BRAND Kjem oppover, stansar halvvegs synleg i bakken, held handa skyggande for auga og ser seg om. Son, er det deg? Son er det deg? BRAND Ja. MORA Den vonde Ta sola, – ho gjer meg halvt blind! Gnir auga. Hu, det skinet, brenner seg i auga inn, kan ‘kje skilja prest frå bonde BRAND Heime var det aldri sol, frå lauvet fall til gauken gol. MORA Ler stille Nei, der er det godt, der blir ein frossen som ein istapp over fossen. BRAND Goddag! Farvel! Mi tid er knapp! MORA Ja, du har alltid vore rapp. Som gut du lengta herifrå. BRAND At bort eg fór, deg syntest best. MORA Ja, det trongst vel at du vart prest. Granskar han nærare. Men akt no berre på mitt ord, – Far vart med livet! BRAND Er det alt? MORA Ja, livet? Ja, kva er det meir? BRAND Eg meiner, rådet som no fall, er det det heile? 33 BRAND TEKSTUTDRAG MORA Veit du fleir, så bruk dei som du vil. Men livet berg det for meg, for eg har gitt det. Kva du har gjort spørst vidt og breitt. og det har gjort meg redd og skremd meg. Du er den einaste i slekta. Du er min son, mitt kjøt og blod. Far vart med livet! Aldri svikt! Å leva, er ein arvings plikt – og du blir min – eingong – omsider. Diskuter: Kva slags haldningar kjem fram dei i mellom, tykkjer du? Spel scena mellom Brand og mora, og legg vekt på å få underteksten fram, i replikkane og i det fysiske arrangementet. BRAND Så derfor er det at du kjem og søker meg med fylte lommer? MORA Son, er du galen? Vik tilbake. Kom ikkje nær! Bli ståande! Eg slår med staven! Du son min, du får arven heil, alt saman går til deg aleine. I denne delen av scena, gi ein tanke til kvar av dei, etter replikken. Når Brand har sagt sin replikk, kjem ein annan opp, stiller seg bak han og seier, medan Brand står i frys, det Brand eigentleg tenkjer. Som vi veit, kan ein tanke vere noko heilt anna enn det ein seier… Deretter kjem replikken til mor hans, ein annan kjem opp, stiller seg bak henne og seier, medan mora står i frys, det mora eigentleg tenkjer. Diskuter ulikskapar det kan vere mellom det dei seier og det dei faktisk tenkjer. BRAND På visse vilkår? MORA På det eine, at du skal ikkje øyde livet, hald ætta oppe, son for son, Eg krev’kje noko anna løn. Ver hard, ver stri, ver istappkald, dei kløyver kje mitt bringeskjold; men gøym din arv! BRAND Og om det tvert om fall meg inn å strø alt ut for vêr og vind? 34 BRAND TEKSTUTDRAG MORA Strø ut det som i trældoms år har krøkt min rygg og bleikt mitt hår? BRAND Strø ut! MORA Strø ut! Om det er det du gjer, for vinden strør du ut mi sjel! I denne delen av scena, gi ein tanke til kvar av dei, etter replikken. Når Brand har sagt sin replikk, kjem ein annan opp, stiller seg bak han og seier, medan Brand står i frys, det Brand eigentleg tenkjer. Deretter kjem replikken til mor hans, ein annan kjem opp, stiller seg bak henne og seier, medan mora står i frys, det mora eigentleg tenkjer. Diskuter ulikskapar det kan vere mellom det dei seier og det dei faktisk tenkjer. BRAND Og om eg gjer det likevel, står der ved senga di ein kveld; når du med salmebok i hender skal sova dødens første natt, om eg da gramsar, famlar, kjenner finn fram alt saman, skatt for skatt, om eg tar lyset, om eg tenner –? MORA Kvar har du denne tanken frå? BRAND Frå kvar? Skal eg fortelja? MORA Ja! BRAND Det er eit barndomseventyr som aldri meg or minnet flyr, som skjemmer sjela lik eit sår; eit arr frå gjengrodd hareskår. Det var ein haustkveld. Død var far, og du låg sjuk. Eg sneik meg inn der han låg død i vokslysskin, eg stod og stirte frå ein krok, og såg han heldt ei salmebok. Eg kjende lukt av kuldslått lin, da høyrde eg på gangen trinn, inn kom ei kvinne, såg’kje meg, til senga gjekk ho med raske steg. Ho flytta hovudet til han som låg, 35 BRAND TEKSTUTDRAG BRAND ho gramsa, rota, famla og, så trakk ho fram, ein bunt, så fleir, ho talde, kviskra, meir, meir, meir! Ho reiv, ho hogg med ilske hender ho beit den opp med sine tenner. Ho grov på ny! Ho hitta fleire; Ho telte, kviskra: Meir, meire! Til slutt var kvar ein løynkrok tømd, ho gjekk frå stova som ein dømd, ho sveipte funnet i ein pjalt; og stønna stilt: Så det var alt! Spel denne scena, der ein elev framfører den vesle monologen, medan to andre spelar / mimar liket, og mora som leitar etter pengar. Pass på at de gjev tid til at den som spelar mora får nok tid til å gramsa og leite. Lat den som spelar mora få denne replikken: (Ho telte, kviskra) Meir, meire! Og: Så – det var alt! Lat ein eller fleire gå opp og stille seg bak mora som går i frys etter siste replikk, og seie kva ho tenkjer. MORA Mitt krav var stort, mitt funn var skralt, og det vart meir enn dyrt betalt. BRAND Dyrt ja – din vinst vart meir enn skral. Mitt sonesinn den frå deg stal. MORA Eg gav frå først ein større pris. Eg trur eg gav mitt livs forlis. Eg gav kva knapt eg lenger veit det folk har kalla kjærleik. Eg minnest godt min strid var svar, eg minnest godt eit råd frå far, gløym husmannsguten, ta den andre! Akt ikkje på hans visne kropp! Det er ein kar med kløkt i panna, han aukar eiga dobbelt opp! Eg tok han, men fekk skam til takk. Til dobbelt opp han aldri rakk. Men sidan har eg slept og slite, så no det manglar berre lite. Diskuter: Var det rett av henne å ofre sin kjærleik? 36 TEKSTUTDRAG «Eg minnest godt min strid var svar, eg minnest godt eit råd frå far, gløym husmannsguten, ta den andre!» Er det andre stader i Ibsens skodespel denne tanken kjem fram – om å svike sin eigentlege kjærleik? Korleis vil du tolke dette? BRAND Og minnest du så nær di grav at sjela du på kjøpet gav? MORA Gransk ikkje son, mitt modersinn, men ta din arv når den blir din! BRAND Og skulda? MORA Skulda? Kva for skuld? Her er ‘kje skuld. BRAND Du blinde, lær deg no å sjå! Guds bod på jord har du forringa, ditt sjelelån har du øydd bort. Det er di skuld. Kvar vil du av når Herren krev sitt eige att? MORA Kvar eg vil? Kvar? BRAND Frykt ikkje, din son tar all di skuld på seg, det du har skjemt blir reint ved meg. Gå berre trøstig til dei døde, eg greier skulda. Diskuter: Ser du likskap til ein annan son som har teke andre si skuld på seg? I kva grad er dette hovmodig, eller eit uttrykk for hybris, frå Brand? Og stundar du imot eit møte, send meg eit bod, så skal eg koma! MORA Ja, du med dine straffedommar! BRAND Nei, varm som son og mild som prest. MORA Det lovar du med hand og munn? BRAND Ja, eg kjem i din angers stund. 37 BRAND TEKSTUTDRAG Men vilkår set eg, slik som du, alt det som no til jorda bind deg, skal du frivillig kaste av, og skride naken mot di grav. MORA Byd elden skiljast frå sin hete, snø frå sin frost, sjø frå si væte! Krev anna bot, krev svolt og tørst, men ikkje det som synest størst! BRAND Går ein det største utanom, mildnar det andre ingen dom. MORA Eg legg mitt sølv i kyrkjeblokk! BRAND Alt! MORA Son, er ikkje mykje nok? Mitt gods, mitt smertens barn, mitt gods, for deg reiv eg mitt bryst til blods. Kvifor vart sjela født i kjøt, når kjøtleg elsk legg sjela død? Bli nær meg, prest! No veit eg ikkje kva sinn eg får når timen slår, om eg må alt i livet misse, så vil eg vente til det siste! Går. Diskuter: Korleis oppfattar du denne utsegna frå mora: «om eg må alt i livet misse, så vil eg vente til det siste!» Kvifor trur du ho held fast ved det jordiske gods og gull til det siste? TREDJE HANDLING Tekstutdrag 5 Tre år seinare. Ein liten hage ved prestegarden. Husdøra går ut til hagen. AGNES Du er uroleg! BRAND Eg ventar bod. I tre år har eg venta på at ho skal sende etter meg. No veit eg hennar tid er omme AGNES Utan bod du skulle komme BRAND 38 BRAND TEKSTUTDRAG Har ho inga anger har eg inga trøyst AGNES Ho er di mor. BRAND Eg har ingen rett til avgudar i eiga ætt AGNES Brand, du er hard! BRAND Mot deg? AGNES Å nei! BRAND Eg spådde deg ein trengselsveg. AGNES Slik gjekk det ikkje, du har ikkje halde ord. BRAND Jo, her er kvast og kaldt. Vårt hus finst ingen trivsel ved, det ligg her midt i ur og skred. Og sola, ho når aldri ned. AGNES Ho dansar jo så varm og blid på bergets skuldrar. BRAND Tre veker, ja, ved sommartid, men aldri når ho bergets fot. AGNES Ser rett på han. Brand, noko finst som gjer deg redd. BRAND Nei, deg! AGNES Nei, deg! BRAND Du ber ei gru. Ei løyndomsfull. AGNES Brand, også du! BRAND Tal ut! Nemn alt! AGNES Eg stundom skalv. BRAND Kven skalv du for? Stansar. Kven skalv du for? AGNES 39 BRAND TEKSTUTDRAG For Alf! BRAND For Alf? AGNES Du også? BRAND Stundom, ja! Men han blir ikkje tatt ifrå oss. Gud er jo god. Min vesle gut veks seg nok stor og sterk til slutt. Kvar er han no? AGNES Han søv. BRAND Gud signe deg, sov deg no sunn! Eg tok mitt kall som martyrdom, men sjå som alt har vendt seg om, kor hell har følgt meg på mi ferd – AGNES Ja, Brand, men du er hellet verd. BRAND Med deg drog kjærleiken hit inn, som solklar vårdag i mitt sinn. Den hadde før eg aldri kjent, og far og mor han aldri tent. Eg måtte lengte, måtte sakne, så herda hjartet seg til stein. AGNES Men lell, din kjærleik, den er hard, den som du skulle klappe, slår du. BRAND Deg, Agnes? AGNES Meg? Å nei, du kjære! Lett var det du bad meg bera, men mang ei sjel i frå deg fall, i kravet: inkje eller alt! BRAND Kva verda kallar kjærleik, vil eg ikkje vita noko om. Guds kjærleik kjenner eg godt til, og den er ikkje veik og mild. At du ikkje kan, det kan forlatast, men aldri at du ikkje vil. AGNES Eg går den vegen du tar fatt. BRAND For to er inga kleiv for bratt. 40 BRAND TEKSTUTDRAG Prøv deg fram: Kva trur du kan ligge i underteksten til Agnes når ho seier: «Mang ei sjel i frå deg fall, i kravet: inkje eller alt!» Er ho refsande? Er ho fortvila? Er ho mild og kjærleiksfull, bedande? Kva kan ligge i underteksten til Brand når han seier: «Guds kjærleik kjenner eg godt til, og den er ikkje veik og mild.» Er han redd? Er han streng? Er han ein som vil frelse andre frå undergangen? TEKSTUTDRAG 6 Ser doktoren komme. BRAND Mor? DOKTEREN Ja – BRAND Død? Men i bot? DOKTEREN Det trur eg knapt. Ho hang ved sitt på denne jord, til timen slo, og dei vart skilde. DOKTEREN Kan hende vil ho dømmast mildt, og møte kjærleik, ikkje hån. BRAND Kva sa ho? DOKTEREN Ho mumla stilt: Gud er ‘kje hardhendt, som min son. De trur visst Prest at lov og pakt for Gud og godtfolk står ved makt; men kvar slekt har sitt eige vis vår blir ‘kje skremd av flammeris. med amme-snakk om sjele-ran! Vårt første bod er: Ver human! BRAND Human! Ja, dette slappe ord er feltrop for den heile jord! Var Gud human mot Jesus Krist? Om dykkar Gud den gongen rådde, og han på korset ropte: Nåde! vart soningsverket omgjort ved eit diplomatisk himmelbrev! 41 BRAND TEKSTUTDRAG TEKSTUTDRAG 7 Agnes er komen ut på trappa, bleik og forfæld og kviskrar til doktoren. AGNES Kom her! DOKTEREN Kva er det? AGNES Kom-! For Guds skuld! Dei går inn i huset. Brand merkar det ikkje. BRAND Død utan bot. Død, slik ho levde. Er ikkje det Guds fingerpeik? No ti gonger ve meg, om eg sveik! DOKTEREN følgd av Agnes, kjem snøgt ut på trappa og ropar Skikk huset ditt, og reis din veg! BRAND Om jorda skalv, så vart eg her! DOKTEREN Så er ditt barn til døden dømd. BRAND Alf! Vil inn i huset. DOKTEREN Nei, bli! Ein vinter til på denne stad, vil visne bort hans spede liv. Reis, Brand, og så er barnet frelst, men gjer det snart, i morgon, helst. BRAND I kveld, i dag, i denne stund. Å, han skal vekse sterk og sunn! Og gufs frå bre og sno for kyst skal ikkje isne til hans bryst. AGNES Eg løynleg ante, løynleg skalv, men eg såg berre faren halv. Agnes går inn i huset. DOKTOREN Mot verdsens flokk så ubønhøyrleg For den gjeld inkje eller alt, men frå ein sjølv veik motet bort i same stund som loddet fall, og offerlammet var eins eige. BRAND Kva meiner De? 42 BRAND TEKSTUTDRAG DOKTOREN Til Dykkar mor De tordna lova, ord for ord, om ikkje alt straks vart lagt av, og ho gjekk naken til si grav, var ho fortapt, og same rop vart retta mot den store hop. No når De er i havsnaud sjølv De gløymer alt om helvets pøl, no gjeld det i ein kuling stiv å berge eige avkoms liv. BRAND Er eg no blind? Var eg det før? DOKTOREN De handlar slik ein god far bør. Eg lastar ikkje det De gjer, for meg er De meir stor enn før, Reis bort no om de held han kjær Går. BRAND No eller før, når vart det feila? FJERDE HANDLING Tekstutdrag 8 Julekvelden i prestegarden. Det er mørkt i stua, men ute på kirkegarden blinker det i tusen lys på gravene. Den eine lille kirkeklokka ringer jula inn. Agnes sitt i en gyngestol, kledd i kvit underkjole. Doktoren kjem AGNES Goddag doktor! Kom inn! Spring ned og opnar hagegrinda. DOKTEREN Nei! Å knyte seg til slik ein stad, der viddevêr og vintervind skjer iskald gjennom sjel og skinn BRAND Nei, ikkje gjennom sjela. DOKTEREN Ikkje? Nei,-nei, det kan vel synast så, at denne dykkar hastverkspakt står like fullt og fast ved makt. AGNES Eit solskins-kyss, eit klokkeslag kan vekke for ein sommardag. 43 BRAND TEKSTUTDRAG DOKTEREN Farvel. Eg må på vitjing til ein sjuk. BRAND Mor mi? DOKTEREN Ja, vil De med? De var der kanskje? BRAND Nei. DOKTEREN Brand, Du er hard. Eg kom så fort i naud det spurdest om. BRAND Dykk har ho bodsendt, eg er gløymd. Eg ventar, ventar, hjarteklemd DOKTEREN Kom, utan bod! BRAND Før bod ho sender, eg ikkje noko ærend kjenner. DOKTEREN Du stakkars veike, som vart lagt i slike harde henders makt! BRAND Eg er’kje hard! AGNES Sitt blod han gav om hennar sjel det vaska av! BRAND Som hennar son i arv tok eg frivillig hennar skuld på meg. DOKTEREN Gjer opp Di eiga! BRAND Manges mein for Gud kan slettast gjennom éin. DOKTEREN Ikkje gjennom ein som sjølv i skuld til øyra ligg. BRAND Rik eller arm, heilt eg vil, og dette eine, det strekk til. DOKTEREN Ja, viljen er din medisin, men kor er så kjærleiken din. 44 BRAND TEKSTUTDRAG BRAND Følgjer han ei stund med auga. Knapt noko ord var søla ned av løgn som dette ordet: kjærleik. Det er kje martyrskap, i ve berre å døy på korsets tre, først det å ville korsets død, først når du vil, i åndfull angst, først da kan frelsa bli din fangst! BRAND Om viljen vinn i slik ein strid, kjem kjærleiken som dua kvit og gir oss livets oljeblad, men her, mot slekta, slapp og lat, eins beste kjærleik heiter hat! Hat! Hat! Tekstutdrag 9 Futen kjem på vitjing til Brand BRAND Og no, kva aktar De å gjera? FUTEN Bygge. BRAND Bygge? FUTEN Ja vel, – meg sjølv og bygda her til hell. Først vil eg bygge opp mitt ry til noko stort eg da må ty. Så derfor er eg mogent komen til at eg no vil søke bot mot fattigdommen. BRAND Den vil De rydde ut? FUTEN Nei visst, den er jo ein nødvendig brest i alle samfunn, han må tålast, men med litt klokskap kan han bøyast, i visse former, og bli stansa så sant i tide han blir ansa. No skal eg, til distriktets gagn hjelpe på eit djupfølt sakn, få bygd eit fattigdommens pesthus. Og dette bygget, har eg tenkt, skal bindast tett til eit arresthus. Og når eg så er godt på glid, 45 BRAND TEKSTUTDRAG bygger eg nok på same tid ein fløy innunder same tak, som brukast kan til val og lag, kort sagt, eit pent politisk festhus BRAND Men midlane? FUTEN Ja, det er knuten. Men støttar De med ordets makt, min tanke, vil han lettvint fremjast, og får eg han til mogning lagt, skal hjelpa Dykkar ikkje gløymast BRAND De meiner at De vil meg kjøpe? Da har De ille tida kåra. FUTEN Av kva for grunn? BRAND Eg vil bygge sjølv. FUTEN De? Bygge? Stel De min idé? BRAND Ikkje nettopp dét. Peikar ut av vindauget. Fut, kan De sjå – ? FUTEN Der? BRAND Ja. FUTEN Det svære stygge? Det er jo prestegardens fehus! BRAND Nei, ikkje det. Det vesle stygge FUTEN Kva? Kyrkja! BRAND Den vil eg bygge stor. FUTEN Nei, det skal fanden ikkje skje! Kvifor skal no den i mold? Den var da god nok før i tida? BRAND Mogleg det, men no er ho for lita. FUTEN Eg har aldri sett den full! 46 BRAND TEKSTUTDRAG BRAND Sjølv for ei enkelt sjel der inne er ikkje løftingsrom å finne. FUTEN Ristar forundra på hovudet. Og pengane, kvar får vi dei? BRAND For eigne pengar vil eg bygge, alt mitt, min arv, til siste skjerv, skal delast ut til dette verv. FUTEN Brand, vi vil bygge kyrkje saman! BRAND Kva? Vil De sleppe Dykkar eige? FUTEN Det veit den søte Gud eg vil! Ville eg ikkje, var eg galen, kven trur De mengda flokkast til, når éin vil meiske, gjø og så, ein annan hauste, klippe, flå? Ja, død og plage, eg blir med! Ser ut. Sett herifrå, i måneskin, tar ho seg ut som noko skrammel-. BRAND Men – ! FUTEN Kyrkja er for gammal! I helga skal, jo før jo heller, eg ordne alt av det formelle, og setta saka glatt i veg! Men no får eg sjå til banden. BRAND Til kven? FUTEN Jo, tenk Dykk det, i dag på bygdegrensa kneip eg eit fantefølgje, fælt som fanden. Men, det forstår seg, på ein måte, dei høyrer saktens soknet til. – Ja, tilhøyrer Dykk! Det er ei gåte, løys den, ifall De kan og vil. De har vel titt nok høyrt i bygda eitt og anna ord om fattigguten, her i vest, som var så lærd som bisp og prest, han fridde ein gong, til Dykkar mor. 47 BRAND TEKSTUTDRAG BRAND Kva meir? FUTEN Han fridde til ei grunnrik jente! Naturlegvis, ho lét han sende til Bloksberg, som han måtte vente. Men veit De så kva fyren gjer? Først sørgjer han seg halvt frå vettet, og sidan fester han ei anna av taterslekt, og før han døyr aukar han, med sitt avkom, banden som stryk omkring i synd og naud til minne om hans vakre ferd BRAND Og det er -? FUTEN Taterungen Gerd. BRAND Ja så! FUTEN Kva? Gåta er ikkje så galen! Hans avkom er jo til i kraft av den som De har opphav i, for ynglens indre opphav var at elsk til mor Dykkar han bar. Ei gledelig jul, vi møtest att Teksten endrar seg frå at han handlar om, for både fut og prest, å bygge eit storverk i bygda, til å nå eit punkt der ei tidlegare hending blir rulla opp for Brand, med ei innsikt og ein kjennskap han ikkje hadde frå før. Taterungen er eit resultat av at mor hans og den ho elska ikkje fekk kvarandre. Her er ei binding til Gerd som Brand får openberra no. Spel siste del av teksten der de viser ulike reaksjonar Brand kan syne på det han no blir klår over. TEKSTUTDRAG 10 Heime hos Brand og Agnes. Plutseleg blir døra riven opp, og ei kvinne i fillete klede stig inn med eit barn på armen. IREN ( taterkvinne) Del med meg, du rike mor! AGNES Du er tifald meire rik! IREN Hå, du er dei andre lik! Alltid munnen full av ord! 48 BRAND TEKSTUTDRAG BRAND Nemn meg kva du søker her! IREN Ikkje deg, for du er presten, heller ut igjen i blesten? drukne, rotne på eit skjer! Kan eg hjelpe, eg, for fanden, at eg vart til den eg er? BRAND Denne røysta, desse trekk isnar meg med anings-skrekk! AGNES Kvil deg, verm deg, om du frys, Svelt det, barnet, skal det mettast. IREN Nei! Lynsnart må eg ut igjen, dei er etter meg som hundar, fut og lensmann, lovens menn. BRAND Her skal ingen røre deg. IREN Her? Under tak og mellom vegger? Nei, du, vinternatta ber betre lufting for oss begge. Men eit plagg til sveip for barnet? Ser du, han er halvvegs naken, blå, forfrossen, gjennomstroken av det rim som rauk forbi. BRAND Kvinne, gjer ditt spebarn fri for din ville dødsferds sti, la han….. IREN Krig med dykk som støytte han ut! Vil du høyre kvar eg fekk han? Jo, på grøftekantens helling, under drikk og spel og song, han vart døypt i sluddets velling same stund han sleppte mor! Kring oss stod det folk som svor, veit du kven det var? Gu’ be’re, Far til ungen, – ungens fedre! BRAND Agnes. AGNES Ja. 49 BRAND TEKSTUTDRAG BRAND Du ser di plikt. AGNES Med redsle. Til henne! IREN Gi meg, gi meg! Gi meg alt! Silkevev og vraka filler! Snart vil pusten sleppe opp! Han skal døy med tina kropp! BRAND Høyrer du at valet ljomar? IREN Gi meg! AGNES Det er heilagbrot! Blodskuld mot den vesle døde! BRAND Gagnlaus vart i død han sendt, vart på tersklen vegen endt. AGNES Ja så kom og ta imot! Delast skal i overflod. KVINNA Gi meg! BRAND Delast? Agnes, delast? AGNES Med vill styrke. Halvt er nok! Meir enn ho treng! BRAND Var det heile da for mykje da det kjøptest til ditt eige? AGNES Gir. Her er kjolen, skjerfet, kufta, den er god mot nattelufta. Ta det, alt, til siste fille! IREN Gi meg! BRAND Agnes, gav du alt? AGNES Kvinne, kroningskåpa får du, den han bar i offerdåpen! IREN Så, no ser eg det er tømt, den som no var langvegs rømt! Kvinna tar tøyet og går. 50 BRAND TEKSTUTDRAG AGNES Står i sterk indre kamp, endeleg spør ho. Sei meg Brand, finn du det rett at her enno meir skal krevast? BRAND Sei meg først om det var villig? AGNES Nei. BRAND Da er gåva slengt i havet. Over deg står enno kravet. Vil gå. AGNES teier til han er nær ved døra, da ropar ho. Brand! BRAND Kva vil du? AGNES Eg har loge. BRAND No? Agnes tar ei samanlagt kappe fram frå brystet. Kappa? Ho nikkar. Bli i dine gudars vald! Vil gå. AGNES Stans! BRAND Kva vil du? AGNES Å, du veit det. Rettar kappa til han. BRAND Nærmar seg utan å ta kappa. Villig? AGNES Villig! Brand tar kappa og går ut etter kvinna. Agnes står ei stund urørleg stille, litt etter litt går uttrykket i ansiktet hennar over til strålande glede. Brand kjem tilbake, ho spring han i møte og kastar seg om halsen på han. Eg er fri, Brand, eg er fri! 51 BRAND Tekstutdrag FEMTE HANDLING Tekstutdrag 11 Halvtanna år seinare. Den nye kyrkja står fullt ferdig og pynta til innviing. Elva renn tett forbi. Klokkaren er i ferd med å henge kransar opp utanfor kyrkja. Litt etter kjem skulemeisteren. Einar, bleik, uttært, svartkledd, kjem forbi på vegen og stansar ved synet av Brand. BRAND Du Einar! Å kom, kom innerst i min famn! EINAR Det trengst ikkje. Eg er i hamn. BRAND Ber du nag for det som hende? EINAR Nei. Du har’kje skuld, eg ser i deg den blinde reiskap Herren sende da vill eg fór på verdsens veg. BRAND Vik tilbake. Kva språk er det? EINAR Det språk ein får når ein blir trekt av syndesøvn og nyfødd vaknar. BRAND Forunderleg, eg hadde høyrt at du på andre vegar fór. EINAR Eg var forført, Men gudskjelov, Han var meg god, sitt svake får forlet han ikkje, han tok seg av meg da det gjaldt. BRAND På kva slags vis? EINAR Han gav meg smak på kort og terningar. BRAND Og det kallar De Herrens gjerningar? EINAR Det var det første steg til frelsa, deretter tok han frå meg helsa, eg miste heile mitt talent, mi lyst til spøk og skjemt var endt. Til hospitalet vart eg sendt, 52 BRAND Tekstutdrag låg lenge sjuk, låg som i flammar, eg syntest eg i alle stuer såg tusenvis av store fluer, kom sidan ut, så vart eg kjent med nokre systrer, tre i tal som stod i himlens sodd og manntal og desse, samt ein teolog fekk løyst meg heilt frå verdsens åk, og dei drog av mitt syndegarn og gjorde meg til Vårherres barn. BRAND Ja så! Spel teksten med ulike undertekstar. Einar er tydelegvis komen til den forsoning med Gud som Brand drøymer om. Korleis trur du Brand reagerer på det? Misunneleg? Bitter? Glad på Einar sine vegner? Og Einar, er han triumferande, streng, mild? Vidare, noko seinare i same scene: FUTEN Brand! Kjære pastor, skund Dykk, berre kyrkjeprosesjonens skare er i orden til å fare. BRAND Eg blir her. FUTEN Er De blitt gal? BRAND Dykkar veg blir meg for smal. 53 BRAND Tekstutdrag TEKSTUTDRAG 12 Inne på dei store viddene. Uvêret veks, og jagar skyene tungt over snøslettene; svarte tindar og toppar stig fram hist og her, før dei atter blir tilsløra av tåka. Brand kjem blodig og forslått innover fjellet. Kastar seg ned i snøen. BRAND Alt er grått og skjult i tåke. Var det sjuke syner, berre, det eg såg til denne stund? Mannens sjel vart ein gong skapt i Guds bilete. Er det tapt? Opphavs-ånda overvunnen? Ha, det læt som song frå grunnen! KOR AV USYNLEGE Susar i stormen. Aldri, aldri blir du lik han! For i kjøtet er du skapt! Gjer hans gjerning, eller svik han! Like fullt er du fortapt! Aldri, drøymar, blir du lik han, arv og odel har du tapt, alt ditt offer gjer ‘kje rik han, for ditt jordliv er du skapt! BRAND Alf og Agnes, kom tilbake, einsam sit eg her på tinden, gjennomblåst av nordavinden, skremt av gjenferd, klamme, spake. Han ser opp, ein demrande flekk opnar seg og vidar seg ut i tåka, ein kvinn skapnad står der, lyst kledd, med kåpe over skuldrane, det er Agnes. SKAPNADEN Brand, her har du meg igjen! BRAND Agnes SKAPNADEN Alt var feberdraum, min venn! Du har vore sjuk, min kjære, Du har gått på vanvits veg, drøymt di kone gjekk frå deg gjekk. – BRAND Å, du lever. Lova vere-! SKAPNADEN Hysj, tal heller om det sidan. Følg meg, følg meg, knapp er tida. BRAND Å, men Alf? 54 BRAND Tekstutdrag SKAPNADEN Han lever jo. BRAND Lever! SKAPNADEN Ja sunn og god. BRAND Nei, eg drøymer. SKAPNADEN Ikkje lenger. Men til ro og ly du treng. Alle syner, stygge, bleike, vart mant fram av tre små ord. Stryk dei orda som det gjaldt. BRAND Sei dei! SKAPNADEN Inkje eller alt! BRAND Er det så? SKAPNADEN Så sant eg lever, og så visst du ein gong døyr! BRAND Ve oss begge! Sverdet svevar, drege over oss som før! SKAPNADEN Brand, ver mild, min famn er varm! Hald meg med din sterke arm! La oss søke sol og sommar BRAND Andre gong kjem inga sott. SKAPNADEN Høyr på meg. BRAND Rister på hovudet. Eg må gå min egen veg. SKAPNADEN Ha! Umogleg! Hugs kvar den vegen bar deg! BRAND Om igjen! SKAPNADEN Redslers ritt i draumetåke, vil du ride fri og vaken! BRAND Fri og vaken! 55 BRAND Tekstutdrag SKAPNADEN Sleppe barnet? BRAND Sleppe barnet. SKAPNADEN Brand! BRAND Eg må. SKAPNADEN Blodig rive av meg garnet? Meg med offersvepet slå inntil døden? BRAND Ja, eg må. For eg går ein stor manns bod. SKAPNADEN Hugs at han med flammeriset mannen dreiv frå paradiset! Vegen dit har evig stengsel BRAND Men han opna for vår lengsel! SKAPNADEN Forsvinn i eit brak. Tåka veltar seg, der den stod, og det blir skrike skjerande og kvasst, som frå ein som flyktar. Døy! Deg har ‘kje verda bruk for! TEKSTUTDRAG 13 Framhald frå tekstutdraget ovanfor BRAND Står ei stund som lamslått. Vekk det fór da skodda rauk! Flaug på store, kvasse venger over vidda som ein hauk! GERD Kjem med ei rifle. Såg du hauken? Såg du hauken? BRAND Ja du, denne gong eg såg han. GERD Fort, sei vegen han er stroken, vi vil etter, vi vil nå han! BRAND Ingen våpen bit på han. 56 BRAND Tekstutdrag GERD Prest, du haltar jo på foten? Kva kom det av? BRAND Folket dreiv meg. GERD Nærare. Raud, som blod frå hjarterot er din tinning. BRAND Folket slo meg. GERD Før du hadde song i orda, knirkar no, som frost i jorda. BRAND Alt og alle – GERD Kva? BRAND Alle sveik meg. GERD Ser med store auge på han. Hå, no kjenner eg deg først. Eg har tenkt at du var presten. Tvi med han og heile resten! Du er mannen som er størst! La meg sjå på dine hender! BRAND Mine hender? GERD Nagle-såret? Eg ser blodet drypp i håret, bitt etter ei tornetanna, hogd så vilt og kvasst i panna. Deg har korsets tre jo bore! Far min sa, da eg var lita, det vart gjort for lenge sidan, langt herfrå i framandt land, eg ser no at, eg vart ei dåre, ja, for du er vår frelsar-mann! BRAND Vik i frå meg! GERD Skal eg falle ned og be, her for din fot? BRAND Vik! 57 BRAND Tekstutdrag GERD Du spilte jo det blodet som har makt å frelse alle! BRAND Eg kan ikkje eingong finne Frelse for mi eiga sjel! GERD Ser oppover, skyene lettar. Veit du kvar du står? BRAND Eg står ved det første trinn av trappa, høgt er opp og foten sår. GERD Villare. Svar meg! Veit du kvar du står? BRAND Ja, no fell ho, tåkekappa! GERD Ja, ho fell, og Svartetind peikar heilt i himlen inn! BRAND Iskyrkja! GERD Ja. BRAND Tusen mil bort herifrå! Å, kor inderleg eg lengtar etter sol og lys det milde! Etter fredens kyrkjestille, etter livsens sommar-rike! Jesus, eg har ropt ditt namn, aldri tok du meg i famn! GERD Bleik. Kva er det? Sjå, no græt du, varmt, så det på kinnet ryk varmt, så breens grav-lin stryk dryppande frå topp og tinde, varmt, så isen i mitt minne løysest opp i gråt her inne Mann, kvifor gret du aldri før? No er frelsestimen nær dersom berre sølvet bit! Kastar rifla til kinnet og skyt. Eg har råka! Sjå han fell! Høyr no skrik han, så det gjallar! 58 BRAND Tekstutdrag Sjå, kor han blir stor og kvit, og han rullar ende hit! GERD Å, eg vil’kje lenger grue han er kvit jo, som ei due! Kastar seg ned i snøen. BRAND Kryp saman under skredet som styrtar ned. Svar meg Gud, i dødens stund! Eg bygde alt på viljens grunn. Gjekk eg vill, eg må forstå det? Skredet fell over han og grev han ned, heile dalen blir fylt. RØYSTER Gud er kjærleik, Gud er nåde. Kjelder Det norske teatret: Manus til Brand Thalia forlag: Teater i perspektiv, Oslo 2009 http://www.detnorsketeatret.no/ http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/brand/ http://ibsen.nb.no/ http://www.aftenposten.no/arkivet/ 59 BRAND
© Copyright 2024