Kommunereform Firda kommune Styringsgruppa Dykkar referanse: Sakshandsamar: Øystein Høyvik Tlf. 57612650 Vår referanse: 15/497-7-ØH-002 Dato: 28.08.2015 Kommunereform, Firda kommune - referat frå møte i styringsgruppa 21.08.15 Tidspunkt Stad : Fredag 21. august 2015 kl 12.00 – 14.00 : Scandic Sunnfjord Hotel og Spa Styringsgruppa Namn Mathias Råheim Olve Grotle Anders Ryssdal Jan Olav Gjerde Oddmund Klakegg Håkon Myrvang Frida Melvær Bengt Solheim-Olsen Arve Helle Rådmenn og prosjektsekretariat Namn Bente Nesse Jan Kåre Fure Børge Tvedt Terje Heggheim Ola Hovland Ole John Østenstad Håkon Loftheim Erik Askeland Trond Ueland Per Arne Tveit Øystein Høyvik Andre Namn Kåre Træen Rolf Sanne-Gundersen Rolf Bjarne Sund Wenche Kvalvik Elin Kjøsnes Enebakk Kommune Gaular Førde Gloppen Hyllestad Jølster Naustdal Askvoll Flora Fjaler Funksjon Ordførar, leiar av styringsgruppa Ordførar Ordførar Ordførar Ordførar Ordførar Ordførar Ordførar Ordførar Kommune Hyllestad Gloppen Jølster Flora Fjaler Førde Askvoll Solund Funksjon Rådmann Rådmann Rådmann Rådmann Rådmann Rådmann Rådmann Administrasjonssjef Sekretær for SiS regionråd Sekretær for Hafs regionråd Prosjektleiar Representerer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Tydeleg Flora kommune LO (Fagforbundet) LO (Fagforbundet) Postadresse: Postboks 338, 6802 Førde Telefon: 57 72 20 00 Bankkonto: 3700 07 00720 www.forde.kommune.no Besøksadresse: Hafstadvegen 42 Fax: 57 82 38 76 Org.nr.: NO 963923511 mva E-post: [email protected] Vår referanse: 15/497-7-ØH- Utsendt dagsorden: 1. Gjennomgang av referat frå felles formannskapsmøte 22.05.15 2. Gjennomgang av vedtak gjort av dei ulike kommunestyra v/ Øystein Høyvik Eventuell anna informasjon frå drøftingane i dei ulike kommunestyra v/ ordførarane 3. Informasjon frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane v/ Kåre Træen a. Nytt frå sentrale styringsmakter b. Kva som skjer elles i fylket 4. Oppsummering av kva arbeid som har blitt gjort i fase 1 og 2 v/ Øystein Høyvik 5. Gjennomgang og godkjenning av prosjektplan 6. Plan for informasjon og involvering av politikarar og innbyggarar v/ Trond Ueland (Rolf Sanne Gundersen) 7. Innbyggarundersøking – innbyggarhøyring v/ Øystein Høyvik 8. Møteplan 9. Eventuelt Vedlegg: Samla presentasjon Presentasjon Kåre Træen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Presentasjon Rolf Sanne-Gundersen, Tydeleg Gjennomgang av referat frå felles formannskapsmøte 22.05.15 Godkjent Gjennomgang av vedtak gjort av dei ulike kommunestyra Eventuell anna informasjon frå drøftingane i dei ulike kommunestyra Vedtak vart gjennomgått v/ Øystein Høyvik Supplerande informasjon vart gitt av ordførarane Informasjon frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Kåre Træen informerte om (presentasjonen ligg vedlagt): Status for prosjekta i fylket Avtale med Opinion Endeleg vedtak og forhold knytt til Inndelingslova Endringar i Inndelingslova Kva skjer etter at kommunane har gjort endeleg vedtak våren 2016 Oppsummering av kva arbeid som har blitt gjort i fase 1 og 2 Øystein Høyvik gjorde greie for kva det har blitt arbeidd med i dei tidlegare fasane: o Etablert godt samarbeidsklima o Stor grad av lojalitet mot vedteken (framdrifts)plan o Utarbeidd mandat «Kommunereform i Sunnfjord» – oktober 2014 o Utarbeidd utfordringsdokumentet «Ein ny og større kommune i Sogn og Fjordane» januar 2015 o Kommunestyrevedtak i høve utgreiing – februar 2015 Utgreiingar april og mai 2015 o Storkommune. Utfordringar og moglegheiter o Politisk og administrativ organisering o Analyse og kratlegging innan økonomi Intensjonsavtalar juni 2015 o SiS o «Liten» SiS o 9 (10) kommunar o Hafs Kommunestyrehandsaming juni 2015 Frå 9 til 10 kommunar 2 Vår referanse: 15/497-7-ØH- To spørsmål vart drøfte i etterkant av gjennomgangen o Har vi det faktagrunnlaget vi treng? o Er det noko meir som det må forhandlast om? Ang «har vi det faktagrunnlaget vi treng?» o Med unntak av informasjon knytt til nytt inntektssystem vurderer styringsgruppa at prosjektet har skaffa seg tilstrekkeleg avgjerdsgrunnlag. Informasjon pr i dag tilseier at regjeringa vil sende forslag til nytt inntektssystem ut på høyring rundt årsskiftet 2015/2016. Ang «er det noko meir som det må forhandlast om?» o Behovet knytt til vidare forhandlingar er omtalt i intensjonsavtalane, og som legg opp til at dette vil vere noko fellesnemnda skal arbeide vidare med. Det betyr at med dagens kunnskap legg ein ikkje opp til ytterlegare forhandlingar før avgjerd våren 2016. Gjennomgang og godkjenning av prosjektplan Utsendt utkast vart drøfta Prosjektsekretariatet saman med leiar av styringsgruppa får fullmakt til å ferdigstille prosjektplanen (og vil bli sendt ut etter møte i prosjektgruppa 04.09.15). Plan for informasjon og involvering av politikarar og innbyggarar Rolf Sanne-Gundersen hadde innleiing knytt til ulike aspekt ved informasjon og involvering (presentasjonen ligg vedlagt) Ein legg ikkje opp til informasjons- og involveringsarbeid frå prosjektet si side før ca to veker etter valet Prosjektgruppa får fullmakt til å arbeide vidare med plan for informasjon og involvering mv. Innbyggarundersøking – innbyggarhøyring Øystein Høyvik hadde kort innleiing knytt til innbyggarhøyring Milepelar vil bli omtalt i prosjektplanen (blir sendt ut etter prosjektgruppemøtet 04.09.15). Møteplan Utsendt forslag til møteplan drøfta Prosjektleiar inviterer til møter fram 01.07.16 Eventuelt Ingen saker. Med helsing Øystein Høyvik leiar Dette brevet er elektronisk godkjent av Førde kommune om det ikkje er signert. Kopi: Samarbeidande kommunar Prosjektgruppa Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 3
© Copyright 2024