Last ned brosjyre her

Gaustatoppen er eit av Noregs mest karakteristiske og kjende
fjell. Frå turisthytta på toppen har du utsikt over heile SørNoreg! Stigen er steinete undervegs, så bruk fjellsko med
god støtte for anklane. Du kan og ta fjellets indre snarveg:
Gaustabanen, og nytte den flotte steintrappa bygd av
sherpaer frå Nepal dei siste 200 metrane til toppen.
Foto: Hamish Moore
Forbløffande - trygt - tilgjengeleg
www.vandretelemark.no
Tema:
Panoramautsikt over
Hardangervidda
Tur/retur:
3 km/ 1 time
Startpunkt:
På steintrappa ved
parkeringsplassen
langs Kromvikvegen
Bornas favoritt! Sherpaer frå Nepal har bygd ei fantastisk
steintrapp som gjer stigen lett å fylgje, og borna elskar å
hoppe frå stein til stein. Det er jamn, lett stigning gjennom
fjellbjørkeskogen og opp til utsynspunktet på snaufjellet.
På toppen får du panoramautsikt over Hardangervidda,
Gaustatoppen, Møsstrond og Rauland.
Tema:
I Rui-jentenes fotspor
Tur/retur:
1,5 – 5,5km/
1-2 timar
Startpunkt:
Dalen Bryggje eller
Dalen sentrum.
I det stupbratte berget over Dalen ligg husmannsplassen Rui. Systrene som budde
her vart landskjende gjennom historia ”Rui-jentene som kom til Kongen”.
Frå Rui er det praktfull utsikt over Telemarkskanalen. Du kan fortsetje på tilrettelagt
stig til Vest-Telemark Museum Eidsborg og oppleve utsynspunkt og historiske stader
undervegs.
8
Foto: Tone Reinholt
Tema:
Topptur
Tur/retur:
8 km/ 3 timar
Startpunkt:
Parkering ved
klubbhuset til
Treungen IL,
skilta frå RV41
Skuggenatten ligg i Treungen og ragar 706 moh. Etter ein
bratt start flatar stigen ut over svaberg og gjennom furuskog. Frå toppen er ein imponerande 360 graders utsikt.
Kvart år arrangeras motbakkeløpet Skuggenatten Opp og
løyperekorden er 22 minutt!
SKORVE - SELJORD
ROAN - FYRESDAL
DALEN/RUI/EIDSBORG
9
Stor-Roan er Fyresdals nest høgste fjell 1191 moh. Fjellet har
ei bratt side med ei fallhøgde på om lag 250 meter. Stigen er
tilrettelagt gjennom furuskog, vidare gjennom fjellbjørkeskog
og endar på snaufjellet. På toppen openbarar utsikten til
heile fjellheimen i Telemark seg.
Tema:
Topptur - dagstur
Tur/retur:
10 km/ 5 timar
Startpunkt:
Parkeringsplass i
Røyningdalen, skilta
frå FV355
10
Fjellet Skorve har to toppar med fenomenal utsikt: Gøysen
(1370 moh.) og Nordnibba (1365 moh.). Under andre verdskrig styrta eit alliert fly like under Gøysen. Flyet var fullasta
med våpen og utstyr til heimestyrkane i området. Vrakdelane
ligg framleis i terrenget som ei påminning om krigskampane
i Telemark.
VandreTelemark kan by på mange kvalitetssikra og godt tilrettelagte turstigar som tek deg gjennom eit særmerkt og variert
landskap, gjennom Telemarks kultur og historie. Alle stigane i VandreTelemark er skilta, merka og gradert etter nasjonal standard.
Kvar stig har og sin eigen miniguide med kart og informasjon om
kva du kan sjå og oppleve undervegs på turen. Du finn stigane
avmerkt på kartet.
Tema:
Topptur til flyvrak
Tur/retur:
14 km/ 6 timar
Startpunkt:
Parkeringsplass i
Kivledalen
Gode turopplevingar og minner for livet i VandreTelemark!
Ansvarleg utgjevar : VTNU AS med støtte frå Telemark Fylkeskommune. Grafisk design: Kristin Person. Trykk: Erik Tanche Nilssen AS
Hægefjell ligg mellom Fjone i Nissedal og Vrådal i Kviteseid.
Du kan nå den 1022 meter høge toppen frå båe kantar.
Du går for det meste på fjell, men det finst nokre fuktige
parti undervegs så bruk gode sko. Utsikten frå toppen er
formidabel så ikkje gløym kikkerten!
Tema:
Topptur - dagstur
Tur retur Fjone:
11 km/ 4 timar
Tur/retur Vrådal:
12 km/6 timar
Startpunkt:
Landtaksdammen,
Fjone (Nissedal) eller
Vrådal Panorama,
Vrådal (Kviteseid)
Foto: Hamish Moore
Ein familievennleg topptur i lett terreng med eventyrleg
utsikt! Stigen går over kloppelagt myr og på berglendt grunn
fram til Venelitjørni. Her er det gapahuk og moglegheiter for
å grille, fiske og bade - før du går siste stigninga til toppen.
Her kan du sjå både kysten og fjellheimen i Telemark - frå
Kragerø til Gaustatoppen.
6
Foto: Hamish Moore
Foto: Lill Susan G. Vale
Tema:
Familievennleg
topptur
Tur /retur:
4,1 km / 2,5 timar
Startpunkt:
Parkeringsplassen
ved Bendiksmyr,
skilta frå RV41
VandreTelemark: Forbløffande - trygt - tilgjengeleg!
SKUGGENATTEN - TREUNGEN
HÆGEFJELL - NISSEDAL/VRÅDAL
Foto: Anne Gundersen
Foto: Hamish Moore
4
Foto: Guro Lien
Foto: Guro Lien
Tema:
Familietur til
Hardangervidda
Rundtur:
4,3 km/1,5 timar
Startpunkt:
Ta Krossobanen til
turens startpunkt
VENELIFJELLET - VRÅDAL
7
VandreTelemark
FALKERISET - RAULAND
Den kortaste vegen frå Rjukan til Hardangervidda. Turen
startar på toppen av Krossobanen. Turvegen er godt tilrettelagt og sherpaer frå Nepal har bygd steintrapper opp til
utsiktspunktet på kanonstillinga (1101 moh). Prøv Solsekken
– ein tursekk til utlån med spennande aktivitetar i. Spør etter
den på Krossobanen.
5
Tema:
Langs Telemarkskanalen
Tur/retur:
14 km ein veg/
dagstur 6-8 timar
Startpunkt:
Eidsborgberget
Dei beste fotturane;
Lårdalsstigen går mellom Eidsborg og Lårdal. Turen krev at
du som vandrar er i god fysisk form og har godt turutstyr.
Hugs niste og nok drikke i sekken. Du får nokre fantastiske
utsynspunkt framme på fjellkanten langs Telemarkskanalen.
Ta kontakt med Turistkontoret på Dalen for informasjon om
retur med båt/buss/taxi frå Lårdal.
SOLSTIEN - RJUKAN
3
2
Foto: Hamish Moore
Tema:
Med utsikt til 1/6 av
Noreg
Tur/retur:
8,6 km/ 5 timar
Startpunkt:
Parkeringsplass ved
Stavsro kafeteria
Foto: Hamish Moore
1
LÅRDALSSTIGEN - TØFFARE ENN BESSEGGEN
Foto: Gaustatoppen Booking AS
GAUSTATOPPEN
Her presenterer me dei 10 beste turopplevingane i mangfaldet av
turstigar i VandreTelemark. Meir informasjon og turinspirasjon finn
du på nettsidene: www.vandretelemark.no
Lett
Middels
Krevjande
Ekspert
VELKOMEN VANDRAR - TIL FOTTUR I TELEMARK!
Foto: Hamish Moore
Foto: Luke Tennant
Foto: Asle Fjeldstad
Andre fine
fotturar i VandreTelemark:
Telemark
Vandre
Telemark
11
Brynesteinsbrotet
12
Bufjordstigen
13
Øverbø
14
Hanakamjuvet
15
Røyrodden
16
Bjørgefjell
17
Seljord sentrumsvandring
18
Bjårvatn
19
Byvandring Rjukan
20
Kvennavegen
21
Mjonøy-Vinje biletgalleri
22
Moland kulturminneløype
23
Igletjønnuten
24
Vasseventyret
25
Sabotørstien
26
Fossøy
27
Kviteseid sentrumsløype
28
Helveteshylen
Vandrarvennleg overnatting
Vandrarvennlege turistkontor
Velkomen vandrar – overnattingsstader som tek
vare på deg som likar å gå på tur! I VandreTelemark finn du eit utval overnattingsstader som har eit
ekstra fokus på deg som vandrar. Her finn du tilsette
med gode kunnskapar om turtilboda i nærleiken. Du
kan smøre deg matpakke, fylle termosen og trygt
leggje ut på tur med god informasjon i hånda. På
www.vandretelemark.no finn du ei oversikt over
Velkomen vandrar overnatting på ditt turmål.
Velkomen vandrar – turistkontor som er ekspertar
på å hjelpe deg som ynskjer gode turtilbod! Er du
usikker på kor turen startar, kva graderinga inneber
eller kva for tur som passar best for deg? Då tek du
kontakt med ditt næraste Velkomen vandrar-turistkontor. Her får du rettleiing og gode råd på vegen.
På www.vandretelemark.no finn du oversikt over
Velkomen vandrar turistkontoret nærast ditt turmål.