Nr.2/15 Mai 2015 Stord kommune - personalnytt Stord kommune Saker av interesse: Velkomen til personalnytt Velkomen til personalnytt Tenk Alternativt 2015 Kommunestyret hadde gleda av å dela ut pris for innovasjon og nytenking i møtet 18.juni. Føremålet med prisen er å påskjøna og motivera til nytenking og utviklingstiltak i kommunen, og har tidlegare vore presentert i Personalnytt. Kurspakke for nye verneombod Prisen for 2014 er ein pengesum på 10 000 kroner, samt eit kunstverk til verdi inntil 10 000 kroner. Etter vurdering av inkomne forslag, vart det bestemt at prisen er delt mellom 3 kandidatar. Forsikringsportal for tilsette Stord Vatn og Avlaup KF får pris for sitt arbeid med utvikling av slamavskiljar til primærreinsing og med dette bidrege til ny kunnskap ikkje bare i kommunen, men i heile Noreg. Løysinga vert sett på som enkel, mijløvenleg og rimeleg, og vil i tillegg gagna kommunen og Stord-samfunnet i fleire år framover. Utdanning av eigne helsefagarbeidarar HMT-nytt Sjekk ut Pengesummen i prisen, vart delt mellom Langeland skule og Tjødnalio barnehage. Langeland får 5 000 kroner for sitt arbeid med å innføra fast trening kvar fredag 14-15 for auka effektivisering og samhald mellom kollegaer. Tjødnalio barnehage får 5 000 kroner for sitt arbeid med heilskapleg og samanhengande filosofisk og pedagogisk praksis, med visjon og verdiar som knyt Stord kommune sin kultur og verdiplakat saman med dei verdiar som ligg i lov om barnehagar og i barnehagar sitt personale. Gratulera til alle tre. Nyhende for tilsette! Riktig god sommar! http:// www.stord.kommune.no/ no/nyhende/Nyhende-fortilsette/ Stord kommune sine nettsider inneheld nyhende som er aktuelt for alle tilsette. Her finn de blant anna Personalnytt. Helsing Personal– og organisasjonssjef, Annlaug Tenold Helsing frå Personalgruppa! Personalgruppa ønskjer alle tilsette i Stord kommune ein god somar, og ser fram til ein innhaldsrik haust! Helsing Hilde, Hilde Mary, Tone, Jon Eirik, Randi, Kari og Magnar! Stord kommune Prosjektet Saman om ein betre kommune går inn i avsluttande år, og med målsetting om eit meir synleg prosjekt for dei tilsette, er delprosjektet Tenk Alternativt 2015, TA15, hovudaktivitet. I prosjektet er det definert ei målsetting om eit arbeidsnærvær over 92,5 %. I 2014 hadde me eit nærvær på 91,7 %. Det vil sei me har litt å strekkja oss etter :) Tidlegare år har Stord kommune sine tilsette vore oppmoda til å vera aktiv til dømes gjennom Dytt -kampanjen der me alle gjekk med skritt-teljarar og registrerte aktivitet. Dette er ein aktivitet som vert erstatta med TA15 i år. Me veit at ein aktiv kvardag er med å auka jobb-nærværet, og forskning tilseier at tilsette som blir sett og høyrt av leiaren sin, har lågare risiko for å falla utafor arbeidslivet på grunn av sjukdom. Håpar flest mogleg tilsette vil ha glede av aktivitetane som einingane og prosjektet legg opp til, og me gler oss til å møta alle på fellesarrangementene :) - Kvar dag er ein mogleg dag for aktivitet, - Ka finne me på i dag?? Verdt å merka seg allereie, er datoane 19. og 20.oktober, då vert det aktivitetsdagar i Kulturhuset, og me har spanande overraskingar på lur! Side 2 Stord kommune Side 3 Endringar i arbeidsmiljølova frå 01.juli 2015 Statsråd fastsatte 24. april at endringar i arbeidsmiljøloven og allmenngjøringsloven trer i kraft 1. juli i år Endringane Endringane gjeld blant anna: Ny, generell adgang til midlertidig tilsetting i tolv månader. Arbeidsgjevar får karantene hvis arbeidsforholdet ikkje vert vidareført, og ei kvote for kor mange som kan tilsetjast midlertidig i etter regelen. Gjeldende hovudregel om midlertidig tilsetting vert vidareført, men forenkla, uten at dette innebærer noko realitetsendring. ”Fireårsregelen” vert redusert til tre år for samanhengande tilsetjingar ivikariat eller på generelt grunnlag. Den nye treårsregelen gjeld kun for arbeidsavtaler som vert inngått etter 01.juli 2015. For øvrig vert den gjeldande fireårsregelen vidareført. Arbeidstidsbestemmelsene gir større mogleik til å disponera arbeidstida slik det passar den enkelte arbeidstakar og den enkelte arbeidsplass. Endringane inneber ikkje fleire arbeidstimar, meir overtid eller meir søndagsarbeid totalt. Grenser for gjennomsnittsberegning av den daglege, alminnelege arbeidstid, vert noko auka, og den lokale mogleiken til å fordela overtidsarbeid blir og større. Etter avtale kan det arbeidast fleire sønog helgedagar etter kvarandre enn før lovendringa. Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet får adgang til å gi dispensasjon til langturnusar og andre alternative arbeidstidsordningar for helse- og omsorgsarbeid, vakt og overvåking og visse pendlarsituasjonar når partane har kompetanse til å etablera den aktuelle arbeidstidsordninga ved tariffavtale. Arbeidsmiljølova si aldersgrense vert heva frå 70 til 72 år. Samtidig vert det innført ei nedre grense på 70 år for bedriftsinterne aldersgrenser. Ein ”tryggleiks-ventil” vil fortsatt åpna for at det kan setjast lågare aldersgrenser enn 70 år, men kun når det er naudsynt av omyn til helse eller tryggleik. Økte strafferammer i arbeidsmiljøloven og allmenngjøringsloven. (Regjeringen.no) Stord kommune Side 4 Kurspakke for nye verneombod, leiarar og tillitsvalde Det vert i desse dagar gjennomført kurs for nye verneombod, leiarar og tillitsvalde. Kurspakken dekkjer deler av krav til 40-timar kurset, og det blir satt opp fleire kurs til hausten. Kursa er obligatorisk for nye verneombod og leiarar, og eit tilbod til andre leiarar og tillitsvalde. Hittil har ca 18 av våre tilsette vore på kurs, og fått opplæring/informasjon om arbeidsmiljølova, systematisk HMT, vernerundar, risikovurdering med meir. Kursa vert gjennomført i samarbeid med bedriftshelsetenesta vår, International SOS. 10.juni var siste kursdag før sommaren, og det er planlagt kurs i AKAN og kurs frå NAV Arbeidslivssenter til hausten. Ta kontakt med næraste leiar eller HMT-leiar for påmelding Sykkeltur til Nautøy, 7.mai I desse sykkeltider med Tour de Fjords, Sykkelbyen Stord og utsmykkingar i alle krikar og krokar, inviterte prosjekt Saman om ein betre kommune til felles sykkeltur til Nautøy 7.mai. Det vart ei våt oppleving, med stiv kuling over bruene og raude kinn! På Nautøy varma det godt med bålkaffe og grillpølser i fjæra. Me vil anbefale fleire avdelingar å ta turen til Nautøy, og dei flotte moglegheitane øye bringer med fleire strender og heilt overkommeleg sykkeltur frå sentrum! Stord kommune Side 5 Utdanning av eigne helsefagarbeidarar Stord kommune har gjennom prosjekt ”Saman om ein betre kommune” starta opp eit utviklingsprosjekt i pleie– og omsorgssektoren. Målet med delprosjektet er å utdanna eigne helsefagarbeidarar, og målgruppa er tilsette over 25 år, som er ufaglærte og har fast stilling, vikariat eller tek tilkallingsvakter i kommunen. Ei førebels kartlegging syner at me har 22 tilsette knytt til aktuelle einingar som er i målgruppa. Utdanningsløpet vil ha teori– og praksisdel og vil gå over maksimalt 4 år, og skal kombinerast med jobb. Plan for gjennomføring Våren 2015: Informasjonsmøte Samla aktuelle kandidatar og informera om bakgrunn, faglege, praktiske og økonomiske vilkår. Det må m a vera krav om at kandidatane skal prøva å ta fagprøven. Aktuelle kandidatar fyller ut søknadsskjema. Våren 2015 –våren 2017: Teori Våren 2017 – 2018: Praksis Dei som i utgangspunktet har all naudsynt teori, startar praksis våren 2015. Når kandidatane har fått fagbrev må dei prioriterast til aktuelle ledige stillingar der kommunen har behov for helsefagarbeidar. Ved spørsmål til dette, kontakt din næraste leiar eller einingsleiar. ”FERIE Forsikringsportalen! -Tid til Det er laga ny rutine for personskade på tilsette i Stord kommune i Kvalitetslosen. Det kan vere greitt å lese gjennom den. Einingane skal sjølv sende inn desse papira etter at personane det gjeld har fylt ut skjema. Det skal stemplast og underskrivast av eininga. Når ein er i Kvalitetslosen, kan du søkje opp ”Forsikringsportalen”. Klikk på teksten og du får opp eit bilde med innlogging. Rett over det bilde du får opp ligg det ein tekst: Åpne link i eget vindu , det klikker du inn på og skriv inn; namn: stord og passordet: forsikring Der kan du hente ut rette skjema og lese alt om forsikringane til Stord kommune. Husk å logge deg ut etterpå. Ved spørsmål knytt til forsikring i Stord kommune, ta kontakt med Hilde Mary Laukhamar i personalgruppa restitusjon Månadens gla’sak! Tusen takk til Tjødnalio barnehage som har dela si erfaring med personalmøte i gapahuken i Skjepåsen :) Tips oss! Personalnytt skal omfatta viktige nyhende innafor personalområde. Dersom du meinar noko bør inn på neste nyhetsbrev, eller om du har kommentarar ta kontakt! Dei tilsette vart invitert til personalmøte 21.mai utandørs, og hadde som tema: beskrivande språk i høve til sanseopplevinga Dialogisk lesing Den avklarande samtalen På biletet løyser personalet rebus om stadsnamn på Stord. Me er overtydd om at møter/samlingar litt utanom det vanlege har ein positiv effekt på samarbeid og oppmodar andre til å gjera som Tjødnalio :) Kontaktperson: Jon Eirik Kvalnes mail / 99 38 95 62 Ønskjer at tilsette kjem med forslag til innhald i Månadens gla’sak! Dersom DU har ein kandidat—meld til [email protected] HMT-nytt Kurspakke for nye verneombod, tillitsvalde og leiarar! Det er sett opp kurs i diverse HMT-tema i mai og juni, samt planlagd kurs i AKAN, IAarbeid og anna til hausten. Ta kontakt med HMT-leiar for påmelding eller spørsmål. Viktige nyhende sidan sist: Stord kommune Postboks 304 5402 STORD Telefon: 53 49 66 00 E-post: [email protected] Stord kommune SAMAN OM ein betre kommune Endringane i arbeidsmiljølova Me er oppmoda frå NAV Arbeidslivssenter å melde frå dersom det er ønskjeleg med bedriftsinterne kurs i tema dei tilbyr. Gå inn på www.iakurs.no og sjå om noko er aktuelt for DEG eller DI eining. Tenk Alternativt 2015—oppmodar DEG eller DI eining/avdeling til å sende inn ditt bidrag til prosjektgruppa! Overraskingar ventar :) Kvalitetslosen er oppdatert på HMT og personalhandbok—ta ein kikk og gjer deg kjend Neste AMU-møte er satt til torsdag 11.juni. . Kommentarar eller spørsmål, send til: [email protected] TIPS! Er du leiar, verneombod eller tillitsvald og ønskjer å halda deg oppdatert innan HMT? Meld deg på STAMI og Arbeidstilsynet sine nyhendemail!
© Copyright 2024