Stord kommune - personalnytt

Stord kommune
- personalnytt
Nr.3/15
Oktober 2015
Stord kommune
Saker av interesse:

Velkomen til personalnytt

Aktivitesdagar og Yngvar Andersen kjem!

Pilotprosjekt for auka
nærvær i barnehagane

Medarbeidarundersøkinga i 2015

Positiv trend i nærværsarbeidet i kommunen

HMT-nytt
Velkomen til personalnytt
Stord kommune har starta opp arbeid med å utvikla ein lokal LEAN- modell for å effektivisera
arbeidsprosessane i organisasjonen.
LEAN er ein metode som siktar mot å gje betre føresetnader for å utnytte og forvalte ressursar på best mogeleg måte.
LEAN går ut på analysere noverande arbeidsprosessar, tenkje forbetring og setje i verk forslag til tiltak for å få ein
forbetra arbeidsflyt/ arbeidsprosess.
Medarbeidarane våre er ekspertane på eigen arbeidskvardag. Målet er å stille dei gode spørsmåla og vera verktøy for å
skape ein betre arbeidskvardag. Det er medarbeidarane sjølv som kjenner best kor skoen trykkjer og som skal komme
med forbetringsforslaga. LEAN vil kunne gje medarbeidarane eit større eigarforhold til dei oppgåvene som skal løysast.
Det langsiktige målet er å få ein kultur der kontinuerleg forbetring står i sentrum og alle medarbeiderane tenkjer forbetring i sin kvardag. Dette kan bidra til å utvikle ein lærande organisasjon med stor forbetrings- og endringskompetanse.
Helsing
Sjekk ut
Personal– og organisasjonssjef, Annlaug Tenold
Nyhende for tilsette!
Invitasjon til seniormøte 17.november
http://
www.stord.kommune.no/
no/nyhende/Nyhendefor-tilsette/
Stord kommune som arbeidsgjevar ynskjer at tilsette frå 58 år og oppover skal få tilbod om særskilt informasjon i spørsmål som
er aktuelle i ein seniorfase i arbeidslivet, spesielt gjeld dette vilkår for pensjon, AFP m.v., men også kommunen sine særskilde stimuleringstiltak.
Me har såleis gleda av å invitera til orienteringsmøte for seniorar.
Stord kommune sine
nettsider inneheld nyhende som er aktuelt for alle
tilsette. Her finn de blant
anna Personalnytt.
STAD:
TID:
Kommunestyresalen
Tirsdag 17.11.2015 kl. 13.00 – 15.00
Agenda:
o
Personal-og organisasjonssjef Annlaug Tenold orienterer om kommunen sin seniorpolitikk.
o
KLP v/ Frode Berge: Gjennomgang av pensjonsvilkår.
Lærarane er inviterte sjølv om ikkje Statens pensjonskasse er representert.
Då reglar og rutinar i dei to pensjonskassane i stor grad samsvarar, så vil alle likevel få godt utbytte av møtet.
Det vert ikkje høve til å ta opp enkeltsaker i samband med møtet, men kom gjerne med spørsmål og synspunkt som er av interesse
for fleire.
VEL MØTT!
Stord kommune
Berre gjer det!
- Yngvar
Andersen
Søk opp Stord kommune på Facebook, og meld deg på aktivitetsdagar i oktober!!
Påmelding på Facebook er ikkje bindande, og er heller ikkje naudsynt for å delta :)
Side 2
Stord kommune
Side 3
Nærværsprosjekt i barnehagane
- «Ein kultur for open dialog»
Prosjektet Saman om ein betre kommune har satt fokus på nærvær i kommunen. Over tid har barnehagesektoren
hatt utfordringar knytt til høgt sjukefråvær, og som eit resultat av dette, vel prosjektet å prioritera ekstra innsats
for eit auka nærvær i dei kommunale barnehagane.
Arbeidet i prosjektet vert leia av ei gruppe med representantar frå alle barnehagane og partane. Tilliltsvalde frå
Fagforbundet og Utdanningsforbundet, verneombod og styrarar. I tillegg er HMT-leiar og Svein Stavland frå NAV
Arbeidslivssenter med.
Målsettinga til pilotprosjektet er å auka arbeidsnærvær til minimum 90 %, og arbeida med å skapa ein kultur for
open dialog. Me har ei hypotese om at mykje av sjukefråværet vårt kunne vore unngått med tidleg dialog med leiar
og samtale om restarbeidsevne.
Tiltak som ligg til gjennomføring i prosjektet fram mot sommaren 2016 er:

Dialogsamtalar med alle tilsette som er langtidssjukemeldt og tilsette med hyppig korttidsfråvær. Dette
vert gjennomført saman med lege frå bedriftshelsetenesta

Personalsamlingar i alle barnehagane med ulikt fokus. Det er førebels avtala 3 samlingar:

IA/HMT—temasamling med HMT-leiar og NAV Arbeidslivssenter

Bedriftshelsetenesta—relevant tema for barnehagane (ikkje bestemt enno)

Dialogspel—prosess omkring resultat frå medarbeidarundersøkinga i 2015, samt IA-målsettingar
og nærværsarbeid
Stord kommune
Medarbeidarundersøkinga 2015, MU15
Hausten 2015 er tida for medarbeidarundersøking. I veken 44 og 45 vert undersøkinga gjennomført i alle einingar,
stav, støttegrupper og dei kommunale føretaka.
Gjennomføring av systematisk kartlegging av det psykososiale arbeidsmiljøet i kommunen er eit ledd i HMT-arbeidet,
som eit krav i arbeidsmiljølova. Undersøkinga tek for seg dei ulike sidene ved ein arbeidssituasjon, og er eit viktig
grunnlag for at me i fellesskap skal kunna vidareutvikla gode arbeidstilhøve og gode kommunale tenester. Som tilsett
i kommunen har ein etter arbeidsmiljølova § 2-3 plikt til å medverke i HMT-tiltak i verksemda, og det er ein føresetnad at alle svarar på undersøkinga.
Du vil få utdelt personleg passord, og rettleiing til korleis du finn undersøkinga. Arbeidsplassen skal leggja til rette
for at alle, også dei utan PC i arbeid, skal få svara. Alle svar er anonyme, og vert samla for kvar avdeling/eining. Det
vil og kome ei presisering for enkelte definisjonar i undersøkinga.
Dette er din mogleik til å påverka tiltak knytt til ditt arbeidsmiljø framover. Ei kartlegging av eit arbeidsmiljø er meir
enn ein score på leiaren. Det er eit viktig verktøy for heile kommunen for å finna fram til gode prosessar og tiltak for
forbetring. Me veit at det alltid er noko å bli betre på!
Kartlegging?
Resultata av undersøkinga er venta å vera klar før 1.desember.
Kvifor?
- Betre å ha
Om undersøkinga og anonymitet
fokus på kva me
Når det gjeld Bedre kommune si undersøking, som me nyttar, er denne lagt opp til anonyme svar. Det vil sei at de
som tilsett ikkje kan identifiserast, grupperast eller anna utanom per avdeling. Det går ikkje å laga rapport med færre enn 5 tilsette i ei gruppe, og det er ikkje mogleg å lesa utfrå rapport kva for eksempel menn har svart, eller dei
mellom 30 og 40 år osv. Ved spørsmål knytt til dette, ta kontakt med din næraste leiar eller send ein mail til Personalgruppa.
kan bli betre på
enn alt som er
gale! :)
Side 4
Stord kommune
Side 5
Positiv trend for sjukefråværet i kommunen!
Arbeid med sjukefråvær er eit kontinuerleg, omfattande og samansatt arbeid. Dei siste 4 åra har nærværet i kommunen ikkje vore under
8,30 prosent og Stord kommune har i 2015 ei målsetting om å koma under 7,50 prosent.
Som IA-verksemd har me ei felles målsetting om eit lågare sjukefråvær i alle einingar og sektorar. Det er innført fleire tiltak, leiarane våre
vert stadig dyktigare på å vera i forkant og me får ha fokus på førebyggjande aktivitetar. HMT og IA er områder som må sjåast under eitt.
Om ein ikkje lukkast med det eine, fell det andre lett i grus.
Så—kva er noko av det som gjer at me i Stord kommune ser ut til å lukkast i å nå målsettinga vår om under 7,5 prosent sjukefråvær i 2015?

Nye rutinar for oppfølging av sjukemeldte, både kort– og langtidssjukemeldte

Aktivt arbeid for tilrettelegging og arbeidsutprøving i alternative arbeidsoppgåver

Opplæring og trygging av leiarane våre

Tett samarbeid med tillitsvalde

Auka fokus på vernearbeidet, me har stadig fleire og dyktige verneombod

Tett samarbeid med NAV Arbeidslivssenter og bedriftshelsetenesta

Førebygging og HMT som tema i personalmøte
Å ha eit lågare sjukefråvær, betyr fleire friske tilsette på jobb, og mindre innleige av vikarar. Størst nedgong i sjukefråvær, finn me i dei
store pleie og omsorgseiningane våre. Hittil i år har einingane heile 843 fleire friske dagsverk enn i 2014. Einingsleiar for Stord sjukeheim
og Knutsaåsen omsorgssenter, Esther Aasen Bjelland, uttalar at dette i stor grad skuldast tidleg dialog med avdelingsleiarane og open dialog
for tilrettelegging. Det er stor gevinst å henta på at dei tilsette kjem og luftar problemstillingar med leiarane sine der arbeidssituasjonen
kan hindra sjukefråvær. Eit høgt jobbnærvær gir høgare trivnad, betre teneste til brukarane våre og lettare arbeidskvardag.
Sjukefråværet i kommunal sektor er tradisjonelt høgare enn i andre sektorar i landet. Diverre er det ikkje mogleg å henta ut nasjonal statistikk for 1. og 2.kvartal 2015, då SSB og NAV legg om sin statistikkbase grunna overgangen til A-melding frå nyttår (ssb.no). I følge sist
oppdaterte statistikk, var Stord kommune i 2014 på landssnittet blant kommunane (ks.no).
MØRKETID
Me vonar at den positive trenden i kommunen fortset, og at me stadig får fleire friske tilsette.
-Hugs refleks!!
12,00
10,00
8,00
Samla 2015
Målsetnad 2015
Samla 2012
6,00
Samla 2011
Samla 2013
4,00
Samla 2014
2,00
0,00
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
Sjukefråværstatistikk Stord kommune 2011—hittil 2015
Månadens gla’sak!
Tips oss!
Personalnytt skal
omfatta viktige
nyhende innafor
personalområde.
Dersom du meinar
noko bør inn på
neste nyhetsbrev,
eller om du har
kommentarar ta kontakt!
Me har som målsetting å trekkja fram positive tiltak knytt til arbeidsmiljø og HMT-arbeid i einingane.
Presenter ei eining som gjer noko spesielt for arbeidsmiljø og HMT, til nytte for tilsett og brukar.
Ønskjer at tilsette kjem med forslag til innhald i Månadens gla’sak
Dersom DU har ein kandidat—meld til [email protected]
Kontaktperson:
Jon Eirik Kvalnes
mail / 99 38 95 62
HMT-nytt
Det har vore varsla at det skal arrangerast kurs i regi av NAV Arbeidslivssenter og i
AKAN hausten 2015. NAV har sitt første «Sees i morgen» - grunnkurs i slutten av
oktober, og mange frå kommunen er påmeldt. Det er framleis plass til fleire!
AKAN vil bli invitert til å halda kurs internt i kommunen i mai 2016. Det vil då koma ei
revidering og oppfrisking i AKAN-arbeidet generelt. Dersom det er spørsmål knytt til
AKAN-arbeid før dette.
Viktige nyhende sidan sist:
Stord kommune
Postboks 304
5402 STORD

Invitasjon til seniormøte 17.novemebr

Medarbeidarundersøkinga er tilgjengeleg for å registrera svar i veke 44 og
45.

Me er oppmoda frå NAV Arbeidslivssenter å melde frå dersom det er ønskjeleg med bedriftsinterne kurs i tema dei tilbyr. Gå inn på www.iakurs.no og sjå
om noko er aktuelt for DEG eller DI eining.

Kvalitetslosen er oppdatert på HMT og personalhandbok—ta ein kikk og gjer
deg kjend
Telefon: 53 49 66 00
E-post: [email protected]
Stord kommune
SAMAN OM ein betre kommune
Kommentarar eller spørsmål, send til:
[email protected]
TIPS!
Me ønskjer at tilsette
kjem med forslag til
innhald i Månadens
gla’sak!
Dersom DU har ein
kandidat—meld det til
Personalgruppa!